PLAN FOR FORVALTNING AV HJORTESTAMMA I FJALER Høyring Ny plan
- 2 - PLAN FOR HJORTEFORVALTNINGA I FJALER KOMMUNE INNLEIING Planen vart vedteken i 2001, K-sak 03/01. Første rullering var i 2005, K-sak 027/05 og skal rullerast att i 2009. enkelte tabellar viser utviklinga frå planen vart laga og fram til no, medan andre tabellar tek for seg rulleringsåret. Planen er ei oppsummering av situasjonen i hjorteforvaltninga i kommunen, rammevilkåra som er fastsette i Viltlova og Hjorteviltforskriftene, og utfordringane i tida framover. I tillegg bør den dekke eit behov for informasjon og diskusjonsgrunnlag for rettshavarane, jegerane og deira organisasjonar ved utarbeiding av bestands- og avskytingsplanar i storvalda. HJORTEFORVALTNING Frå 1952 til 1994 var det viltnemnd i kommunen, seinare har forvaltninga av hjort vore gjort administrativt. Forvaltninga må vere eit samspel mellom det offentlege, rettshavarane og jegerane. Det offentlege må leggje til rette for at dette kan skje, rettshavarane sine organisasjonar må medverke til ei god organisering og kvar enkelt rettshavar og jeger må medverke til gode løysingar for den praktiske utøvinga av jakta. NATUR- OG FORVALTNINGSGRUNNLAG I kommunen er det no registrert 366131 dekar teljande areal mot 364903 dekar i 2004 og 348299 dekar i år 2000. har i siste rulleringsperiode vore med i Merkeprosjektet av hjort i Sunnfjord/Ytre Sogn. Det vart merka 5 hjortar i Hellevikområdet. Resultatet av deira vandringar i løpet av 10 mnd. finn ein på heimesida til Norsk Hjortesenter Svanøy. Prosjektet er no utvida til 2011 og målet er å få merka nye dyr i andre deler av kommunen. Vidare er det inngått samarbeidsavtale mellom kommunen og Fjaler Hjorteutval/Storvalda. Då Direktoratet for naturforvaltning rullerte jakttidene på dei enkelte viltartane fekk ein ikkje gehør for å få til ein tidlegare jaktstart på hjorten om hausten. Dette må det jobbast aktivt med slik at ein får det inn ved neste rullering. Fylkesmannen har laga forskrift som gjer det mogeleg å jakte fram til og med 23. desember. Forvalte hjortestammen og hjorten sitt leveområde, slik at naturen sin produktivitet og artsmangfold vert teken vare på Verkemiddel: Bruke aktivt dei verkemiddel som er gitt i Viltlova og Hjorteforskriftene Arbeide aktivt for å få utvida jakttida i forkant av 10.09. Alle aktørane
ORGANISERING - 3 - Det er no 13 hjortevald i kommunen mot 108 i år 2000. Størrelsen på valda etter tildelte løyver i år 2000, 2004 og 2008 ser slik ut: Tal dyr 1 dyr 2 dyr 3 dyr 4 dyr 5-9 dyr 10-19 dyr > 20 dyr Tal vald 2000 2 13 13 24 42 12 2 Tal vald 2004 1 6 5 12 37 23 4 Tal vald 2008 2 2 9 Arealfordeling på valda etter dei same årstala. Areal 1000-2000 daa 2000-3000 daa 3000-4000 daa > 4000 daa Tal vald 2000 43 26 9 30 Tal vald 2004 9 30 15 34 Tal vald 2008 1 1 1 10 For å til ei effektiv forvaltning av heile hjortestammen i kommunen må målet i inneverande periode vere å få dei 4 valda som ikkje er med i storvald inn i desse. Det kan også vere aktuelt å sjå på om nokre av storvalda bør samanslåast. Verkemiddel: Stammeorientert forvaltning på grunneigarnivå Større einingar Utarbeide vedtekter og retningsliner Grunneigarane Hjorteutvalet Sogn og Fjordane Skogeigarlag/Sogn og Fjordane Bondelag UTVIKLING AV HJORTESTAMMEN FELLINGSLØYVER OG FELLINGSRESULTAT Fram til 2002 har informasjonen om hjortebestanden vore eit uttrykk for korleis tildeling av løyve og fellingsprosenten har vore over tid. Frå den tid har det også vore vårtelling av hjort, samt registrering av sett hjort i jakta. Sett hjort gjev oss eit bilde over antal dyr, alder, kjønnsfordeling og vektutvikling av dei enkelte gruppene.
