Referat frå tur til USA januar 2010.



Like dokumenter
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Norges Fjordhestlag Myroldhaug N-6770 Nordfjordeid

Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Møtebok. for. Klagenemnda for kåringsavgjørelser for fjordhest

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

REFERAT FRÅ STYREMØTE Lårdal

DB

Til deg som bur i fosterheim år

Sommartur til Sverige,

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Brukarrettleiing E-post lesar

«Ny Giv» med gjetarhund

M/S NYBAKK SI HISTORIE

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

REFERAT FRÅ STYREMØTE Bogstad gård

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: 08.30

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Bruk av reiserekning i Agresso

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Samansette tekster og Sjanger og stil

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Vetle og Jenny har alt meldt forfall og koordinator har tatt kontakt med vara.

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Inspirasjon og erfaring i Natural Horsemanship, for bruk i Folkehøgskulen.

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Regionutvalget gjekk gjennom svara frå høyringa frå veraringane. Svara frå kvart fylke kan bli samanfatta slik:

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Brukarrettleiing. epolitiker

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Fjordhesten - allsidig sjarmør -

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Møteprotokoll for møte i

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

MEDLEMSINFO. august 2009

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Med tre spesialitetar i kofferten

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

2. Soknerådsmøte februar Referat

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Transkript:

Referat frå tur til USA januar 2010. Norsk Fjordhestsenter har eit godt samarbeid med fjordhestmiljøet i USA. Ein har gjennom mange år hatt kontakt med Phillp Odden om samarbeid og eksport av frosen sæd. I desember i fjor vart det eksportert 17 doser av hingstane Pera Krossen og Uno. I August 2009 hadde vi besøk av ei gruppe på ca. 30 personar frå USA på Norsk Fjordhestsenter. Mange av dei hadde fjordhest, og vi fekk nye kontakter som vi har kontakt med. I prosjektet Fjordhestsemin 2010 har ein i marknadsføringsdelen hatt presentasjon av tilbodet ved seminstasjonen til USA som eit av tiltaka. Nye kontaktar med fjordhestoppdrettarar i USA har gjort at prosjektgruppa beståande av Karl Vie, Jostein Vonheim,Torbjørn Nes Hjelle og Asle Espe vart invitert til å delta på utdanningsforumet og årsmøtet til Norwegian Fjordhorse Registry i Washington D.C.

Farmbesøk hos Curtis Pierce. Curtis Pearce er sekretær i den Amerikanske Fjordhestforeninga, og han henta oss ved hotellet torsdag den 14. Januar. Turen frå Washington D.C. til farmen tok 2 timar i bil og gjekk gjennom variert landskap på gode motorvegar. Etter omvisning og lunch på farmen, såg vi på fjordhestane som var tre hingstar, hopper og ungdyr. Hingstane var Ulend, ein grå son etter Erlend og ein raudblakke Wynn etter Fløtren og ein ulsblakk hingst som heitte Bayshore Simen. Hestane gjekk ute heile døgnet på store inngjerda område med opne hus, der hestane kunne søke ly for dårleg vær. Alle hestane vart nøye vurdert og fekk sine kommentarar sett med norske auge. Den hoppa vi likte best var ei ulsblakk hoppe med den norske hingsten Modellen i stamma. Curt Pearse har bestemt seg for å inseminere ho med Perakrossen. Med på turen var og presidenten Dan Watanabe i den Amerikanske Fjordhestforeninga og kona Solveig, og begge imponerte med sine kunnskap om fjordhestslekter.

UTDANNINGSFORUMET OG ÅRSMØTET TIL NFHR: Utdanningsforumet kan samanliknast med vårt eige haustmøte i Norges Fjordhestlag, og samlar om lag 100 fjordhestoppdrettarar frå heile USA og Canada. Programmet for forumet var variert og var om blant anna dressurkøyring, farge genetikk, foring, inseminering, norsk og tysk avlspresentasjon og div. emne om helse. Det var og interessant å høyre foredraget til Pat Wolf frå Canada om temjing av hest. Totalt fekk vi fire frå Norge 3 heile timar til disposisjon til å presentere norsk avl. Karl Vie orienterte om utviklinga i den norske fjordhestavlen frå eldre tider fram til i dag. Han synleggjorde korleis typen har forandra seg i forhold til kva fjordhesten har blitt brukt til, og viste at den typen vi avlar i dag er lik hingstane rundt 1900-talet som til dømes Njål og Kåre. Karl Vie informerte og om dei ulike fargane på fjordhest. Jostein Vonheim orienterte om Norsk Fjordhestsenter, eigarforhold, drift, nasjonale og internasjonale oppgåver om hingsteutstillinga, utvida bruksprøve på Nordfjordeid. Asle Espe orienterte om drifta ved seminstasjonen, prosjektet Fjordhestsemin 2010 og om hingstane vi har produsert frosen sæd av og dei vi skal ha i seminteneste 2010. Torbjørn Nes Hjelle orienterte om det praktiske og tekniske rundt fersk- og frosen-sæd behandling og produksjon. Han informerte om prøvetakingsregime og om samarbeidet ein har med GENO.

