Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: L 71 2010/988 Sveinung Toft 05.01.2011 Utvalssak nr. Utval Møtedato 25/11 Plan- og miljøutvalet 19.01.2011 6/11 Kommunestyret 10.02.2011 Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune 2011-2013 Framlegg til bustadbyggjeprogram 2011-2013 Brev frå Opus Bergen as stempla motteke 30.12.2010 Saka går til innstilling i plan- og miljøutvalet Saka skal avgjerast endeleg i kommunestyret Administrasjonen har offentleg kunngjort framlegget til bustadbyggjeprogram og sendt det ut på høyring, med frist 16.01.2011 for eventuelle merknader. Det er så langt i høyringsperioden kome inn ein merknad. Denne er: 1. Brev frå Opus Bergen as stempla motteke 30.12.2010, som skriv at dei ønskjer at det kan byggjast 8 bustader i 2011, 8 bustader i 2012 og 7 bustader i 2013 i det frittliggjande bustadområdet innanfor reguleringsplanen for Leiknes-Midtgård, gnr. 196 bnr. 4. Vidare signaliserer dei ønske om bygging av 10 bustader i KS1 i 2011, som ligg innanfor detaljereguleringsplanen for det konsentrerte området, som vart godkjent i 2010. Nedunder er sak 275/10 frå møte i plan- og miljøutvalet den 08.12.2010 vist: Utvalssak nr. Utval Møtedato 275/10 Plan- og miljøutvalet 08.12.2010 Framlegg til Bustadbyggjeprogram Lindås kommune 2011-2013 Framlegg til bustadbyggjeprogram 2011-2013 med vedlegg (kom.delpl. skule kap 5) Nedunder er PM sak 147/10 frå møte 16.06.10 vist i kursivtekst: Rullering av bustadbyggeprogram for 2011-2012 Framlegg til bustadbyggjeprogram 2011 2013 med vedlegg (kom. Delpl. Skule kap 5)
Saksdokument ikkje vedlagt: Bustadbyggeprogram for Lindås kommune 2009-2011 Kommunestyresak 105/08 Bustadbyggeprogrammet 2009 2010 Lindås kommune. Saka om oppstart av rullering av bustadbyggjeprogrammet skal avgjerast i plan- og miljøutvalet. Kommunestyret vedtok i møte den 8. desember 2005 (sak 110/05) kommunedelplan for bustadbygging, med bustadbyggeprogram for åra 2006 2008. Kommunestyret vedtok nytt bustadbyggeprogram den 23.10.2008 for perioden åra 2009 2010. Det viktige med bustadbyggeprogrammet er å definera kva utbyggingstakt kommunen kan opna for i dei ulike krinsane, mellom anna for å sikra at kapasiteten på skule, barnehage og andre offentlege tenester m.m. ikkje vert sprengt. I bustadbygge-programmet vert utbyggingstakten fordelt på dei ulike bustadfelta som er regulert/ er under regulering innanfor krinsane. I inneverande program er det berre skulekrinsane Alversund, Seim, Knarvik og Leiknes som har fått definert avgrensingar i utbyggingstakten. I dei andre krinsane har ikkje kommunen sett grunn til å avgrensa takten på bustadbygginga, då kapasiteten på skulane m.m. har vore relativ god. Vurdering: Det er heilt naudsynt å få rullert bustadbyggeprogrammet, sidan noverande program går ut i 2010. Dette er viktig for at kommunen skal ha styring på kor mange byggjeløyver som kan gjevast i bustadfelta i dei ulike krinsane i kommunen. I kommunestyrevedtaket i sak 110/05 la kommunestyret opp til at bustadbyggeprogrammet skulle rullerast kvar 2 år. I tillegg vart det vedteke i same sak at sjølve kommunedelplanen for bustadbygging skulle reviderast kvar 4 år. Administrasjonen meiner at det no først og fremst er behov for å få rullert programmet, og vil visa til at kommunen for tida arbeider med fleire kommunedelplanar, samt kommuneplanen sin arealdel og langsiktige del, og at det i desse planarbeida skjer at ein del avklaringar knytt til bustadbygging og bustadpolitikk. På grunn av alt planarbeidet som no skjer, meiner ein det og er kapasitetsmessige grunnar til ikkje å ta ein full revisjon av kommunedelplanen for bustadbygging no. Arbeidet med ei rullering skal skje i samsvar med reglane gjeve i plan- og bygningslova sin 11-4, der det mellom anna står at ein skal innhente synspunkt frå andre tidleg i planarbeidet, og at framlegg til vedtak i kommunestyret skal gjerast offentleg minst 30 dagar før kommunestyret si handsaming. Administrasjonen vil tilrå at rådmannen oppnemner ei administrativ arbeidsgruppe, og at denne legg fram eit forslag til nytt bustadbyggjeprogram til plan- og miljøutvalet i haust, for utlegging til offentleg ettersyn. Etter høyringa