Møte i Hovudutval for samferdsle den

Like dokumenter
Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode

MØTEBOK. Hovudutval for samferdsle. Møtedato Kl. Kl 15:00 19:30

Saksprotokoll. Budsjett 2015 / Økonomiplan Prioritering av oppgåver på samferdslesektoren

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Blix Hotell, Vik Møtedato: Tid: 09:15 14:45. A.

I føreliggjande sak er det utgreidd tre ulike alternativ, med tilhøyrande kostnadsoverslag:

1. Opsjonen på ferjesambandet bør ikkje nyttast. Ny kontraktsperiode bør vere frå januar 2017.

Innspel til Regional transportplan

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Tunnelsikring i Sogn og Fjordane innspel til fellesmøte i Førde. Nils Magne Slinde

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Møteprotokoll for Formannskapet

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: 27/13 12/114 Kommunale bustader - oppfølging av rapport frå arbeidsgruppe.

Omklassifisering av delstrekningar fv 4 i Gulen kommune

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

MØTEBOK. Jenny Følling, Sp Anders Ryssdal, Sp Karen Marie Hjelmeseter, Sp Frank Willy Djuvik, FrP Marit Barsnes Krogsæter, V Trude Brosvik, KrF

1. Samandrag I sak 13/12 vedtok hovudutval for samferdsle m.a. at strekninga Ånneland - Skipavika vert omklassifiserte frå fylkesveg til kommunal veg.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Søknad om nye ruteløyve for Nordfjordekspressen og Møreekspressen : : : Sett inn innstillingen under denne linja

1. Hovudutvalet for opplæring sluttar seg til fylkesdirektøren si skisse til konkretisering av budsjettet for 2017.

statens vegvesen Saksbehandler/innvalgsnr: Roald Gulbrandsøy

Fylkes utva let vedtok at sak 70 og 71 skulle handsama st for lukka dø rer, jf. kommunelova 31, nr. 2, og 31, nr. 5.

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Til å skriva under møteboka saman med fylkesordføraren vart Beate Husa og Terje Kollbotn valde.

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

SELJE KOMMUNE Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtebok

Møteprotokoll. Sakliste

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Vår ref. 2016/ Dersom du vurderer å klaga på vedtaket, viser vi til reglane i forvaltningslova samt eventuelt bestemmelsar i særlov om klage.

Kostnadsreduksjonar innan samferdsle

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

Omklassifisering av fylkesveg til riksveg

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: 11/12 11/893 Søknad om bygging av landbruksveg - Baukasengvegen

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

Bompengepakken Stord vestside - søknad om forlenga innkrevingsperiode

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

MØTEBOK. Finansutvalet. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Samnanger kommune Møteprotokoll

Møteprotokoll (09/1432)

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Fylkeshuset, møterom Skåla. Møtedato Kl

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

MØTEBOK. Nils P. Støyva, Ap Karen Marie Hjelmeseter, Sp Noralv Distad, H Frank Willy Djuvik, FrP Marit Barsnes Krogsæter, V Trude Brosvik, KrF

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Investeringsprogram for fylkesvegnettet til RTP. Presentasjon

Rehabilitering av tunnelar i Sogn og Fjordane Tunneltryggleiksforskrifta

E39, hp. 13 Lepsøykrysset

FYLKESKOMMUNAL FORSKOTTERING TIL FRAMSKUNDING AV E39 SVEGATJØRN-RÅDAL ANLEGGSVEG TIL ENDELAUSMARKA

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 14/627-1

SAKSLISTE MØTEINNKALLING. HOVUDUTVAL FOR SAMFERDSLE Raftevolds Hotel, Hornindal Møtedato: Tid: 11:00

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Standard på fylkesvegane i Sogn og Fjordane

Total kostnad forfall fylkesvegnettet fordelt på fylke

Innkalling til Samferdsleutvalet

Fv 550 Kråkevik Syreflot ferdigstilling av planarbeid

Status tunneloppgradering i Region vest, januar Ferdige tunnelar

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar: Medlemmar med tale- og framleggsrett:

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

GBNR 25/1 m.fl. - Berge Midtre - Godkjenning av detaljregulering for Berge Naturstein Eigengodkjenning

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

TILLEGGSINNKALLING. Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.16:00. Utval:

Bygging av Fv 107 Jondalstunnelen

MØTE PROTOKOLL. Forfall til møtet: Alfred Bjørlo (V) (ikkje meldt forfall) Senea Sabanovic (Ap) Trude Brosvik (KrF)

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

MØTEBOK. Møtebok Kontrollutvalet Kontrollutvalet. Fylkeshuset, Hermansverk, møterom Skåla. Møtedato Kl.

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

MØTE B OK. Møtebok Fylkesutvalet Fylkesutvalet. Møtedato Kl. 14:

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Dan Helge Bjørneset Medlem H

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Fylkesbudsjett 2016 Fordeling av planleggingsmidlar fylkesveg : : : Sett inn innstillingen under denne linja

SOGN driftig raus ekte

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

Oppfølging etter forvaltningsrevisjon - Innkjøp og oppfølging av kollektivtransport

Revidert Vest 39 Samla finansierings- og utbyggingsplan for E 39 Kyststamvegen. Ny handsaming i Vestlandsrådet 22. april

Høyring - Kystruta Bergen - Kirkenes Ny konkurranseutsetting

Ruteendringar frå 19. juni 2016

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Forfall meldast snarest til eller tlf

Fylkesvegane i Hordaland - Plan- og byggeprogram 2017

MØTEINNKALLING. FYLKESRÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Fylkeshuset - Leikanger Møtedato: Tid: 10:30

Endra konkurransesituasjon, løns- og drivstoffkostnader og at reiarlaga prisar risiko høgare, er dei viktigaste årsakene til at prisane går opp.

2015/ Høyring - "Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet"

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

MØTEPROTOKOLL. Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Finansiering av oppgradering etter tunnelsikkerheitsforskrifta

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Vik Ørsta as Møtedato: Tid: A. Desse møtte

Justis - og beredskapsministeren sitt besøk i Aurland

Fjordvegen Årskonferanse 8. mai 2018 i Vik

Transkript:

Side 1 av 1 Samferdsleavdelinga Medlemane Fylkesrådmannen Regionvegsjefen Sakshandsamar: Oddveig Hove E-post: Oddveig.Hove@sfj.no Tlf.: 57 65 62 43 Vår ref. Sak nr.: 14/358-1 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 1811/14 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 16.01.2014 Møte i Hovudutval for samferdsle den 22.01.2014. Det vert med dette kalla inn til videomøte den 22. januar. Tidspunkt kl 14:00 Møtestad: Arnstein Menes og Odd Atle Stegegjerdet Jølstra, Fylkeshuset Ole Gunnar Krakhellen, Bjørg Bergheim, Frank Willy Djuvik og Norunn Lunde Furnes - Storehagen, Førde Helen Hjertaas- Måløy vidaregåande skule Anders Ryssdal og Olin Johanne Henden - Firda vidareågande Medlemar som ikkje kan møte må melde frå til Oddveig Hove, tlf 57656243/48032767 eller e- post oddveig.hove@sfj.no, snarast. Med helsing Velaug Veum fylkesdirektør Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift Kopi til: Varamedlemane Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57656100 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA

MØTEBOK Organ Møtestad Hovudutval for samferdsle Videomøte Møtedato 22.01.2014 Kl. Kl 14:00 15:30 Faste medlemer til stades: Arnstein Menes Sp Helen Hjertaas Ap Odd Atle Stegegjerdet Ap Olin Johanne Henden H Ole Gunnar Krakhellen H Norunn Lunde Furnes Krf Forfall til møtet: Anders Ryssdal Sp Bjørg Bergheim Sp Frank Willy Djuvik Frp Varamedlemer til stades: Jan Herstad SP Martine Stensrud Holsæter SP Det møtte ingen var for Frank Willy Djuvik Til stades med møte- og talerett: Sekretariat for møtet: Velaug Veum Oddveig Hove Ingen merknader til innkalling og sakliste. Munnleg orientering: Fylkeskryssande bussruter, Øystein Hunvik

