Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/3706-1 Asbjørn Skår Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komité for oppvekst, kultur, idrett Reviderte retningsliner for fri skuleskyss - Opplæringslova 7-1. Innstilling frå rådmannen: Som medlemer av utval for vurdering av retningsliner for fri skuleskyss etter Opplæringslova 7-1 om særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, vert valde: 1. 2. 3. Saksutgreiing: Utgreiing. Hovudutval for skule og oppvekst vedtok i 1996 retningsliner for fri skuleskyss etter reglane i Lov om grunnskulen 4 pkt. 1. Eit utval under hovudutvalet utarbeidde kriteriegrunnlaget for vurdering av skulevegar, og tilrådde kva vegstrekningar som skulle gje rett til fri skuleskyss på grunn av trafikkfarleg skuleveg. Hovudutvalet delegerte til administrasjonen ved skule- og oppvekstsjefen å avgjera søknader om fri skuleskys, med utgangspunkt i retningslinene og kriteria for vurdering av skulevegane. Hovudutval for oppvekst og kultur vedtok i møte 12.11.02 reviderte retningsliner for fri skuleskyss, jf. vedlegg. Opplæringslova. 7-1. Skyss og innlosjering i grunnskolen. Elevar i 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda. Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda. Departementet gir nærmare forskrifter om tryggleiken til elevane under skoleskyssen. Kommunen skal innlosjere elevar når dagleg skyss ikkje er forsvarleg. I vurderinga skal det særleg leggjast vekt på forhold som gjeld den enkelte eleven, til dømes alder, funksjonshemming, reisetid og tryggleik, og om dagleg skyss fører til ekstraordinære kostnader eller vanskar for kommunen. I tvilstilfelle avgjer foreldra om eleven skal skyssast eller innlosjerast. Kommunen fører tilsyn med grunnskoleelevar som er innlosjerte. side 1
side 2
13-4. Ansvaret for skoleskyss m.m. Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskoleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Kommunen er ansvarleg for å oppfylle retten til skyss av førskolebarn etter 7-6. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne. Elles er fylkeskommunen ansvarleg for skyss, reisefølgje og tilsyn etter reglane i kapittel 7. Kommunane betaler refusjon etter persontakst for grunnskoleelevar og vaksne som blir skyssa av fylkeskommunen. Fylkeskommunen skal organisere skoleskyssen i samråd med kommunen. Dersom kommunen og fylkeskommunen ikkje blir samde om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast, kan departementet gi pålegg. Departementet kan gi forskrifter om heimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast for å få hjelp eller opplæring etter denne lova, dessutan forskrifter om skoleskyss, skyssgodtgjersle og heimfylket sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke. Vurdering. Det er etter fleire saker og søknader om fri skuleskyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, behov for ei ny vurdering av skulevegane og kommunen, og av gjeldande retningsliner med bakgrunn i Opplæringslova 7-1. Det har også skjedd endringar i kostnadsfordelinga mellom fylkeskommunen og kommunen som tilseier behovet for ein slik gjennomgang. Rådmannen vil tilrå at komité for oppvekst, kultur og idrett vel 3 medlemer til eit utval som skal gjennomgå retningslinene og vurdera alle skulevegane i kommunen. Utvalet legg fram tilråding for komiteen, etter ein høyringsrunde i organisasjonen og i blant skulane sine rådsorgan. Reviderte retningsliner for fri skuleskyss etter reglane i 7-1 vert gjort gjeldande frå nytt skuleår, 2012/13. Uttale frå Eldrerådet: Ikkje aktuelt Uttale frå Rådet for dei funksjonshemma: Ikkje aktuelt Økonomisk konsekvens: Noko auka kostnader med folkevalde. Miljømessig konsekvens: Ingen Vedlegg: Retningsliner for fri skuleskyss, dok. 01/5649-1. side 3
