TILBODSDOKUMENT BRØYTING OG RYDDING AV KOMMUNNALE VEGAR OG PLASSAR I LUSTER KOMMUNE 2017-2022 15.08.17
Luster kommune ber om tilbod på snøbrøyting og snørydding av kommunale vegar og plassar frå kommande brøytesesong. Kontraktsperioden er 5 år, dvs. frå 01.10.2017 30.04.2022. Tilbodsforutsetningar. Tilbodsinnbydinga gjeld tilbod på utføring av alt arbeid med snøbrøyting og rydding av kommunale vegar, gang- sykkelvegar, fortau og plassar tilhøyrande Luster kommune. Kommunen har om lag 120 km vegar og plassar som skal brøytast. Dei kommunale vegane er inndelt i fleire roder, totalt 19 stk. Tilbydar gjev pris på den eller dei rodene ein ønskjer. NB: Tilbydar kan gje tilbod på deler av brøyterode, slå saman fleire roder eller føreslå alternative roder. Brøyteinstruks. Vegar inkl. gang- sykkelvegar og fortau skal vere gjennombrøytt før snømengda på vegen overstig 8 cm våt snø og 12 cm tørr snø. Det skal brøytast etter alle snøfall større enn 5 cm. Snørydding i kryss skal gjerast samstundes med eller rett etter at brøyting er gjort. Entreprenøren skal på eige initiativ rykke ut for å holde brøytekrava. Beredskap. Beredskapsperioden er frå 01.10 30.04. kvar brøytesesong. Entreprenøren skal melde frå til kommunal beredskapsvakt (mob. 48102120) når forholda tilseier at vegen må sandstrøast. Rodeinndeling. (etter dagens inndeling). 1. Ornes Kinsedalen (4,0 km) 2. Bjørk Øyane (2,0km) 3. Bustadfelt Drægni og Fortun kyrkje (0,8 km) 4. Kommunale vegar og plassar i Skjolden (4,5km) 5. Mørkridsdalen (0,4 km) 6. Dalsdalen - Tallagjerdet, Lauvhjellene, Bringebakkane, Steinabakkane, gangveg Krossen Bøyum, Harastølen (eige krav) og kommunale plassar (15,7 km.) 7. Høyheimsvegen, bustadfelt Høyheimsvik, Skildheim Markstein, Nes kyrkje (6,6 km.) 8. Kommunale vegar og plassar i Gaupne og Røneid (13,6 km.) Sjå eige pkt. om plassar i Gaupne. 9. Gaupne Engjadalen - Råum (8,6 km.) 10. Leirdalen og Alsmo (4,0 km.) 11. Vigdalen (4,9 km.) 12. Føssøy, Halveg, Bakken, bustadfelt Gjerde m/ pumpestasjon og industriområde, Mjølvergrend, Jostedal kyrkje og ved skule og samf.hus (10,5 km.). 13. Marifjøra, Sviggaplassane, Joranger/ Tørvi (7,6 km.) 14. Fv.55 Morki/ Øyni, Lambhaug Høgi, Melheim Bruheim- fv.55, Lambhaug Lundshaugen - Fet Kyrkje og ved skule og barnehage (10,9 km.) 15. Mollandsmarki (8,8 km.) 16. Krekavegen, Nordheim, Sterri, Kjos, bustadfelt Hestnes inkl. gang- sykkelveg frå busslomme Galden, (7,0km) 17. Bustadfelt Galden, gang- sykkelveg Buene Galden, Bakkingavegen, bustadfelt Beheim, Hafslo sentrum inkl. kommunale plassar, Galdetoppen industriområde (11,0 km) 18. Kommunale vegar og plassar i Solvorn (4,0 km.) 19. Veitastrond skule og ved kapellet (1,0 km.)
