Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna auka tryggleik. Studiar viser at 40 prosent av alle barn som vert utsett for, eller som er vitne til vald, utviklar fysiske og psykiske symptom som dei treng hjelp til. Hovudregel ved mistanke om vald mot barn: 1. Dersom ein tilsett i Stord kommune får kjennskap til eller mistanke om at eit barn/foreldre vedkommande har kontakt med gjennom sitt arbeid kan ha/har vore utsett for vald i nære relasjonar, skal den tilsette med ein gong informera sin næraste leiar. 2. Denne informerer einingsleiar som etter dette er ansvarleg for vidare saksgong. 3. Leiinga skal enten drøfte saka anonymt med barnevernet eller sende skriftleg «bekymringsmelding» på eige standardskjema. Dette skal skje så raskt som mogeleg etter at informasjonen er motteke, eller mistanken har oppstått. 4. Den som har meldt frå skal ha tilbakemelding om kva som er gjort i saka. Informasjon til foreldra/føresette om at melding blir gitt til barnevernet: I tenestene våre handlar det om å ta vare på og byggje tillit til barnet og barnet sine omsorgspersonar/føresette. I dei fleste tilfeller gjeld det å vera open og etablere dialog. Tenestene har derimot ingen plikt til å informere føresette om at melding vert sendt til barnevernet. I valdssakene er det oftast eit sjølvstendig og vesentleg poeng at det er barnevernet ev. politiet som skal vurdere om og kor tid foreldra skal bli informert. Hovudregelen bør vera at foreldra ikkje vert informert om at melding vert sendt utan at dette er avtala med barnevernet i ei drøfting i forkant. På same måte avklarar barnevernet med politiet i saker som vert sendt til dei. Lovregulering Offentlig tilsette har, etter barnevernslova og andre særlover, meldeplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at barnet blir mishandla eller utsett for alvorlig omsorgssvikt. Kommunen sine tilsette har, som alle andre, også plikt til å melde eller avverje visse alvorlige brotsverk, jfr. straffeloven. Dette omfattar blant anna seksuelle overgrep og grov lekamsskading. Fasar Offentlege instansar har ulike roller og dermed ulike oppgåver i forhold til barn som kan vere eller er utsett for eller vitne til vald i familien. Rollene kan variere ut i frå kva fase saken er i:
Oppdagingsfasen: Instansen får mistanke eller er sikker i saka om at barn er utsett for, eller vitne til, vald i familien. I denne fasen kan det være trong for å drøfte saka anonymt med andre instansar. Målet med diskusjonen er å avklare om det ligg føre opplysningsplikt til barnevernstenesta eller grunnlag for å melde vidare opplysningar til politiet. Utreiingsfasen: I denne fasen kan det være aktuelt for barnevernstenesta å hente inn informasjon om saka frå andre instansar. Det kan også vere trong for nærare samarbeid for å finne tenester eller tiltak som vil gje barnet og familien naudsynt støtte. Tiltaksfasen: Barnet og familien vert følgt opp ved at tiltak vert valt og vert sett i verk. I denne fasen kan det vera trong for å informere andre instansar om dei tiltak som vert sett i verk. Samtale med barn og vaksne om vald i nære relasjonar Mistanke om at et barn vert utsett for vald i nære relasjonar, enten direkte eller indirekte, kan oppstå på bakgrunn av forskjellige forhold. Barnet kan sei noko, plutseleg og umotivert, eller tenesteapparatet kan observere forhold, fysiske merker eller symptom som skapar mistanke. Innhaldet i mistanken vil påverke vidare arbeid. Nokre gonger kan det vere rett å snakke med foreldra, men