Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Gloppen opplæringssenter Dato: Tid: Kl. 09:00

Like dokumenter
Møteinnkalling. Møtet startar med bedriftsbesøk hos Hjelpemiddelpartner i Skarsteinsbygget på Sandane. Sjølve møtet blir i 'kommunehuset' på Søreide.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Gloppen opplæringssenter Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:00

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: På søreide Dato: Tid: Kl. 14:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Valstyret Møtestad: I Trivselshagen på Sandane (kulturdelen) Dato: Tid: Kl.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:15. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Synfaring Sandane skule kl 09 / Heradshuset etterpå Dato Tid Kl.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad Gloppen ungdomsskule - GU-salen Dato Tid Kl. 12:45-12:50. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

EID KOMMUNE Kontrollutvalet i Eid kommune. Møteinnkalling. Møtedato: Møtestad: Eid rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Møteinnkalling. Møtestart blir rett etter kommunestyremøtet. Klokkeslettet er derfor usikkert.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Møtebok. Kontrollutvalet i Lærdal kommune. Møtedato: Møtetid: 12:30 15:30. Møtestad: Møterom 2. etasje Saksnr.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

2 av 38 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 013/16 16/339 Faste saker 014/16 16/331 Tilbod på økonomiske analys

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-15:00

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Austevoll kommune. Innkalling Viltnemnda. Sakliste

Møteinnkalling. Rådmannen tek også sikte på å legge fram att saka om Elvaneset, men har ikkje fått avklara om utbyggar/kjøpar kan møte denne dagen.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

Stryn kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteken i kommunestyresak 56/16 den

BOKN KOMMUNE Forvaltningsstyre HOVUDUTSKRIFT

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

Eid kontrollutval SEKOM-sekretariat

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING SAKLISTE

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 13:00

Naustdal kommune Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

Samnanger kommune Møteprotokoll

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONS- UTVALET

SELJE KOMMUNE Kontrollutvalet. Møteprotokoll. Møtedato: 28. FEBRUAR.2017 Møtetid: Kl. 13: Møtestad: Kommunehuset, 2 etg. Saksnr.

Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 09:00-11:00. Møtestad: Rådhuset, teknisk Saksnr.: 12/15 15/15

Møtedato: Møtetid: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Anders Haugen

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: På søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

SAMNANGER KOMMUNE 1 of 7 MØTEINNKALLING Utval: Arbeidsmiljøutvalet Møtedato Møtetid: Kl Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

Eid kontrollutval SEKOM-sekretariat

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Arbeidsmiljøutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 13:00 Møtestad: Samnangerheimen

Innleiing. Obligatoriske planar

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:30. Følgjande medlemar møtte

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Dato: Tid: Kl. 12:00-13:00

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:05. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Formannskapet. Innkalling

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

Møteinnkalling for Arbeidsmiljøutval

M Ø T E P R O T O K O L L. for KONTROLLUTVALET I VÅGSØY KOMMUNE

Samnanger kommune Møteprotokoll

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Formannskapet. Sakliste

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

Møteinnkalling for Formannskapet

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Side 2 av 10 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 004/ /1272 Faste saker 005/ /1210 Arbeidstid og sp

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Transkript:

Møteinnkalling Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Gloppen opplæringssenter Dato: 15.11.2017 Tid: Kl. 09:00 Den som har lovleg forfall eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er til tlf. 57 88 38 00 eller til servicetorget@gloppen.kommune.no slik at varamedlem kan bli kalla inn. Varamedlem møter etter nærare innkalling. Merk deg møtestaden! Sakliste Sak nr. Sakstittel 032/17 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste 033/17 Referat og orienteringssaker 034/17 Statusrapport for 2. tertial 2017 035/17 Kommunen sitt delegasjonsreglement Sandane, 8. juli 2017 Bernt Reed utvalsleiar Per Arne Strand oppvekstsjef

Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/13283 Saksbehandlar: Anvor Hauge Saksnr. Utval Møtedato 032/17 Oppvekstutvalet 15.11.2017 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste Utvalsleiar si tilråding: 1. Oppvekstutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 13. september 2017 2. Oppvekstutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 15. november 2017. Møteprotokollen frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiar om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.

Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/14030 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 033/17 Oppvekstutvalet 15.11.2017 Referat og orienteringssaker Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Orienteringssaker: Budsjett 2018 Første behandling av rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2018 kjem som tilleggssak på møtet. Saksframlegget blir skrive når budsjettframlegget er klart. Ordet fritt...

Arkiv: FE - 212, HIST - 16/534 JournalpostID: 17/13978 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 036/17 Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 034/17 Oppvekstutvalet 15.11.2017 087/17 MULTEK-utvalet 16.11.2017 Formannskapet Kommunestyret Statusrapport for 2. tertial 2017 Vedlegg i saka: 07.11.2017 Rapport 2-2017 Rådmannen si tilråding Kommunestyret tar rapporten for 2. tertial til orientering. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Vedlagt er ein kort statusrapport for 2. tertial (januar til august) 2017. Rådmannen har som sist laga ein samla rapport for alle sektorane, med mellom anna oversikter over skatteinngang, bruk av disposisjonsfond og sjukefråværet. Nytt av året er ein status for investeringsprosjekta. Når det gjeld sjukefråværet, kan det leggast fram detaljerte tal for kvart ansvar i budsjettet. Mange av ansvara har så få tilsette at slike detaljerte rapportar ikkje kan leggast fram i opne saker og drøftast i opne møte. --- Rådmannen sin hovudkonklusjon for 2. tertial er at det blir vanskeleg å unngå eit underskot på 2017- rekneskapen. Sjølv om vi har ein gledeleg auke både i folketal og skatteinntekter, aukar utgiftene meir enn rekna med. Det er naturleg nok dei store sektorane som slit med å halde budsjettet. Eg viser til kommenrtarane i rapporten. Investeringsoversikta viser som tidlegare år at vi er for optimistiske når det gjeld oppstart og framdrift på nokre av prosjekta. Vi greier ikkje å bruke så mykje pengar som budsjettert i oppstartsåret. Rådmannen kjem tilbake til kommunestyret med sluttrapport på enkeltprosjekt i lag med rekneskapsavslutninga for 2017. Det er nødvendig å betre den økonomiske styringa og oppfølginga av prosjekt. Dette gjeld både på driftssida og på investeringssida. Rådmannen meiner vi i løpet av 2018 bør få på plass ei controllerstilling på økonomiavdelinga, gjerne som ein trainee. Eg er heilt sikker på at vi vil ha igjen for dette økonomisk. Ei slik stilling både kan og bør finansierast som ein del av alle prosjekta. Rådmannen vil

kome tilbake til saka. --- Rådmannen seier seg lei for at rapporten ikkje har vore lagt fram tidlegare. Det skal bli betre til neste år. Saka blir lagt fram til orientering.

Arkiv: FE - 044, HIST - 14/944 JournalpostID: 17/12318 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 037/17 Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 035/17 Oppvekstutvalet 15.11.2017 088/17 MULTEK-utvalet 16.11.2017 Administrasjonsutvalet Formannskapet Kommunestyret Kommunen sitt delegasjonsreglement Vedlegg i saka: 27.09.2017 Rådmannen sin instruks - Gloppen kommune 07.11.2017 Delegasjonsreglement for Gloppen kommune Rådmannen si tilråding Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og 1. godkjenner for sin del delegasjonsreglementet for Gloppen kommune slik det er presentert i saka 2. tar til orientering den delegasjonen av oppgåver og mynde som rådmannen har gjort til sin administrasjon 3. opphevar rådmannen si instruks frå 1994. Kommunestyret viser til pkt 3 i sitt vedtak i sak 81/16 der tilrådingsretten i saker som blir lagt fram for folkevalde organ blir lagt til rådmannen. Unntaket frå dette er saker til kontrollutvalet og saker som gjeld val av folkevalde til verv og representasjon. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Etter 39, nr 2 i kommunelova skal kommunestyret sjølv «vedta reglement for delegasjon av avgjørelsesmyndighet og for innstillingsrett innen 31. desember året etter at kommunestyret og fylkestinget ble konstituert». Ei sak om dette vart lagt fram for kommunestyret den 26. september i 2016, og slikt vedtak vart gjort: 1. ( ) 2. Kommunestyret er innforstått med at rådmannen ikkje greier å legge fram eit delegasjonsreglement til politiske behandling innanfor den fristen kommunelova fastset, men ber rådmannen ha klart eit framlegg til politisk behandling seinast 1. mars 2017. 3. Kommunestyret vidarefører ordninga med at rådmannen tilrår i alle saker som blir lagt fram for folkevalde organ, unnateke kontrollutvalet, og vidare unnateke i saker som gjeld val av folkevalde til verv og representasjon. 4. Kommunestyret er samd rådmannen i at saka om ny instruks for rådmannen blir utsett til ny kommunelov er vedteken.

