HANDLINGS- PLAN 2015 2018 1



Like dokumenter
HANDLINGS- PLAN

LANGTIDSPLAN FOR BRUSAND IDRETTSLAG

Handlingsplan Vik IL

Velkommen til. årsmøte!

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

ARBEIDPLAN 2013 VALLDAL IDRETTSLAG

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

STRATEGISKE MÅL FOR OSTERØY IDROTTSLAG

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE POLITIKARDAG 4.NOVEMBER 2014

Sportsleg plan. Vågå IL Skigruppa

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Strategiplan

Arbeidsplan 2014 Valldal Idrettslag

Visjon og verdiar KLAR for Stranda

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Årsmelding for O-gruppa 2015

ÅRSMØTE 2018 OMVIKDALEN IL. Omvikdalen skule Torsdag 28.februar, kl 19.30

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Rekrutteringsplan FBK Voss

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

INFORMASJON FOR OPPMENN

Anleggsplan. Hafslo IL

STRATEGISKE MÅL FOR OSTERØY IDROTTSLAG

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

PROTOKOLL ETTER ORDINÆRT ÅRSMØTE I ÅIL for 2013

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Breimsbygda idrettslag

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Sandeid skule SFO Årsplan

BREIDDEREGLEMENT FOR. barnefotball ungdomsfotball vaksenfotball old boys/old girls

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

ÅRSMØTE RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl Bjarne Øymyr

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

SPORTSPLAN IL JOTUN FOTBALL

REGIONALE IDRETTSANLEGG

VEDTEKT av februar 2007

SPORTSPLAN FOTBALLGRUPPA HAFSLO IL

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Barnehageplan for Vinje kommune

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Hovudområde Delområde Mål 2016

Strandvik Skyttarlag. Agenda. Skytebanesikkerhet

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski PÅ VEG MOT HUNDRE!

Protokoll årsmøte i Luster Idrettslag torsdag 30. mars 2017

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Handlingsplan (forslag vedtatt på årsmøte )

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

DAGSORDEN for årsmøtet 1. Godkjenna dei som har stemmerett 2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglar 3. Velja dirigent, skrivar og 2

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsmelding IL JOTUN FOTBALL

Organisasjonsplan for Just idrettslag

Rekruttering og medlemsutvikling

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

ÅRSMELDING HOVUDSTYRET I.L. JOTUN

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Årsmelding Internettsida til laget har fått ein fin form, og Norunn Skretting har ansvaret for å fylgja opp denne. Det har

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

ÅRSMELDING. IL JOTUN Symjegruppa for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2016 PÅ VEG MOT HUNDRE!

DAGSORDEN for årsmøtet 1. Godkjenna dei som har stemmerett 2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglar 3. Velja dirigent, skrivar og 2

LOV OG FØRESEGNER. for. Bondeungdomslaget i Kristiansand. Vedteke på omframt årsmøte 18.oktober Oppdatert etter årsmøtet 8. februar 2012.

ÅRSMELDING IL JOTUN Symjegruppa. for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2017 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

ÅRSMELDING. IL JOTUN FOTBALL for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Organisasjonsplan for Amasone FK

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

Møtedokument til årsmøte i Lærdal Idrettslag

TAU BÅTFORENING ÅRSMØTE

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

: Lilly Schøyen, Atle Hamar, Martin Hopland, Olaf Betten og Yngve Thorsen (adm.)

