Landbrukssenteret, Sirdalsveien 38, 4376 HELLELAND Tlf: 51 49 72 88 / 970 14 117 Bankkonto nr. 9365 06 60305 Org.nr.: 970 218 378 dalane@lr.no RAPPORT FRÅ FORSØKSFELTA KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE 2011 Birgitt Harstad NLR Dalane Feltarbeidet vart utført av NLR Dalane i 2011
KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE REGISTRERING 2011 I Dalane er det mykje bra kulturbeite som utgjer ein betydeleg del av fôrgrunnlaget på gardsbruka. NLR Dalane har jobba mykje med beite opp gjennom åra, men det er gjort lite lokale registreringar på avlingspotensialet, både med og utan bruk av kunstgjødsel, og med kløver som nitrogenkjelde. I dag er det fokus på høge kunstgjødselprisar, økologisk landbruk og generelt økonomien i landbruket, og det aktualiserer ei økologisk og økonomisk optimal utnytting av kulturbeita. På bakgrunn av dette etablerte NLR Dalane registreringsfelt på 2 kulturbeite våren 2010. Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavd. støtta arbeidet gjennom midlar til oppfølgjing av Handlingsplan for økologisk landbruk i Rogaland. Registreringsfelta vart følgt opp i 2011. I tillegg vart det utvida med nye felt. FØREMÅL Undersøkje avlingspotensialet på kulturbeite i Dalane ved bruk av husdyrgjødsel om våren som einaste gjødsel samanlikna med beite utan gjødsling, og med ulikt kvitkløverinnhald. Undersøkje avlingspotensialet på kulturbeite ved bruk av tradisjonell gjødsling med husdyrgjødsel om våren og kunstgjødsel utover i sesongen. Sistnemnde undersøkjing er gjennomført med støtte frå Eckbos legater. FORSØKSFELT På eit gamalt/etablert kulturbeite på Birkeland i Bjerkreim vart det våren 2010 lagt ut 3 ulike forsøksledd. Beitet er siste åra berre gjødsla med husdyrgjødsel, og har på dei mest kløverrike områda ikkje blitt gjødsla med anna enn det beitedyra legg ifrå seg. Eitt forsøksledd vart lagt ut på Nedrebø i Bjerkreim på konvensjonelt drive kulturbeite med husdyrgjødsel og kunstgjødsel. I vår, 2011, vart det lagt ut eit nytt forsøksledd på Birkeland der det var lite kløver. I tillegg vart eit forsøksledd lagt ut på Missing, Helleland på konvensjonelt beite gjødsla med husdyrgjødsel og kunstgjødsel. På alle beita går det sau og/eller storfe heile sesongen (korte beitepausar på ledd D). FORSØKSPLAN 2 beitebur på ca 1 m x 1 m vart plassert ut på kvart av følgjande ledd før beitestart: LEDD A: husdyrgjødsel om våren mykje kløver (2010: 3 m3 gulle av fast storfegjødsel (N=5 P=2 K=6) 20. april 2011: 19. april) LEDD B: ikkje gjødsla mykje kløver LEDD C: husdyrgjødsel om våren moderat med kløver (2010: 3 m3 gulle av fast storfegjødsel (N=5 P=2 K=6) 20. april 2011: 3-4 m3 vassblanda land 5. mai) LEDD D: husdyrgjødsel om våren + kunstgjødsel i sesongen lite kløver (2010: 4 m3 storfeblautgjødsel inkl. 1/3 vatn/silosaft (N=6 P=2 K=9) 10. april + 25 kg ammoniumnitrat (N=8) 16. juni 2011: Gjødsling som ifjor. Storfegjødsel 20. april og ammoniumnitrat 20. juni)
