ÅRSMØTE IL HARDING. Sakliste:

Like dokumenter
Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2013

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2014

ÅRSMØTE I OSTERØY IDROTTSLAG Protokoll frå årsmøte

Velkommen til. årsmøte!

Årsmøte Valldal Idrettslag 4. mars 2015

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Årsmøte i V.i.L. 4. mars Klubbhuset på Omenås

PROTOKOLL ETTER ORDINÆRT ÅRSMØTE I ÅIL for 2013

Årsmelding Internettsida til laget har fått ein fin form, og Norunn Skretting har ansvaret for å fylgja opp denne. Det har

ÅRSMELDING, FOTBALLGRUPPA 2018 KVITESEID IDRETTSLAG

IL HARDING SESONGEN 2017

Referat frå årsmøte i Haugaland Golfklubb Søndag 30. januar 2011 kl 18:00

DAGSORDEN for årsmøtet 1. Godkjenna dei som har stemmerett 2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglar 3. Velja dirigent, skrivar og 2

AÅ RSMØTE 26. MARS 2019

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Møteleiar: valt Terje Moe Skrivar: valt Inger Marie Beheim Underskrive protokollen: valt Stig Laberg Øvstetun og Morten Brandsdal

Årsmøte Valldal Idrettslag 21. mars 2018

Årsmøte. Ørsta idrettslag Kl i klubbhuset

ÅRSMØTE I V.I.L Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag

Ullensvang herad Formannskapet Møteprotokoll Møtedato: Møtetid: Kl. 08:30 11:15

ÅRSMØTE I ØYSTESE IDRETTSLAG 07. MARS 2011

Protokoll årsmøte i Luster Idrettslag torsdag 30. mars 2017

SKIPINGSDOKUMENT. For SPAREBANKSTIFTINGA HARDANGER

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Førde IL. Årsmelding 2015 Rekneskap 2015 Budsjett 2016

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

OSTERØY IDROTTSLAG Organisasjonsplan Vedteke av årsmøte 3. mars.2008 ORGANISASJONSPLAN

ÅRSMØTE RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl Bjarne Øymyr

Styremøte i fotballgruppa i Kvernbit 15. februar 2017 REFERAT I.L. Kvernbit Fotball

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Årsmøte Valldal Idrettslag 2. mars 2016

ORGANISASJONSPLAN FOR Fyresdal Idrettslag

Årsmøte 2018 Dale Idrettslag

ÅRSMØTE I OSTERØY IDROTTSLAG 2009

Årsmelding for idrettslaget Føyk 2015

Årsmøte. Ørsta idrettslag Kl på klubbhuset

Årsmelding Skigruppa Osterøy Idrettslag

Utdeling av premiar til mestvinnande spaniels i fylket 2018 (sjå årsmeldinga for namn). Utdeling av premiar adventskonkurranse.

IL Norodd Hovudlaget Årsmelding 2012

Ullensvang herad Formannskapet. Møteprotokoll

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

HAUGEN IDRETTSLAG. Skipa NORDFJORDEID. Årsmøte måndag referat

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

Årsmelding 2012 Rubbetadnes Idrettslag

Årsmøte i Årdal Båtforening

ÅRSMØTE for Tresfjord Skytterlag 2012 Søndag 25 november 2012 kl Etac AS Tresfjord møterom

ARBEIDPLAN 2013 VALLDAL IDRETTSLAG

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb fredag 26. februar kl på skytebana i Ørsta Kulturhus.

Årsmøte i Morgedal Idrottslag vert på Morgedal Grendehus torsdag den 26. februar kl

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Årsmelding. Holsåsen Sti og Løypenemnd. Dugnad høsten 2010

Interesselaget for farga spælsau

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb fredag 25. februar kl på skytebana i Ørsta Kulturhus.

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

ORGANISASJONSPLAN FOR Fyresdal Idrettslag

Velkommen til årsmøte for KORSSUND DYKKEKLUBB. Dale, 09. februar 2013

Møteinnkalling Eldrerådet

Årsrapport Føremål. Overordna mål. Nærmiljøsentralen Askvoll. Innhald

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

ÅRSMØTE 2018 OMVIKDALEN IL. Omvikdalen skule Torsdag 28.februar, kl 19.30

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Årsmelding 2015 Ullensvang frivilligsentral Leiar: Gertrud Korff Tlf: Mob:

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag

TAU BÅTFORENING ÅRSMØTE

Protokoll frå årsmøte kl på Fleischer s hotel

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

Årsmøte i Eidsvåg Idrettslag Sak 2 Valg av ordstyrer, referent og to til å skrive under protokollen

NVBF REGION SOGN OG FJORDANE 38. ORDINÆRE TING 2014 TINGSAKER. STED: Idrettens hus Concordbygget. TID: Onsdag 22. april 2014 kl.