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Transkript:

HANDLINGS- PLAN 2015 2018 1

INNLEIING I handlingsplanen for tidsrommet 2015-2018 har ein teke utgangspunkt i den føregåande plan og utvikla den vidare. Innanfor dei tre områda aktivitet, økonomi og administrasjon/organisasjon har styret fastsett hovudmål, definert delmål og sett opp tiltak for å nå måla. Handlingsplan er meint å vere eit arbeidsverktøy for å drive Hafslo Idrettslag best mogeleg ut frå dei fastsette hovudmåla. Styret 2

1. AKTIVITET HOVUDSTYRET HOVUDMÅL: Hafslo IL skal gi eit tilbod til den einskilde utøvar ut i frå føresetnad og ambisjonar. Aktivitetar i regi av laget skal ha både fagleg og sosialt innhald. Hafslo IL skal i hovudsak drive breiddeidrett, men samstundes leggje forholda til rette både for spesialisert satsing for å få fram gode lag eller einskildutøvarar når grunnlaget er til stades. Hafslo IL vil og bidra til tilbod om uorganisert aktivitet. Aktivitetstilbod til alle Auke tal aktive trenarar med utdanning utover grunnutdanning. Samarbeid med andre lag og organisasjonar. Pluss-sider: Tilbod innanfor mange idrettar og aktivitetar. Aktive medlemmer. God tilgang på anlegg. Stor dugnadsinnsats. Tilgang på aktivitetsleiarar i dei fleste greinene Kontinuitet blant dei tillitsvalde. Redusere fråfallet i aldersgruppa 15 19 år. Arbeide for å tilby aktivitetar innanfor idrettslaget sine hovudmål. For få aktive trenarar med utdanning utover grunnutdanning. Holde god standard på idrettsanlegga Rekruttere ungdom til tillitsverv. Støtte uorganiserte aktivitetar Bidra til at enkeltutøvarar kan fortsetje å drive idrett på høgare nivå. Utvikle tilbodet innanfor dei særgruppene som ein har i dag. Legge til rette for trenarutdanning/kurs Godt vedlikehald av anlegga i Moane og ved skulen Delta i utviklinga av skianlegget på Sogn skisenter Bruke idrettsrådet som samarbeidsorgan i kommunen. 3

2. ØKONOMI HOVUDMÅL: God økonomistyring, slik at ein kan gi medlemmane eit aktivitetstilbod i tråd med dei hovudmåla som gjeld for idrettslaget sine aktivitetar. Auka medlemstalet i laget i planperioden Oppretthalde dugnadsinnsatsen i laget. Arbeide aktivt for å oppretthalde gratis tilgang til kommunale bygg og anlegg. Aktiv innsats for å auke inntektene frå næringslivet. Pluss-sider: Låge medlemsavgifter og treningsavgifter Solid inntektskjelde i Lerum-cup. God støtte frå næringsliv/sponsorar. Gode tilskotsordningar frå kommune og idrettskrins. Oppretthalde gratis bruk av kommunale bygg og anlegg. Økonomistyring. Rapportering av aktivitet frå særgrupper. Samsvar mellom budsjett og rekneskap i særgrupper. Informere medlemane om kor viktig dugnadsinnsatsen er for Hafslo Idrettslag. Jobbe målretta for å oppretthalde og utvikle samarbeidet med noverande sponsorar. Jobbe målretta for å skaffe nye sponsorar. Utvikle samarbeidet med Luster idrettsråd som samarbeidsorgan i kommunen. Aktiv medlemsverving 4

3. ADMINISTRASJON/ORGANISASJON HOVUDMÅL: Ha ein målretta handlingsplan som eit godt styringsverktøy for laget. Pluss-sider: Mange dyktige tillitsvalde. Aktivt styre og aktive særgrupper. God intern og ekstern informasjonsflyt. Rekruttering av nye tillitsvalde. Arbeide aktivt med rekruttering av tillitsvalde. Handlingsplan i kvar særgruppe med tydeleg arbeids- og ansvarsfordeling. Samle og gjere tilgjengeleg Hafslo Idrettslag sine styringsdokument for alle tillitsvalgte. Vedlikehalde og utvikle ei informativ heimeside 5

