FRAMLEGG TIL STRATEGI FOR HJORTEFORVALTNINGA I FUSA, OS OG SAMNANGER I PERIODEN 2010-2020 Innleiing Hjorten er eit dyr som flyttar mykje på seg og ein hjortebestand er ikkje enkel å avgrensa geografisk. Han bryr seg ikkje om administrative grenser som vald- og eigedomsgrenser eller kommune- og fylkesgrenser. Dette er ei stor utfordring når vi skal få til ei god, stammeratta forvaltning. Samarbeid må til på alle nivå i forvaltninga heilt frå fylkesnivå til den enkelte jeger. På bakgrunn av dette vert det utarbeidd felles målsetnader for kommunane Fusa, Os og Samnanger. Vi vonar også at nabokommunane våre får utarbeidd kommunale mål eller strategiar for hjorteforvaltninga. Det er eit overordna mål at hjorteviltforvaltninga i større grad skal utførast av grunneigarane fordi dette gir betre forvaltning. Tanken bak dette er at dersom grunneigarane får ansvar for forvaltninga vil dei sjå at det er dei som tener på å gjera dette på ein god måte. Vidare så vil ei grunneigarstyrt forvaltning vera meir demokratisk og meir basert på lokal kjennskap til hjortebestanden. For at dette skal fungera så må ein samlast over eit større område slik at ein kan driva stammeretta forvaltning. I samband med denne privatiseringa av forvaltninga må kommunen fastsetja mål for utviklinga av hjortebestanden. Dette skal gi eit langsiktig og stabilt regime der dei lokale aktørane er samkøyrd i forvaltninga si. Juridiske rammer Kommunen har eit generelt samfunnsansvar. Gjennom utforming av forvaltningsstrategi må vi ta omsyn både til skade hjorten påfører andre interesser og hjorten sin verdi som rekreasjon og næring. Vi har også eit omfattande regelverk som vi må ta omsyn til, og strategien må liggja innafor rammene som dette regelverket set. Strategien er ikkje noko juridisk bindande dokument, men det fortel korleis kommunane Fusa, Os og Samnanger ønsker å utvikla hjortebestanden og korleis vi kjem til å bruka skjønnet vi har innafor dei juridiske rammene. Lov om Viltet (Viltlova) Viltlova med tilhøyrande forskrifter er det primære juridiske grunnlaget for viltforvaltning i Noreg. Formålsparagrafen i Viltlova seier følgjande: Viltet og viltets leveområder skal forvaltes slik at naturens produktivitet og artsrikdom bevares. Innenfor denne ramme kan viltproduksjonen høstes til gode for landbruksnæring og friluftsliv. Dette er konkretisert i Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever: Formålet med denne forskrift er å bidra til at forvaltningen av hjortevilt og bever ivaretar bestandenes og leveområdenes produktivitet og mangfold. Forvaltningen skal legge til rette for en lokal, langsiktig forvaltning med næringsmessig og rekreasjonsmessig nyttiggjørelse av viltressursene. Forvaltningen skal videre sikre bestandsstørrelser som medfører at hjortevilt og bever ikke forårsaker uakseptable skader og ulemper på andre samfunnsinteresser. Dersom forvaltninga av hjort skal vera i tråd med viltlova så skal vi sikra ein bestand som gir eit overskot som kan haustast både i rekreasjonsmessig og næringsmessig samangheng utan at
det får altfor store negative konsekvensar for naturmiljøet og for andre nærings- og samfunnsinteresser. Denne balansegongen bygger delvis på faglege vurderingar, men det er også rom for ei viss tolking. Lov om skogbruk (Skogbrukslova) Lova skal sikra ei berekraftig forvaltning av skogressursane. Hjortevilt fører i mange høve til omfattande skade på skogen og det kan vera problematisk å få fram skog av god kvalitet. Skogbrukslova 9 slår difor fast at der hjortevilt fører til stor skade på skog som er under forynging eller hindrar ny skog i å koma opp skal kommunen vurdera om bestanden av hjortevilt skal reduserast. Biologiske Rammer Hjorten i Fusa, Os og Samnanger Hjorten er ein naturleg del av faunaen vår. Både klimaet og landskapet i regionen er godt eigna for hjort. Lite snø i låglandet kombinert med eit variert skogsbilete med ein mosaikk av godt skjul og gode beiteområde er eit svært godt hjortehabitat. Avskytinga har over ein lang tidsperiode vore noko mindre enn tilveksten i bestanden. Dette har resultert i at hjortebestanden