ÅRSMELDING 2015 FOREININGA BASECAMP UNGDOMSDIAKONITILTAK
Innhald Innleiing...... 2 Generelt om Basecamp Ungdomsdiakonitiltak.... 3 Organisasjon og leiing.... 4 Medarbeidarar. 6 Strategiplan.. 7 Aktivitetar i 2015.. 8 72 timer Nord... 10 Medvandrar -prosjektet 11 Oppsummering.... 12 Organisasjonskart. 13 Rekneskap 14 Rekneskapskommentar og besøkstal. 15 Innleiing Det har vore eit innhaldsrikt år på Basecamp i 2015. Fleire høgdepunkt med «72-timer Nord» ekspedisjon i juni og oppstart av «Medvandrar»-prosjektet i august er noko av det som vil bli hugsa. Auka besøkstal på «Ope hus» har også vore gledeleg å registera i året som ligg bak. Ny strategiplan vart vedteke på årsmøte i april. Den vil vere eit viktig reiskap i den vidare arbeide med å nå Basecamp sin visjon om å «Bidra til å realisera draumane til ungdom om eit godt liv». Side 2
Generelt om Basecamp ungdomsdiakonitiltak Basecamp ungdomsdiakonitiltak (forkorta Basecamp ) er eit førebyggjande tiltak for ungdom mellom 13 og 20 år på Sartor Storsenter på Sotra. Vårt primærfokus er ungdom som oppheld seg mykje på Sartor Storsenter og per i dag ikkje nyttar seg av organisert ungdomsarbeid og som er i risikosona for å starta med rus og/eller kriminalitet. Det kan også vera ungdom som på andre måtar er i ein utsett livssituasjon psykisk, fysisk og/eller emosjonelt. Basecamp er eigd av Fjell sokneråd, Sartor Storsenter og Fjell kommune og vart etablert som prosjekt 1. februar 2004. Frå 1. januar 2007 gjekk Basecamp over til å bli eit fast tiltak. Basecamp har sentral plassering - i 3. etasje på Sartor Storsenter, ovanfor Burger King Basecamp held til i eigne lokale i 3. etasje ovanfor Burger King på Sartor Storsenter. Framleis drift Ut i frå besøkstalet, historier, eigne observasjonar og stadfestingar frå både foreldre og ungdomar, ser me at Basecamp er eit svært viktig tiltak blant ungdomar på Sotra. Basecamp er i aller høgste grad framleis aktuell for vidare drift og utvikling, og fleire og fleire har bruk for tilbodet. Utfordringa er å ivareta alle ungdomane. I samarbeid med Vest Næringsråd solgte Basecamp juleblomster til bedrifter på Sotra. Side 3
Organisasjon og leiing Stiftingsdokument Eit stiftingsdokument mellom Fjell kommune, Fjell Sokneråd og Sartor Storsenter regulerer, på generelt grunnlag, ansvarstilhøve og satsingsområde for Basecamp. Ein utfyllande strategiplan konkretiserer Basecamp sine innsatsområde. Årsmøte Årsmøte er øvste organ og skal godkjenne årsmelding, budsjett og årsrekneskap. Årsmøtet skal sjå til at: - foreininga sitt formål blir ivareteke - økonomiske disponeringar blir gjort i samsvar med årsmøte si delegering til styret og foreininga sine vedtekter - rekneskap og formueforvaltning er under trygg kontroll. Årsmøtet har seks - 6 representantar med seks - 6 - vararepresentantar: - Fjell sokneråd utnemner kyrkjeverje/dagleg leiar, leiar for Fjell sokneråd og personleg vara for kvar representant. - Fjell kommune utnemner administrativ leiar, leiar for komité for drift og personleg vara for kvar representant - Sartor Storsenter utnemner direktør for Sartor Storsenter, administrerande direktør for Sartor Holding AS og personlig vara for kvar representant. Ungdomsdiakon/dagleg leiar har plikt og rett til å møta