- 4 - Viltnemda vart oppretta i Fjaler i 1952 og avvikla i 1994. Etter det har tildelinga vore tillagt administrasjonen med formannskapet som klageinstans. Første året vart det gjeve 13 løyver og felt 3 dyr. I 2008 var det tildelt 953 dyr og felt dyr. Innanfor ordinær kvote har mange fått løyve til å skyte utanom jaktsesongen. Dette for å halde skadene på innmark nede. TILDELTE DYR OG FELTE DYR I PERIODEN 1990 2004 ÅR TILDELT FELT ÅR TILDELT FELT 1990 300 174 2001 650 484 1991 342 205 2002 657 465 1992 338 240 2003 713 513 1993 416 291 2004 722 531 1994 417 324 2005 722 533 1995 459 349 2006 791 565 1996 491 334 2007 791 652 1997 499 404 2008 953 1998 558 441 1999 587 436 2000 628 472 Bestands- og avskytingsplanane som Storvalda har lagt opp til har som mål å redusere stammen og auke størrelsen på dyra. Derfor er det lagt vekt på stort uttak av hodyr,ungdyr og kalv, og eit redusert uttak av store bukkar. har signalisert at dersom ungdyr, kalv(skrapdyr) under ei viss vekt vert skotne, så får jaktfeltet tildelt nye dyr. Tilbakemeldingane frå jaktfelta tyder på at bukkebestanden har vorte større. Hjortestamma si optimale produksjon må stå i forhold til leveområda si bereevne og skade på andre områder. Innanfor denne ramma kan produksjonen haustast til gode for landbruksnæringa og friluftslivet Verkemiddel: Tildele rett tal fellingsløyver i forhold til bestanden/skadeomfanget Uttak av levande dyr til hjortefarmar Større engasjement og ansvar til rettshavarane Bestandstellingar
Sett hjort registreringar Vektregistreringar Utvida jakttid Rettshavarane Jegerane - 5 - MINSTEAREAL I planperioden har uttaket av hjort auka kvart år. For at ein skal få kontroll med stammen er det derfor aktuelt å auke avskytinga ytterlegare. Eitt av storvalda kom då i konflikt med minstearealforskrifta. Fjaler kommune laga derfor ny forskrift i 2008 som vart vedteken i kommunestyret 27.10. Fjaler si forskrifta for minsteareal : 1: Det er lov å jakte hjort i Fjaler kommune 2: Minstearealet for godkjenning av vald, fellingsløyver og grunnlag for fordeling av fellingskvote er: a: 200 dekar for gnr. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 97, 98/2, 98/3, 232 og 233. b: 300 dekar for resten av kommunen. 3: sin heimel etter forskrifta 6 til å fråvike minstearealet med inntil 50 % ved tildeling av fellingsløyver vert delegert til rådmannen. 4: Den nye forskrifta trer i kraft straks og samstundes vert fastsett minsteareal i forskrift av 10.12.2001 om jakt etter hjort, oppheva. 5: Plan for hjortestammen vert rullert i 2009. Tilpasse verkemiddel og styringsramme til den hjortestammen vi ynskjer i framtida Verkemiddel: Prioritere kva type dyr som skal takast ut i planperioden Grunneigarar og kommunen BESTANDSPLANAR Sidan siste rullering av planen har det vorte danna 9 storvald i kommunen. Det er 4 av dei gamle valda som ikkje har meldt seg inn i storvaldet, alle desse ligg i Nedre Guddal Storvald. Målet må vere å få desse med i storvald også, slik at dei kan vere med å påverke kva hjortestamme vi skal ha vidare i Fjaler. Alle storvalda er no ferdig med ein bestands- og avskytingsperiode, og har laga nye planar for 2008-2010. Innkomne avskytingsplaner tyder på felles forståing på kva som må gjerast for å halde stammen i sjakk. Storvalda må derfor legge større vekt på å fokusere på holdningsskapande informasjon og rettleiing.
