Verksemdsplan 2015 for Vest-Telemark PP-teneste



Like dokumenter
Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Verksemdsplan for Vest-Telemark PP-teneste 2011

Årsmelding 2010 Vest-Telemark PPT IKS

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Styringsdokument for pedagogisk-psykologisk tjeneste

Retten til spesialundervisning

på vegne av barn og unge

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Kjetil Andreas Hansen Leder, Karmøy PPT

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

FYLKESKOMMUNAL PP-TJENESTE. Strategisk plan

PPT no og i framtida.

"Kvalitet og effektivitet i det sakkyndige arbeidet - en oppnåelig kombinasjon?

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Vårt felles ansvar. Korleis skape gode møteplassar mellom barnehage og PPT? 2. Mars Ann Therese Stamnesfet

Kravspesifikasjon for kjøp av PP-tenester

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Nasjonal nettverkskonferanse for ledere i PPT Unni Lunde Midt-Telemark PPT Jogeir Sognnæs Fjell PPT Vi har fått følgende oppdrag: «bidra til at de

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Barnehageplan for Vinje kommune

Praksisfortelling -PPT. Gardermoen, 3. april 2014

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Nasjonal nettverkskonferanse for PPT-ledere 21. September 2016

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

- PPT(pedagogisk psykologisk teneste) si rolle etter ny 19c i barnehagelova.

Kompetanseutvikling 2014 for tilsette og leiarar i PPT

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

SPESIALPEDAGOGISKE RUTINER PPT FOR VEFSN-REGIONEN

Erfaringar med Vest-Telemark PPT - ei forundersøking

STORF JORD E N P PT VERKSEMDPLAN STORFJORDEN PPT. Del 1 Presentasjon av eininga

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Sakkyndighet og juss. Marit Olsen rådgiver, jurist, Fylkesmannen i Nordland

INTERNKONTROLLSYSTEM FOR TILPASSET OPPLÆRING OG SPESIALUNDERVISNING I BÅTSFORD KOMMUNE. Vedtatt av kommunestyret xx.xx.2009

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Ressursteam skole VEILEDER

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-18 Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter 3-9 i opplæringslova

Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT)

Forskrift til opplæringslova Særskilte regler for fag- og svenneprøver

Nemninga ASK innbefattar heile innsatsen som trengst for å erstatte eller støtte ein mangelfull tale i kommunikasjon mellom menneske.

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Tysvær kommune - erfaringar med tverrfagleg arbeid. Sigmund Lier - rådgjevar Tysvær kommune

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Elevenes skolemiljø i opplæringsloven kapittel 9 A

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Spesialpedagogisk hjelp regelverk og problemstillinger

Samhandling gir resultater Hvordan kan ledere jobbe sammen for en mer inkluderende opplæring?

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Frå tre små til ein stor.

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Kjetil Andreas Hansen Leder, Karmøy PPT. Kjetil Andreas Hansen 2018

Utdrag fra FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA SÆRSKILTE REGLER FOR FAGOPPLÆRINGA FAG- OG SVENNEPRØVE

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

-Ein tydeleg medspelar. Fagdag/Inntaksmøte. 19. April 2018 Jorunn Dahle

VIRKSOMHETSPLAN

Samhandling mellom opplæring og helse Statped Vest sitt bidrag

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Pedagogisk plattform

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Alle barn og unge får ein oppvekst som gir dei lyst på livet og evne til å meistra det. Visjon

Transkript:

Verksemdsplan 2015 for Vest-Telemark PP-teneste PPT for Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje og Telemark fylkeskommune Vest-Telemark PPT IKS Pedagogisk-psykologisk tenestekontor Besøksadresse: Mylletorget, Garveriv. 14, Kviteseid Postadresse: Postboks 43, 3836 Kviteseid Telefon: 35 06 83 00 Telefaks: 35 06 83 01 Epost: ppt@vest-telemark.no Internett: www.vesttelemarkppt.no Org.nr. 987 570 806

