MØTE BOK Organ Fylkesutvalet som klagenemnd Møtestad Fylkeshuset, Leikanger, møterom Sygna Møtedato 03.04.2017 Kl. 15: 25 16:05 Faste medlemer til stades: Jenny Følling, Sp Sigurd Reksnes, Sp Aleksander Øren Heen, Sp Trude Brosvik, KrF Åshild Kjelsnes, Ap Hilmar Høl, Ap Helen Hjertaas, Ap Forfall til møtet: Bjørn Erik Hollevik, H Gunhild Berge Stang, V Varamedlemer til stades: Marita Gunn Aarvik, FrP Alfred Bjørlo, V Til stades med møte - og talerett: Tore Eriksen Sekretariat for møtet: Svein Hågård og Marit Silje Husabø Ingen merknader til innkalling og sakliste. Møtebok a frå 5. desember 2016 vart godkjend utan merknader. Fylkesutvalet vedtok at sak nr. 2/17 skulle handsamast for lukka dører, jf. kommunelova 31, nr. 3. Side 1 av 2
SAK 1 / 17 Klage på vilkår for løyve til avkøyrsle Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak: Klagen frå Geir Ove Kvam over Statens ve gvesen Region Vest sitt vedtak ved brev av 27.01.17 om løyve til avkøyrsle vert ikkje teken til følgje. Endringsframlegg: Fylkesutvalet sette fram slikt framlegg til vedtak: Klagen frå Geir Ove Kvam over Statens ve gvesen Region v est sitt vedtak ved brev av 27.01.17 om løyve til avkøyrsle vert teken til følgje. Avrøysting: Fylkesutvalet sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Fylkesrådmannen si tilråding fekk ingen røyster. Dette gir følgjande VEDTAK : Klagen frå Geir Ove Kva m over Statens vegvesen Region v est sitt vedtak ved brev av 27.01.17 om løyve til avkøyrsle vert teken til følgje. -------------------------------------------------------- SAK 2 / 17 Skriv og meldingar fylkesutvalet som klagenemnd 3. april 2017 Følgjande skriv og meldingar vart handsama: 1: Klage p å vedtak om åtvaring vedtak i kontrollutvalet 28.03.17 Ikkje offentleg Ofl 23.1 Fylkesutvalet som klagenemnd gjorde slikt samrøystes vedtak: Saka er ferdig behandla i fylkesutvalet som klagenemnd. -------------------------------------------------------- Side 2 av 2
Side 1 av 1 MØTEIN N KALLIN G Organ: FYLKESUTVALET SOM KL AGEN EM N D Møtestad: Fylkeshuset, Leikanger, møterom Sygna Møtedato: 03.04.2017 Tid: Medlemene blir med dette kalla inn til møte t. Ev entuelt forfall må meldast til utvalssekretæren straks. Varamedlem e r møter berre etter særskild innkalling. Saksnr. Arkivsaksnr. / Tittel SAKLISTE 1 / 17 17 / 3171 Klage på vilkår for løyve til avkøyrsle 2 / 17 17 / 3632 Skriv og meldingar fylkesutvalet som klagenemnd 3. april 2017
Side 1 av 3 Saksframlegg Saksbehandlar: Trude Helen Flåten, Fylkesrådmannen Sak nr.: 17 / 3171-2 Klage på vilkår for løyve til avkøyrsle Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet som klagenemnd til å gjere slikt vedtak: Klagen frå Geir Ove Kvam over Statens ve gvesen Region Vest sitt vedtak ved brev av 27.01.17 om løyve til avkøyrsle vert ikkje teken til følgje. Vedlegg : Oversendingsbrev få Statens vegvesen (inkl. søknad, kart, vedtak og klage) Andre dokument som ikkje ligg ved : Handbok 101 Rekkverk og vegens sideområder http://www.vegvesen.no/_attachment/69909 Handbok R701 Retningslinjer for behandling av avkjørselssaker http://www.vegvesen.no/_attachment/61498/binary/963996 SAKSFRAM STILLIN G 1. Bakgrunn for saka Ved brev av 15.12.16 søkte Geir Ove Kvam om løyve til opparbeiding av ny avkøyrsle langs fylkesveg 243 i Aurland kommune. Dagens tilkomst til eigedomen (gnr. 5 bnr. 12) gir ikkje høve til å køyre bil til