Referat. Nr Sak Frist Ansvar oppfølging

Møteprotokoll Styremøte Omstillingsprogrammet i Lærdal og Årdal

Val av medlemer og vara medlemer til generalforsamlinga i. Sparebankstiftinga Hardanger

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Møtedokument til årsmøte i Lærdal Idrettslag

Innkalling til valmøte eigenkapitalbeviseigarar

Årsmelding. Bjerke il fotball. Årsmelding Bjerke il Fotball 2015 Side 1

Stad: Psykiatrisk Dagsenter v/ Byrg Kompetanse, Stranda Når: Laurdag 20. januar 2018, klokka 12: JANUAR 2018 MENTAL HELSE STRANDA

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Plass Navn Klubb Slutt-tid Diff. 1Elise KVÅLE RØLDAL IL 44:45. 2Frida Haara LEIKVOLL IL HARDING 52:52 08:07. 3Hanne DVERGSDAL IL HARDING 52:54 08:09

ÅRSMELDING OG REKNESKAP 63. DRIFTSÅR

Sakspapirer for. Årsmøte. Gudbrandsdal Folkemusikklag Laurdag 6. april 2019 Utgard fleirbrukshall, Lom

Protokoll fra årsmøtet i Eidsvåg il

EKSTRAORDINÆRT IDRETTSKRINSTING Protokoll. Ekstraordinært Idrettskrinsting

Årsmelding for O-gruppa 2015

Protokoll fra årsmøte Skjelstadmark IL 2016

Ullensvang herad Plan- og ressursutval. Møteprotokoll

Referat frå årsmøte Voss Hang- og Paragliderklubb. Årsmøte Laurdag kl Stad Park Hotel Voss. Totalt 22 stk.

Stadfesting frå styret og dagleg leiar 2016

Protokoll Årsmøte 2017 Møre og Romsdal folkemusikklag

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Protokoll for Årsmøte i Moi IL kl.19.00, Klubbhus

Sakliste til årsmøte 2017 i Kvinnherad idrettsråd

Årsmelding. Bjerke il fotball. Årsmelding Bjerke il Fotball 2016 Side 1

DAGSORDEN for årsmøtet 1. Godkjenna dei som har stemmerett 2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglar 3. Velja dirigent, skrivar og 2

Transkript:

Hovudstyret Klubbhuset, 5781 Lofthus Kontakt: 988 18 456 E-post: post@ilharding.no Web: www.ilharding.no ÅRSMØTE IL HARDING DATO: 27.03.2017, kl 18:00 MØTE: Årsmøte IL harding STAD: Fjordahallen, Kinsarvik Sakliste: Sak 1: Sak 2: Sak 3: Godkjenning av dei med stemmerett Godkjenning av innkalling og sakliste Val av ordstyrar, referent og to medlemmer til å underskriva protokollen Sak 4: Årsmelding 2016 Sak 7: Godkjenning av revidert rekneskap Sak 8: Innkomne saker Sak 9: Fastsetting av medlemskontingent Sak 10: Handsaming av budsjett Sak 11: Handsaming av organisasjonsplan Sak 12: Val Velkomen Styret, IL Harding

ÅRSMELDING 2016 IL HARDING 01.01.2016 31.12.2016 1) ORGANISASJONEN Hovudlaget har hatt fylgjande styre: Leiar: Nestleiar: Kasserar: Skrivar: Styremedlem: Varamedlem: Ivar Tveito Eidnes Britt Elin Lutro Irene Instanes Aina Nilsen Marie-Elise Lindskog Knut Raunsgard Hans-Jakob Sekse Yngve Jåstad Elfrid Leikvoll Andre roller i organisasjonen: Politiattest: Britt-Elin Lutro og Cecilie Disselhorst Medlemsansvarleg: Aina-Irene Ynnesdal WEB/ IT-ansvarleg: Hans-Jakob Sekse Rekneskapsførar: Ole Nilsen, Hordaland idrettskrets Idrettsmerke: Jarle Aarsand og Sjur Magne Halland Revisor Håkon Grønsdal og Gunn Karin Vik Hardingbilansvarleg: Irene Instanes og Finn Stamnesfet Turnemd: Aslaug E.K. Jåstad og Olav Nygård Ljosløype/ Scooter: Christian Windheim Valnemd: Jarle Aarsand (Leiar) Aina-Irene Ynnesdal Karin Vikane Gaute Åsebø (vara) Aktivitetsgruppa: Mia-Marie Erichsen (Leiar) Elisabeth Opedal (Nestleiar) Arne Lutro Christian Windheim Anne-Sofie Lutro Bjørg Opedal Hove Jan-Ove Meling

