MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 26.03.2014 Start kl.: 10.00 Slutt kl.: 13.45 Program: Kl. 10.00 11.30 Felles informasjon og drøfting. Kl. 11.30 12.00 Felles lunsh Kl. 12.00. Råda og utvalet hadde møte kvar for seg. Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Johannes Lad, Kjartan Kvien, Sigrid Hamre Nyseth, Inger Møyfrid Sperle, Torvald Bakken, Ivar Kvalen. Kåre Høyheim Gerd Søhoel, Kristoffer Skjolden var invitert ekstra til møtet. Sak 1/14 - Jarle Skartun, John Olaf Røhme, Kari Paulsen. orienterte i fellesmøtet om institusjonsdrifta. Karin Leirdal var tilstades under heile møtet. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. SAKLISTE Saksnr. Tittel 1/14 14/859 Godkjenning av møtebok og referatsaker. 2/14 14/873 Framlegg til årsmelding for Luster Eldreråd 2013. 3/14 14/875 Val av nestleiar i Luster eldreråd. 4/14 14/861 Ymse Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 1
Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
1/14 Godkjenning av møtebok og referatsaker. Felles informasjon og drøftingssaker: Luster heimeteneste: Status og vegen vidare. Luster sjukeheimsteneste: Status og vegen vidare. Samhandlingsbarometeret. Tankar om eit evt. framtidig dagsenter. Ymse Framlagt: Invitasjonar: Fagakademiet: Kurs på Skei i Jølster 07.04.2014 Eldrerådet i arbeid. Regionsamling for eldreråda i Balestrand 21. mai 2014. Skriv og meldingar: Frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune dat. 09.12.2013: Melding om vedtak Serviceskyssen - uttale frå fylkesrådet for eldre. Sogn og Fjordane Fylkeskommune: «Handlingsplan for fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane 2012-2015. Frå Pensjonistforbundet dat. 10. mars 2014: Informasjonsskriv om prosjektet MORGENDAGENS aktivitetssenter. Nyhende frå «Seniorporten». (Sendt medlemane) Frå Statens eldreråd: Brosjyrane: «FNs prinsipper for eldre i verden» og «Det finnes eldreråd i din kommune». Orienteringar i fellesmøtet: Arne Lerum orienterte om planane for bygging av kommunale bustader på tomta ved tidlegare Gaupne barnehage og nærliggjande tomtar. Det er valt ei løysing med totalt 18 leilegheiter, 6 to roms og 12 med 3 rom. Desse er meint som utleigebustader, men og som sjølveigande, der interesserte kan få skaffe seg sin eigen rimelege bustad. Området skal regulerast og planen vert lagt ut til offentleg ettersyn. John Olaf Røhme, Kari Paulsen og Jarle Skartun orienterte om status og utvikling i institusjonsdrifta. Fylgjande dokument vart lagt fram i møtet: Oversikt over framtidig «Helse- og omsorgstrapp i Luster kommune.» Utviklingsarbeid Luster heimeteneste Utviklingsarbeid Luster sjukeheimsteneste Det vert sett i gang eit prosjekt der ein ser på organiseringa av Luster heimeteneste. Oppdrag (B-13). Vidare samansetjing og balansen i tenestetilbodet mellom langtidsplassar, korttidsplassar, ev. tryggleiksplassar, omsorgsplassar og omsorgsbustader skal og vurderast Det skal gjerast ei fagleg og økonomisk vurdering av om det i framtida er føremålstenleg å drifte tre fullverdige sjukeheimar med institusjonsplassar. Oppdrag (B-14.)
Det vil bli lagt fram sak i Kommunestyret i juni. Saka om endra kjøkendrift vil og koma opp til politisk handsaming før sommarferien. Johannes Lad stilte spørsmål om eldre heimebuande, gjerne åleine, som treng hjelp til ymse tenester. Fangar kommunen desse opp, blir dei registrerte? Får dei den hjelpa dei treng? Frå administrasjonen vart det svara at det er tilsett ein ny fysioterapeut under heimetenesta som allereie er i gang med å gjere godt arbeid. Han legg m.a. til rette med utstyr/hjelpemiddel og tenester i heimane slik at folke skal kunne klare seg heime. Målet med framtidig helse og omsorgsarbeid på «nivå 0», er eit tilbod på lågast muleg nivå der folk kan bu lengst muleg i eigen heim. Ein må likevel sjå på dette med førebyggjande heimebesøk på nytt. Det er tenkt på personleg besøk for å få til gode løysingar for personar som er 80 år og oppover. Eldrerådet er opptatt av at det i første rekke må vere fagfolk som tek seg av besøk og oppfylging av dei eldre. Kristoffer Skjolden stilte spørsmål om psykiatrien med tilbod og oppfylging for psykisk sjuke eldre. Administrasjonen svara at det var same intensjonane med psykiatri som somatikk, at kommunane skal ta seg meir av pasientane sjølve, men prosjektet har stoppa opp. Nokre pasientar har tilbod på Rutlin i Sogndal, men dei fleste får berre eit lite opphald i Førde nokre dagar for så å bli sende heim. Såleis er dette ei utfordring. Luster har elles eit godt tilbod innan psykiatri gjennom eininga helse (Psykisk helseteam). Behov for sjukehusopphald er såleis lite i kommunen. Møteboka frå møte den 02.12.2013 vart godkjend.. Kjartan Kvien og Torvald Bakken vart valde til å skriva under på protokollen. &&& Fyll inn vedtaket i saken over denne linjen 2/14 Framlegg til årsmelding for Luster Eldreråd 2013. Leiar Johannes Lad etterlyste svar på saker som Eldrerådet har teke opp på eige initiativ. 1. Sak om offentleg toalett i sentrumsområda. Eldrerådet hadde saka føre den 24 april 2013 og i vedtaket bad dei Luster kommune snarast råd å komme fram til ei ordning med tilfredstillande toalettforhold i Gaupne sentrum.» Eldrerådet har ikkje fått svar frå kommunen og ynskjer å ta saka opp att. Det er ikkje godt nok tilbod i Gaupne slik som det er no. Det vart stilt spørsmål til ordføraren om korleis problemet kan løysast. Han svara at det beste for kommunen hadde vore eit
«spleiselag» der kommunen evt. fekk leige hjå andre. Slik løysing er vald andre stader. Det vart vist til sak i kommunestyret. Leiar Johannes Lad tek kontakt med styret for Pyramiden for å undersøka om der er planar i høve til «sanitære» tiltak. Saka blir å ta opp att på neste møte. 2. Servering av alkoholhaldige drikkar ved festlege tilstellingar ved omsorgssentera. Eldrerådet viste til brevet frå Jan Arne Nystuen og sende saka over til Formannskapet der det vart bede om å utarbeida eit kommunalt regelverk for servering av alkoholhaldige drikkar som er felles for dei tre omsorgssentra i kommunen. Eldrerådet kan ikkje sjå at Formannskapet har handsama saka og etterlyser svar. Eldrerådet sluttar seg til den framlagde årsmeldinga for 2013. Årsmeldinga blir å leggja fram for kommunestyret for orientering. &&& Fyll inn vedtaket i saken over denne linjen 3/14 Val av nestleiar i Luster eldreråd. Leiar Johannes Lad la fram eit forslag til nestleiar. Det var ingen kommentar. Sigrid Hamre Nyseth vert vald til nestleiar for Luster Eldreråd. &&& Fyll inn vedtaket i saken over denne linjen 4/14 Ymse Det vart ikkje gjort vedtak.
&&& Fyll inn vedtaket i saken over denne linjen