saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 28.10.2015 69400/2015 Ingunn Bekken Sjåholm Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 16.11.2015 Høyringssvar - val av administrasjonsstad for nye Møre og Romsdal politidistrikt Bakgrunn Stortinget vedtok i juni 2015 at det skal gjennomførast ei politireform. Målet med reforma er eit nærpoliti som er operativt, synleg og tilgjengeleg, og som har kapasitet og kompetanse til å førebygge, etterforske, og påtale kriminelle handlingar, og sikrar innbyggarane sin tryggleik. Første fase i politireforma er å etablere 12 nye politidistrikt. Politidirektoratet har sendt på høyring forslag til lokalisering av administrasjonsstad i ti av dei tolv nye politidistrikta. Det blir i høyringsbrevet presisert at val av administrasjonsstad i liten grad vil påverke polititenesta for innbyggarane direkte. Det blir òg vist til at administrasjonsstad heller ikkje skal påverke framtidig tenestestruktur i politiet med ev. samanslåing av lensmannskontor. Høyringsinstansane blir bedne om å vurdere og drøfte: konsekvensane for statlege arbeidsplassar (distriktspolitiske konsekvensar) omsynet til formålet med lokaliseringspolitikken Høyringsbrevet følgjer som vedlegg. Høyringsnotatet finn de her: https://www.politi.no/om_politiet/politireformen/nyheter/nyhet_15415.xhtml Meir informasjon om politireforma finn de på regjeringa sine nettsider: https://www.regjeringen.no/nb/aktuelt/et-bedre-og-narere-politi/id2396529/. Når det gjeld politireforma gjorde fylkesutvalet slik vedtak om uttale 24. mars 2015: «Fylkesutvalet i Møre og Romsdal er svært nøgd med at regjeringa foreslår at Møre og Romsdal skal få vere eige politidistrikt. Dette er sterkt ønska frå både fylkesutvalet og andre samfunnsaktørar i Møre og Romsdal. Ein ber om at dei politifaglege vurderingane vert lagt til grunn for lokalisering av politimester.
I Prop.61 LS (2014-2015) til Stortinget foreslår regjeringa å ta sokkelansvaret frå Kristiansund og flytte denne funksjonen til Stavanger. I den forbindelse viser Fylkesutvalet i Møre og Romsdal til fylkesordførarens brev til Justis- og beredskapsdepartementet og Olje- og energidepartementet, datert 13.03.15, og uttrykker full støtte til argumenta for å behalde sokkelpolitifunksjonen i Kristiansund (brevet følger i vedlegg).» Hovudpunkt frå høyringsnotatet Rammer for arbeidet Politidirektoratet har gitt følgjande rammer for arbeidet med lokalisering av administrasjonsstader (side 3): «Politiets operasjonssentraler skal lokaliseres på samme geografiske sted som administrasjonsstedet (ref. Prop. 61 LS (2014-2015)). Lokaliseringen skal legge til rette for tett og god samhandling mellom politimesteren, dennes stab og operasjonssentralen. Politiets operasjonssentraler skal samlokaliseres med brann- og redningsvesenets nødmeldingssentraler, og det skal legges til rette for en samlokalisering med helsevesenets AMK-sentraler. For å sikre effekten av samlokalisering skal nødmeldingssentralene lokaliseres vegg-i-vegg i samme etasje. Det skal legges til rette for å kunne etablere stab i tilknytning til operasjonssentralen.» Kriterium og vekting av desse (side 9) Politidirektoratet viser til Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon» fastsett ved kgl.rs. 28. november 2014. Her er det vedtatt at den statlege lokaliseringspolitikken skal medverke til: «ei fordeling av statlege arbeidsplassar som bidreg til å utvikle robuste arbeidsmarknader i alle delar av landet» og «lokalisering av statleg tenesteproduksjon som i størst mogleg grad sikrar befolkninga i alle delar av landet god tilgang til statlege tenester»
Administrasjonsstad i Møre og Romsdal (side 16-17) Vurderingskriterium Kommunikasjonsmessig beliggenheit Gjennomføringskostnadar Politihusa og operasjonssentralane sin eignaheit Eignaheit for samlokalisering Rekrutteringsgrunnlag Infrastruktur og nærleik til samvirkeaktørar Lokaliseringspolitikk Vurdering Ålesund vurderast som best Kristiansund og Ålesund vurderast å ha like føresetnader Ålesund vurderast som best Kristiansund og Ålesund vurderast å ha like føresetnader Oppsummert vurderer Politidirektoratet at Ålesund er best eigna som administrasjonsstad i nye Møre og Romsdal politidistrikt. Vurdering Fylkesrådmannen synest det er positivt at Politidirektoratet er opptatt av dei distriktspolitiske verknadene av lokalisering av statlege arbeidsplassar og at høyringsinstansane er oppfordra særskilt om å uttale seg om dette. Fylkesutvalet har i sak U-117/11 uttala seg om lokalisering av statlege kompetansearbeidsplassar. Her vart det i punkt 1 vedtatt følgjande: «Fylkesutvalet meiner det er svært positivt at lokalisering av kompetansearbeidsplassar blir sett på dagsorden gjennom denne utgreiinga (NOU 2011:3). Statistikken viser at Møre og Romsdal har relativt sett få statlege og få akademiske arbeidsplassar, og tek i mindre grad enn landsgjennomsnittet del i veksten som har vore i slike arbeidsplassar dei siste åra. For Møre og Romsdal er derfor ein geografisk jamnare fordeling av kompetansearbeidsplassar ei svært aktuell og viktig problemstilling.» Vurderingane som Politidirektoratet gjer av dei to lokaliseringsalternativa i Møre og Romsdal viser at det er relativt små forskjellar mellom dei, men at det er vektinga av kriteria rekruttering og kostnadseffektiv praktisk beliggenheit som gjer at dei tilrår Ålesund som administrasjonsstad. Fylkesrådmannen saknar ei grunngjeving av vektinga av dei ulike kriteria. Det er òg vanskelig å sjå kva skåre dei to lokaliseringsalternativa har fått på dei ulike kriteria, då begrepsbruken er lite presis. Fylkesrådmannen meiner det er grunn til å problematisere den prioriteringa som Politidirektoratet gjer i si vekting av kriterium. Direktoratet skriv sjølv at dette er ein samfunnsfunksjon der avstand til publikum har mindre betydning. Det inneber at andre omsyn enn kriteria knytt til befolkningsgrunnlag kan telle meir. I kriteriet rekruttering bør ein ikkje berre vurdere kva alternativ som er best, men kva alternativ som er gode nok. Det er fylkesrådmannen si vurdering at begge byane vil kunne rekruttere kvalifisert personell, det viser òg rekrutteringshistoria i begge politidistrikta i dag.
