Gulating lagmannsrett årsmelding 2007



Like dokumenter
GULATING LAGMANNSRETT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Lønnsundersøkinga for 2014

Gulating lagmannsrett årsmelding 2009

GULATING LAGMANNSRETT Å R S M E L D I N G

Til deg som bur i fosterheim år

NOREGS HØGSTERETT. Den 27. januar 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Stabel og Indreberg i

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Gulating lagmannsrett årsmelding 2011

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Internasjonal vidaregåande skule

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Justitia Justitia er eit symbol for lov og rettferd. Sverdet står for å handheve lova Vekten står for den dømande verksemd Bindet står for

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Rettane til den fornærma og dei etterlatne

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Teknikk og konsentrasjon viktigast

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

HORDALANDD. Utarbeidd av

Forslag frå fylkesrådmannen

GULATING LAGMANNSRETT. Årsmelding 2014

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Team Hareid Trygg Heime

Innkalling av Administrasjonsutvalet

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Møteprotokoll for møte i

Styresak Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

VEDTEKT av februar 2007

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL , TYSNES RÅDHUS

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing


Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

8. Museum og samlingar

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Spørjeundersøking om sentrumsområde

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Transkript:

Gulating lagmannsrett årsmelding 2007

Stavanger Tinghus. G u l a t i n g l a g m a n n s r e t t INNHALDSLISTE 1. Førstelagmannen har ordet 2. Organisasjon - økonomi 3. Kompetanseutvikling 4. Arbeidsmiljøet 5. Gulating i media 6. Saksavviklinga 7. Anke og kjæremål til høgare instans 8. Historikk og jurisdiksjon Framsidebiletet viser inngangspartiet til Bergen tinghus Foto: Helge Skodvin G u l a t i n g l a g m a n n s r e t t Postadresse: Postboks 7414, N-5020 Bergen Besøksadresse: Bergen Tinghus, Tårnplass 2 Telefon sentralbord: + 47 55 23 71 20 Telefaks: + 47 55 23 07 24 Heimeside: www.domstol.no/gulating E-post: gulating@domstol.no 2

å r s m e l d 2 0 i n g 0 7 1. Førstelagmannen har ordet Gulating er den nest største lagmannsretten i Norge, målt i saksmengde og i tilsette. Domstolen har sete i Bergen og har eit variert tilfang av saker frå by og bygd. Vi er ein reisande domstol. Stavanger er domstolen sin andre heim - meir enn ein tredel av sakene blir gjennomførde der. Gulating lagmannsrett er ein domstol med engasjerte og dyktige medarbeidarar med omtanke for kvarandre. Vi har som mål at arbeidet skal verka til at tilliten til domstolen vert styrka. Høg kvalitet, vektlegging av brukarane sine behov, god service og effektiv ressursutnytting står i fokus. Det er rett mykje å sjå attende på når ein tel verksemda til lagmannsretten gjennom eit heilt år. For meg er 2007 fyrst og fremst året då lagmannsretten vart à jour med dei sivile ankesakene - etter fleire års intenst og målretta arbeid for å få ned restansane. Med hjelp av noko ekstra bemanning, offensiv satsing på rettsmekling, eit auka fokus på saksførebuing og på ei rasjonell bruk av ressursane, stod lagmannsretten ved inngangen til rettsferien 2007 attende med knapt 200 sivile ankesaker. Det er mindre enn det halve av kva lagmannsretten hadde å stri med tre år tidlegare. Med ei behaldning tilpassa lagmannsretten sin kapasitet, blei òg tida det tok å få saka løyst ved lagmannsretten etter kvart kraftig redusert. Tvisteløysing i rett og rimeleg tid er grunnleggjande for den einskilde sin rettstryggleik, for ei truverdig handheving av retten og for tilliten til domstolane. Ei monaleg raskare saksbehandling måtte òg til om lagmannsretten skulle vera budd på den nye tvistelova sine mange og høge krav til sakstilpassa behandling, til aktiv saksstyring og til ankeforhandling innan seks månader etter at ankesaka kjem til lagmannsretten. Tvistelova har prega 2007. Vi måtte modernisere og tilpasse saksbehandlingsrutinane våre til den nye lova. Ei arbeidsgruppe la frem forslag til heilt ny organisering av arbeidet med dei sivile sakene - forslag som fekk tilslutning frå dommarar, saksbehandlarar og leiinga. Heilt sentralt for den nye innretninga er å prioritera det saksførebuande arbeidet med sakene, med det siktemålet å få ein konsentrert og sakstilpassa behandling. Lagmannsretten har i 2007 óg satsa på opplæring i tvistelova, utover dei sentrale opplæringstiltaka i regi av Domstoladministrasjonen. I det heile har lagmannsretten gjennom 2007 styrka kompetansearbeidet. Dette har vore viktig for å sikra kvaliteten i arbeidet, for å gjera lagmannsretten til ein god arbeidsplass og for å gi den enkelte medarbeidar rom for utvikling. Talet på dagar utan rettsmøte er auka gjennom 2007, mellom anna for å gi betre rom til nettopp 3