bustadhuset. Kvam har berre gangtilkomst til bustaden, og må parkere bilen i ei lomme på motsett side av fv. 243. Fordi terrenget mellom veg en og bustadhuset er svært bratt, søkte Kvam om avvik frå standard utforming av avkøyrsle r. Søknaden med kart, der Kvam har teikna på avkøyrsla han ønskjer, følgjer vedlagt. Grunna tilhøva på staden har SVV tidlega re sett opp rekkverk mellom vegen og eige domen, dette i samsvar med Handbok 101 Rekkverk og vegens sideområder. Det er stor høgdeforskjell mellom terrenget og fylkesvegen, og rekkverket skal hindre utforkøyringar. Det er opning i rekkverket ved eksisterande tilkomst. Tilkomsten er svært bratt, me n vert m.a. nytta til å køyre traktor til drifts - bygninga, samt jage sauer mellom fjøs og beite. I samband med handsaming av søknaden var Statens vegvesen Region vest (heretter SVV) på synfaring saman med søkjar, for å finne ei god løysing. Etter synfarin ga gav regionvegkontoret løyve til ny avkøyrsle, men stilte fleire vilkår i vedtaket, m.a. krav om at eksisterande tilkomst vert stengd med rekkverk, jf. vedtaket av 27.01.17: «Eksisterande rekkverk må delvis fjernast, og resterande r ekkverk skal koplast saman med rekkverk lengre oppe for å få samanhengande rekkverk. 3 veker før arbeidet med avkøyrsla startar opp, må [ ] Statens vegvesen kontaktast [ ] for å samordne arbeidet med rekkverket. Kvam klaga på vedtaket ved e - pos t av 31.01.17. Klagen gjeld ova nnemnde vilkår om saman - kopling av rekkverket og stenging av eksisterande avkøyrsle. Regionvegkontoret fann ikkje grunnlag for å ta klagen til følgje, og sende saka over til fylkes - kommunen, som er klageinstans i saker som gjeld avkøyrsle frå fylkesveg. 2. Klagar har hovudsakleg gjort gjeldande
Side 2 av 3 Klagar har altså fått innvilga søknaden om ny avkøyrsle, men ber om at vilkåret om rekkverk vert vurdert på nytt. Kvam skriv følgjande i klagen: «Dette kan eg vanskeleg godta sidan dagens avkøyring og vert brukt til tilkomst til eksisterande driftsbygning på eigedomen. Den vert i dag brukt til å jage sauer opp og ned mellom fjøs og beite. I tillegg vert den brukt til køyring med traktor. Denne bruken vil det og vere b ehov for i framtida og eg kan ikkje ha de nne transporten/jaging av husdyr forbi bustadhus. [ ] Eg meiner behovet for rekkverk frå avkøyring mot sør vert mindre då terreng på nedsida av vegen vert delvis oppfylt med opparbeiding av avkøyrsle/tilkomst. Det har og berre vore rekkverk på strekninge n i 2-3 år. Ingen har tidlegare hatt uhell på denne staden i form av utforkøyring etc.» 3. Vurdering ar og konsekvensar Avkøyrsle frå fylkesveg kan ikkje byggast eller nyttast utan løyve frå regionvegkontoret, og vegstyremaktene kan setje ulike vilkår fo r løyve til avkøyrsle, jf. veglova 40 og 43. Formålet med veglova er ifølgje 1a å sikre ei trygg og god trafikkavvikling, samt ta omsyn til miljøet og samfunnet elles. Desse omsyna må vektleg gjast i vurderinga av avkøyrsle saker. Fv. 243 er vinterstengd og har ein låg ÅDT (årsdøgntrafikk 250 ), men då v egen er ein nasjonal turistveg er det ein del trafikk i turistsesongen. Som grunnlag for vilkåret synte SVV til at det er vanleg praksis at eksisterande avkøyrsle vert stengd, når det vert gitt løyve til ny avkøyrsle. SVV ønskjer færrast mogleg avkøyrsler langs vegane, fordi avkøyrsler vert rekna som punk t med auka risiko for ulykke, sjå oversendingsbrevet som følgjer