Sakshandsamar: Gunn Helen Henne Vår dato Vår referanse Telefon: 57643140 15.10.2014 2006/6400-542.1 E-post: fmsfghe@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 15.05.2013 Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 Leikanger Brevet vert berre sendt elektronisk. Erko Seafood AS fråsegn til søknad om utviding på lok. Klubben i Solund kommune til 4680 t MTB fråråding Fylkesmannen vil ut frå kunnskapsgrunnlaget om situasjonen for vill anadrom fisk og føre-var-prinsippet rå ifrå at det vert gjeve løyve til vidare utviding av matfiskproduksjonen av laksefisk på lok. Klubben. Vi viser til søknad frå Erko Seafood AS, dagsett 15.5.2013, som vart oversendt til Fylkesmannen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune same dag. Søknaden er seinare komplettert med kommunen si handsaming 22.7.2013 og ny resipientgransking på lokaliteten 8.4.2014. Søknaden gjeld utviding av lokalitetsbiomasse for oppdrett av matfisk av laksefisk ved Klubben i Solund kommune. Fylkesmannen gjev følgjande fråsegn: Ureining Fylkesmannen har i dag gjeve løyve etter ureiningslova på visse vilkår, for utviding av matfiskanlegget ved Klubben til inntil 4680 tonn MTB. Kopi av vedtaket er oversendt elektronisk. Arealplanar Solund kommune har 12.6.2013 gjeve dispensasjon frå kommuneplanen for den delen av anlegget og fortøyingane som går utanfor område avsett til akvakultur. Det er sett vilkår om at fortøyingar må avgrensast mest mogleg og at ankring må vere i samsvar med skisse/kart i søknaden. Konfliktar i høve til natur, miljø og friluftsliv Naturmangfaldlova sine miljørettslege prinsipp ( 8-12) skal vere retningsgjevande for all offentleg utøving av mynde som vedkjem naturmangfaldet. Det er eit krav at vurderingar av prinsippa skal gå fram av vedtaket. Fylkesmannen si fråsegn er ikkje eit vedtak, men skal gje fagleg saksopplysning til fylkeskommunen si avgjerd etter akvakulturregelverket. Område med stor verdi for natur og miljø innan fem kilometer frå lokaliteten er vist på vedlagt kartutsnitt frå Fylkesatlas 1. Ved å gå inn på lenka vil de få opp meir informasjon om 1 http://www.fylkesatlas.no/default.aspx?gui=1&lang=3&minx=- 41952.828125&minY=6819662.9296875&maxX=- 29851.453125&maxY=6827437.8515625&layers=370%20260%208%2071%20639%20557%20145&baselayer =7&visibleOLOverlays= Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde fmsfpost@fylkesmannen.no Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77
2/5 alle dei ulike temalaga. Opplysningane under gjev ei oversikt over kunnskapsgrunnlaget for å vurdere konfliktar med andre natur-, miljø- og friluftslivsinteresser, jf. naturmangfaldlova (nml.) 8 og tildelingsforskrifta 7, samt Fylkesmannen si vurdering av dei ulike konfliktområda. Søknaden har vore lagt ut til offentleg ettersyn, og det kom ikkje inn merknader til at det ev. vert gjeve løyve. Verneområde: Det er ikkje registrert verneområde i sjø like i nærleiken av anlegget: Ikkje konflikt. Vilt: Eit oppdrettsanlegg kan generelt sett medføre noko konflikt med omsyn til sjøfugl eller anna vilt på næringssøk, eller for hekkande fugl. Oppdrettsaktiviteten vil kunne trekkje til seg fugl og gje trong for felling av fugl som valdar skade i anlegget, samstundes som det kan medføre forstyrring for fugl i nærleiken under hekketida. Alt vilt, inkludert deira egg, reir og bol er freda med mindre anna følgjer av lov eller vedtak med heimel i lov. Vi gjer merksam på at ansvarleg for anlegget pliktar å gjere alle nødvendige førebyggjande tiltak mot viltskade, det er ikkje nokon «automatikk» i å få løyve til skadefelling. Vi tilrår generelle vilkår som gjer at konfliktar med sjøfugl vert minst mogleg. Det er ikkje registrert spesielle sjøfugllokalitetar like