G u l a t i n g l a g m a n n s r e t t dette. Eigne, permanente kompetanseutval for dommarane og saksbehandlarane er etablerte og komne i arbeid. Dei har utvikla ein langsiktig kompetanseplan for domstolen, og følgjer - i samarbeid med leiinga - opp det praktiske kompetansearbeidet. Det har og vore eit mål i 2007 å få fleire tilsette med på eksterne opplegg, innanfor dei grenser omsynet til saksavviklinga har satt. Etter ein lang periode med tvistelova som naturleg ramme om det interne kompetansearbeidet, låg tilhøva til rette for å utvida perspektivet til andre felt. Lagmannsretten sin studietur til Berlin hausten 2007 er eit godt og minnerikt døme på det. Studieturen hadde og til føremål å styrka samhaldet og arbeidsmiljøet i domstolen. I ein travel kvardag med terping på saksavvikling og effektivitet er det lett å gløyme slikt. Lagmannsretten har i 2007 difor sett spesielt fokus på arbeidsmiljøet, til dømes gjennom kartlegging, ved innføring av utviklingssamtalar for alle tilsette og etablering av felles arenaer av ymse slag. Leiinga har lagt stor vekt på samarbeidet med dei tillitsvalte og på verksemda til Arbeidsmiljøutvalet. Eit for lite og avleggs tinghus gir heller skrøpelege kår for trivsel og arbeidsglede: Gulating lagmannsrett har og i 2007 hatt kontorlokalitetar heile fem ulike stader i tinghuset - forutan i ein satellitt i nabobygget. Det er for få rettssalar, og dei som er har ikkje det naudsynte utstyret. Tryggleiken er særs dårleg. Enkelt sagt har det lagmannsretten byr tilsette og brukarar av husrom vore heilt utilfredsstillande på alle vis - og er det i fortvilande grad enno. Det er eit nedslåande sprik mellom behov, verdiar og mål på den eine sida, og dei praktiske realitetar på den andre. Etter meir enn ti års arbeid for nytt tinghus for Gulating lagmannsrett, set vi for 2008 på nytt lit til at Regjering og Storting endeleg gir dei løyvingar som trengst for at bygginga kan starta - slik at Gulating lagmannsrett som den siste av våre seks lagmannsrettar i Norge, får lokalar som gir tenlege, tidsmessige, trygge og verdige rammer om verksemda. Det er dei tilsette sin solide arbeidsinnsats som er grunnen til at Gulating lagmannsrett kan visa til særs gode resultat i 2007, på tross av dei kummerlege lokala. Dommarar og saksbehandlarar har vore opne for endring, og tatt i ekstra når det har vore naudsynt. Eg takkar kvar og ein for framifrå innsats! Rune Fjeld var domstolens leiar til utgongen av 2007. Då gjekk han over i anna stilling utanfor domstolane, etter tjue år som dommar og etter kvart embetsleiar. Han var førstelagmann i Gulating lagmannsrett i ei tid med reform og høge mål. Eg takker på vegne av heile lagmannsretten for Rune Fjeld sin leiarskap i denne tida. Han har sett spor etter seg. Dei som kjem etter har mykje å bygge på, og viktige prosessar å føre vidare. Arnfinn Bårdsen Kst. førstelagmann 4