har auka kraftig. Auken har ikkje vorte jamt fordelt. Enkelte område har tidvis svært store tettleikar av hjort. Det gjeld særleg dei viktigaste vinterområda i ytre strok, men det vert også meld om store konsentrasjonar av hjort lenger inne i landet i sommarhalvåret. I figur 1 kan ein sjå at avskytinga har auka frå 177 dyr i 1990 til 672 i 2008, og likevel har bestandsveksten berre halde fram. Eit estimat for perioden 2000-2008 syner at den jaktbare bestanden har auka med om lag 5% i året i denne perioden og er i dag oppe i drøye 3000 individ før jakt. I figur 3 kan vi sjå ei grafisk framstilling av denne utviklinga fordelt på alder og kjønn. Omgrepet jaktbar bestand vert nytta på grunn av problemet med å avgrensa ein bestand geografisk. Talet på hjort innafor kommunegrensene våre kan endra seg mykje gjennom året. Det er truleg mange av dyra som er her under jakta oppheld seg delar av året i nabokommunane våre. Vidare vil også sjølve jakta ha mykje å seia då om lag 20 % av all hjorten vert skoten under jaktperioden Vinterbestanden er følgjeleg om lag 20 % lågare. Jaktbar bestand gir eit tal for kor mange dyr som er tilgjengeleg i dei tre kommunane våre under jaktperioden. Kjønnsfordelinga i området har utvikla seg i positiv retning og er høveleg god i dag. Sett hjort data viser at kolle/bukk-forholdet er 1,38 i Os og 1,69 i Fusa og Samnanger i 2007. I Os har det vore konstant lågt sidan Sett hjort vart innført i 2004, medan i Samnanger og Fusa var kjønnsfordelinga noko skeivare når vi går nokre år bakover i tid. Dersom vi ser på avskytingsmønsteret i figur 2 ser vi at det har vore store endringar frå 1990 og fram til i dag. I gjennomsnitt er avskytinga heilt kjønnsnøytral i dag.
Figur 1. Grafen viser talet på hjort som er felt under ordinær jakt i Fusa, Os og Samnanger. Avskytinga har auka frå 177 dyr i 1990 til 740 i 2009. (kjelde SSB) Figur 2. Diagrammet syner kjønns- og aldersfordelinga i uttaket frå 1990 og fram til 2009. Tidleg på 90- talet var det ei stor overvekt av bukkar i uttaket. Fram til i dag har dette forholdet stabilisert seg på eit kjønnsnøytralt nivå og avskytinga har dreia noko meir over på unge dyr. (Kjelde SSB)
Figur 3. Estimat for total jaktbar hjortebestand i Fusa, Os og Samnanger. Det har vore ein generell auke i alle kjønns og aldersklassar. Likevel er det ein klar tendens til at talet på vaksne bukkar har ein relativ auke dei siste åra som er større enn dei andre kategoriane. Modellen er basert på avskyting i perioden, erfaringstal for dødelighet, data om fekunditet frå overvakingsprogrammet for hjortevilt og data frå sett hjort. Totalt sett har kjønns og alderssamansetjinga utvikla seg i ein positiv retning. Utfordringa ligg i å finna eit balansepunkt der vi får kontroll med utviklinga av bestanden. Skade på andre interesser I samband med auken vi har opplevd i hjortebestandane har særleg landbruksnæringa fått store utfordingar med skade på avling og skog. Skadebiletet er ofte av lokal karakter og skilnaden kan vera stor sjølv over korte avstandar. Mange av dei viktigaste jordbruksområda ligg i vinterområda for hjorten. I tilegg til det naturlege vandingsmønsteret så vert effekten av skade på dyrka mark forsterka ved at hjorten samlar seg rundt dei jordbruksareala som vert halden i god hevd og har høg produksjon av smaklege og næringsrike planter. Beiteskadetakstar som har vore utført av Forsøksringen i Hordaland på Gåssand, Trengereid og på Liodden syner avlingstap som svarer til ein årleg kostnad mellom 400 og 1000 kr/dekar. Skadane på skogen er også store. Særleg granfelt i hogstklasse 3 og 4 er svært utsett for borkskrelling med påføljande deformering og infisering med råte- og fargeskadesoppar. Redusert verdi ved slutthogst, som følgje av hjorteskadar, vil ofte representera fleire tusen kroner per dekar i middels til hardt skadde granbestand. Vidare er det fleire område der det er problematisk å få opp ny skog på grunn av beiting og feiing på ungskogen både av gran, furu og visse typer lauvtre. Den økonomiske effekten i området vårt er ikkje kvantifisert, men det er snakk om ein monaleg kostnad.
