Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Like dokumenter
HØYRING - FORSLAG TIL INNRETNING AV HAVBRUKSFONDET

HØYRING AV FRAMLEGG TIL INNRETNING AV HAVBRUKSFONDET

Saksnr. Arkivkode Saksh. Dykkar ref. Dato 16/309-3 / U43/ Aina Tjosås ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO

Regjeringa har lagt ut eit høyringsnotat, der dei ber om innspel til innretning på eit havbrusfond. Høyringsfrist er sett til 18. februar.

Høyring - forslag til innretning av havbruksfondet. Uttale frå Gulen kommune. Saksnummer Utval Møtedato 002/16 Formannskapet

MELDING OM VEDTAK. Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2015/ Roger Andersen,

Saksbehandlar: Elisabeth Aune, Næringsavdelinga Sak nr.: 15 /

Vedtaksbrev. Dykkar ref. Vår ref. Stad/Dato: 16/457-2/FA - U43, HistSak -

HØRING - FORSLAG TIL INNRETNING PÅ HAVBRUKSFONDET

Birgit Aarønæs Lisbeth Nervik

Deres ref: Vår ref Saksbehandler Dato 2015/ Astri Christine Bævre Istad

Lødingen kommune Arkiv: FE- Saksmappe: 16/121 Saksbehandler: Tom Roger Hanssen Saksordfører: Dato:

SAKSFREMLEGG. Saksnummer: 16/57-1 Arkiv: U41 &13 Saksbehandler: Jørgen Kristoffersen HØRING - FORSLAG TIL INNRETNING AV HAVBRUKSFONDET

HØRING AV FORSLAG TIL INNRETNING PÅ HAVBRUKSFONDET

Dyrøy kommune. Møteinnkalling. Formannskapet. Utvalg: Møtested: Møterom 1, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 10:00

Saksnr Utvalg Møtedato 6/16 Formannskapet

Høring - forslag til innretning på havbruksfondet. Utvalg Utvalgssak Møtedato Fosnes kommunestyre

Deres ref Vår ref Dato 15/

PARTSBREV. Vår ref: Deres ref: Saksbehandler: Arkivkode: Dato: /4 Inge Dag Røkenes/76 FA - U40, FE

Vår ref: Deres ref Saksbehandler Dato 2016/448-5 Rønnaug Aaring

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM SÆRSKILDE KRAV TIL AKVAKULTURRELATERT VERKSEMD I HARDANGERFJORDEN

SØR-VARANGER KOMMUNE Boks 406, 9915 Kirkenes Tlf Fax E-post:

Levande fjord levande vassdrag Kva gjer Regjeringa

St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4

MØTEINNKALLING FUSA KOMMUNE. Formannskapet. Utval: Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl. 17:00

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

FISKERIDIREKTORATETS INNSPILL TIL HØRING AV FORSLAG TIL INNRETNING PÅ HAVBRUKSFONDET

Oppdrettskonsesjonar på Vestlandet

Forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure i 2015

Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond i 2016

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri februar 2014

Saksframlegg. Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Høring av endring av Havbruksfondet

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri per mars 2016

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Flatanger Kommunestyre

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 94/2015 Utval for drift og utvikling PS

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Havbruksfondet - en status. Arne Berge

Kapittel I. Generelle føresegner

Høyring - forslag om blokker til utlysing i 21.konsesjonsrunde

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Side1. Møteinnkalling til Formannskapet. Møtedato: Møtetid: 10:00 Møtested: Hadsel rådhus, formannskapssalen

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Høyring av forslag til regelverk for å implementere nytt system for kapasitetsjustering i laks- og aureoppdrett

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Rauma Stamfisk AS - Løyve til anleggsendring på lokalitet Gjerset Vest, Haram kommune

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Slakteriet AS (SF-F-30) - Tilsagn om utviding av løyve til slaktemerd lokalitet Hesteneset i Flora kommune, Sogn og Fjordane.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden Avslag i perioden Laks og aure i sjø 12

Dykkar ref Vår ref Dato /MAB 23. januar 2009

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

HØYRING NYE BESTEMMELSER OM TORSKEOPPDRETT

«Inndeling av kysten i produksjonsområder»

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

SAKSFRAMLEGG. Høyringsuttale - utkast til forskrift om særskilte krav til akvakulturrelatert verksemd i Hardangerfjorden