FOTBALLGRUPPA HOVUDMÅL: At alle som ynskjer det, skal kunne ta del i fotballaktivitet under stor grad av trivsel. DELMÅL Utvikle klubben og spelarane i positiv retning. Stille lag i alle årsklasser. Bidra til eit godt og breitt samarbeid mellom gruppene i laget, for å gje barna/ungdommen vår eit heilskapleg og allsidig aktivitetstilbod. Stimulere til auka fysisk aktivitet for alle, også for dei som ikkje er med på dei organiserte tilboda til idrettslaget. Plussider Stor aktivitet på miniputt/lilleputt/smågut/småjente og på gut-/ jente- og damesida Godt sosialt miljø Gode haldningar Foreldre tek ansvar og tek på seg trenar- og oppmannsoppgåver Gode anlegg God økonomi Mange foreldre er med og yter dugnad Utfordringer Litt fråfall på gut-/jentenivå Færre ynskjer delta på organisert aktivitet Laget treng å utdanne fleire dommarar Laget treng å utdanne fleire trenarar Dårleg rekruttering til seniorlaget Stille lag i alle aldersgrupper. Først og fremst i eigen klubb, dersom det ikkje går, søke samarbeid med andre klubbar Min. 2 trenarar pr. aldersfastlagd lag og miniputtlag Kartleggja behov/ynskje i trenargruppa om kompetanseheving og erfaringsutveksling Oppmode foreldra til å vere oppmenn og trenarar Saman med andre grupper organisere og koordinere aktivitetar for å unngå konflikt og kamp om dei same deltakarane. Fotballgruppa er open for utvida bruk av anlegg 6

2. ØKONOMI HOVUDMÅL: Ha ein tilstrekkeleg økonomi til å gje eit attraktivt aktivitetstilbod til medlemmane. Auke inntektene. Auka tilskot. God dugnadsinnsats. Jobba for å auke inntekt/tilskot til gruppa. Dugnad. 3. ADMINISTRASJON/ORGANISASJON Aktive medlemmer i gruppa Positive til samarbeid med dei andre særgruppene. Rekruttering av nye medlemmer i gruppa. Arbeide aktivt med rekruttering av medlemmer til gruppa. Ha tydeleg arbeids- og ansvarsfordeling for medlemmene i gruppa. Arbeida for eit godt samarbeid med dei andre særgruppene. 7

BARNEIDRETTSGRUPPA 1. AKTIVITET HOVUDMÅL: HIL vil gje eit heilårleg tilbod til barn. HIL skal gje eit allsidig tilbod i samsvar med Bestemmelser om barneidrett til aldersgruppa 6-11 år gjennom ein idrettsskule. Idrettsskulen skal gje eit variert og allsidig tilbod om idrett og leik tilpassa alder. Den skal inkludere sosiale samkome, og ha låg medlemskontingent. HIL vil gje eit tilbod om leik i gymsal og andre sosiale aktivitetar til barn 0-5 år. Oppretthalde godt samarbeid med særgruppene. Meir bruk av erfarne instruktørar innan ulike idrettar er ynskjeleg. Særgruppene har ansvar for gymsalaktivitetar og eigen sesongidrett for born 6-11 år. HIL har eit allsidig og heilårleg tilbod til barn mellom 6 og 11 år gjennom idrettsskulen Eigne tilbod til dei eldste der lokale aktivitetar vert introduserte samt tilbod andre stader i kommunen (skyting, bading i Gaupne, klatring i Skjolden) Idrettsskulen har faste sosiale treff fleire gonger i idrettsskuleåret. Sosialkveldane er varierte både i form og innhald Idrettsskulen har ikkje medlemskontingent og har god deltaking frå Hafslo-området Mange foreldre er postive til dugnadsarbeid som medhjelparar på aktivitetar, loddsal, verving og kakebaking. Det er jamnleg tilbod om kurs for instruktørar Stabilt høgt medlemstal og aktive deltakarar Ikkje så lett å få gode instruktørar i alle idrettsgreiner. Nokon instruktørar vert for kostbare for idrettsskulen. Nokon av særgruppene har eigne aktivitetar til dei yngste ungane same periode som idrettsskulen. Bør ha tettare samarbeid om ulike aktivitetar Lage årshjul for barneidretten langsiktig plan for å sikre variert og allsidig aktivitet. Fokus på utvikling av grovmotoriske eigenskapar for dei yngste, og introduksjon til ulike særidrettar for dei eldste Inspirere og motivere foreldre og andre friviljuge til instruktøroppgåver gjennom kurs og inspirasjonssamlinga 8

