Tilarbeiding av betong



Like dokumenter
breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk

Eksa. amen. BET310 Lærling praksis

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Eksamen BET3102 Betongfaget Lærlingar og praksiskandidatar / Lærlinger og praksiskandidater. Nynorsk/Bokmål

Læreplan i rørleggjarfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Brukarrettleiing E-post lesar

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Eksamen STI3102 Stillasbyggjarfaget/Stillasbyggerfaget Lærlingar og praksiskandidatar / Lærlinger og praksiskandidater.

Til deg som bur i fosterheim år

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Lønnsundersøkinga for 2014

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Eksamen BET3102 Betongfaget Praksiskandidatar/Praksiskandidater / Lærlingar/Lærlinger. Nynorsk/Bokmål

Læreplan i veg- og anleggsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.


Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Eksamen TMF3102 Tømrarfaget/Tømrerfaget Lærlingar og praksiskandidatar / Lærlinger og praksiskandidater.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Frå avfall til verdifullt byggemateriale

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Kvalitetsplan mot mobbing

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i tømrerfaget Tilhører:...

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Brukarrettleiing. epolitiker

OPPLÆRINGSBOK. Opplæring i veg- og anleggsfaget. Tilhører:... Utarbeidet 2012 Hallgeir Larsen

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Programområde for fotterapi - Læreplan i felles programfag Vg3

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Eksamen. Fag: EL7039 VKI elektro. Eksamensdato: 9. desember Studieretning: Elektro

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL VEG- OG ANLEGGSFAGET.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Eksamen BET3102 Betongfaget Lærlingar og praksiskandidatar / Lærlinger og praksiskandidater. Nynorsk/Bokmål

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL TØMRERFAGET.

Eksamen BYG2001 Produksjon. Programområde: Vg2 Byggteknikk. Nynorsk/Bokmål

Logg Ma larfaget. Namn Fødselsdato Bedrift. Produksjon. Beherskar oppgåva. Sjølvstendig

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Kursdagane 2009 Feilfrie bygg

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

VURDERINGSSKJEMA FOR TØMRERFAGET

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Eksamen BY8119 tømrar/tømrer. Nynorsk/Bokmål

Vi vil begynne med å takke SIU for at dei har gjort det mulig for oss og reise på ein slik lærerik og kjekk tur til Spania, dette er vi veldig

Læreplan i hestefaget Vg3 / opplæring i bedrift

Eksamen BET3003/BET3030 Betongfaget Praksiskandidatar/Praksiskandidater / Lærlingar/Lærlinger. Nynorsk/Bokmål

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Lotteri- og stiftingstilsynet

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles programfag Vg3

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Vanlige arbeidsoppgaver er for eksempel, fundamentering, forskaling, armering og utstøyping av betong.

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Om vestibularisnevritt

Vurderingskriteriar for TØMRARFAGET

VARTDAL GARASJEELEMENT VARTDAL GARASJEELEMENT. Raskt og enkelt system for garasjeplate

Eksamen ISF3102 IKT-servicefaget. Nynorsk/Bokmål

11 Eg i arbeidslivet

Nynorsk. Eksamensinformasjon

Bilete og figurar i Word

ehandel og lokalt næringsliv

Programområde for hudpleiar - Læreplan i felles programfag Vg3

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Eksamen REA3026 Matematikk S1. Nynorsk/Bokmål

Kursdagane ved NTNU, januar Ny NS-EN Utførelse av betongkonstruksjonar FORSKALING (6A) Magne Maage Skanska Norge AS.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Programområde for fiske og fangst - Læreplan i felles programfag Vg2

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Skjema for HMS-GJENNOMGANG I BALESTRAND KOMMUNE Godkjent av: Arbeidsmiljøutvalet i møte XXXXX, sak XXXX. UTKAST AV

Transkript:

Tilarbeiding av betong Tilarbeidingsutstyr Vernebriller Beskytt alltid øynene mot sprut av sementslam eller betongsøl bruk vernebriller. Arbeidsklær Bruk alltid arbeidsklær med lange ermer og bukser, selv om det er varmt. Pass på å ha buksene tredd utenpå støvlene. Skift arbeidsklær som er gjennombløte av fersk betong. Arbeidshansker Beskytt alltid hendene med vanntette arbeidshansker. Støvler Anvend alltid verestøvler. Buksene skal tres uttenpå støvleskaftene for å forhindre betong i støvlene. Knebeskyttere og kneunderlag Bruk alltid knebeskyttere og vanntett kneunderlag ved pussing av gulv. Ved bruk av ekspandert polystyren (eks. Isopor) bør denne dekkes til med plast. Dårleg og godt tilarbeidd betong X i Irriterende Fersk betong har et høyt PH-nivå. Direkte hudkontakt bør derfor unngås. Risikosetninger R38 Irriterer huden. R41 Risiko for alvorlig øyeskade. R43 Fare for allergi ved hudkontakt. Sikkerhetssetninger S2 Oppbevares utilgjengelig for barn. S24 Unngå hudkontakt. S26 Får man stoffet i øynene, skyll straks grundig med store mengder vann og kontakt lege. S37/39 Bruk egnede vernehanser og -briller/ ansiktsskjerm. Håndtering av restbetong Etter herdning kan restbetongen behandles som bygningsavfall. Utarbeidet av FABEKO Norsk Fabrikkbetongforening i henhold til anbefalinger fra ERMCO (European Ready Mixed Concrete Organization) Januar 2004 Reglar for handtering av fersk betong. Kilde: www.fabeko.no 142

Vi har omtala tilarbeiding av betong i fleire samanhengar, det vil seie å arbeide med betongblandinga i forma eller forskalinga slik at betongen får ei fin overflate utan synlege sår og skøytar. I denne prosessen får vi pakka eller komprimert betongen godt saman, fjerna unødvendige luftlommer samtidig som vi jobbar med blandinga slik at ho fyller ut heile forma som ho skal. Vi må også nemne at det i dag finst betong som krev lite eller inga form for tilarbeiding. Denne betongen, kalla SKB, stiller store krav til forskalinga, særleg når det gjeld tettleik. SKB står for sjølvkomprimerande betong. Altertavle støypt i sjølvkomprimerande betong, Tensvoll kirke. Foto: Geir Finnesand, Sola Betong Armert sprøytebetongvegg 143

Betongindustri Foto: Hå Element AS Med betongindustri meiner vi ferdige betongelement produserte på fabrikk. Det kan vere vegger, etasjeskiljarar, trapper, søyler osv. som blir produserte og støypte ferdig på fabrikk for så å bli transporterte ut på byggjeplassen for montering. Denne produksjonen er effektiv fordi elementa blir produserte inne under kontrollerte omgivnader og monterte raskt ute på byggjeplassen. Røyr og kummar 144

Dei som arbeider inne på fabrikken, må som fagfolk på byggjeplassen kunne byggje forskalingar, montere armering og støype element ut frå teikningar, mål og krav. For at elementa skal passe saman når dei blir monterte på byggjeplassen, blir det stilt store krav til nøyaktig arbeid hjå produsentane. Montering Når fabrikkelementa kjem til byggjeplassen, må vi før monteringa ta kontrollmål der elementa skal monterast. Vi må også sjekke at vi har fått rette element. All montering skjer etter ein oppsett plan med teikningar som har nummer på kvar del som skal monterast. Montering av betongelement krev bruk av kran. Vi må fokusere på tryggleiken når vi monterer. I denne fasen av byggjeprosessen har vi ikkje fullt utbygde stillas eller tilkomst vi kan bruke. Difor er det viktig å nytte det tryggingsutstyret som trengst. Forutan personleg verneutstyr må vi ofte nytte tryggingssele for å hindre skadar om nokon eventuelt skulle falle. Det er også viktig å kunne kommunisere godt med den som styrer krana. I dette faget er utfordringa større enn for andre fag når det gjeld å byggje enkle konstruksjonar for å oppfylle intensjonane i læreplanen. Forskaling, armering og støyping av enkle konstruksjonar Vi skal sjå på nokre utvalde arbeid som viser korleis vi kan byggje enkle konstruksjonar i betong. Forskaling og armeringsarbeidet viser vi individuelt for kvar jobb, medan vi tek støypinga samla for alle konstruksjonane til slutt. Vi avgrensar oss til å vise døme på enkle betongkonstruksjonar. Detaljerte forklaringar med bilete og tekst på korleis konstruksjonane skal byggjast, finn du på www.bokasnettressurs.no. Heising/montering av element. Foto: Spenncon Fundament Om vi vil konstruere eit fundament ved å forskale, armere og støype, må vi først avklare kva eit fundament er. I biletspråk er fundamentet føtene til konstruksjonen. Enkelt fortalt er det den bygningsdelen som blir utsett for summen av dei belastningane (kreftene) som ein konstruksjon blir utsett for. Difor er fundamentet plassert i botnen av ein konstruksjon. Enkelt fundament. 145

