ELDRERÅDET MØTEBOK Møtedato: 10.11.2014 Møtetid: Kl. 13:00 13:50 Møtestad: Gloppen heradhus Saksnr.: 018/14-020/14 Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal Parti Sp Sp Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Sigrunn Lundestad Kjellrunn Fossdal Fitje Arnfinn Brekke Krf Ingen Ugilde Sak i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Olav Moritsgård Sekretær Arne Eikenes Helse- og omsorgssjef Anita Lothe Møtet var eit sammøte med rådet for funksjonshemma Underskrifter: Olav Moritsgård SAKLISTE Sak nr. Sakstittel 018/14 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 019/14 Vedtak om gebyr og betalingssatsar for 2015 020/14 Økonomiplanen for 2015-2018, inkludert årsbudsjettet for 2015 Side 1
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Eldrerådet 10.11.2014 018/14 Avgjerd av: Eldrerådet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 14/1667-1 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå eldrerådet sitt møte den 20. oktober i år blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber leiaren i rådet om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. LEIAREN I ELDRERÅDET SI TILRÅDING: 1. Eldrerådet godkjenner møteboka frå sitt møte den 20. oktober 2014 2. Eldrerådet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 10. november 2014. 10.11.2014 ELDRERÅDET 018/14 VEDTAK: 1. Eldrerådet godkjenner møteboka frå sitt møte den 20. oktober 2014 2. Eldrerådet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 10. november 2014. Side 2
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 07.11.2014 115/14 Eldrerådet 10.11.2014 019/14 Rådet for funksjonshemma 10.11.2014 017/14 Kultur- og miljøutvalet 11.11.2014 071/14 Oppvekstutvalet 11.11.2014 024/14 Teknisk og landbruksutvalet 11.11.2014 045/14 Helse- og omsorgsutvalet 12.11.2014 036/14 Avgjerd av: Kommunestyre Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 231 Arkivsaknr.: 14/1259-8 Vedtak om gebyr og betalingssatsar for 2015 Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 234326 Gebyr og betalingssatsar for 2015 Denne saka inneheld alle gebyr og betalingssatsar som ligg til grunn i rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2015, unnateke skatteøret og den kommunale eigedomsskatten. Årsbudsjettet inngår som første året i økonomiplanen for 2015-2018. Saksutgreiing: I økonomiplanen for 2015-2018 er det for årsbudsjettet 2015 lagt til grunn ein lønnsauke frå 2014 på om lag 3 % Dei fleste av betalingsområda i kommunen er lønnstunge. Det betyr at utgiftsveksten i all hovudsak vil følgje lønnsveksten. Dette ligg også til grunn for rådmannen sitt framlegg til gebyr og betalingssatsar. Husleigesatsane er auka i samsvar med auken i konsumprisindeksen frå september 2013 til september 2014. Dette gje ein auke på 2,1 %. Det er ikkje nye gebyr- og betalingsområde i 2015. Reguleringsdato for alle endringar er 1. januar 2015. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Betalingssatsane er ein viktig del av kommunen sine inntekter, og avgjerande for å halde oppe tenestene på fleire område. I tillegg er kommunen pålagt å krevje inn dekking av utgiftene på avgiftsområda (kap 2.1 i regulativet). Rådmannen si vurdering: Rådmannen håpar det vedlagde regulativet er oversiktleg og opplysande, og legg derfor ikkje opp til å kommentere framlegget særskilt. Side 3
--- Framlegget til gebyr og betalingssatsar skal leggast ut til offentleg gjennomsyn saman med resten av økonomiplanen. Tilråding blir derfor ikkje lagt fram no. Utleggingsperioden er rekna frå 28. november til 12. desember. RÅDMANNEN SI TILRÅDING:. 07.11.2014 FORMANNSKAPET Saka vart drøfta. 115/14 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 10.11.2014 RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA 017/14 VEDTAK: Rådet for funksjonshemma tar rådmannen sitt framlegg til gebyr og betalingssatsar for 2015 til orientering. 10.11.2014 ELDRERÅDET 019/14 VEDTAK: Eldrerådet har ingen merknader til rådmannen sitt framlegg til gebyr og betalingssatsar for 2015. Side 4