å r s m e l d 2 0 i n g 0 7 Avtroppande førstelagmann Rune Fjeld i samtale med påtroppande kst. førstelagmann Arnfinn Bårdsen. Foto: Janicke K. K. Vognstølen. 5

G u l a t i n g l a g m a n n s r e t t 2. Organisasjon - økonomi Organisasjon Gulating lagmannsrett blir leia av ein førstelagmann, som saman med administrasjonssjefen har ansvar for den daglege drifta av domstolen. Domstolen er organisert i to avdelingar og ei fellestjeneste. Kvar avdeling blir leia av ein lagmann. Leiargruppa i Gulating i 2007 har vore: Førstelagmann Rune Fjeld, administrasjonssjef Arne Støle, lagmann Arfinn Bårdsen og lagmann Martin Tenold. Sekretariata i dei to avdelingane blir leia to avdelingskonsulentar, Gunvor Knudsen og Inger Røyrbotn Låstad. Dei tilsette i 2007: Avd. 1 Avd. 2 Dommarar: Dommarar: Martin Tenold Arnfinn Bårdsen Hanne Sophie Greve Steinar Magnus Trovåg Ørnulf Henrik Jacobsen Jan Erik Erstad Daniel Lunde Rune Voll Ellen Midtgaard Håvard Romarheim Stig Sjong Arne Fanebust Rannveig Sjøvoll Jon Atle Njøsen Ove Midttun Nils Skaar Wiggo Storhaug Larssen Guri Elisabeth Molven Fredrik Staff Kjell Frønsdal Rolf Strøm Margareth Christophersen Haakon Meyer Carl Petter Martinsen Lars Frønsdal Terje Einarsen Bjørn Lillebergen Berit Moldskred Mo Magni Elsheim Arne Henriksen Ole-Arne Linga Birger A. Stedal Per J. Jordal (kst) Morten Gran (kst) 6

2 0 i n g å r s m e l d 0 7 Saksbehandlarar: Gunvor Knudsen Sigrun Fimreite Signy Larsen Annbjørg Aasebø Wibecke Onarheim Linda M. Moen Marith Karin Andersen Randi Holmås (vikar) Saksbehandlarar: Inger Røyrbotn Låstad Hjørdis Skogen Wenche Lund Marit T. Hansen Arnhild Bø Janicke K. Vognstølen Solveig Andresen (vikar) Fellestjenesten: Ekspedisjon: Line L. Steffensen Eva Fauskanger Kjersti H. Hauge (engasjement) Anne Vedvik (rådgjevar) Rekneskap: Lise Rådal Jostein Hordvik Ragnhild Bull Wenche Endregaard (vikar) Stavanger-kontoret: Kirsti Dahle Vedholm Rettsbetjentar Bergen: Torbjørn Ofte og Terje Fossedal. Rettsbetjentar Stavanger: Karl Fagerlund og Terje Olav Høiland. I tillegg til faste og konstituerte dommarar nyttar lagmannsretten ekstraordinære dommarar, som er pensjonerte dommarar, oppnemde av Domstoladministrasjonen. Oppnemninga gjeld for eitt år om gongen. I 2007 har desse ekstraordinære dommarane gjort teneste: Alf Bruland, Ivar Drevland, Bjarte Eikeset, Lidvard Faaberg, Eivind Danbolt og Erik Elstad. Lagmannsretten tilkallar òg dommarar frå første instans. Desse gjer normalt teneste ei veke vår og haust. I gruppa med tilkalte dommarar inngår òg overtallige embetsleiarar i førsteinstansdomstolar, som utgjer ei ressursgruppe for dommarar. Nytilsette i 2007 21. mai byrja Anne Vedvik som rådgjevar i Gulating lagmannsrett. Ho kom frå stilling som universitetslektor ved Universitetet i Bergen. 7