Fjordahallen: Hovudstyret i IL Harding er generalforsamling for Fjordhallen AS, som er eit aksjeselskap 100% eig av IL Harding. Fjordahallen AS har som oppgåve å drifte Fjordahallen. Hallstyret: Udmund Sandstå - Leiar (representant IL Harding) Terje S. Bråvoll (representant IL Harding) Jone Dyvik (representant IL Harding) Magne Eivind Moe (representant Ullensvang herad) Sigrid Dagestad (representant Ullensvang herad) Undergrupper IL harding: Friidrett: Bente Kristoffersen - Leiar Fotball : Tor Eivind Osmo Leiar Terje Meling Sportsleg leiar Sykkelgruppa: Trond Haddeland - Leiar Klatregruppa: Jan Ove Meling Leiar (laget er ikkje aktivt) Skigruppa Hesthaug: Olav Helleland - Leiar Med unntak av Friidrettsgruppa så har alle undergruppene gjennomført årsmøte og utarbeidd eigne årsmeldingar. Foto: Fotballkamp på Hordatun kunstgrasbane Hovudstyret: IL Harding hadde 614 medlemmer i 2016. Det har vore 7 styremøte i løpet av året. I tillegg har det vore fleire særmøte om ulike tema som til dømes møte om Fjordahallen, rehabilitering av kunstrgraset på Hordatun, Medlemsregistrering, heimesida, diverse arrangement samt møte ifm samaslåing av laga.

2) SAMANSLÅING AV LAGA: I fleire år er det arbeidd for å slå saman alle idrettslaga i Ullensvang aust. I 2016 valde KIL, UTIL og Harding Allianse å slå seg saman til eitt idrettslag, IL Harding. Laget skal vera eit felles idrettslag for Lofthus og Kinsarvik. Det vart samstundes oppretta ei aktivitetsgruppe som har som hovudoppgåve å drifte idrettskulen i dei to grendene, for å oppretthalde den aktiviteten som UTIL og KIL tidlegare sto for. Undergruppene i Harding allianse, fotball, friidrett, sykkel og klatring er vidareført i IL Harding utan dei store endringane. Skigruppa Hesthaug, som var ei undergruppe i KIL, er no ei eige undergruppe i IL Harding. Det har vore ein del administrative oppgåver gjennom året ifm samaslåinga. Prinsippet for samaslåinga var at aktivitetsnivået i dei 2 grendene ikkje skulle minke som eit resultat av samanslåinga. Dette har hovudstyret jobba for. 3) AKTIVITETSGRUPPA/ IDRETTSKULE: Idrettskulen våren 2016 vart ei vidareføring av UTIL og KIL sin idrettskule, medan det hausten 2016 vart oppstart av ny idrettskule i IL harding. Det vart søkt om driftsmidlar og oppstartsmidlar frå kretsen, og laget mottok 16.000,- til idrettskulen. Aktivitetsgruppa har bestått av 7 personar frå dei 2 grendene Kinsarvik og Lofthus. Det har vore arbeidd hovudsakleg med idrettskulen og trimprogramet, samt sett opp aktivitetsplanen i Fjordahallen. Dei har hatt mykje møteaktivitet i løpet av året. Gruppa seier at resultatet har blitt bra, men at dei allereie har funne nye og betre løysingar som dei vil rette på til neste år. Nokre trenarar/ foreldre har diverre meldt frå i siste liten, og gruppa har ikkje klart og finne nye folk til alt. Dei seier vidare at dei har jobba bra som gruppe, og ser positivt på å sette i gang med neste års plan. Det har vore veker med svært mykje barn i aktivitet, og nokre veker har hatt mindre aktivitet. Alt i alt har idrettskulen 2016/17 vore ein suksess, men har potensiale til å verte endå betre. Hovudstyret vil rå aktivitetsgruppa til å nytte høve til å liege inn eksterne trenarar i utvalgte idrettar til neste idrettskule. Det er det økonomi til, samt at det vil verta eit løft for idrettskulen. Elles har det vorte arrangert dametrim, barnehagetrim og gubbatrim både på Lofthus og i Kinsarvik. Dette er det også aktivitetsgruppa som har organisert. Foto: Idrettskulen på Opedal skule, Lofthus

