Marin verneplan i Møre og Romsdal - forslag til utgreiingsprogram og konkretisering av referanseområde for tare



Like dokumenter
MOTSEGN - SELJE KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL VÅRE MERKNADER

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Erfaringar frå arbeidet med forvaltingsplan for Reinheimen

BARN OG UNGE I PLANSAKER

Løyve til motorferdsel med helikopter i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Norges geologiske undersøkelser

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

HARAM KOMMUNE Sakspapir


Presentasjon av forslag til planprogram Disposisjon:

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL

Melding om oppstart av frivillig skogvern på Skarvatun i Kvinnherad

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Ei berekraftig forvaltning av lokale fiskeri- og havbruksressursar nasjonal politikk utfordrar kommunane

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Kontrollutvalet i Suldal kommune

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

FLORA KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - HØYRING - OMRÅDEREGULERINGSPLAN FLORELANDET NORD - MOTSEGN

Deres ref Vår ref Dato /BSS

MARINE HARVEST NORWAY AS - SØKNAD OM KONSESJON PÅ 7,5 MILL SETTEFISK I STONGFJORDEN ASKVOLL KOMMUNE - UTTALE

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

Innspel knytt til akvakultur (landbasert, parkeringsplassar osv) Område for tareproduksjon.

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 94/2015 Utval for drift og utvikling PS

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Fylkesdirektøren rår hovudutval for næring og kultur til å gjere slikt vedtak:

OPPSTART OG ORGANISERING AV REGIONAL PLAN FOR SUNNHORDLAND

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Kvam herad. Søknad om løyve til tiltak på gnr. 136 bnr. 7, Dysvik. Flytebryggjer. Søknad om disp. frå LNF-føremålet og pbl. 17-2

Løyve til motorferdsel Delegert vedtak

Delegert vedtak - Løyve til helikoptertransport i samband med sau i skårfeste - Buer landskapsvernområde og Folgefonna nasjonalpark

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma

1. Temadata INNSPEL PÅ GRUPPEOPPGÅVENE. Tema som manglar? Kommentarar til dataene som vert brukt i temakarta?

Varsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot og næringsområde

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

OBS! Pass på at De har den siste versjonen av det skoleadministrative systemet.

Gunhild Austjord,

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

REGULERINGSPLAN FOR LUTELANDET ENERGIPARK

Deres ref: Vår ref Saksbehandler Dato 2013/ Astri Christine Bævre Istad

Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet

Kopi til: Rauma kommune Vollan 8a 6300 ÅNDALSNES Miljødirektoratet Administrativ faggruppe Fylkesmannen i Møre og Romsdal

HØYRING NYE BESTEMMELSER OM TORSKEOPPDRETT

Løyve til motorferdsel med snøskuter til Sandvinsstølane ifolgefonna nasjonalpark. Delegert vedtak

ROSLAGEN AS - SØKNAD OM FORLENGING AV KONSESJON FOR OPPTAK AV SKJELSAND FRÅ OMRÅDET "VED BRATTHOLMEN", AUSTRHEIM KOMMUNE

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Planprogram for revisjon av Kommuneplan

JOB ing REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 78 BNR. 22 I VESTNES. PLANBESKRIVELSE Plan- og bygningslova av 6

Oppsummering og merknader til innspel til oppstartmelding for reguleringsplan for Dagali

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Reguleringsplan for Engebøfjellet i Naustdal og Askvoll kommunar behov for tilleggsinformasjon

Krav til kartlegging av biologisk mangfald i plansaker. Tore Larsen Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Til deg som bur i fosterheim år

Høyring- revidering av forskrift om hausting av tare i Sogn og Fjordane

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Rauma Stamfisk AS - Løyve til anleggsendring på lokalitet Gjerset Vest, Haram kommune

Vi viser til e-post av med søknad om dispensasjon for å drive forskring ved Hellstugubreen i Jotunheimen.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/ Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Protokoll frå møte i Ottadalen Villreinnemnd

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

FYLKESKOMMUNENS KUNST FYLKESREVISJONEN

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Nynorsk. Innhaldsforteikning

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Partsbrev - Folgefonna Nasjonalpark - Kvinnherad - Organisert ferdsel - Ski & sail Rosendal

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Transkript:

Direktoratet for naturforvaltning Tungasletta 2 7485 TRONDHEIM - Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 2002/1222 19.10.2006 FM: 2003/464/JOLO/432.0 Johnny Loen, 71 25 80 46 19.02.2007 ARE-VE-ERO Marin verneplan i Møre og Romsdal - forslag til utgreiingsprogram og konkretisering av referanseområde for tare Vi viser til Dykkar Ola Betten vedrørande avtale om oversitjing av frist. Innleiing I Dykkar brev er det fastslått at forskrift for konsekvensutgreiingar skal gjerast gjeldande for marin verneplan. Brevet er ikkje eksplisitt på kven som har mynde til å fastsetje utgreiingsprogram og godkjenne KU, men vi føreset at dette er DN, sjølv om arbeidet i denne fasen er organisert fylkesvis. Vi tar derfor utgangspunkt i at DN vil utarbeide den generelle innleiinga til programmet, gjeldande for alle fylka. Dette femner både grunngjeving for plan, dei generelle rammene og føresetnadene, den overordna organiseringa og framdrifta. Vårt innspel til konsekvensutgreiingane er derfor fokusert i tre hovudavsnitt: - utfordringar og viktige konfliktområde - utgreiingsprogrammet - medverknad Referanseområde for taretråling er omtalt i eige avsnitt nedst i brevet. Utfordringar og viktige konfliktområde innan verneforslaget Tre areal i Møre og Romsdal er inkludert i oppstartfasen av vernearbeidet. Dette gjeld Griphølen, Giske og Remman. Krav om konsekvensutgreiingar gjeld berre Griphølen, jamfør arealgrenser i KU-forskrifta. Plikta til å syte for eit best mogleg avgjerdsgrunnlag tilseier likevel at ein i størst mogleg grad bør utgreie konsekvensar også for dei to andre areala, sjølv om det formelle grunnlaget er noko annleis. Dette bør takast omsyn til når utgreiingane skal tingast. Det faglege grunnlaget for verneforslaget kjem fram av tilrådingane til nasjonalt rådgivande utval, jamfør rapport 30.06.04. Dei tre områda er utvalde på grunnlag av eksisterande kunnskap, og som resultat av langvarige prosessar der mange område har blitt samanlikna. Det er utarbeidd faktaark for alle områda. Desse dokumenterer at verneverdiane i dei utvalde områda er store, men synleggjer også at detaljkunnskapen er mangelfull. Dette gjeld både med omsyn til marinbiologiske data og brukarinteresser. Faktaarka gir i tillegg oversyn over kva restriksjonsnivå verneplanen er tenkt å medføre i forhold til ulike typar brukarinteresser. Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon 71 25 80 00 Telefaks: 71 25 85 10 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no