Møtebok Hovudutval for samferdsle 22.01.2014 SAK 1/14 Reduksjon av budsjett 2014 som følgje av redusert ramme frå Kap. 551, post 60 &&& Fyll inn behandlingen av saken under denne linjen &&& Fyll inn behandlingen av saken over denne linjen VEDTAK: &&& Fyll inn vedtaket i saken under denne linjen Saka vart utsett. &&& Fyll inn vedtaket i saken over denne linjen -------------------------------------------------------- SAK 2/14 Utbetring av Høyangertunnelen &&& Fyll inn behandlingen av saken under denne linjen Frå fylkesdirektøren låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle til å gjere slikt vedtak: 1. Høyangertunnelen skal utbetrast innanfor ei kostnadsramme på 200 mill. kr. 2. Kostnadane skal dekkast innanfor rammene til vedlikehald av fylkesvegnettet i 2014-2016. Endringsframlegg: Høgre sette fram slikt framlegg til nytt punkt 3: Det vert utgreidd kva installering av naudnett vil koste. Når denne utgreiinga av kostnad er gjennomført vil det vurderast om dette skal takast inn i det pågåande prosjektet med utbetring av Høyangertunnelen. Avrøysting: Fylkesdirektøren sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Olin Johanne Henden, Ole Gunnar Krakhellen, Arnstein Menes, Martine Stensrud Holsæter, Jan Herstad og Norunn Lunde Furnes, røysta for framlegget frå Høgre. Odd Atle Stegegjerdet og Helen Hjertaas, røysta mot. &&& Fyll inn behandlingen av saken over denne linjen Dette gir følgjande VEDTAK: &&& Fyll inn vedtaket i saken under denne linjen Side 2 av 4

Møtebok Hovudutval for samferdsle 22.01.2014 1. Høyangertunnelen skal utbetrast innanfor ei kostnadsramme på 200 mill. kr. 2. Kostnadane skal dekkast innanfor rammene til vedlikehald av fylkesvegnettet i 2014-2016. 3. Det vert utgreidd kva installering av naudnett vil koste. Når denne utgreiinga av kostnad er gjennomført vil det vurderast om dette skal takast inn i det pågåande prosjektet med utbetring av Høyangertunnelen. &&& Fyll inn vedtaket i saken over denne linjen -------------------------------------------------------- SAK 3/14 Mindre rassikringstiltak 2014 &&& Fyll inn behandlingen av saken under denne linjen &&& Fyll inn behandlingen av saken over denne linjen VEDTAK: &&& Fyll inn vedtaket i saken under denne linjen Midlar til mindre rassikringstiltak i 2014 vert fordelt slik: Fv. 53 Finnsåstunnelen vest - Naddvik9 mill. kr Fv. 55 Vadheimstunnelen vest - Vadheim1 mill. kr &&& Fyll inn vedtaket i saken over denne linjen -------------------------------------------------------- SAK 4/14 Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode &&& Fyll inn behandlingen av saken under denne linjen Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkesrådmannen sitt framlegg til rutetabell for 3-ferjeløysinga på sambandet Vangsnes - Hella - Dragsvik bør leggast til grunn ved anbodsutlysinga. Jf. saksframstillinga. 2 Dersom det vert 3-ferjeløysing heile året, bør det fråvikast stiv rutetabell frå Dragsvik til Hella med avgangstid kl. 10.25 og kl. 13.25 frå Dragsvik. 3 Statens vegvesen må utarbeide ny rutetabell for Mannheller - Fodnes der det vert teke omsyn til at det vert bygd ny liggekai på Mannheller. Side 3 av 4

Møtebok Hovudutval for samferdsle 22.01.2014 4 Ny liggekai på Mannheller må ferdigstillast i 2015 slik at den vert ferdig til anbodskontrakt med nye rutetider. 5 Dersom det vert endra avgangstid frå Fodnes til kl.21.30, må avgangen frå Hella endrast til kl. 23.00. Endringsframlegg: Hovudutval for samferdsle sette fram slikt framlegg til endring: Nytt punkt 1: Fylkeskommunen ber om at ein ikkje gjer seg nytte av opsjonen. Endring i punkt 4: Ny liggekai på Mannheller må ferdigstillast i 2015 slik at den vert ferdig til anbodskontrakt med nye rutetider frå januar 2016. Avrøysting: Framlegget frå fylkesdirektøren med endringsframlegget frå hovudutvalet vart samrøystes vedteke. &&& Fyll inn behandlingen av saken over denne linjen Dette gir følgjande VEDTAK: &&& Fyll inn vedtaket i saken under denne linjen Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen ber om at ein ikkje gjer seg nytte av opsjonen. 2 Fylkesrådmannen sitt framlegg til rutetabell for 3-ferjeløysinga på sambandet Vangsnes - Hella - Dragsvik bør leggast til grunn ved anbodsutlysinga. Jf. saksframstillinga. 3 Dersom det vert 3-ferjeløysing heile året, bør det fråvikast stiv rutetabell frå Dragsvik til Hella med avgangstid kl. 10.25 og kl. 13.25 frå Dragsvik. 4 Statens vegvesen må utarbeide ny rutetabell for Mannheller - Fodnes der det vert teke omsyn til at det vert bygd ny liggekai på Mannheller. 5 Ny liggekai på Mannheller må ferdigstillast i 2015 slik at den vert ferdig til anbodskontrakt med nye rutetider frå 2016. 6 Dersom det vert endra avgangstid frå Fodnes til kl.21.30, må avgangen frå Hella endrast til kl. 23.00. &&& Fyll inn vedtaket i saken over denne linjen -------------------------------------------------------- Side 4 av 4

Side 1 av 3 Saksbehandlar: Kristin Arnestad Avdeling: Næringsavdelinga Sak nr.: 13/6046-4 Reduksjon av budsjett 2014 som følgje av redusert ramme frå Kap. 551, post 60 Fylkesrådmannen rår hovudutval for plan og næring til å gje slik tilråding: Hovudutval for plan og næring rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding: Hovudutvalet for samferdsle rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1. Budsjett 2014, vedtatt av fylkestinget i sak 55/13, blir redusert med 5,6 mill. kr (regionale utviklingsmidlar). Reduksjonen vert fordelt slik: Reduksjon plan og næring 2014 Programområde 700 Tenesteområde 7002 bransjeretta satsingar (reiseliv) - 400 000 Tenesteområde 7005 nyskaping (kommunale næringsfond) - 1 000 000 Programområde 715 Tenesteområde 7152 lokalt plan og utviklingsarbeid (småkommuneprogrammet) - 2 400 000 Reduksjon samferdsle 2014 Programområde 722 Tenesteområde 7222 fylkesvegar drift og vedlikehald (netto) - 1 800 000 2. Vedtaket blir gjort i tråd med kommunelova 13 og fylkeskommunen sitt delegeringsreglement som opnar for at fylkesutvalet kan ta avgjerd i hastesaker. Andre dokument som ikkje ligg ved: Budsjett 2014/Økonomiplan 2014-2017

Side 2 av 3 SAKSFRAMSTILLING 1. Bakgrunn Bakgrunn for at saka er reist - redusert ramme frå Kap. 551, post 60 Vi har no mottatt tilsegnsbrev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for Kap. 551, post 60 tilskot til fylkeskommunar regional utvikling for 2014. Dette viser at vi får 74,4 mill. kr. Dette er 5,6 mill. kr. mindre enn føresett i fylkestinget sitt budsjett for 2014. Problemanalyse - avgjerd Budsjettet blei vedteke av fylkestinget i desember 2013. Det er fylkestinget som i utgangspunktet kan gjere endringar i budsjettvedtaket. Kommunelova 13, og fylkeskommunen sitt eige delegeringsreglement, opnar likevel for at fylkesutvalet kan ta avgjerd i saker som skulle vore avgjort av fylkestinget. Dette gjeld når det er naudsynst at det vert teke avgjerd så snart at det ikkje er høve til å kalle saman fylkestinget. Det vil skape utfordringar både for fylkeskommunen og for eksterne partar dersom endeleg budsjettet ikkje kan avklarast no. Fylkesrådmannen legg difor opp til at nemnde regel her bør kunne nyttast. Føringar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet I tilsegnsbrevet for Kap. 551, post 60, har regjeringa teke inn ei formulering om at bedriftsretta tiltak med føremål å utvikle arbeidsplassar og bidra til verdiskaping vert prioritert. Innsatsen skal særleg prioriterast mot entreprenørskap og innovasjon, og tiltak retta mot næringsretta kompetanse, næringsretta infrastruktur og nærings- og innovasjonsmiljø. Skjønnstilskot til kommunale næringsfond og småkommuneprogrammet er teke vekk. Departementet skriv at dette ikkje skal forståast slik at dette ikkje er viktige verkemidel. Fylkeskommunane bestemmer no sjølv ramma til kommunane. 2. Vurdering Tilnærming I tilleggsproposisjonen blei posten «opprusting og fornying av fylkesvegar» styrka. For Sogn og Fjordane sin del utgjorde auken 20 mill. kr. Denne styrkinga blei i hovudsak finansiert ved å redusere midlane frå KMD. Dei nemnde vegmidlane blei tildelt som ein del av rammetilskotet og er såleis frie midlar. Reduksjonen i posten «tilskot til fylkeskommunar - regional utvikling» resulterte i at finansutvalet i utgangspunktet vedtok å redusere sektoren plan og næring tilsvarande. Det vart samstundes lagt opp til at frigjorde midlar vidare i budsjettprosessen vart kanalisert mot plan og næring for å bøte på noko av dette kuttet. Fylkestinget følgde den regjeringa sitt opplegg, og gjorde ikkje om fordelinga mellom samferdsle og regional utvikling. I budsjettopplegget vedtatt av fylkestinget blei såleis heile auken knytt til fylkesvegar lagt til samferdsleramma. Når budsjettet no må reduserast med ytterlegare 5,6 mill. kr. meiner fylkesrådmannen vi må sjå på kvar i budsjettet reduksjonane får minst konsekvensar. Fylkesrådmannen rår difor til ei løysing der reduksjonen blir fordelt mellom sektoren plan og næring og sektoren samferdsle.