andre gonger kan dette vere helt feil, og ein må snakke meir med barnet for å få meir informasjon i kva dette dreier seg om. Om tryggleik Alt hjelpearbeid med barn som lever med vald i nære relasjonar inneber vurdering av barn sin tryggleik. Det er derfor naudsynt å ha kunnskap og kompetanse om vald for å intervenere i barnet sitt liv på ein måte som fremmar deira utvikling og ikkje set dei i fare for meir eller alvorligare vald. Spørsmål til valdsutsette skal ikkje verte stilt når valdsutøvar er til stades. Valdsutøvar kan bli krenka, og straffe offeret etterpå. Sørg for å vurdera generelt både offeret- og din eigen tryggleik som eit ledd i førebuing til samtalar knytt til vald i nære relasjonar. Ved bruk av tolk Ikkje bruk barn eller andre familiemedlemmer som tolk. Det hender at enkelte ikkje ynskjer å bruka ein tolk, eller ynskjer tolk av eitt kjønn. Godta dette etter beste evne. Husk at også barn og ungdom kan ha trong for å snakka via tolk når det er slike vanskelege tema. Planlegg samtalen godt! Dette betyr at det må bli sett av meir tid til ein samtale med tolk enn for ein tilsvarande eittspråklig samtale. Vurder om spørsmåla er enkle nok. Planlegg dei emna som du ynskjer å ta opp og kva du ynskjer samtalen skal føre til. I spesielt vanskelege saker kan det vere nødvendig å orientere tolken på førehand.
Avklar ansvarsforholda! Det er du som skal styre samtalen, ikkje tolken. Tolk skal ikkje formidla kultur. Mange ynskjer å nytte tolken som kulturformidlar og -rådgivar. Tolken skal berre omsetja det som blir sagt. Nokon ynskjer likevel å ha med seg ein minoritetsrådgjevar som kan formidla kultur. Det er då viktig å skilje mellom tolken og minoritetsrådgjevaren sin rolle. Barnesamtalen Uførebudd samtale når barnet snakkar for første gang: Slike samtaler kan oppstå i situasjonar med fleire barn til stades. Opptre roleg. Me må ta imot det barnet seier utan å vise at me vert skremt. Sei at det var bra barnet sa i frå om dette, og at dette må me snakke meir om seinare. Snakk med næraste leiar for å gå igjennom kven som skal ha den vidare samtalen med barnet og korleis. Sjølve samtalen: Lag deg ein plan for å avslutte samtalen når du eventuelt har fått tilstrekkelig informasjon til å overlate oppfølginga til barnevernet Sett av god tid til samtalen. Sitt uforstyrra. Fortel barnet at det var rett at han/ho kom til deg. Barn treng å få tydeleg melding om at det er lov å snakke om det vanskelege som har skjedd. Ikkje lov barnet at dette blir en løyndom mellom deg og barnet. Forklar at du må sei i frå til andre vaksne for at ting skal bli betre. Fortel at me vil hjelpa, og sei at lova seier at me MÅ hjelpa. Barnet har ein rett, men ingen plikt til å fortelje. Kanskje barnet ikkje vil fortelje oss meir enn det har gjort, og det er heilt greitt. Barnet avgjer kva det vil seia til oss. Sjølv om det er viktig at dei snakkar, må dei ikkje bli pressa. Skriv ned kva barnet og du sjølv seier. Dette er viktig for eventuell vidare saksgong. Still opne spørsmål. Unngå leiande og konkrete spørsmål om valden. Gje barnet gode pausar ikkje avbryt. La barnet vera ekspert på sin eigen historie og fortelje fritt ved ganske enkelt å gjenta det barnet fortel. Nokre gonger må barnet oppmuntrast til å fortelje meir. Bruk fortell meir om og beskriv når du pratar med barn. Sei noko om at barnet ikkje er åleine, at du kjenner andre som har opplevd det same, og at ingen barn burde oppleva noko slikt. Fortel at det dei vaksne gjer er dei vaksne sitt ansvar.
