Kommuneplan. Midsund 2020



Like dokumenter
Kommuneplan samfunn. Midsund på veg mot toppen

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Kommunedelplan for oppvekst

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Kommunal planstrategi for Midsund kommune

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Frivilligpolitisk plattform

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Program for Masfjorden Venstre

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Til veljarane i Tysnes

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Frivilligpolitisk plattform

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Kommunal planstrategi for Midsund kommune

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Ål Venstre. Ål Venstre

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Hemsedal KRF Program

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

Program OSTERØY HØGRE

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

BUSTADPOLITISK PLAN FOR MIDSUND

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Politisk program for Jølster KrF

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Resept for eit sunnare FørdeF

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Korleis kan kommunane rundt Setesdalsheiane rigge seg best på næringsutvikling Heiplankonferansen Setesdalsheiane 5-6. juni 2019

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Program for. Årdal Venstre

Kommuneplan Samfunnsdel

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Barnehageplan for Vinje kommune

Finnøy framleis aleine?

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Pedagogisk plattform

Tilskot til friluftsliv

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Sandeid skule SFO Årsplan

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Idrett og fysisk aktivitet

Avdeling for regional planlegging

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

Regional planstrategi

Kommunal planstrategi. Tilrådd av formannskapet den 27/ , sak 97/16. Øystre Slidre rein naturglede!

NASJONAL FOLKEHELSEKONFERANSE. Molde, september Kafedialog 1 Kosthald i Helse i plan, Volda kommune

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar. Bustadseminar Sogn Regionråd

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Transkript:

Kommuneplan Midsund 2020 1

Forord Ei rullering av kommuneplanen har vore etterlengta då samfunnet har endra seg i svært stor grad sidan førre plan vart vedteken. Når no utkast til planen ligg føre, er det med ønskje om at lokalsamfunnet skal finne støtte til sine utviklings- og endringsprosessar i åra som ligg framfor oss. Det verste som kan skje alle planar er at dei vert lagt i ein skuff og gløymd. I prosessen med denne planen har vi invitert til mange ulike møteplassar der innbyggjarane, tilsette, politikarar og næringsliv kunne uttale seg om kvar vi er i dag, og korleis vi saman skal utvikle oss til ei felles ønska framtid. Skal vi kome dit, blir det ei utfordring for oss alle å disiplinere oss til å finne løysingar og svar i tråd med kommuneplanen, og ta denne sine mål og visjonar inn i det vi gjer i kvardagen. I planen er det foreslått ein visjon; Midsund - der du trives! Visjonen skal både vise kva vi er og kva vi ønskjer å strekke oss mot å bli. Det er søkt å finne eit innhald som flest mogleg kan kjenne seg att i; både næringsliv, innbyggjarar, tilsette og innflyttarar. Vi ønskjer at du som lesar gir tilbakemelding på om du kan identifisere deg med denne visjonen, eller om du har eit anna forslag som du meiner er betre. For at verdiane, visjonen og måla i dette dokumentet skal få liv og meining, må mange nok ta dei til seg og gjere dei til sine og agere i samsvar med desse. Vi må lage konkrete handlingsplanar som kan bidra til at vi når dei måla vi set oss. Saman og kvar for oss vil vi då utvikle Midsund til ein enda betre plass å bu. Eg rettar ein særskild takk til dei fire kommunestyrerepresentantane Eva Tangen, Odd Helge Gangstad, Hallstein Solvang og Aslaug Sanden som i planen er brukte som ambassadørar for dei mål og verdiar vi ønskjer heile lokalsamfunnet skal kunne kjenne seg igjen i og slutte opp om. Midsund, 09.03.2010 Helge Orten Ordførar 2

Innhald Kommuneplan...4 Kva er kommuneplanen?...4 Medverknad/prosess...4 Utfordringar...5 1. Oppretthalde busettinga...5 Figur 1; Yngre del av befolkninga...5 Figur 2; Eldre i del av befolkninga...6 Figur 3; Yrkesaktive...6 2. Berekraftig utvikling...6 3. Arealforvaltning...7 4. Samferdsel...7 5. Folkehelse...8 6. Styrke verdiskapinga...8 7. Sysselsetting...9 8. Stå fram som attraktiv med godt omdømme...9 9. Kommunestruktur...9 Gjennomgåande tema i planen...11 Folkehelse...11 Likestilling...11 Integrering...11 Berekraftig utvikling...11 Frivillig innsats...12 Samfunnstryggleik og beredskap...12 Visjon og overordna mål...12 Hovudmål 1...13 Hovudmål 2...14 Hovudmål 3...15 Hovudmål 4:...16 Hovudsatsingsområde...17 3

