FORSLAG TIL NY FORSKRIFT OM KOORDINERING OG BRUK AV SATELLITTINNMELDING (SATELLITTINNMELDINGSFORSKRIFTA) Innleiing og bakgrunn Frekvens- og satellittbaneressursar som brukast til satellittkommunikasjon vert forvalta av Den internasjonale teleunionen (ITU). Statane som er medlem av ITU kan skaffe seg tilgang til slike ressursar gjennom å melde inn tekniske parameter for satellittnettverk til ITU. For å sikre sameksistens mellom nye og etablerte kommunikasjonstenester vert dei tekniske parameterane for nye satellittsystem avgjort ved koordinering med andre medlemsland. Etter lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) 6-6 og forskrift 14. juni 2013 nr. 619 om delegering av funksjonar innan myndigheita etter ekomlova av 4. juli 2003 nr. 83, er det Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) som melder inn satellittsystem til ITU på vegne av Noreg. Ein kvar aktør, både offentleg og privat, som vil etablere eit satellittsystem som skal meldast inn til ITU via Noreg, må difor søke Nkom som så kan sende satellittinnmeldinga til ITU for registrering og publisering. Etter ekomlova 6-6 fyrste ledd skal myndigheita gjennomføre satellittinnmeldingar til ITU på opne, objektive, transparente og ikkje-diskriminerande vilkår. Av andre ledd fylgjer det at myndigheita, her Nkom, kan gje forskrift om krav til førespurnad om innmelding og til innmeldingsprosessen. Nkom meiner at det er behov for å formalisere krava til førespurnaden om innmelding og innmeldingsprosessen gjennom ei forskrift. Dei siste åra har Nkom registrert ei stadig større interesse for å melde inn satellittsystem til ITU gjennom Noreg. Det har for det fyrste vorte fleire norske satellittoperatørar som ynskjer å melde inn satellittsystem via Nkom. Nkom har òg sett ein stadig aukande etterspurnad frå utanlandske satellittoperatørar som ynskjer å melde inn satellittsystem til ITU gjennom Noreg. Nkoms arbeid med ei satellittinnmelding er omfattande og krev betydelege ressursar. Den aukande etterspurnaden frå utanlandske satellittoperatørar som vil gjennomføre innmeldinga frå Noreg, har gjort at Nkom meiner det er rett å stille krav til førespurnaden for å kunne avgjere om norske myndigheiter og forvaltningsressursar skal nyttast til å få gjennomført innmeldinga. Det er også viktig å sjå til at innmeldingane som gjerast frå Noreg er i tråd med ekomlova sitt formål, som mellom anna er å sikre brukarar i Noreg gode, rimelege og framtidsretta tenester for elektronisk kommunikasjon, kor ein også skal stimulere til næringsutvikling og innovasjon. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet Besøksadresse: Nygård 1, Lillesand Postadresse: Postboks 93 4791 LILLESAND Tel: 22 82 46 00 Fax: 22 82 46 40 firmapost@nkom.no NO 974 446 871 www.nkom.no
Satellittinnmeldingsforskrifta fastset krav som støttar dette; til dømes krav om at satellittoperatøren skal vere registrert i norsk føretaksregister og også ha slik verksemd, organisasjon eller tilknyting til Noreg at norske myndigheiter er relevant myndigheit for å gjennomføre innmeldinga til ITU. Vidare skal forskriftsreguleringa sikre transparente og føreseielege vilkår for innmelding og sikre lik handsaming av dei ulike satellittoperatørane. Det fylgjer av ITUs regelverk at den som opererer eit satellittsystem eller ei internasjonal kommunikasjonsteneste, eller som har løyve til å bruke frekvensar på ein måte som kan skape interferens for kommunikasjonssystem i andre land, skal vere lisensiert av relevante myndigheiter i sitt heimland. For at myndigheita skal kunne ivareta dei