G u l a t i n g l a g m a n n s r e t t Litt av Gulating i Landgericht Berlin. Foto: Janicke K. Vognstølen. Slutta i 2007 I tillegg til førstelagmann Rune Fjeld, forlet òg to saksbehandlarar og tre lagdommarar Gulating lagmannsrett i 2007. Saksbehandlar Kjersti Hofland Hauge og dei to konstituerte lagdommararane Morten Gran og Per Jordal takka for seg den 30. juni. Dei var alle tre ein del av lagmannsretten sitt vellukka restansenedbyggingsprosjektet som blei avslutta 30. juni. Den 1. desember gjekk lagdommar Lars Frønsdal av med pensjon etter sju år i Gulating. Saksbehandlar Annbjørg Aasebø gjekk av med pensjon etter heile tjue år i lagmannsretten den 31. desember. Økonomi Gulating lagmannsrett fekk i 2007 tildelt NOK 48.625.240 inklusive tilleggsbevilg- ingar. Av dette beløpet gjekk ca 81 % med til å dekkja lønsutgifter, medrekna arbeidsgjevaravgift, og ca 19 % til driftsutgifter/ investeringskostnader. I 2007 brukte vi ca NOK 4 693 015 til reiseutgifter i samband med avvikling av sakene. I tillegg til dei beløpa som går med til domstolen si eiga drift, vert det over domstolen sin rekneskap betalt for eksterne tenester i samband med saksavviklinga. Til illustrasjon kan nemnast at det i 2007 vart utbetalt ca. kr. 42,5 mill. til straffesaker, der vel 30 mill. gjaldt salær til forsvararar og bistandsadvokatar. Den store auken i utbetalingar til straffesaker samanlikna med åra før, skuldast i hovudsak utbetalingar i samband med den såkalla Nokas-saka. 8

å r s m e l d i n g 2 0 0 7 Arbeidsgruppa frå venstre Sigrun Fimreite, Line L. Steffensen, Arnfinn Bårdsen, Martin Tenold, Wiggo Storhaug Larssen, Inger R. Låstad. (Fredrik Staff var ikkje til stades då biletet var tatt). Foto: Janicke K. Vognstølen. 3. Kompetanseutvikling Ny tvistelov Det er førebuing for innføring av ny tvistelov som har sett sitt preg på kompetansearbeidet i domstolen i 2007. I tillegg til dei sentralt organiserte opplæringsdagane i oktober, skipa lagmannsretten til interne samlingar i april, september, november og desember, på såkalla berammingsfrie dagar. Den nye tvistelova er ein av dei største prosesuelle lovreformane på nærare 100 år. Den representerer ei rekkje viktige nyskapingar og kursendringar. For å sikre at lovreformen blei best mogeleg følgt opp frå årsskiftet, var det difor naudsynt å endre dei interne rutinane for behandling av saker etter den nye tvistelova. Ei intern arbeidsgruppe med representantar får leiinga, dommarane og saksbehandlarane utarbeidde forslag til nye rutinar for saksflyt og organisering. Desse blei sett i kraft samstundes med den nye lova. Kompetanseutval Som lekk i oppfølging av arbeidsmiljøundersøkinga i 2006 har det vore arbeidd med ei meir systematisk handtering av kompetansetiltak internt i lagmanns- 9

G u l a t i n g l a g m a n n s r e t t retten. To utval blei sett ned, og deira arbeid resulterte i ein kompetanseplan for interne opplæringstiltak hausten 2007 og for 2008. Det er sett av ein berammingsfri dag i månaden for å gje rom for slike tiltak i 2008. Mange dommararar gjorde bruk av det allsidige kompetansetilbodet i regi av Kompetanseutvalet for dommarar (KFD) - kurs eller studieturar. Rettsmeklarane våre har vore aktive på opplæringssida i høve til andre domstolar. Både dei og andre av dommarane våre har vore nytta på opplæringstiltak i regi av KFD. For saksbehandlarane var det - i tillegg til ny tvistelov - Ju tin@ som var det viktigaste kompetansetilbodet, og Gulating hadde to deltakarar med på det nye studietilbodet Ju tin@ anke. Modulopplegget som Kompetanseutvalet for saksbehandlarar no har iverksett verkar lovande. Vi vonar på fleire tilbod såvel på fagkursfeltet som meir omfattande kompetansetilbod med studiepoeng. 4. Arbeidsmiljøet Arbeidsmiljøutvalet (AMU) vedtok våren 2007 ein handlingsplan for arbeidsmiljøet med utgangspunkt i arbeidsmiljøundersøkjinga frå 2006. Planen vektlegg kompetanseutvikling, utviklingssamtalar og felles møtearenaer. Hausten 2007 blei det gjennomført utviklingssamtalar, samstundes blei arbeidsmiljøundersøkjinga gjennomført på ny. Jamstelling Som i mange andre domstolar, er det ei ujamn kjønnsfordeling også i lagmannsretten. Dette gjeld både blant dommarar og saksbehandlarar. Medan berre 8 av 35 dommarar er kvinner, er berre 2 av om lag 20 saksbehandlarar menn. Det vert arbeidd aktivt med rekruttering av kvinner til nye lagdommarstillingar. På saksbehandlarsida er det ønskjeleg med fleire menn. Sjukefråveret Sjukefråveret har dei siste åra gått ned til under 5 %. Diverre gjekk sjukefråveret noko opp i 2007. AMU og leiinga i lagmannsretten følgjer utviklinga nøye. 10