Politiske rammevilkår for havbruksnæringa

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND 10 FEBRUAR HOTEL BONDEHEIMEN, OSLO (møte var utsett frå 29 januar)

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Kvam herad. Forslag til forskrift om særskilde krav til akvakultrrelatert verksemd i Hardangerfjorden-høyringsuttale frå Kvam herad

Høyring av forslag om videreutvikling av produksjonsavgrensingssystemet

Grønt lys for blå framtid Hvordan handlingsregler i produksjonsområder skal gi balansert havbruksvekst

Meld. St. 22 ( ) om nye folkevalte regionar - Uttale om akvakulturforvaltning

Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger Akvakulturanalyse innhald og struktur

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Tabellar for kommunane

HØYRINGSBREV - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM SÆRSKILDE KRAV TIL AKVAKULTURRELATERT VERKSEMD I HARDANGERFJORDEN.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Vegtrafikkindeksen 2018

Høyringssvar - Heva kvotetak i kystflåten over 11 (13) meter heimelslengd

Forholdet mellom plan og lokalitet

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Høring - forslag til forskrift om tildeling av tillatelser til havbruk med laks, ørret og regnbueørret i sjøvann Grønne tillatelser

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

REGIONAL KYSTSONEPLAN FOR SUNNHORDLAND OG YTRE HARDANGER. VEDTAK AV PLANPROGRAM

Sal av aksjar og rettar i AS Strandgaten 196

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

OPPSTART OG ORGANISERING AV REGIONAL PLAN FOR SUNNHORDLAND

Arkivsak Arkivnr. 313 Saksh. Døskeland, Inge. Fylkesutvalet

Utkast til forskrift om særskilte krav til akvakulturrelatert verksemd i Hardangerfjorden

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

Rammer for ei heilskapleg forvaltning av kystsona

Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen AS - søknad om tilskot til pilotprosjekt

Innst. 348 S. Sammendrag. ( ) Innstilling til Stortinget fra næringskomiteen. Dokument 8:103 S ( )

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Høyring - Tiltak for å motverke negative miljøeffektar av behandling mot lakselus

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 4086/2016 Arve Ingolf Slettvåg Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 02.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet 29.02.2016 Høyring av forslag til innretning på havbruksfondet Bakgrunn Havbruksnæringa har utvikla seg til å bli ei viktig næring for Norge og for dei mange kommunane med oppdrettsverksemd langs kysten. Det blir i dag drive oppdrett av laks og aure i totalt 160 kystkommunar, der havbruksnæringa bidrar med aktivitet, sysselsetting og inntekter. Likevel opplever mange kommunar at dei får for lite igjen for å leggje til rette for næringa. Oppdrettsnæringa har hatt ein sterk vekst over fleire tiår og berre sidan 2005 er produksjonen av laks og aure meir enn dobla. Regjeringa vil leggje til rette for vidare vekst i oppdrettsnæringa, der ein av føresetnadene er tilgang på tilstrekkeleg og eigna areal. I regjeringa si politiske plattform er det sagt at kommunar som stiller areal til rådighet for havbruksnæringa bør oppleve større positive ringverknader frå aktiviteten. Den politiske plattforma seier også at store delar av vederlaget for nye konsesjonar bør tilfelle berørte kommunar. I Meld.St.16 (2014-2015) «Forutsigbar og miljømessig berekraftig vekst i norsk lakse- og ørretoppdrett» (havbruksmeldinga) presenterer regjeringa eit nytt system for justering av kapasiteten i oppdrettsnæringa basert på miljøindikatorar, handlingsreglar og inndeling av kysten i produksjonsområder. Næringskomiteen har i si innstilling gått inn for at 80 prosent av vederlaget til tildeling av ny kapasitet skal fordelast til kommunal sektor, mens statens del skal vere 20 prosent. Vidare er regjeringa bedt om å opprette eit havbruksfond som skal sikre ei rimeleg fordeling av kommunal sektor sin del av vederlaget på alle fylkeskommunar og kommunar med oppdrettsverksemd. I følgje berekningar utført av Nofima er havbruksnæringa ein usedvanlig arealeffektiv proteinproduksjon. Den direkte fysiske overflatearealbruken i 2013 var 21,092 kvadratkilometer. Eit samla produksjonsuttak av laks og aure på 1.243.000 tonn produsert på 573 lokalitetar, inneber ein gjennomsnittleg produksjon på 58.949 tonn laks/aure per kvadratkilometer brukt sjøoverlateareal. Sjølv om Norge har ein lang kyst og havbruksnæringa sitt direkte arealbeslag er lite, er tilgangen på areal ein reell knappheitsfaktor. Havbruksnæringa treng nye og eigna areal for å kunne vekse vidare. Lokalitetane har stor betyding for selskapa si evne til å drive effektivt og oppnå lønsam drift. Forhold som straum, djupne, temperatur, salinitet og oksygen påverkar veksthastigheit og fôrutnytting. Grad av ly og skjerming, vind og bølgjehøgde påverkar risiko for havari og rømming. Avstand og samspel mellom lokaliteter i eit område har stor betyding for å få til ei god produksjonsplanlegging og kostnadseffektive logistikkløysingar.

