Utkast til registreringsrettleiing for teknisk-industrielle gjenstandar



Like dokumenter
Punkta under er ei oppsummering av hovudmomenta i diskusjonane på møtet.

Brukarrettleiing. epolitiker

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Brukarrettleiing E-post lesar

Til deg som bur i fosterheim år

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Lotteri- og stiftingstilsynet

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Forslag frå fylkesrådmannen

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ehandel og lokalt næringsliv

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Biblioteket. Bolk-rettleiing

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Brukarrettleiing Innsending av tolkekrav

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Store dokument i Word


RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Bruk av reiserekning i Agresso

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Samansette tekster og Sjanger og stil

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Informasjonssbrev Arkivplan.no

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

IKT-kompetanse for øvingsskular

Frå novelle til teikneserie

6-åringar på skuleveg

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Nytt HFK Intranett

Informasjon og brukarrettleiing

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Prioritering, avhending og destruksjon - retningslinjer og verktøy

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Det er mange måtar ein kan starte eit strikkeinga. Det er om å gjere å finne den beste måten å lage maskar på, til kvart enkelt strikkeprosjekt.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Du må ha tilgang til trådlaust nettverk (wifi) eller mobilt datanettverk for å kunne laste ned saker.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

KORLEIS LEGGJE INN EI SAK PÅ

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Bevaring i magasin - ideelt eller akseptabelt?

Rettleiing og reglar for foto

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Informasjonshefte Tuv barnehage

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

8. Museum og samlingar

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Vegvisar til vilbli.no

Fakultet for samfunnsfag Bibliotek- og informasjonsvitenskap BIB1300 og BIB6300 Kunnskapsorganisasjon og gjenfinning 2

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Kjeldebruk og referanseteknikk

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Bilete og figurar i Word

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Ny strategiplan for Høgskulen

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Vurderingsrettleiing 2011

Den nye seksjon for applikasjonar

Transkript:

Utkast til registreringsrettleiing for teknisk-industrielle gjenstandar

Denne registreringsrettleiinga legg vekt på ein enkel gjennomgang av dei viktigaste felta for registrering av tekniske/industrielle gjenstandar, med hovudvekt på maskiner. Den er skriven med tanke på små og mellomstore museumssamlingar med teknisk-industrielle gjenstandar. Sidan det er allereie skrive fleire gode generelle registreringsrettleiingar som Vei i vellinga (2003), Standard for gjenstandskatalogisering (2008) og rettleiingar som er meint for spesifikke museum og regionar, vil vi her hovudsakleg ta føre oss problemstillingar som gjeld teknisk-industrielle samlingar. For meir utfyllande og generell informasjon om registrering, viser vi difor til desse publikasjonane. Rettleiinga tek føre seg kva for val vi har gjort i vår registrering, og korleis vi har valt å bruke felta i Primus til registrering av maskiner. Sjølv om skjemaet som felta i Primus byggjer på (Feltkatalogen) er betre tilpassa registrering av meir tradisjonelle kulturhistoriske museumsgjenstandar, vurderer vi det slik at det er fullt mogeleg å gjennomføre registrering av denne typen gjenstandar i programmet slik det er i dag, dersom ein definerer korleis ein brukar dei ulike felta. I nokre tilfelle kunne vi ynskje oss nokre små endringar, men dette kjem vi tilbake til i slutten av rettleiinga. Teksten er skriven på nynorsk, men viser til feltnamna på bokmål, slik det står i Primus, for å unngå eventuelle misforståingar.

