saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 02.02.2016 6596/2016 Henny Totlandsdal Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 02.03.2016 Fylkesrådmannens tilråding 04.03.2016 Fylkesutvalet 15.03.2016 Fylkestinget 11.04.2016 Bompengeprosjekt Tresfjordbrua og Vågstrandtunnelen - vurdering av forsøksordning Bakgrunn Innleiing Figur 1. Kart som viser strekningen Brastad- Vikebukt og Remmen -Vikebukt I brev datert 26.11.2015 frå Samferdselsdepartementet har ein opna for ei prøveordning der ein kan fjerne bompengebetaling rundt Tresfjorden.
Bakgrunnen for brevet til Samferdselsdepartementet er kritikk som er kome frå lokalbefolkninga. Møre og Romsdal fylkeskommune har garantert for bompengelånet til bompengeselskapet og ein nedgang i inntektene som følgje av trafikklekkasje rundt Tresfjorden vil påverke risikoen i forhold til den fylkeskommunale garantien. For å sette i verk prøveordninga må difor Møre og Romsdal fylkeskommune godkjenne denne, i tillegg må Stortinget orienterast med bakgrunn i Stortingsproposisjonen. Om ein gjennomfører prøveordninga vil departementet i dialog med fylkeskommunen gjere ei vurdering av om man skal fjerne bompengar for omkjøringsvegen permanent. Det er ikkje teke stilling til kor lenge prøveperioden skal vare. Organiseringa av bompengeprosjektet er gjort greie for i Prop. 80 S (2011-2012). I proposisjonen ligg det også ei ordning med «omvendt timeregel» (det vil seie at ein køyrer gratis rundt fjorden om ein brukar meir enn ein time på å passere begge bomstasjonane; Skorgen og Skjeggstad) Ordninga sette føre at den passerande har Auto pass brikke. Det er og gratis å køyre inn og ut av Tresfjord med brikke i bilen dersom ein passerer berre ein av bommane. Proposisjonen tek også stilling til lokale politiske vedtak i forhold til for dei som bur på Vågstranda: «Samferdselsdepartementet har merka seg at det i dei lokale vedtaka er bedt om å sjå på fritaksordningar for innbyggjarane på Vågstranda. Ei slik løysing vil strida mot nytteprinsippet som er lagt til grunn for alle bompengeprosjekt. For å redusere den økonomiske belastninga innbygggjarane blir utsette for, er det lokal semje om ein rabattstruktur med forskotsbetaling og rabattar opp til 50 prosent» I lokalmiljøet har denne saka møtt blanda reaksjonar. Medan enkelte er positive til initiativet frå departementet, er det andre som fryktar konsekvensane ved auka trafikk. Saksopplysningar/Innspel Brukarbetaling Bomstasjon Lette kjøretøy Tunge kjøretøy E136 Tresfjordbrua Kr. 90,- Kr. 270,- E136 rundt Tresfjorden: Skorgen Kr. 45,- Kr. 135,- E136 rundt Tresfjorden: Skjeggstad Kr. 45,- Kr. 135,- Kostnadene ved bilbruk vurderast ulikt av trafikantane. Vegdirektoratet opererer med ein privatøkonomisk kostnad på 3,12 kroner pr. kilometer for lette køyretøy. (Kilde: Handbok V712, Konsekvensanalyser.) Det er ei kjensgjerning at transportval blir gjort på bakgrunn av oppfatta kostnad hos trafikanten knytt til dei ulike transportmidla. Ein rapport frå 2007 (Toftegaard) undersøker opplevde kostnader knytt til bilbruk. Med dette er meint den kostnaden som påverkar val av rute og anna transportadferd. Rapporten konkluderar med at den gjennomsnittlege opplevde kostnaden er 1,94 kroner pr. kilometer, men at dette talet er langt lågare enn dokumenterte kostnader pr. kilometer ved bilbruk.