Utdrag frå Næringskomiteen si innstilling av 8. juni 2015: «Komiteen mener en større andel av inntektene fra vederlag for nye konsesjoner og vekst på eksisterende skal tilfalle kommunene og fylkeskommunene som har oppdrettsvirksomhet. Komiteen peker på at dette er viktig for å stimulere kommunene til å stille egnede arealer til rådighet for oppdrettsnæringen. Komiteen mener kommuner og fylkeskommuner med oppdrettsvirksomhet skal få 80 prosent av inntektene fra både vederlag for nye konsesjoner, og vekst på eksisterende. De resterende 20 prosent tilfaller staten. Dette hjemles i akvakulturloven som et nytt ledd i bestemmelsen som i dag hjemler vederlag for tildeling av konsesjoner. Komiteen mener inntektene som skal tilfalle oppdrettskommunene skal fordeles gjennom et havbruksfond, og ber regjeringen, i forbindelse med statsbudsjettet for 2016, legge frem forslag om innretningen på et slikt fond. Komiteen ber videre regjeringen legge fram en drøftelse av ulike fordelingsnøkler, og legge fram den fordelingsnøkkelen den finner mest tjenlig for å sikre rimelig fordeling av fondet til alle kommuner og fylkeskommuner som har oppdrettsvirksomhet. Komiteen ber regjeringen involvere relevante aktører på området, i utarbeidelse av lovendring og forskrift(er).» Den endelige innrettinga av havbruksfondet skal leggast fram for Stortinget. Avgrensing og premissar Det er berre kommunar og fylkeskommunar med oppdrett av laks og aure i sine sjøareal som skal ha krav på ein del av havbruksfondet. Løyve til oppdrett av andre artar enn laks, og aure blir løpande tildelt og vederlagsfritt, og omfattast derfor ikkje av fondsløysinga. Det same gjeld andre typar løyve som for eksempel forskingsløyve og undervisingsløyve. Departementet ser det heller ikkje som naturleg at kommunar og fylkeskommunar med berre landbasert oppdrett av laks og aure skal ha krav på ein del av fondet. I havbruksmeldinga blir det lagt opp til å tildele løyve til landbasert oppdrett løpande og vederlagsfritt på lik linje som løyve til oppdrett av andre artar i sjø. Regjeringa har bestemt å innføre ei prøveordning med utviklingskonsesjonar som kan konverterast til kommersielle løyve for eit vederlag på 10 millionar kroner etter ei gitt tid. Utviklingskonsesjonane skal tildelast med ei tidsavgrensing på 15 år. Provenyet frå framtidige konverteringar vil inngå i fondet på same måte som provenyet frå nye ordinære løyve. Ordninga med utviklingsløyve inneber at konvertering først skjer etter ei gitt tid, noko som betyr at fondet ikkje får tilført midlar frå utviklingskonsesjonar før fleire år fram i tid. Kapasitetsauke på 5 prosent på eksisterande løyve blir fordelt 50 50 mellom stat og kommunal sektor, og vil ikkje inngå i havbruksfondet. Vederlaget for alle løyve som blir tildelt frå 1. januar 2016 skal fordelast med 80 prosent til kommunal sektor og 20 prosent til staten, der kommunal sektor sin del blir fordelt gjennom havbruksfondet. I havbruksmeldinga blir det lagt opp til å dele inn kysten i 11 13 produksjonsområde der det blir etablert miljøindikatorar som skal gi grunnlag for å vurdere vekst i det enkelte produksjonsområde annakvart år. Eit spørsmål som reiser seg er derfor om det bør opprettast eit nasjonalt havbruksfond eller om det bør opprettast 11 13 havbruksfond, eitt for kvart produksjonsområde. Eit anna alternativ er å opprette fylkesvise havbruksfond.