må saka igjen vurderast administrativt og av plan- og miljøutvalet, før programmet til slutt går til kommunestyret til endeleg avgjerd. Ei slik prosess og arbeidsdeling vil etter administrasjonen si vurdering vera ryddig og i samsvar med lova sitt krav til rullering av ein handlingsedel. Vurdering av miljøkonsekvensar: Det er ikkje spesielle miljøkonsekvensar knytt til dette arbeidet. Plan- og miljøutvalet viser til utgreiinga ovanfor og godkjenner oppstart av rullering av bustadbyggjeprogrammet i samsvar med reglane i plan- og bygningslova sin 11-4. Oppstarten av rulleringsarbeidet skal kunngjerast på vanleg måte, for å sikra god medverknad til planarbeidet. Handsaming i Plan- og miljøutvalet - 16.06.2010 Framlegg frå Ø.Moldeklev-Frp: Rådmannen sitt framlegg med tillegg: Plan- og miljøutvalet ynskjer same politisk/administrativ organisering som ved forrige rullering. Rådmannen sitt framlegg med tillegg vart samrøystes vedteke. Vedtak i Plan- og miljøutvalet - 16.06.2010
Plan- og miljøutvalet viser til utgreiinga ovanfor og godkjenner oppstart av rullering av bustadbyggjeprogrammet i samsvar med reglane i plan- og bygningslova sin 11-4. Oppstarten av rulleringsarbeidet skal kunngjerast på vanleg måte, for å sikra god medverknad til planarbeidet. Plan- og miljøutvalet ynskjer same politisk/administrativ organisering som ved forrige rullering. Formannskapet, levekårsutvalet og plan- og miljøutvalet oppnemde medlemmer i arbeidsgruppa på sine respektive møter i august. Arbeidet med å laga framlegg til bustadbyggjeprogram kom i gang i september og arbeidsgruppa har hatt to møter. Framlegg til bustadbyggjeprogram dagsett 08.11.2010 ligg no føre, saman med kap 5 frå kommunedelplan for skule 2010-2020: Forventa utvikling i folketal og elevtal Det er desse prognosane som ligg til grunn for tal bueiningar som er lagt inn i framlegget. Utbyggingstakten legg opp til at folkevekten kan variera mellom 1,2 % til 1,7 per år, og at folketalet i Lindås kommune i år 2020 kan koma opp i 16700 innbyggjarar. Mesteparten av denne auken vil skje i krinsane Knarvik og Alversund. Saka skal no avgjerast i plan- og miljøutvalet. Når programmet har vore på høyring i medhald av plan- og bygningslova sin 11-4 vert det igjen handsama i plan- og miljøutvalet, før endeleg handsaming i kommunestyret. Vurdering: Prognosane baserer seg på det godkjente bustadbyggjeprogrammet for 2009-2011, og forventa utvikling basert på flyttemønster, fødselsoverskot m.m frå SSB. Prognosane baser seg på at elevtalet vil auka ein del i krinsane Alversund, Knarvik og Leiknes, og vera relativt stabilt i dei andre krinsane. Framlegget til bustadbyggjeprogram legg difor opp til å avgrensa utbyggingstakten i 2011 og 2012 berre i krinsane Leiknes, Alversund og Knarvik. Programmet fangar opp at det har vore relativ låg byggjeaktivitet i desse krinsane, og opnar difor for at bustadtakten kan vera høgare i 2011 og 2012. Det betyr at gjennomsnittet for husbygginga i åra 2009, 2010 og 2011 og 2012 vil kunna koma på det nivået som tidlegare bustadbyggjeprogram godkjent i 2008 la opp til (40 bueiningar per år i Knarvik, 30 nye bueiningar per år i Alversund. For Leiknes har ein opna for litt høgare utbyggingstakt, då ein forutset at det i perioden vert bygd ny skule for auka elevtal. Bustadbyggjeprogrammet har prioritert bustadfelt som er kome langt i planlegginga, og der det er gjort investeringar eller gjort utbyggingsavtalar. I Knarvik har ein og opna for ei viss bustadforsyning innanfor sentrumsplanen som pågår, slik at måloppnåing i kommunedelplanen for Knarvik-Alversund knytt til byutvikling/ transformering frå næring til sentrumsområde kan skje. Utbyggingstakten er definert slik at utbyggjarar innanfor same planområde kan søkja om alle bueiningane same året, slik at ein slepp å binda seg opp til den årlege kvota. Det vil gje utbyggjarane eit betre handlingsrom/ meir fleksibilitet i samband med utbygginga av felta. bygningslova sin 11-4 sendt ut til høyring i 30 dagar. Handsaming i Plan- og miljøutvalet - 08.12.2010 Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Vedtak i Plan- og miljøutvalet - 08.12.2010 Rådmannen sitt framlegg er vedteke.