I samband med gjennomgangen av forvaltningsrevisjonsrapporten om saksgang og dokumenthandtering i kommunestyret den 15. juni i år vart fristen for å legge fram delegasjonsreglementet utsett til 31. desember 2017. Fakta i saka Rådmannen sitt framlegg til delegasjonsreglement er no klart. Reglementet er omfattande og er best tilgjengeleg på nettet under denne linken: https://delegering.kommuneforlaget.no/delegering/publikum?orgid=1445 Reglementet som ligg ved saka er ein utskriftsversjon, som ikkje er fullstendig. Reglementet brukar Kommuneforlaget sitt program KF Delegering. Dette programmet tar utgangspunkt i at det er mynde etter lovverket som skal delegerast. Rådmannen har supplert reglementet med det regelverket kommunen sjølv har vedteke slik at delegasjonsreglementet blir komplett. Til reglementet høyrer det ein framsidetekst som ikkje er med i papirversjonen, altså i vedlegget til saka. Denne ser slik ut: Dette er Gloppen kommune sitt delegasjonsreglement. I utgangspunktet er all kommunal avgjerdsrett lagt til kommunestyret. Fullmakter til administrasjonen frå folkevalde organ skal gjevast til rådmannen og ikkje direkte til andre tilsette. Dette følgjer av 23, 4. ledd i kommunelova. I reglementet ser du korleis avgjerdsretten er delegert. Delegering inndelt etter lovheimel finn du på venstre side og delegering inndelt etter organisasjonsstruktur finn du på høgre side. Sjå retningslinjene for bruk av delegert mynde. Sjå også - reglement for saksbehandling i folkevalde organ og - reglar for saksbehandling. Kommunen sin organisering Gloppen kommune er administrativt inndelt i to nivå under rådmannen: Nivå 1 er sektorleiarane og nivå 2 er einingsleiarane. Organisasjonssjefen har status som sektorleiar. Sektorleiarane er rådmenn for sine fagområde. Til saman utgjer rådmannen og sektorleiarane rådmannen si leiargruppe. Det er to typar «boksar» i organisasjonskartet: Boksar med heil strek rundt er ei organisatorisk eining, medan boksar med stipla linje anten er avdelingar eller funksjonar. Dei organisatoriske einingane har sjølvstendig ansvar for eigen økonomi, administrasjon og personell. Leiaren har eige budsjettansvar med tilhøyrande tilvisingsrett i økonomisystemet og er plassert i kap. 3.4.1 (sektorleiarane) og 3.4.2 (einingsleiarane) i hovudavtalen. Ansvar og oppgåver som etter lovverket er lagde til ein "institusjon" eller ei "teneste", t.d. ein skule etter opplæringslova eller til barnevernstenesta, er lagde til einingsleiar for "institusjonen" eller "tenesta", altså til rektor når vi snakkar om ein skule og til barnevernsleiar når vi snakkar og barnevernstenesta. Avdelingane og funksjonane i organisasjonskartet har som regel eigen fagansvarleg, men har ikkje sjølvstendig personal- eller økonomiansvar. Dette ansvaret litt til leiaren av eininga over. Spesielt om klage Reglane om klage og omgjering av vedtak følgjer av forvaltningslova. Klageorgan på enkeltvedtak etter særlov er Fylkesmannen. Dette gjeld uavhengig av kva kommunalt organ eller stilling som har gjort vedtaket.