vedlagt. Klagar nyttar eksisterande tilkomst til å jage sauer mellom fjøs og beite, samt køyring med traktor, og skriv at han ikkje kan ha den ne transporten forbi bustadhus. SVV har opplyst til fylkes - rådmannen at dersom ny avkøyrsle vert opparbeida, vil denne også gje tilkomst til driftsbygningen, slik at det vil vere mogleg å nytte ny avkøyrsle til denne transporten og jaging av husdyr. Klagen må difor forståast slik at klagar ikkje ønskjer denne bruken forbi bustadhuset. Fylkesrådmannen har forståing for at klagar vil unngå køyring med traktor og jaging av husdyr forbi busta dhus et, og at klagar difor helst vil nytte eksisterande tilkomst til slik bruk. Eg kan likevel ikkje sjå at dette argumentet veg tyngre enn omsynet til trafikktryggleik. Fylkesrådmannen understrekar at det ved handsaming av avkøyrslesaker skal leggjast avgjerande vekt på omsynet til trafikktryggleik. M ange ulykker skjer i samband med private avkøyrsler frå hovudvegar, og statistikk syner at fleire avkøyrsler medfører større fare for trafikkulykker. D et er difor vanleg praksis at eksisterande avkøyrsle v ert stengd i samband med løyve til ny avkøyrsle, sjå m.a. Handbok R701 Retningslinjer for behandling av avkjørselssaker. Eg kan ikkj e sjå at klagen gir grunn til avvik frå praksis og omsynet til trafikktryggleik. Klagar syner vidare til at behovet for rek kverk vert mindre, då terrenget delvis vert oppfylt i samband med opparbeiding av ny avkøyrsle. på nedsida av vegen Dagens rekkverk er sett opp av SVV i samsvar med Handbok 101 Rekkverk og vegens sideområde. F ormålet med rekkverk er primært å red usere skadeomfanget på menneske og materiell mest moglig ved utfork ø y ringsulykker. Ifølgje handboka skal det m.a. setjast opp rekkverk for å hindre utforkøyringar ved høge og bratte vegskråningar. Av oversendingsbrevet går det fram at SVV har vurdert om ein kan fjerne heile eller delar av rekkverket. Underinstansen si vurdering er at dette ikkje er ei god løysing, fordi den resterande delen av rekkverket vert så liten at rekkverket misser funksjonen sin. Terrenget på eigedomen er svært bratt, og det er stor høgd eforskjell mellom terreng og fylkesveg. Dersom ein skal fjerne ein del av eksister ande rekkverk grunna ny avkøyrsle, meiner SVV det er naudsynt med samankopling av rekkverket som står igjen. SVV tar kostnaden med samankopling, og søkjar vil såleis ikkje få no ko ekstra utgift i samband med samankoplinga. Fylkesrådmannen sluttar seg til SVV si vurdering. Då terrenget er bratt, og høgdeforskjellen stor, er e it samanhengan de rekkverk gjennom heile kurva nødvendig for å sikr e seg mot utforkøyring ar. Samla sett vurderer fylkesrådmannen at SVV sitt vedtak sikrar trygg og god trafikkavvikling. Løyvet gir Kvam biltilkomst ti l bustadhuset slik han ønskjer, og det vert ikkje lenger ståande bilar
Side 3 av 3 parkert langs vegen. Samankopling av rekkverket hindrar utforkøyringar. Som nemnt ovanfor har eg forståing for at klagar ønskjer å unngå transport frå driftsbygninga forbi bustadhus, men det er naudsynt å stenge avkøyrsla av omsyn til trafikktryggleik. Eg kan ikkje sjå at klagen gir grunn til å gjere om SVV sitt vedtak. 4. K onklusjon Etter ei samla vurdering av momenta i saka, med avgjerande vekt på omsynet til trafikktryggleik, er eg samd i SVV si vurdering. E g rår såleis til at fylkesutvalet som klagenemnd ikkje tek klagen til følgje.
Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER Behandlande eining : Sakshandsamar / telefon : Vår referanse : Dykkar referanse : Vår dato : Region vest Susanne Stølheim Aasen / 16/1 901 76-8 14.03.201 7 97004331 Oversending av klage på l øyve til avkøyrsle - gnr.5 bnr. 1 2 - Aurland kom mune Geir Ove Kvam har søkt om opparbeiding av ny avkøyrsle med avvik frå standard utforming av avkøyrsla på grunn av terrengforholda, i søknad motteke den 15.1 2.201 6. Det vart den 27.01.201 7 gjeve løyve til ny avkøyrsel, på vilkår at den eksisterande gangtilkomsten/avkøyrsla vart stengt ved å kople rekkverket i saman der det i dag er opning på grunn av den eksisterande tilkomsten. Alle dokumenta i saka ligg vedlagt. Geir Ove Kvam har søkt om å etablere ny avkøyrsle fordi dagens tilkomst til eigedo men gjer at det ikkje er høve til å køyre bil til bustadhuset. Situasjonen er i dag at søkjar parkere bilen på oversida av vegen og har gangtilkomst til bustad. Fordi terrenget er svært bratt er det søkt om fråvik på krava ti l svingradius ved etablering av ny avkøyrsle. Statens vegvesen har vore på synfaring i lag med søkjar å sitt på situasjonen for å finne ei god løysing. Det er gitt løyve til ny avkøyrsle slik som skissert i skissa til søkjar, på vilkår av at eksisterande tilkomst vert stengt med rekkv erk og den innsendte klaga gjeld dette vilkåret. I vedtaket av 27.01.201 7 heiter det: «Eksisterande rekkverk må delvis fjernast, og resterande rekkverk skal koplast saman med rekkverk lengre oppe for å få samanhengande rekkverk. 3 veker før ar beidet med avkøyrsla startar opp, må Jan Bremer Remø frå Statens vegvesen kontaktast for å samordne arbeidet med rekkverket». Klaga er grunngjeven med at dagens tilkomst vert nytta til tilkomst for eksisterande driftsbygning på eigedommen. Den vert mello m anna nytta til å j age sauer opp og ned mellom fjøs og beite, i tillegg til at den er nytta til køyring med traktor. Det vert også peika Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Sanderplassen 6 Statens vegvesen Region vest firmapost - vest@vegvesen.no 6800 FØRDE Landsdekkende regnskap Askedalen 4 6863 LEIKANGER Org.nr: 971032081 981 5 Vadsø
2 på at behovet for rekkverk vert mindre då terrenget på nedsida av vegen delvis vert oppfylt samband med opparbeiding av ny avkøyrsle. i På bakgrunn av klaga frå Geir Ove Kvam har vi gått gjennom saka på nytt. Vanleg praksis er at når det vert gjeve løyve til ny avkøyrsle på eigedom er at eksisterande vert avkøyrsle stengt. Bakgrunnen for dette er at vi ynskjer færrast moglege avkøyrsler langs vegane, fordi avkøyrsler vert rekna som punkt med auka risiko for ulykke. D er det er søkt om ny avkøyrsle er det i dag rekkverk, for å få til ny avkøyrsle ynskjer søkjar å fjerne heile dette rekkverket. Når han lagar til ny avkøyrsle vil terrenget verte heva langs fylkesvegen på tomta hans og søkjar meiner difor av behovet for rekkverk vil ikkje vere til stades. Vi har vurdert dette og vi har s e tt på løysinga om å b erre fjerne delar av rekkverket slik at han kan lage ny avkøyrsle og resterande rekkverk vert ståande. Denne løysinga er ikkje god fordi den resterande delen av rekkverket vert så liten at rekkverket misser funksjonen sin. På bakgrunn av dette har vi set t krav om samankopling av rekkverket. På denne måten vil vi få eit samanhengande rekkverk på staden, og søkjar får tilkomst til bustad via ny avkøyrsle kvar rekkverket vert fjerna. Kravet til rekkverk langs vegen er aktuelt då det er stor høgdeforskjell fr å terreng og fylkesveg. Kostnaden med samankoplingar er det Statens vegvesen som tek og søkjar vil difor ikkje få noko ekstra utgift i samband med dette. Etter ei heilskapleg vurdering finn vi det som tenleg å gi løyv e til ny tilkomst til eigedomen med f råvik på krava til svingradius, men på vilkår av at eksisterande tilkomst vert stengt med rekkverk. På denne måten får søkjar tilkomst som ynskt, det vert ikkje ståande bilar langsmed vegbana og rekkverket vil gå heile vegen gjennom kurva slik at vi sikrar mot utforkøyring i kurva. Vi kan ikkje sjå at det har kome fram nye moment i klagen, som ikkje allereie er vurdert i denne saka, og Vegavdeling Sogn og Fjordane finn det difor rett å oppretthalda vedtaket av 27.01.201 7 og oversender klagen til Fylkesutv alet for handsaming.