Trafikkulukker som involverer hjort og skadar på private hagar er også aukande problem. Talet på trafikkulukker har også auka ein del, men denne auken har ikkje vore dramatisk i høve til andre kommunar her i regionen. Jaktåret 2007/2008 var eit toppår på dette feltet. Totalt 23 hjortar vart drepne som følgje av påkjørsler dette året. I tillegg var det mange mindre ulukker der hjorten overlevde eller ikkje vart funnen etter grundige ettersøk. Tabell 1. Oversikt over talet på hjort som vert drepen av påkjørsler innafor dei ni siste jaktåra i Fusa, Os og Samnanger. Eit jaktår strekk seg frå 1. April til 31. Mars. Tabellen viser berre dei tilfella der hjorten vart drepen i ulukka eller avliva i etterkant. Dei tilfella der hjorten overlevde eller ikkje vart funnen er ikkje med i dette materialet.(kjelde SSB) 2000-2001 2001-2002 2002-2003 2003-2004 2004-2005 2005-2006 2006-2007 2007-2008 2008-2009 8 7 7 6 7 7 13 23 12 Kva meiner folk flest? Landbrukskontoret utførte ei nettbasert spørjeundersøking, som var open for alle, for å finna ut litt om kva folket ønskjer. Oppslutninga var forholdsvis liten. Når fristen gjekk ut hadde vi fått inn 150 spørjeskjema som var tilfredstillande utfylt og avslutta. Av desse så seier 96 at dei driv med hjortejakt. Dei som har svart er bra fordelt mellom dei tre kommunane. Hovudtyngda av svar kjem frå menn i aldersgruppa 41-65 år. Sidan det berre er ein liten del av folket i kommunane som har svara på undersøkinga så må resultata tolkast med varsemd. På spørsmålet om kva dei meiner om hjortebestanden seier 1% at det er altfor lite hjort, 3% at det er litt for lite, 22% at det er passe mykje, 41 % at det er litt for mykje og 32 % at det er altfor mykje hjort. Av dei som svara på undersøkinga er det nokså klår oppfatning om at det er i er meste laget med hjort i dag, men det er også mange som eg godt nøgd med dette. På spørsmål om kjønns og alderssamansetjing meiner om lag halvparten at det er for lite store bukkar i bestanden. Fleirtalet ønskjer også at det skal fokuserast på maksimal kjøtproduksjon framfor framdyrking av trofedyr. Gruppa som ønskjer trofedyr utgjer likevel 25 %. Vidare så må vi sjå dette i lys av spørsmålet om vaksne bukkar. Eit stort innslag av store bukkar er noko som folk er positive til. Maksimal kjøtproduksjon inneber ein bestand med mykje vaksne hodyr. Konklusjonen vert då at det er eit ønskje om at dei vaksne dyra får veksa seg store og at det skal vera ei lita overvekt av hodyr. Oppfatninga av dei negative effektane er også merkbar i undersøkinga. Særleg omfanget av skade på dyrka mark og trafikkulukker er noko dei fleste meiner har vorte for stort. Det vert også sagt at hjortebestanden bør reduserast dersom dei store mengdene med flått kan verta redusert. Toleransen for økonomiske tap på landbruket var låg. På spørsmålet om kva