2/6 Dei kjende brukarinteressene i alle dei tre områda er knytt til fiskeri, havbruk, taretråling og skjelsand, og i ein viss grad til reiseliv og friluftsliv. Når det gjeld skjelsand er ressursane i fylket ikkje kartlagde. Det er berre blitt gitt ein konsesjon. Denne har lokalitetar innanfor Griphølen. Konsesjonen har knapt vore i bruk, og ut frå dagens situasjon vil konfliktnivået vere lite. Verneføremålet tilseier at det er mest aktuelt med restriksjonar på aktivitet som påverkar botntopografi og -vegetasjon. Fiske etter pelagiske artar, samt fiske med fastståande reiskap vil truleg ikkje vere i strid med verneføremålet. Men fiskeriaktivitetane i områda femner både botnfisk og pelagisk fisk, samt krabbe og hummar. Det vert nytta ymse typar reiskap. Trål blir ikkje nytta i nokon av areala i dag, men i Giskeområdet blir det nytta snurrevad. I delar av Griphølen kan fiske med garn og line potensielt vere til skade for korallførekomstar. Dei store gruntvassområda gjer også at andre biologiske ressursar er lett tilgjengelege for utnytting. Dette gjeld til dømes sanking av kamskjel, hjerteskjell og strandsneglar, tangskjering i littoralsona, eller meir generelt bioprospektering og genetiske ressursar. Skjelskraping går ikkje føre seg i dag, men både Griphølen og Giske har store areal med sandbotn, eigna for kamskjel. Det ligg to oppdrettslokalitetar (merder) innan området Griphølen. Det er uttalt at havbruk i eit moderat omfang vil truleg ikkje vere i strid med verneføremålet, men det er ikkje gjort nærare vurdering av kva dette inneber. Havbruk i vid forstand inkluderer både ekstensive og intensive kulturar, flytande mærer, anlegg på botnen, havbeite, mv. Konfliktspørsmåla kan til dømes gjelde rømming og smittepress. Når det gjeld taretråling blir det i Giskeområdet blir det hausta omlag 5 000 t årleg. Verneplan for sjøfugl vil truleg medføre ein viss reduksjon i ressursuttaket, knytt til lokalitetane Langholmen og Erkna. Også i Griphølen ligg viktige tareressursar, og det blir årleg teke ut omlag 12 000 t innanfor verneområdet. Verneplan for Smøla vil medføre nye restriksjonar kring lokaliteten Sortna. Jamfør også avsnitt om referanseområde, er det ikkje tenkt at marin verneplan skal medføre ytterlegare restriksjonar. Remman er allereie skjerma gjennom forskrift, sjølv om tareressursane her er attraktive for næringa. I samband med aktivitet lenger ute på sokkelen kan det vere aktuelt med føring av transportrør og kablar gjennom områda. Marine vindkraftanlegg er også aktuelt. Båtbasert friluftsliv er viktig for folk langs kysten. Verneforslaget i Griphølen femner svært attraktive område i Sør-Smøla-arkipelet og på Grip, som også reiselivsnæringa nyttar aktivt. Jakt på sjøfugl og kystsel utgjer ein annan del av friluftslivet i desse områda. Marin verneplan vil neppe verke negativt for desse interessene, snarare kan verknaden vere positiv. Marin verneplan vil heller ikkje påverke farleier og vanleg sjøverts ferdsel. Mykje av arealet er grunt, og såleis vanskeleg seilbart. Det kan derfor vere grunn til å sjå på eventuelle konflikter med merking, nødankring og beredskap. På grunn av dei vanskelege seilingstilhøva er det også kjent mange forlis og skipsvrak i dei foreslåtte verneområda. Det er naturleg at marin verneplan også vurderer behovet for vern av desse.

3/6 Forslag til utgreiingsprogram Natur- og miljøvern Utredninga skal dokumentere naturverdiane i det foreslåtte verneområdet. Dette gjeld både biologisk mangfald, biologisk produksjon, økologisk funksjon og variasjonar innan området. Vi viser til DN-handbok for kartlegging av marint biologisk mangfald. Det er viktig å halde desse verdiane saman med tilsvarande kunnskap i andre område for å illustrere i kva grad verneforslaget er robust og ivaretek omsynet til særskilte naturverdiar, representativitet, sårbarheit og særpreg. Det må leggajst særskilt vekt på å dokumentere at dei foreslåtte referanseområda for taretråling er tilstrekkjelege for å ivareta dei økologiske funksjonane og biomangfaldet knytt til tareskog. Det må i tillegg leggast vekt på best mogleg dokumentasjon av særskilte naturkvalitetar som korallrev el.l. og områda sin funksjon som oppvekstområde for artar som blir kommersielt utnytta (jfr. også fangst og fiske). Dokumentasjonen skal i størst mogleg grad nytte eksisterande kunnskap, men også synleggjere behovet for supplerande kunnskap. I den grad nye undersøkingar er aktuelt, bør desse konsentrerast om referanseområda for taretråling. Utgreiinga skal vurdere konsekvensane for naturmiljøet av eit null-alternativ (ikkje vern) og to vernealternativ der det er ulikt restriksjonsnivå på fiske og taretråling. Dette inneber at ein i dette kapitlet også må gjere greie for korleis andre brukarinteresser av ulik type påverkar naturmiljøet og botnlandskapet, herunder fiske og fangst, havbruk, skjelsanduttak, rør og kablar og ulike konstruksjonar i sjøen/på botnen. Rømming og smittepress frå oppdrettsanlegg bør nemnast særskilt. Utgreiinga skal vise om det knyter seg særskilte konsekvensar til delar av området, til dømes referanseområda for taretråling. Kulturvern Utgreiinga skal gjere greie for kjende marine kulturminne i området, inkludert kjende forlis og vrak. Ein må også gjere greie for potensialet for nye funn. Dette må haldast saman med kulturminneinteressene på land (Sør-Smøla, Grip) og setjast inn i ein kulturhistorisk samanheng. Ein bør i tillegg setje lys på ulike formar for positiv bruk av kulturminneinteressene. Utgreiinga skal vurdere behovet for tiltak for å verne kulturminneinteressene, og klargjere konsekvensane av nullalternativ (ikkje vern) og to ulike restriksjonsnivå. Fangst og fiske Utgreiinga skal gi eit oversyn over fisk- og fangstbare artar i området, og i kva grad desse blir utnytta i dag. Det skal også kort gjerast greie for potensialet for fangst av artar som ikkje blir nytta i dag, inkludert muslingar, kråkebolle o.l. Det må her takast omsyn til at artar kan vere interessant for bioprospektering eller som genressurs. I tillegg skal ein vurdere områda sin kvalitet som oppvekstområde for kommersielt utnytta artar (jamfør natur- og miljøvern). Ein skal i størst mogleg grad skaffe oversyn over fangst- og fiskemåtar, tidsperiodar og låssetting, samt talet på involverte fiskarar og båtar, landa kvantum og økonomisk verdi, herunder verknad på landbasert industri. Ein skal gjere greie for korleis verneplan med to ulike restriksjonsnivå påverkar fangst- og fiskeriinteressene og halde dette saman med null-alternativet.

