Orienteringssak - Nye avtalar om kjøp av PP-tenester til vidaregåande opplæring

Like dokumenter
Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Kravspesifikasjon for kjøp av PP-tenester

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Saksnr Utval Møtedato Ud-8/13 Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Verksemdsplan for Vest-Telemark PP-teneste 2011

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Elev- og lærlingombod i HFK

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

-Ein tydeleg medspelar. Fagdag/Inntaksmøte. 19. April 2018 Jorunn Dahle

Verksemdsplan 2015 for Vest-Telemark PP-teneste

Kommunereforma i Møre og Romsdal 10. feb Oppstartsmøte Nye Norddal og Stordal kommune

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Tilbakemelding til NOKUT sin tilsynsrapport - Tilsyn ved Fagskolen i Ålesund

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

ARBEIDSINNVANDRING EIN RESSURS FOR VESTLANDET KVA KJENNETEIKNAR KOMMUNANE I MØRE OG ROMSDAL?

Faglege presiseringar for samarbeid mellom PPT - skole - bedrift. Inntaksmøte 14. februar 2019

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

TILRÅDING. Kommunereforma i Møre og Romsdal. Oslo 8. des Prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad

Utvalgte KOSTRA tall.

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE

LANDSKONFERANSEN 2017 Fylkeskommunale eldreråd. Ålesund mai

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Totalt Møre og Romsdal 2014: ,8 Totalt Møre og Romsdal 2015: ,3 Totalt Møre og Romsdal 2016: ,1

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Innsøking og organisering. -Ein tydeleg medspelar

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet AVTALAR MED TILTAK SOM GJELD OVERGREP, VALD OG LIKNANDE

Mandat for dei faglege nettverka i Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Rapport frå Fylkesutdanningssjefen

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Orientering om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret

NAV Møre og Romsdal. Lavinntekt og utenforskap. 15/ Hege-Beate Skjølberg

B Del 1 For elev med IOP i enkelte eller alle fag/ full kompetanse Kontaktlærar fyller ut

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Inntaksmøte

Møre og Romsdal. Sjåfør: Andre/Preben 57-01

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Orientering om søking til vidaregåande opplæring skoleåret 2016/2017

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

STATUS FOR DEMENSOMSORGA I MØRE OG ROMSDAL Demenskonferansen 2017 Ålesund, den mars Eli Mette Finnøy, rådgivar Omsorg 2020

Høringsbrev- ny yrkesfagleg struktur

Fagdag om søkjarar til vgo med B-skjema

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Verksemdsplan 2013 for Vest-Telemark PP-teneste

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Kommunereforma. Tilråding. 18. okt. 2016

-Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE. Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-18 Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter 3-9 i opplæringslova

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

Kommunedelplan for oppvekst

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Faktatal Pr 1. oktober 2015 hadde vi slike tal drosjeløyve i drift i Møre og Romsdal:

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

MINORITETSSPRÅKLEGE ELEVAR LOVEN, INNSØKING OG RUTINAR

Kjetil Andreas Hansen Leder, Karmøy PPT

Dugnaden tverrfagleg samarbeid på rusområdet i kommunane

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Rapport om klage på standpunktkarakter

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadene er vurdert opp mot føringar vedtatt i HSAMU sak 6/14 i møte 25.februar 2014.

Bransjeprogrammet. Møre og Romsdal. 13. Juni 2019, Astrid F. Paulsen, avd.dir NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal

Midsund kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet Møtestad: Møterom, Midsund Omsorgssenter Dato: Tid: 14:00

PPT no og i framtida.

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Kjøp av tenester- Tøndergård skole og ressurssenter

I landet er det heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf / /246 Tone Roaldsnes

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Status på lokal HMS-systemdokumentasjonen

