Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Like dokumenter
Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Søknad om støtte til «Midt-Norge - Føregangsregion for sjøtransport»

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen AS - søknad om tilskot til pilotprosjekt

Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond i 2016

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Prosjektnavn Barnas Matfestival 2016

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Møte i delprosjekt produkt- og konseptutvikling

Søknad - Marine for Health (M4H) - auka verdiskaping for marin ingrediensindustri i Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

FRA FJORD OG JORD TIL BORD

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Møte i delprosjektgruppe Kompetanse

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Birgit Aarønæs Lisbeth Nervik

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri per mars 2016

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri februar 2014

«Fisk og tradisjonsmat til barn og unge»

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Innsøking og organisering. -Ein tydeleg medspelar

Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2016

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

SULA KOMMUNE Kommunestyret

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Søknader til Omstillingsprogrammet for petroleumsrelatert leverandørindustri, andre utlysning

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

Infrastrukturmidlar i reiselivet. Ingeborg Lysne McEvoy Rådgjevar ved næring- og kulturavdelinga

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Quality Hotel Sogndal Møtedato: Tid: 09:30-13:45

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

1.1 Bakgrunn Prosjektet er ein del av oppfølginga av Styringsdokument for oppvekst Stord kommune vedteke i K-styret i sak 29/07 (juni 2007).

Regional- og næringsutvalet Møtestad: Giske kommune, rådhuset, kommunestyresalen Dato: Tid: 13:15 Protokoll nr: 2/2018

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket, 1. utlysing 2015

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Ungdomstrinnsatsinga

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Tilskot til Møreforsking Marin Produktutvikling av fisk rettet mot barn og ungdom

Program for. Årdal Venstre

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Møteprotokoll. Regional- og næringsutvalet Møtestad: Averøy kommune, rådhuset Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 1/2018

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Kontrollutvalet - melding om status for oppfølging av tidlegare forvaltningsrevisjonar og statlege tilsynsrapportar

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

NORDFJORDRÅDET MØTEINNKALLING. Møtedato: Møtestad: Gloppen hotell Møtetid: Kl. 10:00

Ole Aasaaren Regionsjef

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Status og utfordringar i M&R v/ Jørn Thomassen, assisterande utdanningsdirektør

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Dykkar ref Vår ref Dato

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2019

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

EnergiKompe- tansesenteret

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Mandat for dei faglege nettverka i Møre og Romsdal

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2017

Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

Rekruttering i Hordaland. Trond Wahl

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 04.04.2016 21499/2016 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 02.05.2016 Frå fjord og jord til bord - år 2 Bakgrunn Klippfiskakademiet AS søker om midlar til år 2 av det fylkesovergripande formidlingsprosjektet om matkultur i Møre og Romsdal. Prosjektet starta i august 2015 og har hatt fokus på å formidle matkultur frå Møre og Romsdal til barn og unge. Samtidig ønskjer prosjektet å legge til rette for auka samarbeid mellom næringsliv og skule i høve rekruttering til mat-, landbruk- og fiskerinæringa. På lang sikt ser dei føre seg at dette vil kunne auke fagkunnskapen på mat og matproduksjon i fylket, som igjen kan skape gode fagmiljø og attraktive arbeidsplassar i desse næringane. Klippfiskakademiet AS vart etablert i 2012 og er eigd 100 prosent av Stiftelsen Klippfiskakademiet. Klippfiskakademiet AS har som mål å bidra til utvikling og vidareføring av norsk matkultur og lokale mattradisjonar med råvarer frå både sjø og land. Dei tilbyr skreddarsydde matopplevingar til sosiale og faglege tilstellingar med fokus på lokale mattradisjonar og lokale råvarer til næringsliv, reiseliv, undervisning mm. Møre og Romsdal fylkeskommune løyvde 750 000 kroner frå kap. 551 post 60 til prosjektet «Realisering av Klippfiskakademiet» i 2010. Mål for prosjektet «Frå fjord og jord til bord» Formidle kunnskap om råvarer, matkultur og kortreist mat frå Møre og Romsdal til den oppveksande generasjon. Vere ein forsterkar og eit tilskot til opplæringa i barnehage og skule i heile fylket. Bidra til identitetsbygging og tilhøyrigheit til fylket. Rekruttering til restaurant- og matfag, samt reiseliv, fiskeri- og landbruksnæringa. Bidra til at Møre og Romsdal framstår som eit attraktivt vertskapsfylke for innbyggarar og tilreisande. Målgruppe Førskulebarn og elevar i grunnskulen i Møre og Romsdal. Pedagogisk personale i grunnskulen, SFO og barnehagar i Møre og Romsdal. Lærarar i mat og helse og personale i barnehagar med matservering. Vidaregåande skuleelevar, lærarar og elever ved restaurant- og matfag. Aktivitet (sjå også vedlegg) Maritim dag på Tueneset for førskulebarn og opp til 10. klasse. Kokkekamp for 9. klasse Kokk på hjul til barnehagar i alle kommunane i fylket. Kurs for mat- og helselærerar. Deltaking på Sunnmørsfinalen i Innovasjonscamp for Ungt Entreprenørskap.

