Rapport Nes kyrkje Rapport/notat etter skader i klokketårnet etter angrep av skadedyr 02 2016-06-18 Oppdatert rapport etter synfaring med verneombod Orsi 27. mai 2016. tes amo tes 01 2016-05-11 Rapport klokketårn Nes kyrkje tes amo tes Versjon Dato Omtale Utarbeidet Fagkontrollert Godkjent Dette dokumentet er utarbeida av Norconsult AS som del av det oppdraget som dokumentet omhandlar. Opphavsretten tilhøyrar Norconsult. Dokumentet må berre nyttast til det formål som går fram av oppdragsavtalen, og må ikkje kopierast eller gjerast tilgjengeleg på annan måte eller i større utstrekning enn formålet tilseier. n:\516\33\5163308\5 arbeidsdokumenter\52 rapportar\rapport nes kyrkje_revisjon 2.docx 2016-06-18 Side 1 av 5
1 Bakgrunn Norconsult AS i Sogndal vart kontakta av Luster kyrkjelege fellesråd med spørsmål om bistand til å vurdera bereevne/stabilitet til klokketårnet i Nes kyrkje. Kyrkja er frå 1836. Bakgrunnen for dette er «bekymringsmelding» frå Terje de Groot som arbeider med registrering av middelalderklokker i kyrkjebygga. Ved arbeid i Nes kyrkje i august 2015 (rapport frå Terje de Groot datert 26.08.2015), uttrykte han stor bekymring for fleire av berebjelkane i klokketårnet. Han påpeika at desse er «hardt angripe av trebiller», og tilrådde at bereevna til konstruksjonane burde utgreiast. 20. april 2016 utarbeidde skadedyrfirma Anticimex ein rapport basert på inspeksjon i kyrkja. Rapporten påpeikar at det er 4 bjelkar som har tydelege spor etter husbukk, og at desse som tiltak bør malast og/eller evt. skiftast. Rapporten seier ingenting om eit evt. skadeomfang. 2 Synfaring Nes kyrkje 28. april 2016 Underteikna deltok på synfaring i klokketårnet saman med kyrkjeverje Inga Reidun Sjøthun og kyrkjetenar Magnhild Skjerdal. Observasjonane som vart gjort stadfestar dei registreringane som kjem fram i rapporten til Terje de Groot (26.08.2015), og som skadedyrfirmaet Anticimex også har registrert i sin rapport datert 20. april 2016. Underteikna observerte og registrerte klokketårnet sine berande konstruksjonar visuelt og det vart tatt bilder. Det vart ikkje gjort målingar av konstruksjonane med omsyn til reduserte tverrsnitt på dei skadde stokkane, eller geometriske oppmålingar elles. Så langt har det ikkje lukkast å framskaffa teikningsmateriale av kyrkja. Det vart vidare registrert at det er gjort enkle tiltak (sjå bilder) der dei mest skadde stokkane er forsterka ved at det er sett inn «erstatningsstokkar» for desse. n:\516\33\5163308\5 arbeidsdokumenter\52 rapportar\rapport nes kyrkje_revisjon 2.docx 2016-06-18 Side 2 av 5
3 Tiltak Vi ser ingen umiddelbar fare med å nytta kyrkja og klokkene/klokketårnet som normalt. Det er likevel eit faktum at stokkane som er skadde representerer ei svekking av berekonstruksjonane, og at tilrådde tiltak såleis bør gjennomførast så snart som råd. Vi vil tilrå at tiltaka frå skadedyrfirmaet blir gjennomførte slik at ein sikrar at vidare angrep på treverket blir stoppa. Vidare vil vi tilrå at dei skadde stokkane blir skifta ut med tilnærma tilsvarande stokkar som dei originale, slik at ein i størst mogleg grad tilbakefører dei berande konstruksjonane til opprinneleg stand. Sogndal 11. mai 2016, Terje Reed Sørensen n:\516\33\5163308\5 arbeidsdokumenter\52 rapportar\rapport nes kyrkje_revisjon 2.docx 2016-06-18 Side 3 av 5
4 Synfaring Nes kyrkje 27. mai 2016 Etter ønskje frå verneombod Orsolya Szechey (Orsi) vart det i samråd med kyrkjeverge Inga Reidun Sjøtun halde ny synfaring i Nes kyrkje der Orsi og underteikna deltok. Dette med bakgrunn i spørsmål frå tilsette om tilstand og funksjon på enkelte stokkar/bjelkar som tilsynelatande er skadde og som ikkje var konkret omtala i rapporten. Vår rapport av 11.05.2016 er basert på ei generell synfaring der det vart gjort observasjonar basert på visuelle inntrykk. Det vart registrert at dei mest skadde stokkane tidlegare er forsterka og på den målten avlasta, slik at bygget (klokketårnet) sin konstruksjon er intakt. Det er påpeika at konstruksjonane er svekka og at det ut frå det bør gjerast tiltak. Nedanfor følgjer ei nærare skildring av dei bjelkane/stokkane det vart stilt spørsmål om. 4.1 Bjelkar i 2. høgda På biletet nedanfor er det vist bjelke som har skade etter angrep av skadedyr. Denne bør også vurderast skifta eller forsterka. Vi vil vidare tilrå at panelkledning (også den som ikkje er vist på bildet) blir tatt ned slik at ein kan inspisera dei bakanforliggande konstruksjonane. 4.2 Tiltak og utbetring I tillegg til det som er omtala under pkt. 3 Tiltak, vil vi tilrå at huseigar tek kontakt med ein erfaren tømrar og saman med han gjer vurderingar av korleis dei skadde stokkane på best vis kan skiftast. Byggverket sin konstruksjon er av ein slik art at det fleire stader kan medføra til dels omfattande arbeid å få skifta ein enkelt stokk. n:\516\33\5163308\5 arbeidsdokumenter\52 rapportar\rapport nes kyrkje_revisjon 2.docx 2016-06-18 Side 4 av 5
Etter vårt syn vil ei slik tilnærming til problemstillinga ein her står overfor vera den beste måten å gripa an arbeida på. Dersom det er ønskjeleg kan vi gjerne delta på ei slik synfaring der ein i fellesskap vurderer kva som skal gjerast, og korleis det best kan utførast. Slik situasjonen er pr. i dag, er det knytt ei viss usikkerheit blant brukarar og huseigar til kva forfatning byggverket er i. Som vi tidlegare har påpeika er det eit faktum at deler av konstruksjonane er skadde og dermed svekka. Vi vil såleis tilrå at tiltaka som skildra blir gjennomførte så snart som råd. Sogndal 18. juni 2016, Terje Reed Sørensen n:\516\33\5163308\5 arbeidsdokumenter\52 rapportar\rapport nes kyrkje_revisjon 2.docx 2016-06-18 Side 5 av 5