Kommuneplan Gjeldande Kommuneplan for Midsund vart vedteken i 1994, og skulle gjelde for perioden fram til år 2000. Sidan 1994 har endringar i samfunns- og næringsutviklinga lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt gitt lokalsamfunnet nye og endra utfordringar som til dømes innvandring, eldre befolkning, skifte i lokal ressursforvaltning og næringsliv, endra rammevilkår og samferdsel. Det er difor på tide å oppdatere planen i lys av den utviklinga som har skjedd og dei utfordringar ein står over for i kommande planperiode. Den nye planen har ein 10 års planhorisont, og tek for seg perioden 2010-2020. Planen skal sette mål for ønska samfunnsutvikling og vise korleis ein skal nå måla. Kva er kommuneplanen? Det formelle grunnlaget for utarbeiding av ein kommuneplan er heimla i Plan- og bygningslova, der det m.a. heiter i 11-1. Kommunen skal ha en samlet kommuneplan som omfatter samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Kommuneplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgaver, og bør omfatte alle viktige mål og oppgaver i kommunen. Den skal ta utgangspunkt i den kommunale planstrategien og legge retningslinjer og pålegg fra statlige og regionale myndigheter til grunn. Kommuneplanens samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringer, mål og strategier for kommunesamfunnet som helhet og kommunen som organisasjon. Kommuneplanens samfunnsdel skal være grunnlag for sektorenes planer og virksomhet i kommunen. Den skal gi retningslinjer for hvordan kommunens egne mål og strategier skal gjennomføres i kommunal virksomhet og ved medvirkning fra andre offentlige organer og private. Pbl 11-3. seier at samfunnsdelen i kommuneplanen skal leggast til grunn for kommunens eigen verksemd og for verksemda til statlege og regionale myndigheiter i kommunen. Minst ein gong i løpet av kvar valperiode bør/skal kommunestyret vurdere kommuneplanen samla. Dersom det er nødvendig, skal planen endrast. Medverknad/prosess Til grunn for gjennomføringa av kommuneplanen ligg planprogram, vedtatt av kommunestyret i k-sak 09/ 29 30.04.2009. Det er gjennomført følgjande tiltak for å sikre medverknad og dialog: - Framtidsbilete utvikla av det skotske firmaet Gillespies etter samtalar med representantar frå lokalt næringsliv, ungdom, politikarar og rådmann. - Presentasjon av framtidsbilete i folkemøte på Bygdheim 11.06.2009 - Grendamøte i alle skulekrinsane, 7., 8. og 9.september 2009 - Gruppearbeid ved Midsund Vaksenopplæring for innvandrarar, juni 2009 - spørjeundersøking blant dei tilsette i Midsund kommune - Spørjeundersøking blant utflyttarane, frå april til juni 2009, samt møte med utflyttarar under Midsundfestivalen på Midsund Kro 11.07.2009 - dialogmøte for kommunestyret, einingsleiarar og hovudtillitsvalte med val av visjon og mål, 19.11.2009. 4

Utfordringar 1. Oppretthalde busettinga Folketalsprognosen frå Statistisk sentralbyrå viser at ein i framtida må vente nedgang i folketalet i Midsund. Utviklinga blir noko bremsa av innvandring frå utlandet, spesielt tidligare Aust-Europa og Asia. Talet på vaksne og eldre i befolkninga aukar. Auken gjeld både forventa leveår og relativ del av folketalet. Dette gir fleire pleietrengande og auke i del leveår med omsorgsintensiv sjukdom som t.d. demens. Ungdom flytter bort vi manglar tilgang på den mest arbeidsproduktive populasjonen i alderen 25-49 år. Mindre del av dei med høgare utdanning blir igjen eller flyttar tilbake etter avslutta utdanning. Kvinneunderskotet blir til ein viss grad kompensert med innvandring frå land utanfor Europa. Større kjøpekraft og forventning til kvalitet på tenester til eldre befolkning aukar presset på tal hender, kvalitet og kostnader i offentlege omsorgstenester. Kommunen står framfor ein kraftig auke i talet på eldre i befolkninga framover ( eldrebølga ). Statlege signal seier at helse- og omsorgstenestene på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå skal samordnast fagleg og ressursmessig. Samtidig skal det leggast meir vekt på førebygging (Samhandlingsreforma). Med ein prognosemodell basert på middels nasjonal vekst, vil ein sjå følgjande utvikling for dei ulike aldersgruppene. Figur 1; Yngre del av befolkninga 0-5 år 250 6-12 år 200 13-15 år 16-19 år 150 100 50 0 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2025 2030 5 Del born i alderen 05 er relativ konstant i planperioden, mens delen eldre born og ungdom minkar. Dette tyder på at barnefamiliar flyttar ut av kommunen gjennom skuleåra, samt at befolkinga vert gjennomsnittleg eldre.