Deltaking, formidling og utdeling av bl.a. fiskekaker på ulike arrangement/festivalar/butikkar kor barn og unge er til stades. Klippfiskakademiet AS er prosjekteigar, og styret er ansvarleg for hovudprosjektet. Prosjektleiar er Mette Marie Scott-Dahl, spesialpedagog og faglærar i ernæring, helse- og miljøfag med 16 års erfaring frå undervisning i mat og helse i ungdomskulen. Arbeidsgruppe Mindor Klauset, kokk og dagleg leiar ved Klippfiskakademiet Ruth Marit Pettersen, kokk- og servitørutdanna og fungerande «kokk på hjul» Kirsti Indreeide, matansvarleg og rådgjevar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal Samarbeidspartnerar (sjå også finansieringsplan) Borgund VGS avd. Restaurant- og matfag Barne- og ungdomsskoler i Møre og Romsdal fylke Marint kompetansesenter (tidlegare FiskOK) Opplæringskontoret for Hotell, Restaurant- og Matfag i Møre og Romsdal Atlanterhavsparken Ålesund Akvarium Ålesund kommune Sunnmøre Regionråd, Oppvekst og Ungt Entreprenørskap NHO Gjensidigestiftelsen Budsjett 2015-2016* 2016-2017 2017-2018 SUM Løn 1 344 000 1 408 000 1 408 000 4 160 000 Råvarer til undervisning 60 000 91 875 91 875 243 750 Undervisningsmateriell 30 000 30 000 30 000 90 000 Bil - hjul til kokken 75 000 100 000 100 000 275 000 Overnatting/kost kokk på hjul 35 000 30 000 30 000 95 500 Kontorkostnader 35 000 25 000 25 000 85 000 Lokalleie 122 000 122 000 122 000 366 000 Kokk på hjul kjøkkenutstyr 20 000 15 000 15 000 50 000 Kurs, oppdatering 20 000 20 000 20 000 60 000 Rekneskap 50 000 50 000 50 000 150 000 Diverse 124 000 110 625 110 625 345 250 Totalt 1 915 000 2 002 500 2 002 500 5 920 000 *2015-2016: finansiert

Finansieringsplan 2015-2016* 2016-2017 2017-2018 Totalt Møre og Romsdal fylkeskommune 500 000 500 000 500 000 1 500 000 Fylkesmannen M&R, BU 50 000 50 000 50 000 150 000 Landbruks- og matdepartementet 100 000 0 0 100 000 Nærings- og fiskeridepartementet 200 000 400 000 400 000 1 000 000 Miljødirektoratet, 200 000 - - 200 000 Opplæringskontor for Hotell, restaurant- og matfag 10 000 20 000 20 000 50 000 Norges Råfisklag 30 000 30 000 30 000 90 000 Ocean Supreme 20 000 20 000 20 000 60 000 Myklebust Hvalprodukter AS 10 000 10 000 10 000 30 000 Nor Seafoods AS 15 000 15 000 15 000 45 000 Sparebanken Møre 100 000 100 000 100 000 300 000 Norges Sildesalgslag 10 000 10 000 10 000 30 000 Stiftelsen Kjell Holm 100 000 200 000 200 000 500 000 NHO reiseliv 20 000 50 000 50 000 120 000 Gjensidigestiftelsen 400 000 400 000 400 000 1 200 000 Deltakaravgift 2500 barn *20 kr 20 000 50 000 50 000 120 000 SUROFI 100 000 100 000 100 000 300 000 Eigeninnsats Klippfiskakademiet 30 000 47 500 47 500 125 000 Totalt 1 915 000 2 002 500 2 002 500 5 920 000 *2015-2016: finansiert Sidan dei fleste instansar gjev støtte med førehald om fullfinansiering og lokal forankring, vert det søkt om midlar til finansiering for skuleåret 2016/2017. Samtidig vert det fortløpande jobba med lokal forankring i det lokale næringsliv innan både reiseliv, fiskeri og landbruk. Vurdering Kunnskap om mat- og mattradisjonar er mangelfull i Møre og Romsdal. Det er anslått at 70 prosent av mat- og helselærarar innanfor skuleapparatet står utan formell kompetanse. Samtidig har mat vorte ein «trend», og mat og mattradisjonar er viktig for samhald, fellesskap og tilhøyrigheit hos folk. Eit godt kosthald påverkar også folkehelsa på ein positiv måte. I 2013 gav Møre og Romsdal fylkeskommune 100 000 kroner i støtte frå Tiltaksfondet til forprosjektet «Fisk og tradisjonsmat til barn og unge». Forprosjektet hadde som mål å lage tilbod og aktivitetspakkar som formidla kunnskap om lokal matkultur, lokale råvarer og den positive helsemessig effekten ved å ete rett og sunn mat. Målgruppa var barn og unge, og aktivitetspakkane vart testa ut på over 700 barn og unge i Ålesund og Sula. Alle aktivitetspakkane vart forankra i ramme- og læreplanar for skulane og barnehagane, og dekka lærings- og kompetansemål i mat- og helse, naturfag og samfunnsfag. Hovudprosjektet «Frå fjord og jord til bord» er ei vidareføring av dette forprosjektet, og har heile fylket som nedslagsfelt. Prosjektet har ei varigheit på tre