ein gardbrukar med ei årleg omsetjing på kr 200 000,- bør tolerera som akseptabel skade meinte heile 96% at ein denne grensa ligg under 15 000 kroner i året. Det kan i denne samanheng nemnast at det berre var 15% av respondentane som ser på seg sjølv som aktiv bonde. I dag er det mange bønder som har skade som utgjer meir enn 15 000 kroner. Jakttida var også eit tema som vart undersøkt. Totalt sett meiner 57 % at jakttida bør utvidast, medan 1 % meiner at den ordinære jakttida er for lang. Resten meiner at den ordinære jakttida er passe lang. Trua på effekten av utvida jakttid er også stor. Om lag 70 % meiner at det vil
verta lettare å skyta dei rette dyra og totalt sett vil det verta lettare å skyta fleire dyr. Effekten ei utvida jakttid vil ha for andre brukarar er noko varierande, men det er ei forholdsvis stor gruppe som meiner at ei utvida jakt vil få negative konsekvensar for andre brukargrupper som småviltjegerar og folk som går tur. Mål for perioden Hjortebestanden skal reduserast med 30 % i høve til dagens bestand og stabiliserast på dette nivået. Det skal sikrast ei vital og sunn hjortestamme med god avkastningsevne. Totalbestanden før jakt skal stabiliserast på om lag 2000 dyr, og jaktuttaket skal stabiliserast mellom 400 og 450 dyr i året. Reduksjonen skal skje gradvis. Hjortebestanden skal ha ei kjønnsfordeling der kolle/bukk-indeksen er mellom 1,2 og 1,8. Hjortebestanden skal ha ei aldersfordeling som sikrar høg produksjon og avkastning i høve til storleiken på vinterbestanden. Gjennomsnittsalderen på vaksne dyr skal aukast. Innslaget av store bukkar skal aukast. Alle jaktfelt skal liggja under store vald med eigen forvaltningsplan. Det skal ikkje vera meir enn 15 påkjørsler i året totalt i dei tre kommunane. Skaden på jord og skogbruk skal reduserast så mykje som mogeleg innafor ramma om ein totalbestand på om lag 2000 dyr før jakt. Likevel skal ingen gardbrukarar ha avlingsskade som representerer eit årleg økonomisk tap på meir enn kr. 50 000,- som følgje av hjorten. Det skal opprettast godkjente kontrollstadar for viltkjøtkontroll i alle tre kommunane slik at det vert mogeleg å få til meir næringsutvikling basert på hjort. Kunnskapen om områdebruken skal styrkast og kunnskapen skal takast i bruk for å styrka samarbeid på tvers av kommunegrenser og mellom ulike område internt i kommunane. Tiltak Bestandsutvikling Auka avskyting gjennom revisjon av minstearealet. Minstearealet vert vidareført på 600 dekar for Fusa og Os, men vert vurdert årleg for å stå i høve til bestandsutviklinga. På grunn av store variasjonar er det naudsynt å diffrensiera noko mellom ulike område for å få ei forsvarleg avskyting dersom arealet skal setjast lenger ned. For praktisering av dette vert det vist til regelverket. Minstearealet vert vurdert nedsett i heile eller delar av Samnanger.