å r s m e l d 2 0 i n g 0 7 Førstelagmann Rune Fjeld takkar for omvisning i Den norske ambassade. Foto: Janicke K. K. Vognstølen. Brennpunkt Berlin Ein dag i oktober sette lagmannsretten seg på flyet til Berlin. Frå flyplassen i Berlin gjekk turen direkte til Landgericht Berlin, ein førsteinstans domstol for sivile saker. Der var det omvising og føredrag om tysk rettssystem. Etterpå var det sightseeing med buss og norsk guide rundt i byen, der vi m.a. vitja det store Holocaustmonumentet. Utforma som ein enorm samling sarkofagar, gjorde det sterkt inntrykk. Dag to vitja vi STASI-arkiva i Aust-Berlin. Før vi reiste til Berlin såg vi spelefilmen Das Leben der Anderen i lag. Filmen handlar om STASI sine metodar og korleis det opplevast å bli overvaka. Det var skremmande å sjå kor godt filmen stemte med dei fakta vi fekk presentert i arkiva. Etter det dystre møte med DDR-fortida, gjekk turen attende til Vest-Berlin og dei fellesnordiske ambassadane. Vi fekk lunsj i den norske ambassaden og omvisning på ambassadeområdet. Utover det oppsette programmet, var det m.a. tid til konsert med Berlinerfilharmonikarane, tur til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, elvecruise på elva Spree, vitjing i kyrkjer og musé, shopping og sjølvsagt spasertur på Unter den Linden. Vi avslutta turen med felles middag på den kjende spisestaden Zur Letzten Instanz, der vi smaka på tyske spesialitetar. Turen hadde både faglege og sosiale kvalitetar. Det er lærerikt å sjå og høyre korleis andre arbeider og tenkjer i høve til rettstryggleik og rettssystem, samstundes er det fint å oppleve kvarandre i framande omgjevnader og dele nye inntrykk. 11

G u l a t i n g l a g m a n n s r e t t STASI-arkivar Foto: Anne Vedvik Holocaustmonumentet Foto: Anne Vedvik 12

