Ustabilt fjellparti over Lyngheim ved Mannen Statusrapport til beredskapsaktørar 10. November 2014 Utarbeida av geofagleg gruppe, Åknes/Tafjord Beredskap (ÅTB) Samandrag Rapporten omhandlar scenario, faresoner, rørsler, farenivå og etableringa av eit forbetra overvakingssystem. Scenario og faresoner er uendra. Rørslene har gått ned og er no knapt 2 mm i øvre del og litt under 1 mm i nedre del. Vi har hatt raudt farenivå for det aktive fjellpartiet, men fjellet har byrja å stabilisera seg. Ut frå målingane frå slutten av september og fram til i dag har vi valt å setja ned farenivået til gult. ÅTB understrekar likevel at ein langvarig mildvêrsperiode kan gjera området meir ustabilt og føra til større rørsler. Den permanente overvakinga viser ingen auke i rørslene i dei andre delane av fjellpartiet Mannen. Derfor er ingen ting som tyder på at rørslene i det aktive fjellpartiet påverkar stabiliteten i større fjellskredscenario. ÅTB vil vera i gul beredskap i høve til vaktordningar og rutinar for sjekk av data. ÅTB er i gang med forbetring av overvakingsløysinga. Totalt vil dei nye tiltaka føra til auka kunnskapsgrunnlag og ein noko meir robust overvaking. Vi understrekar likevel utfordringa i periodar med mildver i høgda og dårlege målingar. Bakgrunn Ei radarkampanje med bakkebasert radar (InSAR) på Lyngheim, 17.09.14-25.09.14, avdekka at eit parti ved det ustabile fjellpartiet Mannen var i unormal stor rørsle. Arealet vart anslått å vere om lag 4000 m 2, og rørslene var på 2,5mm/døgn i øvre del og 0,5mm/døgn i nedre del. Ei ny radarkampanje starta 06.10.2014. Målingar fram til 22. oktober viste at fjellpartiet flytta seg med høgare hastigheit i forhold til første kampanje, og områda var også større enn først kartlagt. Ein rapport frå Åknes/Tafjord beredskap til Rauma kommune initierte beredskapstiltak. ÅTB innførte økt beredskap som svara til oransje til raudt farenivå for det aktuelle fjellpartiet. Fram til i dag har det vore fleire akselerasjonsfasar med den mest markerte tysdag 28 oktober da delar av område hadde hastigheter på 7-8 cm pr. døgn i ein kortare periode. Etter ein periode med fallande temperaturar har rørslene gått ned og er nå 2 mm pr. døgn i øvre delar og 1 mm i nedre delar. Denne rapporten gir ein status for scenario, faresoner, rørsler, faresoner/risiko og overvakingssystem. Elles viser vi også til geofaglig statusrapport av 22. oktober frå ÅTB. ÅKNES/TAFJORD BEREDSKAP IKS, ØDEGÅRDSVEGEN 176, N-6200 STRANDA ORG.NR.: NO 893 276 882 MVA HTTP://WWW.AKNES.NO
ÅKNES Scenario For å få eit best mulig bilete av det aktive området er det utført analyser av den siste radarkampanjen frå 6. oktober til 29. oktober (Figur 1). Dette stadfestar tidlegare vurderingar av areal. Arealet er estimert til ca. 6.000 m2. Vi har framleis dei same tolkingar av djup til område med store rørsler og volumet av fjellpartiet er vurdert til å vera mellom 70.000 og 120.000 m3. Vi understrekar at det er avgrensa geologisk kunnskap om området, og dette er estimert ut frå arealet som er i rørsle og ei generell vurdering av sprekker og dei topografiske tilhøva. Figur 1. Scenario med totalbevegelse frå 6. til 29. oktober. Rørslene ved punkta er vist i figur 3. Faresoner Faresonene for eit stort skred frå det aktive fjellpartiet er vist i Figur 2. Dei største usikkerheitene er knytt til om skredet kan ta med seg mykje lausmasar når fjellmassane kjem med stor fart og kraft og slår ned i skredviftene ved foten av fjellsida. Dette kan føra til at skredet aukar i volum, at det forandrar dynamikk og kan få lengre utløpslengder. Vi kan ikkje utlukka at gardsbruka ved Lyngheim og Rønningen er innafor rekkevidda av eit skred. Det same gjeld jernbanen. Også høgspentlinjer og fordelingstransformator ved Rønningen kan mogleg vera i utløpssonene for eit større skred. Faresona vi har skissert er basert på forventa rekkevidde av skredet, inkludert ein sikkerheitsmargin. SIDE 2 AV 6
Figur 2. Fareområder for ut skred frå det ustabile fjellpartiet over Lyngheim ved mannen. Rørsler Området har på det meste flytta seg 26-32 cm sidan 6. oktober 2014 (Figur 3). Det er påvist ei klar samanheng mellom nedbør og økt hastighet frå både den første måleperioden i september og seinare frå perioden 6. oktober og fram til i dag. Rørslene har dei siste dagane avtatt og er no knapt 2 mm pr. døgn i øvre del og litt under 1 mm i nedre del. Dette tyder på at skredområdet er i ferd med å stabilisere seg grunna det kalde og stabile veret den siste tida. Den permanente overvakinga viser ingen auke i rørslene i dei andre delane av fjellpartiet Mannen. Derfor er det ingen ting som tyder på at rørslene i det aktive fjellpartiet har påverka stabiliteten i større fjellskredscenario. SIDE 3 AV 6