Side 3 av 3 Sektoren plan og næring Sektoren måtte ta ein større reduksjon i budsjettet for 2014. For 2014 ligg det inne mykje bindingar på sektoren. Det er såleis ikkje mykje midlar forvalta av fylkeskommunen sjølve. I framlegg til reduksjon har fylkesrådmannen teke utgangspunkt i dei tenesteområda der det er midlar utan bindingar. Innan næringsutvikling er det føresett at bedriftsretta innsats blir prioritert. Kommunale næringsfond og Innovasjon Norge er den direkte bedriftsretta innsatsen vår. Fylkesrådmannen vil difor tilrå å i størst mogleg grad skjerme desse områda. Reiseliv Det står 0,8 mill. kr. til båtrutesatsing på Sognefjorden i budsjettet. HPN har fått fullmakt til å vurdere dette tilskotet. Det blei gitt tilskot til to båtrutetilbod (Fjærlandsfjorden og Nærøyfjorden), men no ser vi at berre den eine ruta vert sett opp i 2014. Det er såleis trong for 0,4 mill. kr. til Fjærlandsfjorden, medan 0,4 mill. kr. er disponible. Kommunale næringsfond Det er sett av 15,63 mill. kr. i kommunale næringsfond, noko som var eit kutt på 3 mill. kr. før budsjettvedtaket. Midlane er ein viktig del av den bedriftsretta innsatsen, og sentrale for at kommunane skal ta rolla si som støttespelarar for etablerarar og lokalt næringsliv. Ein mindre reduksjon vil likevel føre til små summar for den einskilde kommune. Sidan det er lite rom for reduksjon andre stader, ser fylkesrådmannen seg nøydd til å føreslå ein reduksjon på 1 mill. kr. til kommunale næringsfond. Omstilling I budsjettet ligg det inne ein relativ stor reduksjon på omstilling, som aukar utover i planperioden. Tildelingsbrevet legg opp til eit skjønnstilskot på 10 mill. kr. Dette samsvarar med avgått regjering sitt framlegg. I budsjettet har vi lagt inn 7,057 mill. kr. og fylkesrådmannen rår til å halde på denne summen då midlane frå KMD ikkje er øyremerka og kan omprioriterast. Småkommuneprogrammet I førre regjering sitt budsjett låg eit skjønnstilskot på 2,4 mill. kr. til småkommuneprogrammet. I tilsegnsbrevet er dette skjønnstilskotet fjerna. Det er framleis mogleg å vere med i satsinga, men då må fylkeskommunane prioritere å sette av midlar sjølve. Satsinga starta i 2013, og dei to kommunane som er med er ikkje kome så langt i arbeidet. Sjølv om dette kunne vore eit nyttig arbeid, finn fylkesrådmannen ikkje rom for å prioritere midlar til dette arbeidet vidare. Sektoren samferdsle Fylkesvegar - drift og vedlikehald Tenesteområde fylkesvegar drift og vedlikehald blei auka med 20 mill. kr. som følgje av at regjeringa omprioriterte midlar mellom regional utvikling og samferdsle. Midlane er tildelt som rammetilskot, og er såleis frie midlar. Fylkesrådmannen legg difor til grunn at ein mindre reduksjon innan samferdslesektoren må kunne takast på dette området (1,8 mill.kr). 3. Konklusjon og tilråding Budsjett 2014 vedtatt av fylkestinget i sak 55/13 må reduserast med 5,6 mill. kr. grunna rammeløyving frå Statsbudsjettet kap. 551, post 60 som er lågare enn det som vart lagt til grunn i budsjettvedtaket. Fylkesrådmannen rår til at reduksjonen vert fordelt slik tilrådinga til vedtak legg opp til. Det vert vidare føresett at summen til omstilling i budsjettvedtaket blir ståande og ikkje følgjer skjønnstilskotet.

Saksprotokoll Organ: Hovudutval for samferdsle Møtedato: 22.01.2014 Sak nr.: 13/6046-6 Internt l.nr. 2594/14 Sak: 1/14 Tittel: Reduksjon av budsjett 2014 som følgje av redusert ramme frå Kap. 551, post 60 Behandling: Dette gir følgjande endeleg vedtak: Saka vart utsett.

Side 1 av 5 Saksbehandlar: Statens vegvesen Region vest Avdeling: Samferdsleavdelinga Sak nr.: 14/158-1 Utbetring av Høyangertunnelen Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle til å gjere slikt vedtak: 1. Høyangertunnelen skal utbetrast innanfor ei kostnadsramme på 200 mill. kr. 2. Kostnadane skal dekkast innanfor rammene til vedlikehald av fylkesvegnettet i 2014-2016. Vedlegg: Andre dokument som ikkje ligg ved: 1. FT-sak 65/12 Ekstraordinært tunnelvedlikehald 2013-2014 2. Statens vegvesens rapporter nr. 183 «Kva vil det koste å fjerne forfallet på fylkesvegnettet?»: http://www.vegvesen.no/fag/publikasjoner/publikasjoner/statens+vegvesens+rapporter/ _attachment/438131?_ts=13cfba71668 «Fylkesveg 55 Sognefjellet Vadheim. Overordna utgreiing» (Utgreiing som grunnlag for Regional transportplan 2014-2023): http://www.sfj.no/cmssff/cmsmm.nsf/lupgraphics/overordna%20plan%20for%20fylkesveg% 2055%20Oppland%20grense%20-%20Vadheim%20- %2004012013.pdf/$file/Overordna%20plan%20for%20fylkesveg%2055%20Oppland%20grense %20-%20Vadheim%20-%2004012013.pdf SAKSFRAMSTILLING 1. Bakgrunn Bakgrunn for at saka er reist I FT-sak 65/12 om ekstraordinært tunnelvedlikehald 2013-2014 står det at fylkesrådmannen skal koma attende med totalkostnad for utbetring av Høyangertunnelen ut frå ambisjonsnivå og framtidige tryggleikskrav. Statens vegvesen har no vurdert kva tiltak som er naudsynte, og kostnadane med desse. Før arbeidet vert lyst ut, må fylkeskommunen ta stilling til dette Historikk - tidlegare vedtak I desember 2013 handsama Fylkestinget ei sak om ekstraordinært tunnelvedlikehald på bakgrunn av store utfordringar knytt til vass- og frostsikring (lause plater) og elektro i mange tunnelar. Det vart gjort slikt vedtak i pkt. 1 i saka (FT-sak 65/12): 1. «Følgjande akutte tunnelvedlikehaldstiltak skal startast opp i 2013 og førebels sluttløyvast i 2014: Tiltak 2013 2014 a) Fv. 53 Midnestunnelen 20,0 mill. kr 10,0 mill. kr b) Fv. 55 Høyangertunnelen 10,0 mill. kr 25,0 mill. kr

