Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 03.04.2014 Dykkar dato 07.03.2014 Vår referanse 2014/3228 331.1 Dykkar referanse Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume FJELL KOMMUNE - BUDSJETT OG ØKONOMIPLAN Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Det er lagt opp til reduksjon i skatteøyret for kommunane frå 11,6 prosent i 2013 til 11,4 prosent i 2014. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr. 611.473.000,- i skatt på eige og inntekt for 2014. I 2013 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 5,7 %. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2013 til 2014 med 3,7 %. Kommunen sitt skattenivå i 2013 var 100,9 prosent av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2014 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2014 tilsvarande 60 % av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 % av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 % av differansen mellom 90 prosent av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, etter fråtrekk for inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr. 1113 mill. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Inntektsprognosen for 2014 er no oppdatert med endelege innbyggjartal pr. 01.01.2014 og innkomen skatt i 2013. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal pr. 01.01. 2014. For innbyggjartilskot og aldersfordelinga i utgiftsutjamninga er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2013. Dei budsjetterte frie inntektene er for høge samanlikna med den siste inntektsprognosen. Frie inntekter er budsjettert kr. 15,7 mill. høgare enn i den siste prognosen. Fylkesmannen legg til grunn at det blir gjennomført budsjettrevisjon seinast i juni og at dei budsjetterte frie inntektene blir redusert med minst kr. 15 mill. i høve til opphavleg vedteke budsjett. Eigedomsskatt Kommunen har ikkje eigedomsskatt korkje på verk og bruk, næringseigedomar eller andre faste eigedomar. Det er no berre eit fåtal kommunar i fylket som ikkje har noko form for eigedomsskatt. Dei fleste kommunane som ikkje har eigedomsskatt på bustader har likevel eigedomsskatt på verk og bruk og eventuelt anna næringseigedom, til dømes Bergen kommune. Ein stor del av kommunane har no innført eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen, eventuelt med ein låg sats på bustader og fritidseigedomar. Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2014 er i vedteke statsbudsjett 3,1 %. Pårekna lønsvekst inngår i denne med 3 ½ prosent. Løn tel knapt 2/3 av prisindikatoren medan resten er pårekna prisvekst på varer og tenester. Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 % av lånegjelda (når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med). Fylkesmannen tilrår kommunane at dei ordinære avdraga minst er på dette nivået. Det er budsjettert med kr. 36,0 mill. i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån ). Dei ordinære avdraga i budsjettet er vesentleg lågare enn det vi tilrår kommunane. Vi har påpeika også tidlegare at kommunen betaler for låge avdrag i høve til det som er føremålstenleg. Dei ordinære avdraga for 2014 burde vore om lag kr. 43 ½ mill., som er 3,5 prosent av netto langsiktig lånegjeld ved utgangen av 2013. Dei ordinære avdraga i budsjettet er om lag kr. 7 ½ mill. for låge i høve til det vi tilrår som eit minimumsnivå. Det er ikkje økonomisk føremålstenleg med så låge avdrag som budsjettert då det medfører større renteutgifter for kommunen over tid. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar (inkl. inndekning av underskot). 2
Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Frå og med 2010 har det vore endring i korleis kommunane kan disponera momsrefusjon frå investeringar. Det har vore ein overgangsperiode frå 2010 og til og med 2013 med aukande grad av overføring av momskompensasjon til finansiering av investeringar. Frå budsjett- og rekneskapsåret 2014 skal heile kompensasjonen for meirverdiavgift av investeringar bli inntektsført direkte i investeringsrekneskapen. Det er tilrådd generelt at kommunane bør ha eit netto driftsoverskot i rekneskapen på minimum 3 % av driftsinntektene. Dette er viktig for å kunne setje av midlar til å møta ei mellombels ubalanse på drifta og til finansiering av investeringar no eller seinare. Netto driftsoverskot vil i 2014 generelt bli svekka for kommunane som følgje av at momskompensasjon knytt til investeringar no blir inntektsført direkte i investeringsrekneskapen i staden for