VEDLEGG. Retningsliner for fri skuleskyss Opplæringslova 7-1, om særleg farleg eller vanskeleg skuleveg. Vedtekne i Hovudutval for oppvekst og kultur, 12.11.02, sak 02/44. 01/5649 1. side 4
Rådmannen RETNINGSLINER FOR FRI SKULESKYSS. Bakgrunn. Hovudutval for skule og oppvekst handsama i januar 1996 Retningsliner for fri skuleskyss. Eit utval under hovudutvalet utarbeidde kriteriegrunnlag for vurdering av skulevegar, og tilrådde kva vegstrekningar som skulle gje rett til fri skuleskyss på grunn av trafikkfarleg skuleveg. Hovudutvalet delegerte til administrasjonen ved skule- og oppvekstsjefen å avgjera søknader om fri skuleskyss, med utgangspunkt i retningslinene og kriteria for vurdering av skulevegane. Etter vedtak i kommunestyret går klager over vedtak om skyss til Hovudutvalet før vidaresending til ankeinstans, som er Statens Utdanningskontor i Hordaland. styre vedtok 21.06.01 å gje Hovudutval for oppvekst og kultur i oppdrag å revidera gjeldande retningsliner for fri skuleskyss, som betre sikrar elevar i 2.klasse fri skuleskyss når vegen er farleg eller vanskeleg. Etter gjeldande delegasjonsreglement er retten til å innvilga fri skuleskyss etter Opplæringslova 7 delegert til Rådmannen. Mandatet. Kommunestyret sitt vedtak 21.06.01 er: Kommunestyret opphevar vedtaket om generell fri skuleskyss for elevar i 2.klasse med meir enn 2 km skuleveg. Hovudvalet får i oppdrag å revidera gjeldande retningsliner som betre sikrar elevar i 2.klasse fri skuleskyss når vegen er farleg eller vanskeleg. Mandatet gjeld retten til fri skuleskyss på grunn av farleg skuleveg, der elevane i 2.klasse er spesielt nemnd. Vi har i revisjonen av retningslinene hatt dette som hovudfokus, men har samstundes funne det rett å vurdera retningslinene generelt. Lovgrunnlag. Opplæringslova kap. 7. Opplæringslova 13-4. Opplæringslova 7-1 heimlar retten til fri skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg veg. Etter lova har elevar i 1.klasse rett på fri skuleskyss når skulevegen er meir enn 2 km, medan elevar i 2.- 10.kl. har rett til fri skyss når skulevegen er meir enn 4 km. Uahengig av veglengda har elevar rett på skyss når skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg. Fylkeskommunen organiserer skuleskyssen for elevar med rett til fri skuleskyss etter reglane om veglengde, og kommunen betaler persontakst for elevane. Kommunen er ansvarleg for skyss for elevar som får fri skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, og dekkjer alle kostnader med slik skyss. Retningsliner 1. Hordaland fylkeskommune : Skyssreglement for grunnskolar i Hordaland, Skysshåndbok for grunnskolar i Hordaland. Klargjer grunnlaget for fri skyss, og prosedyrar ved handsaming ved organisering av skyss. 2. : Kommunale retningsliner for fri skuleskyss. Byggjer på vedtak i Hovudutvalet, og avgjerder etter klagehandsaming. side 5