3 Vegavdeling Sogn og Fjordane Med helsing Vigdis Lobenz seksjonsleiar Susanne Stølheim Aasen Dokumentet er godkjent elektronisk og har difor ingen handskrivne signaturar. Kopi Aurland kommune, Vangen 1, 5745 AURLAND Geir Ove Kvam, Bjørgavegen 97, 5745 AURLAND
Fra: Geir Ove Kvam <geir@aur - rekn.no> Sendt: 15. desember 201611:10 Til: Firmapost - Vest Emne: Søknad om avkjørsel eller dispensasjon fra byggegrenser, 14818000255228916019169101113 Vedlegg: avkøyringnordby.xps Hei, Statens vegvesen har mottatt en søknad om avkjørsel eller dispensasjon fra byggegrenser. Søknadens ID: 1 481 800025522891 601 91691 011 1 3 Steg 1 av 6 Søknaden gjelder for Meg selv Har den du søker for gitt samtykke? Ikke relevant Personen som det søkes for: Geir Ove Kvam Steg 2 av 6 Type veg: Fylkesveg Vegnummer: 243 Kommune: Aurland Fylke: Sogn og Fjordane Regionens epost: vest Gnr: 5 Bnr: 1 2
Festenr: Arealformål: LNF Regulert område? nei Detaljkart: avkøyringnordby.xps Steg 3 av 6 Søkes det om avkjørsel: ja Søknad om avkjørsel: Anne t Søkes det om dispensasjon fra byggegrenser: nei Søknad om dispensasjon fra byggegrenser: Ikke relevant Annet: Ikke relevant Minste avstand fra nærmeste punkt på bygget til midten av vegen: Ikke relevant Steg 4 av 6 Begrunnelse: Viser til tlf. samta le 1 4.1 2.1 6. Avkøyring av veg på samme side som bustadhus. Søker om avvik frå standard utforming av avkøyring pga. terrengforhold Begrunnelse vedlegg: Ingen filer vedlagt Steg 5 av 6
Navn: Geir Ove Kvam Adresse: Bjørgavegen 97 5745 AURLAND Telefon: 99 507608 E - post: geir@aur - rekn.no Steg 6 av 6 Søkeren har godkjent at alle opplysningene er riktige. (ja) Mvh, Kommunikasjonsstaben, webteamet
G I S / L I N E W e b I n n s y n - K a r t u t s k r i f t h t t p : / / w w w. s o g n e k a r t. n o / G I S L I N E W e b i n n s y n _ s o g n e k a r t / A d v a n c e d P r i n t C o m p o n e n t / P r i n t... S i d e 1 a v 1 1 5. 1 2. 2 0 1 6
Fra: Geir Ove Kvam <geir@aur - rekn.no> Sendt: 12. januar 201708:58 Til: Ikke svar - Saksbehandling Kopi: Blaaflat Kathrine Njåstad Emne: SV: Dokument 16/190176-2 Ber om tilleggsdokumentasjon - Søknad om avkjørsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommun e sendt fra Statens vegvesen Vedlegg: 201701120848.pdf Hei! Vedlagt ligg kart med innteikna tenkt plassering av avkøyrsle. Avkøyrsle er tenkt plassert lengst mulig mot sør i høve naboeigedom 5/17. Dette fordi høgdeforskjellen mellom vegbane og terr eng ve st for vegbane vert større til lenger mot nord ein plasserer avkøyring. Pga. terrengforhold vert det problem med opparbeiding av avkøyrsle etter krav til svingradius slik forskrift krev. Det vert d ifor søkt om avvik frå svingradius inn på fylkesveg. I vedl agt kart er det lagt opp til mur / fylling som har ein avstand til vegskulder på 6m. Det vil då vere mulig å ha tilkomst inn på vegen med personbil der ein kjem i ein possisjon med sikt i begge retningar. Eksisterande avkøyrsler på naboeigedom 5/17 og eig edom 5/16, sjå kart, har ein utforming der ein berre har innkøyring / avkøyring i ein retning på vegen. Desse er utforma slik pga. terrengforhold. Ei slik utforming har fungerer godt og meg bekjent har det ikkje vore uhell med bakgrunn i slik utforming. De t enklaste og beste hadde vore å bygt slik avkøyring som hjå 5/17, men for å få betre sikt i begge retningar, søkjer eg om utforming som vist på kart. Med helsing Geir Ove Kvam Tlf 99 50 76 08 Fra: noreply.saksbehandling@vegvesen.no < noreply.saksbehandling@vegvesen.no > Sendt: 20. desember 201612:09:54 Til: Geir Ove Kvam Emne: Dokument 16/190176-2 Ber om tilleggsdokumentasjon - Søknad om avkjørsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune sendt fra Statens vegvesen Til Geir Ove Kvam Vedlagt oversendes dokument 16/190176-2 Ber om tilleggsdokumentasjon - Søknad om avkjørsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune i sak Avkjørsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune fra Statens vegvesen. Se vedlegget for innholdet i utsendelsen. Eventuelle henvendelser vedrørende behandlingen kan rettes til firmapost@vegvesen.no eller i vårt kontaktskjema. Dette er en systemgenerert e - post, og skal ikke besvares.