2. ØKONOMI HOVUDMÅL: Ha ei god økonomistyring, slik at ein kan kjøpe inn aktuelt utstyr ein treng til ulike aktivitetar og sosiale tilstellingar Oppretthalde/auke antal deltakarar på idrettsskulen. Oppretthalde dugnadsinnsatsen Lite utgifter Ingen medlemsavgift gir liten inntening til gruppa. Har lite eigne inntekter og er avhengig av tilskot frå styret og andre for å kunne kjøpe inn utstyr Arbeide aktivt med å oppretthalde antal aktive deltakarar på idrettsskulen Ynskjeleg å kunne spare pengar på bok for å kunne kjøpe dyrare utstyr 3. ADMINISTRASJON/ORGANISASJON HOVUDMÅL: Ha ein målretta handlingsplan og eit årshjul som gode styringsverktøy for barneidrettsgruppa Aktive og engasjerte medlemmar i gruppa Særgruppene er positive til samarbeid Organiseringa av barneidretten i HIL er god! Særgruppene planlegg og samarbeidar om alle aktivitetar for barn under 12 år ved hjelp av eit årshjul Rekruttering av nye medlemmar til gruppa Samarbeid mellom barneidrettsgruppa og særgruppene så ikkje det vert for mange aktivitetar for dei yngste ungane og det blir konkurranse om dei same ungane frå ulike særgrupper Arbeide aktivt med rekruttering av medlemmar til barneidrettsgruppa Alle særgrupper skal ifølgje retningslinjene for barneidrett ha eit medlem som er ansvarleg for barneidrettsaktivitetar lettar samarbeidet mellom barneidrettsgruppa og særgruppene Tydeleg arbeids- og ansvarsfordeling for medlemmane i gruppa. 9

TRIMGRUPPA 1. AKTIVITET HOVUDMÅL: Trimgruppa i Hafslo IL skal gi eit uorganisert tilbod til medlemmane i idrettslaget. Tilbodet med trimbøker og andre arrangement skal stimulerer til aktivitet. Ha trimbøker på ulike stader som stimulerer medlemmane i alle aldersgrupper til aktivitet gjennom året. Samarbeide med andre grupper i idrettslaget m.a. om skicupen og damebad`l. Vere eit tilbod til medlemmar som ikkje er aktive i andre særgrupper i idrettslaget. 2. ØKONOMI HOVUDMÅL: Ha ein deltakarkontingent som dekker utgiftene til drift og premiering. 3. ADMINISTRASJON/ORGANISASJON HOVUDMÅL: Ha eit gruppestyre med medlemmar frå ulike bygder innanfor idrettslaget sitt område, samt i ulik alder og frå begge kjønn. 10

HOPP 1. AKTIVITET HOVUDMÅL: Gi eit aktivitetstilbod til alle som ynskjer å hoppa på ski. Leggja forholda til rette for dei som ynskjer å satsa aktivt. Behalde flest mogleg i aldersgruppa 15-19 år Få med fleire trenarar. Få til eit godt samarbeid med dei andre skigruppene i kommunen Nærleiken til Sogn Skisenter som har eit alsidig anlegg både for trening og læring. Positiv rekruttering i yngre årsklassar. Mange ivrige og hjelpsame foreldre som stiller til køyring, trening, dugnad, arrangement/skirenn. Godt samarbeid med dei andre grupper i Luster kommune/sogn Få med fleire i aldersgruppa 10 14 år. Behalde flest mogeleg i aldersgruppa 15 19 år. Få fleire til å ta trenarkurs. Gi eit tilbod til alle som vil hoppe på ski. Leggja til rette for utdanning av fleire instruktørar/trenarar. Samarbeid med dei andre skigruppene i laget om skiaktivitetar på Heggmyrane. Samarbeid med barneidrettsgruppa og trimgruppa når det gjeld trim og skileik. Leggja til rette slik at fleire i alle aldra og på alle nivå vil vera med på cupen, sonerenn, krinsrenn. Arrangere smørjekurs. Arrangere treningsamlingar på barmark/snø for alle aldersgrupper for å trene i lag og få til eit sosialt miljø. Leggja til rette for felles trening med dei andre grupper i Luster kommune/sogn Satsa på eit utvida samarbeid med dei andre idrettslaga i Indre Sogn. Vera med å leggja til rette for gode treningsforhold på Heggmyrane/Kvamsbakkane. 11

