Helse i Hardangerbadet



Like dokumenter
Kvam herad. Sakspapir

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Vegen fram til ØH-sengerplanar

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Informasjon til pasientar og pårørande

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Skildring av kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp etter 3-5, 3.ledd (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 6-2 nr.

Kvam herad. Sakspapir

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristine Breivik SAKA GJELD: Mellombels særavtale om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald for Vaksdal kommune

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

STYRESAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Offentleg helsearbeid i kommunehelsetenesta Leikanger, Synne Aafedt Liljedahl, helserådgjevar.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Tenesteavtale 8. Mellom Utsira kommune og Helse Fonna HF. Avtale om svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorgsteneste for

FRISKLIVSSENTRALAR. Nettverksamling for leiarar i kommunane sine helse- og omsorgstenestar, Skei

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Saksnr Utval Møtedato

colourbox FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

DEN GRØNE TRÅDEN TIDLEG INNSATS

Mestring og deltaking heile livet

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

1. Mål med samhandlingsreforma

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Styresak. Kari Ugland Nye tenesteavtalar mellom Helse Fonna og kommunane. Arkivsak Styresak 51/12 B 7 vedlegg Styremøte

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Sogn lokalmedisinske senter

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Tenesteavtale 6. Mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

Frå visjon til realitet November 2012

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Møteinnkalling Formannskapet

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

på vegne av barn og unge

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Prosjekt - Rehabilitering først Plan for rehabilitering

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Pasientens helseteneste

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

/0,)1- 9 -jut, ' 1)15. Avtale mellom Bokn kommune, Helse Fonna HF og Høgskolen Stord / Haugesund. Felles FoU eining for samhandling (FOUSAM)

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Transkript:

Helse i Hardangerbadet Saksopplysningar: I H-sak 26/14- søknad om kommunal deltaking i Hardangerbadet vart det mellom anna fatta vedtak om at Kvam herad ville samarbeida om og arbeida for å utvikla helsedelen i senteret, jfr. punkt 5 i vedtaket: Kvam herad vil samarbeida om og jobba for å utvikla helsedelen i senteret, jamfør søknad frå HB AS. Dette skal fortrinnsvis gi nye tilbod innan helsetenester i samarbeid med bl.a. Helse Bergen og Helse Vest. Arbeidsgruppa Helse i Hardangerbadet (Helse-i-HB) vart oppretta i juni 2014. Gruppa var samansett av representantar frå Kvam herad (2), representant frå legane i Helsebanken (1), representant frå Helse Bergen (1) og representant frå styret i Hardangerbadet (1). Representanten frå styret i HB Alfred Halstensen var leiar i gruppa. Det er utarbeidd eigen rapport frå arbeidsgruppa datert 15.12.2014. I protokollen frå styremøtet i Hardangerbadet 5. juni 2014 står det: HB, Kvam herad og Helse-Bergen skal i samarbeid arbeida for å få på plass eit godt helsekonsept i HB, jfr. prosjektomtalen og HST-vedtak 19. mai 2014. HB og Kvam herad skal arbeida for eit regionalt tilbod og eit interkommunalt samarbeid. Deltakarane frå Kvam herad fekk i mandat frå rådmannen å delta i arbeidsgruppa, vera med på idedugnad for å koma fram til tenester som kan leggjast i HB, samt finna løysingar for korleis dette eventuelt kan skje i samarbeid/sameksistens med det kommunale tilbodet. Rapporten beskriv kort mål og visjon for HB og status for prosjektet hausten 2014. I kapittelet «Vurderingar av moglege helsetilbod i HB» oppsummerer rapporten ide`dugnaden omkring nye helsetenester med regional funksjon som kan koma i tillegg til det Kvam herad har ansvar for med fylgjande overskrifter: Spesialisering og auka kompetanse på muskel-ledd-skjelett og ernæring Friskliv- og meistringstilbod Spesialtilbod for barn og unge i Hardanger Psykolog Helse Vest RHF og rehabilitering Pasient og helseorganisasjonar Forsking og utvikling- Fou Samarbeid HB, Kvam herad og Helse Bergen Hardangerkommunane Areal for tenestene Rekruttering Rapporten peikar på at fygjande avklaringar er nødvendige: 1. Trepartsavtale mellom Helse Bergen, Kvam herad og HB skal utformast i nær framtid 2. Legar og fysioterapeutar i Helsebanken må avklara ny aktivitet i HB med Kvam herad. Bør avklarast i løpet av 2015 3. Spesialistheimelen i Helsebanken skal vurderast i 2017 og bør diskuterast med Helse Vest i den samanheng. 4. NAV arbeidsliv i Hordaland viser stor interesse for HB og skal vurdera prosjektmedverknad 5. Det pågår avtaleformuleringar med fleire av samarbeidspartane. Endelege avtalar er avhengig av den endelege arealdisponeringa.