i årsmøte som sekretær med tale- og forslagsrett, men utan stemmerett. I 2015 møtte fylgjande personar på årsmøte: - for Fjell kommune: Tove Helleland, sosialsjef Vidar Arnesen, leiar komité for drift - for Fjell sokneråd: Annlaug Børve, kyrkjeverje Dag Olav Bjorøy, leiar Fjell sokneråd - for Sartor Storsenter: Thomas Skålnes, direktør Sartor Storsenter Ernst M. Einarsen, administrerande direktør Sartor Holding Observatørar: - styret for Basecamp ungdomsdiakonitiltak: Svein Ekrem, Fjell kommune og Torbjørn Fjøren, Fjell sokneråd - for Basecamp ungdomsdiakonitiltak: Nils Ivar Honningdal, dagleg leiar Side 4
Val Svein Ekrem og Thomas Skålnes vart valt for ein ny periode på 2 år i styret for Basecamp ungdomsdiakonitiltak. Viviann Holmefjord (Fjell kommune), Hans Jarle Einarsen (Sartor Storsenter) og Maria Tveten (Fjell sokneråd) vart valt inn som vararepresentantar i styret. Etter valet består styret av: - Fjell kommune: Svein Ekrem, leiar for dei kommunale ungdomsklubbane Vara: Viviann Holmefjord, Fjell kommune - Fjell sokneråd: Torbjørn Fjøren, soknediakon Vara: Maria Tveten, ungdomsprest - Sartor Storsenter: Thomas Skålnes, direktør Sartor Storsenter Vara: Hans Jarle Einarsen, marknadssjef Styret Basecamp ungdomsdiakontiltaks utøvande organ er styret. Styret er ansvarleg overfor årsmøtet. Forvaltninga av foreininga høyrer til under styret. Styret skal sjå til at foreininga sitt føremål blir ivareteke, og at økonomiske disponeringar blir gjort i samsvar med årsmøte si delegering og foreininga sine vedtekter. Styret skal sjå til at rekneskap og formueforvalting er under trygg kontroll. Ungdomsdiakon/dagleg leiar har plikt og rett til å møta i styret som sekretær med tale- og forslagsrett, men utan stemmerett. Styret hadde 12 styremøte og har handsama totalt 67 saker i 2015.. Side 5
Medarbeidar situasjon Dagleg leiar/ungdomsdiakon Nils Ivar Honningdal var tilsett som fungerande dagleg leiar i 60% stilling for Basecamp fram til 1. mai 2015. Frå 1. mai blei han fast tilsett som dagleg leiar i 100% stilling. Han har permisjon i 40% av stillinga fram til 1. juli 2016 Andre medarbeidarar Fram til 30. juni var Karianne Kleppe og Renate Olsen tilsette som miljøarbeidarar i kvar si 30% stilling. Deira oppgåver var i hovudsak knytt til «Ope hus». Frå 15. august har Renate Olsen vore tilsett i eit engasjement som miljøarbeider i 50% stilling med hovudansvar for arbeid knytt til «Ope hus» fram til 15. juni 2016 Eli Morlandstø Skjerping starta 15. august i 50% stilling som prosjektarbeidar i det nystarta «Medvandrar»-prosjektet. Det er i utgangspunktet eit toårig prosjekt, under føresetnad om finansiering, slik at ho i første omgang er tilsett fram til 15. juni 2016. Frivillige I 2015 har det vore arbeid aktivt med å rekruttera frivillige medarbeidarar til Basecamp. Gjennom oppslag i Vestnytt, annonse og stand på Sartor Storsenter har ein rekruttert fleire medarbeidarar som har delteke som frivillige på «Ope hus». I løpet av året har det vore 6 frivillige som har delteke jamleg som frivillige på «Ope hus» og aktivitetsdag. 3 har delteke i periodar av året, men har måtte avslutte på grunn av andre gjeremål på fritida. Ein ser at frivillige gir eit positivt bidrag til arbeidet og ein vil halde fram med rekrutteringsarbeidet Kurs og konferansar i 2015 To dagars seminar i regi av Fjell kommune der samhandling på tvers av etatane og barnefattigdom var tema. To dagars HAP-kurs (hasj-avvenings-programmet) i regi av NAV Fjell To dagars diakonikonferanse i regi av ulike diakonale organisasjonar og Diakoniforbundet. Side 6
