STRATEGI FOR TILSYN 2016-2017 Hemsedal kommune
Innhold 1. Innleiing... 3 2. Målsetting... 3 3. Organisering og samarbeid... 4 4. Ressursar... 4 4.1 Personell... 4 4.2 Kompetansebehov... 4 4.3 Materiell... 4 4.4 Finansiering... 4 5. Prioriterte tilsynsområder... 5 5.1 Tema for tilsyn... 5 5.2 Tidsavgrensa krav om tilsyn jf. Byggesaksforskriften 15-3... 5 5.3 Prioritert tilsyn for 2013-2014... 5 6. Kommunikasjon og rapportering... 5 6.1 Kommunikasjon... 5 6.2 Rapportering... 5 7. Kva kan det førast tilsyn med... 6 8. Gjennomføring av tilsyn... 6 9. Oppfølging av tilsyn... 6 10. Ulovlegheitsoppfølging... 6
1. Innleiing Gjennom plan og bygningsloven 25-1 har Hemsedal kommune plikt til å føre tilsyn. I tillegg skal kommunen etter byggesaksforskrifta SAK 10 15-1 utarbeide strategi for tilsyn i byggesaker. Strategidokumentet skal gi ein oversikt over dei mål og prioriteringar som er gitt innan tilsynsområdet etter plan og bygningsloven av statlige og kommunale myndigheter. Strategien skal gjere greie for tema, fagområder, sakstyper m.m tilsynet skal følgje opp i perioden og korleis desse skal prioriterast. Strategien skal vise målsettingar, organisering, rutinar, kompetansebehov, ressursbruk, finansiering og eventuelt samarbeid med andre kommunar og instansar. Kommunen skal utarbeide ein årleg rapport over tilsynsverksemda og korleis aktiviteten har vore i forhold til strategien. Formålet med tilsyn er å avdekke om aktørane i byggesaken gjennomfører sine oppgåver i samsvar med den tildelte ansvarsretten. Tilsyn er ein viktig føresetnad for at ansvarsrettssystemet skal virke etter sin hensikt. Tilsyn vil ha ein førebyggande verknad på byggefeil og kan også føre til sparte kostnader i pågåande og nye byggetiltak. 2. Målsetting Hemsedal kommune har mål om at eit aktivt tilsyn vil kunne bidra til auka seriøsitet og kunnskap i bransjen, som vil auke tilliten til ansvarsrettssystemet. Tilsyn vil også bidra til auka dialog mellom kommune og føretak, noko som kan føre til at løyver og vedtak vert følgd. Hemsedal kommune har mål om at ei aktiv tilsynsverksemd vil kunne avdekke og førebygge byggefeil både på kort og lang sikt. Sett i ein større samanheng vil tilsynsverksemda kunne bidra til å redusere dei samfunnsmessige kostnadane som fylgje av byggefeil. Hemsedal kommune skal aktivt arbeide for og vera ein positiv samarbeidspartner for å få til eit interkommunalt samarbeid innanfor tilsyn. Hemsedal kommune skal prioritere krav om tidsavgrensa tilsyn i fylgje SAK 10 15-3 Tilsynsstrategien og årleg rapport skal forankrast politisk.
3. Organisering og samarbeid Alle sakshandsamarar har ansvar for å utføre tilsyn innanfor sitt fagområde. Teknisk sjef og fagleiarar samordnar oppfølginga av tilsynet. Ved utøvinga av tilsynet vert det sett saman tilsynslag tilpassa kvart enkelt tiltak. Hemsedal kommune skal aktivt arbeide for og vera ein positiv samarbeidspartner for å få til eit interkommunalt samarbeid innanfor tilsyn. Kommunen skal også vera ein konstruktiv samarbeidspartner for utvikling og forvaltning av tilsynsordninga sentralt og lokalt. 4. Ressursar 4.1 Personell Alle sakshandsamarar er tilgjengelige for utføring av tilsyn. Ved utøvinga av tilsynet vert det sett saman tilsynslag tilpassa kvart enkelt tiltak. 4.2 Kompetansebehov Hemsedal kommune har sjølv god kompetanse til å utføre tilsyn innan fleire fagfelt. Sjølv om kommunen har god kompetanse er det viktig med fokus på opplæring og fagleg utvikling. Eit verkemiddel for å dekke inn fagfelt som kommunen ikkje innehar er bruk av uavhengig kontroll. I spesielle høve kan kommunen leige sakkyndig personell på tiltakshaver sin rekning med heimel 25-2 i plan og bygningsloven. 4.3 Materiell Tilsynet utførast ute på dei aktuelle tiltaka, på føretaka sine kontor eller på fast arbeidsplass på kommunehuset. Nødvendig utstyr for utøving av tilsynet må supplerast fortløpande. Bruk av nettbrett til tilsynsarbeidet må vurderast. Verneutstyr for byggeplassar som hjelm og vernesko må vera tilgjengeleg. For transport i forbindelse med tilsyn brukast i hovudsak oppmålingsbilen eller lånebilar frå kommunen. 4.4 Finansiering Tilsyn skal finansierast gjennom dei ordinære byggesaksgebyra.