Visjon: Ei tilpassa opplæring for alle Hovudmål : Vest-Telemark PP-teneste skal vere ei kompetent og samarbeidande rådgivarteneste som bidrar til å styrke handlingskompetansen i barnehage, skole og lærebedrifter for å skape gode og stimulerande utviklings- og opplæringsmiljø gjennom tilpassa og inkluderande opplæringstilbod til alle barn, elevar, lærlingar og lærekandidatar med særlige behov. Vest-Telemark PPT dekker kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Det er 18 barnehagar og 16 skolar i distriktet, nokre av desse har underavdelingar. Dessutan yter Vest-Telemark PPT tenester til vidaregåande skolar i Vest-Telemark. Det er 2 skolar i distriktet. Sentrale styringsdokument for PP-tenesta er : Opplæringslova av 01.08.99 m. endringar St.meld. nr 18 (2010-2011) Læring og fellesskap St.meld. nr 16 ( 2006-2007) og ingen sto igjen Tidlig innsats for livslang læring St.meld 31 (2007-2008) Kvalitet i skolen Meld.St. 20 (2012-2013) På rett veg Læreplanverket for grunnskole og vidaregåande skole Veiledere til opplæringsloven om spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning (Udir 2014). Oppbygging av planen: Visjonen omtalar den retninga PP-tenesta jobbar mot. Hovudmål og delmål er dei måla vi sett for arbeidet, desse må sjåast i eit langsiktig perspektiv. Måla blir konkretisert i tiltaksdelen som gjeld for 2014. Det er og utvikla interne retningslinjer for systemarbeid og arbeid med individsaker, dette for å hjelpe oss og nå dei måla som er sette i verksemdsplanen. I kva grad vi har nådd måla, vil bli evaluert ved utgangen av året. Vest-Telemark PPT IKS - Side 2

Fokusområde: Systemretta arbeid Delmål 1 PPT skal medverke til å avdekke og avhjelpe vanskar hos førskolebarn og der igjennom førebygge vanskar med tanke på seinare opplæring. Tiltak knytt til Delmål 1 PPT skal ha faste kontaktpersonar i kommunane som samarbeider systemretta i tråd med Retningslinjene for systemretta arbeid i barnehage. i FSB Retningslinjene fokuserer på førebyggjande arbeid, tidleg innsats, kompetanseheving og organisasjonsutvikling. PPT skal medverke til kompetanseutvikling innan område som er aktuelle for å førebyggje vanskar hos barn og for å legge til rette for barn med særskilde behov. PPT vil prøve ut eit «lågterskel» tilbod i barnehagane med rettleiing til personalet etter drøfting i FSB, når det er behov for dette for at barnehagen skal kunne gi barnet eit tilstrekkeleg utviklingsstøttande tilbod. Komme inn/rettleie på eit tidleg nivå i forkant av problem og utviklingsvanskar. Gi råd om korleis situasjonen kan avhjelpast innanfor barnehagen sine kjerneaktiviteter slik at tilmelding til PPT ikkje blir nødvendig. Bistå ved å samen med barnehagen analysere betingelser og konteksten rundt det enkelte barnet(analysemodellen) Kompetansespredning /Rettleie i forhold til tilrettelegging og utviklingsstøtte for barnet når barnehagen har behov for det. PPT skal delta i Språknettverket i Vest-Telemark. i FSB Merete Vest-Telemark PPT IKS - Side 3