Innretning av havbruksfondet Fordelingsnøkkel mellom fylkeskommunar og kommunar. Stortinget har i si innstilling gått inn for at 80 prosent av vederlaget frå framtidig vekst skal tilfelle kommunar og fylkeskommunar, og føresette i si behandling ei fordeling med 20 prosent til staten, 10 prosent til fylkeskommunen og 70 prosent til kommunane. Fordelingsnøkkel mellom kommunar Nærings- og Fiskeridepartementet ønskjer å finne ein enkel fordelingsnøkkel som gir ei rimeleg fordeling på alle kommunar med oppdrettsverksemd, men som samstundes stimulerer til å legge til rette for nye og eigna areal. Departementet ser for seg følgjande aktuelle fordelingsnøklar: Lik fordeling mellom kommunane Klarert lokalitets-mtb Fysisk arealbeslag Slaktevolum Regionråd som alternativ til fordeling fastsett av departementet. Fordelingsnøkkel mellom fylkeskommunar Departementet meiner at same fordeling som for kommunane også kan nyttast for fordeling mellom fylkeskommunane. Utbetaling frå fondet, ulike modellar Utbetaling med ein gong. Modellen inneber at kommunal sektor sin del av inntektene frå framtidige kapasitetstildelingar blir utbetalt med ein gong vederlag for auka kapasitet er innbetalt. Altså blir det full utbetaling i år 1 og ingen utbetaling i år 2. Gjeldande kommunar og fylkeskommunar vil kunne hauste renter av inntektene, spreie bruken av midlane over fleire år, eller sette midlane i arbeid med ein gong. Fast utbetaling Modellen inneber at det kvart år blir bestemt eit fast beløp som blir utbetalt frå fondet til fordeling blant kommunane. Dette medfører at størrelsen på dei samla utbetalingane frå fondet er konstante, og at kommunane sine inntekter, i den grad dei beheld same fordelingsnøkkel mellom periodar, får faste årlege inntekter. Prosentvis utbetaling Modellen inneber at ein fast del av midlane i fondet blir utbetalt årleg. Til forskjell frå modellen med fast utbetalingsbeløp vil størrelsen på utbetalingane variere med størrelsen på sjølve fondet, men sikrar samtidig ein mindre varierande størrelse på utbetalingane enn modellen med utbetaling med ein gong. Ved at berre ein del av midlane blir utbetalt vil ein sikre at havbruksfondet ikkje kan gå i minus. Vurdering Avgrensing og premissar Størrelsen på inntektene frå havbruksfondet vil avhenge av kor mykje ny produksjonskapasitet som blir tildelt. I det nye systemet beskrive i havbruksmeldinga er det lakselussituasjonen som vil bestemme kor mykje ny produksjonskapasitet som kan bli tildelt. På sikt vil andre forhold også kunne inngå i handlingsregelen. Med ein god situasjon når det gjeld lakselus, der mange produksjonsområde blir opna for vekst, vil inntektene til fondet kunne bli

