Permisjonsreglement Gjeldande frå 15. juni 2011 Sak 2009/106 1 Overordna prinsipp Arbeidstakarane får fri når viktige behov tilseier det. Ved vurdering av søknader om permisjon, skal ein ta omsyn til både individuelle behov, arbeidsgjevaren sine behov, lik behandling av arbeidstakarar, og i enkelte høve tenestetid i kommunen. Løna permisjon for deltidstilsette vert innvilga i høve til stillingsstorleik. Der ikkje anna er nemnt i dette reglementet, gjeld bestemmelsane i Hovudavtalen, Tariffavtalen, KS si Personalhandbok, Arbeidsmiljølova, IA-avtalen m.m. 2 Fullmakter Følgjande permisjonar skal som hovudregel avgjerast av den administrative leiaren for eininga velferdspermisjonar permisjon for å ivareta funksjon som tillitsvald permisjon i samband med eksamen/lesedagar Spørsmål av prinsipiell art bør likevel avklarast med personalkontor. Utdanningspermisjon skal avgjerast av etatssjef eller tilsvarande. Ved lov- og tariffbestemte permisjonar knytt til sjukdom, sjukt barn, fødsel, adopsjon og liknande, skal melding sendast tenesteveg vanleg tenesteveg til lønsavdeling og personalkontor. Søknad om redusert arbeidstid etter Aml 10-2 (4), og permisjon for å ivareta funksjon som hovudtillitsvald, skal avgjerast av personalkontoret. Lengre permisjonar som ikkje er regulerte i lov- og avtaleverk skal som hovudregel avgjerast av rådmannen. Tilsvarande søknad frå rådmann skal avgjerast på politisk nivå. 3 Velferdspermisjonar (HTA kap 1 14.1) Når det føreligg viktige velferdsgrunnar, kan ein arbeidstakar få fri med løn i inntil 12 arbeidsdagar i løpet av kalenderåret. Fri utover 12 dagar, eller utover det tal dagar som er fastsett for dei forskjellige permisjonstypar, må i tilfelle gjevast som permisjon utan løn. Følgjande normer gjeld for permisjonar med løn: 3.1 Alvorleg sjukdom i næraste familie: Ved alvorleg sjukdom i næraste familie (ektefelle, born, foreldre, besteforeldre eller andre som står arbeidstakaren spesielt nær), kan det gjevast fri inntil 5 dagar. Føremålet er at arbeidstakar skal få nødvendig fri til å områ seg i akuttfasen inntil situasjonen er meir avklart. Som eit alternativ til å innvilga event. ytterlegare permisjon utan løn, må ein i ein vanskeleg situasjon om nødvendig vera fleksibel i høve til arbeidstid, t.d. ved å tilby fri som kan arbeidast inn igjen seinare. (Arbeidsmiljølova ( 12-10) og Folketrygdlova ( 9-12) regulerar rett til fri (utan løn) for å pleie nære pårørande i heimen i terminalfasen).
