HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200812559-6 Arkivnr. 146 Saksh. Grude, Nils Egil Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.01.2009 22.01.2009 SØKNAD OM TILSKOTT TIL TILGJENGETILTAK I KOMMUNE- SEKTOREN (BRA-MIDLAR) FOR 2009 OG PRIORITERING AV SØKNADER SAMANDRAG Også for 2009 har staten løyvd midlar til tilskott til tilgjengetiltak i kommunesektoren, tidlegare nemnt BRA-midlar. For 2009 er det løyvd til saman 56 mill. kr. Frå Hordaland er det fylkeskommunen, Bergen kommune og pilotkommunen Stord som er invitert til å søkje om statlege midlar. Fristen for søknader til denne ordninga er sett til 5. januar 2009, og fylkeskommunen si prioritering av alle søknadane i Hordaland er sett til 28. januar. For å få statleg tilskott til tilgjengetiltak i kommunesektoren er det eit krav om eigenandel på minst 25 % av dei totale kostnadane av tiltaka. Del 1 av denne saka omhandlar krav til søknadane og nærare omtale av tiltak det vert søkt om frå Hordaland fylkeskommune. Del 2 omhandlar søknadane frå Bergen og Stord kommunar og i tillegg til fylkeskommunen si prioritering av søknadane i Hordaland. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet søkjer om tilskott frå den statlege ordninga for tilgjengetiltak i kommunesektoren til følgjande tiltak: Kurs i universell utforming for sjåførar, Pilotprosjekt for sanntidsinformasjon, Oppgradering av haldeplassar på fylkesvegar, Ruteinformasjon tilpassa universell utforming og Før- og etterundersøkingar på Åsane og Loddefjord terminalar og Bystasjonen.
2. Når det gjeld eigenandelen til oppgradering av haldeplassar på fylkesvegar, inntil 3 mill. kr., vedtek fylkesutvalet å løyve den summen som tildelinga i Vegdirektoratet måtte utløyse. Når det gjeld eigenandelen for dei fire andre tiltaka legg fylkesutvalet til grunn at desse vert dekka inn slik det framgår av saksutgreiinga. 3. Fylkesutvalet tilrår slik prioritering av søknadane om tilskott frå den statlege ordninga for tilgjengetiltak i kommunesektoren frå Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Stord kommune: Prioritet Tiltak / Prosjekt Søkjer Kostnad i tusen kr. 1 Pilotprosjekt for sanntidsinformasjon Hordaland fk 8,000 2 Kartlegging av status for fire stamlinjeområder Bergen kommune 2,000 3 Oppgradering av haldeplassar på fylkeskom. Hordaland fk 12,000 vegar 4 Ledelinjer og lys i Leirvik sentrum Stord kommune 2,737 5 Kurs i universell utforming for sjåførar Hordaland fk 75 6 Tilgjengekart for fire bydelar i Bergen Bergen kommune 1,200 7 Før- og etterundersøkingar på Åsane og Hordaland fk 565 Loddefjord terminal og Bystasjonen 8 Ruteinformasjon tilpassa universell utforming Hordaland fk 1,500 Paul M. Nilsen Magnus Vestrheim Vedlegg: -Brev av 27.10.08 frå Statens vegvesen Vegdirektoratet Invitasjon til å søkje om midlar. - Kopi av brev av 22.12.08 frå Stord kommune til Statens vegvesen Region vest. - Kopi av brev av 19.12.08 frå Bergen kommune til Statens vegvesen Region vest med vedlegg. - Brev av 08.01.09 frå Rådet for personar med nedsett funksjonsevne - Brev av 07.01.09 frå Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Hordaland 2
FYLKESRÅDMANNEN, 02.01.2009: Bakgrunn for saka Også for 2009 har staten løyvd midlar til tilskott til tilgjengetiltak i kommunesektoren, tidlegare nemnt BRA-midlar. For 2009 er det løyvd til saman 56 mill. kr. Som tidlegare år er det utvalde kommunar, fylkeskommunar og Miljøverndepartementet sine pilotkommunar som kan søkje om tilskott frå ordninga. I Hordaland søkjer i tillegg til Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune også Stord kommune som er ein av pilotkommunane. Frist for søknadane er sett til 5. januar 2009 og fylkeskommunen si prioritering av alle søknadane i Hordaland er sett til 28. januar. Med bakgrunn i m.a. møteplanane til samferdselsutvalet og fylkesutvalet og dato for mottak av brev frå Statens vegvesen Vegdirektoratet, 5. desember 2008, har det ikkje vore mogleg å handsame forslaga til søknader om tilskott til tilgjengetiltak for 2009 innan søknadsfristen 