2. ØKONOMI HOVUDMÅL: Ha ein tilstrekkeleg økonomi til å gje eit attraktivt aktivitetstilbod til medlemmane. Auke inntektene. Auka tilskot. God dugnadsinnsats. Eigne inntekter er for små i høve ønska aktivitet i laget. Få større inntekter ut av arrangementa våre. Jobba for å auke inntekt/tilskot til gruppa. Gjera endringar på treningsavgift/deltakaravgift Dugnadsinnsats. 12

LANGRENN 1. AKTIVITET HOVUDMÅL: Gi eit aktivitetstilbod til alle som ynskjer å gå på ski. Leggja forholda til rette for dei som ynskjer å satsa aktivt. Behalde flest mogleg i aldersgruppa 15-19 år Få med fleire trenarar. Få til eit godt samarbeid med dei andre skigruppene i kommunen Få til eit godt samarbeid med skigrupppene i regionen Nærleiken til Sogn Skisenter som har eit godt langrennsanlegg både for trening og konkurranse. Positiv rekruttering i yngre årsklassar. Mange ivrige og hjelpsame foreldre som stiller til køyring, trening, dugnad, arrangement/skirenn. Godt samarbeid med dei andre langrennsgruppene i Luster Kommune. Få med fleire i aldersgruppa 10 14 år. Behalde flest mogeleg i aldersgruppa 15 19 år. Få fleire til å ta trenarkurs. Gi eit tilbod til alle som vil gå på ski, både aktivt og trim. Leggja til rette for utdanning av fleire instruktørar/trenarar. Samarbeid med dei andre skigruppene i laget om skiaktivitetar på Heggmyrane. Samarbeid med barneidrettsgruppa og trimgruppa når det gjeld trim og skileik. Leggja til rette slik at fleire i alle aldra og på alle nivå vil vera med på onsdagcupen, sonerenn, krinsrenn og turrenn. Arrangere smørjekurs. Arrangere treningsamlingar på barmark/snø for alle aldersgrupper for å trene i lag og få til eit sosialt miljø. Leggja til rette for felles trening med dei andre langrennsgruppene i Luster Kommune. Satsa på eit utvida samarbeid med dei andre idrettslaga i Indre Sogn. Vera med å leggja til rette for gode treningsforhold i løypene på Heggmyrane. 13

2. ØKONOMI HOVUDMÅL: Ha ein tilstrekkeleg økonomi til å gje eit attraktivt aktivitetstilbod til medlemmane. Auke inntektene. Auka tilskot. God dugnadsinnsats. Eigne inntekter er for små i høve ønska aktivitet i laget. Få større inntekter ut av arrangementa våre. Innkjøp av tidtakarutstyr Jobba for å auke inntekt/tilskot til gruppa. Gjera endringar på treningsavgift/deltakaravgift Dugnadsinnsats. 3. ADMINISTRASJON/ORGANISASJON Sette av pengar til innkjøp av tidtakarutstyr HOVUDMÅL: Ha ein målretta handlingsplan som eit godt styringsverktøy for gruppa. Aktive medlemmer i gruppa Positive til samarbeid med dei andre særgruppene. Positive til samarbeid med dei andre langrennsgruppene i kommunen. Godt samarbeid med Sogn Skisenter. Rekruttering av nye medlemmer i gruppa. Samarbeide med dei andre særgruppene. Samarbeide med dei andre langrennsgruppene i kommunen. Arbeide aktivt med rekruttering av medlemmer til gruppa. Ha tydeleg arbeids- og ansvarsfordeling for medlemmene i gruppa. Arbeida for eit godt samarbeid med dei andre særgruppene. Utvikle samarbeidet, og få til felles aktivitetar med dei andre langrennsgruppene i kommunen. Bidra i utviklinga av langrennsanlegga ved Sogn Skisenter 14