Strategiplan Hausten 2014 og våren 2015 arbeidde dagleg leiar og styret fram ein ny strategiplan for Basecamp i perioden 2015-2018. Denne vart godkjent på årsmøtet i 2015. Planen er bygd opp med ein visjon, eit hovudmål, definering av målgruppa, målsetting og fem delmål. Føremålet med den nye planen er å gje ei tydlegare retning for kva rolle tiltaket skal ha i det førebyggande arbeidet retta mot ungdom i «sviktsona». Visjon Bidra til å realisere ungdoms drøymar om eit godt liv. Hovudmål Basecamp skal vere tett på ungdom på deira arena og bidra til å hindre at ungdom utviklar ei åtferd som kan skape problem for dei på kort og langt sikt. Målgruppe Ungdom mellom 13 og 20 år som oppheld seg på Sartor Storsenter og i Sotra Kystby. Målsetting Basecamp skal vere eit rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak. Det skal også vere ein stad der ungdom som opplever psykiske utfordringar kan bli møtt og teke på alvor. Gjennom opne tiltak, grupperetta aktivitetar og individuell kontakt med ungdom og familiar skal Basecamp bidra til ein betre kvardag og ei betre framtid. Delmål 1 - - Basecamp skal vere ein naturleg treffstad for ungdom Utvikle tilbodet på «Ope hus» og etablere «Medvandrar»-prosjektet. Det er sendt søknad om å kunne tilby sommaraktivitetar for alle i 2016. Delmål 2 - Basecamp skal tilby grupperetta tiltak for ungdom Oppstart av Aktvitetsdag for ungdom. Det er sendt søknad om midlar til etablering av eit arbeidspraksistiltak for ungdom som står utan skuleplass eller arbeid. Ein ventar svar på dette i mars 2016. Delmål 3 - Basecamp skal ha rom for den einskilde Målretta arbeid knytt til enkeltungdomar og kontakt med deira føresette. Delmål 4 - Basecamp skal vere ein naturleg samarbeidspartnar i det førebyggjande arbeidet på Sartor Storsenter og i Sotra Kystby. Delmål 5 - Basecamp skal utvikle tiltak og tenester basert på frivillig engasjement Det har vore gjennomført målretta arbeid for å rekruttera frivillige medarbeidarar til Basecamp. Side 7
Aktiviteter i 2015 «Ope hus" Gjennom heile 2015 har Basecamp «Ope hus» kvar tysdag, onsdag og torsdag. Talet på besøkande var i 2015 totalt 3442. Det fordeler seg på 114 «Ope hus» etter skuletid og 6 «Natt-ope» kveldar på Sartor Storsenter. I skuleferiane har Basecamp vore stengt. Tala viser at Basecamp har hatt 3424 besøkande på «Ope hus» og «Nattåpent». I det talet er det mange besøk av faste ungdomar som brukar staden jamleg. Hausten 2015 starta ein opp med kveldsope på torsdagar frå klokka 15 til 20. Det tok ei tid å innarbeide den nye opningstida, men besøkstala tok seg opp etterkvart og syner at det vart den best besøkte dagen gjennom veka i snitt. «Ope hus» har mange faste besøkande ungdomar som har staden som ein møteplass og ein stad å vare etter skuletid. Med tålmodig nærvær vert det bygd gode relasjonar mellom ungdom og vaksne. Det har vore gjennomført 246 samtaler med ungdom om små og store