4) TRIM, MUNKETRIMMEN OG SKILTPROSJEKT Munketrimmen: IL Harding har i 2016 vidareført Munketrimmen som vart starta som eit ledd i friluftslivets år i 2015 av UTIL. Dette er ti lokale turar på Lofthus med turpass. Desse var: Fruktstien, Hovden, Elvadalen, Myrsete, Skredhaugen, Skrikset, Nosi, Dronningstien, Sylfesten og Fjellstien. Det heng ute klyper som ein stemplar turpassa med. Born under 12 år skal fullføre 6 av 10 turar, vaksne 8 av 10 turar. Passa blei selt på Mix en på Lofthus. Dette vart ein stor suksess også i 2016. Nærare 90 born og vaksne gjekk tilsaman over 700 turar. Premieutdeling på Ekspedisjonen saman med barnebingo før jol. Turstiprosjetet: IL Harding sette i gang turstiprosjektet på Lofthus i 2016, med oppsetting av nesten 60 turskilt, fordelt på fleire ulike turar. Prosjektet vert vidareført i 2017 med oppsetting av 3 stk gapahuker og oppsetting av dei siste skilta som manglar. Prosjektet var eit samarbeid med Bergen Turlag og Ullensvang herad. Idrettsmerket: Det har vore høve til å ta deler av idrettsmerke 1 gong i år, i Kinsarvik og på Lofthus. 17 personar tok idrettsmerket i IL Harding i 2016.(Tal gonger i parantes): LOFTHUS: Eli Bakke (21), Aud Eimhjellen (35), Aslaug Jåstad (35),Grete Lutro (40), Margunn Ramberg (37), Jarle Aarsand (10) KINSARVIK: Mustafa Al Bayati (11),Knut Bårtvedt (17),Gudrun Halland (21),Sjur Magne Halland (47), Bente Kristoffersen (22), Geir Kvalvik (21), Elfrid Haara Leikvoll (9)Frida H Leikvoll (4), Anne Lutro (61), Harald Sandvik (33), Ragnar Ystanes (35). Dette er noko nedgang frå 2015 i tidlegare UTIL og KIL. Hovudstyret vil arbeide med å få opp interessen for å ta idrettsmerket i laget, og vil prøve å arrangere det fleire gonger, samt bli betre på å få ut informasjon til medlemmene. Sylvfesten 2016: I 2016 er det 65 personar som har vore innom postkassa på Sylfesten og av dei er det 15 som har vore innom alle postkassane: Asbjørn Vikane 29 gonger Nosetrimmen 2016: Margunn Ramberg 24 --------- Dei som har flest turar til nose i år er : Aslaug Kristiansen Jåstad 21 --------- Lars Johan Hjeltnes 205 turar Aud Reed Eimhjellen 20 --------- Aslaug Kristiansen Jåstad 185 turar Dag Tore Vikane 17 --------- Aud Reed Eimhjellen 109 turar Olav Nygård 14 --------- Tove Opedal 13 --------- Arne Olav Jåstad 13 -------- Skriksete 2016 Magnus Opedal 9 --------- Dei som har flest turar til Skrikset: Elisabeth H.Opedal 3 ---------- Aslaug Kristiansen Jåstad 77 turar Kjetil Magnusson Opedal 2 ---------- Aud Reed Eimhjellen 34 turar Lars Magnusson Opedal 2 ---------- Martin Eimhjellen 18 turar Lisa Alvavoll 2 ---------- Ivar Tveito Eidnes 1 ---------- Anna Eimhjellen Eidnes 1 ---------

