COVER. Tidsskrift for ungdomsforskning 2/2002



Like dokumenter
Utkantjentene sin stille revolusjon 1

Til deg som bur i fosterheim år

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

HORDALANDD. Utarbeidd av

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

13. Sendetida på TV aukar


Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?


Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Notat 21/2018. Behovet for faglærte medarbeidarar aukar i det norske arbeidslivet

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Læringsarena 14. juni 2013

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Med god informasjon i bagasjen

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Lønnsundersøkinga for 2014

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Vestlandet ein stor matprodusent

14. Radio og TV. Liv Taule

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Psykologisk førstehjelp i skulen

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

12. Færre besøk ved norske kinoar

2Vaksne i vidaregåande opplæring

Ny strategiplan for Høgskulen

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

2014/

Frå novelle til teikneserie

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

3Vaksne i fagskoleutdanning

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

BARNEVERNET. Til beste for barnet

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Refleksjon og skriving

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Internasjonal vidaregåande skule

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Finnmarks fremtidige arbeidsmarked. Av Sveinung Eikeland og Ivar Lie, Norut NIBR Finnmark as

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

Transkript:

COVER Tidsskrift for ungdomsforskning 2/2002

Tidsskrift for ungdomsforskning publiserer forskning om ungdom og ungdomsrelaterte spørsmål. Tidsskriftet skal formidle stoff av interesse både for forskere innen feltet og til bredere brukerinteresser av ungdomsforskning. Ved å lese tidsskriftet vil en kunne holde seg orientert om det som skjer innen ungdomsforskningen i Norge. Tidsskriftet utgis av NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring) i samarbeid med Fagbokforlaget. Tidsskriftet mottar støtte fra Norges forskningsråd, Velferdsprogrammet Samfunn, familie, oppvekst. Redaksjon: Anders Bakken (ansvarlig redaktør), NOVA Lidveig Bøe, Høgskolen i Volda Halvor Fauske, Høgskolen i Lillehammer Lars Grue, NOVA Nicole Hennum, NOVA Olve Krange, NOVA Tormod Øia (redaktør for dette nummeret), NOVA Guro Ødegård (redaksjonssekretær), NOVA Redaksjonsråd: Marianne Borgen, Redd Barna Edle Daasvand Skjæveland, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar Anders Folkestad, Lærerforbundet Kalle Fürst, NRK Ivar Frønes, Universitetet i Oslo Hanne Haavind, Universitetet i Oslo Cathrine Høgseth, Kulturrådet Terje Ogden, Universitetet i Oslo Annick Prieur, Universitetet i Aalborg Åsa Steinsvik, Barne- og familiedepartementet Bente Wold, HEMIL-senteret Per Olaf Aamodt, Norsk institutt for studier av forskning og utdanning Adresse: Tidsskrift for ungdomsforskning NOVA, Postboks 3223 Elisenberg, 0208 OSLO Telefon: 22 54 12 00 Telefaks: 22 54 12 01 redaksjon@ungdomsforskning.no www.ungdomsforskning.no Abonnement: Henvendelser om abonnement og distribusjon rettes til Fagbokforlaget: Postboks 6050 Postterminalen, 5892 BERGEN Telefon: 55 38 88 00 Telefaks: 55 38 88 01 fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Abonnementspriser: Institusjoner NOK 350 per år Privatabonnement NOK 240 per år Studentabonnement NOK 190 per år Utenfor Norden: Institusjoner US$ 58 per år Pris for enkelthefter: NOK 150 Det må ikke kopieres fra dette tidsskriftet i strid med åndsverkloven og fotografiloven eller i strid med avtaler om kopiering inngått med Kopinor interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. ISSN 1502-7759 Sats: Fagbokforlaget, trykk: PowerPrint AS. Illustrasjoner: Ingse Revold. Forsidefoto: Øverst: David Trood / BAM / Samfoto, nederst: Henrik Sørensen / BAM / Samfoto

T I D S S K R I F T F O R ungdomsforskning ÅRGANG 2 Nr. 2-2002 Artikler Kåre Heggen Utkantjentene sin stille revolusjon................................. 3 Hilde Pape Verre enn sitt rykte? En litteraturstudie av ungdom som bruker ecstasy og annen partydop.... 21 Terje Ogden Multisystemisk behandling av atferdsproblemer teori og forskningsgrunnlag................................... 39 Birgit Hertzberg Kaare The gathering Dataparty og fremtidsfestival................................... 59 Jens B. Grøgaard Integrerte eller segregerte undervisningsopplegg i videregående opplæring: Hvilke gir best resultater?...................................... 83 Nye tall om ungdom Liv Anne Støren Minoritetselever i videregående opplæring: En økende andel fullfører, men utfordringene er fortsatt store.............................. 109 Bokmelding Risk and control in the recreational drug culture av Mamador Calafat mfl...................................... 119

2 TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING Aktuell litteratur om ungdom...................122 Bidragsytere i dette nummeret..................131 Konsulenter 2001/2002.......................132 Forfatterveiledning...........................134

Utkantjentene sin stille revolusjon 1 Kåre Heggen Det har skjedd omfattande endringar i rekrutteringa til vidaregåande og høgre utdanning dei siste tiåra. Frå tidlegare studiar veit vi at kvinnene no søkjer utdanning i mykje større grad enn menn. Denne artikkelen dokumenterer at ungdom frå utkantfylke og -kommunar søkjer utdanning i større grad enn unge frå sentrale strok. Det er jentene si utdanningssatsing som forklarer denne skilnaden. Artikkelen diskuterer mulige forklaringar på fenomenet: endringar i ungdomsrolla, ein arbeidsmarknad i sterk endring. Også Giddens sine omgrep «emancipatory politics» og «life politics» blir trekte inn i denne diskusjonen. Dei siste åra har det skjedd omfattande endringar i rekruttering til vidaregåande og særleg høgre utdanning langs sentrum/periferiaksen. Det vi med ei litt upresis nemning kan kalle norsk utkantungdom, ser ut til å føre an. I ein artikkel frå 1996 skreiv Ivar Frønes om «Revolusjon uten opprør», der han skildra utdanningsrevolusjonen hos jentene i kjølvatnet av den moderne kjønnsrevolusjonen. Også i desse nye utdanningsmønstra mellom sentrum og utkant er det dei unge kvinnene som fører an. Desse funna bryt klårt med klassiske rekrutteringsmønster til utdanning. Det er kasta opp ned på gamle tradisjonar der det var ungdom frå sentrale strok av landet, og helst menn, som dominerte i vidaregåande og høgre utdanning. Norsk ungdoms- og utdanningsforsking har i forunderleg liten grad vore oppteken av og analysert desse endringane. Korleis kan dei tolkast? Vidare skulegang som elitefenomen Når det i vår tid berre er eit lite mindretal blant ungdom som avsluttar skulegangen før dei har vore elevar minst 12 13 år, kan det vere vanskeleg å forstå at tilgangen på utdanning var heilt annleis for berre nokre tiår attende. Om vi går femti år attende, var det totalt vel ni tusen studentar TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING 2002, 2 (2):3 20