Frå oppsummeringa i rapporten: HB skal gje tverrfaglege helsefremjande tilbod retta mot fysisk helse og ernæring. 3 saltvassbasseng skal fremja fysisk aktivitet og glede for mange, inkl. symjeopplæring og opplæring/terapi/trening i varmtvassbasseng. Samarbeidet mellom HB, Kvam herad/andre kommunar og Helse Bergen innan høgkompetente definerte helseområde må regulerast i eigen trepartavtale. Helsetenester som kan vurderast etablert i HB i samarbeid med Kvam herad og Helse Bergen er: 1. Helsetenester som i dag er lokalisert i Helsebanken i Øystese 2. Nye helsetenester med regional funksjon, særleg spesialisering og auka kompetanse på muskel-ledd-skjelett og ernæring 3. Andre nye helsetenester som kan gje stor synergi saman med infrastruktur og kompetanse i HB Anna samarbeid: 4. HB ynskjer FOU for å utvikla og dokumentera nytten av nye relevante metodar inkludert samarbeidsformer/kompetansebygging. Samarbeid mellom Kvam herad, Helse Bergen, Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen og Norges Forskningsråd om til dømes master og doktorgrader. 5. Alle kommunane i Hardanger kan vera medeigarar og brukarar av deler av HB, både badeanlegget og den helsefremjande spesialkompetansen som er planlagt her. Helse og omsorgsplan 2015-30. Ny Helse og omsorgsplan 2015-30 er til offentleg ettersyn og høyring med høyringsfrist 20. august 2015. Helse og omsorgsplanen er saman med kommuneplanen det viktigaste dokumentet for helse og omsorgstenestene si utvikling og styring fram mot 2030. Planen viser korleis helse og omsorg kan realisera sine moglegheiter for å møta framtidige behov og skapa gode tenester i åra som kjem. I Kvam er det forventa ein befolkningsvekst i planperioden. Planen tek opp i seg denne veksten og skal styra utviklinga i ei berekraftig retning. Helse og omsorg har vore i kontinuerleg vekst i fleire tiår. Med sikte på dei demografiske utfordringane som ventar oss for fullt om 10-15 år, må me dreia og organisera tenestene slik at dei støttar opp under og utløyser dei ressursane som ligg hos brukarane sjølve, familiane deira og sosiale nettverk, i nærmiljøet og lokalsamfunnet, ideelle organisasjonar og i næringsliv. Dette er i tråd med bodskapen i sentrale styringsdokument som Samhandlingsreformen, Morgendagens omsorg og Fremtidens primærhelseteneste. Desse legg vekt på å utvikla helse og omsorgstenestene sitt samspel med dei samla ressursane som finst i samfunnet. Helse og omsorgstenesta i Kvam herad skal: - skapa framtidsretta, fagleg forsvarlege og likeverdige tenester som sikrar befolkninga eit profesjonelt, tilgjengeleg og effektivt tenestetilbod. - leggja til rette for at kvar enkelt kan ta ansvar for eiga helse gjennom fysisk aktivitet, sosialt fellesskap og tilrettelegging av eigen livssituasjon (hovudmål i planen) Planen innleier med å beskriva nasjonale og lokale føringar og hovudutfordringar for helse og omsorgstenesta med fylgjande oppsummering av utfordringane for åra som kjem: Mobilisera ansvar for eiga helse Engasjera frivillig sektor som ressurs Involvera pårørande som ressurs Ta i bruk ny teknologi Tilpassa tenestene til den demografiske utviklinga Tilby kunnskapsbaserte tenester i tråd med endra sjukdomsbilete Rekruttera og behalda kvalifisert arbeidskraft