5. januar 2009. Søknadene vil difor bli lagt fram for handsaming i samferdselsutvalet 14. januar 2009 og i fylkesutvalet 22. januar. Brukarorganisasjonane vart i brev av 22.12.08 orientert om søknadane frå Hordaland fylkeskommune i sin heilskap. Undervegs i arbeidet med søknadane er fylkesrådet for personar med nedsett funksjonsevne blitt halde særskilt orientert. Organisasjonane sine forslag til prioritering av fylkeskommunen sine søknader ligg ved saka (sjå vedlegg). Søknadane vert sendt til regionvegkontora som sender sine tilrådingar vidare til Vegdirektoratet innan 3. februar 2009. Vegdirektoratet i samråd med Samferdselsdepartementet kjem med si avgjerd innan 3. mars og søkjarane vil få melding om eventuell tildeling innan 31. mars. Del 1 av denne saka omhandlar kva det kan søkjast om av tiltak og kva for tiltak det vert søkt om frå Hordaland fylkeskommune. Del 2 er fylkeskommunen si tilråding til prioritering av søknadane i Hordaland. DEL 1 Søknader frå Hordaland fylkeskommune Vilkår for søknader for 2009 Fylkeskommunane kan berre søkje om tiltak som ligg på/ved fylkesvegar eller som fylkeskommunen eig/har ansvar for. Det vert lagt vekt på at prosjekt som ein søkjer om statleg delfinansiering til skal innehalde enkle og kostnadseffektive løysingar. Det vert vist til at prioritet vil bli gitt til: Prosjekt på trafikktunge strekningar og i knutepunkt Prosjekt som byggjer opp om statleg satsing Tiltak som forbetrar heile strekningar Tiltak der brukarmedverknad er godt ivareteke. Tiltaka som det vert søkt om skal planleggjast og/eller gjennomførast i samarbeid med dei funksjonshemma sine organisasjonar. For å få statleg tilskott til tilgjengetiltak i kommunesektoren er det eit krav om eigenandel på minst 25 % av dei totale kostnadane av tiltaka, og forpliktande politiske vedtak for lokal eigenandel skal følgje med søknadane. Søknader frå Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune søkjer om tilskott til 5 ulike tiltak for å betre tilgjenget til kollektivtransporten i Hordaland. Nedanfor følgjer ein oversikt over søknadane frå Hordaland fylkeskommune: 3
Kurs i universell utforming for sjåførar Dette kursopplegget er eit godt utprøvd kurs som har blitt nytta m.a. i Rogaland for at sjåførar skal få kjennskap til m.a. kva slags utstyr ein sjåfør kan nytte seg av både på og utanfor bussen, og kva det vil seie å vere kollektivpassasjer med funksjonshemming etc. Kurset er føresett kjørt for om lag halvparten av sjåførane på linje 2, dvs. ca. 50 sjåførar i 2009. Den andre halvparten av sjåførane på linje 2 vil ein kurse i 2010. Totalkostnad for kursopplegget er kostnadsrekna til kr. 75.000. Den fylkeskommunale eigenandelen vil bli dekt inn over Skyss sitt budsjett. Pilotprosjekt for sanntidsinformasjon Hordaland fylkeskommune ved Skyss ønskjer å få sett i gang eit prøveprosjekt med sanntidsinformasjon i form av skjermbilete og lyd som kan utnytte det som ligg av elektronikk i det nye billetteringssystemet. Ein har difor valt å teste ut sanntidsinformasjonssystemet på dei største haldeplassane på busslinja som går frå Austevoll til Bystasjonen og som allereie nyttar det nye billettsystemet. Berekna totalkostnad for dette pilotprosjektet er 8 mill. kr. I desse kostnadane inngår innløysing av opsjon i det nye billetteringssystemet og teknisk / elektronisk tilpassing som ville framkome uansett kvar ein starta opp med piloten. Pilotprosjektet er meint å vere eit prosjekt for å teste ut korleis ein skal gå vidare med sanntidsinformasjonssystemet på dei større stambusslinjene og Bybanen. Fylkestinget løyvde i juni 2007, sak 26/07, 5 mill. kr. til informasjonstiltak på haldeplassar og den fylkeskommunale eigenandelen på inntil 3 mill kr. kan difor dekkjast inn over tidlegare løyvde midlar. Oppgradering av haldeplassar på fylkesvegar Hordaland fylkeskommune søkjer om tilskott til oppgradering av dei tyngste busshaldeplassane på fylkesvegane innan Bergen. Berekna kostnad pr. haldeplass er ca. kr. 400.000 og det vert søkt om oppgradering av 15 