ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Kari Flø Arkivsak: 2014/245 Løpenr.: 6996/2015 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Levekårsutvalet Saka gjeld: REVISJON AV DET KOMMUNALE SKYSSREGLEMENTET TILRÅDING TIL VEDTAK: Levekårsutvalet vedtek framlegget til revidert kommunalt skyssreglement d.s. 18.5.2015. Verknadsdato: 1.8.2015.
Saksvedlegg: 1.Framlegg til revidert kommunalt skyssreglement 2. Gjeldande kommunalt skyssreglement 3. Høyringsuttalar a. 12.11.2013 SMU ved Vartdal skule b. 12.12.2013 FAU ved Sæbø skule c. 21.1.2014 SU ved Velle skule Uprenta saksvedlegg: I 21.01.2014 21.01.2014 Uttale til høyring om kommunalt skuleskyssreglement Foreldre til skuleborn på Sætre Saksopplysningar: Det kommunale skyssreglementet vart vedteke av kommunestyret i 1986, og har vorte justert to gongar sidan. Første gong av Ørsta kommunestyre 19.12.00 i K-sak 0077/00 og sist gong i K-sak 53/04. Reglementet tok til å gjelde frå 01.08.05 og gjeld til nytt revidert reglement er godkjent. Administrasjonen meiner at det no er tid for å ajourføre reglementet både i forhold til dei trafikk- og vegtilhøva som møter borna i dag og fordi skulestrukturen er vesentlig endra sidan sist revisjon. Lovverket: Opplæringslova sin 7-1 Skyss og innlosjering i grunnskolen gjev heimel for fri skyss for elevar i 1. klasse som har over 2 km skuleveg, for elevar i 2.-10. klasse som har over 4 km skuleveg, og for elevar som må i båt/ferje for å kome til skulen. For slik båt/ferjeskyss er det inga avgrensing i reiselengda. Dessutan får elevar som har behov for skyss grunna funksjonshemming, innvilga dette i samsvar med 7-3 i opplæringslova. Slik skyss som er nemnt ovanfor, er gratis for elevane. Kommunen betalar ein sum som tilsvarar buss/ferjetakst, medan resten vert betalt av fylkeskommunen. Opplæringslova sin 7-1 seier vidare at «Elevar som har særleg vanskeleg eller farleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.» I slike tilfelle må kommunen vurdere om skulevegen er så farleg eller vanskeleg at eleven bør ha gratis skyss, i så fall må kommunen bere all kostnaden. Det kommunale skyssreglementet: For at kommunen lettare skal kunne vurdere om skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg, vart det som nemnt laga eit reglement i 1986 som har vore til god nytte. I reglementet er det lagt vekt på tryggleiken til elevane. Strekningar der det er gangveg og nedsett fartsgrense vert rekna som trygg for alle elevar. Nokre stadar er det i mindre grad tilrettelagt for fotgjengarar. Elevar som har skuleveg som har kome inn under dette reglementet, vil automatisk få tilbod om skyss, utan å måtte søkje særskilt. Det kjem likevel ein del søknader som ikkje fell inn under dette reglementet. I Ørsta kommune er det delegert til seksjonsleiar skule å innvilge eller avslå slike søknader, og det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som er ankeinstans.
Høyringsuttale frå grunnskulane: 3 av 7 kommunale grunnskular har nytta seg av høvet til å kome med uttale. Uttalane er å finne som vedlegg til saka. I saksframstillinga vert det gitt ein forkorta versjon. Høyringsuttale frå Skulemiljøutvalet ved Vartdal skule: Skulemiljøutvalet (SMU)ved Vartdal skule meiner at Ørsta kommune må legge til rette for ein trafikksikker skuleskyss for elevar som ikkje fell inn under fylkeskommunal skuleskyss. Dei seier vidare at det er fleire punkt på strekninga Kvien-Vartdal som er farlege for yngre elevar og at alternativet til skyss er at elevane skal kunne ta seg fram aleine til skulen, ikkje verte skyssa av føresette. Utvalet nemner ei rekkje punkt som dei meiner utgjer utryggleik for elevane. Mellom anna avstand, smale vegar, uoversiktlege kryss/svingar, lite gatelys på nokre strekningar og 80- sone på strekninga «Melangen» - Buset bru. Oppsummert føreslår SMU ved Vartdal skule at elevar frå Buset får kommunal skyss heile skuleåret frå 1.-7. klasse. At elevar frå Myklebust får kommunal skyss heile skuleåret for 1.-4. klasse og vinterskyss (1.11-31.3) for elevar frå 5.-7. klasse. Elevar frå Årset bør få kommunal skyss som vinterskyss frå 1.-4. klasse. Vi ser at forslaga frå utvalet er differensierte etter avstand til skulen og etter alder. Administrasjonen ser at vi i sakshandsaminga ofte legg alder og avstand til grunn når vi skal vurdere om skuleveg er særleg farleg eller vanskeleg. Inneverande skuleår har elevar frå Buset, Myklebust og Årset fått innvilga vinterskyss frå 1.-7. trinn. I framlegget til revidert reglement er det lagt inn heilårsskyss for elevar frå Buset på 1.-7. trinn og vinterskyss for elevar på 1.-7. trinn frå Myklebust og Årset. Høyringsuttale frå FAU ved Sæbø skule: FAU ved Sæbø skule stiller seg uforståande til forslaget om at elevar som ikkje fell under regelen om gratis skuleskyss, skal miste skyssen med unntak av tidsrommet 1.11-31.3. Utvalet viser til at trafikk- og vegtilhøva ikkje har betra seg sidan gjeldande skyssreglement var vedteke. Trafikken har auka og det er framleis ikkje gang-sykkelveg på strekninga Kvistad bru - Sæbø. I uttalen vert det lagt vekt på fonnfaren på den alternative vegen for strekninga Rise-Sæbø skule og at vinteren kan starte før 1. november og vare til lenge etter 1. april. Ein er også uroleg for at elevar i periodar med gjødselspreiing vil kunne drage med seg restar av møkk inn i klasseromma og dermed gi dårleg hygieniske forhold. Det vert vist til traktor-/gardstrafikk på sidevegane og at desse utgjer utryggleik for elevane. Vidare kan der vere førekomst av hjort som kan verke trugande mot born på skuleveg. På Kvistad-sida må elevane nytte ein veg som vert nytta til gardsveg for bøndene, og dette er også ei strekning som har rasfare; både snøras og jord-/steinras. FAU viser til at sistnemnde ras kan gå heile året og gardsvegen utgjer slik eit utrygt alternativ for elevane. FAU ved Sæbø skule krev at ein får behalde noverande skyssordning.