Fundamentet kan vere utforma på mange måtar, frå små enkle firkantar som i søylefundament, til breie og lange fundament som strekkjer seg rundt ein stor bygning. Eit slikt fundament blir ofte kalla sole. Hovudformålet er å tilpasse fundamentet til den krafta det blir utsett for ut frå dei grunnforholda som er på staden. Det vil seie at dess dårlegare evne bakken der ein konstruksjon skal stå, har for å tole belastningar, dess større må fundamentet vere for å stå imot kreftene frå konstruksjonen. Korleis vi byggjer fundamenta, varierer etter korleis underlaget er der vi skal setje fundamenta. Somme gonger har vi underlag der vi kan slå ned pålar som vi kan feste soleforskalinga i, medan vi andre gonger har fast grunn som fjell. Då må vi bruke andre metodar for å sikre at forskalinga blir ståande der ho skal. Fundamentforskaling med armering Enkel fundamentkonstruksjon med armering Biletet under viser ei enkel fundamentforskaling som kan tenkjast bygd som ei øving på Vg1-nivå. Øvinga kan også tenkjast å vere ein del av eit komplett solefundament til dømes under eit hus. På dette fundamentet er det naturleg at det kjem ein vegg. For komplett forklaring på korleis fundamentforskalinga skal byggjast, sjå www.bokasnettressurs.no. Drenerande massar Utvendig varmeisolering Grunnmursplate av plast Betonggolv min. 50 mm Plastfolie Varmeisolasjon Fiberduk Fundament med vegg Drensleidning Ev. fiberduk Finpukk Trykkfast varmeisolasjon av ekstrudert polystyren 146

Vegg Vegger av betong skal vanlegvis plasserast på eit støypt fundament eller eit betonggolv. Foto: Vetle Houg, Heidelberg Cement Forskaling Vi skal ta for oss produksjon av mindre vegger ved hjelp av tradisjonell veggforskaling. Når vi byggjer ei slik forskaling, er det ein del namn og omgrep å merke seg på dei ulike delane. Hud Stender Avstivning Dobbel strekklist Lås Ei tradisjonell veggforskaling med namn på dei sentrale delane 147

Stag (bindarar) Av delar i den komplette forskalinga bør vi snakke litt om stag eller bindarar. Staget held saman begge sidene på ei veggforskaling slik at vi får rett tjukn på veggen og hindrar at dei to sidene på forskalinga sklir frå kvarandre når vi støyper. Stag eller bindarar får vi i mange variantar. Somme er tilpassa særskilde veggtjukner. Andre er utforma slik at vi kan nytte dei til fleire veggtjukner ved hjelp av spesielle røyr som vi kappar til etter den veggtjukna vi skal ha. Vidare kan delar av enkelte stag eller bindarar bli sitjande igjen i betongveggen etter at han har stivna, medan andre typar kan fjernast heilt og brukast på nytt. Det blir då berre eit hol igjen i veggen som bør eller må tettast. Dywidastag Malthusstag Båndjern Ulike stag Vertikalsnitt Armering Vegger av betong må armerast for å kunne tole dei kreftene dei blir utsette for. Normalt sett held det å armere mindre vegger som ein enkelt armert vegg. Det vil seie at vi monterer vass- og loddrette stenger i eit rutemønster i eitt lag i veggen. NB! Det er viktig å merke seg at all armering må planleggjast og reknast ut i kvart enkelt tilfelle i forhold dei belastningar som den enkelte konstruksjonen blir utsett for. For komplett forklaring av korleis ein vegg skal byggjast, sjå www.bokasnettressurs.no. Enkeltarmert vegg Søyle Forskaling Ei vanleg søyleforskaling har vanlegvis fire sider. Desse sidene blir laga i rette mål for høgd og breidd før dei blir monterte saman til ei søyle. Sjølve søylesidene blir haldne saman av låsebord som vi monterer rundt søyleforskalinga. 148