FANE 1: KLASSIFISERING Feltnamn Innhald Eksempel Kommentarar Betegnelse (generelt omgrep) Betegnelse er det namnet ein vanlegvis brukar på gjenstanden. Strikkemaskin Betegnelse skal vere eitt substantiv i ubestemt form eintal, med stor forbokstav, t.d.: Kardemaskin, Symaskin. Berre ein betegnelse for kvar gjenstand. Bruk allmenne, generelle ord, men ikkje så generelle at ein mistar meininga. På Norsk Trikotasjemuseum vert maskin altfor vidt til å bruke som betegnelse, men vi har vurdert det slik at strikkemaskin og symaskin ligg på eit passeleg detaljnivå, som vil gje gode treff ved søk i databasen, sjølv om vi har mange av desse. Presisert betegnelse (spesifikt omgrep) Meir spesifikt enn betegnelse. Oftast eit samansett substantiv i ubestemt form eintal, som presiserer kva type gjenstand det er eller kva den blir brukt til. Rundstrikkemaskin Sokkestrikkemaskin Ein kan leggje inn meir enn ein presisert betegnelse. Denne bør helst vere eit samansett ord, og ein bør unngå forklaringar med fleire ord som ikkje vil bli brukt om fleire gjenstandar i databasen. Alternativ betegnelse Viss ein kjenner til at gjenstanden har andre namn som anten er dialekt-, slang- eller faguttrykk, kan ein legge desse inn under Alternativ betegnelse. Her har ein desse alternativa: DIAL dialektuttrykk FAG faguttrykk FRI Feltet vert ofte generert av Primus. Kan brukast til ulike ting, t.d. til å spesifisere betegnelsar på bokmål/nynorsk. PROT betegnelsar frå tidlegare registreringar eller protokollar. Her kan ein òg leggje inn eldre betegnelsar på ei maskin/teknisk innretning som kanskje ikkje er i bruk lenger. SLANG slanguttrykk

Tittel > Produsents tittel Særnamn / tittel på den spesifikke gjenstanden Komet Til registrering av tekniske gjenstandar og maskiner har vi hovudsakleg brukt Produsents tittel dersom modellen av ei maskin har eit spesielt namn, som sokkestrikkemaskina Komet. Namnet skrivast utan hermeteikn, nøyaktig slik produsenten skreiv det. Emneord Emneord koplar gjenstanden til eit emne, til ein større kontekst, t.d.: Tema: Gjenstandstypar: Aktivitetar/prosessar: Tekstilindustri Maskiner Strikkemaskiner Klesproduksjon, Maskinstrikking, Sokkestrikking Emneord skal vere eit substantiv i ubestemt form, og viss det kan teljast skal det stå i fleirtal. Ein kan bruke mange ulike emneord. Emneord fungerer som gode søkeord, og er svært synlege når samlingane ligg ute på nett. På www.digitaltmuseum.no ligg det lenkjer til mest brukte emneord i venstremargen på sida og på samlinga til kvart enkelt museum. Slik blir emneord ein viktig måte for nettbrukarar å finne fram i samlinga på, også som søkeord. Difor bør ein tenkje på ulike typar ord, både faguttrykk og ord som folk utanfor museumsverda kunne tenkjast å søke på for å finne fram til gjenstandane i samlinga. For store samlingar kan det vere lurt å definere eitt sett emneord som følgjer alle registreringane i den. Type drivkraft/ kraftoverføring Produkt: Hendingar/plassering i tid og rom: Elektrisitet (andre: vasskraft, dampkraft, handdriven/manuell, reimdrift) Sokkar Industrialisering, Tekstilfabrikkar (Einsidig) industristad Hjørnesteinsbedrift På mange måtar ligg emneord ein stad mellom Betegnelse og Klassifikasjon dei er ofte mindre spesifikke enn Betegnelse, men meir enn Klassifikasjon. Emneord kan såleis brukast til å fylle ut det ein meiner manglar i klassifikasjonssystemet Outline, og til å gjere det lettare å søkje fram gjenstandane i samlinga. Sjå også vedlagt emneordliste om tekstilindustri med fokus på trikotasje.

Klassifikasjon Varemerke Klassifikasjonskodar plasserer gjenstanden tematisk i ein større kontekst, slik Deweysystemet for bibliotek også gjer. Denne rubrikken har vi valt å bruke til namn på varemerke for industrielle produkt, som f.eks. strikkemaskinprodusen ten Bentley. OU 286.46 - Maskinstrikking OU 288.4 - Trikotasjefabrikker OU 295.2 - Teknikk og redskaper, konfeksjons- og skoindustri OU 402 - Industrimaskiner Bentley Finn ein eller fleire klassifikasjonskodar som passar til gjenstanden i Outline (anten i Outline-katalogen eller søk i den versjonen av katalogen som ligg inne i Primus). Her har vi skilt mellom: 1) Namnet på produktet: Komet Felt: Klassifikasjon > Tittel > Produsents tittel 2) Namnet på varemerket: Bentley Felt: Klassifikasjon > Varemerke 3) Det fullstendige namnet på selskapet: Bentley Engineering Ltd. Felt: Historikk > Produksjon > Produsent