I framlegget til revidert reglement får elevane frå 1. - 4. trinn som bur på strekninga tilbod om gratis skyss heile året, medan elevane frå 5. - 10. trinn får tilbod om vinterskyss. Ved at elevane får vinterskyss vil ein sleppe at dei må gå langs uopplyste vegar, eller må vade gjennom store snømengder. Snøfall før 1. november og etter 1. april vil som oftast ikkje gjere det særleg vanskeleg eller farleg å ta seg fram. Rasa som har gått siste åra har vore innanfor den perioden som er dekt av tilbodet om vinterskyss. Strekninga har elles fine vegar som kan nyttast i sommarhalvåret, både på Rise-sida og på Kvistad-sida. Høyringsuttale frå Samarbeidsutvalet ved Velle skule: Samarbeidsutvalet (SU) ved Velle skule vurderer strekninga Sætrebakkane Velle skule som ein svært uttrygg skuleveg. Dei grunngjev vurderinga med at strekninga Sætrebakkane- Morkabrua ikkje har gang-/sykkelsti, at gangevegen frå Morkabrua til sentrum er smal og utan fysisk skilje mot E39 og at strekninga krev at elevane kryssar 7-8 gangfelt før elevane er framme ved skulen. Dei meiner at også at det ikkje er trygt å nytte Strandgata som alternativ rute fordi der ikkje er gang-sykkelveg, gata er smal og at det ved enkelte forretningar er eit uoversiktleg trafikkbilete for både køyrande og gåande. SU ved Velle skule viser til Opplæringslova 7-1: «Elevar som har særleg vanskeleg eller farleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda» og konkluderer med at elevar som må gå/sykle strekninga Sætrebakkane-Velle skule kjem inn under dette punktet. Strekninga er ikkje nemnd i gjeldande skyssreglement sidan Lystad skule framleis var i drift då reglementet var vedteke. Når elevane gjekk på Lystad skule, hadde dei ikkje skyss grunna særleg farleg eller vanskeleg veg (berre når det var uttalt fonnfare). Vi kan ikkje sjå at trafikkbiletet på Hagevegen er endra til det verre. I uttalen vert det sagt at elevane har to alternativ frå Morkabrua; langs E39/Kyrkjegata eller Strandgata. Elevane har også eit tredje alternativ ved å ta Vinjevollvegen innover mot sentrum, ei strekning mange elevar som er busette i sentrum har som skuleveg. Vi kan ikkje sjå at Hagevegen eller Vinjevollvegen/Strandgata som særleg vanskelege eller trafikkfarlege strekningar. Vi har gjort ei vurdering om alder og avstand gjer at yngre elevar bør få tilbod om skyss, og likeeins om manglande brøyting og gatelys kan gjere det særleg farleg eller vanskeleg å ferdast på strekninga vinterstid for dei yngste elevane. I framlegget til revidert skyssreglement får elevar frå 1.-4. trinn tilbod om heilårsskyss og elevar på 5.-7. trinn får tilbod om vinterskyss. Oppsummering: Endringa i skyssreglementet er nødvendig på grunn av endring i skulestrukturen, og endring i trafikk- og vegtilhøve. Grunna endringar i skulestrukturen er nokre strekningar ikkje nemnde i det heile i gjeldande skyssreglement. Dette gjeld spesielt strekninga Sætrefeltet Velle skule. Vi ser at det er rett å ta omsyn til elevane sin alder og avstanden til skulen når vi skal vurdere om ein skuleveg er ekstra farleg eller vanskeleg. Elevar med særskilde utfordringar i høve funksjonshemmingar har rett på skyss uavhengig av veglengd jf. Opplæringslova 7-3. Det er eit generelt ynskje at flest mogleg av elevane i Ørstaskulen går eller syklar til skulen. Barneskulane har ei grundig trafikkopplæring når elevane går på 4.trinn, og tradisjonelt har det vore vanleg at elevar får sykle til skulen aleine etter at trafikkopplæringa er gjennomført. Nokre skulevegar i kommunen går gjennom rasfarlege område, og vi har teke omsyn til dette i handsaminga av skyssreglementet for dei elevane som har kortare avstand enn 2 eller 4 km.
Framlegget til revidert skyssreglement for Ørsta kommune er utarbeidd etter ei samla vurdering av aktuelle vegstrekningar, vurderingar om rasfare, høyringsuttalane, elevane sin alder og avstanden til skulen. Vurdering og konklusjon: Levekårsutvalet vedtek framlegget til revidert skyssreglement for Ørsta kommune dagsett 18.5.2015. Verknadsdato: 1.8.2015 Ørsta, 18.05.2015 Wenche Solheim rådmann Kirsti Øye Driveklepp seksjonsleiar