Kryss Brastad til Vikebukt (data er henta frå notatet til SVV sjå vedlegg til saka) Køyretøy Bompengkostnad+ køyrekostnad frå Køyrekostnad rundt Tresfjorden Opplevd køyrekostnad kryss til brua (5 km) Lett 123 (90+33) 93 76 Tung 362(270+92) 268 Tussentunnelen (data er henta frå notatet til SVV- sjå vedlegg til saka) Køyretøy Bompengekostand Ekstra køyrekostand Opplevd køyrekostnad Lett 20 40 37 For Tussentunnelen var ekstra omkøyringskostnad tilnærma det doble av kva det ville koste å nytte tunnelen inklusiv bompengar, kontra å køyre rundt. Når ein tok ned bommane auka trafikken med om lag 15 %. Frå Brastad krysset til Vikebukt er berekna omkøyringskostnad via Tresfjorden 93 kroner medan kostnaden for å køyre Tresfjordbrua er 123 kroner for lette køyretøy. For tunge er omkøyringskostnaden 268 kroner medan kostnaden for å nytte vegen om Tresfjordbrua er kroner 362. For tunge og lette køyretøy vil ein spare om lag 25 % ved å nytte omkøyringsvegen om Tresfjorden kontra vegen om Tresfjordbrua inklusive bompengebetaling. Trafikken i Tussentunnelen auka som nemnd med omlag 15% når denne vart gratis. Dette betyr at mange valde å nytte omkøyringsvegen for å unngå å betale bomavgift på tross av at kostnaden var om lag det dobbelte ved å nytte omkøyringsvegen. Med bakgrunn i dette vil truleg svært mange velje omkøyringsvegen rundt Tresfjorden dersom bommane vert fjerna. Det er forskjellige reaksjonar på forslaget frå departementet i lokalmiljøet. Ei innføring av prøveordninga, samt ei eventuell fjerning av bommane, er i tråd med Vestnes kommune sitt vedtak i sak PS 47/2015 punkt 2, der følgjande vedtak blei fatta: «Vestnes kommunestyre seier nei til bommar på E136 rundt Tresfjorden. Ein krev at Statens vegvesen gjennomfører trafikktelling første kalenderår etter at brua er opna for å dokumentere eventuell spilltrafikk frå hovudprosjektet. Dersom teljinga viser tilnærma liten gjennomkjøring må bomfri veg rundt Tresfjorden bli permanent.» Rauma kommune har i kommunestyre sak 112/2015 den 15.desember 2015 fatta følgjande vedtak: «Rauma kommune sender søknad om fritaksordning for fastboende med adresse 6387 Vågstranda for passering i bomstasjon Våge- E136» I grunngjevinga heiter det at «det ikkje er alternative kjøreruter til nabobygder og kommunesentrum for å nå offentlige tenester og andre viktige servicefunksjonar.
Taksten er også såpass høg at med grunnleggjande reisebehov er det store negative økonomiske verknader for dei fastbuaende. Dette er grundig kartlagt i 2010, reisebehova gjeld fortsatt og vil vare ved i tida framover.» Det blir i kommunen sin søknad til departementet peika på trafikktalla etter opning av veganlegga er langt betre enn tidlegere forventa og ei fritaksordning for innbyggjarane på Vågstranda er økonomisk forsvarleg. Ein reduksjon i vel to hundre passeringer utan betaling for Vågstrandstunnelen har svært liten innverknad på den totale innteninga. Rauma kommune viser til denne sterke oppmodinga om å imøtekome Rauma kommunestyre sitt vedtak for fritak av denne innbyggjargruppa. Dette er vurdert til å vere den siste mulegheita for å oppnå ei avgrensa fritaksordning for innbyggjarane som bur på Vågstranda. Vidare har vi i ein e-post frå styreleiar i Eksportvegen A/S fått følgjande innspel: «Frå bomselskapet Eksportvegen AS si side er det viktig å kunne forhalde oss til premissane lagt av Stortinget i mai 2012. Det er lagt til grunn at lekkasjen utan bommar vil vere opp mot 31 % (Statens Vegvesen sine berekningar frå 2009). Dette kan i værste fall føre til at bilistar over brua og gjennom tunnelen må betale ein høgare takst enn planlagt, eventuelt at betalingstida blir forlenga med 4-5 år (Stortinget og fylkeskommunen som vår garantist har føresett at vi skal kunne nedbetale bompengelånet innan 15 år)» Dei som bur langs vegen er bekymra for kva auka trafikk ei slik prøveordning vil kunne medføre og da spesielt utanlandske vogntog vert det hevda. Etter at vegen gjennom Heggelia vart stengt for gjennomkøyring må all trafikk som køyrer rundt Tresfjorden, både større og mindre køyretøy, passere bustadfelta i Skorgevik. På strekninga forbi bustadfelta er vegen så smal at køyrebana ikkje har gul midtstripe. Auka trafikk forbi dette området, med mange skuleborn som kryssar vegen for å ta buss er ikkje ønskjeleg. Vestnes kommune arbeider nå med reguleringsendring av bustadfelta i Skorgevik 3. Der leggjast det opp til 12 nye bustadstomter, noko som vil auke talet barn og unge i området. Skorgen Vel ser det derfor som eit problem, som i verste fall kan medføre alvorlege ulykker, om gjennomgangstrafikken gjennom Skorgen og rundt Tresfjorden aukar. Vurdering Statens vegvesen har i eit notat belyst nokre vurderingar rundt ei slik prøveordning. Det viser seg ved 3-4 månaders drift at 95% av dei som passerar bomstasjonane, har Auto pass brikke. Betalingsordninga med omvendt timeregel rundt Tresfjorden har vore ein suksess. Det har ifølgje bompengeselskapet ikkje vore klaga på betalingsordninga etter opninga. Ein mogleg nedgang i handel for næringslivet innanfor bommane, er og eit argument som vert nytta. Ein kan og tenke seg at handelen innanfor bommane vil auke. Så det er delte meiningar i lokalsamfunnet for kva konsekvensar ein ser for seg med ei slik prøveordning, og konsekvensane ved permanent fjerning. Ut i frå eit trafikktryggingsperspektiv, kan ei slik prøveordning få negative konsekvensar. Ein auka trafikk rundt Tresfjorden er uheldig for trafikktryggleiken på vegen for dei som bur langs fjorden som har vore ei ulykkesbelasta strekning. Auka trafikk forbi bustadfelta, med mange skuleborn som kryssar vegen for å ta buss, er ikkje ønskjeleg.