FANE 2: GRUPPERING Feltnamn Innhald Eksempel Kommentarar Grupperingsnivå Komplekst objekt Tekniske gjenstandar og maskiner vil i dei fleste tilfelle vere komplekse objekt som består av mange ulike delar. Desse kan registrerast kvar for seg, noko som >Samling/arkiv ideelt sett ville ha vore aller best, både når det gjeld å bevare kunnskap om terminologi og dei ulike delane av maskina. Då kan ein leggje til dei ulike delane >Gruppering som undergjenstandar til hovudregistreringa. Å registrere alle delane til ei maskin er imidlertid i beste fall tidkrevjande, og i verste fall heilt urealistisk, alt etter kva type maskin det er snakk om. >Komplekst objekt >Del av komplekst objekt >Enkeltgjenstand >Funksjonell gruppe Gjenstand som består av fleire (lause) delar. Enkel/einskapleg gjenstand utan mange ulike delar. Ei gruppe gjenstandar som er meint å brukast saman som ei gruppe (bord og stolar, treng betre eksempel). For å unngå at denne typen gjenstandar står uregistrerte, gjeld det å gjere oppgåva med å registrere tekniske gjenstandar og maskiner overkommeleg. Vi har valt å registrere dei gjenstandane som passar under nemninga, for komplekse objekt, men utan å leggje til eigne registreringar for underdelar. Slik held ein mogelegheita open for å kunne leggje til fleire detaljar og registrere enkeltdelar seinare, om ein har tid og ressursar til det. På større maskiner med lause eller klårt åtskilte delar som t.d. eit kardeverk med tre verk, eller ein motor påmontert ei symaskin, eit kort til å lage hullkort med som høyrer til ei strikkemaskin kan det tenkjast at ein kunne ynskje å registrere kvart verk som ein eigen del. Tidsbruk spelar med andre ord ei viktig rolle i detaljnivået ein vel å leggje seg på. Dette inngår òg i ein diskusjon om nytteverdi. Kan hende er det meir hensiktsmessig å lage ein film eller bruke diagram frå maskinmanualen til å vise funksjonen og samansetninga av maskina, enn å registrere enkeltdelar i Primus? På kva måte bevarar ein best kunnskapen om maskina? Når alt kjem til alt, handlar det om å registrere godt nok til at det har noko føre seg, men ikkje gå så mykje inn i detaljar at ein ikkje kjem seg vidare.

Grupperingskrite rium Institusjonsskapt Grupper av gjenstandar som er sett saman av museet. PROV (Proveniensskapt) I dei fleste tilfelle vil våre maskiner ha proveniensskapt gruppering. Proveniensskapt Grupper av gjenstandar som høyrte saman før den/dei kom til museet.

FANE 3: HISTORIKK Feltnamn Innhald Eksempel Kommentarar Hendelser Generelle underfelt for alle Hendelser >Beskrivelse >Datering >Juridisk person >Sted Her legg ein inn viktige hendingar i gjenstanden sitt liv før den kom til museet. Desse hendingane daterast og koplast til register for personar og stadar. Dei viktigaste i denne samanhengen, er: Produksjon Kvar, når og av kven vart gjenstanden produsert? Her har vi lagt inn firmaet som produserte gjenstanden som Ny juridisk person, Type: Firma Rolle: Produsent Her har vi valt å bruke det fulle namnet på selskapet: Bentley Engineering Ltd. Eierskap Aksesjon Rolle:Forhandler Dersom ein kjenner til at gjenstanden/maskina har blitt seld gjennom ein forhandlar, kan ein leggje det inn her. Rolle: Tidligere eier Her kan ein t.d. leggje inn informasjon om bedrifta der maskina vart brukt. I dei tilfelle der brukar og eigar ikkje er den same, kan ein også lage ei eiga hending for Bruk. Når og korleis kom gjenstanden til Produsert: Bentley Engineering Ltd. 1960 1969 Forhandler: Andersens maskinforretning AS Sted: Bergen, Hordaland, Norge Tidligere eier: SaFa Samnanger A/S 1969 1989 Aksesjon: 2005 Museet fekk maskina i gåve Søk først etter den aktuelle personen/firmaet/staden i person- og stadsregisteret, for å unngå å leggje inn den same oppføringa i databasen fleire gongar. Viss den ikkje finst kan ein leggje inn nye stadar, personar eller firma. Her er det viktig at ein person med kunnskap om det, legg inn den informasjonen ein har om produsenten av maskina og/eller eigar/brukar. Her kan ein t.d. registrere når ei bedrift vart oppretta og ev. nedlagd, kvar den heldt til (med lenkje til Google kart), historikk, og personar knytt til drifta. Viss ein koplar gjenstandane saman med dei personar og firma den har med å gjere, vil den same informasjonen følgje alle registreringane. Slik kan ein spare tid, og gjere registreringane meir einskaplege. (NB! Privatpersonar som eigarar bør ikkje leggjast ut på Digitalt Museum, men firma er ok.) Under datering legg ein inn så mykje detaljar ein har: Viss dato er kjend, legg ein inn det viss ikkje let ein vere. Viss ein kjenner til både frå- og til-dato, legg ein inn begge, viss ikkje kan ein leggje inn det

