Språkpolitiske retningslinjer ved Universitetet i Stavanger



Like dokumenter
Landrapport - NORGE Situasjonen ved norske universitet og høgskoler. Møte i Nordisk parallelspråksnettverk Marielyst

DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

utdanning Rådgiver Ellen Margrete Grong

DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

UNIVERSITETET I BERGEN

Framlegg til ein språkpolitikk for universitet og høgskolar i Noreg. Frå ein komité nedsett av Universitets- og høgskolerådet

Treng me norsk? Åse Wetås direktør, Språkrådet Språkkonferanse i Førde,

Språkpolitiske retningslinjer for Høgskulen på Vestlandet. Forslag frå ei arbeidsgruppe

TIL FAGANSVARLEGE FOR BACHELOR-

Frå lov til språkpolitiske retningslinjer i sektoren. Kor er me og kor går me?

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING HØGSKULEN I VOLDA

Språkpolitiske retningslinjer for Nord universitet

Maskiningeniør - bachelorstudium i ingeniørfag, studieretning konstruksjons- og materialteknikk

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Vegvisar for språkval i universitets- og høgskulesektoren

Vidareutdanning ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

STYRESAK. Styremøte Saksnr.:29/14. Språkpolitikk for Kunsthøgskolen revidert saksfremlegg. Fra: Direktør. Dato: xx.xx.

NTNU S-sak 16/09 Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet SA/ELI Arkiv: 2008/14888 N O T A T

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Strategisk plan Institutt for framandspråk

STUDIEPLANMAL 2011 med brukarrettleiing

ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Handlingsplan for formidling SV-fakultetet

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Studieplan 2008/2009

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

IKT-kompetanse for øvingsskular

Trugar «teljekantsystemet» norsk som forskingsspråk?

nye bøker i 2004

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

REGISTRERINGSSKJEMA FOR PERSONOPPLYSNINGAR SKULEÅRET 2015/2016 (leverast barneskulen innan 10.april)

OU-utvalgets rapport Styremøte HSF 24.juni 2010

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. Seminar: totalt 16 timar.

REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

I forkortinga skal S, T og V vere store bokstavar, I skal vere liten.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Gode språkvalg et godt valg for institusjonen. Møte med Utdanningskomiteen ved UiO,

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Førstelektorprosjekt. Anne-Grethe Naustdal

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Strategisk plan for LLE

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

engelskfagets legitimering og eigenart sentrale styringsdokument for skolefaget språklæring omgrepet kommunikativ kompetanse

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Postjournal for Universitetet i Stavanger - Offentlig journal

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Rådgjevarkonferansen 2009

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302)

Veiviser for språkvalg i universitets- og høgskolesektoren

Samordna opptak 2018: Prosentdelen studentar som vel framandspråk minkar. Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk og opplæringa - Notat 4/2018

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Prosedyrebeskrivelse for arbeidet fram mot akkreditering og etablering av nye studier ved UiS

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Kva med språket når utdanninga blir internasjonalisert?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Norsk 3 (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng

Lokal læreplan for innføringsklassene Endres i topp-/bunntekst 1

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Tiltaksplan

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013


Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Retningsliner for grunnskulane i Lindås kommune

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Forslag frå fylkesrådmannen

Studenttinget 2015/2016

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

NOLI211, NOLI311 og NOLI212, NOLI312, endring i obligatorisk aktivitet NOLI211, NOLI311, NOLI212, NOLI312.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Målbruksplan for Ål kommune

Spørjeundersøking om sentrumsområde

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Introduksjon til spansk språk og latinamerikastudium Introduction to Spanish and Latin American Studies Studiepoeng 10 Undervisningssemester

Politisk plattform for Venstrealliansen

Transkript:

Språkpolitiske retningslinjer ved Universitetet i Stavanger Innleiing Utvalet for språkpolitiske retningslinjer ved Universitetet i Stavanger vart oppnemnt 2. september 2008. Oppgåva har vore å fremje forslag til prinsipp og retningslinjer for språkbruk ved Universitetet i Stavanger. Utvalet har bestått av: Prorektor Egil Gabrielsen (leiar) Førsteamanuensis Ole Bjørn Rongen, Det samfunnsvitskaplege fakultetet Førsteamanuensis Morten Tengesdal, Det teknisk- naturvitskaplege fakultetet Stipendiat Magne Rogne, Det humanistiske fakultetet Student Kristine Nesvik Student Rebecca Charboneau Rådgjevar Thomas Bore Olsen, Strategi- og kommunikasjonsavdelinga Seniorkonsulent Suvada Veledar, Strategi- og kommunikasjonsavdelinga (sekretær) Som ein del av arbeidet har det vore gjennomført kartlegging av språkbruken ved UiS. Kartlegginga har blant anna omfatta: bruk av engelsk eller anna språk i undervisning og rettleiing bruk av norsk i jobbsamanheng blant vitskapleg personale val av språk for forskingsformidling språkval for den interne kommunikasjonen ved UiS Utvalet har hatt seks møte, eit oppstartsmøte og fem møte for å drøfte problemstillingar som ligg til grunn for denne rapporten. Utvalsmedlem Thomas Bore Olsen tar dissens på punktet om å auke nynorskdelen utover krava i målloven. Rapporten består av fire delar. Den første delen tar for seg bakgrunnen for utviklinga av retningslinjene. Del to beskriv dagens språkpolitiske situasjon ved UiS. Del tre inneheld 1

forslag til språkpolitiske retningslinjer. I del fire finst tiltak for å oppfylle dei språklege retningslinjene. 1. Mandat og bakgrunn Utvalets mandat har vore å fremje forslag til prinsipp og retningslinjer for språkbruk ved UiS innan undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Oppnemninga har bakgrunn i Universitets- og høgskolerådets (UHR) initiativ til nasjonal språkpolitikk for universitet og høgskular. Universitets- og høgskulesektoren deltar stadig meir i det internasjonale forskingssamfunnet. Det er eit aukande behov for å ha ein språkpolitikk som tar vare på det norske språket samtidig som universitetet opnar opp for internasjonal aktivitet gjennom bruk av engelsk og andre framandspråk. Ei viktig utfordring blir derfor å bidra til å halde norsk fagspråk levande og i utvikling, og på den andre sida oppfylle universitetets ambisjon om å vere eit internasjonalt velvørd forskingsuniversitet og lærestad. 2. Kartlegging av dagens situasjon på det språkpolitiske området ved UiS Det vart utarbeidd delrapportar frå dei tre fakulteta. Samandrag følgjer under og dei fullstendige delrapportane er vedlagde. Det teknisk- naturvitskaplege fakultetet Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi (IKM), Institutt for petroleumsteknologi (IPT), Institutt for data- og elektroteknikk (IDE), Institutt for matematikk og naturvitskap (IMN) og Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP). Alle institutta ved det teknisk-naturvitskaplege fakultetet har minst eitt masterløp på engelsk. Institutt for petroleumsteknologi er klart størst her med rundt halvparten av all si undervisning 2