tema. Det har vore viktig for ungdommane å ha ein vaksen å snakka med. Aktivitetsdag for ungdom Som ein del av «Medvandrar»-prosjektet har prosjektmedarbeidaren starta opp med «Aktivitetsdagar». Det har vore varierte aktivitetar annankvar onsdag gjennom hausten. Deltakinga har variert frå to til åtte ungdomar. Det tek tid å etablere eit nytt tilbod, så ein vil halde fram med dette tilbodet for ein ser at det har ein verdi for dei som deltek. «Ungdomspatrulje» og «Nattåpent» I 2015 arrangerte Sartor Storsenter «Nattope» 6 fredagskveldar. På dei kveldane har Basecamp halde «Ope hus» for ungdomane. Alt i alt har det vore rundt 350 besøkande på Basecamp dei kveldane. «Ungdomspatruljen» har vore eit fast innslag på senteret desse kveldane. Med gule og grøne vestar har 10 ungdomar vore ute og besøkt alle butikkane med tilbod om å køyra boss og papp til miljøstasjonen på senteret. Dei som deltek på «Ungdomspatruljen» er ungdomar som oppheld seg mykje på senteret utan å gjere så mykje anna enn berre å vera der. På desse kveldane får dei gjera ein jobb for butikkane og får mange gode ord med seg på vegen. Som takk for innsatsen byr Sartor Storsenter på gåvekort og pizza. Skulebesøk Hausten 2015 besøkte medarbeidarane på Basecamp dei tre ungdomsskulane i Fjell kommune. Her fekk ein kome ut med informasjon til ungdomane i langfriminuttet på Fjell og Tranevågen, medan på Danielsen fekk vi sleppe til på scena i skulens fellestime. Side 8
Forts Aktiviteter i 2015 MOT-festival i oktober Basecamp stilte med 8 ungdomar til dugnadsgjengen under den store MOT-festivalen i oktober. Dei stod på og jobba frå tideleg morgon til seine kveld. Inne i fotballhallen stilte Basecamp eige fotballag i cupen. Trass god innsats og humør blei det tap for dei unge gutane og jentene som var med. Anti-naskeprogrammet Det som ikkje skulle skje Anti-naskeprogrammet "Det som ikkje skulle skje" er eit samtaleprogram for ungdom som er tatt for nasking på Sartor Storsenter. Programmet er et samarbeid mellom Politiet, Nokas, Barnevernet og Basecamp I 2015 hadde Basecamp i alt fire naskeri-samtalar med ungdomar (4 samtalar pr. ungdom). Basecamps juleaksjon Blomsteraksjon Det blei sett i gang ein ny runde med sal av juleblomar i 2015. Denne gongen blei det sendt ut informasjon i god tid før jul til medlemsverksemdene i Vest Næringsråd og til butikkane på Sartor Storsenter. Totalt blei det selt 25 blomar, som er på same nivå som i 2014. Bøsseinnsamling Som vanleg blei det plassert ut bøsser i dei fleste butikkane på Sartor Storsenter. Resultatet blei i overkant av kr. 9000,-, som er nokre tusen lågare enn resultatet i 2014. Dette kan tyde på at folk ikkje har så mykje pengar i lomma lenger, men det gir likevel eit fint bidrag til drifta av Basecamp. Bod på julemarknaden Nytt av året var at Basecamp deltok med eigen bod på Sartor Storsenter sin julemarknad, som vart halden open tre helger før jul. Her fekk ungdomane prøve seg som seljarar av karusellbillettar, slush, pop-corn, vafler, gløgg, småkaker og sukkerspinn. Veret var ikkje det beste, men likevel blei det ei minnerik oppleving for både ungdom og vaksne. Inntektene varierte mykje frå dag til dag, men totalt gjekk boden med eit overskot på nesten kr. 10 000,-. Side 9