betydelege. Det motsette blir tilfelle dersom lakselussituasjonen utviklar seg i negativ retning og få produksjonsområde blir opna for vekst. Storleiken på inntektene vil i tillegg avhenge av kva pris ein oppnår ved tildeling av ny kapasitet. Storleiken på fondet vil også vere avhengig av om midlane blir utbetalt med ein gong dei blir tilført fondet eller om utbetaling blir spreidd over fleire år. Det vil vere fornuftig å fordele inntektene frå framtidige kapasitetstildelingar på alle fylkeskommunar og kommunar som har oppdrettsverksemd, uavhengig om fylkeskommunen/kommunen ligg i eit område der kapasiteten på konsesjonsnivå blir auka, redusert eller blir halde uendra. Eit argument mot at kun kommunar i produksjonsområde som får vekst skal tilgodesjåast, er også at kommunar i produksjonsområde der kapasiteten blir halde uendra eller blir redusert på grunn av den biologiske situasjonen opplever større negative verknader av aktiviteten. Det er derfor gode grunnar til at alle kommunar bør få ein del av fondet. I område med ein mindre god biologisk situasjon kan det også vere større behov for klarering av nye og meir eigna lokalitetar for oppdrett, og kommunane bør derfor gis incentiv i den retning. Stortinget har også lagt til grunn at alle kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd skal få ein del av fondet, ikkje berre kommunar og fylkeskommunar som legg til rette for nye lokalitetar. I havbruksmeldinga blir det beskrive eit system for kapasitetsjustering utan at det blir lagt opp til etablering av store oppdrettsfrie «branngater» (barrierar mot spreiing av parasittar og sjukdom mellom produksjonsområde). I forslaget frå Nærings- og Fiskeridepartementet tek ein sikte på å nytte naturlege branngater, vurderingar basert på modellering av smittespreiing, samt mindre, lokale justeringar i lokalitetsstrukturen. Etablering av branngater vil kunne føre til at enkelte lokalitetar blir permanent brakklagt. Vertskommunar for branngater vil såleis bidra til fellesskapet sitt beste, og bør bli tilgodesett med ein del av framtidige inntekter frå kapasitetsauke. Vi meiner at dette berre bør gjelde kommunar som basert på faglege vurderingar får ein del av sitt sjøareal omgjort til branngater. Innretning av havbruksfondet Fordelingsnøkkel mellom kommunar Det er ønskjeleg å finne ein enkel fordelingsnøkkel som gir ei rimelig fordeling på alle kommunar med oppdrettsverksemd av matfisk av laks og aure i sjøen, men som samstundes stimulerer til å legge til rette for nye og eigna areal. Det er føreslått fleire fordelingsnøklar, som i varierande grad er eigna. Lik fordeling: Ei jamn fordeling av inntektene mellom alle kommunar som har oppdrettsverksemd av laks og aure er mogleg. Ei slik fordeling av midlane vil gi 6,25 millionar kroner til kvar kommune viss provenyet første året er på 1 milliard kroner. For kommunar med oppdrett av matfisk av laks og aure i Møre og Romsdal vil ein slik modell tilsaman generere 156 250 000 kroner i inntekter med ein proveny på 1 milliard kroner. Det er store forskjellar i kor mykje oppdrettsverksemd som er i dei forskjellige kommunane, og ein slik fordelingsnøkkel vil gi urimelege utslag. Kommunar med stor oppdrettsverksemd bør få ein større del av inntektene. Lik fordeling av inntektene vil heller ikkje gi noko incentiv til å legge til rette for nye og/eller meir eigna lokaliteter.

