saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 26.02.2017 19013/2017 Jesper Wiig Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 03.04.2017 Anbodsutlysing av "Nordmørspakken" Bakgrunn Fylkesrådmannen har i sak SA-14/17 lagt fram forslag til organisering og kravspesifikasjon for utlysing av dei fylkeskommunale sambanda på Nordmøre. Samferdselsutvalet gjorde følgjande vedtak: 1. Samferdselsutvalet vedtar kravspesifikasjonen for anbodskonkurransen «Nordmørspakken» slik det går fram av fylkesrådmannens saksframlegg av 8. februar 2017 med følgjande endringar og tillegg: a). Det skal setjast eigne miljøkrav i tillegg til minstestandard b). Det skal setjast inn 2 nye (eller nye ombygde) ferjer à 50 pbe på sambandet Sandvika-Edøya frå 2020 c). Det skal setjast inn 2 nye (eller nye ombygde) ferjer à 80 pbe på sambandet Seivika Tømmervåg frå 2020 d). Eventuelle nye ombygde ferjer på Sandvika-Edøya og Seivika- Tømmervåg skal ikkje vere eldre enn 10 år (ved oppstart). Kontraktsperioden vurderes i lys av punkt b og c. e). Opningstida på sambanda Kvanne-Rykkjem, Seivika-Tømmervåg og Sandvika Edøya skal utvidast med 1 time på laurdag kveld. f). Rutetabell for sambandet Kvanne-Rykkjem skal justerast på morgon for pendlartrafikk (jfr sak SA 47/16). g). Rutetabell for sambandet Seivika-Tømmervåg på laurdag må utvidast til 2-ferjeløysing delar av laurdag(min.10 turar). h). Ny rutetabell for 2-fergeløysing Edøya-Sandvika skal tilpassast og korrespondere med Seivika-Tømmervåg alle dagar. i). Det skal leggjast inn opsjon på auka oppkjøp dersom trafikken aukar vesentleg ut over dagens prognoser. j). Reserveferje på 50 pbe, utan miljøkrav, kan godkjennast
2. Samferdselsutvalet ber fylkesrådmannen lyse ut anbodskonkurranse i samsvar med føresetnadene i saksframlegg av 8.februar og vedtekne tillegg/endringar (jfr. Pkt 1) 3. Samferdselsutvalet vedtar at kaianlegga i rute 54 blir ombygd til å stette nye miljøferjer i samsvar med krava i anbodet. 4. Samferdselsutvalet vedtar at kaianlegga i rute 50 blir ombygd til å stette nye og større miljøferjer i samsvar med krava i anbodet. 5. Samferdselsutvalet gir fylkesrådmannen munde til å tildele naudsynte løyve til det reiarlag som blir tildelt kontrakta. 6. Samferdselsutvalet ber om at fylkesrådmannen orienterer samferdselsutvalet om framdrifta i anbodskonkurransen. 7. Samferdselsutvalet sender vedtaket over til fylkesutvalet som referatsak, ut frå moglege økonomiske konsekvensar i økonomiplanperioden. Fylkesrådmannen orienterte fylkesutvalet i møte 27. februar 2017 om kravspesifikasjonen knytt til «Nordmørspakken» samt om moglege konsekvensar av samferdselsutvalets vedtak. På bakgrunn av dei venta økonomiske konsekvensane som følgje av vedtaket i samferdselsutvalet skal fylkesutvalet handsame anbodsutlysing av «Nordmørspakken» som eiga sak. Fylkesrådmannen vil i saka knytte merknader til utfordringar i høve vedtaket som er gjort. Det er i hovudsak fire utfordringar knytt til samferdselsutvalets vedtak: 1) Ny miljøutgreiing Samferdselsutvalet vedtak fordrar endring av rutetabell, tal fartøy/auka frekvens og auke opningstid, som igjen endrar føresetnadane som ligg til grunn for miljøutgreiinga frå DNV GL. 2) Evalueringsmodell Det er utfordringar knytt til vedteken evalueringsmodell til denne kravspesifikasjonen. 3) Økonomi Opprusting og utbetring av kaianlegg som følgje av innsetting av nytt, eller nyare, miljøfartøy frå 2020 medfører ei betydeleg auke i investeringskostnader for fylkeskommunen. Vedlagt følger notat frå Statens vegvesen vedkommande kostnader knytt til kai. Som fylkesutvalet vart orientert om i møte 27. februar er det ei vesentleg auke i venta årleg tilskottsbehov som ei følgje av vedtaket i samferdselsutvalet. 4) Regionreform og regiontilknyting Fylkesrådmannen er kjent med at fleire av dei aktuelle kommunane som er omfatta av «Nordmørspakken» vurderer å søke endring av region/fylke. Det er knytt usikkerheit til om ny region vil ta over dei økonomiske forpliktingane som vil følgje av anbodet båe på investering og drift.