i nærleiken av anlegget: D-konflikt. Friluftsliv: Fylkesmannen har ikkje kjennskap til friluftsområde med nasjonal eller regional verdi som anlegget kan ventast å komme i konflikt med. Det er heller ikkje registrert område i nærleiken med spesiell lokal verdi i FRIDA-basen over friluftsområde i fylket. Eit oppdrettsanlegg legg beslag på areal i kystsona og kan såleis ha ein viss negativ verknad for nærområdet sin generelle verdi for fritidsfiske, bading og båtutfart m.m. Utvidinga av biomassen i anlegget medfører også ei viss utviding av arealbruken, men denne kjem utover i sundet og ikkje inn mot land: D-konflikt. Vill anadrom fisk: Vi vurderer at konfliktnivå som følgje av utviding ved Klubben i første rekke vil vere knytt til auka smittepress på villfisk av laks og sjøaure, både av lakselus og annan smitte. Indre del av Sognefjorden er gitt status som nasjonal laksefjord 2. Lokaliteten ligg i ytste delen av fjordsystemet, vel seks mil utanfor grensa for laksefjorden. Dalsfjorden er også nasjonal laksefjord, og avstanden til laksefjordgrensa er her vel 2,5 mil. Vi har ikkje registreringar av lakseførande vassdrag eller større sjøaurevassdrag like ved anlegget ved Klubben, men anlegget vil kunne bidra til den samla påverknaden for vill anadrom fisk i ytre del av Sognefjordsystemet, Åfjorden, Dalsfjorden og dei nære kystområda elles, sjå kart frå Lakseregisteret under. Søknader om utvidingar eller etableringar av akvakulturproduksjon må ikkje berre verte vurdert enkeltvis, men også sett i samanheng med den totale belastninga på villfisken i området, jf. naturmangfaldlova (nml.) 10 om samla belastning på økosystema. Vi viser elles til føringane om kunnskapsgrunnlag (nml. 8) og føre-var-prinsippet (nml. 9). Ut frå den kunnskapen vi har i dag, meiner Fylkesmannen på generelt grunnlag at etableringar og utvidingar av oppdrettsanlegg i Sognefjordsystemet ikkje kan aksepterast. Vi viser då til alarmerande resultat frå luseovervakinga på vill anadrom fisk både frå Sognefjordsystemet og elles langs store delar av kysten, og til dei stadig aukande problema 2 http://fylker.miljostatus.no/sogn-og-fjordane/tema-a-a/dyr-og-plantar/biologisk-mangfald/fisk/laks-ogsjoaure/nasjonale-laksefjordar-og---laksevassdrag/
3/5 med å halde lusenivåa i anlegga under kontroll, som nyleg rapportert av både Havforskingsinstituttet 3, NINA 4 og Mattilsynet 5. Figur 1. Utløp til sjø av lakse- og eller sjøaurevassdrag registrert i Lakseregisteret 6 er vist med blå punkt, lakseførande elvestrekning er vist med oransje linje. Registrerte lokalitetar for sjøfangst av laks er vist med svart/raud firkant. Mørk grøn skravur viser nasjonal laksefjord. Vitenskapelig råd for lakseforvaltning konkluderer i sin rapport Status for norske laksebestander i 2014 7 med at infeksjonspress frå lakselus truleg har vore ei vesentleg årsak til redusert innsig av laks, men med variabel styrke mellom år. Overvaking utført i regi av Uni Miljø LFI 8 viste at det var store mengder lus på sjøaure gjennom siste vinter i enkelte område av Sognefjorden. Det var vidare ei sterk auke i lusepåslag på sjøaure i sjøen i slutten av mai og i byrjinga av juni. Studiar av sjøaure frå Lærdalselvi 9 viser vidare at store delar av bestanden nyttar seg av ytre fjordstrøk og fjordmunningen som sitt marine 3 http://www.imr.no/nyhetsarkiv/2014/oktober/sjoorret_hardt_rammet_av_lakselus/nb-no 4 http://www.mattilsynet.no/fisk_og_akvakultur/fiskehelse/fiske_og_skjellsykdommer/lakselus/krevende_lakselus sommer_har_kostet_mye.16278 5 http://nina.no/aktuelt/artikkel/tabid/945/articleid/3454/slar-alarm-for-sjoorreten.aspx 6 http://lakseregister.fylkesmannen.no/laksekart/default.aspx?gui=1&lang=2&minx=- 82566.656250004&minY=6793132.0722658&maxX=18475.593749996&maxY=6855077.5722658&layers=9% 2018%2021%2015%2022&baselayer=100001&visibleOLOverlays= 7 http://www.nina.no/archive/nina/pppbasepdf/rapp%20vitr%c3%a5dlaks/thorstad%20status%20rvitr%c3 %A5d%20laks2014-6.pdf 8 http://www.fylkesmannen.no/documents/dokument%20fmsf/milj%c3%b8%20og%20klima/fiskeforvaltning/ Status%20for%20overv%c3%a5kning%20av%20lakselus%202014.pdf?epslanguage=nn 9 http://brage.bibsys.no/xmlui/bitstream/handle/11250/215335/-1/6122-2011_72dpi.pdf