Økonomi. Rekneskapen for 2001 syner at det til skyss av elevar i grunnskulen vart nytta kr. 2.722.000,-. Av dette gjekk om lag kr. 380.000,- til skyss i samband med symjeopplæring ved bassenga i kommunen. I budsjettet for 2002 er det sett av kr. 2.964.000,-, som er føresett skal dekkja prisauken, og eventuelle justeringar av retningslinene for fri skyss. Omfang av skyss skuleåret 2002/03. Tabellen syner omfang av fri skyss, både etter reglane om lang skuleveg, og etter vedtak om fri skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg. Skule Fri skyss skuleveg >2 eller 4 km. Fri skyss. Særleg farleg skuleveg. Totalt Åkra 17 0 17 Brekke 3 0 3 Bringedalsbygda 6 4 10 Hatlestrand 43 17 60 Hauge 5 6 11 Husnes u.skule 129 0 129 Løfallstrand 2 3 5 Malmanger 24 4 28 Matre 3 0 3 Mauranger 8 0 8 Ølve 11 4 15 Omvikdalen 7 14 21 Øyatun 33 0 33 Rosendal u.skule 73 0 73 Sætre 7 12 19 Skarveland 12 0 12 Sunde 10 9 19 Tofte 11 20 31 Trå 4 1 5 Undarheim 16 0 16 Uskedalen 16 11 27 Valen 18 5 23 458 110 568 Kriterier for vurdering av trafikkfarleg skuleveg. I vurdering av om skulevegen er å rekna som særleg farleg eller vanskeleg, vektlegg Kvinnherad kommune desse tilhøva: Trafikkmengd på vegen Type trafikk, t.d trafikk til ferje Breidd og oversikt på vegen Fortau/gangveg/sykkelst på vegen Gateljos på strekningen Fartsgrense på vegen Trafikkfarlege punkt på vegen Lengda på vegen; strekning/tid eleven er på vegen. Klimatiske tilhøve Terreng farlege eller vanskelege punkt Alder på eleven. Om eleven har følgje med andre elevar. Kriteria byggjer på førearbeidet til Opplæringslova NOU 18: Ny opplæringslov. 1995. side 6
Etter dei kommunale retningslinene er det ikkje grunnlag for å gje fri skuleskyss fordi barn er engstelege som følgje av mørk veg eller dyr på vegen. Retten til fri skuleskyss er knytt til at vegen skal vera særleg farleg eller vanskeleg for elevane. I ei vurdering av om ein skuleveg er særleg farleg eller vanskeleg, vil det koma inn skjøn, same kor gode kriterier ein har for å vurdera vegen. Kriteriegrunnlaget er såleis eit referansepunkt som vert nytta når skulevegen vert vurdert. Det vil uansett vera ulike oppfatningar av om ein veg er særleg farleg eller vanskeleg, men ved hjelp av kriteria kan ein lettare få fram på kva grunnlag ein klassefiserer vegen i høve til rettane i Opplæringslova. Gjennomgang av skulevegane i Kvinnherad. Gjennomgangen byggjer på Hovudutvalet sine vurderingar i 1995, avgjerder i klagesaker seinare, endringar på vegen eller i trafikkmønsteret. Vi har sett opp retningslinene som gjeld inneverande skuleår, og har peikt på strekningar som det kan vera grunnlag for å vurdera endringar. Vi vil understreka at vurderinga dreier seg om særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, og at reglane for rett til skuleskyss etter reglane om skuleveg > 2 eller 4 km gjeld. Ølve Hatlestrand Varaldsøy. Ølve. Gjeldande retningsliner: Elevar frå Nerhus og Røyrane i 1.- 4.klasse får fri skyss Elevar i 1.- 4.klasse på strekninga Ølve kyrkje Holereset får fri skyss. Problemområde: Det har ikkje vore søknader om fri skyss utanom desse områda dei siste åra. Statens Utdanningskontor avslo i 1996 klage på avslag om fri skyss for elevar i 5.-7.klasse på strekninga Ølve kyrkje Holereset. Vi vil ikkje tilrå endringar i retningslinene for denne krinsen. Hatlestrand. Gjeldande retningsliner: Elevar frå strekninga mot Grønevik i 1.-10.kl., med skuleveg over 2,5 km får fri skyss. Elevar i 1.- 4 kl. innanfor siste tunnellen før skulen, får fri skyss. Elevar i 1.