Luster kommune tek forbehold om at det etter forhandlingar kan verte endringar av roder og rodelengder dersom det er til fordel for kommunen og entreprenøren. Rodelengdene er retningsgjevande, men ikkje nøyaktig oppmålt. Vegen til Harastølen over siste bustadhus. Etter snøfall over 8cm skal vegen skal vere ferdig brøytt til kl.12.00. Plassar i Gaupne. Teknisk drift brøyter sjølve plassane i Gaupne sentrum, men frå fredag kl.15.00 måndag kl.00.00 skal parkeringsplassar i sentrum brøytast av entreprenøren som har Gaupneområdet (rode 8). Brøyte- og ryddemateriell Entreprenøren held alt nødvendig brøyte- og ryddeutstyr med mindre noko anna er nemnt særskilt. Tilbydar må i tilbodet gje opplysningar om type lastebil eller traktor og størrelse samt disponibelt utstyr. Brøyteutstyret skal vere tilpassa rodene som skal brøytast. Alle tilbydarar skal ha tilgong til snøfres og bakmontert skjer. Snøfresar og skjer skal ha rilla skjer (skjer med «tenner»). Ved eventuelt havari på utstyr må tilbydar ha tilgang på reserveutstyr. Tilbydar er ansvarleg for å skaffe vikar ved eventuellt ferie, fritid, sjukdom etc. Brøytestikk Entreprenøren må sjølv syte for oppsetting av brøytestikk etter behov. Kommunen held brøytestikk. Brøytestikk skal vere sett opp til seinast 15. oktober og fjerna før 15.april. Tilbodsreglar. Tilbodet gjev ein på vedlagde tilbodsskjema. Tilbod som blir levert inn, skal vara datert og underskrive. Som vedlegg til tilbodet må det leggast ved skatteattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. I tillegg må det framleggast forsikringsbevis som syner at tilbydar har forsikringsordning som omfattar denne typen oppdrag samt at ein har ansvarsforsikring. Ein skal gi tilbod på brøyting pr. time og beredskap pr. brøytesesong. Gjer ein tilbod på fleire roder skal beredskapssummen vere samla for rodene. Alle prisar skal vera eks. avgift. Det blir ikkje utbetalt overtidstillegg. Forsikring/ skader: Tilbydar må sjølv halde forsikring som dekker skade på utstyr, ansvarsforsikring og eventuelle skader på tredjepart. Tilbydar er ansvarleg for all skade som eventuelt er påført tredjepart sin eigedom og utstyr som skuldast utføring av vintervedlikehald. Luster kommune fråskriv seg alt ansvar for skade som oppstår under utføringa av vintervedlikehaldet. Skader påført veg eller sideområde under brøyting skal reparerast snarast råd og seinast innan 01.05. kvart år. Prisregulering. Kontraktsprisen vert regulert ein gong årleg (før ny brøytesesong) etter kostnadsindeks for anleggsmaskiner frå NTNU, Anleggsdrift. Indeksen pr.15. september kvart år vert nytta ved regulering.
Oppseiing av kontrakten. Ved eventuell oppseiing av kontrakt i avtaleperioden må det skje innan 01.05. for etterfylgjande sesong. Dette er gjensidig frå begge partar. Ved manglande oppfølging av kontrakten kan den seiast opp med 14 dagars varsel. Etter to skriftlege åtvaringar i løpet av same brøytesesong for manglande oppfølging av eitt eller fleire punkt i kontrakten, er dette å rekna som oppseiingsgrunn av kontrakten. Åtvaringar vert sendt på e- post. Tilbodsfrist. Tilbodsfrist er onsdag 30.08.2017 kl. 12.00 Innlevering: Luster kommune Rådhuset 6868 Gaupne Merk tilbodet Tilbod brøyting kommunale vegar og plassar. Vedståing av tilbodet Vedståingsfrist for tilbodet er 60 dager frå tilbodsfrist. Anskaffelsesprosedyre: Konkurranse med forhandling, jfr. Forskrift om offentleg anskaffelse 5-1. Val av tilbydar: Luster kommune vel tilbydar etter det samla sett mest fordelaktige tilbodet utifrå ei heilskapsvurdering. Pris, kapasitet, type brøyteutstyr, kvalitet, service og tidlegare erfaringar med tilbydaren er viktige kriterium i høve tildeling av oppdraget. Luster kommune forbeheld seg retten til å forkaste tilbod. Tilbod vert ikkje returnert. Kontaktperson. Terje Arild Kveane, leiar teknisk drift, tlf. 576 85720/ 951 91935
Tilbodskjema brøyting av kommunale vegar og plassar i Luster. Rode Namn Lengd nr. km. 1 Ornes Kinsedalen 4,0 2 Fortun, Bjørk Øyane 2,0 3 Bustadfelt Drægni og ved kyrkja 0,8 4 Kommunale vegar og plassar i Skjolden 4,5 5 Mørkridsdalen 0,4 6 Dalsdalen- Tallagjerdet, Lauvhjellene, Bringebakkane, 15,7 Steinabakkane, Harastølen (eige krav) og kommunale plassar 7 Høyheimsvegen, bustadfelt Høyheimsvik, Skildheim 6,6 Markstein, Nes kyrkje 8 Gaupne, kommunale vegar og plassar i Gaupne og Røneid 13,6 9 Gaupne Engjadalen - Råum 8,6 10 Leirdalen og Alsmo 4,0 11 Vigdalen 4,9 12 Føssøy, Halveg, Bakken, Gjerde, Mjølvergrendi, Jostedal 10,5 kyrkje og ved skule- og samf.hus. 13 Marifjøra. Sviggaplassane, Joranger/ Tørvi 7,6 14 Fv.55 Morki/Øyni, Lambhaug Høgi, Melheim Bruheim- x 10,9 rv.55, Lambhaug Lundshaugen - Fet Kyrkje og ved skule og +skule barnehage 15 Mollandsmarki 8,8 16 Krekavegen, Nordheim, Sterri, Kjos, bustadfelt Hestnes inkl. 7,0 gang- sykkelveg frå busslomme Galden, 17 Bustadfelt Galden, gang- sykkelveg Buene Galden, Bakkingavegen, bustadfelt Beheim, Hafslo sentrum inkl. kommunale plassar, Galdetoppen industriområde 11,0 18 Kommunale vegar og plassar i Solvorn 4,0 19 Veitastrond skule og ved kapellet 1,0 NB: Alle prisar skal vere eks. meirverdiavgift. Brøyting kr./ time Beredskap kr.pr.sesong Beredskapspris pr. sesong for fleire roder: Dato/ stad. Underskrift.