4 TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING ved såkalla ettergymnasiale skular og universitet i Noreg, dvs. mindre enn fem prosent av studenttalet i dag. Tre faktorar har tradisjonelt hatt mykje å seie for kven som hadde sjanse til å skaffe seg utdanning. Det galdt for det første kvar i landet ein kom frå, altså geografisk bakgrunn, vidare kjønn og ikkje minst sosial bakgrunn. Den kjønnsmessige utjamninga er det skrive relativt mykje om, mellom anna i artikkelen som er nemnt over. I denne artikkelen er eg særleg oppteken av forholdet mellom ungdom frå sentrale og perifere område, med særleg merksemd på jentene sitt utdanningsval. Ein norsk studie av unge menn som møtte til sesjon i 1947 1949, gir eit inntrykk av kva rolle geografien spela (Coucheron Thrane, i Lindbekk 1975). 45 prosent av dei unge mennene frå «bymessige kommuner» hadde realskuleeksamen og/eller examen artium, medan det berre galdt tre prosent av dei frå «fiskeri- eller fiskeri- og jordbrukskommunar». Innanfor desse kommunegruppene spela også sosial bakgrunn sterkt inn. Satsing på utdanning var langt meir vanleg blant unge frå borgarskap og funksjonærfamiliar, mest utbreidde i byane, enn frå fiskar-, småbrukar- og arbeidarfamiliar, som var mest utbreidde i utkanten. På denne tida satsa jentene på utdanning langt sjeldnare enn gutane. Var du dotter til ein småbrukar, fiskar eller industriarbeidar og busett på landsbygda, var sjansen for vidaregåande eller høgre utdanning statistisk sett svært liten. Har det skjedd ei sosial utjamning i tilgangen på utdanning etter liknande mønster som den kjønnsmessige utjamninga? Eit kort svar på dette er både ja og nei. Marianne Nordli Hansen har studert rekrutteringa til høgre utdanning i perioden 1986 1996 og konkluderer med at det i denne perioden har skjedd ei viss sosial utjamning i rekrutteringa til høgskulane. Men det har i mindre grad skjedd i forhold til universitetsstudium og særleg ikkje til dei såkalla elitefaga som jus, medisin, tannlækjar, veterinær, farmasøyt, sivilingeniør, arkitekt og siviløkonom. På desse områda ser ho tvert imot konturane av eit forsterka klasseskilje i høgre utdanning. Ho seier at det er høgskulane, mange etablerte i 1970-åra, som har fått rolla å vere utdanningsinstitusjon for unge frå middels og lågare sosiale lag (Nordli Hansen 1999:190). Kva så med ei eventuell geografisk utjamning? Geografi og kjønn Her skal vi konsentrere oss om dimensjonane geografi og kjønn. Det finst gode indikasjonar på at det på desse områda har skjedd viktige endringar, særleg gjennom dei siste ti-femten åra. Empirisk sett er det visse vanskar med å skaffe detaljert statistikk over utviklinga i utdanningsrekruttering

UTKANTJENTENE SIN STILLE REVOLUSJON 5 over tid frå sentrale eller perifere kommunar eller område i landet. Likevel er det eit betre grunnlag for å gjere slike studiar i Noreg enn i mange andre land, til dømes andre nordiske land. Grunnen er at elevar og studentar i Noreg til vanleg er registrerte i foreldra si heimkommune, ikkje den kommunen der dei går på skule eller studerer. Det betyr at dei fleste norske elevar og studentar er registrerte i den kommunen dei har vakse opp i, eller i alle fall kommunen der dei har budd ein større del av ungdomstida, og ikkje den kommunen dei eventuelt har flytta til for å studere. I andre land, som Danmark, blir elevar og studentar registrerte i den kommunen dei bur i. Dermed kan ein ikkje seie noko om rekruttering blant unge som kjem frå ulike fylke eller kommunar (jf. Bay 2002). Utdanningsstatistikk frå SSB kan hjelpe oss eit stykke på veg, til dømes ved statistikk over utdanningssatsing blant unge frå ulike fylke hausten 1999. Eit mål på slik satsing kan vere kor stor del av 16 18-åringane frå kvart fylke som er elevar i vidaregåande skule. Eit anna mål er kor stor del av alle 19 24-åringane, eventuelt 25 29-åringane, som er studentar ved universitet eller høgskular. Blant gutane er ikkje variasjonane mellom fylka store langs sentrum/periferi-aksen, bortsett frå at dei to nordlegaste fylka i tillegg til Oslo ligg lågt. For fylka i nord kan ein grunn til dette vere store avstandar og dermed dårlegare tilgjenge til skular, høgskular og universitet. Det generelle inntrykket av desse dataa er at gutane i «perifere fylke» satsar på vidaregåande og høgre utdanning i om lag same grad som gutane i «sentrale fylke». Blant jentene finn vi større variasjonar. Om vi deler fylka inn i ein skala ut frå kor mange som bur i tettbygde strok 2, er Sogn og Fjordane det mest spreidtbygde fylket (53 prosent bur i spreidtbygde strok), Oslo det mest tettbygde (99 prosent bur i tettbygd strok). På vidaregåande nivå er det ein tendens til at fleire jenter i perifere enn i sentrale fylke går på skule, men skilnaden er mest markant på høgre nivå. I alle dei sju mest spreidtbygde fylka (Sogn og Fjordane, Hedmark, Oppland, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Møre og Romsdal) var det hausten 1999 fleire jenter i høgre utdanning enn i kvart av dei sju mest tettbygde (Oslo, Akershus, Vestfold, Østfold, Rogaland, Vest-Agder og Buskerud). Figuren under gir eit inntrykk av skilnaden på tre spreidtbygde kystfylke som ligg høgt (Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal), samanlikna med dei tre mest sentrale fylka i landet (Oslo, Akershus og Vestfold).

6 TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING Figur 1. Prosentdel 19 24-årige menn og kvinner i høgre utdanning hausten 1999 i utvalde perifere og sentrale fylke. Kjelde: NOS utdanningsstatistikk (SSB). Rundt 40 prosent av kvinnene i alderen 19 24 år i desse utvalde kystfylka er studentar, medan det same gjeld 25 prosent i Oslo og rundt 30 prosent i nabofylka rundt Oslo. I forhold til tradisjonelle fordelingar av utdanning mellom sentrum og periferi er desse variasjonane påfallande og store. Når det gjeld gutar, ser vi av figuren at det er liten skilnad mellom kystfylka og dei sentrale fylka i dette utvalet av fylke. Mønsteret er det same når ein ser på kor stor del av 16 18-åringane som går på vidaregåande skule, men skilnadene er her langt mindre enn i høgre utdanning. For jenter er tala høvesvis 94, 94 og 93 prosent for dei tre utkantfylka (same rekkefølgje som på figuren) 87, 91 og 92 prosent for dei tre sentrale fylka. For gutane er det også her liten skilnad. Det er av interesse å sjå om det mønsteret vi ser blant utvalet av fylke på figur 1, er representativt for eit breiare utval av fylke. Vidare er det av interesse å sjå korleis denne fordelinga av høgre utdanning har endra seg over tid. Eg har derfor samanlikna kor stor del av ungdomskullet 19 24 år