- 4.kl. frå Myrvold, Hjortland og Gjerde får fri skyss. Problemområde: Det er ikkje kome søknader om fri skyss frå andre strekningar. Retningslinene synest å dekkja behovet for fri skyss. Elevar frå Netland har rettar til fri skyss frå heimen som må vurderast på ny. Vi vil ikkje tilrå endringar i retningslinene for denne krinsen. Varaldsøy Trå skule. Gjeldande retningsliner: Etter gjeldande retningsliner har nokre elevar i 1.-4.kl. rett på fri skyss i vinterhalvåret. Det har vore nokre søknader om fri skyss knytt til spesielle tilhøve. Retningslinene synest å dekkja behovet, og vi vil ikkje tilrå endringar i retningslinene for krinsen. side 7
Mauranger Omvikdalen. Mauranger skule. Etter gjeldande retningsliner har ingen elevar rett på skyss etter reglane som særleg farleg skuleveg. Det er ikkje kome inn søknader om rett til fri skyss på grunn av særleg farleg skuleveg. Vi kan heller ikkje sjå at dette er aktuelt i den næraste framtid, og vil såleis ikkje tilrå endringar i retningslinene for denne krinsen. Løfallstrand skule. Elevar i 1. 4. klasse på strekninga frå Hellesøy Skibsbyggjeri mot Lyngstrand får fri skyss. Elevane frå Løfallstrand skule vert overført til Malmanger skule frå 01.08.03. Vi ser ikkje behov for endringar i gjeldane retningsliner. Malmanger skule. Elevar i 1.- 4.klasse frå Nes og Neslia har rett på fri skuleskyss. Elevar i 1.- 7.klasse fr Seimsfoss har rett på fri skyss. 1. Frå skuleåret 2002/03 vil sykkel og gangstien frå Seimsfoss vera ferdig. Dette gjev grunnlag for å endra retningslinene, og vi legg nå til grunn at elevar på strekninga frå Seimsfoss til Malmanger skule ikkje lenger har rett til fri skyss på grunn av trafikkfarleg skuleveg. 2. Frå hausten 2002 vil arbeidet med gang og sykkelstien frå Neslia til Rosendal sentrum koma i gang. Dette kan medføra at retten til fri skuleskyss på denne strekninga må utvidast mellombels under anleggsperioden, slik det har vore gjort under arbeidet på strekninga Seimsfoss Rosendal. Dette vert avgjort i nært samarbeid med anleggsleiinga. Frå skuleåret 2003/04 legg vi til grunn at gang og sykkelstien på strekninga Neslia Rosendal sentrum er ferdig, og at elevane på denne strekninga då har trygg skuleveg, og ikkje har rett til fri skyss etter reglane om særleg farleg skuleveg. Omvikdalen skule. Elevar i 1.-4.klasse frå området Lundsneset/Statoil stasjonen, og frå strekninga Lunde /Fet i 1.- 4.klasse får fri skyss om morgonen i mørketida, 01.11. 28.02. 1. Vi finn med heimel i kriteria for fri skuleskyss grunnlag for å tilrå å endra retningslinene for elevar i 1. 2.klasse på strekninga frå Lundsneset/Statoil stasjonen, og strekninga Lunde/Fet, slik at desse elevane får rett til fri skuleskyss til/frå skulen heile skuleåret. 2. Vi vil ikkje tilrå andre endringar i retningslinene. side 8
Uskedalen Herøysundet. Uskedalen skule. Elevar frå strekninga Steinsletten Eik i 1.- 4.klasse har rett til fri skuleskyss. Elevar frå Kjærland og Fet/Døssland i 1.- 4.klasse har rett til fri skyss. Det er ikkje søkt om fri skuleskyss frå krinsen utover det retningslinene gjev rett til. Retningslinene dekkjer behovet, og vi vil ikkje tilrå endringar i desse. Bringedalsbygda skule. Elevar frå Helvik i 1.- 4.klasse har rett på fri skyss. Det same har elevar frå Vågen/ grensa mot Uskedalen krins. Det er ikkje søkt om fri skuleskyss utanom desse områda, og vi finn ikkje grunnlag for å tilrå endringar i retningslinene for denne krinsen. Husnes Sandvoll. Undarheim skule. Elevar frå Onarheimslio, Helland og Lyngstad i 1.