Virksomhetens navn Side 2 av 2 3.2 Dødsfall i næraste familie Ved dødsfall i næraste familie (ektefelle, born, foreldre, besteforeldre eller andre som står arbeidstakaren spesielt nær), kan det gjevast permisjon med løn i inntil 3 dagar. Inntil 2 reisedagar kan koma i tillegg. 3.3 Tilvenning av barn i barnehage For tilvenning av barn i barnehage, kan det gjevast permisjon med løn i inntil 3 dagar pr. år når arbeidstakaren må vera til stades med barnet dei første dagane i daginstitusjonen/barnehagen. Føresetnaden er at det er nødvendig å vera tilstades, at ikkje andre familiemedlemer kan vera med, og at ulempen vert fordelt likt mellom foreldreparet sine arbeidsgjevarar. 3.4 Tilvenning av barn i skule/skulefritidsordning Arbeidstakar som har omsorg for barn, kan få nødvendig permisjon med løn i til saman 1 dag i samband med innskriving i skulen og oppstart i førskule/skulefritidsording/skule. 3.5 Eige bryllup For eige bryllup kan det gjevast permisjon med løn 2 dagar. Den eine permisjonsdagen må takast på bryllupsdagen, den andre føregåande eller etterfølgjande dag. 3.6 Dåp/konfirmasjon: Arbeidstakar kan få permisjon med løn i samband med eige barn sin dåps- eller konfirmasjonsdag dersom desse fell på ein arbeidsdag. 3.7 Husbygging/istandsetjing av eige hus/husvære. Når arbeidstakaren sjølv aktivt deltek i bygging/istandsetjing av eige bustadhus/husvære, kan det innvilgast permisjon med løn i 2 dagar. Ordninga gjeld ikkje hytte/fritidshus eller ombygging/reparasjon av hus som ein alt eig/bur i. I samband med flytting kan det gjevast fri med løn 1 dag. 3.8 Idrettsarrangement: Fri for å delta i idrettsarrangement og kulturarrangement skal som hovudregel gjevast utan løn. For deltaking i internasjonale arrangement, landskampar o.l. kan det gjevast permisjon med løn inntil 5 dagar pr. kalenderår. For deltaking i noregsmeisterskap knytt til Norges Indrettsforbund, kan det gjevast fri med løn i inntil 2 dagar pr. kalenderår. 3.9 Høgtidsdagar For feiring av religiøse og nasjonale høgtidsdagar som ikkje er offisielle etter norsk kalender, kan det gjevast permisjon med løn i inntil 2 dagar. 3.10 Deltaking i hjelpekorps eller tilsvarande. Arbeidstakarar som vert oppmoda om å bidra i akutte/livstruande situasjonar, t.d leiteaksjonar o.l., får nødvendig fri med løn.
Virksomhetens navn Side 3 av 3 3.11 Undersøking og behandling hos lege, tannlege, fysioterapeut og andre private gjeremål Arbeidstakarane har i utgangspunktet ingen rett til fri med løn i samband med undersøking og behandling hos lege, tannlege, fysioterapeut, og heller ikkje i samband med private velferdsgjeremål. Difor skal slike gjeremål som hovudregel leggjast til fritida. Det betyr at når arbeidstakar sjølv avtalar/får tildelt time, skal ho/han aktivt prøva å styra denne til fritida si. Dersom det ikkje let seg gjera, og det er snakk om helserelaterte undersøkingar/behandlingar (lege/tannlege/fysioterapi o.l.), møte med BUP, PPT, Barnevern o.l., aksepterar ein nødvendig fri med løn. Ved fråvær som er relatert til borna, er det naturleg at foreldra fordelar fråværa mellom seg. Fri for å gje blod skal praktiserast etter same reglar. 3.12 Andre private gjeremål som ikkje gjev rett til fri med løn: Private gjeremål som t.d. foreldresamtalar, frisørbesøk m.m. er private velferdsgjeremål som skal leggjast til fritida. Næraste leiar kan likevel gje nødvendig fri i form av avspasering dersom dette let seg gjera utan ulemper for arbeidet. 3.13 Andre permisjonar: Permisjon med løn kan unntaksvis innvilgast for andre velferdsgjeremål der ein finn det rimeleg. Døme: Nødvendig fri for å delta i lokal gravferdssermoni i kyrkja der det etter vanleg skikk og bruk i Fitjar er rimeleg og forventa at ein følgjer. Event. deltaking på etterfølgjande minnestund er å sjå på som eit privat gjeremål, og gjev ikkje rett til fri med løn. 3.14 Permisjon for å ivareta kommunale eller andre offentlege verv (HTA kap. 1 14.1). Arbeidstakar kan få permisjon med løn i inntil 12 dagar pr. år for å utføra kommunale eller andre offentlege tillitsverv (politiske verv/domsmenn/skjønsmenn/rettsvitne). Ein arbeidstakar som vert vald til utsending til nominasjonsmøte ved stortings-, fylkestings- eller kommuneval, får permisjon med løn. Ein føreset då at tillitsvervet ikkje kan utførast utanom arbeidstid. 4 Permisjonar for å ivareta funksjon som tillitsvald/hovudtillitsvald o.l. (Hovudavtalen kap. B 3-5 og 3-6). Hovudregelen er at det kan gjevast permisjon med løn i inntil 12 arbeidsdagar pr. år for valde faste medlemer som skal møta i ein arbeidstakarorganisasjon sine styrande organ på landseller fylkes-/distriktsplan. 4.1 Tillitsvaldopplæring: Ved opplæring som har betydning for funksjonen som tillitsvald, vert det gjeve nødvendig permisjon. Hovudtillitsvald får full løn. Plasstillitsvalde har krav på heil eller delvis løn.