UTKANTJENTENE SIN STILLE REVOLUSJON 7 som er i høgre utdanning mellom dei sju mest spreidtbygde fylka og dei sju mest tettbygde fylka i landet for perioden 1981 1999 (jf. inndelinga nemnt over). For å rekne ut desse tala har eg nytta SSB sin utdanningsstatistikk for åra 1981, 1983, 1986, 1989, 1992, 1995 og 1999. Felles prosenttal er rekna ut på bakgrunn av talet på unge i denne aldersgruppa i kvart av dei nemnde fylka. Figur 2 viser korleis tala har endra seg gjennom knapt 20 år. Figur 2 viser kor stor prosentdel av kvinner og menn i alderen 19 24 år som er i høgre utdanning i dei sju mest tettbygde (S) samanlikna med dei sju mest spreidtbygde fylka (P) i Noreg. S: Oslo, Akershus, Vestfold, Østfold, Rogaland, Vest-Agder og Buskerud. P: Sogn og Fjordane, Hedmark, Oppland, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms, Møre og Romsdal. Tala er berekna ut frå SSB sin utdanningsstatistikk. Figuren viser ei ulik utvikling frå 1981 til 1999 i dei perifere og dei sentrale fylka. I 1981 låg både gutar og jenter frå dei perifere fylka lågare enn gutar

8 TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING og jenter i sentrale fylke om lag 10 prosent i periferien, om lag 13 prosent i sentrum. I 1999 har gutane frå perifere og sentrale fylke hamna om lag på same nivå, 23 prosent, medan jentene frå periferien ligg 6 7 prosentpoeng høgre enn jentene i sentrum (37 mot 30 prosent). Utkantjentene gjekk forbi jentene i sentrum i slutten av 1980-åra, men det er først i slutten av 1990- åra at skilnaden har blitt markert. Ei mulig innvending mot å trekkje for vidtgåande konklusjonar på bakgrunn av desse tala kan vere at dei berre omfattar aldersgruppa 19 24 år. Kanskje er det slik at ungdom frå dei perifere fylka startar i høgre utdanning tidlegare enn unge i sentrale fylke? På den eine sida kan det tenkjast at det i sentrale fylke og i større byar er ein betre arbeidsmarknad og enklare å ta seg arbeid og tene pengar, før ein går i gang med høgre utdanning. Det kan òg tenkjast at ungdom frå sentrale strok i større grad reiser til utlandet før dei går i gang med høgre utdanning, at dei kjem sterkare att seinare. Om dette er medverkande forklaringar til tala over, skulle ein vente at tala er annleis for aldersgruppa 25 29 år. Om vi brukar same inndelinga i fylke som på figuren over, finn vi følgjande tal for denne gruppa hausten 1999: Blant menn i dei mest sentrale fylka er 12,0 prosent i høgre utdanning i dei mest perifere fylka 12,4 prosent. Blant kvinnene er talet for dei mest sentrale fylka 13,7 prosent for dei mest perifere fylka 16,1 prosent. Mønsteret er med andre ord det same som for aldersgruppa 19 24 år og stør dermed opp under inntrykket som er skapt over. Ei anna innvending er at desse tala gjeld fylke, og ikkje lågare nivå som til dømes spreidtbygde og tettbygde kommunar. Mønstra mellom fylka vert stadfesta også i førebelse tal frå SSB for hausten 2000. For desse dataa har eg også bedt SSB om å fordele data etter sentraliteten til kommunane (7- delt skala). Tabell 1 viser kor stor del av 19 24-åringane som er studentar i høgre utdanning. I tabellen samanliknar vi dei mest sentrale kommunane i landet (kategori 1, som omfattar om lag 174 000 19 24-åringar) med dei mest perifere (kategori 5 7, som omfattar om lag 59 000 19 24-åringar). Tabell 1. Prosentdel 19 24-åringar i høgre utdanning i sentrale og perifere kommunar hausten 2000..RPPXQHW\SH 0HQQ.YLQQHU Mest sentrale 21,4 28,8 Mest perifere 20,2 35,3 Alle kommunar 21,6 31,4

UTKANTJENTENE SIN STILLE REVOLUSJON 9 Tabellen stadfester at satsinga på høgre utdanning blant jenter 19 24 år er sterkare i perifere kommunar enn i sentrale kommunar. Blant gutane er det derimot også her svært liten skilnad etter sentralitet. Svakare satsing blant innvandrarungdom Ei mulig forklaring på desse skilnadene, særleg mellom Oslo og dei andre fylka, kan vere ei stor og aukande gruppe ungdom med innvandrarbakgrunn i første eller andre generasjon, og at satsinga på skulegang og utdanning er svakare i desse gruppene jamført med «etniske nordmenn». Det finst undersøkingar som til ei viss grad kan avklare dette spørsmålet. Bjertnes (2000) har også analysert tal frå SSB og finn at personar med innvandrarbakgrunn er underrepresenterte i høgre utdanning. Ut frå tal frå 1997 fann Bjertnes at 11 prosent av førstegenerasjonsinnvandrarar (19 24 år) var i gang med høgre utdanning, 22 prosent blant andregenerasjonsinnvandrarar, mot 27 prosent i totalbefolkninga. Når vi veit at Oslo har ei mykje større innvandrarbefolkning enn resten av landet, kan dette delvis forklare låg utdanningssøking i Oslo (Dolven 2001). Støren og Opheim har også studert talmateriale frå SSB og finn at Osloungdom har lågare utdanningsaspirasjonar enn ungdom frå resten av landet, og at dette også kjem til uttrykk i faktisk åtferd (Støren og Opheim 2001). Dette samsvarer med tidlegare forsking som stadfester at Oslo-ungdom i mindre grad enn unge frå resten av landet er registrerte i høgre utdanning (Hovland 2000). Ved hjelp av logistisk regresjon har Støren og Opheim studert kor sannsynleg det er at ein er i gang med høgre utdanning. Innvandrarbakgrunn har innverknad, men sjølv når dei kontrollerer for denne variabelen, finn dei at Oslo-ungdom i alderen 19 24 år har signifikant lågare deltaking i høgre utdanning enn ungdommen i resten av landet. I dei tala eg har presentert over, er det grunn til å understreke at skilnaden mellom perifere og sentrale fylke ikkje berre omfattar Oslo, men også nabofylke som Akershus og Vestfold, som har langt færre innvandrarungdom. Dette er medverkande til at ein med stor tyngd kan slå fast at utkantjentene satsar på høgre utdanning i større grad enn jentene frå sentrum. Sterkast satsing blant utkantungdom Den konklusjonen vi må kunne trekkje, ein konklusjon som truleg vil vere overraskande for mange, er altså at ungdom frå utkantfylka i Noreg i dag søkjer høgre utdanning i større grad enn ungdom frå dei mest sentrale