på engelsk. IPT har også mange internasjonale studentar. Dette gjeld også Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi. IPT ynskjer i tillegg å kunne tilby årstudiet samt bachelorstudiet på engelsk viss rekrutteringa av norske studentar minkar. Undervisninga på engelsk ser ut til å gå greitt på heile fakultetet. Så å seia all forsknigsformidling utanlands går på engelsk. I tillegg aukar bruken av engelsk ved formidling innanlands. Det er behov for språkvask-ressursar ved fakultetet. Alle institutta meiner at den interne kommunikasjonen bør vera på norsk, men den aukande delen utanlandsk vitskapleg personell samt utanlandske stipendiatar gjer dette problematisk. Det er stort behov for norskkurs for stipendiatar slik at dei kan bli betre integrerte på institutta. I og med at nytilsette skal kvalifisera seg for undervisning på norsk i løpet av to år, er det også behov for eit tilpassa norskkurs for desse. Kurset må tilretteleggjast på same måte som ein tilrettelegg pedagogikkurset for nytilsette. Det samfunnsvitskaplege fakultetet Norsk hotellhøgskole-institutt for økonomi og ledelse (NHS-IØL), Institutt for helsefag (IH), Institutt for sosialfag (IS), Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag (IMKS) Med unnatak av NHS-IØL som har eit eittårig tilbod på engelsk på bachelor-nivå, samt eit mastertilbod på engelsk, er det lite undervisning på engelsk ved SV-fakultetet. IH har eit tilbod i 5. semester, medan IS og IMKS har nokre emne der engelskspråklege lærarar bruker engelsk til å forelesa, men samtalar med studentane på norsk. Engelskundervisninga går stort sett utan problem. Det er totalt 40-50 internasjonale studentar ved fakultetet, langt dei fleste ved NHS-IØL. Forskingsformidlinga skjer mest på engelsk på NHS-IØL, mest på norsk på IS og IMKS, og jamt fordelt på norsk og engelsk på IH. Allmennretta formidling skjer stort sett på norsk. Det er stort behov for hjelp til språkvask. 3

Det humanistiske fakultetet Institutt for musikk og dans (IMD), Senter for atferdsforsking (SAF), Lesesenteret (LS), Institutt for kultur- og språkvitskap (IKS), Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk (IAS), Institutt for førskulelærarutdanning (IFU) Når det gjeld undervisninga ved fakultetet, har ein på lågare grad språkfaga tysk, fransk, spansk og engelsk og NOMSA ved IKS. Ved IMD har ein eitt årstudium i musikkproduksjon/opptaksteknikk på engelsk, og ved IAS/IFU har ein eitt enkeltemne - Comparative education. På høgre grad har ein master i literacy studies (IKS) pluss ein del enkeltemne på master- og doktorgradsnivå som er på engelsk. Denne undervisninga går stort sett godt, men det blir rapportert om at ein del studentar oppfattar engelskspråkleg pensum som vanskeleg. Fakultetet har vel 30 tilsette som ikkje har norsk som førstespråk, og dei aller fleste av desse meistrar norsk godt. Alle institutta/sentra er klare på at den interne kommunikasjonen ved UiS må gå føre seg på norsk. Forskingsformidling på norsk står enno sterkt ved fakultetet, men publiseringsmengda på engelsk er aukande. Det er stort behov for språkstøtteressursar (både språkvask og kursing) for å sikre kvaliteten på den internasjonale publiseringa. 3. Forslag til språkpolitiske retningslinjer ved UiS UiS val av språk innen undervisning, formidling, administrasjon og vitskapleg publisering er viktig for den generelle språkutviklinga i samfunnet. Ei viktig oppgåve for Universitetet i Stavanger som nasjonal kulturinstitusjon er å ta vare på og utvikle norsk språk. Dette gjeld både nynorsk og bokmål. Sidan nynorsk står svakast som bruksspråk i offentleg sektor, og sidan Universitetet i Stavanger ligg i ein region med mange nynorskbrukarar, vil universitetet ta eit særleg ansvar for denne målforma. UiS har også stadig meir internasjonal aktivitet. Derfor er det viktig å sikre parallellspråklegheit mellom norsk og andre språk. 3.1. Formål 4