Delmål 2 PPT skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Tiltak i grunnskolen knytt til Delmål 2 PPT skal ha faste kontaktpersonar på alle skolar i distriktet. Gjennom kontaktpersonordninga ønskjer PPT å halde god kontakt med den enkelte skolen og medverke til at det vert etablert gode rutinar for samarbeid mellom skolane og PPT. Oppgåvene til en er nedfelt i Retningslinjer for kontaktpersonordninga og i Årshjul for arbeidet i Vest-Telemark PPT PPT skal tilby fast kontakttid ved skolane(16.skoler pr. jan 2015). Med fast kontakttid ønskjer PPT å vere meir tilgjengeleg for tilsette i skolane. I kontakttida vil PPT ha fokus på førebyggjande arbeid slik at skolen i størst mulig grad kjem i forkant av problem og lærevanskar. Dvs: Komme inn/rettleie på eit tidleg nivå i forkant av problem og lærevanskar. Gi råd om korleis situasjonen kan avhjelpast innanfor ordinær opplæring slik at tilmelding til PPT ikkje blir nødvendig. Bistå ved å samen med skolen analysere betingelser og konteksten rundt det enkelte barnet(analysemodellen) Kompetansespredning /Rettleie i forhold til læringsmiljø, klasseleiing, faglig tilrettelegging, utvikling av sosial kompetanse og førebyggande arbeid i forhold til psykiske lidinger Bistå skolane i førtilmeldingsarbeidet. PPT skal medverke til at det blir utvikla gode rutinar og praksis rundt organiseringa av tiltak for barn og unge med særskilte opplæringsbehov. Gjeld for opplæringa i gjeldande skole og for overgangar til andre opplæringsinstitusjonar. PPT skal delta i administrative og faglege systemtiltak. Eks: Forum for utdanning (omfattar barnehage, gr.skole og VGO), andre møte i kommunane. / sakshandsamar Vest-Telemark PPT IKS - Side 4

Tiltak i vidaregåande opplæring knytt til Delmål 2 PPT skal ha faste kontaktpersonar på dei vidaregåande skolane. Gjennom kontaktpersonordninga skal PPT halde god kontakt med skolane og arbeide i tråd med inngåtte samarbeidsavtalar. Einar Kontaktpers. Jmf. Tiltaksplan vgo, gjeld Telemark fylkeskommune, egne samarbeidsavtaler med private skoler. PPT har fast kontakttid på vidaregåande skole (gjeld Vest-Telemark vgs). Med fast kontakttid ønskjer PPT å vere meir tilgjengeleg for tilsette i skolen.. I kontakttida vil PPT ha fokus på førebyggjande arbeid slik at skolen i størst mulig grad kjem i forkant av problem og lærevanskar. Dvs: Komme inn/rettleie på eit tidleg nivå i forkant av problem og lærevanskar. Gi råd om korleis situasjonen kan avhjelpast innanfor ordinær opplæring slik at tilmelding til PPT ikkje blir nødvendig. Bistå ved å samen med skolen analysere betingelser og konteksten rundt den enkelte elev (analysemodellen) Kompetansespreiing /Rettleie i forhold til læringsmiljø, klasseleiing, faglig tilrettelegging, utvikling av sosial kompetanse og førebyggande arbeid i forhold til psykiske lidingar Bistå skolane i førtilmeldingsarbeidet. PPT skal medverke til at det blir utvikla gode rutinar og praksis rundt organiseringa av tiltak for elevar, lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov. Gjeld for opplæringa i gjeldande skole og for overgangar til andre opplæringsinstitusjonar. Jf. Tiltaksplan Vest-Telemark vgo. PPT skal så langt råd er delta på dei aktuelle møteplassane for info og kompetanseutvikling som fylkeskommunen legg opp til. Avhengig av kompetanse, Einar Obligatorisk Einar Jf. Tiltaksplan vgo PPT skal samarbeide med dei andre PPT-kontora i fylket, som yter tenester til dei vidaregåande skolane, for å utvikle ein eins praksis overfor skolane. Nettverksmøte inntil fire g. pr. år Einar Tiltak som gjeld alle knytt til Delmål 1 og 2 PPT skal delta på møteplassar for dialog og samhandling med andre offentlege hjelpetenester. Dette for å bidra til at hjelpetenestane har godt kjennskap til dei ulike tilboda og der igjennom kan bidra til at barn og deira familiar skal få heilskapleg og koordinert hjelp til rett tid. Andre Eks: Kompetansenettverket i Vest-Telemark( barnevernstenesta, familiekontoret, PPtenesta, Buf-etat) PPT vil gi informasjon om tenestetilbodet til barnehagar, skolar og andre brukarar gjennom PPT si heimeside. PPT formidlar aktuelt fagstoff på Facebook sida si ( Vest-Telemark PPT). i samarbeid med VTNU Vest-Telemark PPT IKS - Side 5

