Styremøte 9. og 10. februar i Bergen 1/05 Godkjenning av referat frå sist styremøte. Godkjend utan merknader 2/05 Sakliste til årsmøte 2004. Sakslista vart gjennomgått! Det må informerast om middag på fredagskveld til utsendingane. Gjester til årsmøte: Årets avløysar m/følgje, Faglag, LA, BSF, L.HMS-tjeneste, Norges Vel, Landbrukssamvirket, Landkredit Bank, Styreleiar i lokalt lag og media. Tidlegare erfaring tilseie at vi ikkje alltid får tak i dei personane vi helst vil ha som gjester frå dei ulike organisasjonane, så vi må nok etter kvart tenka på å invitera personleg istadenfor å invitera sentralt i organisasjonane. Einskilde punkt i sakslista vart bytta om for å få ein korrekt "flyt" i sakslista. Sakslista med korrigeringar vert som følgjande; Sakliste til årsmøtet: Sak 1 Opning v/ styreleiar Jan Tjosås " 2 Godkjenning av innkalling og sakliste " 3 Val av skrivar, og to til å skrive under møteboka " 4 Namneopprop, - eventuelle fullmakter " 5 Årsmelding for 2004 " 6 Rekneskap for 2004 " 7 Strategiplan 2005-2010 " 8 Fastsetjing av kontingent for 2005 (Sjå orientering.) " 9 Arbeidsplan for 2005 " 10 Budsjett for 2005 og 2006 " 11 Innkomne forslag " 13 Val etter vedtektene: A. Leiar for 1 år B. To styremedlemmer for 2 år. Tre nummererte varamedlemmer til styret for 1 år. C. Val av revisor. D. Møteleiar og varamøteleiar til neste årsmøte. E. Ein medlem til valnemnda for 3 år. Ein varamedlem til valnemnda for 1 år. F. Godtgjersle til tillitsvalde. Godkjend med korrigeringar
3/05 Årsmelding for 2004. Årsmeldinga vart gått gjennom på møtet. Det vart ein diskusjon på kor mykje arbeid ein skal leggja ned i ei årmelding når det gjeld farger, bilder, perm osv. Dette skal vera eit dokument som skal representera organisasjonen mot andre organisasjonar. Det kan vera greit å undersøkja kostnader ved å trykka versjon som skal ut etter årsmøte. Det er og viktig at alle årsmøteutsendingar får tilsendt årsmelding med referat. Vi bør synleggjera kva vi har fått gjennomslag for i jordbruksforhandlingane. Godkjend med korrigeringar 4/05 Rekneskap for 2004. Rekneskapen for 2004 vart gjennomgått. Godkjend 5/05 Fastsetjing av kontingent for 2005. Det ligg inne eit forslag til auke i den variable kontingenten på 0,1%. Dette medfører ein auke i inntekt på kr. 105.000,-. Dersom dette ikkje vert godtatt av årsmøtet må vi ha klart eit alternativt budsjett utan denne inntekten. Godkjend. Det skal utarbeidast eit alternativ budsjett utan at auke i kontingent er innarbeidd. 6/05 Arbeidsplan for 2005 Arbeidsplan for 2005 vart gjennomgått. Odd kom med eit forslag til eit punkt om Informasjon/kommunikasjon som skal innarbeidast i Arbeidsplanen. NLT vil starta arbeidet med å laga ein plan over korleis NLT skal drive sin informasjon til avløysarlaga og deira medlemmer/ikkje medlemmer, og til alle som står utanfor næringa. NLT vil lage materiell som gjer avløysarlaga mulighet til å delta på yrkes og utdanningsmesser rundt om i landet. Gjerne i samarbeid med dei lokale landbruksskulane. Det vart ein diskusjon på ulike måtar å marknadsføra avløysarlaga/nlt både intern og eksternt. - brosjyre - heimeside - utdanningsmesser v/samarbeid med andre Deler av styret saman med andre bør bidra med ein plan for informasjon- /kommunikasjonsstrategi. Det er allereie utarbeidd ein del informasjonsmateriell som vert nytta av laga. Dette bør profilerast betre. NLT må og verta betre til å nytta fagskrift i profilering. Arbeidsplan vert gjort om slik at punkta er meir konkrete og tilpassa Strategiplan. Forslag frå Odd skal vera med som eige punkt. Når arbeidsplan er vedteke av årsmøtet vert den lagt inn som eige vedlegg i Strategiplan.