Figur 2; Eldre i del av befolkninga 300 250 200 150 100 67-79 år 80 år og eldre 50 0 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2025 2030 80+ stabilt i planperioden. Det er først og fremst etter år 2020 at ein vil møte den verkelege store eldrebølga. Her er det grunn til å merke seg at det er den eldste gruppa som vekst relativt mest. Figur 3; Yrkesaktive Om sysselsettingsbehovet held seg konstant framover, vil dei som i dag er rundt 45 år halde seg i arbeid lokalt. Dei unge reiser ut, og vi får tap av ungdom med ny kompetanse og mangel på arbeidskraft. 560 540 520 500 480 460 20-44 år 45-66 år 440 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2025 2030 2. Berekraftig utvikling Menneskeskapte klimaendringar gir grunn til å forvente meir ekstremvêr av alle vêrtypar. Ved stigning av havnivået vil vi ha mindre landareal. Miljø som no ligg ved havnivå, vil kunne stå i vatn. Endringar i saltnivå og for stort haustingstempo kan gje utarming av fiskeressursane i nære og fjerne havområde. Framleis stort ferskvassforbruk kan på sikt gjere ferskvatn til mangelvare. Svekking av ozonlaget gir meir strålingsskadar og verker på det biologiske artsmangfaldet. Gjengroing av kulturlandskap grunna mindre beitetrykk gir tap av arter, tilvekst av nye arter endra biologisk mangfald, tap av verdifullt landbruksareal og endra/ tap av kulturlandskap kan bli resultatet. På denne måten kan grunnlaget for reiseliv/ turisme falle bort. Det er ei utfordring å tilpasse viltbestanden næringsgrunnlaget og eit akseptabelt skadeomfang. Dette for å redusere sjukdom gjennom flåttsmitte, sjukdomsutvikling på dyra, skade på dyrka mark og kollisjonsfare etter vegane. Det er ei utfordring å ha ei langsiktig, berekraftig forvalting av areal- og naturressursane. Mangfaldet i naturen er grunnlaget for at vi skal overleve, skape verdiar og trivast. 6