Strategiar i helse og omsorgsplanen vil difor m.a. vera å utvikla ein aktiv pårørande- og frivilligpolitikk og utvida samarbeidet både med ideelle organisasjonar og næringsliv. Planen har 16 temaområde med mål og strategiar for kvart temaområde der me kallar målsetjingane våre for «slik vil me ha det» og strategiane våre for å nå måla «slik gjer me det». Primæroppgåva for helse og omsorgstenesta i Kvam er lovpålagde oppgåver i tråd med lover og forskrifter. Primærhelsemeldinga peikar spesielt på at den «silobaserte» organiseringa av tenestene gjer at pasientar og brukarar kan oppleva at tenestene er lite koordinerte og at det er lite flyt mellom faggruppene. Meldinga peikar på at me treng meir heilskaplege tenester for heile menneske. Meir teamorganisering, auka kompetanse og satsing på leiing er nøkkeltema i meldinga. Dei nasjonale føringane understrekar eit saumlaust pasientforløp der pasienten får rett tilbod på rett nivå til rett tid tilpassa pasienten. Dette stiller auka krav til samarbeid mellom kommune og helseføretak, og det er etablert ein eigen samarbeidsstruktur og eigne samarbeidsavtalar mellom kommunane og føretaket. Pasientar og brukarar med samansette behov må møtast av fleirfagleg og tverrfagleg kompetanse. Samhandling innan dei kommunale helse og omsorgstenestene er ikkje nok. Samhandling mellom ulike sektorar, både offentleg, privat og frivillig, er nødvendig for å betra tenestene i kommunane. Dei nasjonale føringane opnar også for interkommunalt samarbeid og kommunesamanslåing for å heva kvaliteten på og styrka tenestene. I Hardanger og Voss er det etablert interkommunalt samarbeid gjennom prosjekt i regi av Hardangerrådet. Fleire av strategiane i helse og omsorgsplanen omhandlar tiltak og ulike samarbeidsformer som kan vidareutviklast både internt, med helseføretak, andre kommunar, frivillige og private aktørar som t.d. Hardangerbadet. Vurdering: Kvam heradstyre har vedteke å samarbeida om og jobba for å utvikla helsedelen i Hardangerbadet. Dette skal fortrinnsvis gje nye tilbod innan helsetenester i samarbeid med bl.a. Helse Bergen og Helse Vest. Arbeidsgruppa Helse i HB har omtala og vurdert det dei meiner er mogleg, godt og realiserbart for helse- og omsorgstenestene og folkehelsa i Kvam og Hardanger. Gruppa har oppsummert rapporten med at Hardangerbadet «skal gje helsefremjande tilbod mot fysisk helse og ernæring.» Helse og omsorgsplanen omtalar og legg grunnlaget for kva tenester kommunen skal tilby kvemmingane i åra som kjem, dette gjeld både reint kommunale tenester og samarbeid om tenester med spesialisthelsetenesta. Rådmannen ser behovet, både nasjonalt og lokalt, for auka innsats innan folkehelse, rehabilitering og fysikalsk medisin, og potensialet som ligg i ei slik satsing i Hardangerbadet. I gjennomføringa av prosjektet er utfordringa å tilpassa dette til dei kommunale tenestene og aktivitetane kommunen allereie har etablert og planlagt. Kvam lokalmedisinske senter er etablert som overbygning for fleire funksjonar som rehabilitering, behandling, korttidsopphald, kommunal øyeblikkeleg hjelp døgntilbod, legevakt, hjelpemiddellager, læring og mestring, friskliv, kompetansesentral, spesialistpoliklinikk og ambulansestasjon. Helse og omsorgsplanen legg opp til å ta vare på eksisterande helse og omsorgstenester i kommunen og arbeida for nye tilbod, både kommunale, interkommunale, nye spesialisthelsetenestetilbod knytt til lokalmedisinsk senter og legekontor i Kvam og eventuelt andre private tiltak. Det er viktig for rådmannen å presisera at det i kommunen i dag, i tråd med føringane om meir fokus på tidleg innsats og førebyggjande arbeid, er ei spesiell satsing på

