Behandling i Kommunestyret den 15.12.2016 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ ORDFØRAR: Kvinnherad kommunestyre ser det som svært viktig at kryssing i sør vert valt, då dette opnar for ei rekke framtidige moglegheiter og fleire moglege tilknytingspunkt for Kvinnherad til E39. Kvinnherad kommunestyre vil peika på «Sunnhordlandsdiagonalen» som ei god framtidig løysing både for tilknyting mellom ny E39 og E134 i eit nasjonalt perspektiv og ferjefritt samband internt i Sunnhordland i eit regionalt perspektiv. Ei slik løysing vil auka ÅDT for Hordfast monaleg, då aust/vest-trafikken til og frå Bergen vil bli kanalisert her. Kvinnherad kommunestyre meiner at når ein skal realisera vegsamband av ein slik dimensjon som ny E39, må ein velja løysingar som i eit langsiktig perspektiv kan opna for nye moglegheiter. Ei kryssing av Langenuen i sør vil vera ei slik løysing. planprosessen ikkje er vurdert. Ny E39 skal knyta saman området mellom Bergen og Stavanger til ein ny felles bu- og arbeidsmarknad. Kvinnherad, som med sine 13.200 innbyggarar er nest største kommune i Sunnhordlandsregionen, vil ikkje få del i den nye bu- og arbeidsmarknaden dersom ikkje ei god tilknyting til E39 kjem på plass. Vi syner til pågåande prosess mellom Kvinnherad og Stord kommunar som har gått føre seg sidan 2003, der ein har freista finna ny lokalisering av ferjeleie på Stord for å monaleg korta inn ferjesambandet mellom dei to kommunane utan å ha lukkast. For at Kvinnherad skal få nytte av ny E39 må ferjeleiet på Stord-sida flyttast frå Skjersholmane til Kvednaneset eller Buvika, i tråd med konklusjonane i Hordaland fylkeskommune sin «Moglegheitsstudie for fylkesvegsamband knytt til E39». Ei innkorting av dette sambandet ved bygging av nytt ferjeleie i området Kvednaneset/Buvika vil halvera seglingstida mellom Kvinnherad og Stord, og føra til at nye E39 vil verta den raskaste vegen til Bergen for heile den folketunge delen av Kvinnherad kommune. Dette vil igjen føra til monaleg auke i ÅDT over Hordfast. Dersom ikkje nytt ferjeleie kjem på plass i det aktuelle Kvinnherad kommunestyre sitt syn er det vesentleg at ein legg til rette for at ein får full nytte av eit så omfattande vegprosjekt som E39, og dette føresett innkorting av ferjesambandet Kvinnherad-Stord. nøydd å på det sterkaste oppmoda om at nytt ferjeleie i området Kvednaneset/Buvika vert teke inn som del av statleg områdereguleringsplan for E39 Stord-Os, og at ein i dette arbeidet tek omsyn til dei konklusjonar Statens vegvesen tidlegare har trekt kva vedkjem ferjesambandet Kvinnherad-Stord, og som er likelydande i Hordaland fylkeskommune sin moglegheitsstudie som tidlegare synt til. fylkeskommune og Statens vegvesen har gått inn for lokalisering av ferjeleie i området Kvednaneset/Buvika, medan Stord kommunestyre har røysta dette ned ved fleire høve. Når det er
lokal usemje om viktige vegprosjekt meiner Kvinnherad kommunestyre det er turvande at staten som øvste planmynde tek ansvar for å finna den heilskapelege løysinga ved å ta i bruk statleg områderegulering. Med eit nytt ferjeleie i det aktuelle området vil Kvinnherad kommunestyre vidare peika på at det er naudsynt at ein også vel kryssplassering ved Førland, Stord. berekningar monalege. Ei innkorting av dette sambandet vil også vesentleg styrka dei industrielle miljøa i Kvinnherad, Stord og på Bømlo, og også styrka interaksjonen mellom Sunnhordland og industriregionen i Hardanger. Kvinnherad kommunestyre vonar dei store samfunnsmessige effektane og samla nytteverdi av ny E39 med ei slik løysing vil vega tungt når avgjerda om ferjeleie som del av statleg områderegulering skal takast. Kvinnherad kommunestyre vil også understreka at statleg regulering av ferjeleie ikkje vil medføra ekstrakostnadar for E39, då finansiering av dette utelukkande vil løysast med regionale og lokale midlar. Nytt framsett forslag frå Gretha Rød(Ap): (Endringar med raud tekst) Kvinnherad kommunestyre