10 TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING delane av landet. Og det er satsinga frå jentene som forklarer denne skilnaden. Tala seier ikkje noko om type høgre utdanning. Det kan tenkjast at unge frå sentrale område i større grad satsar på universitet og eliteutdanningar, medan utkantungdom i større grad søkjer seg til høgskular og kortare utdanningar. Marianne Nordli Hansen sine analysar gir støtte til ein slik konklusjon (Nordli Hansen 1999:189). Det vi kan seie, er at det er fleire i kohorten 19 24 år frå utkantfylka enn frå sentrale fylke som oppheld seg i høgre utdanning. Det gjeld særleg jenter. Konklusjonen held sjølv om vi kontrollerer for færre utdanningssøkjande blant innvandrarungdom, og om vi kontrollerer for alder. Det som gjer denne konklusjonen særleg interessant, er at han ser ut til å bryte med nokre av dei klassiske fordelingsmønstra for utdanning. Samanlikna med utkantfylka har dei sentrale fylka større innslag av personar med høg inntekt, høg utdanning og overordna stillingar. Tabell 2 viser til dømes kor stor prosentdel av personar over 16 år i dei omtala fylka som har utdanning på universitets- og høgskulenivå 1. oktober 2000. Tabell 2. Prosentdel personar over 16 år med universitets- eller høgskuleutdanning i nokre perifere og sentrale fylke per 1. oktober 2000. )\ONH Sogn og Fjordane Nord-Trøndelag Møre og Romsdal Oslo Akershus Vestfold 'HO 17,5 17,1 16,9 35,9 28,0 21,9 Kjelde: SSB, 2001. Sett på spissen kan ein seie at oppgåva er å forklare kvifor om lag 40 prosent av jentene i aldersgruppa 19 24 år frå Nord-Trøndelag eller Sogn og Fjordane er å finne i høgre utdanning, fylke der 17 prosent av den vaksne befolkninga har høgre utdanning, samtidig som vel 25 prosent av jentene frå Oslo er å finne i høgre utdanning, eit fylke der over 35 prosent av befolkninga har høgre utdanning. Sett ut frå desse tala synest utdanningssatsinga blant jenter å vere nærast omvendt proporsjonal med utdanningsnivået i befolkninga. Ein viktig grunn til denne ulikskapen er at utdanningsnivået i befolkninga avspeglar flytteprosessane etter avslutta utdanning.

UTKANTJENTENE SIN STILLE REVOLUSJON 11 Grunnlaget for å gjere pragmatiske val Før vi går inn i denne diskusjonen, kan vi gjere eit par avklaringar. For det første kan det vere relevant å sjå på ungdom som aktørar som gjer «pragmatiske val» (jf. Dwyer og Wyn 2001). Vi snakkar om ungdom som gjer val, om å halde fram i vidaregåande utdanning, om å skaffe seg studiekompetanse, eventuelt gå vidare til høgre utdanning, eller å gjere andre ting. Det kan vere val som er meir eller mindre gjennomtenkte, men som synest fornuftige for dei her og no. Det vi skal prøve å sannsynleggjere, er kvifor det er fleire frå utkanten, særleg jenter, som synest utdanning er det beste alternativet, medan fleire i Oslo og andre sentrale område vel å ikkje gå til høgskule eller universitet i denne aldersfasen. For det andre må ein slå fast at det førebels finst lite systematisk innsamla kunnskap om slike grunnar for utdanningsval langs sentrum/periferi-aksen. Vi må primært føre ein teoretisk diskusjon eller leite etter andre typar haldepunkt for å diskutere ulikskapane i utdanningsval. Ein framgangsmåte for å kome på sporet etter slike endringar som vi har funne over, er å gå til historiske data, og sjå kva som kjenneteikna omskiftet. Når kom dei første signala om at utdanningssatsing gjekk frå å vere mest typisk som sentrumsfenomen til å bli meir typisk blant utkantungdom? I eit tidlegare arbeid (Heggen 1994:79) har eg eksemplifisert dette ved å sjå på 16 18-åringane si satsing på vidaregåande skule i to fylke, Oslo og Møre og Romsdal, i perioden 1975 til 1991. Oslo-jentene låg klart føre Møre-jentene i heile første del av denne perioden, men jentene frå utkantfylket Møre og Romsdal gjekk forbi i 1983. For Oslo-jentene synte resten av 1980-åra ei atypisk utvikling. Stadig fleire Møre-jenter satsa på vidaregåande skule. Nærare 90 prosent var å finne der i 1991. I byrjinga av 1980-åra gjekk prosentdelen av jenter som tok vidaregåande utdanning, ned i Oslo. Først i 1989 var prosentdelen her høgre enn i 1982. I 1991 var likevel berre om lag 77 prosent av Oslo-jentene i vidaregåande utdanning, mot altså nærare 90 prosent i Møre og Romsdal. Denne ulikskapen kan oppfattast som eit forvarsel på dei ulikskapane vi har sett seinare i satsinga på høgre utdanning. Tendensen var den same for gutar, sjølv om skilnaden mellom fylka her var mindre. Desse prosentdelane kan indikere at samfunnsmessige hendingar i 1980-åra kan ha hatt svært ulik effekt på utkant- og sentrumsungdom, at dei gjorde særleg jentene frå utkanten meir sikre på at dei burde velje utdanning, samtidig som sentrumsungdommen fekk betre argument for å velje andre alternativ. Kva var det som skjedde i 1980-åra som kan ha hatt så ulik verknad på prioriteringane og vala til ungdommen? For min del er det relevant å knyte

12 TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING dette til ei særprega politisk og økonomisk utvikling særleg midt i 1980- åra. Gjennom politiske vedtak skjedde det ei deregulering av økonomien. Tilgangen på risikovillig lånekapital auka dramatisk. Det same gjorde investeringane i nye verksemder, mest i sentrum, der dei skapte ei rekkje nye arbeidsplassar, særleg i servicenæringane. Optimismen var stor, og det var lett å få arbeid, sjølv med lite utdanning. «Jappetid» vart introdusert som omgrep for å gripe den mentaliteten som voks fram, med bakgrunn i det amerikanske «YAP» (Young Aspiring People). I utkantane såg ein liknande trekk, men i langt mindre grad enn i sentrum. Her hadde delar av 1980-åra også ei anna side. Det var ressurskrise i fiskeria og skiftande konjunkturar for både industri og primærnæringar. Dette er ein situasjon som kan ha gitt motstridande signal til ein del unge i sentrum og utkant. I sentrum: store sjansar på arbeidsmarknaden sjølv med lite utdanning. I utkanten: så pass usikre tider på arbeidsmarknaden at det var sikrast å satse på utdanning. Eg ser altså 1980-åra som eit vendepunkt, då ungdom frå periferien, og særleg jentene, vart merksame på verdien av utdanning på ein annan måte enn mange i meir sentrale strok. For sidan 1980-åra har som vi har sett, veksten i satsing på høgre utdanning jamt vore sterkare blant ungdom frå dei perifere fylka i landet, særleg blant jenter, til ein viss grad også blant gutar. Dei tala som er presenterte så langt, kan tyde på at ungdom ser på utdanning og verdien av utdanning med sine eigne «briller», som kanskje er annleis enn «brillene» til min generasjon. I vaksengenerasjonen er det truleg ein tendens til å sjå på utdanningsrevolusjonen som ein lineær prosess, der stadig fleire får del i godet utdanning etter som tilbodet blir bygd betre ut og finansieringa betra. Grupper som før hadde dårleg tilgang, vil etter kvart kome etter og få nesten like bra utdanning som dei mest privilegerte. I eit slikt perspektiv blir utdanning sett på som eit udiskutabelt gode og som sikraste vegen til det gode liv. Men så tek altså ungdom «skeia» i eiga hand. I nokre miljø finn ungdom ut at utdanningsprosjektet er meir diskutabelt og usikkert enn i andre miljø. Andre vegar kan framstå som like bra eller betre enn å slite skulebenken. Byjenter Harriet Bjerrum Nielsen har gjennom artikkelen «Kjønn, kaos og kreativitet: Unge jenters livsperspektiver» (1998) reist viktige spørsmål med relevans for desse uventa vendingane. I artikkelen presenterer ho eit lite, kvalitativt materiale, bygd på intervju med åtte jenter frå den «intellektuelle middelklassen», avgangselevar frå eit «velrenommert gymnas» i Oslo sen-