Auke kunnskapsnivået og engasjementet hos rettshavarane og jegerane om korleis avskytinga fungerer som regulator av hjortestammen Verkemiddel. Holdningsskapande informasjon og rettleiing Utarbeiding av bestandplaner - 6 - Grunneigarane og deira organisasjonar Jegerane SKADE PÅ JORD- OG SKOGBRUKSVEKSTAR I fleire områder i kommunen er no skadeomfanget så stort at det har konsekvensar for drifta på garden. Forutan avlingstap av beiting, er det også tap som følge av trakkskader og ekskrement. Fornying av enga let seg ikkje gjere. Hjorten har sitt naturlege beite i utmarka, men i dei periodane engvekstane har spesielt høgt næringsinnhald(vår og tidleg haust) vil hjorten beite på innmarka i ein periode. Lengd på desse periodane og konsentrasjonen og omfanget av beitinga vert påverka av mange faktorar: - storleiken på hjortestamma, lokale slektsgrupper/stamme, trekkruter - intensiv drift/tidleg gjødsling, kor areala ligg i høve til skog/utmark - klimaet i vekstsesongen Planteforsk Fureneset har hatt gåande eit prosjekt på Lone som syner avlingsreduskjon ved beiting av hjort på innmark. Sogn og Fjordane Skogeigarlag har registrert skade på skog når dei har utarbeidd skogbruksplaner for brukarane i Fjaler. I tillegg har Åsmund Austarheim og Harald Urstad ved Landbrukshøgskulen teke masteroppgåve på skogskader i Fjaler. Rapporten vart publisert i mai 2006. Redusere hjorteskadene Lage skaderegistreringsverktøy på jord og skog Verkemiddel: Gjennom organisering av hjortevalda og utøving av jakta, fellingskvotar, Uttak av skadedyr, førebyggjande tiltak for å halde bestanden på eit høveleg nivå. Bruk med høgt skadenivå, må få større del av gevinsten av ein høg stamme enn dei som ikkje har skade Rettshavarar, jegerar og deira organisasjonar STATUS OG UTFORDRINGAR
I eksisterande planperiode har det vore gjort betydelege tiltak for å halde hjortestammen på ei nedadgåande linje. Tildeling av løyver har auka, det er teke ut meir hjort. Uttak mellom kjønn har endra seg radikalt frå mest handyr til 128 fleire hodyr i løpet av 2 år. Kalveuttaket har stige frå 11 % i 1999 til 26 % i 2007. I tillegg til dette er det i dei nye bestands- og avskytingsplanane lagt opp til eit uttak på ca 160 dyr meir kvart år. Om dette på sikt er nok er pr. dato vanskeleg å vite, då ein ikkje har oversikt over kor stor stammen er i Fjaler eller omliggjande kommunar. - 7 - Utfordringane er likevel store. I forskrifta om Forvaltning av hjortevilt og bever står det i 1 Formål: Å bidra til at forvaltningen av hjortevilt ivaretar bestandenes og leveområdenes produktivitet og mangfalt. Skal videre sikre bestandsstørrelser som medfører at hjort ikke forårsaker uakseptable skader eller ulemper på andre samfunnsinteresser. Som døme er nemnt hensynet til biologisk mangfald, farer og ulemper i trafikken og skader på jordbruk og fruktdyrking. Alt no veit vi ein heil del om skader på innmark/utmark, påkjørsle, vekter og kjønnsfordeling. Det bør i Fjaler ikkje tolererast eit skadeomfang på meir enn 5-10% på innmark/utmark pr. eigedom. Det betyr framleis at stammen må ned. Jaktrettshavarar og deira organisasjonar må i sine utarbeiding av bestandsplaner ta høgde for dette og i tillegg fokusere på uttak av skrapdyr og kalv. Både kommunen og Fjaler Hjorteutval bør også få til eit tettare samarbeid med Gaular, Høyanger og Hyllestad med tanke på både same målsetting og utarbeiding av anna valdstruktur. Slik geografien er så er ein heil del av den hjorten som vert jakta på i Fjaler også jakta på i dei andre kommunane. EVLUERING/RULLERING I denne planperioden vart det bestemt at det skulle vere ei rullering kvart 4. år. Når det no vert utarbeidd bestandsplaner med verknad i 3 år gjeldande frå 2006, er det naturleg at rulleringa også går over det tidsrommet med ny rullering i 2013.