-Ein tydeleg medspelar. Ålesundsregionen 2015

Søknad om inntak med behov for spesialundervisning skoleåret 2013/2014

Spørsmålsrunde

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 22.08.2017 87078/2017 Jorunn Dahle Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 07.09.2017 Orienteringssak - Nye avtalar om kjøp av PP-tenester til vidaregåande opplæring Bakgrunn Fylkeskommunen har sidan år 2000 kjøpt PP-tenester til vidaregåande opplæring frå aktuelle kommunar. Dette blir regulert gjennom tidfesta avtale. Dei nye avtalene mellom fylkeskommunen og 12 kommunale og interkommunale PP-kontor skal gjelde frå 1.8.2017 og 5 år fram i tid. Den førre avtalen blei inngått i 2007 og prolongert i 2012. Talet på kontor som fylkeskommunen har gjort avtale med har gått frå 14 til 12. Årsaken til reduksjonen blir belyst seinare i saka. I den siste femårsperioden har det skjedd mykje i PPT-sektoren. Det har vore nasjonal satsing på kompetanseheving av PP-tilsette og leiarar, i tillegg til nye føringar frå utdanningsdirektoratet. Dette har vore førande for arbeidet med ny avtale og kravspesifikasjon til avtalen. Før ny avtale vart utarbeidd har det blitt gjort eit grundig forarbeid og kartlegging av kva PP-tenesta blir brukt til i vidaregåande opplæring. Denne kartlegginga var ein av faktorane som gav grunnlag og kunnskap til arbeidet med utarbeiding av ny kravspesifikasjon og berekning av ressursstorleik. Kartleggingsarbeidet I to periodar á 3 månader i 2016 blei PP-kontora som leverte PP-tenester til vidaregåande opplæring bedne om å kartlegge og rapportere til fylkeskommunen kva arbeidsdagane vart brukt til. Det var på førehand utarbeidd skjema til registreringa. Dette var eit tidkrevjande arbeid både for PPT og for utdanningsavdelinga som sette det i system. Men fylkeskommunen fekk godt innsyn i kva PPT gjer for vidaregåande opplæring, samt at det også gav informasjon om korleis skolane handterte det spesialpedagogiske arbeidet. Utdanningsavdelinga kunne på den måten både gi tilbakemelding til det enkelte PPkontoret og den enkelte skolen på områder ein må sjå på for å utnytte ressursane endå betre. Nokre PP-kontor meldte om frustrasjon over tidsbruken som gjekk med til registreringsarbeidet og etter deira meining gav ikkje dette eit rett bilete av deira kvardag, mens andre kontor såg dette som ein god mogelegheit til å bruke funna til å kvalitetssikre si eiga teneste internt. Reduksjon av tal på PP-kontor med fylkeskommunal avtale Fylkeskommunen har frå 2000 kjøpt PP-tenester frå 14 kommunale og interkommunale PP-kontor. Frå 1.8.2017 har fylkeskommunen bedt om å få kjøpe tenester frå 12 kontor. I skrivande stund er det framleis 2 kontor som ikkje har signert avtalen som skulle gjelde frå 1.8.2017.