Vi hadde møte med Phillp Odden som er importør av den frosne sæden av hingstane Uno og Perakrossen. Han informerte om erfaringane han hadde gjort med myndigheitene ved importen og kva ein må gjere forandringar på. Vi hadde gjennomgang av avtale ved sal av sæd og om oppbevaring hos veterinærklinikk i Wisconsin. Det ser ut til at dei dosane vi har sendt over er tinga på allereie. Phillp Odden var godt fornøgd med presentasjonen vår av dei fire norske hingstane Perakrossen, Uno, Terneprins og Torset blakken. Presentasjonen innheld opplysningar om stamme, bedømmelse, bruksprøver, bilder og resultat til avkom. Phillp hadde ynskje om at vi kunne tilby sæd av ein ulsblakk hingst til den amerikanske marknaden. Ulsblakk er ein populær farge i USA og den linja dei har ulsblakke hestar etter er frå dei norske hingstane Modellen og Montano. Dette er søner av 1.premie hoppa Modella etter Kviten under Monlaug. Årsmøtet til NFHR var organisert på ein annan måte enn det vi forbinde med eit årsmøte i Norge. Når det gjeld val hadde det vore ein nominasjon i forkant av årsmøte, der dei med flest stemmer vart valt inn i styret til foreininga. Det var presentasjon av desse på møtet, og kva saker dei skal arbeide med og kva ansvarsområdet dei har. Ny formann etter Dan Watanabe vart Howard Fiedler, han har tidlegare vore formann i foreininga. H. Fiedler

orienterte om statusen for føregåande år og kva planar som låg føre for 2010. Det var få innlegg frå årsmøtedeltakarane. Ein god Norges venn er Phil Prichard og om kvelden inviterte han oss ut på middag, etterpå køyrde vi til Washington D.C. Her fekk vi sjå dei mest kjende bygga som The White House, Lincoln Monument og the Capital. På 80 talet var Phil den som hadde ansvaret for the Big Lift, der om lag førti fjordingar blei eksporterte til USA frå Norge. Jon Hegdal var leiar i Norges Fjordhestlag på denne tida, og Phil fortalde kor viktig han var for samarbeidet mellom Norge og USA.

MINNESOTA. Søndagen etter årsmøte blei vi inviterte til farmen til Debbie og Lute Ulrich i Minnesota. Avstandane i USA er store og for å nå dit tok vi fly frå Washington D.C. til Chicago og vidare til Wisconsin. Vi reiste i lag med Howard Fidler, leiaren i NFHR og kona Sofie, og hadde ein hyggelig lunch i lag med dei. Dei hadde 23 fjordingar og av dei tre hingstar. Dei hadde berre nytta frosen sæd dei ti siste åra og med godt resultat. Ulrich farmen som vi kom til hadde 9 fjordingar, og blant dei den grå 23 år gamle Erlend. Erlend er ein sterkbygd hingst med eit godt rasepreg, han har føre, men litt korte bein og viste aktive gode rørsler under rytter. Han blir fortsatt brukt i avl på farmen og Debbie har tre hopper som ventar føl etter han til våren. Ho ville at vi skulle vurdere alle dyra og kva norsk hingst som passar dei ulike hoppene. Den hoppa som var av best kvalitet var Fjordgun ei dotter av Felix. Ho var av svært flott type med langlagd kropp og gode rørsler.

Oppholdet hos Debbie og Lute varte frå søndag kveld til onsdag morgon, og Debbie hadde laga til eit variert program for oppholdet. Vurdering av hestane, korleis manke hesten for å få fram det beste i den. Vi trefte veterinæren som dei nytta på farmen, som hadde planar om å legge inn embryo av den beste hoppa inseminert med Perakrossen på ei surrogathoppe. Vi vart svært godt mottekne og vart innkvarterte i eige husvære i same hus som stallen, og vi fekk god bevertning. Eit populært innslag i besøket var køyring med snøscooter, og dei hadde tre stykke til disposisjon. Vi køyrde i løyper rundt om på den 600 mål store eigedomen. Besøk på ein veterinær klinikk i nærheita av der Debbie Ulrich bur. Dei hadde god erfaring med å legge inn embryo på hoppe og hadde oppnådd gode resultat med det. Der var 20 hopper som dei nytta som surrogat mødre (avdanka travarhopper kjøpt for 200 $ pr. stk.) På klinikken var 6 hingstar klar for tapping og dei hadde mange hopper som skulle inseminerast av di trav oppdrettarar ynskte foling rett etter nytt år. Dette for at avkoma skulle ha beste forutsetningar for å starte i 2 års løpa. Med på besøk hos familien Ulrich var også Dan Watanabe og kona Solveig. Dei kjem til Norge i mai og skal vere til stades på unghestskua i Førde og Breim i tillegg til hingsteutstillinga. Dei har planar om å kjøpe unghingst i Norge. Elles er det om lag ti personar frå USA som har planar om å kome til Norge og hingsteutstillinga. Då har vi klart ei oppgåve å ta oss av dei på ein god måte.