SEPREP som middel til mindre tvang



Like dokumenter
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Akuttpsykiatriske situasjonar

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Det går betre med å ville enn å måtte. Trond F. Aarre

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Til deg som bur i fosterheim år

Pasientens helseteneste. Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Ny strategiplan for Høgskulen

Reflekterande team. Oktoberseminaret Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Utviklingsprosjekt Nordfjord sjukehus

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Informasjonshefte Tuv barnehage

Pasientens helseteneste Helse Førde Utviklingsarbeid for framtidas spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Skildring av kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp etter 3-5, 3.ledd (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 6-2 nr.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

Lønnsundersøkinga for 2014

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Vinje kommune. Sluttrapport

Jon Fosse. For seint. Libretto

ARBEIDSGRUPPE BRUKARINVOLVERING

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristine Breivik SAKA GJELD: Mellombels særavtale om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald for Vaksdal kommune

Av Linda Jakobsen Daglig leder Drammensregionenens interkommunale krisesenter BETZY

Frå visjon til realitet November 2012

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Førebygging av tvang. Samordning av tenester til beste for pasientane. Trond F. Aarre Nordfjord psykiatrisenter

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

1. Mål med samhandlingsreforma

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Psykologisk førstehjelp i skulen

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Samansette tekster og Sjanger og stil

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Hjertetrim,- Trening for livet. Samhandlingsprosjekt i Helsetorgmodellen

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Nemninga ASK innbefattar heile innsatsen som trengst for å erstatte eller støtte ein mangelfull tale i kommunikasjon mellom menneske.

Ungdom og psykisk helse

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Om å høyre meir enn dei fleste

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Pasientens helseteneste

Tenesteavtale 8. Mellom Utsira kommune og Helse Fonna HF. Avtale om svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorgsteneste for

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenesteavtale 3. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

Tenesteavtale5. Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF. Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Forslag til regional opptrappingsplan for psykisk helse legges til grunn for utvikling av det psykiske helsevernet i Helseregion Vest.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Strategiplan for Apoteka Vest HF

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Informasjon til pasientar og pårørande

«Ny Giv» med gjetarhund

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

/

Med tre spesialitetar i kofferten

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Samhandling i praksis

Minnebok. Minnebok NYNORSK

mmm...med SMAK på timeplanen

Transkript:

SEPREP som middel til mindre tvang av Trond F. Aarre og Arne Eriksen Vi må arbeide på brei front dersom vi skal greie å redusere bruken av tvunge psykisk helsevern. Denne artikkelen oppsummerer korleis Helse Bergen har tenkt å gå fram, med særleg vekt på organisering av tenestene og verdien av langsiktig, tverrfagleg og tverretatleg arbeid i regi av SEPREP. Psykiatrisk divisjon, I opptaksområdet til Psykiatrisk divisjon, er det 6 DPS: Bjørgvin DPS, Kronstad DPS og Øyane DPS inngår i Psykiatrisk divisjon, Betanien DPS og Solli DPS er private, ideelle DPS. På Voss er DPS-oppgåva delt mellom Voss Sjukehus (poliklinikk) og Bjørkeli vaksenpsykiatriske senter (døgntilbod). Sentralsjukehusfunksjonane ligg på Haukeland og i Sandviken og gjev tenester til alle dei seks DPSa. Føretaket har i tillegg regionale funksjonar, mellom anna for alvorlege spiseforstyrringar og tryggleikspsykiatri. Helse Bergen nyttar høvesvis mykje tvunge psykisk helsevern. Tvangsbruken er så høg at det naudsynt å redusere den, men ikkje så høg at det tyder på at føretaket har heilt spesielle problem i så måte. Ein kan seie at vi ligg der det er rimeleg å vente for helseføretak med ein stor by i opptaksområdet. Det er ikkje noko som tyder på at bruken av tvang vert redusert av seg sjølv, heller ikkje i Helse Bergen. Skal ein oppnå meiningsfulle endringar, lyt ein gjere noko aktivt og målretta som femnar om alle dei som har med saka å gjere. Tvangsreduksjon i Helse Bergen Divisjonsdirektøren sette hausten 2010 ned ei arbeidsgruppe med mandat å utarbeide mål og tiltaksplan for rett og redusert bruk av tvang. Planperioden er på tre år. Gruppa, som er sett saman av representantar for dei kliniske miljøa, brukarane, divisjonsleiinga og kommunane, lagar årlege handlingsplanar med konkrete tvangsreduserande tiltak. 32

