Revidering av kommunedelplan for oppvekst 2013-2025 - Struktur
INNHOLD 1. BAKGRUNN OG MÅL... 3 1.1 BAKGRUNN... 3 1.2 MÅL... 3 2. FØRINGAR... 3 3. INNHALD... 4 3.1 FOLKETALSUTVIKLING... 4 3.2 TAL KLASSER, KLASSESTORLEIK OG ORGANISERING AV SFO... 4 3.3 ROMKAPASITET... 4 3.4 KRINSENDRING... 4 3.5 SKYSS... 4 3.6 OVERGANGSPROSESSAR FOR ELEVANE... 5 3.7 OVERGANGSPROSESSER FOR DEI TILSETTE... 5 3.8 BARNEHAGESTRUKTUR... 5 3.9 VERKNADER FOR DRIFT... 5 3.10 SAMFUNNSVERKNADER... 5 3.11 ETTERBRUK AV BYGGA... 5 4. ORGANISERING... 6 4.1 ORGANISASJONSPLAN... 6 4.2 MEDVERKNAD... 7 4.3 FRAMDRIFT... 7 2
1. BAKGRUNN OG MÅL 1.1 BAKGRUNN Kommunestyret vedtok 15.12.16 budsjett og økonomiplan for perioden 2017-2020. Dette vedtaket omfattar ei utgreiing av nedlegging av Bryggja og Holvik skule frå og med skuleåret 2018/2019. Som følgje av dette skal det utarbeidast ein plan for endringar i skulestrukturen i Vågsøy kommune. Planen vil vere ein del av Kommunedelplan for oppvekst, men vil ikkje omhandle andre delar enn strukturendring. Planen skal utarbeidast i samsvar med plan- og bygningslova. Som grunnlag for planarbeidet er det difor utarbeidd eit planprogram som avklarar målsetting, rammer og premissar for planarbeidet. Planprogrammet skal skildre aktuelle drøftingstema, utgreiingsbehov, framdriftsplan og korleis ein vil legge opp til medverknad i planprosessen. Planprogrammet skal leggjast ut til offentleg ettersyn i 6 veker og endeleg vedtakast av kommunestyret. Det vedtekne planprogrammet skal leggjast til grunn for arbeidet med mål, retningslinjer og tiltak i planen for revidering av kommunedelplan for oppvekst struktur. 1.2 MÅL Målet med planen er å gje eit oversikteleg bilete av situasjonen ved endring av skulestruktur ved eventuell nedlegging av Bryggja og Holvik skule. Plana skal også sikre ei god overføring for elever og tilsette ved eventuell nedlegging. Nedlegging av Holvik skule vil kunne gje følgjer for barnehagestrukturen i kommunen, planen vil difor utgreie eventuell nedlegging av Skramsmarka barnehage med overflytting til Holvik barnehage. 2. FØRINGAR Planen skal ivareta føringar gitt gjennom : - Opplæringslova med forskrifter - Barnehagelova med forskrifter - Forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule - Kommuneplan - Kommunedelplan for oppvekst - Analysedelen til gjeldande strukturplan 3
3. INNHALD 3.1 FOLKETALSUTVIKLING Prognosar for folketalsutvikling er eit viktig grunnlag for diskusjon om utvikling av tenestetilbod, struktur og framtidige kommunale investeringar. Planen skal gje ei oversiktelig framstilling av framskriving av folketalet innanfor dei aktuelle aldersgrupper. Framstillinga skal vise utvikling i kommunen som heilhet og innanfor dei ulike skulekrinsane. 3.2 TAL KLASSER, KLASSESTORLEIK OG ORGANISERING AV SFO Ei utgreiing vil vise tal på klasser og klassestorleik i mottaks-skulane Skavøypoll og Skram etter flytting av elevane frå Bryggja og Holvik skule. Bryggja skule har i dag 41 elevar, Holvik har 45. Desse elevane fordelast på sju trinn på dei to mottaksskulane. Oppfylling i klassane vil vise om det eventuelt er behov for klassedeling. Organisering av SFO-tilbodet må også utgreiast med tanke på at det kan bli fleire barn i SFO på Skavøypoll og Skram skule. 3.3 ROMKAPASITET Romkapasiteten ved mottaks-skulane heng saman med tal klasser ved skulane. Kapasiteten ved skulane må utgreiast, og utbetringsbehov skal skisserast både i mot fysiske endringar og økonomi. 3.4 KRINSENDRING Som ei følgje av nedlegging av Bryggja og Holvik skule vil det gjerast ei endring i krinsgrensene. 8-1 i Opplæringslova slår fast elevens rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til. Krinsgrensene må endrast for å ivareta dette nærskuleprinsippet. I Vågsøy kommune er skulekrinsgrensene gitt i forskrift, i det høve må det vedtakast ei forskriftsendring i samband ved handsaming av planen. 3.5 SKYSS Ved nedlegging av to skular aukar behovet for skuleskyss. Alle elevane frå Bryggja og Holvik vil truleg måtte nytte skuleskyss. Planen vil gjere greie for skuleskyss i høve organisering og økonomi. 4