UTKANTJENTENE SIN STILLE REVOLUSJON 13 trum. I tillegg til jentene er også mor og mormor intervjua. Som Bjerrum Nielsen skriv, er det ingen tvil om at den sentrale verdien for desse jentene er å vere original, å realisere seg sjølv som det særlege individ ein er, følgje og utvikle eigne lyster, evner og interesser (Bjerrum Nielsen 1998:88). Ho finn at individualiseringsprosjektet er ein nøkkel for å forstå desse jentene sitt forhold til utdanning og yrke, men finn vidare at jentene skil seg i to ulike grupper når det gjeld kor målretta dei er. Alle jentene ser for seg at dei skal ha eit yrke, men målsettinga er likevel ulik. Fire ser på høgre utdanning som nødvendig for å realisere evnene sine, og for desse er «gymnaset» ikkje anna enn eit middel for å kome dit. Dei skal studere fag som statsvitskap, økonomi, historie eller teknikk og har relativt detaljerte karriereplanar. Dei fire andre har derimot kortsiktige planar og så mange ting dei kunne tenkje seg å gjere reise, på festival eller u- hjelpsarbeid, lese psykologi, men det er kanskje for kjedeleg, bli kunstnar eller kanskje arbeidslaus ei stund? Ei seier at ho er grundig lei «krampeintellektuelle» folk, og ei anna synest jenter som dei fire målretta er heilt uuthaldelege i sine behov for å vere flinkare enn alle andre. Som eit apropos til det med å gå arbeidslaus ei stund: Adresseavisen skreiv 9. februar 2002 at mange hundre unge hoppar av frå vidaregåande skule i Trondheim og lever på sosialstønad. 3 Men Bjerrum Nielsen har ikkje berre intervjua desse jentene, men også mødrene og bestemødrene deira. Og ho gjer nokre interessante observasjonar. Jentene kjem alle frå same sosiale sjikt når ein ser på kva skule dei går på, oppvekststad og foreldreyrke. Men familiehistoriene har likevel klare skilnader. Dei fire målretta jentene kjem frå første generasjon by- og/eller akademikarfamiliar. Mormødrene til desse fire jentene har fått oppveksten sin i bygdemiljø og har ikkje meir utdanning enn sju år på folkeskulen. Mødrene har også for det meste hatt oppveksten sin i bygdemiljø. Dei fire lite målretta jentene kjem derimot frå familiar som har budd i byen i minst tre generasjonar, og der det ikkje var uvanleg at kvinnene hadde høgre utdanning. Av mormødrene hadde tre høgre utdanning, og alle voks opp i byen. Sett i lys av desse ulike familiehistoriene stiller Bjerrum Nielsen det grunnleggjande spørsmålet på denne måten: Kan det «være slik at jentene fra første generasjons by- og akademikerfamilier er målrettede fordi det sosiale mobilitetsprosjektet fortsatt gir mening for dem i forhold til deres familiebakgrunn, mens dette prosjektet muligens holder på å miste sin meningsgivende kraft for de ungdommer som kommer fra familier hvor foreldrene i flere slektsledd tilbake har høyere utdanning, og for jenter kanskje spesielt familier hvor også kvinner har det?» (Bjerrum Nielsen 1998:93, forfattaren si kursivering).

14 TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING Om vi godtek at ungdomsprosjektet i det seinmoderne samfunnet særleg dreiar seg om å skape og uttrykke sin individualitet, blir spørsmålet vidare korleis ein profilerer denne individualiteten når foreldra i fleire slektsledd bakover har gjort nærast så godt som det kan gjerast i forhold til utdanning og karriere. Bjerrum Nielsen stiller på denne måten viktige spørsmål, som førebels må vurderast som det dei er; spørsmål og ikkje svar. Utdanningsstatistikken gir til dømes ingen haldepunkt for at satsinga på høgre utdanning går ned blant jenter i storby med velutdanna mødrer. Eg vil òg vise til at det som er referert over, er planar ikkje reelle val. Vi veit ikkje korleis dette endar. Kanskje er det berre uttrykk for at jenter i dette sosiale sjiktet i større grad enn andre evnar å leike seg med tanken om opprør frå det forventa utdanningsprosjektet? Men svara frå desse unge jentene kan også vere indikasjonar på endring. Om at det i byen finst ein arbeidsmarknad som kan representere alternativ til «vanleg» opplæring gjennom formelle studium, og at dette er jenter med økonomiske, sosiale og kulturelle rammer rundt sine liv som gjer at dei på ein økonomisk og sosialt sett trygg måte kan prøve ut alternative vegar. Auka privat rikdom i Noreg gjer at stadig fleire foreldre kan gi ungane sine økonomisk støtte i utdannings- og etableringsprosjektet. Nokre slepp å ta opp lån, ja nokre får til og med gratis bustad som gåve av foreldra sine. Utan at eg har empirisk grunnlag for det, finn eg grunn til å tru at slike døme er meir utbreidde i sentrale område rundt hovudstaden enn i utkanten, til dømes i slike miljø som Bjerrum Nielsen sine fire «lite målretta» jenter kjem frå. Utkantjenter Når det gjeld jentene frå utkantfylke av den typen vi har nemnt over, kan vi for det første slå fast at «familier hvor foreldrene i flere slektsledd har høyere utdanning, spesielt familier hvor også kvinner har det», vil vere relativt sjeldan jamført med storbyen med næraste omland. Viss vi held oss til Bjerrum Nielsen si hypotese, er det altså grunn til å tru at det sosiale mobilitetsprosjektet framleis gir meining for dei aller fleste utkantjentene. Det vil framleis vere både meiningsfylt og realistisk for desse jentene å satse på vidaregåande og høgre utdanning, i minst same omfang som mødrene og bestemødrene. I tillegg vil eg trekkje fram to andre moment som kan vere viktige for å forstå den dokumenterte skilnaden mellom jenter i utkant og sentrum. Det eine argumentet kan knytast til omgrepet livsstil. Det dreiar seg om at det vi kan kalle lokale, tradisjonelle rammer rundt oppvekstprosjektet,