«72-timer Nord» Ekspedisjon 4-7. juni Vårens store «happening» på Basecamp var «72-timer Nord»-ekspedisjonen på langs av Sotra/ Øygarden. Turen gjekk frå Viksøy i Sund, via Liatårnet i Fjell til Rubbegarnståna, som er det nordlegaste punktet i Øygarden. 13 ungdomar og 3 vaksne starta turen som gjekk til fots, på sykkel og padla kano. Dette var eit «mestringsprosjekt» der ungdomane vart utfordra til å delta på ein tur der dei fekk utfordre sin eigne grenser. Turens «headline» var «Du er ein del av oss som er på tur». Det var viktig å understreka for alle som deltok at målet ikkje var at ein sjølv skulle kome fram til målet, men at det var ei gruppe som skulle nå målet i løpet av 72 timar. Ein viktig del av turen var førebuingane som måtte gjerast før alle var klare til start. Fire treningssamlingar og to foreldresamlingar vart gjennomført i april og mai. Med ukjent rute, tre overnattingar og mykje utstyr som skulle nyttast på ulike etappar av turen, blei det mykje planlegging og logistikk. Det var ressurs krevjande førebuingar, men takka vere sporty innsats frå mange frivillige, blei det ein minnerik tur som baud på mange utfordringar og endå fleire mestringsopplevingar. Side 10
Medvandrar -prosjektet Etter fleire månader med innsamling av pengar kunne «Medvandrar»-prosjektet starte opp i august 2015. Med ny-tilsett prosjektmedarbeidar på plass, kunne ein då ta til å gjere det ein hadde sett seg føre. Ideen bak prosjektet var å ha ein «medvandrar» ute i Sotra Kystby som skulle møte ungdommar som vanke mykje på Sartor, men også vere rundt og treffe ungdomar på stader der ungdom samla seg. Prosjektmedarbeidar/ Medvandrar Eli Morlandstø Skjerping har denne hausten hatt fokus på å bli kjent med ungdomane som brukar mykje tid Basecamp og på Sartor Storsenter. Ein ser at det tek tid og bygge relasjon og tillit hos målgruppa. Med faste rundar i senteret og på «terminalen» har ho målretta, utan lovverk i handa, knytt kontakt med enkelt ungdomar. Ein effekt av arbeide ute på senteret er auka besøkstal på «Ope hus». I tillegg til å bruke mykje tid ute på Sartor og på «Ope hus» på Basecamp har Eli også besøkt ungdomsskulane i Fjell og dei vidaregåande skulane på Bildøy og Sund. Dette også viktige møteplassar der ungdomane er. Det har også vore viktig å bruke tid denne hausten for prosjektmedarbeidaren og etablere kontaktar hos samarbeidspartnarar i Fjell. Prosjektmedarbeidaren har også hatt ein dag med hospitering hos «Utekontakten» i Bergen. Gjennom hausten har ein gjort seg erfaringar som er viktige i den vidare utviklinga av prosjektet. Vidare arbeid vil ha fokus på å styrke samarbeide med skulane og det vil også bli etablert ein «Utebase» på Sartor Storsenter som vil vere ein møtestad for ungdomane som vandrar rundt på senteret. Med dei erfaringane ein no sit med er naudsynt å få sikra at prosjektet kan bli fullfinansiert med tanke på at ein kan halde fram til sommaren 2017. Små ting kan gjøre en stor forskjell Eli M. Skjerping har mange års erfaring med ungdom gjennom arbeid i skoler og ungdomsklubber. I høst startet hun som miljøarbeider og medvandrer i Basecamp på Sartor Storsenter. (VESTNYTT) Side 11