kvardagsrehabilitering, styrke og balansetrening og omsorgsteknologi i tillegg til kontinuerleg høg aktivitet ved rehabiliterings og behandlingsavdelinga. Slik rådmannen ser det kan Hardangerbadet likevel vera ein arena for utviklingsprosjekt av ulike samarbeidsmodellar innan fagområda med spesielt fokus på synergien med bassengdelen (spesielt terapibassenget), fysikalsk medisin og treningssenteret som er marknadsført som hovudsatsinga for helse i HB. Målgruppene i eventuelle prosjekt må koordinerast med kommunale aktivitetar og vera eit supplement til og ikkje i konkurranse med desse. Rådmannen har sett på kvart enkelt tiltak nemnt i rapporten frå arbeidsgruppa og relatert det til planane elles for dei kommunale tilboda frå 2015 2030. I vurderinga av dei enkelte føreslegne tiltaka legg rådmannen til grunn Helse og omsorgsplanen og Plan for fagleg og organisatorisk utvikling av Lokalmedisinsk Senter på Toloheimen. Helse og omsorgsplanen opnar for samhandling: «vidareutvikla samhandling internt, til dømes ved oppretting av tverrfaglege team, vidareutvikla samhandling med andre i tråd med avtalar, særavtalar og nettverk og vurdera interkommunale tiltak knytt til kompetanseheving, bustad og døgnomsorg» Eit eventuelt samarbeid med Nakke- og Ryggpoliklinikken i Helse Bergen for å betra tilbodet til og korta ventelister for pasientar med behov for slik behandling, er slik rådmannen ser det itråd med planen. Det er mangel på rehabiliteringsplassar på Vestlandet. Om fagmiljøet i Hardangerbadet saman med Hardangerfjord hotell kan utvikla eit funksjonelt rehabilteringsopplegg slik at Helse Vest eller forsikringsinstitusjonar finn det fagleg og økonomisk attraktivt å kjøpa og utvikla slike tenester i HB, vurderer rådmannen fagleg sett positivt. Rådmannen kjenner til at Helse Vest har avtalar med fleire rehabiliteringssenter i eigen region. Avtalane gjeld i 6 år med opsjon på ytterlegare 2 år. I tillegg har Helse Vest avtalar med ulike rehabiliteringssenter på Austlandet. Tildelinga av rehabiliteringstilbod skjer gjennom anbod. Rådmannen ser at fagmiljøet i Hardangerbadet kan vera ein god samarbeidsarena for behandling og trening for pasientar med muskel ledd og skjelettplager, samt hospitering, vidareutdanning og spesialisering for kommunen sine tilsette, både fysioterapeutar og legar. Gode fagmiljø kan virka rekrutterande og stabiliserande på fagpersonar som vil flytta til og/ eller bli verande i Kvam. Men, det må understrekast at hovedtyngda av dette er spesialisttilbod som lyt finansierast av spesialisthelsetenesta. Personellet må rekrutterast frå spesialisthelsetenesta. Både fysioterapeutar og legar med avtale med Kvam herad skal arbeida innafor inngådde avtalar og driva kommunale tenester. Både fysioterapeutar og legar med avtale med Kvam herad skal arbeida innafor inngådde avtalar og driva kommunale tenester. Nye avtalar med private spesialistar vert tildelte som personelege avtalar mellom spesialisten og Helse Vest. Kommunen eller ein institusjon kan koma med ynskje om at det vert etablert spesialistheimlar i lokalsamfunnet, men kan ikkje inngå spesialistavtalar. Rådmannen er kjend med at det i 2015 vert gjennomført ei revurdering av samtlege private spesialistavtalar i Helse Vest, og at det også skal vurderast om tal heimlar skal aukast. Rådmannen har vendt seg til Helse Vest med ynskje og tilråding om at det i tillegg til faglege og økonomiske vurderingar for det regionale føretaket, også vert teke brukaromsyn tufta på demografi og geografi ved desse revurderingane. Til dette arbeidet har rådmannen meldt at Kvam herad ynskjer å behalda det spesialisttilbodet me har idag, og i tillegg at det vert vurdert å lokalisera eventuelle nye eller deler av eksisterande eller nye heimlar i Kvam ved den gjennomgangen som no skal vera av dei private spesialistheimlane. Fastlegane har kome med prioriteringsliste som er sendt Helse Vest. Spesialistar, fysioterapeutar og kiropraktorar utan tilskot, kan etablera seg kor dei vil. Privat etablering kan ha både positiv og negativ marknadsinnverknad på kommunale tilbod, men prinsipielt har ikkje rådmannen motførestillingar til privat etablering.