Vurdering: Sidan saka skal handsamast i kommunestyret, og det er viktig å få bustadbyggjeprogrammet vedteke, jf. krav i mange reguleringsplanar, vert saka skrive inn til plan- og miljøutvalet no, med mål å få saka vidare til kommunestyret sitt møte den 10.februar. Kjem det fleire merknader i høyringsperioden vil desse verta lagt fram i møtet til vurdering. Administrasjonen har vurdert merknaden frå Opus Bergen as, og meiner at bustadbyggjeprogrammet ligg nært opp til det utbyggjar her ønskjer, og at det difor ikkje gjev grunn til å endra på utbyggingstakten slik det låg føre i framlegget frå plan- og miljøutvalet sitt møte den 08.12.2010. bygningslova sin 11-4, jf. 11-1 godkjent. Handsaming i Plan- og miljøutvalet - 19.01.2011 Utdelt i møtet: Ny vurdering frå rådmannen: Sidan saka skal handsamast i kommunestyret, og det er viktig å få bustadbyggjeprogrammet vedteke, jf. krav i mange reguleringsplanar, vert saka skrive inn til plan- og miljøutvalet no, med mål å få saka vidare til kommunestyret sitt møte den 10.februar. Kjem det fleire merknader i høyringsperioden vil desse verta lagt fram i møtet til vurdering. Administrasjonen har vurdert merknaden frå Opus Bergen as, og meiner at bustadbyggjeprogrammet ligg nært opp til det utbyggjar her ønskjer, og at det difor ikkje gjev grunn til å endra på utbyggingstakten slik det låg føre i framlegget frå plan- og miljøutvalet sitt møte den 08.12.2010. Vidare har ein vurdert merknaden frå Lindås Tomteselskap og meiner at ein auke med inntil 45 bueiningar i to år vil medføra ein for stor utbyggingstakt i Knarvik no, jf. grunnlagsdokumenta som ligg føre i kommunedelplan for skule. Det ligg heller ikkje føre noko framlegg til detaljplan enno for dette området, og ein reguleringsplan vil venteleg difor ikkje verta godkjent før i slutten av 2011. Administrasjonen vil difor ikkje rå til at utbyggingstakten vert endra på bakgrunn av denne merknaden. Merknaden frå Bjørn Gunnar Fjærestad gjeld slik administrasjonen tolkar det framlegg til to nye bustadareal på gnr. 146 bnr. 2 på Ytre Fosse. Desse områda vart ikkje teke med i framlegget til nye byggjeområde i Lindås kommune sin nye kommuneplanen, ligg difor som LNF område, og områda er difor etter administrasjonen si vurdering lite aktuelle å ha med i bustadbyggjeprogrammet for 2011-2012. Administrasjonen har merka seg ønsket frå Walde Bolig As om å få spesifisert inntil 30 bueiningar berre for område B7, og at 10 av desse bueiningane vert flytta frå B10. Dette vil medføra at utbyggingstakten for Knarvik barneskulekrins får ei auka ramme med 10 bueiningar i perioden på to år. Administrasjonen har forståing for argumentasjonen som gjeld flytting av 10 bueiningar, og meiner at dette er relativt uproblematisk å endra på. Korleis utbyggingsrettane skal fordelast mellom dei ulike aktørane i Knarik aust er eit spørsmål som er vanskeleg å ha eit godt svar på, men administrasjonen meiner at argumentet om ei fordeling med om lag 60 % til Lindås Tomteselskap (inkludert Vestbo) og om lag 35 % til Walde Bolig kan virka fornuftig. Det kan og vektleggjast at
Waldegruppen har hatt eit langt engasjement i samband med reguleringa av Knarvik aust, og at denne aktøren etter ein relativ lang planprosess bør få prioritet framføre andre aktuelle aktørar. Det er heller ikkje avklart kven som skal kjøpa/ byggja ut B6. Ei auke med inntil 10 buiningar i felt B7 og til saman ei auke på 10 innanfor skulekrinsen Knarvik, meiner administrasjonen kan aksepterast, jf. ønsket om å byggja bustader spesielt for seniorar i felt B10, og ut frå behovet for ei rasjonell utbygging Rådmannen sitt framlegg er samrøystes vedteke. Innstilling i Plan- og miljøutvalet - 19.01.2011 Handsaming i Kommunestyret - 10.02.2011 Innstillinga i plan og miljøutvalet vert samrøystes vedteke. Vedtak i Kommunestyret - 10.02.2011