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 07.11.2014 116/14 Eldrerådet 10.11.2014 020/14 Rådet for funksjonshemma 10.11.2014 018/14 Kultur- og miljøutvalet 11.11.2014 072/14 Oppvekstutvalet 11.11.2014 025/14 Teknisk og landbruksutvalet 11.11.2014 046/14 Helse- og omsorgsutvalet 12.11.2014 037/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 145 Arkivsaknr.: 14/951-11 Økonomiplanen for 2015-2018, inkludert årsbudsjettet for 2015 Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 234305 Utkast per 3. november 2014 Bakgrunn for saka: Rådmannen sitt framlegg til økonomiplan for 2015-2018, som inkluderer årsbudsjettet for 2018, er så langt ikkje i balanse. I samsvar med kommunestyret sitt vedtak frå møtet den 3. november i år blir den ubalanserte planen lagt fram for formannskapet på eit ekstramøte 7. november. På dette møtet vil rådmannen legge fram forslag som kan balansere planen. Saksutgreiing: Planutkastet som blir lagt fram no er datert 3. november 2014 og er på alle hovudpunkt likt utkastet som vart presentert for kommunestyret den 3. november. Nokre rettingar er gjort, utan at dette endrar ubalansen i planen. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ikkje aktuelt punkt i denne saka. Rådmannen si vurdering: Rådmannen vil som sagt legge fram eit forslag til å balansere planen på møtet i formannskapet. Eg ventar med tilrådinga til møtet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING:. Side 5
07.11.2014 FORMANNSKAPET Rådmannen viser til sitt første utkast til årsbudsjett for 2015 og økonomiplan for 2015-2018, og gjer framlegg om å dekke inn underbalansen slik (beløp i 1.000 kroner): 2015 2016 2017 2018 Underbalanse per 3. november 9.592 12.035 7.255 7.255 Redusert ramme til formannskapet 1.000 1.000 1.000 1.000 Redusert ramme til oppvekstutvalet 1.000 1.000 1.000 1.000 Redusert ramme til helse- og omsorgsutvalet 1.000 1.000 1.000 1.000 Redusert ramme til teknisk og landbruksutvalet 500 500 500 500 Reduser ramme til kultur- og miljøutvalet 200 200 200 200 Utleige av Gloppenstasjonane 4.000 4.000 4.000 4.000 Ref. sjukepengar utan innleige av vikar 1.000 1.000 1.000 1.000 Bruk/avsetting av/til disposisjonsfondet 892 3.335-1.445-1.445 Sum innsparingar 9.592 12.035 7.255 7.255 Rådmannen si tilråding blir då: Formannskapet viser til rådmannen sitt første utkast til årsbudsjett for 2015 og økonomiplan for 2015-2018, og ber om at denne blir lagt til grunn for råda og utvala si behandling av saka, med desse endringane (tal i 1.000 kroner): Redusert ramme til formannskapet 1.000 1.000 1.000 1.000 Redusert ramme til oppvekstutvalet 1.000 1.000 1.000 1.000 Redusert ramme til helse- og omsorgsutvalet 1.000 1.000 1.000 1.000 Redusert ramme til teknisk og landbruksutvalet 500 500 500 500 Reduser ramme til kultur- og miljøutvalet 200 200 200 200 Inntekter frå Gloppenstasjonane 4.000 4.000 4.000 4.000 Ref. sjukepengar utan innleige av vikar 1.000 1.000 1.000 1.000 Bruk/avsetting av/til disposisjonsfondet 892 3.335-1.445-1.445 116/14 VEDTAK: Formannskapet viser til rådmannen sitt første utkast til årsbudsjett for 2015 og økonomiplan for 2015-2018, og ber om at denne blir lagt til grunn for råda og utvala si behandling av saka, med desse endringane (tal i 1.000 kroner): Redusert ramme til formannskapet 1.000 1.000 1.000 1.000 Redusert ramme til oppvekstutvalet 1.000 1.000 1.000 1.000 Redusert ramme til helse- og omsorgsutvalet 1.000 1.000 1.000 1.000 Redusert ramme til teknisk og landbruksutvalet 500 500 500 500 Reduser ramme til kultur- og miljøutvalet 200 200 200 200 Inntekter frå Gloppenstasjonane 4.000 4.000 4.000 4.000 Ref. sjukepengar utan innleige av vikar 1.000 1.000 1.000 1.000 Bruk/avsetting av/til disposisjonsfondet 892 3.335-1.445-1.445 10.11.2014 RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA Side 6
Saka vart drøfta. 018/14 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 10.11.2014 ELDRERÅDET Saka vart drøfta. 020/14 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 7