Armering av søyle Søyler er ofte slanke konstruksjonar som er utsette for store krefter. Difor er armeringa av dei viktig. Vi armerer søyler med minimum eitt armeringsjern i kvart hjørne omslutta av bøylar. Bøylar er armeringsjern bøygde etter forma og storleiken på den søyla som skal armerast. Storleiken på bøylane må tilpassast den overdekkinga som trengst der søyla skal stå. Forskaling og armering av enkel søyle Her ser vi eit bilete av ei enkel søyleforskaling med søylearmering i. Dette kan vere ei øving som passar godt på Vg1-nivå. For komplett forklaring av korleis denne skal byggjast, sjå www.bokasnettressurs.no. Enkel søyleforskaling Søyleforskaling med armering Støyp av enkle betongkonstruksjonar Dei fleste betongkonstruksjonane blir støypte med betong levert med bil til byggjeplassen. Korleis betongen kjem frå bilen til forskalingane, varierer etter kor nær betongbilen kan kome og kva slags utstyr vi som handverkarar ønskjer å nytte. Det finst fleire ulike måtar å gjere det på. Foto: Vetle Houg, HeidelbergCement Foto: Sverre Røss Ulike leveringsmåtar for betong 149

Støyp av fundament er som oftast ei grei oppgåve. Dei er normalt sett låge konstruksjonar med små krav til utsjånad fordi dei oftast blir fylte ned og ikkje er synlege etterpå. Unntaket er dersom fundamentet blir støypt saman med golv på grunn. Då er kravet til overflata på golvet sjølvsagt viktig. Ein må likevel gjere all utstøyping og tilarbeiding av betong på rett måte slik at vi unngår skadar på konstruksjonar etterpå. Frå betongpumpebil. Foto: Betong Vest AS Når vi støyper vegger og søyler, trengst det særleg god fagkunnskap for å få eit godt resultat. Då har vi ofte høge og slanke konstruksjonar som krev rett framgangsmåte. Det er viktig å leggje ut betongen i fleire lag oppover i konstruksjonen. Mellom kvart lag må betongen tilarbeidast (vibrerast) systematisk. Det er særleg viktig å få vibrert saman det nye laget med det under. Difor må vibroutstyret stikkast minst 10 15 cm ned i laget under for å unngå synlege støypeskøytar. Det er også viktig å plassere betongen i forskalinga der han skal vere med ein gong. Ikkje bruk vibreringsutstyret til å flytte betongen sidevegs! 1. 2. 3. Vi har med store krefter å gjere når vi støyper. Det er viktig å tilarbeide betongen systematisk og fullgodt, men ikkje for mykje. Sjekk alltid ein siste gong før du støyper, at forskalinga er sterk nok til å tole dei kreftene han blir utsett for når du skal støype. Mellom kvart lag vibrerer vi betongen systematisk med vibroutstyr Arbeidsoppgåver 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. Kva er eigentleg ei forskaling? Teikn og forklar kva materiale du må ha for å kunne lage betong? Kan vi nytte saltvatn i ei betongblanding? Grunngi svaret. Du får spørsmål om å forklare nokon kva eit fundament er. Kva vil du seie? Teikn og forklar kva eit stag er, og kva funksjon det har. Kva arbeidsoppgåver kan du gjere som utlært betongarbeidar? Forklar ulike måtar du kan få levert betong på. Vis med ei skisse skilnaden på strekkrefter og trykkrefter. 150