LEDD E: husdyrgjødsel om våren + Marihøne 4-1-2 i sesongen lite/ikkje kløver (2011: 3 m3 gulle av fast storfegjødsel (N=5 P=2 K=6) 12. april + 20 kg Marihøne (N=4-P=1-K=2) 20. juni) LEDD F: husdyrgjødsel om våren + kunstgjødsel i sesongen lite kløver (2011: 1,5 m3 storfe-/grisegjødsel inkl. biokalk og raigrasfrø 10. april + 30 kg 22-2-12 (N=6,6 P=0,5 K=3,6) 15. mai + 30 kg 25-2-6 (N=7,4 P=0,5 K=1,8) 6. juli + 10 kg kalkammon (N=2,7) 1. august + 0,5-1,0 m3 storfe-/grisegulle ca 1. september) Beitebura plasserast ut før beitesesongen startar (ca 27. april begge åra). Botanisering ved anlegg av feltet. Avlingsregistrering v.h.a. beitebura kvar 5. veke gjennom beitesesongen inkl. registrering av % dekkjing og frekvens av kløver og tofrøblada ugras. Grashøgda målt v.h.a. høgdemålar. Beitebura flyttast kvar 5. veke i samband med desse registreringane (står annankvar periode på same plassen). RESULTAT FOR 2011-SESONGEN (ang. resultata for 2010-sesongen viser ein til rapport for 2010). Nyaste jordprøveresultat frå beita: LEDD A, LEDD B (2009): volumvekt=1,03 ph=6,0 P-Al=8 K-Al=12 LEDD C (2009): volumvekt=0,95 ph=5,7 P-Al=5 K-Al=11 LEDD D (2008): volumvekt=0,93 ph=5,1 P-Al=9 K-Al=13 LEDD E manglar tall LEDD F (2000): volumvekt=1,07 ph=5,9 P-Al=7 K-Al=13 Beitekvalitet/planteartar vart registrert i juni 2011: LEDD A: 55-60 % grasartar (ca 15 % rapp, 30-35 % kvein og 10 % svingel/smyle). 20-25 % kvitkløver 20-25 % tofrøblada ugras, derav spesielt mykje ryllik på det eine feltet. Litt groblad, løvetann og vanleg arve. LEDD B: LEDD C: LEDD D: 60 % grasartar (10-15 % rapp, 15-20 % kvein og 30 % smyle/svingel). 30-35 % kvitkløver 5-10 % tofrøblada ugras (mest groblad og litt føllblom/løvetann). 60-65 % grasartar (0-5 % rapp, 15-20 % kvein og 35 % smyle/svingel). 20-25 % kvitkløver 15 % tofrøblada ugras (spesielt mykje ryllik på det eine feltet). Grasdominert beite (90-95 %), derav 35 % rapp, 40 % kvein og resten svingel/smyle. 0-5 % kvitkløver 5-10 % tofrøblada ugras (føllblom dominerer)
LEDD E: Grasdominert beite (85 %), derav 20-25 % rapp, 25-30 % kvein og 35 % smyle/svingel. 0-1 % kvitkløver 10-15 % tofrøblada ugras (ca 10 % engsoleie, litt syre, føllblom, løvetann etc) LEDD F: Grasdominert beite (90-95 %), derav 60-65 % rapp, 20-30 % raigras og 0-5 % kvein. 5 % kvitkløver 0-3 % tofrøblada ugras (vanleg arve, vassarve, groblad, løvetann) Kløveren var godt spreidd utover på forsøksrutene på alle ledda. Beiteslepp i april/mai. På LEDD A, B, C og E gjekk sau frå våren og storfe vart sleppt på beitet i mai. Sau og storfe beita der utover i sesongen. På LEDD D gjekk sau frå våren. Storfe sleppt på i første del av juni. Beitepause i 2-3 veker i løpet av sommaren. Elles beita der dyr heile tida. På LEDD F beita sau frå slutten av april. Kyrne sleppte på mai/juni. Beiting utover i sesongen REGISTRERINGAR UTFØRT KVAR 5 VEKE GJENNOM BEITESESONGEN: 6. JUNI og 3. JUNI (ledd F) LEDD TØRRSTOFF KLØVER TOFRØBLADA UGRAS % kg pr % frekvens % frekvens dekar dekkjing 0-18 dekkjing 0-18 A 15,5 106 19 18 23 18 8 B * 19,7 56 22 9 * 8 8 * 6 C 19,6 94 22 18 15 14 12 D 14,7 229 1 8 7 9 20 E 20,6 99 <1 3 13 18 15 F 18,3 107 5 13 1 3 14 * Resultat frå berre 1 beitebur ved denne registreringa. GRAS- HØGDE cm I perioden frå april til byrjinga av juni var det klart høgast avling på ledd D. Ledd A og F hadde om lag lik avling. Klart lågast avling hadde ledd B der det ikkje var gjødsla. Mai var ganske kjøleg, og kjølegare enn i fjor. Middeltemperatur (luft) +9,0 o C, og 4 av dagane hadde registrert minimumstemperatur 0 o C eller lågare ved målestasjonen Eik-Hove i Hovsherad. Mai var svært nedbørrik, 180% av normalen. Kløver treng ein jordtemperatur på nokre plussgrader for å kome i gang med nitrogenfabrikken i rotknollane. Likeeins skaper vassfull jord med lite jordluft problem for nitrogenfikseringa.