Virksomhetens navn Side 4 av 4 5 Permisjon i samband med eigen sjukdom/sjukt barn Her gjeld reglane i arbeidsmiljølov, tariffavtale og avtale om Inkluderande Arbeidsliv (IA). Dersom slike fråvær ikkje vert dokumentert med sjukemelding/eigenmelding, vil dei verta sett på som skoft og medføra m.a. trekk i løn. I tilfelle der det vert innvilga uførepensjon, attføringspengar eller arbeidsavklaringspengar for ein periode, vil stillinga kunna haldast open for vedk. i inntil 1 år etter at sjukepengeperioden er slutt. Deretter skal arbeidsforholdet som hovudregel avsluttast. 5.1 Eigenmelding ved eigen sjukdom - hovudregel: Som IA-verksemd kan ein i Fitjar kommune bruka eigenmelding i til saman 24 kalenderdagar i løpet av dei 12 siste månader. (Ein tel 12 månader bakover i tid). Eigenmelding kan ikkje nyttast i meir enn 8 dagar pr. fråværstilfelle. Ved misbruk kan arbeidstakar tapa retten til å bruka eigenmelding. Eigenmelding kan først nyttast to mnd. etter at ein tek til i stillinga. 5.2 Sjukt barn, sjuk barnepassar - hovudregel: Arbeidstakar med omsorg for barn, har rett til permisjon med løn i inntil 10 dagar pr. kalenderår for tilsyn med/stell av sjukt barn. Retten gjeld også dersom barnet skal følgjast til legeundersøking eller anna oppfølging i samband med sjukdom. Einsleg forsørgjar har rett på 20 dagar. Retten gjeld ut det året barnet fyller 12 år. Retten gjeld også dersom barnepassar er sjuk. Eigenmelding kan nyttast for inntil 3 kalenderdagar om gongen. Frå og med 4. dag må fråværet dokumenterast med sjukemelding. Slik eigenmelding kan først nyttast 14 dagar etter at ein tek til i stillinga. Spesielle reglar gjeld dersom det er snakk om meir enn to barn, funksjonshemma barn eller kronisk sjuke barn. Det er ein naturleg føresetnad at foreldra fordelar ansvaret for sjuke barn mellom seg, slik at ikkje all belastninga fell på den eine parten og den eine arbeidsgjevaren. 6 Permisjon i samband med svangerskap/fødsel/adopsjon/omsorg Detaljreglar finn ein i arbeidsmiljølov, tariffavtale og folketrygdlov. Her nemner me hovudreglane. 6.1 Hovudregel: Arbeidstakar som har vore i inntektsgjevande arbeid 6 av dei siste 10 månadene før permisjonen tek til, har rett til permisjon med løn i til saman 46 veker med 100 % løn, 56 veker med 80 % løn i samband med fødsel Permisjonen kan fordelast mellom foreldra etter ønskje, men med følgjande avgrensingar: - mor skal ha maks. 12, minimum 3 veker av permisjonen før nedkomst. - mor skal ha minimum 6 veker av permisjonen umiddelbart etter nedkomst - dersom far fyller vilkåra for fedrekvote, er minimum 10 veker av permisjonen reservert for han. Permisjonen kan takast ut som delvis permisjon, d.v.s. fordelast over ei tidsramme på 3 år. Ei event. slik ordning må avtalast med arbeidsgjevar. I samband med fødsel har far rett til 2 vekers permisjon med løn for å hjelpa mor.