Til orientering er fylkesrådmannen sitt forslag til kravspesifikasjon og samferdselsutvalets vedtekne kravspesifikasjon synleggjort i tabellar som følgjer saka som vedlegg. Fylkesrådmannen legger samferdselsutvalets vedtak til grunn i det vidare arbeidet. Miljøutgreiing Fylkesrådmannen har allereie utarbeidd ny rutetabell i samsvar med samferdselsutvalet sitt vedtak, og gjort avrop hjå DNV GL for å oppdatere miljøutgreiinga i samsvar med dei endra føresetnadane. DNV GL har alt gjennomført oppdraget og dei nye føresetnadane er sendt Enova, slik at oppdatert miljørapport og rutetabell ligg til grunn for Enova si handsaming av tilskott. Fylkesrådmannen er i dialog med Enova vedkommande handsaming av søknad sett opp mot utlysingstidspunkt. Evalueringsmodell Samferdselsutvalet har gjort vedtak om at det skal setjast eigne miljøkrav. Ut frå debatten under samferdselsutvalet si handsaming av saka/vedtaket forstår fylkesrådmannen samferdselsutvalet sitt vedtak slik at det ved tildeling av kontrakt skal evaluerast på miljø utover minstekrav satt i anbodet. Til dette nemnast, at sjølv med gode støtteordningar, til dømes frå Enova og NOx-fondet, ligg det venteleg meirkostnader for Møre og Romsdal fylkeskommune å gå over til lågutsleppsløysingar. Møre og Romsdal fylkeskommune vil truleg få auka kostnader knytt til generelt kostnadsetterslep og ferjefornying, som kan bli større enn sjølve miljøtiltakskostnadene ved nye anbod. Desse meirkostnadene følger ofte krav om lågutslepp, og blir per i dag ikkje dekt av støtteordningar. Vi må i forkant av utlysning av ferjeanbod, vurdere alle desse forholda grundig. Vi må finne ein hensiktsmessig balanse mellom minimumskrav og vekting av miljø, som og tek omsyn til akseptabel kostnadseffektivitet. Det understrekast at vi kan oppnå den same ønska effekten (miljøløysingar) ved å stille strenge minstekrav utan å nytte miljø som tildelingskriterium. Til dømes vart det satt strenge minstekrav i «Sulapakken» på CO2-utslepp og energibruk. Dette sikra ønska miljøløysing uavhengig av konkurransen i marknaden. Dersom ein berre nyttar miljø som tildelingskriterium utan å nytte minstekrav kan ein oppleve å betale dyrt for løysing som ikkje gir ønska resultat. Det som er særleg utfordrande knytt til tildelingskriterium i høve samferdselsutvalet sitt vedtak i denne pakken, er å oppnå miljøløysingar på dei to ønska sambanda, utan å måtte betale dyrt for konvensjonelle ferjer på dei to andre sambanda. På bakgrunn av denne særlege utfordringa, og ut frå erfaring frå utlysinga av «Sulapakken», har fylkesrådmannen gjort avrop hjå ekstern konsulent for bistand til evaluering/utarbeiding av evalueringsmodell for «Nordmørspakken». Dersom ein ikkje klarer å lage ein modell som er egna til å oppnå bestillinga frå samferdselsutvalet og som samstundes tek i omsyn ein fornuftig kostnadseffektivitet, kan fylkesrådmannen vere tvungen til å lyse å sambanda på Nordmøre i to pakkar/utlysingar. Ei slik løysing vil venteleg gi utfordringar knytt til reservemateriell og ein større usikkerheit knytt til kostnader.