haldeplassar, i begge retningar. Totalkostnad for 30 oppgraderingar vert ca. 12 mill. kr. og ved eventuell statleg tilskott til oppgradering av alle desse haldeplassane vert den fylkeskommunale eigenandelen 3 mill. kr. Eigenandelen vert å dekkje inn ved ei styrking av fylkesvegbudsjettet etter vedtak om tildeling i Vegdirektoratet i mars 2009 er kjent. Ruteinformasjon tilpassa universell utforming Målsettinga med dette prosjektet er å få utarbeidd informasjon til dei reisande på terminalar og haldeplassar som er universelt tilpassa. Døme på dette er lokalområde-kart, rutekorridor-kart, spesifikk informasjon om bussruter på den einskilde haldeplass, tidtabell og skilt med namn på haldeplassar. Det blir vurdert å starte med ei av stamlinjene i Bergen som pilot. Kostnaden for dette prosjektet er berekna til om lag 1,5 mill. kr. Den fylkeskommunale eigendelen på innttil kr. 375.000 vert å dekke inn over midlar for informasjonstiltak på Skyss sitt budsjett for 2009 og 2010. Før- og etterundersøkingar på Åsane og Loddefjord terminalar og Bystasjonen Hordaland fylkeskommune har til råvelde BRA-midlar, løyvd i 2008, og midlar frå Bergensprogrammet til oppgradering av m.a. bussterminalane på Loddefjord, i Åsane og Bergen Bystasjon til universell utforming. Samla vil det bli stilt 5,8 mill. kr til disposisjon til denne oppgraderinga. Detaljplanlegginga av desse oppgraderingane er no nesten ferdig og sjølve arbeidet vil bli gjennomført i 2009. For å få best mogleg utbytte av vidare framtidige oppgraderingar av eksisterande terminalar til universell utforming ønskjer vi å kartlegge korleis dei ulike brukargruppene av terminalane opplever før- og ettersituasjonen. Skyss har utarbeidd eit opplegg for å gjennomføring av ei slik undersøking. Totalkostnad er rekna til kr. 565.000. Den fylkeskommunale eigenandelen, inntil ca. kr. 141.000 vert å dekke inn over Skyss sitt marknadsføringsbudsjett for 2009. 4
Fylkesrådmannen sine merknader Fylkesrådmannen er oppteken av at Hordaland fylkeskommune skal følgje opp fylkesdelplanen Deltaking for alle Universell utforming for 2006-2009 og at ein difor søkjer om statlege tilskott til å oppnå måla i fylkesdelplanen. For å kunne dekke inn dei fylkeskommunale eigenandelane har ein funne plass innanfor fylkeskommunale budsjett for 4 av søknadane. Men for det største prosjektet, oppgradering av dei 15 viktigaste haldeplassane på fylkeskommunale vegar, må det løyvast inntil 3 mill. kr. Eg rår til at fylkesutvalet vedtek å dekke dei eigenandelar som søknaden om opprusting av haldeplassar på fylkesvegar måtte utløyse, og at fylkesutvalet kjem attende til løyvinga av eigenandelen, som ei styrking av fylkesvegbudsjettet, etter at vedtaket om tildeling i Vegdirektoratet i mars 2009 er gjort. DEL 2 Søknader frå Bergen og Stord kommune og prioritering av søknader Søknader frå Bergen kommune Kartlegging av status for tilgjenge for fire stamlinjeområder Bergen kommune søkjer om tilskott til kartlegging av status for tilgjenge i områda for stamlinjene. Dette gjeld for desse fire stamlinjene / områda: Sentrum Åsane Terminal Sentrum Nattland Sentrum Fyllingsdalen (Oasen) Sentrum Loddefjord Terminal Kostnad for denne kartlegginga av statusen i høve universell utforming er berekna til kr. 500.000 pr strekning. Total kostnadsramme vert 2 mill. kr. I den utfyllande informasjonen i søknaden frå Bergen kommune heiter det (sjå og vedlegg): Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen har gjennom Bergensprogrammet finanisiert opprusting av holdeplasser langs linje 2 (Nattland-Sentrum). Det er ønskelig å oppgradere holdeplasser til universell utforming langs alle stamlinjetraséer og trasé for Sentrumsbuss. Vi er nylig blitt kjent med at Hordaland fylkeskommune / Skyss arbeider med å sikre standard på 18 cm fortaushøyde på holdeplasser / busslommer. Vi ser for oss at vi også kan ha slik standardisering som forutsetning i våre omsøkte tiltak. Det er naturlig at en i forkant av slik oppgradering kartlegger tilgjengligheten på og omkring holdeplassene (naturlig gangavstand til holdeplasser er ca 600 m (tall fra Bybanen)). Bergen kommune er oppmerksom på at selve stamrutetraséne går på riksveg, men finner det uansett viktig å kartlegge tilgjengligheten frem mot holdeplasser og knutepunkt langs stamrutetraséen. Bergen kommune poengterer at selve kartleggingsområdet er utenfor selve riksvegen og derfor innenfor mandat for bruk av BRA-midler også sett i lys av at kartleggingen tar for seg den helhetlige reisekjeden til brukeren; fra hjem til kollektivpunkt til arbeidsplass / skole. Tilgjengekart for 4 bydelssentra Bergen kommune søkjer vidare om tilskott til tilgjengekart for 4 bydelssentra, Oasen, Åsane, Indre Arna og Loddefjord. Dette er tiltak meint for svaksynte, og som det m.a. framgår av sjølve søknaden: Mål: Forbedre informasjon om tilgjenglighet i. bydelssenter. - Tiltak: Registrere framkomlighet og utarbeide kart som viser tilgjenglighet for bevegelseshemmede i sentrale deler av.bydelssenter. - Forventet effekt: Gjøre det lettere å planlegge kjøreruter i. bydelssenter. 5
I søknadane for desse tilgjengekarta vert det vist til at Bergen kommune i 2006 fekk BRA-midlar til å utarbeide tilsvarande kart for Bergen sentrum og at ein no ønskjer å vidareføre dei positive erfaringane med tilgjengekart til dei 4 bydelssentra. Kostnad for kvart av desse tilgjengekarta er berekna til kr. 300.000 og totalkostnaden vert då kr. 1.200.000 for dei 4 tilgjengekarta. Samanlagt søkjer Bergen kommune om prosjekt med kostnad 3,2 mill. kr og går inn med 0,8 mill. kr. i eigenandelar. I oversendingsbrevet frå Bergen kommune (sjå vedlegg) vert det vist til at eigenandelen for tiltaka vil bli dekt av Bergen kommune innanfor kommunen sitt bidrag til finansiering av Bergensprogrammet. Søknad frå Stord kommune Stord kommune som er ein av Miljøverndepartementet sine pilotkommunar når det gjeld universell utforming søkjer om statleg tilskott til ledelinjer og lys i Øvre Borggata i Leirvik sentrum fram til busstopp nederst i Borggata og vidare til snøggbåtterminalen (Nattrutekaien) ( sjå vedlegg). Stord kommune fekk i 2007 BRA-midlar i samband med revidering av kommunedelplan for Leirvik sentrum, for å ha eit særleg fokus på infrastruktur og tilgong til offentleg kollektivtrafikk for alle. I 2008 fekk kommunen BRA-midlar for å lage ein heilskapleg plan for ledelinjer i sentrum. Denne planen er venta å ligge føre i januar 2009. Tiltaka som det no vert søkt om er del av denne planen og utgjer til saman 700 meter med legging av granittstein som ledelinje og 23 lyspunkt i Øvre Borggata. Samanlagt er desse tiltaka kostnadsrekna til kr. 2.737.000. Kommunen går inn med kr. 684.250 i eigne ressursar og søkjer om kr. 2.052.750 i tilskott. 6
Fylkesrådmannen sine merknader Prioritering av søknader I arbeidet med fordeling av midlar til universell utformingstiltak skal fylkeskommunane kome med tilrådingar om prioritering av søknader innan eige fylke. I Hordaland er det til saman søknader om tilskott til 14 prosjekt / tiltak. Etter mitt syn er alle søknadane gode søknader og utifrå dei behov ein har for betring av tilkomsten for alle til kollektivtransporten skulle ein gjerne hatt midlar til samtlege 14 tiltak / prosjekt. Når det gjeld søknadane frå Bergen kommune og prioriteringsrekkefølgje vel eg å sjå på desse søknadane som to søknader, og ikkje som 8 enskildsøknader. Nedanfor følgjer mi tilråding til prioritert rekkjefølgje på søknadane frå Hordaland. Prioritet Tiltak / Prosjekt Søkjer Kostnad i tusen kr. 1 Pilotprosjekt for sanntidsinformasjon Hordaland fk 8,000 2 Kartlegging av status for fire stamlinjeområder Bergen kommune 2,000 3 Oppgradering av haldeplassar på fylkeskom. vegar Hordaland fk 12,000 4 Ledelinjer og lys i Leirvik sentrum Stord kommune 2,737 5 Kurs i universell utforming for sjåførar Hordaland fk 75 6 Tilgjengekart for fire bydelar i Bergen Bergen kommune 1,200 7 Før- og etterundersøkingar på Åsane og Loddefjord Hordaland fk 565 terminal og Bystasjonen 8 Ruteinformasjon tilpassa universell utforming Hordaland fk 1,500 7