3. Arealforvaltning Det er grunn til å vente større press på bruk av areal. Det er mange politiske vegval å ta; Skal ein prioritere jordbruk, tillate bygging i strandsona, legge til rette for fritidsbustader i fjellområda, fritidsbustader som heilårsbustad og sesongbustad, tilgang til båtplassar, naust, tilrettelagde turløyper og sikra friluftslivsområde? Det er og konfliktar og spenningar mellom forventningane til urørte og utbygde areal. Utflyttarar med arva eigendommar og forventingar til fritidsbustad har andre krav enn dei fastbuande. Det har vore og er framleis for få bustader tilgjengeleg. Vi må bestemme om vi ønskjer ein politikk som tillett folk å bygge der dei sjølv ønskjer, eller om utbygginga skal vere i regulerte område. Det er ulike forventningar til lokalisering av næringsareal, for bruk av nære kystareal til industriformål kontra bustader kontra friluftsformål for allmenta. Det vil vere behov for tilgjengeleg areal for nyetableringar for små einskildføretak og for store industrisatsingar. Det er ønskje om tomter med tilleggskvalitetar i form av nærleik til sjø/ båtplassar, sentrumsbustader, tilrettelagde friluftslivsanlegg i form av løyper og dagsturmål ut i frå dei einskilde bustadfelt, nærmiljømøteplassar/ integreringspunkt. Samstundes skal kommunen legge vekt på ei berekraftig utvikling som gjev lågare forbruk av energi, klimagassar osv. Kommunen pliktar også å ivareta oldtidsminne og kulturminne. Det er ønskje om ungdomsbustader og ungdommelege bustadmiljø, med bustader med tilpassa storleik til ulike livsfasar og privatøkonomi. Mange ønskjer å bu sentralt, men tomteareal og tomteprisar pressar ungdom bort. Mange, og spesielt ungdom, ønskjer seg nye bustadområde med meir spanande arkitektur enn i noverande bumiljø. Det er ei stor utfordring å skape eit spanande og levande sentrum med møteplassar og og tilstrekkelege sørvisfunksjonar for å demme opp for handelslekkasjen til kommunane rundt. Utfordringa er å ha oppdaterte arealplanar med tilstrekkeleg politisk forankring som tek høgde for alle desse ønskja, og tilstrekkeleg fagkompetanse og kapasitet innan kommuneadministrasjonen til å leie ei styrt og ønska utvikling. Det er også viktig med investorar som har tilgjengeleg kapital og risikovilje til å investere lokalt. 4. Samferdsel Midsund er ein øykommune der samferdselsløysingar er av vesentleg interesse for utvikling og busetting. Vesentlege utfordringar framover er fastlandssamband mot Molde og Sunnmøre, gjennom Møreaksen, samt betra buss- og ferjetilbod. Utbygging av gangvegar, sykkelstiar og veglys vil gi ein gevinst både til folkehelsa og miljøet. Slik utbygging vil minske bilbruken og føre til at folk går og syklar til skule, arbeid og ulike aktivitetar. For friluftsliv og turisme er det behov for oppgradering av parkeringstilhøve ved start og stoppunkt for turstiar og dagsturmål. Skilting og merking er også ei viktig oppgåve. Det er viktig å prioritere vedlikehald av eksisterande kommunalt vegnett. 5. Folkehelse 7

Både nasjonalt og lokalt har ein store folkehelseutfordringar knytt til inaktivitet, feil kosthald, røyking, rus, psykiske problem og manglande tilknyting i lokalsamfunnet. Dette er helseproblem som i stor grad har med sosial status å gjere. Problemet er aukande. Det er ei stor utfordring å endre tiltaka frå reparasjon når skade er skjedd til å identifisere og setje inn målretta, kostnadseffektiv førebyggingstiltak til riktig tidspunkt. Samhandlingsreforma tvingar fram meir fokus på dette. 6. Styrke verdiskapinga Det er lokalt, regionalt og nasjonalt identifisert eit stort potensiale knytt til reiseliv/ turisme. Det er lokale ønskje om at dette skal bli ei vekstnæring i Midsund, nært knytte til lokale kulturminne, natur og fysisk aktivitet. Møre og Romsdal fylke har sett fokus på dette og ønskjer å prioritere produktutvikling, marknadsføring og kompetanseauke. Næringsaktørane i Midsund er små, og dei treng nettverk og kompetansestøtte for å ta del i utviklinga. Jordbruksareala i Midsund er nokre av dei mest produktive per m2 i Møre og Romsdal, men færre og færre ønskjer å drive med husdyrhald og jordbruk. Villsauhald er einaste vekstnæringa, men det er framleis mykje meir areal enn det er dyr. I eit langsiktig miljøperspektiv kan lokal/ regional sjølvforsyning bli eit tema. Gjengroing av landskap og avvikling av gardsbruk gir tap av kompetanse og tap av framtidige arbeidsplassar, slik at det heller ikkje skjer nyrekruttering. Tilrettelegging av betre driftsmetodar som gir betre arbeidstidsordningar, mindre einsame arbeidsplassar, styrking av tryggleik og meir oversiktelege driftsrammer for den enkelte, kan medverke til å oppretthalde næringa. Fiske og marine fag, spesielt knytt til oppdrett, er ein framtidig vekstnæring. Geografisk ligg Midsund gunstig til for utvikling av slik næring. Når det gjeld arealplanlegging, må ein ta omsyn til dette. Møre og Romsdal fylke og kommunane rundt ønskjer å vidareutvikle næringar som leverer til gass, olje, offshore- og energiteknologi. Dette er ei muleg vekstnæring for kommunen. Midsund Bruk As representerer ein viktig funksjon i Midsundsamfunnet, og bedrifta er en viktig identitetsfaktor. Bedrifta har ambisjonar om å bli endå meir kompetanse innanfor sitt spesialområde - kompetanse på spesialsveis og konstruksjon av avanserte offshore installasjonar. Ei sentral målsetting er å få til eit sterkare engeneeringsmiljø i Midsund. Midsund kommune er største arbeidsgjevaren i kommunen. Her er mange kvinner sysselsette. Mange har deltidsstillingar innan administrasjon og oppvekst, pleie og omsorg. Økonomiske krisetider med nedskjeringar i det offentlige forbruk, rammar i stor grad kvinnearbeidsplassar i form av mindre stillingar, meir oppsplitta stillingar og tap av fagmiljø. Alle desse faktorane er viktige for å halde på kvinner i distrikta og få tilflytting av barnefamiliar. Midsund kommune har i liten grad næring med utspring i kunst og kulturfag, samt høgteknologiarbeidsplassar/ yrke med ungdomsappell (målt i form av arbeidsplassar lokalt i høve dei mest populære faga frå vidaregåande opplæring og høgskule/ universitet). 7. Sysselsetting På sikt er det utfordrande å skape nok arbeid til alle som ønskjer sysselsetting lokalt med tanke på krav til variasjon i næring, kompetansekrav, eksport/ import/ innland, turisme, reiseliv, jordbruk, fiske, oppdrett/ fiskeforedling. 8