å r s m e l d 2 0 i n g 0 7 5. Gulating i media Pressa omtalar ofte rettsmøte og avgjerder frå Gulating lagmannsrett. Straffesakene er særleg i fokus, men óg sivile saker blir omtala. Her kjem smakebitar av omtalen Gulating fekk i lokalpressa på Vestlandet i 2007: I januar blei ein 36-åring i NOKAS-saka frikjent i 35 minutt då lagretten svara nei på skuldspørsmålet, men fagdommarane sette avgjerda til side. Saka måtte opp til ny behandling i lagmannsretten, denne gong utan lagrette. Dommen blei på 14 års fengsel. Medhaug vant i lagmannsretten kunngjorde BA i mars, då dom fall i ankesaka mot den tidlegare KrF-politikaren. Saka gjaldt sivilt søksmål om oppreising og erstatning etter påstand om valdtekt. Lagmannsretten stadfesta tingretten sin frifinnande dom. Børs Café kastes ut skreiv BA i april, då Gulating lagmannsrett forkasta kjæremål frå Børs Café AS. Huseigar Kløver Eiendom AS fekk dermed stadfesta sin rett til ikkje å fornye leigeavtalen med den kjende brune kafeen, på folkemunne kalla Børsen. Solariumbrannen i Lille Øvregate i Bergen fekk strafferettsleg etterspel. To unge jenter som sola seg, slapp så vidt frå brannen med livet i behald. I lagmansretten blei huseigaren dømd til 30 dagar fengsel og til å betale erstatning til dei to jentene grunna manglande brannteknisk tryggleik i huset. I det såkalla Halsnøy-drapet var far, son og ein kamerat av sonen dømt for drap i tingretten. I ankesaka fann lagretten faren skuldig, men frikjende sonen og kameraten. Etter ein halv time sette fagdommarane lagretten si frifinning til side i høve til sonen og kameraten. Saka mot dei to måtte derfor opp att til ny behandling med meddomsrett. Kameraten blei i desember dømd for å ha etterlete person i hjelpelaus tilstand, medan saka mot sonen først kjem opp i 2008. Millionar for øyresus. Ein 57 år gamal tidlegare helikopterpilot fekk 2,8 millionar kroner i erstatning etter at han fekk nedsett hørsel og øyresus på grunn av yrket. 57-åringen tapte saka mot If Skadeforsikring i Jæren tingrett, men anka vidare til Gulating lagmannsrett der han vann fram. 162 tidlegare Statoil-tilsette vann fram i pensjonssaka mot selskapet. Pensjonistane meinte at selskapet ikkje oppfylte pensjons- 13

G u l a t i n g l a g m a n n s r e t t avtalane. Statoil slutta med automatisk oppregulering i 2003, men pensjonistane meinte at tjenestepensjonen skulle regulerast på same måte som i Statens Pensjonskasse. Dei fekk medhald i lagmannsretten. Dømd for valdtekt til julesong skreiv Bergens Tidende i desember. Denne absurde situasjonen i Gulating lagmannsrett oppsto på grunn av den prekære plassmangelen domstolen lid under. Det er blitt så trongt i Tinghuset at lagmannsretten må søkje naudløysingar og leite etter ledige lokale på byen for å avvikle til dels kompliserte saker. Lagmann Hanne Sophie Greve fortalde om ein episode: Jeg hadde en trist opplevelse nå før jul da jeg administrerte en sak der to utlendinger var anklaget for en meget grov voldtekt. Lokalet var pyntet med juledekorasjoner, fordi det ble brukt til selskapeligheter om kvelden. Men i et tilstøtende rom var det samtidig med rettssaken et pensjonistmøte med sang og lukten av deilig julemat. Midt under forklaringen fra en av de tiltalte, ljomet plutselig «Deilig er jorden» med full styrke fra pensjonistene! Det var en hjerteskjærende kontrast som nesten ikke er mulig å beskrive. 6. Saksavviklinga Innkomne saker Talet på nye sivile saker har vore jamt fallande dei siste åra, men i 2007 snudde denne trenden og talet på nye sivile ankesaker gjekk opp. For straffesakene noterte vi auke i lagrettesakene, men reduksjon for dei øvrige sakstypene i høve til 2006: 2004 2005 2006 2007 Sivile ankesaker 390 384 363 396 Sivile kjæremål 270 204 235 264 Overskjønn 18 27 24 16 Lagrettesaker 57 56 63 69 Meddomsrett 94 91 104 89 Fagdommarsaker 109 92 120 102 Ankeprøving 723 697 740 718 Straffekjæremål 784 776 703 716 14