4/6 Utgreiinga skal basere seg på tilgjengeleg statistikk over fangst og fiske, men supplerast med direkte førespurnader gjennom Møre og Romsdal fiskarlag. Havbruk Med havbruk meiner vi her aktivitet etter havbrukslova med føresegner. Utgreiinga skal gi eit oversyn over eksisterande havbruksaktivitet i området, men også syne eit realistisk potensiale for ny verksemd, inkludert havbeite og utsett av stadeigne artar. Ein skal gjere greie for korleis verneplanen, med to ulike restriksjonsnivå påverkar havbruksinteressene, og halde dette saman med null-alternativet. Utgreiinga skal basere seg på informasjon frå eksisterande anlegg, og elles på informasjon om trendar og teknologisk utvikling innan næringa. Taretråling: Utgreiinga må gi eit oversyn over ressursane innan verneområda, innan referanseområda og kor stor del dette utgjer av det totale ressursgrunnlaget. Ein må synleggjere gjeldande haustestrategi, årleg uttak frå områda, målt i biomasse og økonomisk verdi. Konsekvensane av to ulike restriksjonsnivå må utgreiast og haldast saman med nullalternativet (ikkje vern). Det må vere særskilt fokus på referanseområda for taretråling. Friluftsliv og reiseliv Utgreiinga skal vise kva aktivitetar som går føre seg i dag, både med lokalt utgangspunkt og som reiselivsprodukt. Desse utgreiingane skal også inkludere fritidsfiske og fritidsfangst /-jakt, samt småbåthamner og reiselivsanlegg i strandsona i området. For reiselivet skal ein synleggjere eit realistisk utviklingspotensiale, sett inn i eit regionalt perspektiv. Ein skal gjere greie for verknadene av vern med to ulike restriksjonsnivå, samt nullalternativet (ikkje vern). Øvrige nærings- og samfunnsinteresser Utgreiingane skal gi eit grovt estimat over utnyttbar skjelsand, eventuelt andre lausmasseressursar innan verneforslaget, ut frå eksisterande kunnskap om botntilhøva, og korleis desse eventuelt blir utnytta. Dette må også inkludere ei undersøking/intervju i kommunen om eventuelle småuttak i fjøresona. Utgreiinga skal kort skildre eventuelle planar knytt til petroleumsaktivitet, vindkraft og andre tekniske installasjonar i området og konsekvensen av verneframlegget for desse. Utgreiinga må gi eit oversyn over farleier, hamner og ankringsplassar i området og korleis verneframlegget vil påverke desse. Omsynet til forureining, beredskap og nødankring må vurderast særskilt opp mot verneføremålet [vi viser spesielt planar og eksisterande verksemd ved Gjøsundkaia i Giske kommune]. Ein bør også gjere greie for aktivitet på land som påverkar forureningssituasjonen i verneområdet og kva avgrensingar som eventuelt bør gjerast i forhold til verneføremålet [også dette er truleg mest aktuelt i Giske, knytt til Gjøsundkaia]. For alle desse interessene må konsekvensane av verneframlegget utgreiast på kort og lang sikt, og med to ulike restriksjonsnivå. Avbøtande tiltak, oppfølging Avbøtande tiltak skal utgreiast for alle tema. Dette skal også forslag om ulike restriksjonsnivå/ utforming av verneforskrift og forslag til element i ein skjøteselsplan. Kostnaden ved avbøtande tiltak bør synleggjerast.