Side 2 av 5 Sum 30,0 mill. kr 35,0 mill. kr» I saksframstillinga stod følgjande omtale av Høyangertunnelen: «Naudsynt tiltak for å unngå stenging av tunnelen er difor: Ta ned dagens vifter og lys Ta ned aluminiumskvelv Fjellsikring (reinsk + bolting) PE-skum Sprøytebetong Mellombels minimumsløysing med kabel i tunnelsida og lyspunkt for kvar 100 meter. Kople vifter til dette. Dette er førebels kostnadsrekna til 35 mill. kr utan kostnad med nytt permanent lys og vifter. Totalkostnaden for vidare arbeid utover dette vil vera avhengig av ambisjonsnivået vi legg opp til og framtidige tryggleikskrav. Dette kjem fylkesrådmannen attende til våren 2013. Følgjande problemstillingar må utgreiast: Nytt permanent lys og vifter. For å få plass til nye vifter må vi truleg sprenge plass i tunneltaket. Etablere møteplassar og havarinisjar for å møte krava til tryggingsgodkjenning av tunnelar. Etablere tekniske rom for å legge til rette for framtidig naudnett og mobildekning.» Problemanalyse Høyangertunnelen er 7543 meter lang og ligg på fv. 55 i Høyanger og Balestrand kommune. Tunnelen går mellom Høyanger og Bolstad i Lånefjorden, på nordsida av Sognefjorden. Tunnelen vart opna av kong Olav V 25. mai 1982. Høyangertunnelen avløyste ferjesambandet Kongsnes - Nordeide og ga Indre Sogn heilårs vegsamband med resten av fylket. Høyangertunnelen var Noregs lengste vegtunnel då den vart opna. Skilta høgde i Høyangertunnelen er 4,4 meter. Den har ein årsdøgertrafikk (ÅDT) på 450 køyretøy/døger, med ein tungbildel på 16 %. Tunnelen er 6,5 meter brei og har gul midtlinje. Fartsgrensa er 80 km/t. Der er ingen lokal omkøyringsveg. Sidearealet er flatt med grusdekke på ei side og med låg betongkant på den andre sida. Det er ikkje havarinisjar i tunnelen. Foto: Høyangertunnelen (Statens vegvesen)

Side 3 av 5 Etter tunnelinspeksjon vart det avdekka at tunnelen har lause plater og vifter som må skiftast. Platene er nytta til vass- og frostsikring, og desse må erstattast med brannsikra PE-skum. Viftene sørgjer for lufttilførsel i tunnelen, og det er særleg viktig at desse fungerer ved ein eventuell brann. Av 28 vifter er 8 ute av drift. Det betyr at brannventilasjon kan bli kritisk. I verste fall må vi stenge tunnelen for fri ferdsel og innføre kolonnekøyring. Det er behov for å skifte gamalt elektrisk anlegg og bygge havari- og snunisjar i den lange tunnelen. Statens vegvesen legg til grunn følgjande tiltak i Høyangertunnelen for å få den i så god stand at den kan bli sikkerheitsgodkjent: a) Strukturelle tiltak Det skal sprengast 4 havarilommer med ekstra plass til tekniske bygg, samt 2 snunisjar slik at m.a. brøytebilen kan snu i tunnelen og slepp å køyre gjennom. Det blir lagt til rette for (ikkje installert) nytt digitalt naudnett (TETRA/DAB). Viftene som er i tunnelen i dag er relativt mange og små, med liten kraft. Desse må skiftast ut med færre og kraftigare vifter. Det er ikkje plass til dette i dagens profil. Vi må difor sprenge nisjar i taket der dei nye viftepara skal plasserast. Tunnelen har store bergspenningar og det er montert ein del nett i taket av tunnelen for å sikre mot nedfall av stein. Dette må fjernast og erstattast med sprøytebetong. b) Vass- og frostsikring Platekvelva er i dårleg stand med mange lause plater. Desse må fjernast og erstattast med brannsikra PE skum. Det er montert ca. 10 800 m 2 platekvelv i tunnelen. I tillegg må fleire vasslekkasjar sikrast. c) Elektro Høyangertunnelen Heile det elektriske anlegget inkludert eksisterande vifter må skiftast ut. Vi må installere lys i samsvar med krava i handbok 021 Vegtunneler. Sognekraft skal legge ny høgspentkabel gjennom tunnelen for å kunne handtere straum frå kraftverk i Lånefjorden. d) Tunnelsikkerheit Høyangertunnelen Vi må montere nye naudstasjonar med telefon med 250 meter avstand, og evakueringslys for kvar 62,5 meter. For å få tunnelen sikkerheitsgodkjent må drenssystemet gjennom tunnelen lukkast. I tillegg må vi etablere nytt drenssystem på ca. 3,5 km i midten av tunnelen der dette manglar/er defekt, og lage betongføringskant på begge sider gjennom tunnelen. I endane av tunnelen må vi montere raudblink. Det blir lagt opp til å reasfaltere heile tunnelen, då det omfattande rehabiliteringsarbeidet truleg vil gje ein del skade på eksisterande vegdekke. Statens vegvesen legg opp til styrt trafikkavvikling med ledebil under det meste av anleggsarbeidet. Etter at tiltaka er gjennomført kan tunnelen sikkerheitsgodkjennast etter dei same krava som gjeld for riksvegar (tunneltryggleiksforskrifta). Det vil sei at den oppfyller krav til ventilasjon, naudstasjonar og evakueringslys. Andre opplysningar

Side 4 av 5 Vegdirektoratet gav i februar 2013 ut ein rapport om kva det vil koste å fjerne forfall knytt til bruer, ferjekaier og tunnelar på fylkesvegnettet. Dei største kostnadene er knytt til Høyangertunnelen, med 370 mill. kr. Dette omfattar strukturelle tiltak, tiltak for å oppfylle tunneltryggleiksforskrifta og elektroforskrifta, samt diverse anna oppgradering. Mykje av kostnadsskilnaden skuldast at det i forfallsrapporten var lagt inn utviding av profil etter krav i handbok 021 Vegtunneler, dvs. større profil og havarinisjer for kvar 500 meter. I denne saka foreslår vi tiltak etter tunnesikkerheitsforskrifta. Det inneber at det ikkje vert strossing for utvida profil. Vi etablerer havarinisjer for kvar 1500 meter, kombinert med tekniske bygg pga. tilrettelegging for nytt digitalt naudnett. I tillegg føreslær vi to snunisjer for brøytebil i kvar ende, kombinert med teknisk bygg. Vi sparer då tekniske bygg ute, samt bygging av havarilomme på Høyangersida. Den ville blitt kostbar pga. manglande sikt. 2. Vurdering og konsekvensar Økonomi-/budsjettkonsekvensar Statens vegvesen har laga ei oppdatert kostnadskalkyle for det vi meiner er naudsynt rehabilitering av fv. 55 Høyangertunnelen. Kostnadane er i 2013-kr og vi har brukt erfaringsprisar i kontraktar frå 2013. Prosjektering av tiltaka er i gang og vi har teke utgangspunkt i foreløpige prosjekterte mengder. Elektrodelen er ikkje detaljprosjektert, men vi meiner at vi har teke høgde for denne usikkerheita i totaloverslaget. Kostnadsoverslag: Byggherrekalkyle Uvisse (15 %) Mva (25 %) Byggherrekostnader Totalt 135 mill. kr 20 mill. kr 40 mill. kr 5 mill. kr 200 mill. kr I fylkesvegbudsjettet for 2014 er det sett av 100 mill. kr til tunnelvedlikehald. Av dette er det lagt til grunn å nytte 50 mill. kr til Høyangertunnelen. Restbehovet, 150 mill. kr, må finansierast innanfor rammene til vedlikehald for 2015 og 2016. Dette vil medføre redusert nivå på vedlikehaldet på andre delar av fylkesvegnettet i 2015 og 2016. Vedlikehald og rehabilitering av fylkesvegtunnelar er eit prioritert område i Regional transportplan 2014-23. Utbetring av Høyangertunnelen er såleis i samsvar med intensjonane i regional transportplan. Det er ikkje gått med så mykje midlar til Høyangertunnelen i 2013 som føresett i FT-sak 65/12. Statens vegvesen er klar til å lyse ut arbeidet tidleg i 2014. Det vil vera ein fordel å gjera sprengingsarbeid i tunnelen i sommarhalvåret medan Gaularfjellet er ope. Andre konsekvensar Det er viktig at viftene i tunnelen har god nok kapasitet og fungerer ved ein eventuell brann. Av 28 vifter i Høyangertunnelen er 8 ute av drift. Det betyr at brannventilasjon kan bli kritisk. I verste fall må vi stenge tunnelen for fri ferdsel og innføre kolonnekøyring. 3. Konklusjon/tilråding I FT-sak 65/12 vart Midnestunnelen i Årdal og Høyangertunnelen i Høyanger trekt fram som dei to fylkesvegtunnelane med dei største ekstraordinære utfordringane etter tunnelinspeksjon, elektroinspeksjon og ordinær driftsoppfølging. Arbeidet på Midnestunnelen er snart fullført og vi står igjen med utbetring av Høyangertunnelen. Fylkesdirektøren er samd i Statens vegvesen si tilråding om å utbetre Høyangertunnelen med følgjande tiltak for å få den i så god stand at den kan bli sikkerheitsgodkjent:

Side 5 av 5 Strukturelle tiltak - 4 havarilommer med ekstra plass til tekniske bygg, samt 2 snunisjar - Legge til rette for (ikkje installert) nytt digitalt naudnett (TETRA/DAB). - Skifte eksisterande vifter med færre og kraftigare vifter. Sprenge nisjar i taket der dei nye viftene skal plasserast. - Fjerning av sikringsnett i tunneltak og erstatte dette med sprøytebetong. Vass- og frostsikring. - Fjerne platekvelv og erstatte desse med brannsikra PE skum. I tillegg må fleire vasslekkasjar sikrast. Elektro Høyangertunnelen. - Utskifting av det elektriske anlegget inkludert eksisterande vifter. Lys må installerast i samsvar med krava i handbok 021 Vegtunneler. - Sognekraft skal legge ny høgspentkabel gjennom tunnelen for å kunne handtere straum frå kraftverk i Lånefjorden. Tunnelsikkerheit Høyangertunnelen. - Montering av nye naudstasjonar med telefon med 250 meter avstand, og evakueringslys for kvar 62,5 meter. - Lukking av drenssystemet gjennom tunnelen. Etablering av nytt drenssystem på ca. 3,5 km i midten av tunnelen der dette manglar/er defekt. - Lage betongføringskant på begge sider gjennom tunnelen. I tillegg er det lagt opp til: - Montering av raudblink i kvar ende av tunnelen. - Legge ny asfalt i heile tunnelen Statens vegvesen legg opp til styrt trafikkavvikling med ledebil under det meste av anleggsarbeidet.

Saksprotokoll Organ: Møtedato: 22.01.2014 Hovudutval for samferdsle Sak nr.: 14/158-2 Internt l.nr. 2595/14 Sak: 2/14 Tittel: Utbetring av Høyangertunnelen Behandling: Frå fylkesdirektøren låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle til å gjere slikt vedtak: 1. Høyangertunnelen skal utbetrast innanfor ei kostnadsramme på 200 mill. kr. 2. Kostnadane skal dekkast innanfor rammene til vedlikehald av fylkesvegnettet i 2014-2016. Endringsframlegg: Høgre sette fram slikt framlegg til nytt punkt 3: Det vert utgreidd kva installering av naudnett vil koste. Når denne utgreiinga av kostnad er gjennomført vil det vurderast om dette skal takast inn i det pågåande prosjektet med utbetring av Høyangertunnelen. Avrøysting: Fylkesdirektøren sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Olin Johanne Henden, Ole Gunnar Krakhellen, Arnstein Menes, Martine Stensrud Holsæter, Jan Herstad og Norunn Lunde Furnes, røysta for framlegget frå Høgre. Odd Atle Stegegjerdet og Helen Hjertaas, røysta mot. Dette gir følgjande endeleg vedtak: 1. Høyangertunnelen skal utbetrast innanfor ei kostnadsramme på 200 mill. kr. 2. Kostnadane skal dekkast innanfor rammene til vedlikehald av fylkesvegnettet i 2014-2016.

3. Det vert utgreidd kva installering av naudnett vil koste. Når denne utgreiinga av kostnad er gjennomført vil det vurderast om dette skal takast inn i det pågåande prosjektet med utbetring av Høyangertunnelen.

Side 1 av 4 Saksbehandlar: Statens vegvesen Region vest Avdeling: Samferdsleavdelinga Sak nr.: 14/162-1 Mindre rassikringstiltak 2014 Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle til å gjere slikt vedtak: Midlar til mindre rassikringstiltak i 2014 vert fordelt slik: Fv. 53 Finnsåstunnelen vest - Naddvik Fv. 55 Vadheimstunnelen vest - Vadheim 9 mill. kr 1 mill. kr Vedlegg: Andre dokument som ikkje ligg ved: Oversikt over skredsikringsbehov på fylkesvegar i Sogn og Fjordane: http://www.vegvesen.no/fag/teknologi/geofag/skred/skredsikring/region+vest?lang=nn FT-sak 46/13 Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2014-2023 Statens vegvesen notat 2012/056774-126 datert 29. september 2013, sendt fylkeskommunen på e-post 30. september 2013 SAKSFRAMSTILLING 1. Bakgrunn Bakgrunn for at saka er reist I Fylkestinget si handsaming av Regional transportplan 2014-2017 og prioritering av tilskot til rassikringstiltak for den komande perioden, er det sett av 10 mill. kr årleg til mindre rassikringstiltak. For at desse midlane skal kunne nyttast det aktuelle året, må dei fordelast så tidleg som råd. I denne saka føreslær vi korleis midlane skal nyttast i 2014. Historikk - tidlegare vedtak I NTP 2014-2023 er det lagt opp til ein gjennomsnittleg årleg tilskotsramme til rassikring av fylkesvegar (post 62 i statsbudsjettet) på 750 mill. kr per år. Av dette er ramma til Sogn og Fjordane 487 mill. 2014-kr i fireårsperioden 2014-2017. Prioritering av dette tilskotet vart handsama i Regional transportplan i fylkestinget 11. desember 2013. Statens vegvesen skal sende samla forslag til tilskotsprogram til Samferdsledepartementet innan 20. januar 2014. Departementet skal så stadfeste tilskotsprogrammet. Tilskot for 2014 er handsama som del av statsbudsjettet for 2014. I FT-sak 46/13 Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2014-2023 prioriterte Fylkestinget tilskot til rassikringstiltak for komande periode slik: 1. Fv. 337 Bjødnabakken/Lindeskreda 2. Fv. 55 Renninganeset 3. Fv. 722 Flovegen 4. Fv. 53 Jåteli 5. Fv. 55 Kjenes Bru over Esefjorden

Side 2 av 4 6. Fv. 609 Heilevang 7. Fv. 92 Arnafjord 8. Fv. 616 Davikstranda Upri Mindre tiltak 10 mill. kr årleg For 2014 tilrår Statens vegvesen at 10 mill. kr til mindre rassikringstiltak vert nytta slik: Fv. 53 Finnsåstunnelen vest - Naddvik 9 mill. kr Fv. 55 Vadheimstunnelen vest - Vadheim 1 mill. kr Fylkesdirektøren er samd i tilrådinga frå Statens vegvesen. Problemanalyse Fv. 53 Finnsåstunnelen vest - Naddvik i Årdal kommune Problemet her er steinnedfall fleire stader vest for Finnsåstunnelen. Steinar losnar høgt oppe. Dei følgjer gjel og sprett ut i vegen i stor fart. Det er hyppige nedfall som har gitt skader på rekkverk og veg. Rasstaden vest for Finnsåstunnelen har prioriteringstal 4,8 i oversikt over skredsikringsbehov på fylkesvegar i Sogn og Fjordane. Dette betyr at det er i kategorien «Høg prioritet». Planlagde tiltak er oppsetting av 200 meter fanggjerde, reinsk av fjellskjering og sikring med boltar. I tillegg vil det bli sett opp 220 meter plasstøypt betongrekkverk som hindrar steinar frå ur/eksisterande rasvifte å rulle ut i vegen. Tiltaket er prosjektert i 2013 og klart for utlysing. Kostnaden er rekna til 9 mill. kr. Trafikken på strekninga er i snitt (ÅDT) om lag 1000 kjt/døger med 12,1 % tunge køyretøy. For å få lyst ut og gjennomført tiltaka i 2014, må vi ha avklaring på dette innan 1. februar. Vi vil då kunne lyse arbeidet ut på anbod tidleg i februar og få oppstart i marka i løpet av mai. Det er ynskjelig å få anleggstart så tidleg som mogleg slik at vi får avslutta arbeidet før det blir haust og auka rasfare.