Stillasbyggjarfaget Det sentrale arbeidsområdet for stillasbyggjaren er å byggje stillas og plattformer til andre yrkesutøvarar. Det daglege arbeidet omfattar fysiske og psykiske utfordringar med arbeid på bakken og i høgda. Fagarbeidaren må kunne rekne ut tunge lyft og understøtting. Under har vi teke med utdrag frå kompetanseplattforma for stillasbyggjarfaget. Foto: Norisol Norge AS Dagleg arbeid byggje stillas som arbeidsplattform og tilkomst for andre fagarbeidarar i samband med nybygg byggje stillas på eksisterande bygg i samband med rehabilitering, utbetring av bygg osv. vere planleggjar, arbeidsleiar og koordinator for prosjekt byggje stillas for landbasert industri byggje stillas for oljerelatert industri til havs rigge, stroppe og planleggje i samband med kranlyft bruke manuelle og hydrauliske arbeidsplattformer industriklatring ved bruk av klatreutstyr redningslag ved bruk av klatring monteringsarbeid ved bruk av «tilkomstteknikk» Krav til kunnskap og ferdigheiter Faget er underlagt lover og forskrifter på tekniske område, tryggingsområde, miljøområde og helsefaglege område. Stillasfagarbeidaren skal sørgje for tryggleiken til andre. Gode kommu nika sjonsevner overfor kundar, oppdragsgivarar, byggherrar og brukarar av stillasa er viktig. På mange byggjeplassar og til havs må stillasbyggjaren sam - arbeide med yrkesutøvarar som har andre nasjonalitetar. Språkkunnskap og kunnskap om andre kulturar er difor positivt for yrkesutøvinga. 151

Stillasmontøren skal kunne vurdere behov for stillas, planleggje bygginga av stillaset og gjennomføre byggjeoppdraget. I yrkesutøvinga må han kunne lese og forstå arbeidsteikningar og framdriftsplanar. Fagarbeidaren skal kjenne til dei instruksane som gjeld for både byggjar og brukar. Stillasmontøren skal kunne rekne ut og dimensjonere for (vind)krefter som verkar statisk og dynamisk, ved både inndekte og udekte stillas. Ein nyutdanna stillasbyggjar må kjenne til og kunne byggje dei vanlegaste stillastypane. Vedkomande må difor også kunne rekne ut og dokumentere dei belastningane stillaset blir utsett for. Stillasmontøren skal dessutan ha gjennomført praktisk opplæring på og handtering i samband med hydrauliske arbeidsplattformer, i samsvar med forskrifter og anna regelverk praktisk opplæring i og rigging og stropping av hiv grunnleggjande opplæring i tilkomstteknikk God sikring ved montering. Foto: Layher AS Stillasbygging blir ofte utført som eigen entreprise med strenge krav til kompetanse hjå stillasbyggjaren og til sertifisering av bedriftene (iso-sertifisering). Stillasmontøren skal kunne lese dei same arbeidsteikningane og framdriftsplanane som andre fag nyttar. Stillaset skal setjast opp for at andre skal vere trygge, men montøren må også ta omsyn til eigen tryggleik i alt stillasarbeid. Utvikling av faget og plass i samfunnet Mange av arbeidsulukkene på bygg- og anleggsplassar kjem av dårleg sikring og mangel på stillas. Stillasbyggjaren er difor viktig i arbeidet med å førebyggje ulukker. Gode stillas gjer at også andre yrkesgrupper kan arbeide meir effektivt og for auka verdiskaping. Bruken av materiale har endra seg frå tre til stål til aluminium. I tråd med samfunnsutviklinga og krav til bygg og installasjonar har stillasbygging vorte meir komplisert. Kravet til kompetanse hjå stillasmontøren er skjerpa med omsyn til teknikk, fagkunnskap og helse, miljø og sikkerheit. Likskapar og ulikskapar til andre fag Stillas blir brukte av dei fleste yrkesgruppene i bygg- og anleggssektoren. Stillasbyggjaren må ha grunnleggjande bygningsteknisk kunnskap om til dømes fundamentering, festeinnretningar og utrekning av belastningar. Det er kompetanse stillasbyggjaren har felles med mange andre byggfag. Elles minner vi om at stoffet her er ein viktig del av kompetansemåla for Vg1 i læreplanen (sjå side 14). 152