Til Geir Ove Kvam Vedlagt sender vi dokument 16/190176-2 Ber om tilleggsdokumentas jon - Søknad om avkjørsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune i sak Avkjørsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune frå Statens vegvesen. Sjå vedlegget for innhaldet i utsendinga. Eventuelle førespurnader som gjeld behandlinga kan rettast til firmapost@vegvesen.no eller i kontaktskjemaet vårt. Dette er ein systemgenerert e - post du ikkje kan svare p å. Attn. Geir Ove Kvam Enclosed you will find the document 16/190176-2 Ber om tilleggsdokumentasjon - Søknad om avkjørsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune from the Norwegian Public Roads Administration. If you have queries regarding this c ase, please contact firmapost@vegvesen.no. This is an automatically generated email please do not reply.
Statens vegvesen Geir Ove Kvam Bjørgavegen 97 5745 AURLAND Behandlande eining : Sakshandsamar / telefon : Vår referanse : Dykkar referanse : Vår dato : Region vest Kathrine Njåstad Blaaflat / 97469276 1 6/1 901 76-5 27.01.201 7 Løyve til avk ø y rsel - fv. 2 43 - gnr. 5 bnr. 1 2 - Aurland kommune Vi syner til søknad om avkøyrsel mottatt 1 5.1 2.201 6 og til tilleggsdokumentasjon 1 2.01.201 7. mottatt Vedtak: Statens vegves en godkjenner på vilkår søknad om avkøyrsle frå fylkes veg 243, hp 2, km 0,96 til eigedomen gnr. 5 bnr. 12 i Aurland kommune. Vedtaket er gjort med heimel i veglova 40 og 43. Vi lkår for l øyvet: Statens vegvesen har etter ei samla vurdering av vegtekniske tilhøve og trafikksikringsomsyn sett desse vilkåra for løyvet: 1. Løyvet er gjeve i samhøve med Forskrift om alminnelige regler om bygging og vedlikehald av avkøyrsler frå offentlig veg gitt av Vegdirektoratet 16.7.1 964 og Forskrift om retningslinjer for behandling av avkjørselssaker for riksveg gitt av Samferdselsdepartementet 26.2.1 982. 2. Løyvet gjeld berre for den staden som er nemnt over og i samsvar med v edlagde situasjonsplan. Utforminga på avkøyrsla er ikkje i samsvar med «Krav til utforming av avkøyrsle». 3. Løyvet gjeld for dette/desse føremål(a): tilkomst til eksisterande bustad på eigedommen. 4. Eksisterande rekkverk må delvis fjernast, og resterande rekkverk skal koplast saman med rekkverk lengre oppe for å få samanhengande rekkverk. 3 veker før arbeidet Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Askedalen 4 Statens vegvesen Region vest firmapost - vest@vegvesen.no 6863 LEIKANGER Landsdekkende regnskap Askedalen 4 6863 LEIKANGER Org.nr: 971032081 981 5 Vadsø
2 med avkøyrsla startar opp, må Jan Bremer Remø frå Statens vegvesen kontaktast tlf. 99331 31 0 for å samordne arbeidet med rekkverket. på 5. Eigaren el ler brukaren av avkøyrsla som løyvet gjeld for, har ansvar for at frisikt og andre krav til avkøyrsla til kvar tid er oppfylt, jf. veglova 43. Dersom ikkje dette skjer, kan avkøyrsleløyvet bli trekt tilbake. 6. Det må opparbeidast tilfredsstillande snu - o g manøvreringsareal inne på eigen eigedom slik at ein unngår rygging ut på offentleg veg. 7. Løyvet gjeld berre tilknytingspunktet til fylkesvegen. Privatrettslege tilhøve med omsyn til nabo - og eigedomstilhøve knytt til bruk og opparbeiding av avkøyrsle, f risiktsoner og tilkomstveg må søkaren sjølv ivareta og skaffe seg rett til. Slike rettar bør tinglysast. 8. Fører avkøyrsla over veggrøft, må det leggast stikkrenne med diameter på minst 300 mm og i tilstrekkeleg lengde, sjå vedlegg Krav til utforming av pri vat avkøyrsle. 