11. JULI og 8. JULI (ledd F) LEDD TØRRSTOFF KLØVER TOFRØBLADA UGRAS % kg pr % frekvens % frekvens dekar dekkjing 0-18 dekkjing 0-18 A 11,5 210 55 18 15 12 14 B 12,8 162 73 18 6 11 12 C 14,6 120 35 18 9 17 11 D 13,2 307 3 7 10 18 17 E 16,0 191 7 9 9 14 13 F 13,1 340 8 15 12 11 23 Juni hadde middeltemperatur + 13,0 o C, om lag som normalen. 12 av dagane var dagtemperaturen over 18 o C, men samtidig var det kjølege netter. Mykje nedbør også i juni, 158 % av normalen. Høgast avling på ledd F og D. Lågare avling på dei 3 kløverrikaste ledda B, A og C. Det tyder på at nitrogenfikseringa ikkje har kome skikkeleg i gang ennå. 15. og 16. AUGUST og 12. AUGUST (ledd F) LEDD TØRRSTOFF KLØVER TOFRØBLADA UGRAS % kg pr % frekvens % frekvens dekar dekkjing 0-18 dekkjing 0-18 A 13,3 200 22 18 33 11 13 B 15,1 183 35 18 8 12 12 C 18,0 152 27 18 9 16 12 D 16,8 182 1 13 2 11 16 E 20,4 105 11 9 20 18 13 F 17,7 253 2 11 <1 1 18 GRAS- HØGDE cm GRAS- HØGDE cm Juli hadde middeltemperatur + 15,9 o C, +1,8 o C høgare enn normalen. Første dagane i august var det også bra temperatur, men så gjekk den litt ned. Svært mykje nedbør også i juli, 192 % av normalen. Regn også i august. Høgast avling på ledd F. Så følgde ledd A, D og B. Klart minst avling på ledd E. Det var mindre skilnad mellom ledda no. Nitrogenfikseringa har nok kome godt i gang. 19. SEPTEMBER og 16. SEPTEMBER (ledd F) LEDD TØRRSTOFF KLØVER TOFRØBLADA UGRAS % kg pr % frekvens % frekvens dekar dekkjing 0-18 dekkjing 0-18 A 11,1 140 23 17 2 7 10 B 13,4 91 43 18 10 13 8 C 14,2 58 20 18 3 13 7 D 15,1 193 8 11? 10 15 E 14,3 80 16 14 13 17 9 F 14,5 140 11 18 5 4 12 GRAS- HØGDE cm
Middeltemperaturen i august var + 14,1 o C. Den heldt seg ganske stabil gjennom månaden. September hadde middeltemperatur + 11,8 o C, dvs +1,2 o C høgare enn normalen. I august var det 136 % av normalnedbør og i september 195 % av normalen. Ledd D hadde høgast avling i denne perioden. Deretter følgde ledd F og A. 24. OKTOBER og 21. OKTOBER (ledd F) LEDD TØRRSTOFF KLØVER TOFRØBLADA UGRAS % kg pr % frekvens % frekvens dekar dekkjing 0-18 dekkjing 0-18 A 22,6 31 16 18 20 13 4 B 25,1 27 13 18 2 12 4 C 26,1 26 17 18 3 13 5 D 26,3 38 <1 6 5 11 6 E 26,9 23 4 9 19 18 6 F 11,9 41 3 17 <1 2 7 Middeltemperaturen i oktober var + 8,2 o C, om lag ei halv grad høgare enn normalen. Det var nedbør i overkant av det normale denne månaden også. Graset byrja å gulne, men framleis var mykje av beitevegetasjonen friskt grøn. Kløveren var mindre synleg. GRAS- HØGDE cm SUM AVLING (kg tørrstoff og FEm pr dekar) I HEILE BEITESESONGEN 2011: LEDD 3. og 6.JUNI 8. og 11.JULI 12. og 15.AUG. 16. og 19. SEPT. 21. og 24. OKT. SUM 2011 LEDD Kg TS FEm Kg TS FEm Kg TS FEm Kg TS FEm Kg TS FEm Kg TS FEm A 106 103 210 188 200 183 140 130 31 30 687 634 B 56 52 162 145 183 162 91 84 27 26 519 469 C 94 86 120 104 152 133 58 52 26 25 450 400 D 229 207 307 270 182 164 193 163 38 37 949 841 E 99 86 191 147 105 89 80 68 23 21 498 411 F 107 106 340 300 253 228 140 131 41 41 881 806 GJ.SNITT ALLE LEDD 115 107 222 192 179 160 117 105 31 30 664 594 Den beste vekstperioden på beita i år, i gjennomsnitt for alle ledda, var i juni og delvis også utover i juli til midten av august. For dei kløverrikaste ledda (jfr neste tabell) var det også beste vekstperioden då, og særleg frå midt i juli til midt i august. Totalt gjennom heile beitesesongen (april november) hadde dei konvensjonelt gjødsla beita (ledd D og ledd F) høgast avling med ca 880-950 kg tørrstoff/dekar (800-840 FEm/dekar). Det var spesielt i perioden frå april til juli at desse ledda gav forholdsvis høgast avling samanlikna med dei andre ledda.