Det er ei sentral utfordring å få fleire og meir varierte kompetansearbeidsplassar, nyetableringar, arbeidsplassar knytte til reiseliv, kultur, teknologi som verkar spennande nok til at ungdom kjem tilbake og satsar her. Det må arbeidast med gründer/ innovasjonstilrettelegging i form av opplæringsaktivitetar retta mot barn, unge og kvinner. Vedvarer noverande flyttemønster, blir det vanskeleg å skaffe nok arbeidskraft i pleie og omsorgssektoren. Midsund Bruk As har planar om ytterlegare satsing innan fornybar energi og vindkraft. Om dei lukkast i sine planer, vil dette gje mange nye mulegheiter og utfordringar til lokalsamfunnet. Det trengs tilrettelagt næringsareal. Vidare blir rekruttering og innlosjering av dei mange arbeidarane i oppbyggings- og driftsfasen ei utfordring. I overkant av 200 personar pendlar ut i frå Midsund, og ca 75 inn til Midsund. Hovuddelen av inn- og utpendling er til Molde (ut ca 150, inn ca 45), Haram, Aukra, Fræna og Ålesund. Det er imidlertid inn- eller utpendling til totalt 21 av 36 kommunar i Møre og Romsdal. 8. Stå fram som attraktiv med godt omdømme Vi har hatt stor tilflytting og innvandring som følgje av stor aktivitet i næringslivet og behov for rekruttering av riktig fagkompetanse. I tillegg kjem familiegjenforening med ekteskap på tvers av landegrenser. Å gå frå eit relativt homogent og oversikteleg lokalsamfunn til eit mangfaldssamfunn med like høve for alle å ta del, gjev mange integreringsutfordringar. Ei stor del av ungdomen reiser ut i løpet av vidaregåande skule, og dei kjem i liten grad tilbake. Dette gjev utfordringar med ei aldrande befolkning, liten tilførsel av ny kompetanse og utarma sosiale, kulturelle og faglege nettverk for ungdom. I kommunen er det mange arbeidsplassar med turnus- og skiftarbeid. Dette gjev store utfordringar i strukturering av lokalsamfunnet. Barnetilsynstilboda i barnehage og SFO må møte etterspurnaden. Ei meir fragmentert befolkning, utan sterke familienettverk rundt seg, treng nye former for sosiale møteplassar for informasjon, demokratiutvikling og sosialisering/ integrering. Kommunen har ingen einsarta identitet, og dette bør ein forsøke å utvikle. 9. Kommunestruktur Eit mykje omsnakka tema i rikspolitikken er ønskje om/ behovet for ei samanslåing av kommunar til større einingar. Den nye samhandlingsreforma som tek opp framtidas helse- og omsorgsoppgåver, føreset mellom anne at kommunane i mykje større grad samarbeider tettare om desse oppgåvene, anten i form av samanslåtte kommunar eller tett interkommunalt arbeid. Midsund kommune har til tider problem med å rekruttere fagfolk. Ein del fagområde er administrert gjennom interkommunale samarbeid (pr januar 2010 er Midsund med i 27 ulike interkommunale samarbeid) og kjøp av tenester frå nabokommunar. Dette kan utarme det tverrfaglege miljøet i kommunen, gje lengre veg mellom brukar og tenesteleverandør og 9