Fokusområde: Individretta arbeid Delmål 3 PPT skal som sakkunnig instans medverke til at barn, unge og vaksne med særskilde behov får ei likeverdig opplæring. Tiltak knytt til Delmål 3 Sakkunnig vurdering skal gjennomførast i tråd med lovverk, Utdanningsdirektoratets rettleiar og interne retningslinjer for arbeidet. Dette gjeld sakshandsamingsprosedyrar, behandlingstid (3. mnd.), utgreiing og skriftleg framstilling. PPT skal utarbeide sakkunnig vurdering av høg kvalitet som gir godt grunnlag for å avgjere om det skal fattast vedtak om spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, eller om det skal settast inn tiltak innanfor ramma av ordinær tilpassa opplæring. sakkunnige vurderingar skal drøftast internt, dette med tanke på kvalitetssikring. PPT skal i si vurdering bygge på ny evidensbasert kunnskap. Vurdering av læringsmiljøet skal ha auka fokus i TPO-arbeidet, førtilmeldingsarbeidet og dei sakkunnige vurderingane. Sakkunnig vurdering skal gi godt grunnlag for utarbeiding av IOP/plan for spesialpedagogisk hjelp. Konkrete mål, tiltak og organisering av tiltaka skal komme tydeleg fram i tilrådinga. Ev behov for særleg kompetanse bør komme fram. Sakene vil til vanleg bli avslutta etter at sakkunnig vurdering er ferdigstilt jf. interne retningsliner for individsaker. Rådgiving blir gitt ved behov. Ein plan for rådgivinga skal ligge føre og godkjennast av leiar. Aktuell sakshandsamar PPT er sakkunnig instans for vaksne med rett etter opplæringslova 4A-2. Einar, Merete Vest-Telemark PPT IKS - Side 6

Fokusområde: Internt arbeid Delmål 4 PPT skal vere ein lærande organisasjon som vidareutviklar sin kompetanse og sine strategiar for utføring oppgåvene som ligg i mandatet deira. Tiltak knytt til Delmål 4 PPT vil gjennomføre eit Utviklingsarbeid i perioden 2013-2015 Gjennom utviklingsarbeidet/prosjektet «Tett på for tidleg innsats» ønskjer vi å vidareutvikle tenestetilbodet. Hovudmål for prosjektet er: PPT skal arbeide etter gjeldande sentrale styringsdokument, Meld. St.18, Fire forventningar til PP-tenesta Kunnskap frå nyare forsking skal prege arbeidet vårt Bidra til god kvalitet på ordinær opplæring og dermed til alle elevars læringsutbytte innanfor ordinær opplæring Bidra til at omfanget av spes. undervising går ned Meld. St. 18 rettar fokus på å vere tilgjengeleg, førebyggande arbeid, tidleg innsats og kvalitet i tenesta. Det vil bli prioritert kompetanseheving/kurs som relaterer seg til aktuelt prosjekt. PPT skal delta i fagnettverk for PPT- tilsette i Telemark. Gjeld ulike fagnettverk som barnehagenettverket, vgo-nettverket, nettverk for vaksenopplæring, mm Etter arbeidsoppgåver i PPT PPT skal delta i prosjektet «Betre læring for alle elevar». Prosjektet retter fokus mot å auke kvaliteten på opplæringa i grunnskolen i Vest-Telemark og redusere andelen elevar med vedtak om spesialundervisning. Vest-Telemark PPT IKS - Side 7