Fylkesrådmannen meiner vidare at omsynet til fordeling av statlege arbeidsplassar ikkje skal gå inn som ein del av vektinga, men at dette skal vere utslagsgivande når dei faglege vurderingane ikkje eintydig tilseier ei bestemt lokalisering. Når det gjeld politidirektoratets vurdering av dei to lokaliseringsalternativa, så er det riktig at Ålesund har ein større bu- og arbeidsmarknad å trekke veksel på, og det er eit befolkningstyngdepunkt i fylket. Ålesund har òg det fortrinnet at dei fylkesdekkande operasjonssentralane for brann og helse i dag er lokalisert i byen og at dei har bygd opp ein sterk 110-sentral. Det som derimot talar for plassering i Kristiansund, er at Nordmøre og Romsdal politidistrikt har sokkelberedskapen, plassert i Kristiansund av geografiske omsyn. Ei lokalisering i Kristiansund vil ivareta samvirket som må vere mellom politi, operatørar og andre beredskapsaktørar. Omsynet til jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar talar òg for at administrasjonsstaden blir lagt til Kristiansund. Fylkesrådmannen er opptatt av å få til vekst i heile fylket. Skal vi få til det, må vi ha velfungerande regionale sentra med nok kompetansearbeidsplassar. Ein føresetnad for å oppretthalde, utvikle og tiltrekke seg nye kompetansearbeidsplassar er at arbeidsmarknaden har ein viss kritisk masse. Større fagmiljø og eit større mangfald av arbeidsgivarar er attraktivt både for bedrifter som ønskjer å ekspandere eller etablere ny verksemd og for høgt utdanna arbeidstakarar med behov for karrieremoglegheiter for seg sjølv eller andre familiemedlemer. Av byane i fylket er det Kristiansund som treng mest å styrke seg med fleire statlege kompetansearbeidsplassar. I 2014 var det 3 925 statlege arbeidsplassar i Ålesund og 1 136 i Kristiansund. I løpet av dei ti åra frå 2008 til 2014 fekk Ålesund 586 fleire statlege arbeidsplassar medan Kristiansund i same periode fekk 75 fleire slike arbeidsplassar. Ser vi på heile bu- og arbeidsmarknadsregionen slik Politidirektoratet gjer, finn vi at Ålesundsregionen har 4 176 statlege arbeidsplassar og Kristiansundsregionen har 1 221 statlege arbeidsplassar. I Kristiansund utgjorde dei statlege arbeidsplassane i 2014 9,3 prosent av alle arbeidsplassane, medan tilsvarande tal i Ålesund var 13,8 prosent. Ser vi på heile bu- og arbeidsmarknadsregionen, utgjer dei statlege arbeidsplassane i Ålesundsregionen (Ålesund, Ørskog, Stordal, Sykkylven, Skodje, Sula, Giske, Haram) 9,3 prosent og i Kristiansunds-regionen (Kristiansund, Averøy, Tingvoll) 7,9 prosent. Merk at det er to ulike kjelder som blir brukt for oversikt over statlege arbeidsplassar. Den eine er Panda og den andre er SSB. Panda er eit plan- og analysesystem for næringsliv, demografi og arbeidsmarknad utvikla av SINTEF. Alle fylkeskommunane og kommunaldepartementet er medlemmar og eigarar, i tillegg blir det brukt av konsulentmiljøet mot betaling av medlemsavgift. Politidirektoratet ser ut til å ha brukt tala frå Panda, og for heile bu- og arbeidsmarknadsregionen. I Panda kjem Møre og Romsdal fylke ut med om lag 300 færre statlege arbeidsplassar enn i SSB si oversikt, fordelt på mange kommunar i fylket. Dei tala vi har brukt her og i Fylkesstatistikk er henta frå SSB.
Forslag til vedtak: Fylkesutvalet gir slik uttale til Politidirektoratet om lokalisering av administrasjonsstad for det nye Møre og Romsdal politidistrikt: Når faglege omsyna ikkje eintydig talar for eit av lokaliseringsalternativa, meiner fylkesutvalet at omsynet til jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar bør vere avgjerande. Det er fylkesutvalet si tilråding at Politidirektoratet bør velje Kristiansund som lokalisering for administrasjonssenter i det nye politidistriktet i Møre og Romsdal. Dette med bakgrunn i staten sine eigne retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og av omsynet til vekst i heile fylket. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Vedlegg 1 Høyringsbrev frå Politidirektoratet 2 Brev frå Komvekst