Historikk (fritekstfelt) Annet museet? Informasjon som ikkje passar inn i dei andre kategoriane. Her kan ein skrive ein formidlingsvennleg versjon av historikken ovanfor i form av ein samanhengande tekst. Dette er spesielt lurt med tanke på formidling på Digitalt Museum, dersom ein har valt å dele denne. frå SaFa i Samnanger i 2005. same årstalet i begge felta. Ein kan også leggje inn omtrentleg årstal ved å t.d. datere gjenstanden innanfor eit tiår (1960 1969). Her kan ein m.a. leggje til kjende ombyggingar av maskina, men ombygging og reparasjon som har funne stad etter gjenstanden kom til museet bør opplysast om i feltet Administrative hendelser (fane 8). Det er ikkje like lett å søkje fram informasjonen i fritekstfelt som dette i Primus. På Digitalt Museum derimot, vil eit generelt søk (i søkeboksen øvst på sida) søke gjennom all tekst i registreringane, meir som eit søk i ein nettlesar. Her vil vi leggje vekt på å få med det vi veit om: 1) Historia til/kunnskap om akkurat denne maskina Kvar den vart laga Kvar den vart seld Kven brukte den, og korleis? Særeigne trekk og eventuelle ombyggingar. 2) om denne maskinmodellen. 3) om denne typen maskiner (bruk og historie i eit meir utvida perspektiv)

FANE 4: BESKRIVELSE Feltnamn Innhald Eksempel Kommentarar Beskrivelse Kort beskrivelse av dei fysiske kjenneteikna til gjenstanden. I "Komet" sokkestrikkemaskin laga av Bentley i Leicester, England. Maskina Når det gjeld såpass komplekse gjenstandar som industrimaskiner, kan ein med fordel minimere denne, og heller stole på å vise nokre tilfelle har vi også har 48 nåler og 5-tommars sylinder. utsjånaden og oppbygginga til gjenstanden gjennom gode forklart produktet den ( ) Maskina strikkar forholdsvis fotografi. grovt, og har vore brukt til å strikke produserer i dette feltet. raggsokkar. ( ) Påført tekst Innskrift Påskrift Materiale Farge Teknikk Dekorteknikk Tekst, teikn eller symbol som står på sjølve gjenstanden. Når teksten går ned i overflata (t.d. gravering, tekst som er slått inn i overflata) Når teksten er ligg på overflata (påført med tusj, penn, pensel, osb.) Teknikken brukt til å produsere gjenstanden (verb i fortid). Teknikken brukt til å dekorere gjenstanden (verb i fortid). Metall Plast Grå Svart Raud Grøn Støypt Industrielt framstilt Måla Lakka Maskiner og industrigjenstandar har gjerne mykje tekst/tal skrive på seg her må ein bruke skjønn i kor mykje, og kva ein legg til registreringa. Vi saknar eit betre eigna alternativ for skilt på gjenstanden mange maskiner og tekniske gjenstandar har mange skilt og plakettar på seg både frå produsent, forhandlar, og ulike informasjonsskilt skrudd fast på seg, der sjølve skiltet er festa på maskina, og teksten påført med både innskrift og påskrift. Dette passar heller ikkje inn i dei noverande kategoriane stempel, signatur og stempel/signatur, som er meir tilpassa kunstgjenstandar. Å fylle ut detaljane i alle felta under beskrivelse kan ev. kortast ned på for å spare tid dersom ein i staden konsentrerer seg om å få med historisk informasjon, og supplerer med godt biletmateriale.