Konvensjonelt beite D vart i år tilført 8-9 kg nitrogen i juni i tillegg til husdyrgjødsel om våren. Konvensjonelt beite F vart tilført 16-17 kg nitrogen gjennom sesongen i tillegg til husdyrgjødsel. Det var svært høg avling på dei konvensjonelle beita i år. Av dei økologiske beita gav det kløverrike beitet med mest rapp (15 %) og husdyrgjødsel om våren (ledd A) høgast avling. Avlinga her var ca 690 kg tørrstoff og om lag det same som i fjor. Avlinga i år utgjorde 75 % av (gjennomsnittet av) dei to konvensjonelle beita. Deretter følgde (ledd B) det mest kløverrike beitet (kløver dekte 40 % av overflata) med 10-15 % rapp, men utan gjødsling. Avlinga her var 57 % av den konvensjonelle. Både ledd A og B blei intensivt beita slik at dyra la frå seg ein del gjødsel på felta i løpet av beitesesongen. Det økologiske beitet som gav nest lågast avling (ledd E), hadde lite kløver, men bra med rapp. Det vart gjødsla med husdyrgjødsel om våren og litt Marihøne-gjødsel i juni. Avlinga var 54 % av konvensjonell. Det økologiske beitet som gav lågast avling var, som i fjor, det magraste med 35 % smyle/ svingel, nesten ikkje rapp, men som fekk husdyrgjødsel (land) om våren (ledd C). Der var ca 20 % kløver. Avlinga var 49 % av dei konvensjonelle beita. KLØVERINNSLAGET GJENNOM BEITESESONGEN 2011 (% dekkjing av overflata): LEDD 27. og 28.APRIL 3. og 6.JUNI 8. og 11.JULI 12. og 15.AUGUST 16. og 19.SEPT. 21. og 24.OKTOBER GJ.SNITT A 6 19 55 22 23 16 24 B 4 22 73 35 43 13 32 C 9 22 35 27 20 17 22 D 1 1 3 1 8 <1 2 E 0 <1 7 11 16 4 6 F 3 5 8 2 11 3 5 DISKUSJON Det var stor avling på alle beita i forsøket også i år. Spesielt på dei konvensjonelt gjødsla beita var det svært høg avling i år, og høgare enn i fjor. Dei økologiske beita hadde stort sett lågare avling i år enn i fjor. Likevel var avlinga høg også der. Det beste beitet av desse (A), med bra innslag av kløver og rapp, hadde om lag like høg avling som i fjor. Avlinga var 75 % av dei konvensjonelle beita. Sjølv med dei verforholda ein hadde denne sesongen, så var avlinga på det kløverrike beitet utan gjødsling 57 % av det avlinga var på konvensjonelt beite. Også i år var det lågast avling på det botanisk magraste beitet C (svært lite rapp, ein del kløver), og likeeins på det kløverfattige beitet (med ein del rapp). Sist vinter var det langvarig kulde og tjukt isdekke på mykje av arealet i Dalane. Bortsett frå nokre varme, fine dagar i slutten av april, så blei sommaren prega av uvanleg mykje nedbør.
I vår var det mykje lågare kløverdekkjing på dei mest kløverrike beita enn ved same tid i fjor. Samanlikna med i fjor var kløverandelen dette året høgast i juli og minka så igjen. Samanlikna med fjoråret var avlingane i år klart høgast i juli og delvis også i august. Det var truleg verforholda som gjorde at kløverfikseringa kom raskare i gang i fjor. Dei store nedbørsmengdene i år har truleg også påverka denne prosessen negativt. Det var ingen eintydig tendens til lågare mineralinnhald i beitegraset i år samanlikna med i fjor. I juli var fosfor- og kaliuminnhaldet høgare enn i fjor. I august var magnesium- og kaliuminnhaldet lågare enn i fjor på alle beita. Fosfor- og svovelinnhaldet var også i underkant av fjoråret. Resultata frå forsøka er interessante og viser kor stort avlingspotensiale det er i kulturbeite i Dalane. For å få endå sikrare tallmateriale er det planlagt å følgje opp med avlingsregistrering også neste sesong. Helleland 08.12.11 Birgitt Harstad NLR Dalane Kvalitetssikring av forsøksarbeidet!
Beite F med rapp/raigras hadde ein del overvintringsskade i vår (april) Stor avling på beite F i juli. Blei vårgjødsla med husdyrgjødsel tilsett raigrasfrø.
Bra vekst på kløverrikt, ugjødsla beite i juli. Nærbilete av ei av rutene. Etter 5 veker utan beiting blomstrar mykje kvitkløver.
Botanisering og registrering av kløvermengde på beite E før avlinga blei hausta. Beite E hadde svært lite kløver. I byrjinga av juni var graset bleikgrønt.