å r s m e l d 2 0 i n g 0 7 Avgjorte saker Saksavviklinga gjekk noko ned med omsyn til dei sivile ankesakene i 2007. Dette skuldast at vi no er á jour med behaldninga, og difor ikkje treng å avvikle fleire saker enn dei som kjem inn. Straffesaksavviklinga har stort sett halde tritt med talet på nye saker: 2004 2005 2006 2007 Sivile ankesaker 459 512 446 383 Sivile kjæremål 281 228 215 263 Overskjønn 22 24 36 20 Lagrettesaker 45 57 63 66 Meddomsrett 102 70 115 89 Fagdommersaker 101 95 118 110 Ankeprøving 720 695 749 721 Straffekjæremål 811 766 714 711 Behaldning Gulating lagmannsrett har sidan 1. juli 2004 gjennomført eit treårig restansenedarbeidingsprosjekt for å fjerne restansane på sakstypen sivile ankesaker. Til dette prosjektet fekk vi tilført fire ekstra dommarstillingar og to saksbehandlarengasjement. Prosjektet blei avslutta 30. juni 2007. Målet var å nedarbeide behaldninga frå 458 ankesaker då prosjektet starta, til 200 saker ved prosjektslutt. Vi nådde målet og vel så det! Behaldninga var 194 saker den 30. juni 2007. Når det gjeld straffesakene avvikla vi i 2007 fleire saker enn det kom til nye. Behaldninga gjekk ned med fire saker, men framleis er behaldninga så høg at vi ikkje nådde målet for gjennomsnittleg behandlingstid. 2004 2005 2006 2007 Sivile ankesaker 415 278 196 208 Sivile kjæremål 50 21 42 44 Lagrettesaker 33 33 33 30 Meddomsrett 29 47 36 39 Fagdommersaker 39 36 37 33 Ankeprøving 35 33 31 34 Straffekjæremål 9 19 8 13 15

G u l a t i n g l a g m a n n s r e t t Behandlingstida Behandlingstida for sivile ankesaker har gått kraftig ned frå dei føregåande åra, og var i 2007 på 213 dagar. Samanlikna med talet for 2004 då restanseprosjektet starta, er dette ein reduksjon på 176 dagar, eller 43 %. Ventetida for å få opp nye saker er blitt halvert i denne perioden. Også for straffesakene er behandlingstida redusert, og dette gjeld for alle sakstypene. Gjennomsnittleg behandlingstid for alle henviste straffesaker i 2007 var 129 dagar. Målet på 90 dagar er imidlertid ikkje nådd, men dette skuldast hovudsakleg tilhøve utanfor lagmannsretten sin kontroll. Dels har våre samhandlingspartnarar, forsvararar og påtalemakt problem med å kunne møte i retten innan dei tidsfristar som gjeld. Og når det gjeld lagrettesakene skuldast den lange behandlingstida lokalproblema i Bergen tinghus. 2004 2005 2006 2007 Sivile ankesaker 389 355 284 213 Sivile kjæremål 66 75 47 62 Lagrettesaker 155 181 199 158 Meddomsrettssaker 142 143 165 133 Fagdommersaker 107 121 139 111 Straffekjæremål 11 8 12 5 Ankeprøvingssaker 24 21 23 18 7. Anke og kjæremål til høgare instans Eit grunnleggjande krav til arbeidet i domstolen er at det skal halde høg kvalitet, men korleis målar ein det? Eit tenkjeleg måleinstrument kan vere endringsprosent etter anke eller kjæremål til Høgsterett. For 2007 ligg følgjande tal føre: Sivile saker anke: Sivile saker, kjæremål: Endra/oppheva dom 7 av 98 (7 %) Oppheva/endra 5 av 76 (7 %) Straffesaker, anke: Straffesaker, kjæremål: Endra/oppheva 9 av 98 (9 %) Endra /oppheva 5 av 97 (5 %) 16