Eventuelle nye driftstilskot til legar og fysioterapeutar vil verta lyste ut i tråd med avtaleverket og tildelast etter kva behov kommunen har, og kva kompetanse søkjarane måtte ha. Driftstilskot kan ikkje forskotterast til legar og fysioterapeutar som har etablert seg utan avtale i kommunen. Primærhelsemeldinga legg opp til ei avklaring av ansvarsområda og oppgåvene innan rehabilitering og vil knyta eventuelt utvida kommunalt ansvar til kommunereforma. Vidareutvikling av Kvam lokalmedisinske senter og rehabiliteringsavdelinga på Toloheimen saman med fokus på kvardagsrehabilitering, er tenkt å vera hovudsatsinga innan rehabilitering i dei kommunale tenestene i Kvam herad. Om dei økonomiske rammene og oppgåvefordelinga mellom føretak og kommunar legg til rette for det, ser rådmannen potensialet i ei satsing i Hardangerbadet på rehabilitering spesielt retta mot fysikalsk medisin og rehabilitering. I regi av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger er det etablert eit eige prosjekt med oppgåve å sjå på det samla rehabiliteringstilbodet i lokalsjukehusområda Voss og Odda. Prosjektgruppa rår kommunane til å satsa på kvardagsrehabilitering, og når Helsedirektoratet har lagt fram ny rettleiar for ansvars og oppgåvefordelinga innan rehabiliteringsfeltet, vert det vurdert om det skal etablerast interkommunale rehabiliteringstilbod i institusjon i Kvam, Odda og Voss. I utgangspunktet er ei slik utviding i Kvam tenkt lokalisert til avdelinga på Toloheimen. Rådmannen ser behovet for auka innsats innan rehabilitering. Så langt er oppgåvene som er tenkt etablert i Hardangerbadet lagt under spesialisthelsetenesta eller er privat drivne. Hardangerbadet vera ein arena for eit utviklingsprosjekt av ein samarbeidsmodell for rehabilitering med fokus på synergien med bassengdelen (spesielt terapibassenget), fysikalsk medisin og treningssenteret (som er hovudsatsinga for helse i HB). Målgruppene i eit slikt prosjekt må koordinerast og vera eit supplement til den kommunale rehabiliteringa. Nasjonale føringar, helse og omsorgsplanen, plan for fagleg og organisatorisk utvikling av Kvam lokalmedisinske senter og prosjektgruppa for Hardangerbadet har fokus på førebygging og peikar på kor viktig kunnskap mellom anna om rett mat og etevanar er i førebyggjande arbeid. Kombinasjonen rett kosthald med fysisk aktivitet er dokumentert viktig for folkehelsa. Kvam herad har behov for kompetanse innan ernæring både praktisk og på system nivå. Dette er omtala i plan for lokalmedisinsk senter. Rådmannen ser potensialet i eit samarbeid om ernæringskompetanse mellom kommunen, nabokommunar, føretaket og Hardangerbadet. Ernæringsproblematikk er sentral i alle aldersgrupper både med omsyn til førebygging og behandling. Slik ser rådmannen potensiale til prosjektarbeid og prosjektfinansiering frå fleire innfallsvinklar i eit eventuelt samarbeid med Hardangerbadet. Nasjonale føringar, Helse og omsorgsplanen, plan for fagleg og organisatorisk utvikling av Kvam lokalmedisinske senter og prosjektgruppa for Hardangerbadet har fokus på etablering av frisklivs- og mestringstilbod i kommunane. Kvam heradstyre har tidlegare avslått framlegg om dette. Rådmannen er innstilt på å følgja opp frisklivs og lærings og mestringstilbod i tråd med helse og omsorgsplanen. Organiseringa av arbeidet kan gjerast som prosjekt og gjerne i samarbeid med andre kommunar, Helseføretaka og private, men som ein del av Kvam lokalmedisinske senter. I så måte kan Hardangerbadet vera ein aktuell samarbeidspartnar, men rådmannen er ikkje klar for å lokalisera aktiviteten til ein bestemt stad. Spesielt frisklivstilbodet er låg-terskeltilbod som må etablerast fleire stader i kommunen. Energisenteret for barn og unge ved Haukeland Universitetssjukehus er under etablering. Energisenteret skal gje tilbod til barn og unge med fysiske og psykiske helseproblem og bidra til å