I løpet av dei to siste åra har to interkommunale og tre kommunale kontor meldt om vanskar på bemanningsida og på den måten hatt problem med å levere kontinuerlige tenester. Vi ser at små kontor har større utfordringar når det gjeld å få personale med ønska kompetanse og halde på dei over tid. Dette gjeld i stor grad psykologkompetanse, dei tre største kontora har i periodar hatt slik kompetanse, men slit med å halde på dei i staben grunna arbeidsoppgåver, lønn og arbeidsvilkår. Dette er særs beklageleg da vi ser at det er auke i elevar med psykiske vanskar. Vi er stadig i dialog med PPT og skolane om kva PPT kan og skal bidra med når det gjeld psykisk helse. Skolen og PPT si primære oppgåve når det gjeld å arbeide med elevar som har psykiske vanskar er å legge godt til rette for eit godt læringsmiljø og tilpasse opplæringa til den enkelte elev. Kravspesifikasjonen klargjer konkrete oppgåver. Behandling av den enkelte elev er kommunane og spesialisthelsetenestene sitt ansvar jf satsinga som no går føre seg for å rekruttere psykologar før lovkravet om psykologkompetanse i kommunane trer i kraft i 2020. Ørsta kommune som er vertskommune for Ørsta og Volda interkommunale PPkontor, sa opp avtalen med fylkeskommunen våren 2016, men kontoret har levert tenester til dei to vidaregåande skolane våre fram til 1.8.2017. Den 8.8.2017 tok PPT for Ulstein og Hareid formelt over drifta av PPT for Ørsta og Volda og har på den måten blitt eit stort interkommunalt kontor som skal betene fire kommunar. Frå og med 1.8.2017 leverer Ulsteinkontoret PP-tenester til dei tre vidaregåande skolane som er plassert i tre av desse fire kommunane. Det gjeld Ulstein vgs, Ørsta vgs og Volda vgs.. Vestnes kommune bad om å bli fristilt frå avtalen skoleåret 2016/2017 på grunn av bemanningsvanskar, fylkeskommunen kjøpte PP-tenester frå Molde kommune i den perioden. PPT for Gjemnes, Eide og Fræna har store vanskar på bemanningssida, noko som etter dialog med kommuneadministrasjonen har ført til at fylkeskommunen ikkje kjem til å kjøpe PP-tenester derifrå i komande avtaleperiode. Fylkeskommunen arbeider for å få PPT for Aukra, Midsund og Molde til levere PP-tenester til Fræna vidaregåande skole. Dette er per i dag ikkje avklart. PPT for Gjemnes, Eide og Fræna skal levere tenester inntil ny aktør er på plass. Sykkylven kommune har også rekrutteringsvanskar og har i skrivande stund ikkje signert ny avtale. Fylkeskommunen og Sykkylven kommune er i dialog om dette. Fylkeskommunen si oppleving er at ein del kommunar har utfordring med rekruttering av kvalifisert personale og levering av PP-tenester. Kva dette skuldast må dei sjølve uttale seg om, men det kan frå vår si side sjå ut som at kommunane si satsing på PPT kjem litt etter andre viktige områder som til dømes helse og barnevern. Fylkeskommunen vil følje utviklinga nøye og vurdere om det vil tvinge seg fram ei eiga fylkeskommunal PP-teneste i framtida, for å sikre elevane sine rettigheiter. Det blir spennande å sjå om det store interkommunale PP-kontoret i Ulsteinvik vil lukkast i få til ei stødig og fagleg robust teneste som gir effektiv tenesteleveranse med god fagleg tyngde. Fylkeskommunen meiner at dette er eit eksempel på framtidig organisering. Erfaring vil vise om det er rett. Ressursfordeling Ei arbeidsgruppe internt på utdanningsavdelinga fekk i oppgåve sjå på fordelinga av den totale ressursen som er sett av til PP-tenester i vidaregåande opplæring. Gruppa besto av aktuelle representantar frå alle seksjonane og økonomistaben ved avdelinga. Fram til ny avtaledato har det blitt kjøpt 17,95 stillingsressursar med ei økonomisk ramme i siste budsjettår på totalt kr 18 800 000,- Både frå dei vidaregåande skolane og frå PP-kontora er det blitt meldt om for lite ressurs til PPT med tanke på utviklinga i elevgruppa. Det gjeld både tal på elevar

som melder behov for tilrettelegging og signal og føringar frå utdanningsdirektoratet. Føringane seier at PPT i sterkare grad enn før skal arbeide førebyggande og meir systemretta inne i skolane. Dette for å sikre god tilpassa opplæring for den enkelte elev, noko som over tid vil generere mindre behov for spesialundervisning. Arbeidsgruppa tok utgangspunkt i matematiske oppsett, resultata frå kartlegginga, erfaringsresultat og berekning basert å framtidig folketal. På grunnlag av dette arbeidet blei det tatt ei avgjerd om å auke ressursramma til 20 stillingsressursar. Dei ulike faktorane som blei lagt til grunn blir belyst her. Det matematiske oppsettet var bygd på desse faktorane: Utdanningsprogram/programområde Storleik på skolen Elevplassar 2015/2016 Forventa elevtal 2016-2019 Resultata og tolkinga av kartleggingsarbeidet frå PPT blei brukt til kvalitetssikring og vekting. Tilleggsfaktorar: Tal på søkarar med store hjelpebehov (2016/2017) (A-skjema) Tal på søkarar meldt om vanske med og utan spesialundervisning (Bskjema) Erfaringsresultat: Det totale elevtalet i vgo har auka med 312 elevar frå 2013/2014 2016/2017 A-skjema-elevar har berre auka med 37 elever frå 2010/2011 2016/2017 (store vanskar) B-skjema-elevar har auka med 449 elever fra 2010/2011 2016/2017 (meldt om vanske) Fordelinga mellom yrkesfag og studieførebuande er slik at yrkesfag har minka med 118 elevar og studieførebuande har auka med 430 elevar frå 2013/2014 2016/2017 Forventa elevtal i framtida (5 år) har ein akkumulert nedgang med 109 elevar Viktige signal og vurderingar som er teke inn i arbeidet: Tal på B-skjema-elevar har auka merkbart. Dei melder sjølv om vanskar av ulik vanskegrad som dei ber skolen legge til rette for. Tal på elevar som melder om psykiske vanskar har auka. Viser til saksframlegg til Utdanningsutvalet 8.9.2016 «Psykisk helse og fråfall i vidaregåande opplæring vidare arbeid» Dette saksframlegget belyser også dei neste kulepunkta. Den største andelen av elevar som avbryt vgo har ei grunngjeving om psykiske vanskar. Det er ei auke i elevtalet på studieførebuande. Skolane melder om auke i talet på elevar med psykiske vanskar ved desse tilboda. Det må leggast trykk på å utvikle samhandlinga mellom skole og PPT på områder som: o Førebyggande systemarbeid o Læringsmiljøarbeid

