4. ÅRSMELDING FOR NORSK FORENING FOR DERMATOLOGI OG VENEROLOGI

Like dokumenter
SAKLISTE TIL GENERALFORSAMLINGA I NORSK FORENING FOR DERMATOLOGIL OG VENEROLOGI FREDAG 19. APRIL 2013

Referat fra generalforsamling i NFDV, fredag 19. april Tid: 08:30-11:00 Sted: Thon hotell opera, Oslo

ÅRSMELDING NORSK FORENING FOR DERMATOLOGI OG VENEROLOGI

Referat fra styremøte i Norsk forening for dermatologi og venerologi

Referat fra styremøte i Norsk forening for dermatologi og venerologi (NFDV) onsdag 20. september 2017 kl. 12:00-15:50

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

Forslag fra styret om nye vedtekter for foreningen

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

SPONSOR- & UTSTILLERINVITASJON. Norsk forening for dermatologi og venerologi. HØSTSYMPOSIUM november THON HOTEL ULLEVÅL & UBC

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

Studenttinget 2016/2017

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

5. Val av to personar til å underskrive årsmøtereferat

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

Utdeling av premiar til mestvinnande spaniels i fylket 2018 (sjå årsmeldinga for namn). Utdeling av premiar adventskonkurranse.

Velkommen til. årsmøte!

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Omfang HMR løyver inntil 1,5 million norske kroner til føremålet for Ein kan søkje om maks nok per prosjekt per år

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Torbjørn Guggedal K2 - U64 17/297. Saksnr Utval Type Dato 018/17 Kommunestyret PS

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Kontrollutvalet i Suldal kommune

11/12 Kontrollrapport 2011 vedr. skatteoppkrevjarfunksjonen i Kvinnherad kommune.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Vara for soknepresten Kyrkjeverje

Austevoll kommune Møteprotokoll

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

Vedtekter for Vestland SV

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

ULSTEIN KOMMUNE Ulstein eigedomsselskap KF

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Referat frå møte

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Årsmøte Valldal Idrettslag 4. mars 2015

Protokoll fra Årsmøtet Norsk Endokrinologisk Forening og Norsk Selskap for Endokrinologi

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Tysnes kommune Møteprotokoll

Studenttinget 2014/2015

MØTEBOK. Generalforsamling Fjellstyra på Hardangervidda as

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE BERGEN HF

Møteprotokoll. Til stades var òg rådmann og politisk sekretær, sistnemnde førte møteboka.

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE BERGEN HF

Årsmøte 2015 Norsk Kommunikasjonsforening Lokallag Møre og Romsdal

Møteinnkalling for Ungdomsråd

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

FolkOrg Møte 2012/06 Styret

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling.

Årsmelding Internettsida til laget har fått ein fin form, og Norunn Skretting har ansvaret for å fylgja opp denne. Det har

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

ÅRSMØTE RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl Bjarne Øymyr

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen HF

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Referat frå årsmøte i Haugaland Golfklubb Søndag 30. januar 2011 kl 18:00

NVBF REGION SOGN OG FJORDANE 38. ORDINÆRE TING 2014 TINGSAKER. STED: Idrettens hus Concordbygget. TID: Onsdag 22. april 2014 kl.

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Anne Lise Eklund

Godkjent 22. april 2013

Styret i Mental Helse Os kallar inn til årsmøte og deretter hyggetreff tysdag 4. mars kl.18.00, Allaktivitetshuset, 3 etg.

Vedtaksprotokoll styremøte

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Dato: Tidspunkt: Fylgjande faste medlemmer møtte

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid: og frå kl

Torsdag 10. mars 2016 kl på Bryne Kro & Hotell

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Dato: 19. november 2013 Kl.: Stad: Møterom 425 Sunnhordland Saknr.: 34/13-36/13. MØTELEIAR Vebenstad, Torill (A)

Surnadal Idrettslag. Referat frå styremøte i Surnadal IL. Henvending om oppretting av ny gruppe i Surnadal IL - Frisbeegolf

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

Vedtekter for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet

Transkript:

4. ÅRSMELDING FOR NORSK FORENING FOR DERMATOLOGI OG VENEROLOGI 2012 2013 Per 1. februar 2013 hadde NFDV 253 medlemar. Av desse var 168 godkjende spesialistar, 48 ikkje godkjende spesialistar, 37 pensjonistar og 12 assosierte medlemar. Medlemstalet aukar. Dei fleste LIS vel å melde seg inn i foreininga, og dei fleste som pensjonerer seg vel å kontinuere medlemskapen. Georg Rajka, som var æresmedlem i foreininga, gjekk bort 16. mars i år. Det er ikkje rapportert om at andre som har vore medlemer i NFDV har gått bort i løpet av det siste året. Nye medlemer i perioden 01.03.12 01.03.13: Vi har fått 17 nye medlemer og ynskjer alle velkomne i foreininga: Bjørn Øivind Kvammen Einar Odd Løland Una Britt Bjåstad Hovlid Anne Elisabeth Lefdal Marianne Kummels Gunn-Marit Lynghaug Mohammad Husain Rizvi Øyvind Magne Bremnes Linda Moseng Lars Sveistrup Børge Endre Haugen Østhus Mohabbat Pal Singh Afzal Mohammad Innstrand Narinder Kaur Hege Marie Schnelle Eivind Lied Magdalena Joanna Swietoniowska Styret i NFDV 01.01.2011 31.08.2013: Leiar Nestleiar Sekretær Kasserar Styremedlem 1.vararepresentant 2.vararepresentant Turid Thune Petter Gjersvik Guttorm Guleng Xiaotong Li Malte Hübner Marit Saunes Dagfinn Moseng

Styret har kontinuert avtalen med rekneskapsførar Gro Kofstad i CEREBELLUM AS og avtalen med revisjonsfirmaet PKF Revisjon AS. Honorarsatsane til styremedlemene er ikkje endra: Leiar kr 10 000, kasserar kr 5000, sekretær kr 5000. Alle styremedlemene blir i tillegg honorert med kr 1500 per styremøte. Styremedlemer i privat praksis får dobbelt honorar for styremøta. Styret sine strategiske mål for styreperioden: 1. Vidareføring av satsinga på forsking. 2. Utarbeide forslag til etterutdanning og krav til å oppretthalde kompetanse etter spesialistgodkjenning. 3. Arbeide for betre samarbeid mellom sjukehusavdelingane, avtalespesialistane og hudlegane i privat praksis. MØTEAKTIVITET: Styremøte: 25.06.12 (Skype) 07.09.12 29.11.12 01.03.13 17.04.13 Alle møta er haldne på Legenes hus, Oslo. Møte med spesialitetskomiteen: Det årlege møtet ned spesialitetskomiteen vart halde 18.november 2012 på UBC i samband med haustmøtet i NFDV. Haustmøtet 2012: Haustmøtet vart arrangert på Ullevål Business Class 18.-19.november 2012. Det var 74 påmelde deltakarar og 19 sponsorar. Spesialistar betalte kr. 1500, utdanningskandidatar og stipendiatar betalte kr 500 i eigendel. Fagleg sett var møtet ein suksess, men for første gong gjekk arrangementet med underskot. Møte med avdelingsleiarane: Møtet vart arrangert på Olafiaklinikken 30.11.12. Desse var til stades: Dagfinn Moseng, Kristin Ryggen, Lisbeth Rustad, Thomas Ternowitz, Anne Olsen og Jan-Øivind Holm. Tema for møtet var: 1. Kva kan universitetssjukehusa gjere for å bemanne utkantane. 2. Slutt på stønad til kongressreiser kva no? 3. Olafiaklinikken som nasjonalt kompetansesenter kva inneber det? 4. Innføring av sjekkliste for LIS. Kva vil det bety i praksis for utdanningsinstitusjonane? Forskingsseminaret på Gardermoen:

17.januar 2013. Møtet blir skipa til av Forskingsutvalet i samarbeid med styret i NFDV. Sjå eigen rapport frå Forskingsutvalet. Styret meiner at forskingsmøtet er ein viktig arena for nettverksbygging mellom forskingsinteresserte. Også i 2013 valde styret å dekkje alle utgiftene for deltakarane. Det nye styret må vurdere om dette er forsvarleg i framtida med tanke på økonomien i foreininga. Møte med pasientorganisasjonane: 1.mars 13. Det møtte representantar for HAE-Norge, NAAF, Iktyoseforeningen og Psoriasis- og eksemforbundet. Deltakarane rosa NFDV for den nære kontakten med pasientorganisasjonane. Andre møte der styret i NFDV har vore representerte: International League of Dermatological Societies (ILDS) summit Berlin 03. - 05.06.12 Møte i LIS-gruppa for biologiske legemiddel 24.10. og 18.12.12 Seminar om spesialitetsstruktur og etterutdanning Soria Moria 16.-17.01.13 og Leiarseminar Soria Moria 17.-18.01.13. Høyringar og liknande: Legeforeningen og andre sender ut ei rekkje høyringsforslag. Styret vurderer om høyringane er relevante for NFDV og svarer etter tur eller etter spesialinteresser. Arbeid mot eksterne kontaktar: Kreftforeningen kjem med ein del innspel til foreininga i løpet av året og arrangerer eit møte kvar haust der eit panel av ekspertar frå NFDV deler på å representere faget. Styret takkar for velviljen, det er alltid minst ein kollega som set av tid til dette møtet. Legeforeningen ynskjer også representasjon frå NFDV i ulike utval og komitear. I 2012 vart Terese Løvold Berents (med Hilde Vindenes som personleg vararepresentant) oppnemnd som representant til «Sakkyndig komité for kompetanseområde i allergologi». STATUSRAPPORT FOR ARBEIDET MED STYRET SINE SATSINGSOMRÅDE: 1. Forsking. Forskingsmøtet på Gardermoen har blitt ein tradisjon og har funne si form. Økonomien i foreininga har gjort det mogeleg å dekkje alle utgiftene for deltakarane. På den måten har vi fått deltakarar frå heile landet. Det er ikkje mogeleg å måle nytten av eit slikt møte, og styret må heile tida vurdere om dette er ein god måte å bruke pengane på. Det sitjande styret meiner at møtet har vorte ein så viktig arena for forskingsmiljøa at det er verdt å satse vidare på. Styret har også halde fast ved at overskotet av annonseinntektene på nettsida vår skal gå direkte til stipend til medlemene. I år valde vi likevel å halde att kr 44.000 som skal brukast til å dekkje deler av underskotet frå haustmotet. Stipendsøknadene blir vurderte av styret og delte ut etter beste skjøn. Medlemene kan søkje om midlar til: -Faglege kurs i utlandet og/eller opphald i utlandet i samband med godkjend forskingsprosjekt. -Hospitering, studieopphald, kurs. -Innkjøp av driftsmidlar til forskingsprosjekt. Desse medlemene vart tildelte stipend 1.mars 2013:

Katarina Zak Stangeland: Kirurgikurs i San Diego. Kr. 10.000 Teresa Løvold Berents: EAACI-WAO World Congress (med presentasjon). Kr 10.000 Linn Landrø: EAACI-WAO World congress. Kr 5.000 Anne Sofie Brandstorp-Boesen: Hospitering ved St John s Institute of Dermatology, St Thomas Hospital. Kr 10.000 Ellen Heilmann Modalsli: Kostnader for å publisere artikler fra HUNT-materialet. Kr 20.000. Jon Anders Halvorsen og Xiaotong Li: Hospitering Mnaazi Mnoja Referral Hospital, Zanzibar, får tildelt kr 10.000 totalt. Cato Mørk: PDT-studie. Kr 15.000 Astrid Lossius: Forbruksmateriell etc. til studie. Kr. 10 000 Thomas Schopf: Prosjekt: Bruk av internett i seksualundervisningen. Kr 10.000 NFDV har inngått avtale med fleire legemiddelfirma om stipend og prisar. - Avtalane med Pfizer (publikasjonspris) og Galderma (YDF-pris)står ved lag. Prisane blir delte ut på årsmøtet (sjå rapport frå forskingsutvalet). - Abbott finansierer Humanprisen som blir delt ut på Hot Topics. Forslag til kandidatar kjem frå medlemene, og bedømmingskomiteen går ut frå styret. NFDV har inngått ny kontrakt for 2013 med Abbvie. Prisvinnar i 2012 var Per Helsing. - I 2012 fekk NFDV oppretta eit nytt stipend i samarbeid med Janssen Cilag AS. «Janssen Educational Grant» på 6000 Euro som kan delast på inntil tre søkjarar. Styret er bedømmingskomité. I 2012 var stipendet tildelt Alexandros-Lazaros Stefou og Helle Kathrine Hanssen med likt beløp til kvar av dei. 2. Etterutdanning. Styret og Spesialitetskomiteen arbeider her mot eit felles mål. Legeforeningen sentralt har også etter kvart komme etter, og fleire organisasjonsledd har innsett at etterutdanning er eit tema som er viktig og nødvendig å diskutere. I januar arrangerte Legeforeningen eit seminar med deltakarar frå dei fagmedisinske foreiningane og spesialitetskomiteane der etterutdanning var hovudtema. Saka skal også opp til drøfting på landsstyremøtet i Dnlf i juni. Mest sannsynleg vil det i framtida bli ei form for obligatorisk etterutdanning. Det blir dei fagmedisinske miljøa sjølve som skal setje opp forslag til innhald i etterutdanninga. Ingen som har klart å bli spesialist vil ha problem med å oppfylle krava. Det kjem ikkje til å bli eksamen. Når ev. dette blir innført er ikkje avgjort. 3. Samarbeid. Dette er tema vi tek opp på det årlege møtet med avdelingsleiarane. Samarbeidet mellom sjukehusavdelingane og kollegane i avtalepraksis og dei heilprivate må gå føre seg i dei ulike regionane, men det kan vere nyttig å diskutere strategiar og gjere nytte av andre sine erfaringar. Dersom nokon av medlemene har innspel til korleis samarbeidet skal betrast, må de gjerne ta kontakt med oss i styret.. Rapport frå haustmøtet 2012 og orientering om haustmøtet 2013: Kontrakten med Congress Coference AS vart fornya, samarbeidet har fungert godt. Kongressbyrået lagar budsjett som NFDV må leggje fram for Legemiddelindustrien for å få

konseptgodkjenning. Det er kongressbyrået som hentar inn og inngår avtalar med sponsorane. Det vart inngått kontrakt med heile 19 sponsorar til møtet i 2012. Pengane sit ikkje så laust som tidlegare. Det var m.a. ikkje mogeleg å få nokon gullsponsor. Tidlegare har haustmøta gått med overskot som har vorte betalt ut som stipend til medlemene. Haustmøtet 2012 gjekk derimot med underskot på kr 121.551. Grunnane til eit så stort avvik frå budsjett er mange. Kongressbyrået var nok litt for optimistiske med tanke på sponsorinntektene. Utgiftene vart også større enn rekna med, både reiseutgifter, honorar og servering. Kongressbyrået var viljuge til å overføre heile underskotet til neste haustmøte og prøve å ta alt inn då. Styret vedtok å dekkje halvparten (kr 60 000) og prøve å hente inn resten på årets haustmøte. For å få til det må utgiftene kuttast og inntektene bli høgare. Styret har i samarbeid med kongressbyrået vedteke desse tiltaka for å komme i balanse på årets møte: - Lågare honorar til føredragshaldarane (i utgangspunktet attende til Legeforeningen sine satsar) - Vurdere enklare utstillingsområde og enklare invitasjon til sponsorar - Uendra pris på stands - Auke deltakaravgifta til 1600 for spesialistar og 800 for LIS og stipendiatar - Delegatane blir oppmoda om å reise på billegaste måte (lågprisbillettar ved flyreise) - Innsparingar på serveringsutgiftene. Ikkje så rikeleg (for mykje) servering ved møtestart torsdag. Avgrense vinserveringa: 1 glas til forrett, 1 glas til hovudrett, ingen dessertvin. Haustmøtet 2013 blir arrangert på Ullevål Business Class 7.-8.novmber 2013. 04.04.13 Turid Thune