Side 3 av 4 Fv. 55 Vadheimstunnelen vest - Vadheim Ved Vadheim bør følgjande tiltak gjerast i 2014: Fjerne vegetasjon over skjering Sette opp nytt isnett Dette er kostnadsrekna til om lag 1 mill. kr. Foto: Statens vegvesen Det er gamalt isnett her frå før. Dette er rusta og holete. Det er mykje vatn i skjeringa, når dette frys dannar det seg is som ramlar ut i vegen i milde periodar. Før vi kan montere nytt isnett, må vi fjerne vegetasjon over skjeringa. Vegen har vore stengd her på grunn av stein, jord og tre som har rasa ut i vegen frå terrenget over skjeringa. I oversikt over rassikringstiltak på

Side 4 av 4 fylkesvegnettet er denne strekninga ført opp som Vadheimstunnelen vest, med prioriteringstal 2,3 (lågt prioritert). Foto: NRK Strekninga har ein årsdøgertrafikk (ÅDT) på om lag 1000 kjt/døger med 13 % tunge køyretøy. 2. Vurdering og konsekvensar Økonomi-/budsjettkonsekvensar Ved å tildele desse midlane tidleg på året sikrar vi at det kan vera mogleg å gjennomføre tiltaka og nytte midlane innan utgangen av året. 3. Konklusjon/tilråding Midlar til mindre rassikringstiltak i 2014 vert fordelt slik: Fv. 53 Finnsåstunnelen vest - Naddvik Fv. 55 Vadheimstunnelen vest - Vadheim 9 mill. kr 1 mill. kr

Saksprotokoll Organ: Møtedato: 22.01.2014 Hovudutval for samferdsle Sak nr.: 14/162-2 Internt l.nr. 2596/14 Sak: 3/14 Tittel: Mindre rassikringstiltak 2014 Behandling: Dette gir følgjande endeleg vedtak: Midlar til mindre rassikringstiltak i 2014 vert fordelt slik: Fv. 53 Finnsåstunnelen vest - Naddvik Fv. 55 Vadheimstunnelen vest - Vadheim 9 mill. kr 1 mill. kr

Side 1 av 12 Saksbehandlar: Eva Solhaug Fosshagen og Inger Grete Skjeldestad Avdeling: Samferdsleavdelinga Sak nr.: 13/7611-4 Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkesrådmannen sitt framlegg til rutetabell for 3-ferjeløysinga på sambandet Vangsnes - Hella - Dragsvik bør leggast til grunn ved anbodsutlysinga. Jf. saksframstillinga. 2 Dersom det vert 3-ferjeløysing heile året, bør det fråvikast stiv rutetabell frå Dragsvik til Hella med avgangstid kl. 10.25 og kl. 13.25 frå Dragsvik. 3 Statens vegvesen må utarbeide ny rutetabell for Mannheller - Fodnes der det vert teke omsyn til at det vert bygd ny liggekai på Mannheller. 4 Ny liggekai på Mannheller må vere ferdig til oppstart av anbodskontrakt med nye rutetider. 5 Dersom det vert endra avgangstid frå Fodnes til kl.21.30, må avgangen frå Hella endrast til kl. 23.00. Vedlegg: Inngåande brev frå Statens vegvesen av 01.11.2013 Andre dokument som ikkje ligg ved: SAKSFRAMSTILLING 1. Samandrag Statens vegvesen skal lyse ut ferjesambanda Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes gjeldande frå 2016 eller 2017. Ein opnar for heilårleg 3-ferjeløysing på Vangsnes Hella - Dragsvik, men bed samstundes om pris på 2-ferjeløysing utanom sommarperioden. 2-ferjeløysinga skil seg frå dagens vinterrute ved fleire avgangar, auka opningstid og endring i avgangstidspunkta. Det er ikkje mogleg å vidareføre dagens rutetabell og samtidig auke tal avgangar. I forslaget til rutetabell med 2-ferjeløysing er det ikkje lagt opp til stive rutetider. Det som skil framlegg til 3-ferjeløysinga mot dagens sommarrute, er fleire avgangar, auka opningstid og endring av avgangstidspunkta. Alle avgangane på strekninga Vangsnes - Dragsvik må gå innom Hella. Ferjeruta har i stor grad stiv 30 minutt frekvens mellom kl. 08.30-20.00. Dei første rundturane om morgonen og dei siste rundturane om kvelden har like avgangstider både for 2- og 3-ferjeløysing, men mindre endringar i høve dagens rutetabellar. Sidan det vert lagt opp til å auke tal avgangar, samt justere opningstider på sambandet, må avgangstidene i eksisterande tabell endrast. For dei fleste er det positivt med stive rutetider. I dag har vi det på Mannheller - Fodnes, Lavik - Oppedal og Anda - Lote. Sidan dette er høgfrekvente samband med ei overfartsstrekning, har det vore få negative konsekvensar knytt til stive rutetider på desse sambanda.

Vangsnes - Hella - Dragsvik er eit trekantsamband der mange av buss- og ferjerutene korresponderer på Hella med vidare korrespondansar i Sogndal, Fodnes og Vadheim. Ferjerutene er tilpassa arbeidsreisande og bussruter. Sambandet er eit «justeringssamband». Side 2 av 12 For å få til hensiktsmessige stive rutetider på sambandet Vangsnes- Hella - Dragsvik er det ein føresetnad med tre ferjer. Først då får vi tilstrekkeleg frekvens, samstundes som det er mogleg å etablere Hella som eit korrespondansepunkt. Det er nokre avgangar som er viktigare å legge til rette for enn andre. Vi tenkjer då på avgangane frå Dragsvik kl. 10.00 og kl. 13.00 (til Hella). Bussane kan ikkje reise med avgangane kl. 10.30 og 13.30 dersom ein skal få korrespondansar i Sogndal. Dersom ferjene kan fråvike stiv rutetabell og gå kl. 10.25 og 13.25, vil dette opplevast som positivt for alle gjennomgåande bussreisande, men det kan vere uheldig for trafikantane at avgangen går 5 min tidlegare i 3- ferjesambandet. Innbyggjarar frå Vik har fleire gonger kome med innspel om at det er få direkte bussruter Sogndal - Vik. Slik dei nye ferjerutene no ligg føre, både med 2- og 3-ferjeløysing, vil det verte meir venting på Hella eller i Sogndal. Ei bussrute frå Hella har med seg reisande både frå Vik og Balestrand, difor må bussen vente på begge ferjene. Om vi gjer endringar i bussrutene for å unngå ventetid på Hella, vil det verte lenger ventetid i Sogndal for dei som skal vidare. Det vil opplevast som negativt for lokalreisande nær Sogndal. Det vil vere uråd å få til fleire avgangar, stive rutetider og utvida opningstid om kvelden utan at det skal få konsekvensar for bussrutene. Fylkesrådmannen har snudd om på tabellane frå vegvesenet og meiner framlegget til nye tabellar er det optimale vi kan få til innanfor seglingsmønsteret og driftstida til ferjene. Statens vegvesen har i høyringsutkastet ikkje lagt opp til at det skal gå ferjeruter til/frå Balestrand om morgonen. Dette inneber at det må opprettast ny bussrute frå Balestrand kl. 07.20 til Dragsvik. Statens vegvesen har i sitt høyringsutkast lagt til grunn at sommarperioden skal endrast frå 21.06. - 18.08 og til 01.06. - 31.08. I forslaget er det lagt inn auka opningstid og fleire avgangar enn i dagens rutetabell. Det vil ikkje få konsekvensar for skulerutene. Dersom det vert 2-ferjeløysing får vi ulike avgangstider sommar og vinter på nokre avgangar. Statens vegvesen har i høyringsutkastet til ny rutetabell ikkje teke omsyn til forslaget i handlingsprogrammet for Nasjonal transportplan 2014-2017 (2023) der det ligg inne bygging av kvilekai på Mannheller i 2017. Byggestart må framskundast og kaia må vere klar til januar 2016. Vegvesenet må ta omsyn til den nye kvilekaia i rutetabellen når dei lyser sambandet ut på anbod. Då kan B-ferja få utvida opningstid for å gje skule- og arbeidsreisande eit betre tilbod, særleg om morgonen. 2. Bakgrunn Bakgrunn for at saka er reist Statens vegvesen skal lyse ut drifta av riksvegferjesambanda Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes på anbod. Gjeldande kontraktar går ut 31.12.2015 med opsjon på forlenging i eitt år. Det er ikkje endeleg avklart i kva grad opsjonen vil bli nytta eller ikkje, så oppstart av neste kontraktsperiode blir enten januar 2016 eller januar 2017. Forslag til nye ruter er sendt på høyring til fylkeskommunen og kommunane Leikanger, Sogndal, Lærdal, Aurland, Vik og Balestrand.