Opplæring i bedrift. Avtalen inneber også levering av PP-tenester til opplæring i bedrift. Her er det stor variasjon i behov for slike tenester, både frå år til år og mellom geografisk område. Det har vore ei auke i talet på lærekandidatar, det siste året var det 59 stk. Lærekandidatane har behov for sakkyndig uttale til opplæring i bedrift, i dei aller fleste tilfella er dette behov om dokumentasjon for å få tildelt midlar til ekstra tilrettelegging. Denne retten gjeld også lærlingar, dei må ofte utredas før sakkunnig vurdering kan skrivast. I tillegg kjem dei som søkjer om unntak for kravet om bestått i alle fag, og dei som søkjer om utvida rett, 4. og 5. skoleår. PPT kan og gi rettleiing og kurs til bedrifter som tek imot lærekandidatar/lærlingar med spesielle behov, dette for å sikre at bedrifta og dei tilsette har nok kunnskap om aktuelle vanskar og kva / korleis tilrettelegginga av opplæringa bør vere. På grunnlag av dette er det berekna gjennomsnittleg 10 % PPT-ressurs til lærlingar og lærekandidatar i tillegg til skolane sine behov. Behovet for ein slik ressurs vil variere frå år til år. Ressursen skal disponeras primært til opplæring i bedrift etter førespurnad, men blir det mindreforbruk skal restressurs gå til behov ved skolane. Dette er grunnen for at det på skjema nr 1 står 18 stillingstressursar og i grunngjevinga for den totale auken er det lagt opp til 20. Sjå vedlagt skjema som viser modellen for vurdering av ressurstildeling til PPT, nr 1 og nr 2. Fire kontor har fått endra ressursstorleik: Aukra, Midsund og Molde: auke med 0,75 stilling (2,75 3,25) (5 skolar) o To store skolar med mange utdanningsprogram o Tre små skolar med komplekse vanskar Ulstein og Hareid: auka med 2 stillingar frå 0,5-2,5 (tek over Ørsta vgs og Volda vgs) o Skolane ønskjer meir PP-tenester, har vore for liten før. o PPT frå Ørsta og Volda går over til Ulstein, flytta ressurs på 1,2 stilling Sunndal, Tingvoll og Nesset: auka med 0,25 stilling (0,75 1,0) (leveringsgrad og avstand) Ålesund: auka med 0,25 stilling (Utrekningane tilseier behov for auke) Total auke med 2,05 stillingar Kravspesifikasjon - nye presiseringar Det er utarbeida avtale mellom fylkeskommunen og den enkelte kommune/ppkontor. Sjølve teksta i avtalane er likelydande bortsett frå ressursstorleiken. Saman med avtalen er det lagt ved ein ny kravspesifikasjon. Den var bygd på den førre utgåva, men etter ønskje frå både skolane, PP-kontora og utdanningsavdelinga blei den totalt revidert. Til dette arbeidet blei det satt ned ei arbeidsgruppe som besto av aktuelle deltagarar frå fagseksjonane ved utdanningsavdelinga og juridisk avdeling. Målsettinga med utforminga av kravspesifikasjonen var at den skulle vere oversiktleg, lett å finne fram i og at den skulle ha eit tydeleg språk. Det skulle komme tydeleg fram ansvarsfordelinga mellom skoleeigar, skolane og PPT. I tillegg til justeringar av tidlegare tekst blei det lagt til nye område: PPT si rolle i arbeidet med psykisk helse og/eller læringsmiljøet til elevane jf 9a Kommunikasjon og samarbeid PPT tett på skolane

Skolane sin kompetanse Formell kompetanseheving av PP-rådgivarane. Målet med kravspesifikasjonen er at den skal tydeleggjere kva forventningar den einskilde aktør skal ha til kvarandre og kven som har ansvar for kva. Utdanningsdirektoratet sine føringar gjennom dokumentet «Kvalitetskriterium i PPtenesta» ligg til grunn for innhaldet, saman med «Lov og forskrift» og «Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal» Vedlegg 1 Kravspesifikasjon 2017 2 Modell for vurdering av ressurstildeling til PPT nr 1 og nr 2