Oppsummering og utvikling På Basecamp handlar førebyggjande arbeid om tålmodig nærvær. Tydelege vaksne som ser, høyrer og bryr seg. Me erfarer at ungdommane kjem og ynskjer kontakt med vaksne. Dette syner at gode relasjonar bygd over tid også tåler tydeleg og ærleg samtale. 2015 har vore eit innhaldsrikt år med stor aktivitet på ulike frontar. Samstundes har ein jobba for å sjå framover på korleis Basecamp kan utvikla seg som ein naturleg del av det førebyggjande arbeide i Fjell kommune. På møte mellom eigarar, styre og tilsette i november 15 vart det drøfta i kva retning Basecamp skal utvikle seg og kva moglegheiter som fins for etablering av nye tiltak. Med utgangspunkt i strategiplanen vart det vedteke å sende søknad om prosjektstøtte til etablering av eit arbeidspraksistiltak for ungdom og ein søknad om støtte til gjennomføring av sommaraktivitetar for ungdomar i 2016. I skrivande stund (mars 16) er det kome positivt svar på søknad om etablering av arbeidspraksistiltaket Basecamp RePro. Det inneber ei spannande utviding av tilbodet for Basecamp i 2016 Ser ein på den utviklinga som skjer på Sartor Storsenter og Sotra Kystby er at Basecamp har ei rolle i å hindra utvikling og etablering av negative miljø blant ungdomar som oppheld seg mykje på Sartor. 2015 har vist at Basecamp kan bety ein forskjell i einskilde ungdomar sitt liv. Då gir det meining å halde fram med å møte ungdomar der dei er i livet, på deira premissar på deira arena. Thomas Skålnes (sign.) Torbjørn Fjøren (sign.) Svein Ekrem (sign.) Sartor Storsenter Fjell sokneråd Fjell kommune Side 12
Organisasjonskart 2015 Årsmøte To representantar frå kvar av eigarane (Fjell kommune, Fjell sokneråd og Sartor Storsenter) Styret Torbjørn J. Fjøren Thomas Skålnes Svein R. Ekrem Fjell sokneråd Sartor Storsenter Fjell kommune Daglig leiar Nils Ivar Honningdal
Rekneskap 2015 Buds(end) Regnskap Buds(end) 2015 2015 2016 Kostnadstad: 4500 BASECAMP 30100 FAST LØN 610.000 596.852 682.000 30101 FASTE TILEGG 9.000 2.161 9.000 30200 VIKARLØN 20.000 5.645 20.000 30900 AFP-PREMIE KLP 12.000 10.906 12.000 30901 PENSJON KLP 67.000 57.156 73.000 30903 KOLL. ULYKKESFORSIKRING 1.000 1.218 1.000 30904 KOLL. GRUPPELIVSFORSIKRING 2.000 3.417 2.000 30990 ARBEIDSGJEVARAVGIFT 96.000 81.972 107.000 31000 KONTORMATERIELL 2.000-166 2.000 31100 FORBRUKSMATERIELL 5.000 8.310 5.000 31201 VELFERDSTILTAK 0 878 0 31203 REINHALDSUTGIFTER 19.000 36.037 19.000 31205 BEVERTNING 2.000 590 2.000 31206 BLOMSTER 2.000 5.792 2.000 31207 MATVARER 15.000 10.740 15.000 31209 AKTIVITETS OG SAMHANDLINGSGRUPPE 5.000 0 5.000 31300 PORTO, BANK, TELEFONI OG DATA 6.000 5.066 6.000 31301 TELEFONUTGIFTER 0 310 0 31302 GEBYR 0 106 0 31400 STILLINGSANNONSER 15.000 5.000 15.000 31402 TRYKKING 3.000 4.019 3.000 31403 ANNONSER, REKLAME OG INFORMASJON 2.000 735 2.000 31500 OPPLÆRING/KURS 8.000 1.300 8.000 31502 OPPLÆRING/KURS FRIVILLIGE 2.000 0 2.000 31550 REISEUTGIFTER - KURS (IKKE OPPGÅVEPLIKTIG) 3.000 924 3.000 31600 OPPG.PL.REISEUTGIFTER 3.000 627 3.000 31700 DRIFT AV EIGNE TRANSPORTMIDDEL 0 1.685 0 31701 KJØP AV TRANSPORTTENESTER 0 1.440 0 31703 REF. REISEUTGIFTER 2.000 58 2.000 31800 ENERGI 8.000 0 8.000 31850 FORSIKRING 2.000 697 2.000 31900 HUSLEIGE 190.000 155.868 190.000 31950 KONTIGENT/LISENSAR 3.000 686 3.000 32000 INVENTAR/UTSTYR 15.000 26.268 15.000 32004 BØKER O.A. TIL BIBILOTEK 1.000 0 1.000 32700 KONSULENTTENESTER 0 6.445 0 34290 MVA PÅ KJØP I DRIFTSREKNESK. 