3.6 OVERGANGSPROSESSER FOR ELEVANE For å sikre elevane frå Bryggja og Holvik skule ein god overgang til ein ny skule, vil det utarbeidast ein eigen plan for dette. Kommunen har innarbeid gode prosesser for overgangar gjennom skuleløpet, og desse erfaringa vil ein ta med seg inn i arbeidet med denne planen. 3.7 OVERGANGSPROSESSER FOR DEI TILSETTE Også for dei tilsette er det viktig å sikre god overgang til ny arbeidsplass. Dei fast tilsette, er tilsett i Vågsøy kommunen med arbeidsstad pt. Dei tilsette vil bli følgd opp etter Hovudavtalen. Det er så stor utskifting av tilsette gjennom 2 år at det ikkje vert vurdert som truleg at nokon av dei fast tilsette må slutte som konsekvens av ei nedlegging. Det vil bli sett i verk tiltak for å sikre eit godt pedagogisk tilbod ved skulane fram til hausten 2018, med anna gjennom redusert høve til å byte arbeidsplass innan kommunen. 3.8 BARNEHAGESTRUKTUR Nedlegging av Holvik skule vil kunne gje følgjer for barnehagestrukturen i kommunen. Ved flytting av elevane frå Holvik til Skram vil Holvik barnehage kunne disponere eit stort areal. Dette arealet er så stort at det kan romme to av dei kommunale barnehagane samla. Ein bør difor vurdere strukturendring i barnehagesektoren. Ei mogleg løysing er å flytte Skramsmarka barnehage til Holvik. Det må utgreiast verknader som økonomi, pedagogisk tilbod, trafikkale utfordringar mm. 3.9 VERKNADER FOR DRIFT Planen vil gje ei oversikt over dei totale økonomiske konsekvensane av det som er skissert. Det vil med anna omfatte kostnader til flytting, utbetring, skyss og innsparingar på drift og lønnsutgifter. 3.10 SAMFUNNSVERKNADER Nedlegging av to skuler involverar ikkje berre elevar og tilsette. Planen vil sjå på kva for konsekvensar ei strukturendring får for dei lokalsamfunna som vert berørt. 3.11 ETTERBRUK AV BYGGA Ved ei eventuell nedlegging frigjerast to kommunale bygg. Vidare bruk av bygningane vil bli belyst i planen. 5
4. ORGANISERING 4.1 ORGANISASJONSPLAN For å sikre at mange partar vert delaktig i planarbeidet er det vedteke at det vert oppnemnt ei prosjektgruppe. For einskilde deler av planen kan prosjektgruppa oppnemne eigne arbeidsgrupper og utarbeide eigne mandat for desse delarbeida. Forhold som oppstår og som ikkje kan løysast innanfor prosjektgruppa, skal takast opp med rådmannen eller leggjast fram for styringsgruppa av prosjektleiar. Prosjektleiar rapporterer til rådmannen. Oppdragsgjevar Kommunestyret Prosjektansvarleg Rådmann Styringsgruppe Rådmannsteamet Prosjektleiar Ellen Jåvold, kommunalsjef Prosjektgruppe: Prosjektmedarbeidar/sekretær: Rådgjevar Line Dalelv Prosjektgruppemedlem: Rektor Bryggja skule Prosjektgruppemedlem: Rektor Holvik skule Prosjektgruppemedlem: Rektor Skavøypoll skule Prosjektgruppemedlem: Rektor Skram skule Prosjektgruppemedlem: HTV Utdanningsforbundet Prosjektgruppemedlem: 1 representant frå KFU Referansegruppe Oppvekst og kulturutvalet 6
4.2 MEDVERKNAD Innbyggjarane skal inviterast til å medverke i planlegginga. Tenesteleiarane skal legge opp til medverknad innanfor sine område. Planprogrammet og planframlegget skal leggast ut til offentleg ettersyn. Det vil og vert halde opne møter i samband med høyring på planframlegget. Tenesteleiarane i kommunen vil holdast løpande orientert om arbeidet gjennom tenesteleiarsamlingar, foreldremedverknad sikrast gjennom felles kommunalt foreldreutval, skulane sine FAU og foreldremøte. 4.3 FRAMDRIFT 2017, jan-sept 1 2 3 4 5 6 7 8 9 Planprogram, vedtak OK 31.01, FS 02.02 Offentlig ettersyn planprogram 03.02-17.03 Utarbeiding av plan, vedtak offentlig ettersyn OK06.05, FS 08.06 Offentleg ettersyn av planframlegg 09.06-04.08 Innarbeiding av merknader Vedtak av plan i OK 05.09, FS 07.09 K 21.09 7
8