Hovudoppgåva til ein stillasbyggjar er etter kompetanseplattforma å byggje gode og trygge stillas som arbeidsplattform og tilkomst for andre fagarbeidarar. Difor er det viktig at ein stillasbyggjar har kunnskap om dei ulike faga og yrka og dei behova ulike fagarbeidarar har. Då kan han best mogeleg sørgje for at stillaset har den styrken og stabiliteten som trengst for alle brukarane, og at det er brukarvenleg. I tillegg er det heile tida viktig å kommunisere godt med dei ulike fagarbeidarane som bruker stillasa. Historikk Stillas har vore knytt til konstruksjonar heilt tilbake til den tidlege historia til menneska. For 5000 6000 år sidan vart tre og bambus brukte som byggjemateriale, medan vi no for det meste bruker aluminium og stål. Stillasbyggjarfaget er eit ungt lærefag. Det vart lagt inn under lov om fagopplæring i arbeidslivet 1. mai 1989. Stillasa vart tidlegare bygde av handverkarane som sjølv skulle bruke dei. I dag har eigne firma spesialisert seg på stillasbygging fordi utviklinga i skipsbygginga og oljeindustrien har ført til at stillasbygging har vorte meir omfattande, og krava til tryggleik og kvalitet har auka. Ulukker I kvart av dei siste ti åra er det registrert fallulukker i bygg- og anleggsbransjen. Fallulukker frå arbeidsplattformer og tilkomstar går igjen i ulukkesstatistikken hjå Arbeidstilsynet. Men det er ikkje når stillaset står ferdig i samsvar med forskriftene, at det skjer ulukker. Det er til dømes når andre fagarbeidarar byggjer sitt eige stillas, ofte ikkje etter forskriftene, eller når vi byggjer om stillas eller ein tilkomst utan å seie frå til stillasbyggjaren, at ulukkene skjer. Difor er det like viktig for dei andre fagarbeidargruppene å lære om stillasfaget som det er for dei som skal utdanne seg spesielt. Her ser vi eit bambusstillas frå Kina i dag. Det er også viktig for alle å fokusere på dei områda der det skjer flest ulukker. Desse områda er manglande rekkverk dårlege golv og vippeendar fjerna innfesting til vegg sviktande fundamentering bruk av uoriginale delar mangelfull rydding manglande sikring av stigar Alle fagarbeidarar med fokus på HMS bør nekte å bruke stillas som ikkje oppfyller dei krava som skal stillast til dei. 153

Krav til grunnleggjande tryggleik Ein stillasbyggjar må som andre fagarbeidarar rette seg etter dei reglane og forskriftene som blir stilte til arbeidet. Det er utarbeidd ei eiga forskrift som omfattar stillas, stigar og arbeid på tak osv. Denne forskrifta kan bestillast hjå Arbeidstilsynet med bestillingsnummer 500. Om Arbeidstilsynet Arbeidstilsynet er ein statleg etat under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Etaten har til oppgåve å føre tilsyn med at verksemdene følgjer krava i arbeidsmiljølova. Forskrift 500. Kjelde: Arbeidstilsynet Denne forskrifta har som overordna mål å sikre arbeidstakarar mot fall og fallande gjenstandar når det blir arbeidd på fasadar, tak og andre konstruksjonar. I tillegg til denne forskrifta må ein stillasbyggjar alltid følgje dei instruksane og retningslinjene som gjeld for arbeidsplassen og stillasen. Det vil seie at monteringsinstruksar og liknande må følgjast. Fundamentering I delkapitlet om betongfaget sa vi at fundamentet er føtene til konstruksjonen. Når vi overfører denne tanken til stillas, meiner vi at beina til stillaset er plasserte på ei eller anna form for underlag. Det er stor skilnad på å montere eit stillas med beina plasserte på eit dårleg og mjukt underlag og å kunne plassere det på til dømes eit betonggolv. Difor må vi i planleggingsfasen skaffe oss oversikt over underlaget der stillaset skal plasserast. Minimum fotplate. Foto: Layher AS Fotplate på plankepute. Foto: Layher AS 154