Normalt skal løyvetildelinga følgja av minsteareal. Dispensasjonspraksisen må tilpassast i det enkelt tilfelle på grunnlag av lokal tettleik av hjort og omfanget av skade. Søknad om dispensasjon i samband med bestandsplan skal vera meir tungtvegande enn søknader frå vald utan plan. Maksimalt avvik frå minstearealet skal berre nyttast i særlege tilfelle. Døme på særlege tilfelle er område med gardbrukarar som kan dokumentera avlingstap som er større enn kr. 15 000 i året eller meir enn 30 % avlingstap. Det kan også gjelda område med store problem knytt til påkjørsler. Kravet til dokumentasjon skal stå i forhold til omfanget av saka. I større saker om avlingsskade bør det leggjast fram dokumentasjon frå eksterne istitusjonar som Norsk landbruksrådgivning, Bioforsk eller andre institusjonar med kompetanse på dette feltet. Vidare vil kommunen gjera ei konkret vurdering basert på informasjon frå søkjar, lokalkunnskap og synfaring på staden. Det bør vera høg avskyting av kalv og ungdyr for å oppnå høgare gjennomsnittsalder på vaksne dyr og halda ein høg produksjon i hjortebestanden. Den auka avskytinga bør skje på kalv og ungdyr. Utaket av hodyr kan vera noko høgare i starten av perioden for å balansera kjønnsfordelinga. Dette vil på sikt føra til noko lågare vekstrate. For vald som ikkje har eigen bestandsplan kjem kommunen til å nytta slik tildelingsmodell jfr. Hjorteviltforskrifta 15 pkt b: Kalv 30 %, vaksne hanndyr (1½ og eldre) 35 % og vaksne hodyr (1½ og eldre) 35 %. Bestandsplanane bør ha verkemiddel som sikrar høgare alder på dei vaksne dyra i bestanden. Det vil seia at det bør leggjast opp til eit solid uttak av kalv og ungdyr. Valdstruktur Grunneigarorganiseringa skal styrkast gjennom kunnskapsformidling. Ordninga med redusert fellingsavgift til storvalda skal vidareførast. Ved godkjenning av nye vald skal kravet til hensiktsmessig geografisk avgrensing tilleggjast større vekt enn det som er gjort fram til i dag. Hensiktsmessig avgrensing vil vera eit krav for å få godkjent nye vald med bestandsplan. Normalt skal det ikkje godkjennast bestandsplanar for vald som er mindre enn 20 000 dekar, men kravet er ikkje absolutt. Nye vald som er mindre enn 2 gonger minstearealet bør ikkje verta godkjent. Bakgrunnen for dette er at vald som berre har kvote på eit dyr gir ikkje grunnlag for ei fornuftig kvotetildeling og avskytingsprofil. Kommunen skal jobba for samarbeid med nabovald dersom vi får inn søknader om godkjenning av vald som er mindre enn to gonger mistearealet. Skadeavgrensing Generell reduksjon av bestanden skal vera det sentrale verkemiddelet. Den private forvaltninga skal ha stor fridom til å utvikla modellar som hindrar skade lokalt. Til dømes samarbeid om individretta avskyting på skadeutsette lokalitetar.
Vald med bestandsplan som opplever stor skade på dyrka mark kan etter godkjenning frå kommunen ta ut inntil 20% av kvoten som skadedyr på spesifikke teigar med dyrka mark frå og med 15. august. Dette skal vera tufta på semje blant medlemmene i storvald gjennom bestandsplanar. Areala skal vera kartfesta i søknad/bestandsplan og skaden skal vera stor på dei aktuelle teigane. Skadefelling utanom ordinær jakttid skal normalt gå i fråtrekk av årets kvote dersom søknaden vert innvilga etter løyvetildeling og før ordinær kvote er brukt opp. I samband med særs verdfull avling som til dømes juletre, frukttre og grønnsaker utover eige bruk eller rundt lagerplassar for rundballar kan det søkast om tilskot til oppsett av viltgjerde. Inngjerding gjeld berre avgrensa område. Det vert ikkje gitt tilskot til gjerde for å hindra skade på grasproduksjon Tilskot kan dekka inntil 50% av kostnadsoverslag eller kr. 20 000,-. På skadeutsette vegstrekningar skal det ryddast vegetasjon for å avgrensa talet på trafikkulukker. Kunnskapsutvikling Auka kunnskapen om hjorten og områdebruken gjennom året. Både kommunal og privat forvaltning støttar opp om det merke og utviklingsprosjektet for Hordaland og delar av Sogn. Sett hjort skal nyttast som hovudreiskap for å overvaka endring bestandssituasjonen. Kommunen skal gjera årlege kalkulasjonar av hjortebestanden på bakgrunn av fellingsdata og sett hjort. Revisjon Strategien skal gjelda som styringsdokument for 10 år, men kommunane Fusa, Os og Samnanger kan krevja endringar av strategien. Eventuelle endringar skal godkjennast politisk i alle dei tre kommunane.