å r s m e l d 2 0 i n g 0 7 VEDLEGG Historie Domstolane våre har røtene sine i dei tinga som vart etablerte før rikssamlinga omkring år 900, nærast som ei form for allmøte som hadde både lovgjevande og dømmande makt. Innanfor dette systemet hadde ein lokale bygdeting, organiserte som allting, og regionale ting eller lagting. Heller tidleg var det etablert fem slike lagting. Gulating er det eldste av desse. Tingstaden låg i Eivindvik i noverande Gulen kommune frå om lag år 800 til rundt år 1300. I tilknytning til lagtinga hadde ein rettskunnige tillitsmenn, kalla lagmenn, som hadde til oppgåve å forklara tingmennene korleis lovene var å forstå. Etter kvart vart lovene nedskrevne. Handskriftene av Gulatingslova frå rundt år 1150 er dei eldste og best bevarte av dei nordiske landskapslovene. Ordninga med lagting stod ved lag i denne forma fram til 1797. Då vart ho avløyst av ei ordning med fire stiftsoverrettar. Den eine av desse var Bergen stiftsoverrett, som behandla appellsaker, ikkje berre frå dei tre vestlandsfylka, men òg frå Agderfylka og delar av Telemark. Ved straffeprosesslova av 1887 vart lagretteordninga innført i Noreg. Straffesakene vart deretter behandla av Gulatingseglet seks nyoppretta lagmannsrettar, anten som ankesaker eller i første instans. Gulating lagmannsrett var etter dette, frå straffeprosesslova vart sett i kraft i 1890, ein domstol for straffesaker. Lagdømmet omfatta lagsokna Stavanger, Bergen, Bergenhus og Romsdal, og domstolen hadde berre ein fagdommar. Denne var felles med Frostating og hadde stort sett sin faste bustad i Trondheim. I 1915 vart det vedteke ei ny prosessordning, som vart sett i kraft frå 1936. Bergen overrett og Gulating lagmannsrett vart då slått saman under namnet Gulating lagmannsrett. Embetskrinsen omfatta dei tre vestlandsfylka, slik tilfellet òg er i dag. Den første lagmann etter samanslåinga var A. E. Soelseth, og domstolen fekk i tillegg tre faste dommarar og ein hjelpedommar. 17

G u l a t i n g l a g m a n n s r e t t Seinare har domstolen vakse, og tel i dag 35 dommarar og 19 saksbehandlarar. Med eit så langstrakt embetsdistrikt har arbeidet i Gulating lagmannsrett alltid ført med seg mykje reiseverksemd. Talet på reisedagar ligg i underkant av 40 i gjennomsnitt pr dommar kvart år, medan det tidlegare låg ein god del høgare. Tidlegare var saksbehandlarane òg mykje på reise, men for deira del er det no langt på veg slutt på reiseverksemda. Dette heng saman med at det i 1999 vart oppretta ei stilling som saksbehandlar med kontorstad i Stavanger. Jurisdiksjon Gulating lagmannsrett er ein av seks lagmannsrettar i Norge. Vi held til i lokale i Tinghuset i Bergen, men har òg kontor og rettslokale i Tinghuset i Stavanger, Haugesund, Førde og i Nordfjordeid. I embetskrinsen var det pr 1 januar 2007 tilsaman 967 471 innbyggjarar, som fordelte seg slik på dei tre fylka: Rogaland 404 566 Hordaland 456 711 Sogn og Fjordane 106 194 I dei tre fylka er det til saman 86 kommunar, med ulik busetjing og næringsgrunnlag. Dette speglar seg i dei saker vi får til behandling. Det finst 12 førsteinstansdomstolar/tingrettar innanfor embetskrinsen. Førsteinstansdomstolane innanfor embetskrinsen var i 2007: Stavanger tingrett Bergen tingrett Dalane tingrett Jæren tingrett Karmsund tingrett Haugesund tingrett Hardanger tingrett Sunnhordland tingrett Nordhordland tingrett Sogn tingrett Fjordane tingrett I tillegg kjem følgjande jordskifterettar: Nord og Midhordland jordskifterett Sunnhordland jordskifterett Hardanger jordskifterett Voss jordskifterett Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett Indre Sogn jordskifterett Nordfjord jordskifterett Nord Rogaland jordskifterett Sør Rogaland jordskifterett Agder og Rogaland jordskifteoverrett Gulating jordskifteoverrett (Førde) Gulating jordskifteoverrett (Nyborg). 18

å r s m e l d 2 0 i n g 0 7 Frå hallen i Bergen tinghus. Foto: Helge Skodvin 19

G u l a t i n g l a g m a n n s r e t t Produksjon: Molvik Grafisk AS Postadresse: Postboks 7414, N-5020 Bergen Besøksadresse: Bergen Tinghus, Tårnplass 2 Telefon sentralbord: + 47 55 23 71 20 Telefaks: + 47 55 23 07 24