ALPIN 1. AKTIVITET HOVUDMÅL: Gje best mogeleg tilbod til dei som driv med alpine aktivitetar. Å auke kvaliteten på aktivitetane, noko som vil stimulere rekruttering og interessa for alpinsporten. Tilrettelegge for utøvarar slik at dei har eit grunnlag for å kunne hevde seg på nasjonale renn. Auka samarbeidet med andre grupper i eige lag for å auke aktiviteten og interessa for skiidretten, samtidig opprette kontakt og samarbeid med andre lag i Sogn. Sogn Skisenter har eit godt tilrettelagt anlegg med snøproduksjon,og er imøtekommende og fleksible angåande trening i anlegget. Sogn Skisenter har i dag ein hovudheis og ein barneheis, samt ein Juniorheis Har vore bra deltaking på Fjord1CUP Fleire i gruppa har T1 trenarkurs HIL har eit nytt rennkontor og staurlager på Sogn Skisenter For mykje fråfall i aldersgruppa 14-19år Ingen i gruppa med T2 trenarkurs HIL må rekruttere trenarar i eigne rekker. Stimulere foreldra til å vere deltakande. Lage felles aktivitetar på Sogn Skisenter. Opprette kontakt med andre alpingrupper i Sogn. Tilrettelegge endå betre for å få utøvarane til å fortsette etter dei er 15år. Optimalt samarbeid med Sogn Skisenter. 15

2. ØKONOMI HOVUDMÅL: Ha ein tilstrekkeleg økonomi til å gje eit attraktivt aktivitetstilbod til medlemmane. Auke inntektene. Auka tilskot. God dugnadsinnsats. Eigne inntekter er for små i høve ønska aktivitet i laget. Få større inntekter ut av arrangementa våre. Jobba for å auke inntekt/tilskot til gruppa. Gjera endringar på treningsavgift/deltakaravgift Dugnadsinnsats. 3. ADMINISTRASJON/ORGANISASJON HOVUDMÅL: Ha ein målretta handlingsplan som eit godt styringsverktøy for gruppa. Aktive medlemmer i gruppa Positive til samarbeid med dei andre særgruppene. Godt samarbeid med Sogn Skisenter. Rekruttering av nye medlemmer i gruppa. Samarbeide med dei andre særgruppene. Samarbeide med andre alpin grupper i Sogn. Arbeide aktivt med rekruttering av medlemmer til gruppa. Ha tydeleg arbeids- og ansvarsfordeling for medlemmene i gruppa. Arbeida for eit godt samarbeid med dei andre særgruppene. Bidra i utviklinga ved Sogn Skisenter 16

1. AKTIVITET ORIENTERINGSGRUPPA HOVUDMÅL: Gi eit aktivitetstilbod til alle som ynskjer å drive med orientering. Behalde utøvarar i alderen 15-19 år Få deltakarar på trenarutdanning. Halde fram med samarbeid med andre særgrupper i Hil, krets og andre klubbar. Halde aktivitetsnivået i alderen 6-10 år. Få 1-2 nye løypeleggarar. Mange barn i alderen 6-10 år har eit tilbod Aktive medlemmer. Kontinuerleg arbeid på anleggssida. Stor dugnadsinnsats. Kontinuitet blant dei tillitsvalde. Auke aktiviteten i alderen 11 år og eldre. Auke antal løypeleggarar Drift av anlegg Vedlikehald av anlegg. Bidra til at enkeltutøvarar kan fortsetje å drive idrett på høgare nivå. Få fleire til å verta løypeleggarar. Motivere uerfarne til å assistere dei med erfaring slik at fleier på sikt kan leggje løyper sjølv. Halde aktiviteten oppe på dagens nivå 17