4/5 fødeområde. Dette viser at oppdrettsanlegg langt utanfor dei nasjonale laksefjordane også kan få negative konsekvensar for sjøaure frå elvar langt inne i fjorden. Utviklinga som vi har sett både dei siste åra og den siste tida kan tyde på at belastninga på vill anadrom fisk i området, spesielt med omsyn til smitte av lakselus, kan vere på veg til å bli for stor. Eller at belastninga allereie er for stor. Det trengst meir data/kunnskap for å kunne gjere ei skikkeleg vurdering av om nyetableringar eller utvidingar i dette området vil få for stor samla negativ påverknad på vill anadrom fisk til å vere miljømessig forsvarleg. Vi meiner difor at føre-var-prinsippet må tilleggast stor vekt ved alle avgjerder av søknader om etablering eller utviding framover. Vi har i alle våre fråsegner til etableringar og utvidingar i Sognefjordområdet sidan 2010 gjeve betinga frårådingar og peikt på at det bør setjast vilkår ut over dagens generelle regelverk, som ivaretek omsynet til vill anadrom fisk og betrar kunnskapsgrunnlaget. Alternativt bør søknadene få avslag. Ettersom slike vilkår er tatt bort/ ikkje lenger vert sett, og situasjonen over tid berre forverrar seg ytterlegare, ser vi oss no nøydde til å rå i frå vidare vekst og oppskalering, både samla sett og på enkeltlokalitetar: B-konflikt. Spesielle naturtypar og biologisk mangfald: Akvakulturanlegg kan generelt sett vere til fysisk skade for naturtypar som f.eks korall- og svampsamfunn gjennom utlegging eller flytting av fortøyingar, eller det kan gje biologiske verknader for flora og fauna i vassøyla eller i/på botn gjennom nedslamming eller endra livsbetingelsar som følgje av næringsrike organiske utslepp frå drifta, eller bruk/utslepp av legemiddel. Verknader er oftast lokale, men kan likevel vere alvorlege dersom viktige naturtypar eller sårbart biologisk mangfald vert råka. Marint naturmangfald er dårleg kartlagt i Sogn og Fjordane hittil. Vi har per i dag ikkje kjennskap til at det er registrert spesielle verdiar for det marine biologiske mangfaldet på eller ved lokaliteten Klubben. Det vil likevel vere knytt miljøinteresser i større eller mindre grad til alt areal langs kysten og langs vatn og vassdrag, og det er summen av alle inngrep over tid i desse områda som reduserer området sin verdi for vilt og biologisk mangfald: D-konflikt. Samla vurdering: Vi ser på ei utviding av matfiskanlegget på lokaliteten Klubben som konfliktfylt, spesielt i høve til påverknad på vill anadrom fisk og verknad for friluftslivs- og fritidsfiskeinteresser. Samla sett kan konfliktnivået vurderast som B-konflikt (grunn til fråråding). Konklusjon Fylkesmannen vil ut frå kunnskapsgrunnlaget om situasjonen for vill anadrom fisk og førevar-prinsippet rå ifrå at det vert gjeve løyve til vidare utviding av matfiskproduksjonen av laksefisk på lok. Klubben. Med helsing Gøsta Hagenlund assisterande fylkesmiljøvernsjef Gunn Helen Henne overingeniør Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
5/5 Vedlegg: 1. Kartvedlegg (kartutsnitt frå Fylkesatlas) 2. Orientering om konfliktgradering Kopi til: Erko Seafood AS (e-post) Solund kommune (EDU) Mattilsynet, DK for Sunnfjord og Ytre Sogn (e-post) Fiskeridirektoratet, Region vest (e-post)