9. Før arbeidet med avkøyrsla startar opp, må arbeidsvarsli ngsf@vegvesen.no bli kontakta for eventuell varslingsplan. Slik plan skal vere godkjend av Statens vegvesen minimum fem - 5 - virkedagar før arbeidet skal starte. 1 0. Så snart avkøyrsla er bygd må vedlagde skjema Bekreftelse på opparbeidet/nybygd avkjørsel underskrivast og returnerast. 1 1. Opparbeida avkøyrsle skal vere godkjend av Statens vegvesen før andre byggearbeid vert sett i gang/igangsettingsløyve blir gjeve. Endeleg godkjenning v il bli sendt til søkar med kopi til kommunen. 1 2. Løyvet fell bort dersom ikkje arbeidet med avkøyrsla er sett i gang innan tre - 3 - år etter at løyvet er gitt. Bakgrunn for vedtaket: Statens vegvesen skal ved si vurdering legge vekt på omsynet til trafikken på og langs vegen. Det må gjerast ei totalvurdering, der det utover tilhøva på staden også må takast omsyn til framkomst og trafikktryggleik på den vegen det er søkt om avkøyrsle fr å. Det er søkt om ny avkøyrsel frå fv 243 til gnr. 5 bnr. 12 i Aurland kommune. Det var synfaring på staden den 26.01.201 6. Vedlagt søknaden er det eit oversiktskart med målsatt avkøyrsel teikna inn, og det går fram av søknad at krav til avkøyrsle i forhold til typeteikning
3 ikkje er mogeleg å i møtekomme pga. topografi. Dagens løysing for bustaden er å parkere i ei lomme på motsett side av fv 243, og gå ned ein gangveg til bustaden. Det er svært bratt i området, og vegen sin kurvatur gjer at dette er ei dårleg løysing for bebuarane i forhold t il sikt. Det er andre avkøyrsler langs vegen i same område som har avvik på utforming i forhold til typeteikninga, då det ikkje er mogeleg å få det til pga. topografien. Fv 243 har ein låg ÅDT på 250, og er vinterstengt. Det er ein del trafikk i turistse songen, då vegen er ein nasjonal turistveg. Ved å lage ny avkøyrsel, vil parkeringslomma være fri for bilar, og kan nyttast som møteplass, då vegen er berre er 4 meter brei. Haldningsklasse på vegen er 3, mindre streng. Det vil bli tilrettelagt for snuarea l inne på eigen eigedom, slik at ein unngår rygging ut på offentleg veg. Det er rekkverk på strekninga, og deler av dette må fjernast for å få plass til avkøyrsla. Resterande rekkverk vert for kort når deler av det vert fjerna, og det vert stilt som vilk år til løyvet at resterande rekkverk skal koplast saman med rekkverk lengre oppe i bakken. Dagens tilkomst via gangveg vert derfor stengt med rekkverk. Statens vegvesen utfører denne jobben, og vi må kontaktast 3 veker før arbeid med avkøyrsla startar opp, for å få koordinert arbeida. Etter ei totalvurdering av saka, har vi kome fram til at det i denne saka vil det ut frå trafikksikkerheits omsyn være grunnlag for å gje løyve på vilkår til avkøyrsla, sjølv om den ikkje tilfredsstillar minimumskrava vi no rmalt sett stiller. Rett til å klage: Dette vedtaket er eit enkeltvedtak og kan påklagast, jfr forvaltningslova 28-36. Klagefristen er tre - 3 - veker frå du fekk dette vedtaket. Klageinstans er Fylkesutvalet. Ei eventuell klage sendast til Statens v egvesen som sender over saka til klageinstansen. Dersom du ynskjer det, har du høve til å sjå dokumenta i saka. Vegavdeling Sogn og Fjordane Med helsing Mari Hage Basberg seksjonsleiar Kathrine Njåstad Blaaflat Dokumentet er godkjent elektronisk og har difor ingen handskrivne signaturar.