Tilstand 0 Svært god (Utstillingsklar) 1 God (Konserveringsmessig behandling ønskelig) 2 Tilfredsstillande (Mindre skadet) 3 Dårleg (Tilstand ustabil) 4 Kritisk (Umiddelbar konserveringsmessig behandling ønskelig) 0 Utstillingsklar Kommentar: Maskina er utstilt og vert brukt i demonstrasjonar ved Norsk Trikotasjemuseum, og til å strikke ullsokkar for sal i museumsbutikken. 0-Svært god: Ingen synlege skadar, slitasje eller teikn på nedbryting. Behandling ikkje naudsynt. Ny/ubrukt. 1-God: Mindre, synlege skadar eller bruksslitasje, men stabil tilstand. Kan trenge noko behandling i samband med utstilling eller utlån. 2- Tilfredsstillande / mindre skader: Enkelte, synlege skader og/eller tap (manglar ein del, t.d.), men relativt stabil strukturell tilstand. Kan trenge behandling før utlån/utstilling. 3-Dårleg: Vesentlege skadar, strukturelt ustabil og/eller aktiv nedbryting. Behandling er ynskjeleg for å hindre ytterlegare skadar eller nedbryting. Fare for forverring ved handtering. 4-Kritisk: Svært nedbroten/skada, kritisk tilstand. Treng omfattande behandling for å hindre total øydelegging.* Ein kan også utdjupe tilstanda i kommentarfeltet under. Vi anbefaler likevel å leggje vekt på å leggje ved ein vedlikehaldsjournal for maskina som eit eige dokument, dersom ein slik finst. (*Rettleiing for registrering i Primus ved musea i Hordaland. 2011: 11-12)

FANE 5: REFERANSER Feltnamn Innhald Eksempel Kommentarar Referanser I denne fana kan ein vise til ulike kjelder Primusregistreringa er ein viktig stad å samle all som er interessante for, forklarar eller gir kunnskap ein har om maskina. Det ein ikkje får med i meir informasjon om gjenstanden. sjølve registreringa, kan ein vise til her. >Arkivreferanse >Digitale objekt >Film >Video Referanse til dokument i museets arkiv. Nettsider, o.l T.d. dokumentasjonsfilm. Tittel, produsent, årstal, plassering. Arkivreferanse: The Komet Range of Knitting Machines (The Bentley Engineering Co. Ltd., Leicester). Nettsida til sokkeprodusenten Safa: www.safa.no Her hadde det vore ynskjeleg med ei direkte kopling mellom Primus og ASTA, for dei musea som brukar det. Her har vi m.a. vist til maskinprodusenten si nettside, dersom bedrifta fremdeles eksisterar eller, som i dette eksempelet, til nettsida til ei bedrift der maskina har vore i bruk. >Fotonummer >Fotoreferanse Ev. fotonummer. Viser til relevante foto for gjenstanden. >Konserveringsrapport >Restaureringsrapport >Rapporter Viser til plasseringa av ulike typar rapportar utanfor Primus. Tittel, dato, forfattar, plassering. >Litteraturreferanse Bøker, tidsskrift og anna. Referansemal: Forfattar etternamn, fornamn: Tittel, utgjevar, stad, år, sidetal. >Relaterte objekter Relaterte objekter Relaterte objekt utanfor samlinga. Viser til gjenstandar i eiga samling som er relevante for/gjev meir informasjon om den aktuelle gjenstanden. Vel kva slags relasjon det er snakk om mellom dei to Her kan det m.a. vere aktuelt å vise til registrerte arkivfoto som inkluderer eller er relevante for maskina.

Referanse til filer gjenstanden, frå nedtrekksmenyen. Her kan ein laste opp statiske filer i Primus. Dobbeltklikk på filnamnet for å vise fila. Her vil ein kunne laste opp t.d. ein vedlikehaldsjournal for den aktuelle maskina, men denne vil vere statisk, og ein må laste fila inn på nytt dersom den blir oppdatert. I framtida hadde det vore ynskjeleg å kunne leggje eller lenkje til inn ein aktiv, elektronisk vedlikehaldsjournal i Primus. Desse skal no også vere mogleg å få med ut på Digitalt Museum.