kompliserer styring av den kommunale tenestemenyen. Prisen for drift av den einskilde tenesta ser også ut til å auke. Ei utfordring med interkommunal organisering er den lokale demokratiske styringa, og at ein har ikkje administrativ kapasitet til å følgje opp dei ulike interkommunale samarbeid på ein skikkeleg måte. Ein kommunesamanslåingsprosess vil kunne gje meir oversikt og politisk styring over dei totale ressursane, og ta i vare dei komplekse samspelsverkingane av den totale kommunale drifta. Ei ytterlegare utvikling innan interkommunalt samarbeid vil vere ei utfordring. 10

Gjennomgåande tema i planen Folkehelse Folkehelsearbeidet er sektorovergripande og har som mål å utvikle eit samfunn som gjer det lettare for innbyggarane å ta positive val for helse, tryggleik og medverknad. Vi vil sikre gode oppvekst- og levekår, og førebygge sjukdom og skadar i alle aldersgrupper. Tilhøve som påverkar folk si helse ligg i stor grad utanfor ansvarsområdet til helsesektoren. Difor skal det i Midsund leggast vekt på sektoransvarsprinsippet. Folkehelsearbeidet skal ha ei politisk forankring og vere sikra i areal- og samfunnsplanlegginga. Likestilling Med likestilling meiner vi like rettar, plikter og mulegheiter på alle samfunnsområde for alle. I Midsund kommune vil vi ha særleg fokus på at kjønn/ etnisk/ nasjonal/ religiøs bakgrunn ikkje hindrar den enkelte i å realisere sine ønske om utdanning, jobb, bustad, fritid, kultur og oppleving. Born og unge sine ønske og behov skal leggast til grunn for all planlegging. Likeeins skal vi ha fokus på at vi korkje direkte eller indirekte, diskriminerer nokon. Ingen skal diskriminerast på grunn av politisk syn, medlemskap i organisasjonar, kjønn, seksuell orientering, nedsett funksjonsevne, etnisitet, hudfarge, språk eller andre forhold som kan opplevast som diskriminerande. Under dette kjem og universell utforming. Med universell utforming meiner vi at produkt, tenester og miljø skal ha ei slik utforming at dei utan spesiell tilpassing eller utforming kan nyttast av alle menneske. Arbeidet med universell utforming skal vere tufta på ei heilskapleg tenking og tilnærming. Her er brukarperspektivet og brukarmedverknaden sentral. Integrering Vi ønskjer at innvandrarar i vårt lokalsamfunn må tilpasser seg det samfunnet dei kjem til, men majoritetssamfunnet må òg gjere tilpassingar for at innvandrarane skal finne seg til rette. Verkemiddelet for å oppnå ei slik integrering vil vere dialog om måla, samt valfridom og like høve til å nå dei måla ein sjølv set seg for deltaking i arbeid, politikk og sosialt liv. I Midsund kommune skal alle innbyggarane ha like mulegheiter til personleg utvikling og livsutfalding. Arbeidet skal vere sektorovergripande. Den enkelte sektor skal ta ansvar for sitt område i saksførebuingar, utforming av politikk og planlegging. Vi må arbeide for å finne konkrete løysingar der samfunnet tek omsyn til at sjølv om vi menneske er ulike og har ulike føresetnader, er vi like verdifulle. Berekraftig utvikling Ønske om ei langsiktig, berekraftig forvalting av areal- og naturressursane skal vere grunnlaget for heilskapleg areal- og miljøvernpolitikk i Midsund kommune. Mangfaldet i naturen er grunnlaget for at vi skal overleve, skape verdiar og trivast. Vi skal i planperioden arbeide for å stanse tapet av biologisk mangfald og for å unngå uønska inngrep i sårbare område, som t.d. strandsona og fjellområda. Vi skal følgje opp internasjonale og lokale klimatiltak. 11