ser det som svært viktig at kryssing i sør vert valt, då dette opnar for ei rekke framtidige moglegheiter og fleire moglege tilknytingspunkt for Kvinnherad til E39. Kvinnherad kommunestyre vil peika på «Sunnhordlandsdiagonalen» som ei god framtidig løysing både for tilknyting mellom ny E39 og E134 i eit nasjonalt perspektiv og ferjefritt samband internt i Sunnhordland i eit regionalt perspektiv. Ei slik løysing vil auka ÅDT for Hordfast monaleg, då aust/vest-trafikken til og frå Bergen vil bli kanalisert her. Kvinnherad kommunestyre meiner at når ein skal realisera vegsamband av ein slik dimensjon som ny E39, må ein velja løysingar som i eit langsiktig perspektiv kan opna for nye moglegheiter. Ei kryssing av Langenuen i sør vil vera ei slik løysing. planprosessen ikkje er vurdert. Ny E39 skal knyta saman området mellom Bergen og Stavanger til ein ny felles bu- og arbeidsmarknad. Kvinnherad, som med sine 13.200 innbyggarar er nest største kommune i Sunnhordlandsregionen, vil ikkje få del i den nye bu- og arbeidsmarknaden dersom ikkje ei god tilknyting til E39 kjem på plass. Vi syner til pågåande prosess mellom Kvinnherad og Stord kommunar som har gått føre seg sidan 2003, der ein har freista finna ny lokalisering av ferjeleie på Stord for å monaleg korta inn ferjesambandet mellom dei to kommunane utan å ha lukkast. For at Kvinnherad skal få nytte av ny E39 må ferjeleiet på Stord-sida flyttast frå Skjersholmane til området Kvednaneset-Buvika-Jektevik, i tråd med konklusjonane i Hordaland fylkeskommune sin «Moglegheitsstudie for fylkesvegsamband knytt til E39».
Ei innkorting av dette sambandet ved bygging av nytt ferjeleie i området Kvednaneset-Buvika- Jektevik vil halvera seglingstida mellom Kvinnherad og Stord, og føra til at nye E39 vil verta den raskaste vegen til Bergen for heile den folketunge delen av Kvinnherad kommune. Dette vil igjen føra til monaleg auke i ÅDT over Hordfast. Dersom ikkje nytt ferjeleie kjem på plass i det aktuelle Kvinnherad kommunestyre sitt syn er det vesentleg at ein legg til rette for at ein får full nytte av eit så omfattande vegprosjekt som E39, og dette føresett innkorting av ferjesambandet Kvinnherad- Stord. nøydd å Vi vil på det sterkaste oppmoda om at eit nytt ferjeleie i området Kvednaneset-Buvika- Jektevik vert teke inn som del av statleg områdereguleringsplan for E39 Stord-Os, og at ein i dette arbeidet tek omsyn til dei konklusjonar Statens vegvesen tidlegare har trekt kva vedkjem ferjesambandet Kvinnherad-Stord, og som er likelydande i Hordaland fylkeskommune sin moglegheitsstudie som tidlegare synt til. fylkeskommune og Statens vegvesen har gått inn for lokalisering av ferjeleie i området Kvednaneset/Buvika, medan Stord kommunestyre har røysta dette ned ved fleire høve. Når det er lokal usemje om viktige vegprosjekt meiner Kvinnherad kommunestyre det er turvande at staten som øvste planmynde tek ansvar for å finna den heilskapelege løysinga ved å ta i bruk statleg områderegulering. Med eit nytt ferjeleie i det aktuelle området vil Kvinnherad kommunestyre vidare peika på at det er naudsynt at ein også vel kryssplassering ved Førland, Stord. berekningar monalege. Ei innkorting av dette sambandet vil også vesentleg styrka dei industrielle miljøa i Kvinnherad, Stord og på Bømlo, og også styrka interaksjonen mellom Sunnhordland og industriregionen i Hardanger. Vi vonar dei store samfunnsmessige effektane og samla nytteverdi av ny E39 med ei slik løysing vil vega tungt når avgjerda om ferjeleie som del av statleg områderegulering skal takast. Vi vil også understreka at statleg regulering av ferjeleie ikkje vil medføra ekstrakostnadar for E39, då finansiering av dette utelukkande vil løysast med regionale og lokale midlar. Prøverøysting: Nye forslag samrøystes Ordførar sitt forslag 25 røyster Gretha Rød (Ap) 10 røyster Røysting: Ordføraren sitt forslag fekk 25 røyster og vart vedteke. Gretha Rød (Ap) sitt forslag fekk 10 røyster og fall.