Arbeidsgruppa tok utgangspunkt i krava som vart stilte i brev frå Helse- og omsorgsdepartmentet til dei regionale helseføretaka 19. mars 2010. Det var semje om at ein del av tiltaka som vert pålagde i dette brevet er å sjå på som oppfylte i føretaksområdet vårt, så som verdige transportordningar, dialog med statlege etatar og tidsmessig bygningsmasse. Hovudutfordringa i vårt område er nok heller samhandling, oppfølging og tilgjenge til tenestene. Dei fleste vedtaka om tvunge psykisk helsevern, tvangsmedisinering og bruk av tvangsmiddel vert fatta i sjukehusavdelingar i samband med akuttinnleggingar. Tvangen er i hovudsak knytt til legevakta, sjukehuset og akuttpsykiatrien. Skal me kome nokon veg, lyt me syte for at pasientane får så gode og tilpassa tenester at dei slepp å kome til sjukehuset for snøgghjelp. Arbeidsgruppa vår meiner difor at den viktigaste innsatsen er den som førebyggjer akuttinnleggingar. Det ligg i dette at sjukehuset sjølv ikkje kan gjere så mykje med omfanget av tvangsvedtak. Sjølvsagt kan endra haldningar og prosedyrar gjere sitt, men dette vil fyrst og fremst føre til kvalitetssikring av tvangen. Skal ein redusere bruken av tvunge psykisk helsevern monaleg, lyt ein setje inn tiltaka mykje tidlegare i forløpet av ei psykisk liding. Divisjonen vår arbeider med dette på mange vis, mellom anna med å lage ei psykoseløype som skal syne korleis partane vil samarbeide og forplikte seg slik at folk får tenester på rette nivå når dei treng det. Nesten ingen vert akutt psykisk sjuke. Dei aller fleste som blir innlagd utan eige samtykke, har kjende psykiske lidingar som ikkje kan kallast akutte. Når dei likevel kjem til akuttinnlegging, er dette ofte eit uttrykk for at dei andre tenestene våre ikkje har vore gode nok. Konklusjonen vår vart at oppfølginga frå DPS og kommunen må bli betre dersom me skal oppnå mindre bruk av tvang. Dette inneber at tvangsreduksjon også er ei utfordring for samhandlinga mellom tenestenivåa. Og det er her SEPREP kjem inn. Men fyrst må vi ta ein avstikkar til samhandlingspartane våre. Samhandling Det er psykisk helsevern som fattar tvangsvedtaka, men dei tilsette der har ikkje alltid så mange val. Når pasienten vert tilvist frå legevakta, av ein lækjar han aldri har møtt før, på ei tid på dagen då ingen andre tilbod er tilgjengelege ja, då ligg det i korta at det vert fatta dei vedtaka som trengst for å få situasjonen under kontroll. Utfordringa vår er at vi alt for ofte kjem inn i saka når den alt er satt på spissen og noko må skje, straks. Arbeidsgruppa konkluderte med at det er i kommunane det heile startar, 33

og det er her endringane må skje dersom me skal kome tidleg til med vel tilpassa tenester. Me søkte Helse Vest om samhandlingsmidlar, og fekk ein slump pengar for å samle representantar frå kommunar og spesialisthelseteneste til eit todagars seminar for å finne fram til konkrete samhandlingstiltak som kunne føre oss mot målet. Etter gode drøftingar samla møtelyden seg om nokre få gode tiltak. Det må gjerast noko for personar som er definerte som «storbrukarar». Dei er ofte innlagde, ofte på tvang, treng koordinerte tenester og ei tverrfagleg tilnærming. Psykoseløypa vil vere til hjelp, likeins arbeidet vårt for å styrke tilgjenget til DPS etter vanleg arbeidstid. I handlingsplanen for 2012 skal vi arbeide med fleire tiltak for denne gruppa. Kunnskapen om handtering av akuttpsykiatriske problemstillingar er mangelfull i kommunehelsetenesta. Det var stor oppslutnad om å lage eit kurs for fastlegar som siktar mot å gjere dei betre kjende med lov og føresegner, betre kjende med tenesteapparatet og betre i stand til å gje praktisk og nyttig hjelp ved kriser og forverringar av psykiske lidingar. Dette har vi enno ikkje fått gjennomført, men det vert arbeidd med saka. Når perspektivet er å førebyggje innleggingar er det viktig å sikra at pasientane kan delta i meiningsfylde aktivitetar. I Bergen finst Noregs einaste brukarstyrte idrettslag Psykiatrialliansen. Med utgangspunkt i fotballinteressa hjå pasientar og fagfolk har idrettslaget utvikla eit spekter av treningstilbod for både kvinner og menn. Her kan alle vere med uavhengig av fysisk form eller tekniske ferdigheiter og fokus på deltaking, sosial kontakt og meistring er berande prinsipp. På seminaret var det semje om å utvida Psykiatrialliansen sitt tilbod til også å omfatte nabokommunane til Bergen i vest. Også her har samhandlingsmidlar hjelpt tiltaket i gang. Vert det mindre tvang av dette, spør du? Vi trur det fører til mindre isolasjon og vonløyse og at det slik sett har ein førebyggjande effekt. Dei fleste som var med på seminaret, var samde om at bruk av tvang har mykje å gjere med haldningar og kultur. Det går fint an å vere saman på seminar og vedta at det skal innførast ny kultur, men det får sjeldan konsekvensar når ein kjem heim. Ein kultur vert skapt av menneske som arbeider i lag og har felles mål og verkemiddel. Her greier vi ikkje å stå i mot freistinga til å sitere Nils Arne Eggen, som i Godfoten seier desse kloke orda: «For sannheten er at det er varige, grunnleggende verdier som i første rekke bærer lagprestasjonen fremover. Verdier nedfelt i en samlende filosofi, som over tid skaper en 34