Virksomhetens navn Side 5 av 5 Reglane gjeld i hovudsak tilsvarande for adoptivforeldre. 6.2 Vidare permisjon utan løn: Når permisjonen etter avsnittet ovanfor er ferdig avvikla, har arbeidstakar rett på ytterlegare 12 månader permisjon utan løn. Det er ein føresetnad at slik permisjonen vert teken direkte i fortsettelsen av fødselspermisjonen. Arbeidsmiljølova 10-2 (4) gjev ein betinga rett til redusert arbeidstid for småbarnsforeldre som ynskjer meir tid til samvær med borna sine. Ein kan som hovudregel ikkje rekna med å få slik redusert arbeidstid i meir enn maks to år pr. barn. Føresetnaden er at arbeidstidsreduksjonen kan gjennomførast utan vesentleg ulempe for verksemda. 7 Permisjon i samband med utdanning og eksamen. (Arbeidsmiljølva 12-11 og HTA 14) Hovudregelen er at arbeidstakar som har vore i arbeidslivet i minst 3 år, og som har vore tilsett i Fitjar kommune dei to siste åra, har rett til heil eller delvis permisjon i inntil 3 år for å delta i organisert utdanningstilbod. Utdanning utover nivå for grunnskule eller vidaregåande skule, må vera yrkesrelatert for å gje rett til permisjon. Dersom utdanning etter arbeidsgjevar si vurdering er heilt nødvendig for at arbeidstakaren skal kunna utføra pålagte arbeidsoppgåver på forsvarleg vis, vert det gjeve nødvendig fri med løn og etterfølgjande bindingstid. Spørsmålet om løn og event. utgiftsdekning i samband med annan utdanningspermisjon, må i alle høve avklarast med arbeidsgjevar på førehand. Grad av relevans for stillinga/arbeidet i kommunen vil verta tillagt vekt. 7.1 Fri i samband med eksamen/fagprøve o.l.: (HTA 14.4) I samband med avsluttande eksamen/prøve ved skule, studium e.l. kan det gjevast permisjon med løn for eksamensdagen/dagane samt 2 lesedagar. Ved eksamensformer som varer 3 samanhangande dagar eller meir, kan ein drøfta ytterlegare tilrettelegging. Det er ein føresetnad for å få perm. med løn at vedk. ville hatt ordinært arbeid dei to dagane umiddelbart før eksamen, og at faget har betydning for kommunen. 8 Lengre permisjonar som ikkje er regulerte i lov- og avtaleverk 8.1 Friår eller permisjon for å prøva seg i annan stilling. For arbeidstakar med minst ½ stilling og 5 års samanhangande tenestetid som fast tilsett i Fitjar kommune bak seg, kan ein vurdera permisjon utan løn i inntil 1 år. Permisjon som vil gje arbeidstakar ei fagleg utvikling som er til nytte for kommunen når vedk. kjem i arbeid igjen, vil stå sterkast. Søknadene vil verta strengt vurdert opp mot dei ulemper dette vil kunna medføra for arbeidsgjevar/arbeidsplassen. I praksis betyr det at det vil vera vanskelegast å få permisjon i stillingar der det er problem med å rekruttera, i leiarstillingar, og i spesielle fagstillingar. Ny søknadsrett til slik permisjon vert opptent etter nye 5 års samanhangande teneste i kommunen.
Virksomhetens navn Side 6 av 6 8.2 Internasjonalt arbeid: For arbeidstakarar som vert engasjerte til hjelpetiltak i utviklingsland, internasjonalt arbeid o.l., eller som skal vera med ektefelle/sambuar på slikt oppdrag, kan ein vurdera permisjon utan løn i inntil 3 år. Søknaden vil verta vurdert opp mot dei ulemper dette vil kunna medføra for arbeidsgjevar/ arbeidsplassen. Det vil i praksis bety at det vil vera vanskeleg å få permisjon i stillingar der det er problem med å rekruttera, i leiarstillingar, og i spesielle fagstillingar. 9 Endringar i reglementet Rådmannen har fullmakt til å gjera endringar/redigeringar i dette reglementet dersom det naturleg følgjer av endringar i sentrale lov- og avtaleverk.