FANE 6: OPPLYSNINGER Feltnamn Innhald Eksempel Andre opplysninger Opplysningar som ikkje passar inn andre stadar i registreringa. Andre opplysninger (intern) Opplysningar som ikkje passar inn andre stadar i registreringa til intern bruk. Her har vi mellom anna lagt inn informasjon om m.a. informantar som vi har brukt som kjelder til informasjon i registreringa. FANE 7: RETTIGHETER Feltnamn Innhald Eksempel Denne fana har vi så langt brukt lite i maskinregistreringane. Klausul Klausular som gjeld denne gjenstanden. Eitt eksempel: Nokre av maskinene ved vårt museum har t.d. klausular på produksjon for sal, sidan dei er gåver frå tekstilbedrifter som enno produserer. Creative Commons Her kan ein velje om ein ynskjer å leggje Creative Commons-rettar på gjenstandsfotografia. Les meir om dei ulike Creative Commons-lisensane på http://creativecommons.org/. Vestfoldmuseene har valt å leggje CC BY-SA-lisensen på alle gjenstandsfoto (2012), eller «Navgivelsedel på same vilkår», som lisensen kallast på norsk. Dette er hovudlisensen for å bruke materiale på Wikipedia, og gir rett til å dele, bearbeide og bruke biletet kommersielt, men ein pliktar å oppgje kvar biletet kjem frå.

FANE 8: ADMINISTRASJON Feltnamn Innhald Eksempel Kommentarar Identifikasjonsnr. Unik museumssignatur + løpenr. NTMT.02359 Objekttype Vel mellom Gjenstand billedkunst/gjenstand/arkitektur/design Antall Legg inn antal gjenstandar her. 1 Enkeltgjenstandar og komplekse objekt skal ha 1 i dette feltet, samling/arkiv, grupperingar og delar av komplekse objekt skal ha 0. Kan webpubliseres Kryss av her viss/når registreringa skal x publiserast. Status Status/verdivurdering av den aktuelle gjenstanden. Vel mellom: Plassering Administrative hendelser 1) Vanlig tilvekst, høy bevaringsverdighet. Kan ikke byttes eller avhendes. 2) Utstillings- og dublettsamling. Kan byttes eller avhendes. 3) Bruks- og rekvisitasamling til utlån og demonstrasjon. Kan byttes og avhendes. 4) Ikke innlemmet i samlingene. 5) Tilbakeført. Legg inn fast eller midlertidig plassering for gjenstanden. Her kan ein loggføre arbeid med gjenstanden etter at den kom til museet, 1. Vanlig tilvekst, høy bevaringsverdighet. Kan ikke byttes eller avhendes. Status-kommentar: Utstillings- og bruksmaskin, høg bevaringsverdi, regelmessig vedlikehaldt pr. 05.05.2012. Verdivurderinga i Primus er noko fleire teknisk-industrielle museum har nemnt som lite hensiktsmessig. Verdivurdering er annleis for tekniske gjenstandar; maskiner som er i bruk vert gjerne haldt betre ved like, dette er diametralt motsett av «vanlege» gjenstandar, samtidig som gjenstanden òg kan ha høg bevaringsverdi sjølv om den ikkje er i bruk. Fleire ynskjer seg eit alternativ som spesifiserer at gjenstanden er i brukt/stilt ut men ikkje kan byttast eller avhendast, og gjer det mogeleg å skilje mellom maskiner som virkar og ikkje virkar, delemaskiner, og maskiner ein køyrer/ikkje køyrer i Primus. I dag finst det ingen alternativ for gjenstandar som er i bruk eller utstilte, og samtidig har høg bevaringsverdi. Slik Primus er i dag, kan ein legge til ein kommentar til valet av status som spesifiserer dette. Her kunne Reparasjon eller Vedlikehald ha vore alternativ som passa betre til maskiner, men som ikkje finst i Primus per i dag.

frå fotografering og utstilling, til konservering og tilstandsvurdering. Det aller beste her hadde likevel vore å kunne leggje til ein ekstern, aktiv vedlikehaldsjournal. (UTSTILLINGER) FOTO Foto er viktig i registreringa av denne typen komplekse objekt, og ein bør leggje vekt på å ha med meir enn eitt foto pr. gjenstand. Aktuelle foto kan vere: Framside, bakside og foto frå ulike sider dersom det er ein svært stor gjenstand. Detaljfoto av skilt, plakettar og likande, og andre interessante/karakteristiske detaljar. Foto av eventuelle produkt maskina produserer. Så langt manglar Primus moglegheit til å beskrive nærbilete av komplekse maskiner, men ein kan endre rekkjefølgje på bileta (t.d. oversiktsfoto først, detaljar seinare) og velje om det er snakk om anten: >Standardbilde >Helbilde >Målebilde >Detaljbilde >Bakside Her kunne vi ha ynskt oss eit kommentarfelt eller ei anna løysing for å kunne forklare kva bileta viser noko som blir meir aktuelt jo større og meir komplekse gjenstandar det er snakk om. Kunne ei slik forklaring lagt ved som ein slags bilettekst i Digitalt Museum?