UTKANTJENTENE SIN STILLE REVOLUSJON 15 er svekt til fordel for globale (Giddens 1994). Lokale påverknader frå til dømes familie/slekt, arbeidsliv, kyrkje og organisasjonar blir svekte (men likevel ikkje borte), medan innverknaden frå mellom anna skule, media og internasjonal ungdomskultur blir sterkare. Ivar Frønes er ein av dei som hevdar at jamaldringane har fått ein viktigare plass i sosialiseringa og utviklinga av kompetanse hos barn og unge. I vår tid er sosial og kommunikativ basiskompetanse viktigare enn i meir stabile og tradisjonelle samfunn, og her har jamaldringane, «dei likeverdige», ein annan funksjon enn dei vaksne (Frønes 1994). Samfunnet i utkanten kan då lett kome til å bli ein utilfredsstillande arena for å leve det nye ungdomslivet. Dei fleste tek allereie vidaregåande eller høgre utdanning. Mange må reise ut av lokalmiljøet for å studere. Det blir eit avgrensa og kanskje einsidig ungdomsmiljø på heimstaden (sjå til dømes Heggen, Jørgensen og Paulgaard 2002). Dei utdanningsorienterte samlar seg derimot i regionale eller nasjonale (og internasjonale) utdanningssenter, der miljøet får ei heilt anna breidd og variasjon. Miljøet heime blir gjerne oppfatta som maskulint og einsidig. Unge jenter blir motiverte for å følgje veninnene og venene sine til eit meir ope og variert miljø i byen. Ofte er dette ikkje eit slags endeleg oppgjer med heimstad eller heimfylke, men ei søking til eit miljø som nett i denne fasen er meir attraktivt (sjå til dømes Jørgensen 1994, Wiborg 2001:151). For jentene frå det sentrale Noreg er dette argumentet mindre relevant. Mange av dei er allereie etablerte i det store og varierte ungdomsmiljøet, der dei har tilgang til den livsstilen dei ønskjer. At dei sentrale områda av landet får ei slik dominerande ungdomsbefolkning, kan til dømes eksemplifiserast ved at Oslo i 1998 hadde om lag 54 000 unge i aldersgruppa 25 29 år, i tillegg til elevar og studentar utan meldt flytting, mot om lag 21 000 i aldersgruppa 15 19 år (Øia 2001:105). Skilnaden i storleik mellom dei to aldersgruppene kan til ein viss grad forklarast ved endringar i fødselstal, men mest av alt fortel han noko om korleis Oslo fungerer som ein magnet for unge over vidaregåande skule-alder. Utkantane blir tilsvarande tynt busette med omsyn til ungdom, og dermed for mange av dei lite attraktive i denne fasen. Det andre hovudargumentet vil eg knyte til det å kunne halde ved like og maksimere sjansane for seinare val. For å forstå dette argumentet må vi også prøve å ta utkantjentene sitt perspektiv. Kva betyr det for dei å avslutte skulegangen tidleg, etter grunnskulen eller etter heilt eller delvis gjennomført vidaregåande skule? For mange jenter (og gutar) vil det bety å vende seg mot den lokale arbeidsmarknaden. For ufaglærte dreiar dette seg i hovudsak om arbeid innanfor industri, fiskeri og rutineprega servicearbeid. Tidlegare tilfredsstilte slikt arbeid den livsforma som mange unge

16 TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING ønskte seg, men i langt mindre grad i dag (Paulgaard 1996). Medan andre unge reiser vekk for å ta utdanning, kan dette bety at ein blir hangande igjen i det som blir oppfatta som ein tradisjonell og lite framtidsretta posisjon, ein posisjon som det attpåtil kan bli vanskeleg å kome seg ut av. Sjølvsagt kan ein avslutte skulegangen tidleg og prøve å få seg jobb på ein meir sentral stad med mykje ungdom. Men å etablere seg i byen på grunnlag av ufaglært arbeid kan vere vanskeleg. Då er det truleg enklare å reise til byen som student, med lån og stipend og høve til å arbeide nokre timar deltid for å klare buutgiftene. På denne måten kan dei ta vare på framtidige sjansar. Dei byjentene vi viste til over, opplever truleg ikkje dette dilemmaet mellom utdanning og tradisjonell tilpassing. Dei har eit anna materielt grunnlag for å eksperimentere utan utdanning. Dei kan opphalde seg i sitt etablerte ungdomsmiljø samtidig som dei prøver ut alternative strategiar for kvalifisering og utan fare for å stå på «bar bakke» om dei skulle få interesse for å vende tilbake til utdanningsprosjektet etter nokre år. Dei skuslar ikkje på same måten vekk framtidige sjansar ved å utsetje spørsmålet om meir utdanning. Å skape seg sjølv Til slutt kan ein reise spørsmålet om dei endringane som er observerte mellom utkantjenter og sentrumsjenter, kan sjåast som noko meir enn tilfeldige skiftingar. Kan dei på nokon måte vere uttrykk for meir grunnleggjande samfunnsmessig endring? I eit slikt perspektiv kan ein då spørje seg om det å tilpasse seg det Giddens kallar det høgmoderne samfunnet (high modernity, Giddens 1991), er noko anna om du ser det frå utkanten eller frå sentrum. Her må ein likevel unngå å bli for generell. For både nemningane utkantjenter og byjenter må sjåast i forhold til ulike sosiale og kulturelle kontekstar, mellomlag eller arbeidarklasse, vestkant eller austkant, småbygd eller tettstad, som er med å skape interne variasjonar. Kan det likevel vere slik at strategiane til jentene i sentrale område er eit signal om ein ny trend eller nye former for tilpassing, der utdanning spelar ei anna rolle enn før? Fleire forskarar har dei siste åra gitt viktige bidrag for å forstå at dei sosiale og kulturelle rammene for ungdomsalderen er i sterk endring i vestlege samfunn. Ein av desse er den australske ungdomsforskaren Johanna Wyn. Hennar perspektiv er at politikarar og vaksengenerasjon har ein tendens til å sjå på ungdomsfasen med ei forståing henta frå det moderne industrisamfunnet (Wyn 2000). Då var utdanning hovudinnhaldet i ein