Vedtak frå Kommunestyret den 15.12.2016 Kvinnherad kommunestyre ser det som svært viktig at kryssing i sør vert valt, då dette opnar for ei rekke framtidige moglegheiter og fleire moglege tilknytingspunkt for Kvinnherad til E39. Kvinnherad kommunestyre vil peika på «Sunnhordlandsdiagonalen» som ei god framtidig løysing både for tilknyting mellom ny E39 og E134 i eit nasjonalt perspektiv og ferjefritt samband internt i Sunnhordland i eit regionalt perspektiv. Ei slik løysing vil auka ÅDT for Hordfast monaleg, då aust/vest-trafikken til og frå Bergen vil bli kanalisert her. Kvinnherad kommunestyre meiner at når ein skal realisera vegsamband av ein slik dimensjon som ny E39, må ein velja løysingar som i eit langsiktig perspektiv kan opna for nye moglegheiter. Ei kryssing av Langenuen i sør vil vera ei slik løysing. planprosessen ikkje er vurdert. Ny E39 skal knyta saman området mellom Bergen og Stavanger til ein ny felles bu- og arbeidsmarknad. Kvinnherad, som med sine 13.200 innbyggarar er nest største kommune i Sunnhordlandsregionen, vil ikkje få del i den nye bu- og arbeidsmarknaden dersom ikkje ei god tilknyting til E39 kjem på plass. Vi syner til pågåande prosess mellom Kvinnherad og Stord kommunar som har gått føre seg sidan 2003, der ein har freista finna ny lokalisering av ferjeleie på Stord for å monaleg korta inn ferjesambandet mellom dei to kommunane utan å ha lukkast. For at Kvinnherad skal få nytte av ny E39 må ferjeleiet på Stordsida flyttast frå Skjersholmane til Kvednaneset eller Buvika, i tråd med konklusjonane i Hordaland fylkeskommune sin «Moglegheitsstudie for fylkesvegsamband knytt til E39». Ei innkorting av dette sambandet ved bygging av nytt ferjeleie i området Kvednaneset/Buvika vil halvera seglingstida mellom Kvinnherad og Stord, og føra til at nye E39 vil verta den raskaste vegen til Bergen for heile den folketunge delen av Kvinnherad kommune. Dette vil igjen føra til monaleg auke i ÅDT over Hordfast. Dersom ikkje nytt ferjeleie kjem på plass i det aktuelle Kvinnherad kommunestyre sitt syn er det vesentleg at ein legg til rette for at ein får full nytte av eit så omfattande vegprosjekt som E39, og dette føresett innkorting av ferjesambandet Kvinnherad-Stord. nøydd å på det sterkaste oppmoda om at nytt ferjeleie i området Kvednaneset/Buvika vert teke inn som del av statleg områdereguleringsplan for E39 Stord-Os, og at ein i dette arbeidet tek omsyn til dei konklusjonar Statens vegvesen tidlegare har trekt kva vedkjem ferjesambandet Kvinnherad-Stord, og som er likelydande i Hordaland fylkeskommune sin moglegheitsstudie som tidlegare synt til.
fylkeskommune og Statens vegvesen har gått inn for lokalisering av ferjeleie i området Kvednaneset/Buvika, medan Stord kommunestyre har røysta dette ned ved fleire høve. Når det er lokal usemje om viktige vegprosjekt meiner Kvinnherad kommunestyre det er turvande at staten som øvste planmynde tek ansvar for å finna den heilskapelege løysinga ved å ta i bruk statleg områderegulering. Med eit nytt ferjeleie i det aktuelle området vil Kvinnherad kommunestyre vidare peika på at det er naudsynt at ein også vel kryssplassering ved Førland, Stord. berekningar monalege. Ei innkorting av dette sambandet vil også vesentleg styrka dei industrielle miljøa i Kvinnherad, Stord og på Bømlo, og også styrka interaksjonen mellom Sunnhordland og industriregionen i Hardanger. Kvinnherad kommunestyre vonar dei store samfunnsmessige effektane og samla nytteverdi av ny E39 med ei slik løysing vil vega tungt når avgjerda om ferjeleie som del av statleg områderegulering skal takast. Kvinnherad kommunestyre vil også understreka at statleg regulering av ferjeleie ikkje vil medføra ekstrakostnadar for E39, då finansiering av dette utelukkande vil løysast med regionale og lokale midlar.