KORTVERSJON: MINSTESTANDARD for maskinregistrering (enkel) Feltnamn Fane Eksempel Innhald Betegnelse 1: Klassifisering Strikkemaskin Det namnet ein vanlegvis brukar på gjenstanden, i bestemt form eintal. Presisert betegnelse 1: Klassifisering Rundstrikkemaskin Sokkestrikkemaskin Meir spesifikt namn på gjenstanden, ofte eit samansett substantiv. Spesifiserer kva type maskin er det, den blir brukt til. Emneord 1: Klassifisering Maskiner Strikking Produksjon Sokkar Tekstilindustri (osb.) Klassifikasjon 1: Klassifisering Maskinstrikking Trikotasjefabrikker Teknikk og redskaper, konfeksjons- og skoindustri Industrimaskiner Koplar gjenstanden til større tema/kontekst, t.d.: Tema, gjenstandstypar, aktivitetar/prosessar, type drivkraft/ kraftoverføring, produkt, hendingar/plassering i tid og rom. Klassifikasjonskodar plasserer gjenstanden tematisk i ein større kontekst, ut frå systemet i Outline (i eigen katalog, men ligg også søkbart inne i Primus). Varemerke 1: Klassifisering Bentley Komet Varemerke for industrielle produkt. Registreringsnivå 2: Gruppering Komplekst objekt Er det ein enkel gjenstand eller har den mange ulike delar? I dei fleste tilfelle vil maskiner og tekniske gjenstandar vere komplekse objekt. Historikk: - Givar/siste eigar + årstal - Produsent 3: Historikk Produsert: Bentley Engineering Ltd. 1960 1969 Tidligere eier: SaFa Samnanger A/S 1969 1989 Her legg ein inn viktige hendingar i gjenstanden sitt liv før den kom til museet. Desse hendingane daterast og koplast til register for personar og stadar. Tilstand 5: Beskrivelse Utstillingsklar Vurder tilstanda gjenstanden er i, på ein skala frå 0-4. Identifikasjonsnummer 9: Administrasjon NTMT.02359 Gi gjenstanden eit unikt identifikasjonsnummer. + antal Plassering 9: Administrasjon Strikkeloftet, 1910-bygget Kvar er gjenstanden plassert? Status 9: Administrasjon 1 Vanlig tilvekst, høy bevaringsverdighet. Vurder verdien av gjenstanden i samlinga til museet (sjå detaljar ovanfor). Foto Legg inn foto av gjenstanden

Referanseliste ABM-skrift # 48 Standard for gjenstandskatalogisering. 2008. Oslo: ABM-utvikling. http://www.abm-utvikling.no/publisert/abm-skrift/abm-skrift-48.html/ Austarheim, H. Larsen og R. Holbek. 2003. ABM-skrift # 5. Vei i vellinga. Håndbok i dokumentasjon av museumsgjenstander. Oslo: ABM-utvikling. https://www.abmstatistikk.no/abmuweb/publisert/abm-skrift/veivellinga.pdf Feltkatalogen. 2002. Oslo: Norsk Museumsutvikling, NMU. http://www.abm-utvikling.no/publisert/tidligere-utgivelser/nmu3-2002.pdf Outline klassifikasjonssystem for museum og arkiv. 2001. Oslo: Norsk Museumsutvikling, NMU. http://www.abm-utvikling.no/publisert/tidligere-utgivelser/nmu4-2001.pdf Primus registreringsveiledning, KulturIT. Primus versjon 5.6.3. http://www.kulturit.no/attachments/article/45/primus563_generell_veiledning.pdf Rettleiing for registrering i Primus ved musea i Hordaland. 2010?. Salhus: Bevaringstenestene, Museumssenteret i Hordaland (internt).