Side 3 av 12 Sambandet Vangsnes - Hella - Dragsvik vil bli lyst ut med to rutetabellar. Ein rutetabell som er basert på dagens vinterruter med to ferjer og ei sommarrute med tre ferjer. Den andre rutetabellen er 3-ferjeløysing heile året (opsjonsrute). Kva for ein av dei to rutetabellane som blir vald, vert avgjort av Statens vegvesen i etterkant av innleveringa. Ferjene for både 2- og 3-ferjeløysinga er lagt opp til å gå i ein pendel etter følgjande mønster: Vangsnes - Hella - Dragsvik - Hella - Vangsnes. Mønsteret medfører at trafikk på strekninga Vangsnes - Dragsvik må bli med ferja innom Hella slik det er om vinteren i dag. Statens vegvesen har i sitt høyringsutkast lag til grunn at sommarperioden skal endrast frå 21.6-18.8 til og 1.6-31.8. I forslaget er det lagt inn auka opningstid og fleire avgangar enn i dag. I 3- ferjeløysinga vert det lagt opp til stiv 30 minutt frekvens deler av dagen. I høyringsutkastet for begge alternativa er det endringar i avgangstidspunkta i forhold til dagens rutetabell. Det vert ikkje lagt opp til ei vidareføring av den eine ferjeavgangen til/frå Balestrand om morgonen. Forslaget til rutetabell på Mannheller - Fodnes er mykje lik dagens rutetabell. Det vil gå to ferjer i sambandet med 20 minutt intervall i perioden kl. 08.00-20.20. Rutetabellen om morgonen vil gå med ei ferje i 30 minutt intervall som i dag. Det er lagt inn forslag om 30 minutt intervall i perioden kl. 20.20 til 22.30, mot 40 minutt intervall i dag, utført med ei ferje. 3. Høyringsframlegg Vangsnes - Hella - Dragsvik Ny 3-ferjeløysing I dag går det tre ferjer i sommarperioden. Som vi kan sjå av tabellane under, er det ferjeavgangar i høyringsframlegget frå vegvesenet som ikkje er samanfallande med avgangstidspunkta i dag, og såleis ikkje vil passe med dagens bussruter. Sogndal er eit knutepunkt for busseruter og har korrespondansar i «alle» retningar. Det er ikkje enkelt å endre eit avgangstidspunkt på ei bussrute utan at det får konsekvensar for fleire andre bussruter. Fylkesrådmannen har sett opp forslag til nye tabellar som er betre tilpassa viktige bussruter. Tabellane viser rutene i dag, høyringsutkastet frå Statens vegvesen og fylkesrådmannen sitt framlegg til nye avgangstider. Statens vegvesen har kvalitetssikra at fylkesrådmannen sine framlegg til nye tabellar er praktisk mogleg å gjennomføre i høve seglingsmønsteret til ferjene og opningstid. Vegvesenet tek likevel atterhald om logisk brest i framlegga til nye tabellar.

Side 4 av 12 Dragsvik - Hella 27 daglege avgangar i sommarperioden 21.06.-18.08. utført av tre ferjer i dag 31daglege avgangar heile året i høyringsutkastet sommarperioden er utvida til å gjelde 01.06.-31.08, mot 21.06.-18.08. i dag avgangane merka med * har samband med buss Hella - Dragsvik Dragsvik - Hella I dag Høyring Framlegg ny tabell I dag Høyring Framlegg ny tabell 05.50 * 05.50 05.50 06.05 06.05 06.05 07.05 07.05 07.05 06.55 06.55 06.55 08.00 * 07.50 07.55 07.45 * 07.30 07.40 08.50 09.00 08.40 08.20 08.05 08.10 09.25 * 09.30 09.10 09.05 09.20 09.00 09.40 09.50 09.50 09.30 10.05 * 10.00 10.10 10.20 * 10.20 10.00 10.40 10.30 10.40 10.25 11.15 11.00 11.10 11.00 10.50 11.00 11.30 11.40 11.35 * 11.20 11.30 11.50 12.00 12.10 12.10 11.50 12.00 12.25 12.30 12.40 12.40 12.20 12.30 12.55 13.00 13.10 12.50 13.00 13.40 13.30 13.40 13.25 * 13.20 13.25 14.15 14.00 14.10 14.00 13.50 14.00 14.45 14.30 14.40 14.30 14.20 14.30 15.15 15.00 15.10 15.00 14.50 15.00 15.45 * 15.40 15.40 15.30 15.20 15.30 16.00 16.10 16.10 * 15.55 16.00 16.30 16.30 16.40 16.20 16.30 17.10 * 17.05 17.10 16.50 16.50 17.00 17.35 17.30 17.40 17.20 17.20 17.30 18.05 * 18.00 18.10 17.50 17.50 18.00 18.30 18.40 18.25 * 18.20 18.30 18.55 19.00 19.10 19.10 18.50 19.00 19.35 * 19.30 19.30 19.20 19.30 20.20 20.00 20.20 19.50 19.50 19.45 20.50 20.45 20.50 20.35 20.30 20.35 21.30 21.15 21.30 21.40 * 21.40 21.40 22.50 * 22.50 22.50 23.00 23.05 23.05 23.50 00.00 00.00 24.00 00.15 00.15 01.10 01.10 01.25 01.25 Med ei 3-ferjeløysing vert det lagt opp til stive avgangstider. Det vert faste rutetider Hella - Dragsvik ti minutt over heil og halv time frå kl. 08.40 til og med avgangen kl. 19.10. Dagsvik - Hella får faste avgangar kvar heile og halve time frå kl. 09.00 til og med avgangen kl. 19.30. I høyringsutkastet frå vegvesenet legg dei opp til avvik frå den stive tabellen kl. 15.40 og 17.05 frå Hella, og kl. 15.55 frå Dragsvik. Dette har dei gjort for å prøve å leggje til rette for eit best mogleg tilbod til pendlarar med buss. I framlegget frå fylkesrådmannen fråvik vi dei stive avgangstidene frå Dragsvik kl. 10.30 og 13.30 til kl. 10.25 og 13.25 for at det skal vere mogeleg å oppretthalde korrespondanse mellom bussruter i Sogndal.

Side 5 av 12 Andre opplysningar Ved gjennomgang av høyringsutkastet frå vegvesenet ser vi at det er over ein time mellom to av avgangane om morgonen. Det er difor sett inn ein ny rundtur for å betre dette, slik at tal avgangar no er 32. Konsekvensar for bussrutene Nettbuss Sør AS, Region Sogn og Fjordane legg til grunn 50 min reisetid Sogndal - Hella. Avgang i dag Ny avgang Konsekvens Hella - Dragsvik Kl. 08.00 Kl. 07.55 Ok. Får til korrespondanse Dragsvik - Balestrand. Kl. 09.25 Kl. 09.10 Berre søndagsrute. Ok å starte 15 min. før frå Sogndal. Kl. 10.05 Kl. 10.10 Rute Sogndal-Førde. Ok å starte 5 min seinare frå Sogndal Kl. 15.45 Kl. 15.40 Ok å starte 5 min. tidlegare frå Sogndal. Kl. 19.35 Kl. 20.20 Avgangen frå Sogndal utsett med 15 min til kl. 18.55. Lenger ventetid i Sogndal for reisande frå Skei og Bergen. Vert 20 min ventetid på Hella, mot 5 min i dag. Går ikkje bussrute frå Dragsvik. Kl. 22.50 KL. 22.50 Dersom det vert endra rutetid frå Fodnes frå kl. 21.20 til 21.30 rekk ikkje bussen ferja kl. 22.50 på Hella. Avgangen må endrast til kl. 23.00 Dragsvik - Hella Kl. 07.45 Kl. 07.40 Det er lagt opp til at alle ferjeavgangar skal gå frå Dragsvik i neste anbodsperiode. Dette medfører at vi må sette opp ei ny bussrute Balestrand kl. 07.20 - Dragsvik. Framleis korrespondanse med bussen kl. 07.55 på Hella. KL. 10.20 Kl. 10.00 Kan ikkje ta ferja kl. 10.30 pga. korrespondanse i Sogndal til Oslo, Bergen og Lillehammer. Ruta må starte 20 min. tidlegare frå Vadheim. Vil medføre 20 min lenger venting i Sogndal. Har allereie 20 min i dag. Kl. 11.35 Kl. 12.00 Kan utsette avgangen frå Førde med 20 min til kl. 09.25. Har korrespondanse i Sogndal om sommaren til Lærdal kl. 12.35. Kl. 13.25 Kl. 13.00 Kan ikkje ta ferja kl. 13.30 pga. korrespondanse i Sogndal til Oslo og Bergen. Ruta må starte 25 min. tidlegare frå Vadheim. Vil medføre 25 min lenger venting i Sogndal. Har allereie 10 min i dag. Kl. 16.10 Kl. 16.00 Ok. Må framskunde ruta frå Førde med 10 min. Ny avgangstid kl.13.40. Kl. 18.25 Kl. 18.30 Ok. Kl. 21.40 Kl. 21.40 Er i korrespondanse med nattruta til Oslo i Sogndal. Kan ikkje endre denne avgangen. Kort oppsummering For avgangane frå Hella får det ikkje så store konsekvensar. Viss det vert gjort endringar på avgangen frå Fodnes kl. 21.20 til 21.30, må avgangen frå Hella endrast til 23.00. Dette kan medføre endringar på dei seinaste ferjeavgangane. Skal pendlarar kunne reise med avgangen kl. 07.40 frå Dragsvik, må vi opprette ny bussrute Balestrand - Dragsvik kl. 07.20 då ferja ikkje skal gå til/frå Balestrand lenger. Det vert lenger ventetid i Sogndal for dei som må kome med ferja kl. 10.00, mot kl. 10.20 i dag. Ikkje mogleg å ta avgangen kl. 10.30. Det same vert det for avgangen kl. 1300 mot kl. 1325 i dag. Reisande får inntil 20 minutt lenger ventetid i Sogndal.