UTKANTJENTENE SIN STILLE REVOLUSJON 17 ungdomsfase som skulle leggje grunnlaget for ein stabil og trygg posisjon i arbeidsliv og samfunn. I dette perspektivet finst heiltidsstudenten i ein overgang mellom barndom og vaksenliv. Det vi no ser tendensar til, er derimot at ein slik ungdomsfase er under endring. For mange unge eksisterer det eit materielt grunnlag for «å skape seg sjølv» på andre måtar enn før. Kjernen i det Wyn kallar «new adulthood», er at utdanning, arbeid, familieliv og andre aktivitetar blir kopla på nye måtar, og slett ikkje følgjer lineære mønster lenger. Både Wyn og andre forskarar koplar desse nye tendensane til endringar i arbeidsmarknaden. Arbeidslivet endrar seg raskare og er meir prega av deltidsjobbar og kortsiktige arbeidsforhold. Bjerrum Nielsen er også oppteken av den nye arbeidsmarknaden. Ho hevdar at den sterke koplinga mellom ungdom og utdanning særleg høyrer saman med industrisamfunnet og ein lang fase prega av oppbygginga av offentleg sektor. Når offentleg sektor no er under auka press, på einskilde område delvis under nedbygging til fordel for ein raskt omskiftande privatsektor og med ein dominerande livsstilsindustri, får det følgjer. Då kan det vere eit «bedre utgangspunkt å være en kreativ 23-åring som har prøvd litt av hvert og som har fingeren på pulsen, enn å være 30 og ha hovudfag i statskunnskap og fulgt den oppgåtte løypen» (Bjerrum Nielsen 1998:97). Den tida då arbeidslivet var stabilt, kan ein forstå at ungdom ofra andre sider ved livet gjennom «sju magre år». Ein visste at dei «sju feite åra» venta etter avslutta utdanning. I dag er situasjonen truleg annleis: Unge menneske gjer sine observasjonar. Mange har observert at det er lite som er sikkert, at arbeidsmarknaden er fylt av kortsiktige arbeidsforhold og deltidsjobbar og at samanhengen mellom utdanning og arbeid er uklar. Dei handlar deretter. Ikkje som passive offer for kapitalismens herjingar i det postindustrielle samfunnet, men som pragmatiske strategar i ein gitt situasjon. Nok trur dei på utdanning, arbeid og framtid, for pessimistar er dei gjennomgåande ikkje. Men det dreiar seg ikkje om klokkartru, og det dreiar seg framfor alt ikkje om å ta ting i tur og orden. Det dreiar seg om å ta livets mange fasettar på eit tidleg stadium: Delta på ulike arenaer, utvikle ulike typar kompetanse, stå på fleire bein, meistre kompleksitet og fleksibilitet... (Bøe 2001:84) Ho gjer også ein visitt til Mjøsutvalet og reforma i høgre utdanning, og spør om ikkje strevet med å gjenreise den rasjonelle heiltidsstudenten står i motsetning til utviklinga av denne nye typen unge vaksne (Bøe 2001:86).

18 TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING Bjerrum Nielsen, Wyn og Bøe grip så langt eg kan sjå, delar av det Anthony Giddens kallar overgangen frå «emancipatory politics» til «life politics» i det høgmoderne samfunnet (Giddens 1991:209 ff.). Han knyter den førstnemnde varianten særleg til ein historisk epoke der idear om frigjering frå tradisjonar, religion eller fordommar hadde stor innverknad på politikk og handlingsstrategiar. Innhaldet vil då ofte handlar om å redusere eller eliminere utbytting, ulikskap eller undertrykking. Til grunn for «life politics» ligg i staden omgrepet livsstil dvs. spørsmålet om korleis livet skal levast, og korleis ein kan forme sin identitet og individualitet i samsvar med denne livsstilen, står meir sentralt. Individualiteten er viktigare her: Livsstil har samanheng med korleis individet presenterer og skaper seg sjølv mellom anna gjennom kroppen, tinga og personane ein omgir seg med. Avslutning Sett i forhold til desse siste refleksjonane kan byjentene si relativt svakare satsing på utdanning sjåast som eit varsel om endringar i ungdomsfasen («new adulthood») i det høgmoderne samfunnet. At utkantjentene framleis i større grad held fast i utdanningsperspektivet, kan vere eit uttrykk for at dei framleis har kampar å kjempe i forhold til sterke tradisjonar i sine lokalmiljø. Sosial mobilitet gir framleis meining for dei fleste sett i forhold til foreldra si utdanning og arbeid, og i forhold til ein lokal arbeidsmarknad. Men det kan òg tyde på at utdanning for desse jentene blir sett på som eit viktigare instrument for å kunne velje den livsstilen dei ønskjer. For mange byjenter kan utdanning vere mindre viktig i ein slik samanheng. Dersom det er slik at lang utdanning er mindre «sikkert» enn før i form av økonomisk og sosial/kulturell utteljing, og at det stimulerer til alternative kvalifiseringsprosjekt i bestemte ungdomsmiljø, kan det vere vanskeleg å slå fast kva ungdomsgrupper som gjer dei mest «smarte» vala med tanke på framtida. Noter 1. Takk til anonym konsulent, til Tormod Øia (NOVA) og til gode kollegaer ved Høgskulen i Volda for konstruktive og nyttige kommentarar undervegs. 2. SSB definerer tettbygde strok som valkrinsar med minst 200 innbyggjarar og der avstanden mellom husa som regel ikkje er meir enn 50 m. 3. Adressavisen (Trondheim) 09.02.02: Tar fri for å leve på sosialen.

UTKANTJENTENE SIN STILLE REVOLUSJON 19 Litteratur Bay, J. (2002). Perifere unge en inventering af unges levevilkår i udkantsområder. Dansk bidrag til antologien Barn och unga i rurala områden nordisk och europeisk perspektiv redigert av Helena Helve. København: Nordisk Ministerråd 2002. I produksjon. Bjertnes, M.K. (2000). Innvandrere og innvandring 2000. Statistiske analyser 33. Oslo og Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå. Bøe, L. (2001). Fiskarbønder av si tid. Ei forteljing om deltidsarbeidande elevar i by og bygd. I: Heggen, K., J.O. Myklebust og T. Øia (red.): Ungdom. I spenninga mellom det lokale og det globale. Oslo: Det Norske Samlaget. Dolven, A.S. (2001). Kunnskap om oppvekst. En sammenstilling av forskning og statistikk. Oslo: Kommuneforlaget. Dwyer, P. og J. Wyn (2001): Youth, Education and Risk. London / New York: Routledge Falmer. Frønes, I. (1994). De likeverdige. Om sosialisering og de jevnaldrendes betydning. Oslo: Universitetsforlaget. Frønes, I. (1996). Revolusjon uten opprør. Kjønn, generasjoner og sosial endring i Norge på 1980-tallet. Tidsskrift for samfunnsforskning, 1:71 86. Giddens, A. (1991). Modernity and Self-Identity. Self and Society in the Late Moderen Age. Cambridge: Polity Press. Giddens, A. (1994). Living in a Post-Traditional Society. I: Beck, U., A. Giddens og S. Lash: Reflexive Modernization. Politics, Tradition and Aesthetics in The Moderen Social Order. Cambridge: Polity Press. Heggen, K. (1994). Ungdom, identitet, kvalifisering. Ein studie av framtidsorientering i lokal kontekst. Universitetet i Trondheim / AVH. Heggen, K., G. Jørgensen og G. Paulgaard (2002). De andre. Ungdom, risikosoner og marginalisering. Under produksjon. Bergen: Fagbokforlaget. Hovland, G. (2000). Hvem ble student under utdanningseksplosjonen? Betydningen av kjønn, sosial bakgrunn, bosted og karakterer for valg av og opptak i høyere utdanning. Skriftserie 00:2. Oslo: Norsk institutt for studier av forskning og utdanning. Jørgensen, G. (1994): To ungdomskulturer. Om vedlikehold av sosiale og kulturelle ulikheter i Bygdeby. Rapport nr. 1. Sogndal: Vestlandsforsking. Lindbekk, T. (1975). Utdannelse. I: Ramsøy, N.R. og M. Vaa (red.): Det norske samfunn. Oslo: Gyldendal.

