Øyvind Glosvik Høgskulen i Sogn og Fjordane 21.05.04 Casestudie av korleis det regionalpolitiske temaet bygdeutvikling kan variere mellom fylke delstudie innan prosjektet Regionalpolitikk på regionnivået
Prosjektinnhald: Intervjudata frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Korleis lokale utviklingsprosessar på bygdenivå kan startast og styrast gjennom tiltak på fylkesnivå. Kombinasjon av nettverksomgrepet og element frå læringsteori for å analysere bygdeutviklingsprosessar som læring. Det analytiske verktøyet syner oss at ulike typar læringsprosessar finn stad i bygdesamfunn som deltek i fylkesorganiserte utviklingsprogram.
Teoretisk analyseverktøy i studien Eksterne utviklingsnettverk Saksorienterte Verdiorienterte som forsterkar utviklingsprosessane Utviklingsnettverk i bygdene Verdi Sak som startar bygda knytte til konkrete utviklingsoppgåver knytte til det å lære
To typar nettverk Saksnettverk er fakta- og produksjonsorienterte arbeidsfellesskap som først og fremst er handlande og utførande. På fylkesnivået finn vi dei som administrative fellesskap på tvers av SND, fylkeskommune og fylkesmann, på bygdenivå finn vi dei som laust organiserte aksjonsgrupper rundt tema eller oppgåver bygda prioriterer høgt. Verdinettverka overlappar saksnettverka og kan vere vanskelege å skilje frå desse, men er er meir prega av prat, meiningsutveksling og meiningsytringar enn konkrete handlingar. På bygdenivå finn vi verdinettverk i form av entusiastar og bygdeentreprenørar som brenn for si bygd og som er i stand til å kveikje sambygdingar til å gjere ein innsats for lokalsamfunnet sitt. Eksterne verdinettverk består av eit breiare miljø av entusiastar og idemakarar knytte til temaet bygdeutvikling, lokalsamfunnsutvikling, småsamfunn, smådrift osv. Det er igjen del av eit nasjonalt nettverk og eit internasjonalt nettverk.
Fire typar læringsproessar 1. Møtet mellom eit verdiorientert nettverk i bygda og eit saksorientert nettverk på fylkesnivå/eksternt nivå er læringsprosessar som startar bygda. 2. På bygdenivå er BU-programmet dei fleste stader organisert slik at mindre grupper av entusiastar og prosjektgrupper arbeider med delproblemstillingar og tema. Slikt arbeid krev tett kontakt med saksnettverk utanfor bygda. 3. Den tredje typen læringsprosess forsterkar dei to andre. I dette ligg det at BU-bygdene får mykje positiv merksemd og åtgaum frå ytre aktørar som både forsterkar lokale læringsprosessar, men som også legitimerer kampen mot mogelege indre fiendar. 4. Den fjerde læringsprosessen er meir eit resultat av dei andre prosessane enn ein prosess i seg sjølv. På bygdenivå må vi forstå dette som eit spørmål om å gje ein kritisk masse av aktivistar nok kunnskap og erfaring i omstillingsarbeid og omstillingstiltak slik at andre utviklingsprosessar enn dei som direkte er knytte til BU-programmet kan skyte fart.
Hovudfunn i studien: Mangelen på eit program på fylkesnivå medfører ein manglande struktur som kan gje meining og retning til lokale mobiliseringsprosessar i MR. BU-programmet SF gjev ein slags fasit for bygder som ynskjer å gjere ein eigeninnsats Fråver av eit program på fylkesnivå inneber også fråver av skrytestrukturar og relasjonar som set bygdene sitt strev inn i ein positiv kontekst. Kven kjem på vitjing og klappar bygdeentusiastane i MR på skuldra? Ingen. Det skjer i SF Mangelen på tiltru til bygdeutviklingslag gjer at det i MR ikkje vert bygd opp fylkesstrukturar som over tid kan halde vedlike og vidareutvikle bygdenes eigendynamikk. Kommunane må spele denne rolla Ei programorganisering over tid med tydeleg forankring på fylkesnivået betyr noko for dei langsiktige resultata av bygdeutvikling i meininga utviklingsprosessar i småsamfunn.