år og følgjer skuleåret. Hovudprosjektet hadde oppstart august 2015, og Møre og Romsdal fylkeskommune løyvde 500 000 kroner til år 1. For å kome seg rundt i fylket er det laga eit konsept som har fått namnet «Kokk på hjul». Dette konseptet går ut på at kokken tek med seg alt utstyr og mat og reiser til dei skulane/barnehagane som av ulike årsakar ikkje kan kome til Klippfiskakademiet. I januar 2016 vart det ansatt ein kokk i 50 prosent stilling i "kokk på hjul". Denne stillinga skal aukast til 100 prosent frå og med august 2016. Innan sommaren er det eit mål at «kokk på hjul» skal ha vore innom alle barnehagane i fylket. Det er eit ønskje at dette formidlingstilbodet skal vere tilnærma gratis for målgruppene. Hovudprosjektet skal derfor legge grunnlag for ei finansiering etter prosjektslutt. Tanken er at Klippfiskakademiet og lokalt næringsliv skal stå for finansiere av formidlingsarbeidet på sikt, og ein viktig del av prosjektet går derfor til å foranke prosjektet i lokalt næringsliv. Til no er det fiskerinæringa som har respondert på prosjektet jf. finansieringsplan. I nyheitssak på NRK Møre og Romsdal 20. april kjem det fram at NFD støttar prosjektet med 300 000 kroner i år (http://www.nrk.no/mr/far-penger-for-a-fortsette-a-laere-vekk-gode-matvaner- 1.12910212). Totalbudsjett for prosjektet er på 5 920 000 kroner for alle åra. Første året vart fullfinansiert i løpet av forprosjektperioden, og det vert no søkt om finansiering av år 2. Då mange finansieringspartar/samarbeidspartnerar kun gjev tilsegn for eitt år i gongen vert det søkt om finansiering for kvart år. Budsjett og finansieringsplan for heile perioden er likevel sendt inn. Av budsjettet ser vi at ca. 70 prosent av oppførte utgifter er løn (prosjektleiar, kokk på Klippfiskakademiet, kokk på hjul og administrasjon). Samtidig ser vi at fylkeskommunen er ført opp med 500 000 kroner i tre år, eller 25 prosent av utgiftene i prosjektet. Finansieringa alle tre åra tek høgde for maksimal offentleg finansiering med opptil 50 prosent. Klippfiskakademiet AS står som eigar av prosjektet, og styret vil vere prosjektansvarleg. Likviditetsgraden til Klippfiskakademiet vert vurdert som svak jf. proff.no, og prosjektet vert vurdert til å vere avhengig av eksterne midlar frå offentlege og private for å ha moglegheit til å gjennomføre den planlagde aktiviteten. Prosjektet tek også inn over seg at det i prosjektperioden må jobbast med å få på plass finansiering ved prosjektslutt, og det er planer for at dette kan gjerast ved støtte frå næringsliv og eigne midlar. Sidan Klippfiskakademiet AS er eigar av prosjektet er søknaden vurdert i høve reglane for offentleg støtte etter EØS-avtalen, bl.a. ut frå at Klippfiskakademiet AS er einaste aktive deltakar i prosjektet. Regional- og næringsavdelinga vurderer prosjektet som tilretteleggjande tiltak, og konkludert dermed at søknaden ikkje vert omfatta av EØS-regelverket. Det var fleire møter mellom regional- og næringsavdeling, utdanningsavdeling og kulturavdeling i fylkeskommunen, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samband med år 1 av prosjektet. Utdannings- og kulturavdelinga var svært positiv til søknaden, men hadde ikkje eigne midlar å bruke til denne typen prosjekt.

Fylkesmannen var også positiv, og klarte å få til ei finansiering etter at eit anna prosjekt ikkje let seg gjennomføre. Prosjektet er forankra i Handlingsprogram Verdiskaping 2015, resultatmål 8, og tiltak knytt til synleggjering av sjømatfylket Møre og Romsdal. Prosjektet er også laust knytt til resultatmål 6, og tiltak som går mot ei satsing på lokalmat frå grøn og blå sektor gjennom at leverandørane i dette prosjektet vil vere dei same matleverandørane som skal satsast på i reiselivsamanheng. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune ved regional- og næringsutvalet løyver Klippfiskakademiet eit tilskot frå dei regionale utviklingsmidlane, kap. 551 post 60, på inntil 500 000 kroner for finansiering av andre året av prosjektet «Frå fjord og jord til bord». Tilskotet er avgrensa til 25 prosent av totalt kostnadsoverslag på 2 002 500 kroner. Det er ein føresetnad at prosjektet vert fullfinansiert. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Vedlegg 1 Foreløpig prosjektrapport - august 2015 til mars 2016 2 Formidlingspakke - Fra fjord og jord til bord Bergljot Landstad regional- og næringssjef