kultur av og for mennesker som sammen er villige til å utføre prestasjonshandlinger gjennom et samarbeid som kommer innenfra samhandling.» Er det råd å skape slike prestasjonsgrupper som vert haldne i hop av felles verdiar? Tanken om eit opplæringsprogram á la SEPREP kom snart. Røynslene våre tilseier at SEPREP sine utdanningsprogram er ideelle for å etablere felles kultur på tvers av tenestenivåa. Sjølve formatet til SEPREP, med rettleiingsgrupper, felles teoretisk opplæring kombinert med klinisk praksis er ideelt for dette føremålet. I tillegg har SEPREP tradisjon for å lære opp folk på tvers av profesjonsgrenser og tenestenivå. Modellforsøket Eit program á la SEPREP var ein god ide. Men kvifor ikkje ta steget heilt ut og droppe SEPREP-hybriden og heller utfordre SEPREP til å gjere det i sin regi? Føremonene er mange. SEPREP er ein gjev merkevare som har høg prestisje i fagfeltet. SEPREP har ein infrastruktur å byggje på, som gjer at dei ikkje må byrje på nytt kvar gong. SEPREP har mengdetrening i dette arbeidet og veit kva som skal til både for fiasko og triumf. Så kvifor skulle me rote med dette som SEPREP kan så godt? Slik tenkte vi, og det skulle syne seg at det var klokt. Vi kontakta dagleg leiar i SEPREP, Gunnar Brox Haugen. Han møtte oss med den velviljen som er så typisk for han og bad oss søkje skriftleg om løyve til å gjennomføre eit modellforsøk. Søknaden vart innvilga og arbeidet sett i gong. Programmet vårt byggjer på den same lesten som den vanlege opplæringa i psykosebehandling, men det er retta særskilt inn mot mindre bruk av tvunge psykisk helsevern. Innrettinga skjer dels gjennom undervisinga og rettleiinga, dels ved at mykje av den valfrie delen av pensum dreier seg om emnet vårt. Opplæringsprogrammet vart lyst ut, og det vart som vanleg her vest overteikna. Fyrste kursdagen var 14. februar, og alt er no i godt gjenge. Me ventar oss store ting av dette. Avslutning Ovanfor har me skildra korleis tiltak på systemnivå kan vere til hjelp. God oppfølging kan bli strukturert med prosedyrar, rutinar eller pasientløyper. Dette er verdfullt, men ikkje nok. Vi må óg sikre oss nok fleksibilitet og involvering frå tenesteytarane. Det er her SEPREP kjem inn. Solide opplæringsprogram for heile behandlingskjeda, der ein får kunnskap om fakta og trening i fleksibel praksis og blir kjende med kvarandre, gir betre oppfølging. Då blir det færre pasientar som ikkje kan få den hjelpa dei treng på DPS. Dette må føre til mindre snøgghjelp, færre sjukehusinnleggingar og mindre tvang. 35

Psykiatrisk divisjon i Helse Bergen er takksame for velviljen SEPREP har vist. Vi trur programmet blir eit viktig verkemiddel. Målet står fast; tenester som er på brukarane sine premiss og så tilgjengelege og koordinerte at det berre er i heilt spesielle høve det er trong for tvang. Det er for tidleg å vite om tiltaka våre faktisk fører til mindre bruk av tvang. Men vi gjer oss aldri. Uansett. Trond F. Aarre trond.aarre@helse-forde.no Arne Eriksen arne.eriksen@helse-bergen.no 36