- 4.klasse har rett til fri skuleskyss. Ny gangsti frå HSD stasjonen har gjort situasjonen tryggare for elevar frå ovannemnda område. Vi vil likevel tilrå at retningslinene vert vidareført, då krysset ved hellandsbrua er eit særleg farleg punkt, og trafikken på RV.48 går i 80 km/t. Vi vil elles ikkje tilrå endringar for krinsen. Sunde skule. Elevar frå Reset Opsangerbrua i 1. 5.klasse har rett til fri skyss. Elevar frå Grønstøl i 1.- 4.klasse har rett til fri skyss. 1. Med utgangspunkt i trafikksituasjonen på strekninga Reset Sunde ferjekai, typen trafikkk og auken i trafikken, vil vi tilrå at retningslinene vert endra, og at retten til fri skyss vert utvida, slik at elevar i 1.- 7.klasse på strekninga frå Reset med meir enn 500 m på denne vegen, får fri skuleskyss frå nytt skuleår. 2. Med utgangspunkt i politisk føring, og handsaming av sak om skyss for dei minste elevane frå Røyrvik, vil vi tilrå at elevar i 2.klasse frå Røyrvik får rett til fri skyss. side 9
Valen skule. Elevar i 1.- 7. klasse har rett til fri skyss. Elevar frå Handeland i 1.-4.kl. har rett til fri skyss. Det er ikkje endringar knytt til denne krinsen, og retningslinene dekkjer behovet. Vi tilrår ikkje endringar i retningslinene. Skarveland skule. Ingen strekningar gjev rett til fri skyss. Trafikken over Utåker Skånevik har gått monaleg ned, og vil finn ikkje grunnlag for å tilrå endringar i retningslinene for krinsen. Halsnøy Fjelberg. Sætre skule. 1. Elevar i 1. 7.kl. frå området nord for Shl Folkehøgskule får fri skyss. 2. Elevar i 1. 4.kl. i området frå Folkehøgskulen t.o.m. veg opp til Arne Hauge, får fri skyss. 3. Elevar i 1.-4.kl. på strekninga frå veg ned frå Øreviksfeltet til grense Tofte skule, får fri skyss. Retten til fri skyss for denne krinsen vart vurdert og endra i 2000. Vi finn at retningslinene dekkjer behovet, og vil ikkje tilrå endringar. Tofte skule. 1. Elevar i 1.- 4.kl. frå Landa får fri skyss til skule om morgonen. 2. Elevar i 1.- 2. kl. frå Sjohaugen har rett til fri skyss. 1. Det er søkt om fri skyss også frå skulen for elevar frå Landa og Landaskogen. Vi finn etter synfaring grunnlag for å tilrå denne endringa i retningslinene, og legg til grunn at vegen er smal, og at trafikk biletet er vanskeleg for dei minste elevane, også når det er lyst. 2. Vi finn ikkje grunnlag for å tilrå andre endringar for krinsen, og meiner at retningslinene dekkjer behovet. Hauge skule. Elevar i 1.- 4.klasse frå Langaneset får fri skyss til skulen. 1. Det er søkt om fri skyss også frå skulen for elevar i 1.- 4.klasse frå Langaneset og vidare utover. Vi finn etter synfaring grunnlag for å tilrå å denne endringa i retningslinene, med grunnlag i at det på denne strekninga er ein del tungtrafikk til/frå industriområdet i Høylandsbygd. 2. Vi finn ikkje grunnlag for å tilrå andre endringar for krinsen. side 10
Brekke skule. Ingen strekning gjev rett til fri skuleskyss etter reglane om særleg farleg skuleveg. Vi finn ikkje grunnlag for å endra retningslinene for krinsen. For elevar frå Fjelberg i 1.- 4.kl. med båtskyss må eventuell ventetid og tryggleiken på kaien vurderast kvart år. Matre Åkra. Matre skule. Ingen strekning gjev rett til fri skyss etter reglane om særleg farleg skuleveg. Vi finn ikkje grunnlag for å tilrå endringar i retningslinene for krinsen. Åkra skule. Elevar frå Haugstøl/Skromme i 1.- 4.kl. får fri skyss heimanfrå til skulen. Retningslinene dekkjer behovet, og vi finn ikkje grunnlag for å tilrå endringar. side 11