7/05 Budsjett for 2005. Budsjett for 2005 og 2006 vart gjennomgått i lag. Det er lagt opp til budsjett som stort sett går i null. Haustsamlingane er i dyraste laget og ein bør prøva å få ned utgiftene på desse. Ein bør og vurdere å gå opp med eigenandelen til laga frå kr. 1.500,- til kr. 2.000,-. Det vil allikevel vera billege samlingar når ein tenke på at dette dekkje både reise og opphald. Posten for profilering bør ikkje reduserast i budsjette. Denne bør oppretthaldast på kr. 50.000,-. Det tas midlar frå budsjetterte årsmøtekostnadert for å dekkje inn dette. Godkjend med skisserte endringar ovanfor. 8/05 Budsjett for 2006. Sjå budsjett for 2005. 9/05 Årets avløysar. NLT har fått inn 11 kandidatar til årets avløysar. Styret hadde ein gjennomgang av kandidatar og innstillinga frå administrasjonen. Det er viktig å få profilert årets avløysar i media, og vi bør ikkje vente like lenge som tidlegare med offentleggjering. Årets avløysar vert offentleggjort veka før påske. I samband med middag på årsmøte får Odd ansvar for opplegget rundt årets avløysar. Det tas og kontakt med Landbrukstjenester Akershus for å undersøka om dei kan ta ansvar for å laga eit oppleg til sjølve middagen. Årets avløysar vert Lisbeth Myrvang, Fusa Avløysarlag og Maskinring. 10/05 Ikkje offentleg. 11/05 Neste styremøte. Neste styremøte vert i samband med årsmøte 01.04. Vi prøver å starte kl. 11:00. 12/05 Andre saker. A. Opplæringsfond Forslag til retningslinjer for Opplæringsfond vart lagt fram for styret. Desse er lagt opp etter BSF sin mal. Det vart ein diskusjon på målgruppe for midlane. Det er viktig at midlane ikkje blir brukt opp på dagsamlingar som allikevel vert arrangert. Midlane bør øyremerkast til kurs. Administrasjonen korrigerer retningslinjene etter innspel frå styret B. Innspel til jordbruksforhandlingane.
Det vart ein gjennomgang av forslaget frå administrasjonen. Det er viktig å fokusera på få viktige punkt i innspelet for å få gjennomslag. Bøndene er opptatt av forskottering og likviditet. Vi skal fokusera på følgende; Forskottering ferie/fritid; utbetalingstidspunkt. Sjukdom; opp med dagsats, fjerning av moms, dansk modell med midlane ut til laget. Domumentasjonskrav Punktet om beredskapstilskot går ut og NLT sender eit eige brev til partane der vi tilbyr vår kompetanse. Rogaland har kome med innspel til sak på årmøtet som går på fjerning av moms på sjukdom. Dette innspelet må det lagast ein uttale til. C. Strategiplan. Før ein gjekk vidare med strategiplanen gjekk styret gjennom innspel mottatt gjennom gruppearbeid på haustsamlingane. Det vart så ein diskusjon på dei ulike punkta. Medlemskap; direkte medlemskap i NLT gjennom lokallag, vanskar med at laga er eigne juridske einingar, alle tilsette i avløysarlaga vert tilsett i NLT. Ein bør gje ei oppfordring om at laga frivillig sender inn årsmelding til NLT. Det bør utarbeidast meir spenstige framtidsplaner der ein legg inn vurderingar for framtida. Det må setjast av ein dag i året på eit styremøte for å diskutera strategiplan. Arbeidsplan bør vera meir konkret og gjenspeila strategiplan. Arbeidplanen bør og setjast inn i strategiplanen som ein del av denne. Visjon bør knyttast opp mor forslag frå Olav i diskusjonsbase; Vi skal gje bonden tryggleik og fridom? Slagord bør fortsatt vera Norske Landbrukstenester - ditt lokale vikarbyrå Administrasjon legg inn forslag til endringar i strategiplan. 13/05 Referatsaker. A. Tema-konferansen i Trondheim 19-21/1 05. Jan orienterte fra konferansen der Jan og Trygve møtte for NLT. Dag ein gjekk på forbrukerne og deira forventning til mat og matvarekjede. Dag to gjekk på forhold til WTO. Slike tema-konferanser er eit godt fora til å knytte til seg kontakter med andre organisasjoner i landbruket. I løpet av konferansen fekk ein spesielt møtt; Gjensidige, dei var nøgd med at NLT no har samla alle forsikringane sine hos dei. Landkreditt Bank, her har ein tidlegare diskutert å få til ein sentral avtale som vil gjelda alle avløysarlaga. Dette har tidlegare stranda på mangel på nettbank som takler lønn. No skulle det problemet vera i orden og vi prøver på nytt å få til ein avtale. Forsøksringane, her fekk ein helse på ny dagleg leiar og det vart ført vidare samtaler om samarbeid. Forsøksringane skal her kome tilbake med svar. Sau og geit, dei har også eit ønske om å vera medlem i Norsk Landbrukssamvirke, men vert stoppa av ein alt for høg kontingent på same måte som NLT. Det er nå ønske om å sjå på kostnader med medlemskap for små organisasjoner. Dette vil og vera interessant for NLT.
B. Tidlegare vedtak - Internkontroll. Frode og Romar er starta på jobben og alt skal vera klart til 01.04.05. C. Tidlegare vedtak - Elektronisk rapportering frå avløysarlaga. Elektronisk rapportering er avhengig av at både SunPro og Daldata sine program er oppe og går i Windows-versjon. Programma frå Daldata er no klarte og installasjonen er på gang i dei fleste laga. Slik det ser ut nå så vert dei første data vi kan få inn vera for 2005. D. Tilbakemelding til laga på innspel. Det er viktig at NLT gjev tilbakemeldingar til dei spørsmål som vert retta til NLT på haustsamlingane. Det kjem ofte innspel og spørsmål i åpen time og i dei fylkesvise samlingane. Odd fekk ein del spørsmål frå fylkessamlinga i Hedmark og har tatt på seg arbeidet med å samanfatte svar til desse. Styret gjekk gjennom og kommenterte punkta i innspelet frå Odd. Det er viktig at alle spørsmål som kjem opp i ulike fora vert kommentert og svart på.