Lokalitets-MTB Per 10. november 2015 var det registrert totalt 945 lokaliteter for kommersiell matfiskoppdrett av laks, aure og regnbogeaure i til saman 162 kommunar i Norge. På grunn av periodevis brakklegging er det ikkje produksjon på alle lokalitetane samtidig. I gjennomsnitt så er det til eikvar tid produksjon ved cirka 55 65 prosent av alle lokalitetar. Samla lokalitets-mtb til oppdrett av matfisk av laks og aure og regnbogeaure i sjø i Norge var 10. november 2015 på 3,04 millionar tonn. Tilsvarande tal for Møre og Romsdal var 285.217,5 tonn. Lokalitets-MTB på lokalitetar i Møre og Romsdal utgjer 9,38 prosent av totalen. For kommunar i Møre og Romsdal med oppdrett av matfisk av laks og aure i sjø vil samla inntekt frå fondet utgjere 46 895 894 kroner med ein proveny på 500 millionar kroner, 93 791 789 kroner med ein proveny på 1 milliard og 187 583 578 kroner med ein proveny på 2 milliard kroner. Ein fordelingsnøkkel basert på andel av klarert lokalitets-mtb er enklere å halde seg til og sikrar at kommunar med størst oppdrettsverksemd også vil få størst del av inntektene. Ein slik fordelingsnøkkel vil gi ein føreseieleg og stabil fordeling av inntektene samstundes som den gir incentiv til å legge til rette for nye lokalitetar. Ei potensiell ulempe med lokalitets-mtb som fordelingsnøkkel er at opp mot 50 prosent av lokalitetane til eikvar tid er brakklagt, der det kan vere store forskjellar i kor hyppig lokalitetane er i bruk og i kva grad lokalitets-mtb faktisk blir nytta. Lokalitets-MTB kan vere ein rettferdig og fornuftig fordelingsnøkkel, men då må ein vere sikker på at det er lokalitetar som faktisk er i bruk som blir lagt til grunn. Opplysningar innrapportert i Altinn kan nyttast som kjelde. Slike data kan vere driftsdata på kvar enkelt lokalitet eller lokalitetar som er planlagt brukt i driftsplan. Fysisk arealbeslag Bruk av lokalitetane sine fysiske arealbeslag som fordelingsnøkkel er muleg, sidan skisser av anlegga blir nytta i søknadsprosessen og hjørnepunkta til anlegga i vassoverflata blir lagt inn i akvakulturregisteret når lokaliteten blir registrert. Opplysningar om lokalitets-mtb og overflatearealet til akvakulturanlegg er tilgjengeleg i akvakulturregisteret. Å bruke fysisk arealbeslag i staden for lokalitets- MTB som fordelingsnøkkel vil sannsynlegvis ikkje gjere nokon stor forskjell. Det vil nok heller ikkje utgjere nokon stor forskjell når det gjeld incentiv til å leggje til rette for meir oppdrettsproduksjon. Slaktevolum Ein fordelingsnøkkel basert på slaktevolum på lokalitetsnivå er muleg å nytte sidan tala blir innrapportert gjennom Altinn. Fordeling av slaktevolum vil bety at fordelingsnøkkelen blir knytt til verdiskaping i staden for arealbeslag. Ei positiv side med ein fordelingsnøkkel basert på slaktevolum vil vere at kommunar med produktive lokalitetar blir premiert. Ein slik fordelingsnøkkel vil også gi incentiv til kommunane å legge til rette dei mest produktive areala. Ei svakheit med ein slik modell er større svingingar i kommunane sine inntekter frå år til år. Sjukdomsutbrot og/eller ei større rømming vil kunne gi reduserte inntekter for kommunen gjennom at slaktevoluma blir redusert. Regionråd som alternativ til fordeling fastsett av departementet Eit alternativ til at departementet fastset ein fordelingsnøkkel er at kommunane sjølve blir einige om fordelinga seg imellom. Stadig fleire kommunar går no saman om å utarbeide felles kystsoneplanar, og det kan tenkast at kommunane i samband med dette arbeidet kan sjå seg tent med ei anna fordeling av vederlaget enn det ein fordelingsnøkkel basert på lokalitets-mtb skulle tilseie. Utbetaling vil for eksempel skje til eit regionråd, som igjen set fast fordelinga av midlane til sine