Dei som har flest turar : Aslaug Kristiansen 34 gonger Aud Reed Eimhjellen 11 gonger Martin Eimhjellen 5 gonger Karusell: Det har blitt gjennomført karusell både i ljosløypa på Lofthus 3 gonger og på gokart-banen i Kinsarvik, 3 gonger. Det var veldig bra oppmøte og arrangementa vart gjennomførte med gode tilbakemeldingar. Det var fint ver dei fleste dagane og både på Lofthus og i Kinsarvik vart det avslutta med kaker/ frukt og kaffi til foreldre. Det vart ikkje gjennomført skikarusell i 2016 grunna manglande snø. Karusell-løpa vart arrangert av hovudstyret i IL Harding. Foto: Karusell på gokart-banen i Kinsarvik Andre arrangement: IL Harding si friidrettsgruppe arrangerer 2 store løp kvart år, Blømingsmile og Munketreppene opp. Hovudstyret har vore med å hjelpe noko til på desse arrangementa, men det største arbeidet har vore utført av friidrettsgruppa sjølv. IL Harding var ikkje med å arrangere fiskekonkurranse på Lofthus i år, dette vart i 2016 arrangert av jakt og fiskelaget. Fiskekonkurransen var noko som opprinneleg vart starta av UTIL i 2013. Foto: Blømingsmila 2016 (bilete frå HF)

IL HARDING 5) ANLEGG: Ljosløypa: IL Harding overtok i 2016 drifta av Ljosløypa på Lofthus og løypekøyring med snøskuter. Det vart gjennomført noko reperasjonar på ljosanlegget i 2016, og alt fungerer no som det skal. IL Harding har fokus på å etablere skiløyper for medlemene, og gjennomføre karusell og skitrening for born og unge, men dette er særs vèravhenging. Det er nokre årlege driftsutgifter med dette, som straum samt drift av snøskuteren. Det vart køyrt spor i ljosløypa i 2016 når det var føre til dette, ansvarleg for dette er Christian Windheim. Det var budsjettert med innbytte og kjøp av ny snøscooter i 2016. Fleire skutrar som var til sals var under vurdering, men det rette kjøpet kom ikkje, og dette vert dermed utsatt til 2017. Hordatun Klubbhus Hovudstyret i I Harding ved nestleiar Britt-Elin Lutro har tatt initiativ ovafor heradet og starte opp igjen husstyret på klubbhuset. Det har vist seg å vera noko seigt å få i gang, men målet er å få dette oppe å gå i løpet av fyrste halvdel av 2017. Det er for det meste fortballgruppa som nyttar huset. Hovudstyret har stort sett hatt styremøta i klubbhuset. Hordatun Idrettsbane IL Harding har jobba i 2016 for å få på plass finansiering av rehabilitering av ljos og gras på banen på Hordatun. Ullensvang herad som er baneeigar, løyvde før jol 2.8 mill NOK (eks MVA) til prosjektet for gjennomføring i 2017. Det er IL Harding som har prosjektleiinga, og arbeidet er no å få på plass leverandørar. Fjordahallen IL Harding oppretta i 2016 Fjordahallen AS, som har som føremål å drifte den nye fleirbrukshallen. Fjordahallen AS står som eigar av hallen og AS`et er 100% eigd av IL Harding. IL Harding har 3 representantar i hallstyret, og Ullensvang herad har 2 representantar. Fjordahallen opna i år, og er no i full drift. IL Harding gjorde ei stor investering i utstyr til hallen i 2016 (ikkje bokført før i 2017). Mange av medlemene har vore flinke å stilla opp på dugnad, og styret i IL Harding vil rette ein spesiell takk til prosjektgruppa, samt alle som har stilt opp på dugnad. Foto: Hordatun klubbhus på Lofthus og Fjordahallen i Kinsarvik Varmebua ved Veisane Bua var veldig mykje i bruk vinteren 2016 medan det var is på isbanen. Der er det utlån av skøyter til alle, samt mål og utstyr til å spele ishockey. Det vart kjøpt inn stativ for dei minste i 2016. Det er ikkje utført noko arbeid på bua i 2016. Styret løyvde 20.000 kr i 2016 til innkjøp av ein container. Denne står no på Veisane, og skal byggast om til garasje for snøskuter.