Ein klage skal først behandlast av den som har fatta vedtaket det blir klaga på. Dette er behandling av klagen i underinstansen. I administrative vedtak, der Fylkesmannen er klageorgan, er det aktuelle hovudutvalet underinstans i klagesaka, dersom klagen ikkje er ein brukar-, pasient-, klient- eller elevklage. Klage på avslag om skuleskyss skal likevel behandlast av oppveksutvalet som underinstans. Godkjenning og oppdatering Kommunestyret sjølv skal etter kommunelova 39, nr 2 vedta delegasjonsreglementet i kvar valperiode. Dette er sist gjort i k-sak xx/17. Delegasjonsreglementet blir oppdatert fortløpande av rådmannen. Siste oppdatering er 18. oktober 2017. Slik rådmannen ser det, er det ikkje laga noko «ny rett» i reglementet. Kva som er meint med formuleringa i 11 i rådmannen sin gamle instruks om at «rådmannen har ei generell fullmakt til å utføre oppgåver og fatte vedtak på kommunen sine vegne i alle kurante saker etter særlov, dersom oppgåvene ikkje etter lova er lagt til spesielle organ», er no konkretisert. Det går tydeleg fram kven som «er kommunen» i dei lovparagrafane som opnar for delegering. Viss ikkje noko er sagt, er det kommunestyret som er kommunen. Rådmannen er klar over at ikkje alt kommunalt regelverk er oppdatert, men legg ikkje opp til ein gjennomgåande revisjon av dette. Meininga er å ajourføre det lokale regelverket når ei sak gjer dette aktuelt. Det kommunale regelverket er samla i ein lokal «lovdata»-base, som er lett tilgjengeleg både på heimesida vår og på intranettet. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen som direkte følgjer av denne saka. Rådmannen si vurdering Rådmannen er sjølvsagt lei seg for at det har gått så lang tid før delegasjonsreglementet har vore klar til politisk behandling. Som det forhåpentlegvis går fram av saka, ligg det eit stort og omfattande arbeid bak det reglementet som rådmannen no legg fram. Dette er sjølvsagt årsaka til at reglementet ikkje har kome før. Rådmannen har forhøyrt seg med nabokommunane om deira syn på ein instruks for rådmannen. Ingen av Nordfjord-kommunane har oppdaterte instruksar for rådmannen, og fleire seier i si tilbakemelding av det er delegasjonsreglementet som gjeld og at dette erstattar behovet for ein rådmannsinstruks. Rådmannen tilrår at dette blir gjort på same måten i Gloppen. Eg tilrår derfor at kommunestyret opphevar rådmannen sin instruks frå 1994 når delegasjonsreglementet no blir vedteke. Det følgjer av kommunelova 23, 4. ledd at folkevalde organ berre kan delegere fullmakter og oppgåver til rådmannen, og ikkje direkte til andre i administrasjonen. Når rådmannen no legg fram eit samla delegasjonsreglement til godkjenning, som også viser korleis rådmannen har delegert sine oppgåver og fullmakter, endrar dette sjølvsagt ikkje desse formalitetane. På same måte som folkevalde berre kan delegere til rådmannen, delegerer rådmannen ikkje forbi sine sektorleiarar. Når reglementet t.d. viser utmarksforvaltaren sine fullmakter, går det tydeleg fram at fullmakta går via teknisk sjef og landbrukssjefen ikkje direkte frå rådmannen til utmarksforvaltar. Rådmannen vil oppdatere reglementet forløpande, både når det kjem lovendringar og når det blir gjort nye delegeringsvedtak. For ordens skuld tar rådmannen med i tilrådinga punktet om tilrådingsrett/-plikt slik at saka samla

omhandlar dei forholda som 39, nr 2 i kommunelova seier noko om.