Vegen er no omklassifisert og fjerning av bommar vil medføre auka slitasje på vegen og ein må då pårekne større velikhaldskostnar. Kor vidt særordningar som å opne opp for fritakstrafikk rundt fjorden inneberer noko økonomisk risiko for fylket, vil og avhenge av andre forhold som generell trafikkutvikling, ein tenker da på utvikling/rammebetingelser for fritakstrafikk, el. bilar med vidare. For Møre og Romsdal fylkeskommune som har vedteke å garantere for bompengelånet, kan svikt i bompengeinntektene få store konsekvensar. I Storingsmelding 25 (2014-2015) «På rett vei» legg ein føringar for korleis bomepengeregimet i Norge skal organiserast i framtida. Meldinga inneheld også ein standardisering av takstar for dei ulike prosjekta i landet der det ligg inne å fjerne lokale ordningar. Men om ein legg til grunn erfaringane med Tussentunnelen, kostnadsbilete, og køyremønster før og etter bommane vart fjerna med Tresfjorden, er det sannsynleg at trafikklekkasjen vert stor. Dette gjeld spesielt tungtrafikken som kjører til/frå Åndalsnes via Ørskogfjellet (opp mot 30%). Konsekvensane av dette vil vere auka trafikktryggingssrisiko og dårlegare bumiljø for dei som bur rundt Tresfjorden, forskyving av kven som skal betale kostnadane for prosjektet, dårlegare inntening for bompengeselskapet og til sist ein større økonomisk risiko for Møre og Romsdal fylkeskommune. Ordninga med omvendt timesregel tek godt i vare dei som bur i området. Ein må og ta omsyn til Stortingsmelding 25 (2014-2015) «På rett vei» som legg opp til felles takstregime der ein ønskjer å ta vekk lokale ordningar. Oppsummering : 1. Bomfri gjennomkøyring rundt Tresfjorden vil føre til større ulukkesrisiko for dei som bur der. 2. Bomfri gjennomkøyring rundt Tresfjorden aukar risikoen i forhold til at den fylkeskommunale garantien kjem til gjeldande. 3. Ordninga med omvendt timesregel tek godt i vare dei som bur i området. 4. Ein må ta omsyn til Stortingsmelding 25 (2014-2015) «På rett vei» som legg opp til felles takstregime der ein ønskjer å ta vekk lokale ordningar. Med bakgrunn i dette meiner fylkesrådmannen at ein ikkje bør opne for prøveordning med gratis omkøyring rundt Tresfjorden. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune vil ikkje sette i verk prøveordning med bomfri passering rundt Tresfjorden. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Arild Fuglseth samferdselssjef
Vedlegg 1 Brev frå Samferdselsdepartementet om forslag om forsøksordning 2 Bompengeprosjekt Tresfjordbrua og Vågstrandtunnelen - garantisak og vurdering av forsøksordning- notat frå SVV 3 Uttale fra Rauma og Vestnes ad reduserte bompenger på E-136 Tresfjordsbrua og Vågstrandstunnelen 4 Bom rundt Tresfjorden 5 Tresfjord og prøveordning - fjerning av bomavgift rundt Tresfjorden 6 Omkøyringsvegen rundt Tresfjorden 7 Kopi: Søknad til samferdselsdepartementet om fritak for bompengeavgift Vågstrandstunnelen 8 Vedrørende forslag om oppheving av bompengeinnkreving rundt Tresfjord 9 Innspel frå Eksportvegen A/S