2. ØKONOMI HOVUDMÅL: Ha ein tilstrekkeleg økonomi til å løyse anleggssituasjonen og gje eit attraktivt aktivitetstilbod til medlemmane. Auke inntektene noko. God dugnadsinnsats. Når fyrst karta er på plass, er o-idrett ein rimeleg idrett å drive. Gruppa er såleis ikkje avhengig av store inntekter for å skapa aktivitet. Å rekruttere nye tillitsvalde Felles treningsavgift i HIL, løyser o-gruppa sine økonomiske behov Dugnadsinnsats. 3. ADMINISTRASJON/ORGANISASJON HOVUDMÅL: Fylgje tiltaksplanen som o-gruppa har laga i 2010. Bruke revidering av tiltaksplanen som arbeidsverktøy med tanke på administrasjon og fordeling av arbeidsoppgåver. Arbeide aktivt med rekruttering av tillitsvalde. Kontinuerleg vedlikehald av anlegg (kart). 18

Stillingsinstruks for medlemmar i Hafslo IL sitt styre, og administrativ organisering av Hafslo IL Styret Gr.leiar Gr.leiar Gr.leiar Gr.leiar Gr.leiar Gr.leiar Gr.leiar Gr 20 Gr 21 Gr 30 Gr 31 Gr 32 Gr 40 Gr 50 Gr 60 Det vert helde styremøte i Hafslo IL i januar- februar-april-juni-september-november. I tillegg kan det kallast inn til ekstra styremøte i samsvar med reglementet gitt av lovnorma for idrettslag. Styre held møte med gruppeleiarane i særgruppene i Hafslo IL i mars-mai-augustoktober-desember. Det er styre som er det øverste organ mellom årsmøta og som leier og forpliktar laget. Det vert elles vist til lovnorma for idrettslag og Hafslo IL sine vedtekter. Styre i Hafslo IL er samansett av desse verva: - Leiar - Nestleiar - Sekretær - Kasserar - Styremedlem 1 - Styremedlem 2-1.varamedlem (fast møtande medlem, utan stemmerett) - 2.varamedlem Arbeidsoppgåver og ansvar i styre er fordelt slik: Leiar: - kalle inn til årsmøte, medlemsmøte og styremøte - kontakt med overordna organ innan idrett og offentleg verksemd - samordne all drift - representere laget - kontakt med valnemnda - plikter i samsvar med vedtektene til HIL - ha kontakt med hovudsponsorar og forhandle sponsoravtalar 19

- oppfølging av fristar for søknader og rapportering til kommune, krins og forbund - ansvar for utarbeiding av årsmelding, revidering av handlingsplan og anleggsplan. Nestleiar: - ivareta leiaren sine oppgåver i den sitt fråvær - utføre delegerte oppgåver frå leiar - utdanningskontakt - pådrivar for å få til kursverksemd - repr idrettslaget i idrettsrådet - ansvarleg for laget si heimeside Sekretær: - føre møtebok - sende ut referat - arkivere referat ifrå møta pr år på minnepenn - sende rapportar til overordna organ Kasserar: - sende bilag til rekneskapskontor, betale rekningar og ha kontakt med Sogn reknskapskontor - medlemskartotek - økonomisk oversikt - sende søknad om kommunale tilskot/andre tilskot saman med leiar Styremedlem 1: -leiar av økonominemnda - ansvar for haustmarknaden - ha kontakt med sponsorar og forhandle sponsoravtalar Styremedlem 2: - materialforvaltar - medlemsverving - fordele tider i gymsalen 1.varamedlem: - administrere klubbeffektar med Sportsbui Gaupne 20