5/6 Utgreiinga skal generelt synleggjere eventuell kunnskapsmangel og foreslå undersøkingar som er naudsynt for å avklare verknader av verneplanen. Medverknad Utgreiingane må gjennomførast i nært samarbeid med kommunane det gjeld, og med nærings- og andre interesseorganisasjonar lokalt og regionalt. Vi vil særskilt peike på at Møre og Romsdal fiskarlag (m/lokallaga), Taretrålfiskernes forening, Møre og Romsdal kystfiskarlag og FHL vil vere viktige medspelarar som også innehar vesentleg kunnskap til nytte for utgreiingane. Store grunneigarar i strandsona bør bli kontakta vedrørande skjelsand, evt. tareskjæring. Møre og Romsdal Jeger og fiskerforening er naturleg kontaktpunkt med omsyn til jakt og fritidsfiske. Referanseområde for tare Fiskeridirektoratet vedtok 26.01.07 nye forskrifter for taretråling i Møre og Romsdal. Dette er i praksis ei forlenging av tidlegare forskrift, med verknadsdato fram til 30.09.07. Det ligg føre eit utkast til forvaltingsplan for tare i Møre og Romsdal. Dette utkastet har også ein arealdel som inneber konkrete forslag til ny regional forskrift, som enno ikkje er implementert. Planutkastet er utarbeidd i ei arbeidsgruppe i regi av Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal. Fylkesmannen, fylkeskommunen, Fiskeridirektoratet og Taretrålernes forening var representert i gruppa. Arbeidsgruppa stilte sitt arbeid ferdig sommaren 2005, og forslaget er oversendt Fiskeridirektoratet sentralt. I dette forslaget er også referanseområde for tare drøfta. Gruppa foreslår for det første at område der taretråling allereie er forbode etter naturvernlova får status som referanseområde i samband med marin verneplan. Dette gjeld følgjande område i Giske kommune. Giske fuglefredingsområde Rørvikvågen fuglefredingsområde Blindheimsvik fuglefredingsområde Synnesvågen naturreservat Molneset naturreservat (verna etter at arbeidsgruppa ga si tilråding) I tillegg viser arbeidsgruppa til område som er foreslått verna gjennom verneplan for sjøfugl og verneplan for Smøla. I og med at desse planane ikkje er slutthandsama, kan ein også hevde at restriksjonane i forhold til taretråling ikkje er endeleg avklarte. Slik situasjonen er no, ligg det føre forslag om forbod i fire areal som overlappar med marin verneplan. Dette er: Remman (vp Smøla) Sortna (vp Smøla) Erkna (vp sjøfugl, Giske ) Langholmen (vp sjøfugl, Giske) Arbeidsgruppa føreset at også desse områda kan tene som referanseområde, men dette må avklarast i samband med sluttføringa av verneplan Smøla og verneplan for hekkande sjøfugl. Så vidt vi kan sjå er dette også i samsvar med føringane DN gir no. Framlegget til forvaltingsplan for tare er sameint mellom deltakarane i arbeidsgruppa, med andre ord også taretrålnæringa. Vi finn ikkje grunn til å endre referanseområda no. Program

6/6 for konsekvensutgreiingar bør likevel skissere eit opplegg for å dokumentere at det faglege grunnlaget for utvalet av referanseområde er tilstrekkjeleg. På same måte må programmet skissere ein eventuell prosess med deltaking og framdrift, dersom ein av marinøkologiske årsaker finn at utvalet bør supplerast, eventuelt erstattast med nye område. Med helsing Per Fredrik Brun Areal- og miljøverndirektør Trond Haukebø Seksjonsleiar Kopi: Giske kommune, Rådhuset, 6050 Giske Smøla kommune, Postboks 34, 6571 Smøla Sunnmøre kystfiskarlag, v/ Kjell Arne Sundgot, 6065 Ulsteinvik Høgskolen i Ålesund, Serviceboks 17, 6025 Ålesund Att: Anne Stene Møreforsking, Postboks 5075, 6021 Ålesund, Att: Astrid Woll Taretrålernes Foreining, v/ Nils Fjørtoft, 6294 Fjørtoft FHL, Postboks 514, 6001 Ålesund, Att: Jorulf Straume Møre og Romsdal fiskarlag, Postboks 936, 6001 Ålesund Forum for natur og friluftsliv i M&R, Per Amdamsvei 1a, 6413 Molde Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal, Postboks 1323 Sentrum, 6001 Ålesund