60.000 51.718 60.000 34700 TILSKOTT/GÅVER TIL ANDRE 0 3.480 0 35500 AVSETNAD BUNDNE FOND 0 600.951 0 Sum utgifter 1.190.000 1.688.892 1.279.000 36200 ANNA SALG AV VARER OG TENESTER 0-65.166 0 37100 SJUKELØNSREFUSJON 0 440 0 37101 REFUSJON FØDSELSPENGAR -111.000-81.639 0 37290 MVA. KOMP. DRIFT -60.000-51.718-60.000 37300 REFUSJON FRÅ KOMMUNEN -461.000-474.000-475.000 37702 REFUSJON FRÅ SARTOR -461.000-461.000-475.000 37800 INTERNE OVERFØRINGAR -81.000-81.000-84.000 38302 TILSKOT FRÅ KOMMUNEN 0-15.000 0 38600 OFFER TIL EIGNE FØREMÅL -6.000-10.252-6.000 38700 TILSKOT/GÅVER FRÅ ANDRE -10.000-449.257-10.000 39400 BRUK AV DISP. FOND 0 0-169.000 Sum inntekter -1.190.000-1.688.592-1.279.000 Sum kostnadstad: 4500 BASECAMP 0 300 0 T O T A L T 0 300 0
Rekneskap kommentar I 2015 vart det budsjettert med inntekter på kroner 1 190 000 frå eigarane og innsamla gåver. Rekneskapen viser at dei totale inntekta for Basecamp i 2015 blei på kr. 1 688 592 Dette skuldast i hovudsak at det vart jobba aktivt med å samle inn pengar til «Medvandrar»- prosjektet som ikkje er skilt ut i eit eiga prosjektrekneskap. Det vart også samla inn pengar til å dekka kostnadane i forbindelse med gjennomføringa av «72-timer NORD» -ekspedisjon som vart gjennomført i juni 2015. Totalt vart det samla inn kr. 350 000,- til «Medvandrer»-prosjektet i 2015. Hovudbidraga kom ifrå BUF-dir og Sparebanken Vest. Til «72-timer NORD» fekk Basecamp støtte frå Sparebanken Vest og Skandiabanken på totalt kr. 70 000,-. I tillegg har refusjon av fødselspengar, juleaksjonen, kyrkjeoffer og private gåver bidrege godt på inntektsida Lønskostnadane har vore kr 57 000,- lågare enn budsjettert. Dette skuldast sparte lønsmidlar i den perioden Basecamp var stengt gjennom sommaren. Rekneskapen syner at drifta gjekk med eit overskot på kr. 600 951,- Det er eit svært høgt tal, men skyldast i hovudsak at pengar som skal brukast til gjennomføringa av «Medvandrer»-prosjektet fram til sommaren 2017 er kome inn i 2015. Overskot er overført til Basecamp fond som per 01.01.16 var på kr. 750 205. Basecamp disponerer også fondet Basecamp Active som er på kr. 44 399,- Besøkstal Ope Hus Basecamp hadde 3424 ungdommar innom på Ope hus i 2014. På våren var det totalt 1951 ungdommar innom mens det på hausten var 1473. Besøka er registrert på opningsdagane tysdag, onsdag og torsdag.. Det har vore jamt besøk alle dagane Basecamp har hatt open. På våren var snittbesøk på tysdagar 30, onsdagar 28 og torsdagar 24. På hausten var snittet på tysdagar 26, onsdagar 21 og torsdagar 29. På hausten har Basecamp halda open frå kl. 15 til 20 på torsdagar. I 2015 hadde Basecamp seks fredager i forbindelse med Nattope på Sartor Storsenter. På dei kveldane var det totalt 403 besøkande innom.
Besøksadresse: Basecamp Ungdomsdiakonitiltak Sartor Storsenter 3. etg (ovanfor Burger King) Postadresse: Basecamp Ungdomsdiakonitiltak c/o Fjell kyrkjekontor Boks 184 5342 Straume Telefon: +47 550 97 458, Mobil: +47 996 68 870 E-post: nils.honningdal@fjell.kommune.no Dagleg leiar: Nils Ivar Honningdal Org.nr. 993 09 6083 Gåvekonto: 8580.14.09453 - NB! Merk gåva: GÅVE BASECAMP Takk for di støtte!