UiS ønskjer med desse retningslinjene å sikre ein god språkutvikling ved UiS. Målet er at UiS som forskings-, utdannings- og kulturinstitusjon bidrar til å halde norsk språk, og særleg norsk fagspråk, levande og i utvikling. UiS skal vere eit internasjonalt velvørd forskingsuniversitet og lærestad. Derfor er det viktig å sikre ein parallellspråkleg praksis mellom norsk og andre språk. 3.2. Institusjonelle retningslinjer for UiS Norsk er hovudspråk ved UiS. Engelsk eller andre språk vert brukte når det er fagleg formålstenleg. UiS`bruk av nynorsk skal vere i tråd med krava i mållova. UiS skal leggje til rette for at tilsette med annan språkbakgrunn enn norsk får tilstrekkelege norskkunnskapar. Dette er viktig av minst to grunnar. Arbeidsspråket ved UiS er norsk. For å bli integrert i arbeidsmiljøet og trivast er det vesentleg å meistre norsk for å kunne delta i universitetets indre liv og samfunnslivet elles. Dessutan er det eit krav at fast tilsette må lære seg norsk innan den perioden som er avtalt ved tilsetting. 3.3. Retningslinjer for verksemdsområda ved UiS Undervisning Undervisningsspråket er i utgangspunkt norsk. Det kan likevel være formålstenleg å opne for engelsk i emne i det tredje studieåret av bachelorløpet og dessutan i høgare grads studium. Dette er viktig for å stimulere til studentutveksling og for å utvikle kompetanse i engelsk fagspråk hos norskspråklege studentar. Institutta har ansvar for at undervisninga skjer på det språket som er annonsert i studieplanen. Val av engelsk som undervisningsspråk må grunngjevast. Det er institutta som har ansvar for å kvalitetssikre førelesaranes språkkompetanse ved tildeling av undervisningsoppgåver. 5

Forsking UiS skal leggje til rette for norsk som fullverdig vitskapleg publiseringsspråk. Engelsk eller eit anna framandspråk kan likevel brukast når det er fagleg formålstenleg. Alle publikasjonar som er skrivne på ikkje-skandinaviske språk, skal ha eit fyldig samandrag på norsk. Dette er eit viktig tiltak for å ta vare på og utvikle norsk fagterminologi. Formidling og samfunnskontakt Forskingsformidling bør skje på det språket som er mest formålstenleg for dei aktuelle målgruppene. Administrasjon og informasjon Administrasjonsspråket ved UiS er norsk. UiS bør sikre lett tilgjengeleg administrativ informasjon på engelsk i tillegg til norsk når det er nødvendig. 4. Tiltak for å oppfylle dei språklege retningslinjene UiS har ansvar for at alle tilsette med ikkje-skandinavisk bakgrunn får tilbod om tilrettelagde norskkurs. Dette gjeld både kurs for å integrere nytilsette i arbeidsmiljøet og kurs for å kvalifisere tilsette med ikkje-skandinavisk bakgrunn for undervisning på norsk. Tilsette i faste stillingar skal til vanleg kvalifisere seg for å undervise på norsk innan tre år. Den nødvendige kompetansen må dokumenterast gjennom ein språktest. UiS skal tilby kurs for å styrkje den språklege kompetansen til tilsette som underviser på engelsk. UiS skal etablere støttekurs for studentar som har behov for å utvikle kompetansen i engelsk fagspråk. 6

UiS bør vurdere å etablere eit eige senter for språktenester. UiS må lage ordningar for språkvask som sikrar den språklege kvaliteten på manuskript både på norsk og andre språk. Alle publikasjonar som er skrivne på eit ikkje-skandinavisk språk skal ha eit fyldig samandrag på norsk. Tilsvarande skal publikasjonar som er skrivne på norsk ha eit samandrag på engelsk eller på eit anna framandspråk som er relevant for vedkommande fagfelt. Samandraga skal leggjast inn ved registrering i ForskDok og ved publisering i institusjonsdatabasar. UiS skal prioritere programvare som finst på norsk framfor variantar på andre språk, og som finst på begge målformer, når dei tekniske og programmessige løysingane ellers er like brukande. Universitetsdirektøren skal rapportere om språkutviklinga ved UiS til Styret kvart fjerde år. Vedteke av Styre ved Universitetet i Stavanger 13.februar 2009. 7