kommunar. Departementet legg til grunn at utbetaling frå fondet til regionrådet likevel må basere seg på ein fordelingsnøkkel, og at det berre er den interne fordelinga mellom kommunane i regionen som regionrådet vil kunne ta stilling til. Ei slik løysing føreset eit tydeleg kriteriesett for tildeling frå departementet. Fordelingsnøkkel mellom fylkeskommunar Med utgangspunkt i inntekter frå fondet på 1 milliard der fylkeskommunane sin del utgjer 100 millionar kroner (10 prosent), vil likt fordelt gi 9,1 million kroner til kvart av fylka Aust Agder, Finnmark, Hordaland, Møre og Romsdal, Nordland, Nord- Trøndelag, Rogaland, Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag, Troms og Vest-Agder. Viss inntektene blir fordelt etter del av klarert lokalitetsbiomasse per 10. november 2015 vil inntektene variere frå knappe 50 000 kroner til Aust-Agder til nesten 20 millionar kroner til Nordland. Møre og Romsdal fylkeskommune vil ved ei slik fordeling få 9,39 millionar kroner. Å bruke klarert lokalitetsbiomasse som fordelingsnøkkel mellom fylke gir ein feil angiving av produksjonskapasiteten i fylket. Lokalitets-MTB gir berre eit augeblikks bilde og er derfor unøyaktig. Fylke som har vore dyktig med å rydde opp i gamle lokalitetar, og der planprosessar som har lagt klarering av nye lokalitetar og utviding av eksisterande lokaliteter på is kan kome dårleg ut. Det som angir produksjonskapasiteten i eit fylke/region er konsesjons MTB. Konsesjons-MTB vil ikkje variere så mykje som lokalitets-mtb vil gjere. Den er derfor ein mykje meir rettferdig fordelingsnøkkel enn lokalitets-mtb mellom fylka. For Møre og Romsdal sin del har vi 89.050 tonn konsesjons MTB klarert. Av landets samla konsesjons MTB på 787.459 tonn utgjer Møre og Romsdal sin del 11,3 prosent. Av dei 100 millionane som rekneeksempelet tok utgangspunkt i ville Møre og Romsdal fått 11,3 millionar kroner viss konsesjons MTB vart lagt til grunn. Utbetaling frå fondet Utbetaling med ein gong. Modellen inneber at kommunal sektor si del av inntektene frå framtidige kapasitetstildelingar blir utbetalt med ein gong vederlag for auka kapasitet er innbetalt. Altså blir det full utbetaling i år 1 og ingen utbetaling i år 2. Gjeldande kommunar og fylkeskommunar vil kunne hauste renter av inntektene, spreie bruken av midlane over fleire år, eller sette midlane i arbeid med ein gong. Utbetalingane vil variere frå gang til gang, men vil til ein viss grad vere føreseielege ettersom ein ei tid i forkant vil ha ei god oppfatning av kva slags produksjonsområde som vil få vekst eller ikkje. Modellen med utbetaling med ein gong er det forvaltingsmessig enklaste alternativet som sikrar at midlane kjem i bruk og overlet eventuell forvalting til den enkelte kommune. Dersom det er ønskjeleg med jamne utbetalingar er dette eit omsyn denne modellen tek vare på i mindre grad. Modellens økonomiske konsekvens for kommunane kan illustrerast med følgjande eksempel: Viss det i ein runde med innbetaling av vederlag for vekst på ein 1 milliard kroner til havbruksfondet og gjeldande kommune har krav på 1 prosent av midlane som blir utbetalt, vil kommunen med ein gong få utbetalt 10 millionar kroner. Viss det i neste runde to år seinare er mindre vekst og inntektene berre blir 200 millionar kroner og kommunen framleis har krav på 1 prosent så vil kommunen få utbetalt 2 millionar kroner. Fast utbetaling Modellen inneber at det kvart år blir bestemt eit fast beløp som blir utbetalt frå fondet til fordeling blant kommunane. Dette medfører at størrelsen på dei samla utbetalingane frå fondet er konstante, og at kommunane sine inntekter, i den grad dei beheld same fordelingsnøkkel mellom periodar, får faste årlege inntekter. Dette