Hardingbilen Finn Stamnesfet har hatt det faglege ansvaret for bilen. Det er gjennomført service og EU kontroll på bilen. Fotball gruppa organiserer alt som har med fotballgruppa sin bruk av bilen. Irene Instanes organiserer utleige av bilen til andre enn fotballgruppa. 6) ØKONOMI: IL Harding har i 2016 motteke tilskot: Sparebanken Vest: Overtrekksdrakter 10.000 Halldor O. Opedal sitt fond: Fondsmidlar 5.000 Ullensvang herad: Kulturmidlar 42.000 Skiltprosjetet 10.000 Turstiprosjektet: Turstiprosjetet på Lofthus 55.000 Hjartebank Hardganger: Forprosjekt Myrsetetraséen 30.000 Idrettsforbundet: LAM-midlar: 121.000 Norsk Tipping Grasrotmidlar: 108.000 Kulturmidlar Ullensvang herad innstilte kr. 42.000,- på posten for kulturmidlar i 2016 mot kr.34.285,- i 2015 (Harding allianse). Dette er ein positiv framgang, men tilskotet har gått ned om ein samanliknar alle 3 laga under eitt. Fordelingsnøkkelen for kultur og LAM-midlar for 2016 vart bestemt slik; Fotballgruppa: 34.000,- Sykkelgruppa: 6.000,- Friidrettsgruppa: 6.000,- Skigruppa Hesthaug: 6.000,- Hovudstyret: 10.000,- Grasrotmidlar: IL Harding mottok i 2016 108.000 kr i grasrotmidlar, samla for alle undergruppene, 65.000 for hovudlaget. Det er i dag god økonomi i laget og laget er gjeldfri. IL Harding hadde i 2016 eit overskot på vel 200.000,- kr. Dette er eit stort overskot, og årsaka til dette er fleire. Det vart t.d søkt om midlar i 2016 til tiltak som enno ikkje er iverksett, men som er øyremerka. Samstundes var det noko usikkerheit rundt korleis samanslåinga av laga ville påverke økonomien, mtp tilskot, medlemer og anna. Kjøp av utstyr og inventar i Fjordahallen på 80.000 for 2016, vart ikkje bokført før i 2017. 7) ANDRE VIKTIGE SAKER 2016: Få på plass politiattestar for alle trenarar og dei som sit i dei ulike styre, ansvarleg for dette har vore Cecilie Disselhorst i fotballgruppa, samt Britt-Elin Lutro. Vidareutvikling av den nye nettsida. Hans Jakob Sekse og Terje Meling har gjort ein stor jobb med å bygge heimesida. Det blei gjennomført kurs, men tekniske problem gjorde at dette kurset bør gjentakast.

IL HARDING Hovudstyret har henta inn tilbod på val av rekneskapsførar. Etter å ha fått inn fleire tilbod, har styret vald å bruke Hordaland Idrettkrets til føring av rekneskap. Samkøyring av organisasjonen etter samaslåing av laga. Det har blitt gjennomført møte med undergruppene og samspel med gruppene har vore viktig for hovudstyret. Digitalisering av medlemsregisteret. Aina-Irene Ynnesdal har gjort ein stor jobb med å samle alle medlemmene i Klubbadmin. 2017 vert fyrste året der faktura vert sendt ut på e-post. Rydding i bankkonto, samt oppretting av bedriftsnettbank. Nytt er at 2 personar skal godkjenne alle faktura. Gjeld for alle undergrupper. Oppretting av bookingsystem for alle anlegg + hardingbilen. IL Harding driftar bookingsystemet for alle brukarar i Fjordahallen og på klubbhuset. +++ Mykje store og små saker. 8) ÅRETS HARDING 2016: Årets Harding for 2016 vart prosjektgruppa for realisering av hallen. Årets vinnar er: Nils Rune Kjoberg Olav Ystanes Magnar Instanes Geir Kvalvik Nils Johannes Rutle Tor Eivind Osmo Geir Utne Eivind Gregersen Terje S. Bråvoll Udmund Sandstå Knut Raunsgard Styret i IL Harding vil takke for den fantastiske innsatsen denne gruppa har gjennomført. Utdeling av diplom vart gjort under opning av hallen i februar 2017. Gratulerer! Foto: Utdeling av pris for årets harding 2016 i Fjordahallen.

SLUTTORD: Styret vil til slutt takka alle som har vore med å drifta idretten i IL Harding i året som gjekk. Utan den dugnadsinnsatsen som vert lagt ned av trenarar, oppmenn, leiarar, styremedlem, foreldre, besteforeldre og andre frivillige og engasjerte, hadde me ikkje hatt det mangfaldet av aktivitet og det høge aktivitetsnivået som me har i dag. Tusen takk alle saman! All honnør og tusen takk, også til dei som deltek på dugnad i Fjordahallen. Dette er det største lyftet for idretten i Ullensvang nokon gong! No når hallen er ferdig, byrjar arbeidet for idrettslaget med å fylle hallen med born, sportsleg glede, aktivitet og idrettsleg samhald! Lofthus, 18.03.2017 Knut Raunsgard, Marie-Elise Lindskog, Aina Nilsen, Irene Instanes, Britt Elin O. Lutro, Hans Jakob Sekse og Ivar Tveito Eidnes