20 TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING Nielsen, H. Bjerrum (1998). Kjønn, kaos og kreativitet: Unge jenters livsprosjekter. Ungdom, kjønn og medier. Arbeidsnotat 4/98. Senter for kvinneforskning: Universitetet i Oslo. Nordli-Hansen, M. (1999). Utdanningspolitikk og ulikhet. Rekruttering til høyere utdanning 1985 1996. Tidsskrift for samfunnsforskning, 2:172 203. Paulgaard, G. (1996). Ungdom i tre kystsamfunn. Nye muligheter og tradisjonelle oppfatningar. Rapport nr. 1. Tromsø: Universitetet i Tromsø og NORUT Samfunnsforskning. Statistisk sentralbyrå: NOS Utdanningsstatistikk. Støren, L.A. og V. Opheim (2001). Utdanningsaspirasjoner og utdanningsvalg blant innvandrerungdom og majoritetsungdom fra videregående til høyere utdanning. Søkelys på arbeidsmarkedet 2001, årgang 18:129 139. Wiborg, A. (2001). Utdannelse, mobilitet og identitet. Studenter fra distriktene i høyere utdannelse. I: Heggen, K., J.O. Myklebust og T. Øia (red.): Ungdom. I spenninga mellom det lokale og det globale. Oslo: Det Norske Samlaget. Wyn, J. (2000). Education for the New Adulthood: implications for youth research for education. Paper presentert på AERA-kongressen, New Orleans. Øia, T. (2001). Oslo sentrum eit lokalmiljø for ungdom. I: Heggen, K., J.O. Myklebust og T. Øia (red.): Ungdom. I spenninga mellom det lokale og det globale. Oslo: Det Norske Samlaget. English summary Peripheral girl s silent revolution This article discusses changes in recruitment of young people into further and higher education during recent decades among youths from peripheral and central areas of Norway. The article focuses in particular upon the situation of young women, documenting a stronger engagement in education on the part of peripheral women compared to women from central areas of the country. The article discusses possible explanations for this phenomenon, such as changes in the roles of youths or young adults and changes in the labour market. Giddens concepts of «emancipatory politics» and «life politics» form a basic hypothesis in this discussion.

Verre enn sitt rykte? En litteraturstudie av ungdom som bruker ecstasy og annen partydop 1 Hilde Pape Både i massemediene og fra faglig hold blir det hevdet at bruken av illegale rusmidler har grepet om seg i ungdomsmiljøer som ikke tidligere var i befatning med narkotika. Spesielt ecstasybrukere er blitt løftet fram for offentligheten som en gruppe bestående av oppegående og ressurssterke unge mennesker. I artikkelen beskrives funn fra nyere empirisk forskning som kaster lys over dette positivt fargede bildet. Finnes det klar dokumentasjon for at ungdom som eksperimenterer med ecstasy eller beslektede stoffer, faktisk er vanlige og velfungerende, eller representerer de unntaket mer enn regelen? J eg har opplevd å få tilbud om å kjøpe ecstasy. Det skjedde sommeren 1996, i Dublin. Sent en kveld, på vei hjem fra en bedre middag, ble jeg stoppet av en ung mann som lurte på om jeg var interessert i E. Hvilket feilskudd, var min umiddelbare tanke da han la sitt salgstilbud fram til meg en kvinnelig forsker midt i trettiåra. Pent kledd var jeg også, iført et antrekk som slett ikke bar varsler om at jeg var klar for utagerende festing. Kanskje var det for mørkt, tenkte jeg så, til at selgeren kunne se at jeg neppe var en potensiell kjøper verken av ecstasy eller andre illegale rusmidler. Hendelsen ga opphav til undring og ettertanke. Hvem var mest uvitende og naiv den håpefulle selger, eller jeg? Antakelig befant jeg meg i «eldste ytterkant» av selgerens målgruppe, men er det ikke slik at bruken av ecstasy og liknende stoffer har grepet om seg i deler av befolkningen som tidligere holdt seg langt unna ulovlige rusmidler? Er ikke saken den at vi står overfor en ny trend, der vi mer enn aner konturene av et samfunn hvor TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING 2002, 2 (2):21 38

22 TIDSSKRIFT FOR UNGDOMSFORSKNING narkotikabruk er blitt et alminnelig og temmelig trivielt fenomen? Tallrike medieoppslag i nyere tid peker i den retning. Ifølge dagspressen har illegale rusmidler fått fotfeste i nye ungdomsgrupper, og «det er ikke lenger noe rebelsk eller avvikende ved å prøve ut hasj og ecstasy blant Oslos 14 15- åringer» (Aftenposten 4.8.98). Tvert imot dreier det seg om «vanlige gutter og jenter» (Aftenposten 1.8.00). Mange kommer fra ressurssterke hjem og «stadig flere velfungerende unge doper seg» (Dagbladet 14.3.02). Såkalt motedop brukes ikke lenger bare til fest, men også til hverdags, og «stoffer som ecstasy, amfetamin og GHB finnes overalt der tenåringer ferdes» (Dagbladet 18.11.00). Det er visstnok heller ikke uvanlig at tenåringer «hopper over» alkoholen og opplever sin rusdebut ved å gå rett på ecstasy eller amfetamin (Aftenposten 14.3.02). Slike urovekkende presseoppslag reiser mange spørsmål: Er det virkelig tilfellet at ungdom som bruker tyngre narkotiske stoffer, slik som ecstasy, ikke lenger kjennetegnes ved en opphoping av problemer og belastninger på ulike livsområder? Har mediene rett i at stoffbruk nærmest er blitt normalisert, eller handler presseoppslagene mer om sensasjonshunger og en higen etter økte opplagstall? Hvilke synspunkter har fagfolk og forskere forfektet, og hva er kunnskapsstatus på feltet? Finnes det klar dokumentasjon for at ungdom som bruker såkalt partydop, faktisk er vanlige og velfungerende, eller representerer de bare sjeldne unntak? I det følgende vil jeg diskutere disse spørsmålene og også forsøke å gi noen klare svar. Fokus vil i hovedsak være rettet mot ecstasy, ettersom særlig brukerne av dette stoffet er blitt løftet fram for offentligheten som en gruppe bestående av velfungerende og ressurssterke unge mennesker. Ifølge EUs senter for kartlegging av narkotikabruk (European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction) har bruken av ecstasy dessuten bidratt til å synliggjøre nye rustrender blant unge mennesker i Europa (Griffiths mfl. 1997). Sensasjonspreget tabloidjournalistikk eller faglig forankring? Massemediene har i stor utstrekning hatt fagfolk som kilde for sine mange oppslag om ungdom og partydop. Ofte har nok oppslagene fått en sensasjonspreget slagside, men journalister har ikke vært alene om å formidle et positivt farget bilde av ungdom som bruker ecstasy eller beslektede stoffer. I Rusmiddeldirektoratets brosjyre Fakta om ecstasy slås det fast at «unge som tilsynelatende lever et stabilt liv kaster seg utpå med piller i lomma, som en daglig eller ukentlig oppkvikker» (Rusmiddeldirektoratet 1998). Liknende opplysninger er å finne i en brosjyre om «partydop» som er utarbeidet av Oslo politidistrikt i samarbeid med Justisdepartementet (1999).