4 Kopi Aurland kommune, Vangen 1, 5745 AURLAN D Opedal Drift AS, Postboks 723, 571 4 VOSS
Fra: Geir Ove Kvam <geir@aur - rekn.no> Sendt: 31. januar 201715:05 Til: Blaaflat Kathrine Njåstad Emne: VS: Dokument 16/190176-5 Løyve til avkøyrsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune sendt fra Statens vegvesen Vedlegg: 16_190176-5Løyve til avkøy rsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune med vedlegg.pdf Hei! Takker for raskt svar på avkøyrsle. Eg ser de set krav om samankopling av rekkverk og stenging av eksisterande avkøyring. Dette kan eg vanskeleg godta sidan dage ns avkøyring og vert brukt til tilkomst til eksisterande driftsbygning på eigedommen. Den vert i dag brukt til å jage sauer opp og ned mellom fjøs og beite. I tillegg vert den bruk til køyring med traktor. Denne bruken vil det og ve re behov for i framtida og eg kan ikkje ha d enne transporten / jaging av husdyr forbi bustadhus. Ber difor om at de ser på dette kravet på nytt. Eg meiner behovet for rekkverk frå avkøyring og mot sør vert mindre då terren g på nedsida av vegen vert delvis oppfylt med opparbeiding av avkøyrsle / ti lkomst. Det har og berre vore rekkverk på strekningen i 2 3 år. Ingen har tidlegare hatt uhell på denne staden i form av utforkøyring etc. Mvh Geir Ove Kvam Tlf 99 50 76 08 Fra: noreply.saksbeha ndling@vegvesen.no [ mailto:noreply.saksbehandling@vegvesen.no ] Sendt: 31. januar 201714:43 Til: Geir Ove Kvam < geir@aur - rekn.no > Emne: Dokument 16/190176-5 Løyve til avkøyrsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune sendt fra Statens vegvesen Til Geir Ove Kvam Vedlagt oversendes dokument 16/190176-5 Løyve til avkøyrsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune i sak Avkjørsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune fra Statens vegvesen. Se vedlegget for innholdet i utsendelsen. Eventuelle henvendelser vedrørende behandlingen kan rettes til firmapost@vegvesen.no eller i vårt kontaktskjema. Dette er en systemgenerert e - post, og skal ikke besvares. Til Geir Ove Kvam Vedlagt sender vi dokument 16/190176-5 Løyve til avkøyrsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune i sak Avkjørsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune frå Statens vegvesen. Sjå vedlegget for innhaldet i utsendinga. Eventuelle førespurnader som gjeld behandlinga kan rettast til firma post@vegvesen.no eller i kontaktskjemaet vårt. Dette er ein systemgenerert e - post du ikkje kan svare på. Attn. Geir Ove Kvam Enclosed you will find the d ocument 16/190176-5 Løyve til avkøyrsel - fv. 243 - gnr. 5 bnr. 12 - Aurland kommune from the Norwegian Public Roads Administration. If you have queries regarding this case, please contact firmapost@vegvesen.no.
This is an automatically generated email please do not reply.
Saksprotokoll Organ: Fylkesutvalet som klagenemnd Møtedato: 03.04.2017 Sak nr.: 17 / 3171-3 Internt l.nr. 14121 / 17 Sak: 1 / 17 Tittel: Klage på vilkår for løyve til avkøyrsle Behandling: Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak: Klagen frå Geir Ove Kvam over Statens ve gvesen Region Vest sitt vedtak ved brev av 27.01.17 om løyve til avkøyrsle vert ikkje teken til følgje. Endringsframlegg: Fylkesutvalet sette fram slikt framlegg til vedtak: Klagen frå Geir Ove Kvam over Statens vegvesen Region Vest sitt vedtak ved brev av 27.01.17 om løyve til avkøyrsle vert teken til følgje. Avrøysting: Fylkesutvalet sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Fylkesrådmannen si tilråding fekk ingen røyster. D ette gir følgjande endeleg vedtak: Klagen frå Geir Ove Kvam over Statens vegvesen Region Vest sitt vedtak ved brev av 27.01.17 om løyve til avkøyrsle vert teken til følgje.
Side 1 av 1 Saksframlegg Saksbehandlar: Marit Silje Årnes Husabø, Fylkesrådmannen Sak nr.: 17 / 3632-1 Skriv og meldingar fylkesutvalet som klagenemnd 3. april 2017 1: Klage på vedtak om åtvaring vedtak i kontrollutvalet 28.03.17 Ikkje offentleg Ofl 23.1
Saksprotokoll Organ: Fylkesutvalet som klagenemnd Møtedato: 03.04.2017 Sak nr.: 17 / 3632-2 Internt l.nr. 14499 / 17 Sak: 2 / 17 Tittel: Skriv og meldingar fylkesutvalet som klagenemnd 3. april 2017 Behandling: Dette gir følgjande endeleg vedtak: 1: Klage på vedtak om åtvaring vedtak i kontrollutvalet 28.03.17 Ikkje offentleg Ofl 23.1 Fylkesutvalet som klagenemnd gjorde slikt samrøystes vedtak: Saka er ferdig behandla i fylkesutvalet som klagenemnd.