Frivillig innsats Utan eit sterkt sivilsamfunn der enkeltmenneske saman arbeider til gode for lokalsamfunnet, kan vi ikkje lykkast i arbeidet for å skape eit aktivt og engasjerande lokalsamfunn. Gjennom frivillig arbeid kan folk delta i meiningsfylt og samfunnsnyttig verksemd. Frivillige organisasjonar yter uvurderlege bidrag til samfunnet gjennom omfattande ulønna innsats. Verdien av denne innsatsen er enorm. Frivillig verksemd er i endring, blant anna på grunn av moderniseringsprosessar og ei generell individualisering i samfunnet. Dette gjer at den frivillig aktiviteten er under press. For å oppretthalde ein omfattande frivillig innsats i kommunen, er det viktig med samhandling og samarbeid mellom frivillige organisasjonar, næringslivet og det offentlege. Gode møteplassar er viktige i den samanheng. Samfunnstryggleik og beredskap Med samfunnstryggleik meiner vi samfunnet si evne til å ivareta liv, helse og grunnleggande behov og samfunnet si evne til å oppretthalde viktige samfunnsfunksjonar under ulike påkjenningar. Ein føresetnad for god samfunnstryggleik er målretta førebygging av uønska hendingar og god beredskap for å redusere skadeverknadene når noko likevel går gale. Lokal kreativ ungdom skaper liv og røre i Brokvika (foto Odd Fremstedal, Øyavis) Visjon og overordna mål Visjon: Midsund der du trives! 12

Hovudmål 1 Midsund kommune skal ha høg trivsel og høgt nivå på helse og levekår Midsund kommune skal: - ta folkehelseutfordringane på alvor, og arbeider med å minske dei sosiale skilnader til helse - stimulere til frivillig innsats - styrke førebyggjande innsats - styrke identitet og tilknyting - legge aktivt til rette for norsk-, lokalsamfunns- og demokratiopplæring for innvandrarar - utvikle sosiale møteplassar - legge til rette for medverknad og lokaldemokrati - legge til rette for aktive eldre - skape tryggleik for omsorgstrengande og gi dei riktig hjelp når det trengs - legge til rette for auka eigenmeistring og hjelp til sjølvhjelp i våre brukarretta tilbod - gi full barnehagedekning, og eit barnehagetilbod med opplevd kvalitet i tråd med brukarane sine ønskje og med lovverket - ta vare på og utvikle den lokale kulturen og medverke til utvikling av lokal kultur og eigenart - ha eit opplevd kvalitetstilbod innan opplæring, der elevane får tilpassa opplæring, kulturelle opplevingar og auka sosial kompetanse. - ha nok plassar med heildøgns omsorgstilbod - gi omsorg med utgangspunkt i brukarane sine ressursar, slik at brukarane opprettheld integritet og sjølvstende - Skape eit oppvekstmiljø med rusfrie arenaer, slik at ingen treng ta skade av eige eller andre sitt rusmisbruk - Sikre og utvikle areal til lågterskel friluftslivsaktivitet og auka sykkelbruk lokalt Hels på innbyggjaren vår Eva den gjestfrie; Ho er gjestfri og tolerant, open, inkluderande, verdi- og mangfaldsorientert. Ho tek ansvar for seg sjølv og sitt, men inviterer gjerne andre inn i fellesskapet. Du finn mange som ho mellom anna i Otrøy sanitetslag. Otrøy sanitetslag lærer innvandrarkvinner å lage norsk fiskemat (foto Odd Fremstedal, Øyavis) 13

Hovudmål 2 Midsund kommune skal ha eit variert, attraktivt og velfungerande næringsliv Midsund kommune skal: - utvikle reiselivsnæringa - auke bruken av jordbruksareal til aktivt jordbruk og skogbruk eller til reiselivsformål - skape grunnlag for nye næringar til dømes innan alternativ energi som vindkraft etc - vidareutvikle maritime næringar - tilrettelegge attraktive tomter for utbygging til bustad-, nærings- og fritidsbustadsformål - gi rask og forsvarleg saksbehandling - legge aktivt til rette for infrastruktur til næringslivet i form av tomter til næringsformål, It-infrastruktur, vegar og samferdsel ( til dømes Møreaksen) - legge til rette for småskalanæring i form av lokal veksthage og aktivt samarbeid med kompetansemiljø - vidareutvikle samarbeid og kompetanse i fellesskapet Midsund kommune, Midsund Næringslag og Midsund Vekst AS. - legge til rette for gründeropplæring i grunnskulen og vaksenopplæringa - legge til rette for fleire kompetansearbeidsplassar i Midsund, - aktivt marknadsføre våre allereie eksisterande næringsareal Hels på innbyggjaren vår Hallstein innovatøren; Han er nysgjerrig på fakta, utfordrar sanninga, prøver ut nye løysingar og har alltid eit sug etter å finne betre løysingar og ny kunnskap. Han er kreativ, utforskande og nyskapande. Lokalt finn du mange som han mellom anna i Midsund Næringslag og i lokalt kulturliv Midsund kommune har fostra mange framifrå kunstnarar. Her mottek midsundingen Steinar Raknes stipend frå Shell for sitt kunstnariske arbeid (foto Odd Fremstedal, Øyavis) 14