Dersom barnet formidlar skuld, er det viktig å formidle at barnet gjorde det beste det kunne i situasjonen, og at det er ikkje hans/hennar skuld. Avslutning av samtalen: Gjer merksam på at det kan gå noko tid før nokon snakkar med mor og far, men at du skal kome tilbake til barnet. Formidle til barnet at det alltid er velkomen igjen om han/ho treng nokon å koma til. Følg rutinar for eventuell kontakt/melding til barnevernet. Moment i en samtale med foreldre Start med å gje ros for det barnet er flink til. Fortell at skule/barnehage og foreldra har same mål (flinke og samarbeidsvillige barn). Fortell at nokon gonger kan redsel i barnet sitt liv koma i vegen for målet/utviklinga til barnet. Fortell at denne redselen kan henga saman med vald i familien. Til foreldre med fleirkulturell bakgrunn kan du fortelje at vi veit at det i mange land er vanlig å slå barn som en del av barneoppdraging. Du kan invitere dei til å fortelje litt frå sitt heimland. Prøv å få dei til å fortelje litt om korleis det er heime. Skil mellom person og handling. Sei at me respekterer dei som personar sjølv om dei slår, men ikkje handlinga dei gjer ved å slå. Fortell at me har eit forbod i Noreg mot å utøva vald mot barn og mot partnarane våre. Fortell at det er dei vaksne sitt ansvar å syte for at heimen er trygg. Fortell at det ER vanskeleg å vera foreldre, og at ein blir sint mange gonger på barna sine eller på partnaren. Fortell at det er viktig med grenser, men at det finns mange andre løysingar enn å slå/trua/sperre inne (bruk dei same orda som har blitt brukt). Sei at du kan hjelpa dei vidare med dette som er vanskeleg (det å oppdra barn), men at du må sei ifrå til andre som kan hjelpa. Sei at dei som kan hjelpa jobbar for barnevernet og er spesielt flinke til å hjelpa familiar til å slutte med å utøve vald. Dei har i oppgåve å beskytte barn også i heimen.
Formelle tilhøve som påverkar samarbeid Teieplikt Det er ei plikt til å hindra at opplysningar om ein person sine personlege forhold blir kjent for uvedkommande. Teieplikta er i utgangspunktet eit forbod mot å vidareformidle informasjon. Plikt til å avverje Alle har ei generell plikt til å søkje å hindra alvorlege brotsverk gjennom å melde forholdet til politiet eller på annen måte avverje skade. Dette omfattar blant anna seksuelle overgrep og grov lekamsskading. Denne plikta går før lovbestemt teieplikt. Meldeplikt/opplysningsplikt Alle offentlege instansar har plikt til å melde til barnevernstenesta om barn som vert utsett for, eller er vitne til, vald. Nokre instansar og tenester har særlege lovar som regulerer verksemda i høve teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett. Opplysningsplikta Opplysningsplikta til barnevernstenesta omfattar både plikt til å melde frå på eige initiativ og til å gje opplysningar ved pålegg frå barnevernstenesta. Verksemda sine eigne rutinar skal følgjast når melding skal sendast til barnevernet. Opplysningsrett Betyr at den som sit med opplysningar har høve til, men ikkje plikt til, å vidareformidle opplysningar. Informasjon om at melding vert gitt til barnevernstenesta I saker der det ligg føre ein mistanke om at eit barn er utsett for eller er vitne til vald i familien, er det barnevernstenesta eller eventuelt politiet som vurderer om og når omsorgspersonar skal bli informert. Anonymitet Den som gir opplysningar til barnevernstenesta er ikkje sikra anonymitet. Om barnet er utsett for ting som kan utløysa opplysningsplikta, t d vald i heimen, skal meldar gje seg til kjenne. Samtykke Teieplikta skal i utgangspunktet ta i vare den einskilde sitt krav på vern av personopplysningar. Om denne personen gir sitt samtykke, kan likevel teieplikta hevast og verksemder kan veksla relevante opplysningar.