opparbeide ny kunnskap om effekt av trening og fysisk aktivitet. Senteret vil innehalda areal for diagnostikk, behandling, rehabilitering, habilitering, undervisning og forsking, og skal bidra til å utdanna trenarar, lærarar, fysioterapeutar, helsesøstre og andre som har nytte av å læra meir om fysisk aktivitet for barn og unge. Målet er å få meir kunnskap om korleis ein kan lukkast med å integrera barn og unge med kroniske sjukdommar og ekstraordinære behov, og dela denne kunnskapen med andre. Helse Bergen inviterer til samarbeid med kommunale etatar, idrettslag og pasientorganisasjonar. Kvam herad har hatt eit informasjonsmøte med Energisenteret og har signalisert interesse for eit samarbeid. HB ynskjer også samarbeid med energisenteret ut frå at dei har «svært lik infrastruktur (basseng, fysikalsk behandling og trening) som Energisenteret. Dette kan gje eit godt grunnlag for fagsamarbeid og oppfølging av heilskapleg pasientforløp.» Eit eventuelt samarbeid lyt tuftast i tråd med tenesteavtalane mellom føretaket og kommunen. Arbeidet med å byggja opp Kvam familie og læringssenter (KFL) pågår. Hovedprinsippet er samlokalisering av barnevern, PPT, helsestasjon, kommunepsykolog barn og unge og barnefysioterapi. Lokalisering og utkast til rombehov er enno ikkje klarlagt og hovedtanken er å samlokalisera og å etablera tenestene i eit eksisterande kommunalt bygg. Korleis helsestasjonstenestene skal utøvast i KFL er heller ikkje enno avklart. Låg-terskeltilbod med psykolog er i primærhelsemeldinga føreslått som eit obligatorisk tilbod i kommunane. Kvam herad har alt etablert ein psykologstilling som har både kurative, førebyggjande og systemoppgåver, med hovudfokus på rus og psykisk helse. Stillinga er etablert gjennom prosjektmidlar frå staten. Rådmannen ser at det kan vera område der den kommunale psykologen kan samhandla med psykologteneste knytt til funksjonane som er tenkt lagde til Hardangerbadet. Kvam herad har etablert «Grannehjelpa» som drivkraft i frivillighetsarbeidet i kommunen. Utanom Grannehjelpa er det mange frivillige organisasjonar og pasientorganisasjonar som om dei prioriterer det kan dra nytte av lokale og fasilitetar i Hardangerbadet. Til dømes Norges revmatikar forbund, pensjonistlag, o.a. kan ha nytte av å bruka fellesrom og eventuelt eit felles kontor. Når det gjeld forsking og utvikling, er målet i Helse og Omsorgsplanen at Kvam herad vil ha ei aktiv rolle i forsking og utvikling og nytta kunnskapsbaserte og erfaringsbaserte tiltak, metodar og strategiar i utviklinga og gjennomføringa av tenestene. Planen legg opp til å oppnå dette gjennom deltaking i faglege nettverk, ved å setja av tid til fagleg oppdatering, leggja til rette for samarbeid med høgskular, universitet og spesialisthelsetenesta og ta initiativ til og bidra aktivt i forskingsarbeid. Samarbeidet om FOU, praksis og læretid er knytt til tenesteavtale nr. 7 med føretaket. Hardangerbadet har søkt Norsk forskingsråd og fått godkjenning som eigen FOU institusjon. Rådmannen ser positivt på at Kvam herad inngår samarbeid med Helse Bergen og Hardangerbadet om FoU. Tilråding Rådmannen ber Kvam heradsstyre om i samarbeid med Hardangerbadet å få arbeida vidare etter intensjonane som er skissert i denne delutgreiinga