i driftsrekneskapen. Netto driftsresultat i budsjettet er null. Budsjettet oppfyller difor ikkje det tilrådde nivået på netto driftsoverskot for kommunane. I førebels rekneskap for 2013 er det eit netto driftsunderskot med om lag kr. 1,7 mill. Både netto driftsresultat i rekneskapen for 2013 og budsjett 2014 må på denne bakgrunn bli vurdert som svake. Kommunen har kvart år i heile perioden 2010-2013 hatt netto driftsunderskot. Underskotet var størst i 2011 og er redusert både i 2012 og 2013. Inntektsføring av momskompensasjon frå investeringar som driftsinntekt gjer at det reelle underskotet til og med 2013 er vesentleg større og svakare enn det resultata i seg sjølv gjer uttrykk for. Det er positivt at årlege netto driftsunderskot er blitt redusert i den siste perioden, men kommunen kan likevel ikkje halde fram med å ha netto driftsunderskot. I åra med netto driftsunderskot, til og med 2013, er kommunen sitt disposisjonsfond blitt vesentleg redusert. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2014 er det planlagt brutto investeringar for til saman omlag kr. 88,6 mill. Dei største investeringane i år er i trafikksikring, ombygging/rehabilitering av bygg, utbygging av skule, IT - satsing og idrettshall. Investeringane er i hovudsak planlagt finansierte med lån (kr. 53,9 mill.) og momskompensasjon (kr. 17 mill.). Resten av investeringane er planlagt finansierte med sal av eigedom, tilskot frå fylkeskommunen, tippemidlar og bruk av fond. Det er høve for kommunen å ta opp lån til eigne investeringar - også mellombels for den delen av investeringane som seinare vil bli finansierte av tippemidlar. Det må vere eit vilkår at lån blir nedbetalt ekstraordinært når tippemidlane blir utbetalt og den øvre løpetida for lånet må vere avgrensa. Det er også høve til lån til forskotering (vidareutlån) når føremålet er investering og det ligg føre avtale om tilbakebetaling til kommunen. I tillegg kjem låneopptak til vidareutlån med kr. 20,0 mill. 3
Kommunen si brutto lånegjeld ved utgangen av 2013 er rekna til om lag kr. 1355 ½ mill., eller kr. 56.830,- pr. innbyggjar. Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2013 pr. innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til kr. 66.256,-. (kommunekassa - ikkje konsern). I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg, og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket utanom Bergen har eit gjeldsnivå som ligg høgare enn landsgjennomsnittet. Ein stor del av kommunen si verksemd er organisert i Fjell VAR AS (vatn, avlaup, renovasjon) og Fjell bustadstifting (bustader og barnehagar). Kommunen sitt reelle gjeldsnivå er difor høgare enn det som kjem fram av samanlikning med andre kommunar, basert på økonomiske nøkkeltal. Kommunen si lånegjeld har auka mykje over ein lang tidsperiode, men gjeldauken er no blitt mindre enn tidlegare. Gjelda kjem likevel til å auka også i år som følgje av at låneopptaka er større enn avdraga, men gjeldauken er moderat samanlikna med tidlegare år. I økonomiplanen for åra 2015-2017 er det lagt opp til at låneopptaka for kvart år skal vere på eit lågare nivå. Det er viktig at kommunen faktisk reduserer låneopptaka reelt i dei neste åra. Dei årlege låneopptaka bør ikkje vere høgare enn det som blir betalt i ordinære avdrag, slik at gjelda ikkje aukar ytterlegare. Kommunen sine netto driftsunderskot i fleire år er eit uttrykk for at det reelle gjeldsnivået er for høgt i høve til inntektene. Oppsummering Vi legg til grunn at det blir gjennomført budsjettrevisjon seinast i juni og at dei budsjetterte frie inntektene blir redusert med minst kr. 15 mill. i høve til opphavleg vedteke budsjett. Dei ordinære avdraga i budsjettet er om lag kr. 7 ½ mill. for låge i høve til det vi tilrår som eit minimumsnivå. Kommunen kan ikkje halde fram med å ha netto driftsunderskot. Kommunen sitt disposisjonsfond som driftsreserve er blitt vesentleg redusert i fleire år. Både netto driftsresultat i rekneskapen for 2013 og budsjett 2014 må bli vurdert som svake. Det er viktig at kommunen faktisk reduserer låneopptaka reelt i dei neste åra. Dei årlege låneopptaka bør ikkje vere større enn det som blir betalt i ordinære avdrag. Kommunen sine netto driftsunderskot i fleire år, til og med 2013, er eit uttrykk for at det reelle gjeldsnivået er for høgt i høve til inntektene. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann 4
Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift Gjenpart : Deloitte AS, Postboks 6013, 5892 Bergen 5