5. Prioriterte tilsynsområder 5.1 Tema for tilsyn Val av tema for tilsyn betyr å ta stilling til kva for byggetiltak, funksjonar, fagområde, ansvarsområde og føretak som det skal førast tilsyn med. Tema for tilsyn skal avgrense og spissast mot konkrete problemstillingar i tilknyting til byggetiltak. Val av tilsynskategori og tema for tilsyn skal konkretiserast i målsettinga for det aktuelle tilsynet. 5.2 Tidsavgrensa krav om tilsyn jf. Byggesaksforskriften 15-3 Hemsedal kommune skal prioritere krav om tidsavgrensa tilsyn j.f SAK 10 15-3. For perioden 01.01.2016 til 31.12.2017 er tema for prioriterte tilsyn: a) at krav til kvalifikasjonar er oppfylt i tiltaket, jf tredje del. Godkjenning og ansvar b) at krav til produktdokumentasjon av byggevarer er oppfylt, jf. forskrift om dokumentasjon av byggevarer(dok) Ved utløp av 2-års perioden skal kommunen sende inn ein oversikt med vurdering av tilsyn etter føresegna til departementet. 5.3 Prioritert tilsyn for 2013-2014 Område for tidsavgrensa tilsyn i medhald av SAK 10 15-3 Kommunen plikter å forfølgje ulovlege tiltak av eit viss omfang j.f. PBL. 32-1 Tilsyn med 10% av alle tiltak Tilsyn med næringsavfall Tilsyn med oppfølging av skilt og reklame gjennom nye reviderte vedtekter 6. Kommunikasjon og rapportering 6.1 Kommunikasjon Tilsynsstrategi og årsrapportar leggjast ut på heimesidene til kommunen. Teknisk sjef har ansvaret for å gjera strategien og rutinar for tilsyn kjend for aktuelle tilsette i kommunen. Tilsynsstrategien og årsrapporten skal forankrast og gjerast kjend for i Hovudutval for Plan og Ressurs. 6.2 Rapportering Tilsynsstrategien skal årleg følgjast opp med ein rapport over tilsynsverksemda og korleis aktiviteten har vore i forhold til strategien jf. SAK10 15-1. Rapporten kan danne grunnlaget for ein eventuell revidering av strategien eller takast med i arbeidet med utarbeiding av strategien for neste periode. Mal for rapportering må utarbeidast. Ved utløp av 2-års perioden for tidsavgrensa tilsyn skal kommunen sende inn ein oversikt med vurdering av tilsyn etter føresegna til departementet.
7. Kva kan det førast tilsyn med Kommunens tilsyn er ikkje avgrensa til tiltak som er byggesakshandsamma i kommunen, men omfattar også tiltak unntatt frå byggesakshandsaming og ulovlige tiltak. Det er likevel eit vilkår om at tiltaket ligg innanfor tiltaksomgrep slik som nemnt av pbl 20-1. Kommunens tilsyn omfattar alle byggesaker, uavhengig av sakstype. Kommunen kan føre tilsyn innanfor alle fagområder i eit tiltak uavhengig av om det er krav til eit føretak med ansvarsrett eller tiltakshavar innehar ansvar. Kommunen kan før tilsyn med: tiltak som behandles etter reglene for søknad med krav om ansvarlige foretak, jf. pbl. 20-3 tiltak som behandles etter reglene for søknad, men kan forestås av tiltakshaver, jf. pbl. 20-4 tiltak som er unntatt fra saksbehandling, men hvor plan- og bygningslovgivningens krav gjelder, jf. pbl. 20-5 ulovlig igangsatte eller oppførte tiltak som omfattes av plan- og bygningslovens regler 8. Gjennomføring av tilsyn Hemsedal kommune skal føre tilsyn innanfor alle ansvarsområda i eit tiltak: søkjar, prosjektering, utførsle og kontroll. Hemsedal kommune skal organisere og gjennomføre tilsyn i tre hovud kategoriar: Revisjonstilsyn Inspeksjonstilsyn Dokumenttilsyn Tilsynet utførast i fire fasar: Planlegging Gjennomføring Oppfølging Avslutning Det skal utarbeidast rutinar og sjekklister for tilsynsverksemda 9. Oppfølging av tilsyn Hemsedal kommune vil bruke grønt, gult og rød kategori for oppfølging av resultata i dei utførte tilsyna. Grøn kategori ingen feil eller små avvik. Ingen oppfølging når avvik er lukka. Gul kategori kor det avdekkast feil og avvik av middels alvorlege forhold. Må rettast av ansvarleg føretak. Åtvaring vert sendt føretaket. Gjentaking av åtvaringar fører til rød kategori og tilbaketrekking av ansvarsrett. Rød kategori alvorlege feil og avvik. Ansvarsretten vert trekt tilbake. 10. Ulovlegheitsoppfølging Reaksjonar i plan og bygningslova inndelast i tre hovudgrupper: Sanksjonar etter pbl. kap 32 som verksettast for å rette feil /avvik/ulovlegheiter Reaksjonar som gjeld føretaket sin ansvarsrett (advarsel, tilbaketrekking) Uavhengig kontroll i medhald av pbl. 24-1 j.f SAK 10 14-3