Økonomi Dei venta økonomiske konsekvensane av fylkesrådmannen sitt forslag går fram av saka som vart handsama av samferdselsutvalet. Fylkesutvalet vart i fylkesrådmannens orientering 27. februar gjort kjent med dei betydelege meirkostnadane i tilskottsbehov som følgje av dei vedtekne krava til anbodet. I orienteringa tok fylkesrådmannen atterhald om at ikkje alle konsekvensane av samferdselsutvalets vedtak var rekna ut. Det er og store konsekvensar knytt til investeringsbehov og ledige investeringsmidlar i inneverande økonomiplanperiode. Investering Som nemnt ovanfor må ein for å setje inn miljøløysingar gjere tilpassingar og utbetringar av eksisterande kaianlegg. Det er, som det går fram av sak SA-14/17, særlege utfordringar knytt til sambandet Edøya-Sandvika. Før ein kan sette tunge installasjonar/fartøy i sambandet må det gjerast forsterkingar. Slike tilpassingar må også gjerast på sambandet Seivika-Tømmervåg. Foreløpig tid- og kostnadsberekning følgjer av vedlagt notat utarbeida av Statens vegvesen. Ved fylkesrådmannens forslag til vedtak ville ein, på bakgrunn av overgangsperioden som det vart lagt opp til, utsette investeringskostnader på kai/infrastruktur ettersom det ikkje er rom for nye investeringar i inneverande økonomiplan. Overslag investeringsbehov som følgje av nye/miljøferjer: Investering SA-vedtak (før innsetting av materiell før 2020) 132 MNOK* *Sa-utvalets vedtak medfører oppgradering som følgje av miljøløysingar frå 2020/2021 Fylkesrådmannen vil ved utarbeiding av anbodsdokumenta leggje samferdselsutvalets vedtak til grunn. Det kan likevel vere naudsynt, av omsyn til den korte tida fram til kontraktsoppstart, å gjere nytte av overgangsfartøy/løysingar på sambanda Edøya-Sandvika og Seivika-Tømmervåg i minimum eitt år etter kontraktsoppstart. Statens vegvesen anslår at dersom ein gir klarsignal for ombygging/opprusting i samsvar med vedlagte notat, vil kai/infrastruktur venteleg vere ferdig i løpet av hausten 2020. Samferdselsutvalet har munnleg gitt tilslutning til å nytte naudsynt overgangsperiode knytt til infrastruktur/nye fartøy. Fylkesrådmannen har søkt støtte hjå Enova for kostnader knytt kaioppgradering som følgje av miljøløysingar. Det er usikkert om, og eventuelt i kva omfang, Enova vil gje støtte til forsterkningar av til dømes tilleggskai i sambanda. På den eine sida er dette naudsynt arbeid/kostnad for å få på plass miljøløysing medan det på den andre sida kan sjåast på som «vanleg» etterslep på kai og noko som fell utanfor det Enova yter støtte til. Det er venta at Enova vil gje støtte til investeringar knytt til naudsynte «miljøinstallasjonar» på land.