alternativet gir kommunane mest mulig forutsigbarheit med omsyn til inntekter frå fondet, men har i følgje departementet fleire administrative ulemper. For det første må det faste beløpet settast så lågt at fondet ikkje står i fare for å gå i minus. Det vil bli krevjande å anslå kor store inntektene til havbruksfondet vil bli, jf. at dette avheng av kor mykje vekst som blir tildelt og kva pris som oppnåast for ny kapasitet. Usikkerheita vil i følgje departementet vere stor allereie første gang inntektene skal fordelast, men vil bli enda større på sikt. Utbetalingane vil heller ikkje vere heilt faste sidan fordelingsnøkkelen vil kunne endre seg. Modellen sin økonomiske konsekvensar for kommunane vil vere enkel. Sidan det er fastsett eit beløp som skal utbetalast frå fondet til fordeling, vil ein kommune mota sin del av dette beløpet kvart år. Modellen vil vere føreseieleg for kommunane, men fast utbetaling frå fondet inneber også at store midlar blir halde tilbake. Kommunane vil i realiteten også tape pengar på ei slik ordning, fordi det ikkje blir berekna renter mellom innbetaling og utbetaling frå statsbudsjettet. Alternativet inneber ingen garanti om utbetalingar frå staten. Dersom beløpet viser seg å vere for høgt må det justerast ned. Alternativet inneber ikkje noko absolutt sikkerheit for noko fast beløp over tid. Viss for eksempel 100 millionar kroner blir fastsett som årleg utbetalingsum frå havbruksfondet og gjeldande kommune har krav på 1 prosent del av midlane som blir utbetalt frå havbruksfondet så vil kommunen få utbetalt 1 million kroner årleg. Prosentvis utbetaling Modellen inneber at ein fast del av midlane i fondet blir utbetalt årleg. Til forskjell frå modellen med fast utbetalingsbeløp vil størrelsen på utbetalingane variere med størrelsen på sjølve fondet, men sikrar samtidig ein mindre varierande størrelse på utbetalingane enn modellen med utbetaling med ein gong. Ved at berre ein del av midlane blir utbetalt vil ein sikre at havbruksfondet ikkje kan gå i minus. Modellen har dei same utfordringane som modellen med fast beløp kva gjeld behov for forvalting av tilbakehaldne midlar samt innskrenking av kommunane sitt handlingsrom til å disponere sine inntekter, ettersom det til eikvar tid vil vere midlar til gode i havbruksfondet. Vidare vil modellen sine eigenskapar i stor grad variere med størrelsen på prosenten av fondet som skal utbetalast. Ein høg prosentsats vil gi større grad av variasjon i utbetalingane, men reduserer andelen midlar som blir ståande unytta. Ein lågare prosentsats vil gi større grad av forutsigbarheit, men vil samstundes føre til at ein stor del av vederlaga frå vekst blir verande i fondet. Modellen sine økonomiske konsekvens for kommunane kan illustrerast med eit eksempel. I eksempelet er det forutsett at andelen som skal fordelast blir utbetalt over to år i to like delar, for at omsynet til jamne utbetalingsbeløp blir ivaretatt. Ein antar at det blir innbetalt 1 milliard og 200 millionar i to vekstperiodar til fondet, og at gjeldande kommune har krav på 1 prosent av midlane som blir utbetalt frå havbruksfondet. Viss utbetalingssatsen er 50 prosent, vil kommunen ta i mot 2,5 millionar dei to første åra. Etter den andre innbetalinga til fondet, vil det vere 700 millionar kroner i havbruksfondet. Dei to påfølgande åra vil kommunen ta i mot 1,75 millionar kroner frå fondet. Dette gir kommunen relativt stabile inntekter, men ein stor del av inntektene i havbruksfondet blir ståande utilgjengelege. Viss utbetalingssatsen blir auka til 80 prosent, vil kommunen dei to første åra ta i mot 4 millionar kroner frå fondet, og 1,6 millionar kroner dei to neste. Dei økonomiske konsekvensane for kommunane vil i stor grad varierer med størrelsen på andelen av fondet som blir utbetalt. Viss ein vel ein slik modell ønskjer departementet å få innspel på kor stor del av havbruksfondet ein bør utbetale per periode.

Bør det opprettast eit faktisk havbruksfond for fordeling av inntektene Modellane som er beskrive med fast årleg utbetaling basert på eit kronebeløp eller ein prosentsats inneber begge at deler av inntektene må haldast tilbake. Som nemnt blir det ikkje berekna rente mellom tidspunkta der midlane blir inntekts- og utgiftsført på statsbudsjettet. Eit alternativ er at det faktisk blir oppretta eit havbruksfond som blir ansvarleg for forvaltinga av midlane som er kome inn i fondet men som enda ikkje er utbetalt til kommunane. Da kan den delen av midlane som enda ikkje er utbetalt til kommunane enten settast i bank eller investerast i verdipapir. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslaget om å etablere eit havbruksfond som skal fordele kommunane og fylkeskommunane sin del av framtidige inntekter frå kapasitetsauke i oppdrett av laks og aure. 1. Inntektene til fondet bør fordelast til alle kommunar med oppdrettsverksemd av matfisk av laks og aure i sjø uavhengig av om det området som kommunen ligg i faktisk får ei kapasitetsutviding eller ikkje. 2. Bruk av lokalitets-mtb som fordelingsnøkkel mellom kommunar vil vere eit rettferdig og fornuftig val. Ein føresetnad må vere at berre MTB frå lokaliteter som faktisk inngår i selskapa sine driftsplaner blir medrekna i lokalitets-mtb til kommunane og totalt. 3. Møre og Romsdal fylkeskommune frarår å nytte lokalitets-mtb som fordelingsnøkkel mellom fylkeskommunar. Konsesjons-MTB angir produksjonskapasiteten i fylket mykje betre og vil vere ein betre og meir rettferdig fordelingsnøkkel enn lokalitets-mtb. 4. Møre og Romsdal fylkeskommune tilrår ein modell med utbetaling frå fondet med ein gong. Dersom ein annan modell blir valt, tilrår Møre og Romsdal fylkeskommune at det vert oppretta eit eige havbruksfond. Vedlegg 1 Fordeling av samla proveny Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad regional- og næringssjef