Side 6 av 12 Kan avgangane frå Dragsvik kl. 10.30 og 13.30 fråvike stiv rutetabell og gå kl. 10.25 og 13.25? Ei slik endring vil redusere ventetida med 20 min. for dei som skal reise vidare frå Sogndal. Vangsnes - Hella 22 daglege avgangar i sommarperioden 21.6-18.8 utført av tre ferjer i dag 31 daglege avgangar heile året i høyringsutkastet 31 daglege avgangar i perioden 1.6-31.8 om det vert 2-ferjeløysing om vinteren avgangane merka med * har samband med buss. Vangsnes - Hella Hella - Vangsnes I dag Høyring Framlegg ny tabell I dag Høyring Framlegg ny tabell 05.30 05.30 05.30 06.20 06.20 06.20 06.45 * 06.45 06.45 07.10 07.10 07.10 07.35 * 07.30 07.35 08.00 * 07.45 07.55 08.25 08.35 08.15 08.35 * 08.20 08.25 08.45 09.20 09.00 09.05 09.15 09.20 09.40 09.50 09.40 * 09.35 09.45 10.05 10.10 10.20 10.05 10.15 10.40 10.50 10.30 10.35 10.45 11.05 11.10 11.20 11.05 11.15 11.55 11.40 11.50 11.30 * 11.35 11.45 12.10 12.20 12.05 12.15 12.45 12.40 12.50 12.20 12.35 12.45 13.10 13.20 13.20 * 13.05 13.15 13.45 13.40 13.50 13.35 13.45 14.10 14.20 14.10 * 14.05 14.15 14.35 14.40 14.50 14.35 14.45 15.10 15.20 15.00 15.05 15.15 15.30 * 15.40 15.50 15.50 15.35 15.45 16.15 16.15 16.20 16.05 16.15 16.40 16.50 16.40 16.35 16.45 17.10 * 17.10 17.20 17.05 17.15 17.40 17.50 17.35 * 17.35 17.45 18.00 * 18.10 18.20 18.05 18.15 18.40 18.40 18.50 18.30 18.35 18.45 19.10 19.20 19.05 19.05 19.10 19.30 * 19.40 19.50 19.55 19.35 19.55 20.05 20.10 20.05 20.30 20.15 20.30 20.50 20.35 20.50 21.10 20.55 21.10 22.00 22.00 22.00 22.20 22.20 22.20 23.10 * 23.20 23.20 23.30 23.40 23.40 00.10 00.30 00.30 00.50 00.50 01.40 01.40 Med ei 3-ferjeløysing vert det lagt opp til stive avgangstider. Det vert faste rutetider Vangsnes - Hella kvart over heil og kvart på heil time frå kl. 08.15 til og med avgangen kl. 18.45. Hella - Vangsnes får faste avgangar 10 minutt på halv og heil time frå kl. 09.20 til og med avgangen kl. 19.50. I høyringsutkastet frå vegvesenet legg dei opp til avvik frå den stive tabellen kl. 16.15 frå Hella. Fylkesrådmannen sitt framlegg til ny tabell med avgang kl. 15.50 frå Hella er ei betre

rute enn avgangen kl. 16.15. Med fylkesrådmannen sitt framlegg er det ikkje nødvendig å fråvike stiv rutetabell. Side 7 av 12 Konsekvensar for bussrutene Nettbuss Sør AS, Region Sogn og Fjordane legg til grunn 50 min. reisetid Sogndal - Hella. Avgang i dag Ny avgang Konsekvens Vangsnes - Hella Kl. 09.40 Kl. 09.45 Ruta må starte 5 min seinare frå Vik. Kortare ventetid på Hella enn i dag. Kl. 11.30 Kl. 11.45 Ok. Ny avgangstid for bussen frå Hella kl. 12.10. Kl. 13.20 Kl. 12.45 Ruta må gå 30 min tidlegare frå Vik. Det medfører 10 min. lenger ventetid på Hella. I tillegg vert det 25 min ventetid i Sogndal mot 10 min i dag. Dersom vegvesenet kan avvike stiv rutetabell frå Dragsvik kl. 13.30 til 13.25, kan reisande kome med ferja kl. 13.15 frå Vangsnes. Kl. 14.10 Kl. 14.15 Ok. 5 minutt seinare avgang frå Vik. Kl. 17.35 Kl. 17.45 Ruta kjem frå Bergen/Vinje. Har 15 min ventetid i dag. Får ytterlegare 10 min. ventetid på Vangsnes. Ny avgangstid frå Fresvik. Hella - Vangsnes Kl. 08.00 Kl. 07.55 Ok. Unngår 5 min. ventetid på Hella som det er i dag. Kl. 08.35 Kl. 08.25 Vert 10 min. ventetid på Vangsnes. Går buss frå Vangsnes kl.08.50 til Vinje/Bergen. Kl. 15.30 Kl. 15.50 Ok. Seinare avgang frå Sogndal og Vangsnes. Kl. 17.10 Kl. 17.20 Ok. 10 min. lenger venting på Hella, 5 min. i dag. Kan ikkje reise seinare frå Sogndal pga. Hella - Dragsvik. Bussen skal til Vadheim. Kl. 18.00 Kl. 18.20 Avgang frå Sogndal kl. 17.10. Dette medfører 25 min ventetid på Hella. Bør ikkje ta ventetida i Sogndal pga. lokalreisande frå sjukehusbussen. Bussen skal køyre i rute frå Hella kl. 18.00 til Sogndal. Kl. 19.30 Kl. 19.50 Avgangen frå Sogndal vert utsett til kl. 18.55. 15 min ventetid for reisande frå Skei og 20 min for reisande frå Bergen som skal mot Hella. Kl. 23.10 Kl. 23.20 10 min. lenger venting på Hella. 20 min. i dag. Er i korrespondanse med bussen frå Oslo og Bergen. Ikkje rute frå Vangsnes. Kort oppsummering Ny avgangstid frå Vangsnes kl. 12.45 medfører til saman 35 min lenger ventetid for reisande med buss frå Hella. Dette vert betre om vegvesenet kan fråvike stiv avgangstid frå Dragsvik kl. 13.25. Reisande kan då ta ferja kl. 13.15. Vert auka ventetid på Hella og Vangsnes for dei som skal reise med buss eller ferje. Ny avgang frå Hella kl. 18.20 medfører 25 min venting på Hella. Bør ikkje ta ventetida i Sogndal for dei som kjem med sjukehusbussen frå Førde. Ny 2-ferjeløysing I dag er det 2-ferjeløysing i vinterperioden. Sidan det skal gå tre ferjer om sommaren etter tabellen med 3-ferjeløysing, har fylkesrådmannen samanlikna tabellen på 3-ferjeløysing med 2- ferjeløysing. Vi har sett på om det er ulike avgangstidspunkt på dei ferjene som har korrespondanse med buss. Dersom vi skal operere med ulike avgangstider på ferjene sommar og vinter, vil det få konsekvensar for nokre bussruter og annonsering av desse.