Auke i tilskottsbehov Som fylkesutvalet vart orientert om 27. februar 2017 var foreløpig kostnadsoverslag over samferdselsutvalet sitt vedtak ikkje endeleg. Dette av di Statens vegvesen ikkje hadde hatt tid til å gjere alle utrekningane som følgje av vedtaket. Det som ikkje var tatt med i det foreløpige overslaget var konsekvensen av auka opningstid i sambanda. Dette har ein stor konsekvens av di det utløyser auka produksjonskostander. Det som skil administrasjonen sitt framlegg og vedtak i samferdselsutvalet er i hovudsak fast to-ferjeløysing på Edøy-Sandvika i tillegg til utvida opningstid på tre av sambanda. Vidare vil ikkje samferdselsutvalet nytte overgangsperiode i den utstrekning som i administrasjonen sitt forslag til vedtak. Administrasjonen sitt forslag legg opp til overgangsløysingar fram til 2025 noko som venteleg vil gje lågare tilskottsbehov enn samferdselsutvalets løysing. Då fylkesutvalet vart orientert om tilskottsbehovet i ny kontrakt som følgje av samferdselsutvalet sitt vedtak vart det signalisert at det ville medføre ei prosentvis kostnadsauke ut over «minstestandard» på om lag 24 prosent. Her er det viktig å presisere at administrasjonens forslag og ville medført kostnadsauke som følgje av auka standard om lag 12 prosent opp frå «minstestandard». Når fylkesrådmannen no har fått dei justerte overslaga frå Statens vegvesen, tatt omsyn til utvida opningstid, er den venta prosentvise kostnadsauka utover «minstestandard», på over 50 prosent. Over kontraktsperioden er det samla sett eit betydeleg beløp. Samanlikna med tilskottsbehovet i dagens kontrakt er auka endå større. Konklusjon tilråding utlysing av anbodet Som nemnt innleiingsvis er det fleire av dei aktuelle kommunane som er omfatta av «Nordmørspakken» som no skal vurdere si regiontilknyting. Det er knytt usikkerheit til om eventuell ny region vil ta over dei økonomiske forpliktingane som følgjer av anbodet. Bakgrunnen for denne usikkerheita er at staten sin kompensasjon/overføring til ferjedrifta pr. samband vil vere mykje lågare enn kva kostnaden med den vedtekne kravspesifikasjonen vil vere. På bakgrunn av den venta kostnadsauka knytt til samferdselsutvalet sin vedtekne kravspesifikasjon, med ei betydeleg kostnadsauke på drift/tilskott samt eit påfølgjande stort investeringsbehov på landsida, vil det vere mest hensiktsmessig at anbodskonkurransen blir lyst ut etter at dei aktuelle kommunane på Nordmøre har avgjort si regiontilhøyrigheit. På denne måten vil ein unngå ein betydeleg økonomisk usikkerheit for Møre og Romsdal fylkeskommune/trøndelag fylkeskommune. Fylkesrådmannen er kjent med at dei aktuelle kommunane skal avgjere om det skal søkast endra regiontilhøyrigheit seinast innan 1. september 2017. Fylkesrådmannen meiner vidare at dei økonomiske konsekvensane av nye ferjeanbod må vurderast opp mot fylkeskommunen sitt økonomiske handlingsrom i saka Strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2018-2021. Saka vert handsama i fylkestinget i juni 2017. Ein vil jobbe vidare med anbodsdokumenta, slik at dei er klar til publisering
så snart kommunane har avgjort om det skal søkast om endring av region eller ikkje. Dersom ein eller fleire av dei aktuelle kommunane som er direkte berørt av «Nordmørspakken», gjer vedtak om å søkje om grensejustering/endra regiontilhøyrigheit, må anbodet/kravspesifikasjonen endrast og lysast ut i samsvar med dei økonomiske forpliktingane ny region kan/vil ta på seg på både på investering og drift. Forslag til vedtak: Fylkesutvalet sluttar seg til fylkesrådmannen sine vurderingar. Fylkesvegferjesambanda på Nordmøre skal settast ut på anbod i samsvar med konklusjon/tilråding slik den går fram av fylkesrådmannen sitt saksframlegg av 10. mars 2017. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Arild Fuglseth samferdselssjef Vedlegg 1 Kostnadsoverslag for ombygging av ferjekaiene fv680 Seivika/Tømmervåg og fv669 Sandvika-Edøya 2 Anbodsutlysing av "Nordmørspakken" - vedlegg