Det har vist seg at rørslene aukar 10-12 timar etter at ein har fått nedbør i form av regn. Ei eventuell snøsmelting vil truleg også ha same effekt. Klimastasjonen på Mannen kan difor brukast som ein prognose og føre-var signal på eventuelle endringar i det ustabile fjellpartiet. Figur 3. Totalbevegelse sidan 6. oktober. Farenivå Farenivået for det ustabile fjellpartiet blir fatta av den geofaglige gruppa ved Åknes/Tafjord Beredskap. Ut frå rørslene i området har vi vore i rødt farenivå med rørsler opp i 7-8 cm pr. døgn. ÅTB har utarbeida generelle retningsgivande terskelverdiar for dei ulike farenivå for ulike objekt, også Mannen. Dei reduserte hastighetene den siste veka gjer at vi nærmar oss gult farenivå. På bakgrunn av målingane frå slutten av september og dei reduserte rørslene dei siste dagane har vi frå måndag 10. november valt å setja ned farenivået til gult. Vi understrekar likevel at ein langvarig mildvêrsperiode kan gjera området meir ustabilt og føra til større rørsler. Vi vil her også bruka andre klimastasjonar i høgda for å vurdera om mildversperiodane påverkar temperaturen og dermed smelting under snøen. Kvaliteten på målingar og klimadata frå klimastasjonen på Mannen og verprognosar vil avgjera om ein skal heva farenivået eller om usikkerheitene kan føra til at risikoeigarane gjer SIDE 4 AV 6
risikoreduserande tiltak. Vi viser elles til den nasjonale beredskapsplan for fjellskred utarbeida av NVE i samarbeid med ein rekke andre beredskapsaktørar. Overvaking - beredskap ÅTB har i dag berre eit overvakingssystem for det ustabile fjellpartiet, i tillegg til klimastasjonen ved Mannen. Dette er ein bakkebasert radar som måler rørsler på avstandar over 2 km. Systemet har fungert svært godt, men ved snøvêr og når det legg seg snø på fjellsida kan målingane bli ustabile. Vi forventar derfor at vi vil få mindre data på vinterstid, men truleg vil vi få ein del punkt i dei brattaste partia. Vi er også usikre på datakvaliteten når ein har snøsmelting og om vi har gode punkter/flater på fjellsida som gir pålitelege målingar. Vi har tidlegare understreka at vi i dag ikkje har eit fullgodt overvakingssystem for å ha kontroll med situasjonen under vekslande vêrtilhøve og snødekke. Det er store praktiske utfordringar å få satt ut andre overvakingssystem direkte på området som er aktivt. I tillegg til overvakingsløysinga krev overvaking og varsling av skred god kunnskap om sjølve skredområdet, og sidan vi nyleg vart klar over dette aktive området har vi avgrensa kunnskap. Vi har difor satt i gang tiltak også for å betra kunnskapsgrunnlaget som er viktig for tolking av skredets oppførsel i periodar med store rørsler. Vi tilrår følgjande tiltak for å betra overvakingsløysinga gjennom vinteren og våren (Figur 4): Straumframføring til radaren ved Lyngheim vil gjera systemet meir stabil og enklare i høve til drift. ÅTB har mobilt dieselaggregat som reserveløysing ved eventuelle straumbrot. Sensorar som fangar opp rystelsar og lyd nært opp til det aktive området oppe på fjellet. Det blir lagt opp til to lokalitetar der den eine har både geofon (rystelsar) og mikrofon (lyd), mens den andre berre har geofon. Systemet har eigen programvare for visning av data og blir ein del av overvakingsløysinga til ÅTB for Mannen. LIDAR scanner kan plasseras ved radar ved Lyngheim. Dette er ein avstandsmålar som scanner fjellsida på same måte som radar, men som treng mindre fjellflate for å måle eit punkt. Oppløysninga for å måle rørsler er rett nok dårlegare. Eigen programvare tar seg av kontinuerlig analyse av data for å finne rørsler. Dette systemet har også utfordringar med snøvêr. Dette instrumentet måler direkte avstand og har betre kontroll på om det har skjedd endringar for eksempel før og etter periodar der ein har dårlege målingar frå radar. Vi har allereie starta fotografering med kamera frå to plasser i Romsdalen, og dette skal gjerast fleire gonger gjennom året. Dette skal nyttast for ei betre karakterisering av området, blant anna rørsle retningar i ulike deler. Bruk av ÅTB sin klimastasjon for å prognosera moglege periodar med rørsler ut frå nedbør og temperatur. Målingane til no indikerer at nedbør i form av regn eller snøsmelting vil auka rørslene 10-12 timar på etterskot. Dette saman med data frå andre klimastasjonar i høgda og prognosar frå meteorologisk institutt kan brukast som ein del av overvakinga dersom vi har dårlege data frå dei andre instrumenta. Totalt vil dei nye tiltaka føra til auka kunnskapsgrunnlag og ein noko meir robust overvakingsløysing. ÅTB understrekar likevel utfordringa i periodar med mildver i høgda og dårlege målingar. SIDE 5 AV 6
Figur 4. Oversikt over eksisterande og nye tiltak for ei forbetra totalløysing for overvakinga. SIDE 6 AV 6