Hovudmål 3 Midsund kommune skal ha ei berekraftig forvaltning av ressursane Midsund kommune skal: - Føre ein aktiv natur- og friluftslivspolitikk - Leggje til rette for at meir av lokaltransport skjer i form av gang-, sykkel- eller kollektivtransport - Utvikle natur- og miljøkunnskapen blant innbyggjarane - Legge til rette for energisparande teknologi til oppvarming av bustader, offentleg eigedom og gatelys. - Leggje til rette for tomteområde for heilårsbustader og fritidsbustader som ikkje rører ved sårbare område - leggje til rette for samfunnsøkonomisk og folkehelseøkonomisk effektiv teknologi, utvikling og logistikk av vatn, avløp, renovasjon, energi og transport. - Sikre attraktivt friluftslivsareal for framtida - Forvalte fiskevatn og andre ferskvatn - Ha ein forsvarleg og berekraftig drikkevasspolitikk - Ha ein forsvarleg viltforvaltning - Utvikle jordbruk- og skogbruksressursane i kommunen Hels på innbyggjaren vår Odd Helge, natur- og miljøvernaren vår. Han er oppteken av at vi ikkje skal bruke meir av naturen sine ressursar enn naturen kan bere. Vi låner naturen og ressursane frå framtidas generasjonar. Difor må vi forvalte den med aktsemd. Han er oppteken av at alle skal ha tilgang til dei gode naturopplevingane, og han meiner det er vår plikt til å forvalte i tråd med dette. Det er mange som han til dømes i Midsund Jegerog fiskeforeining og Midsund Bondelag. Her opnar ordførar Helge Orten saman med Hugo Tingvoll frå Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal ny turveg til Heggdalsvatnet 2009 (foto Odd Fremstedal, Øyavis) 15

Hovudmål 4: Midsund kommune som organisasjon skal vere sørvisorientert, og vere ein attraktiv og helsefremjande arbeidsgjevar Midsund kommune skal: - invitere til samarbeid gjennom medverknad og dialog - ha god kompetanse innan relevant lovverk - vere ein aktiv og bevisst samfunnsutviklar - forvalte lokalsamfunnets ressursar i tråd med politisk styring - ha ei offentleg teneste som er til å stole på - ha ein organisasjonskultur som legg vekt på sørvis, kvalitet og brukarbehov - vere trena på å prøve endringar og finne løysingar - ha fokus på å rekruttere, behalde og utvikle tilsette med riktig kompetanse - legge vekt på tverrfagleg samarbeid og utvikling - legge vekt på å oppmuntre til trivsel og meistring - legge vekt på ansvar og myndegjorte tilsette - sette fokus på internkontroll Hels på innbyggjaren vår Aslaug kommunetilsett; Ho sett fokus på kvalitet, på sørvis og brukarmedverknad. Ho er tolerant i møte med andre og god til å få fram den gode dialogen. Det er ca 200 av oss i dagleg kommunal teneste i Midsund besøk oss gjerne. Otrøy sanitetslag er ein viktig frivillig organisasjon som utfyller kommunen sine oppgåver gjennom allmenne kompetansehevingstilta k og gåvemidlar til brukarretta tiltak. Her leiar Hilda Røberg og Paul Bjørnerem ved gåtreningsrampa som vart gitt i gåve 2009 (foto Odd Fremstedal) 16

Hovudsatsingsområde 1. Folkehelse 2. Samferdsel Vidare oppfølging Overordna strategi og målsettingar vil bli bakt inn i delplanar og økonomiplan i kommande periode. Handlingsplanar blir rullerte kvart år. Hovudrullering av heile planen skjer ein gong per valperiode, neste gong i 2013. For fleire spektakulære bilete frå vår kommune, besøk web-sida; http://namlejne.cz/ Midsund sentrum sett frå høgda ovanfor Ura (foto Jiri Paur) 17