internasjonale pliktene som Noreg har ved å delta i samarbeidet i ITU, meiner Nkom det er naudsynt med eit meir detaljert regelverk. Det detaljerte regelverket inneheld informasjon om korleis Nkom handsamar førespurnader om satellittinnmeldingar, kva krav som stillast til førespurnaden, bruken av satellittinnmeldingar og kva rettar dei som melder inn satellittsystem gjennom Noreg har. Forslag til forskrift om koordinering og bruk av satellittinnmelding (satellittinnmeldingsforskrifta) er vedlagt. Merknadar til føresegnene i forskrift om koordinering og bruk av satellittinnmelding fylgjer under. FORSLAG TIL FORSKRIFT OM KOORDINERING OG BRUK AV SATELLITTINNMELDING (SATELLITTINNMELDINGSFORSKRIFTA) MERKNADAR TIL FØRESEGNENE Kapittel 1. Innleiande føresegner Til 1 Føremål ITUs konstitusjon (CS), konvensjon (CV) og Radioreglementet (ITU-RR) utgjer relevante traktatar for innmelding av satellittsystem og bruk av frekvens- og satellittbaneressursar. Som omtalt ovanfor er det behov for eit regelverk som sikrar at Noreg kan overhalde dei internasjonale pliktene som Noreg har påteke seg gjennom regelverket i ITU. I tillegg til dei folkerettslige pliktene Noreg har påteke seg gjennom regelverket i ITU må også innmeldingane skje i samsvar med ekomlova. Etableringa av denne forskrifta skal sikre ein einsarta praksis rundt innmelding av satellittsystem til ITU gjennom Noreg. Regelverket skal òg sikre at innmeldingsprosessen blir føreseieleg for satellittoperatørane. 2
Til 2 Verkeområde Forskrifta vil gjelde krav til den som ynskjer å melde inn satellittsystem til ITU gjennom Noreg. Dette vil til dømes vere krav til informasjon som søkar må gi myndigheita og krav til å gjennomføre koordinering med andre satellittsystem. Forskrifta vil gjelde alle fasar i prosessen med innmelding av eit satellittsystem, frå fyrste steg i innmeldingsprosessen til satellittsystemet er tatt i bruk. Stega i prosessen kan i praksis variere noko, men omfattar ofte innsending av API (Advance Publication of Information), koordinering og notifisering av innmelding. Etter notifisering vert satellittsystemet oppført i ITUs register Master International Frequency Register (MIFR). Forskrifta omfattar ikkje krav knytt til bruk av sjølve satellitten, romobjektet eller jordstasjonar. Forskrifta vil ha same geografiske verkeområde som ekomlova, jf. ekomlova 1-3. Kapittel 2. Søknad om og koordinering av satellittinnmelding Til 4 Krav til søknad Ein kvar aktør, både offentleg og privat, som vil etablere eit satellittsystem som skal meldast inn til ITU via Noreg, må søke Nkom om å gjere dette. ITU krev, i medhald av ITU-RR, at innmeldingar skal vere på eit spesifikt elektronisk format og innehalde spesifikk informasjon og Nkom vil følgjeleg sette dette som krav til søknaden. For å gjere behandlinga av søknaden enklare vil Nkom også stille krav om at søknaden skal innehalde eit samandrag av søknaden, og dokumentasjon som visar at dei krava forskrifta stiller til søkar er oppfylt. Nkom kan utarbeide ein rettleiar for utfylling av søknaden. Til 5 Krav til søkar Alle medlemsland i ITU kan melde inn satellittsystem til ITUs register. Nkom skal sikre at Noreg sine internasjonale plikter når det gjeld innmelding av satellittsystem overhaldast. Sjølve innmeldingsprosessen er tid- og ressurskrevjande og det er difor viktig å sette krav som gjer at Nkom kan vurdere om norske myndigheiter og norske forvaltningsressursar skal nyttast til å gjennomføre innmeldinga. I 5 stillast det difor krav til at satellittoperatøren skal vere registrert i Brønnøysundregistra, og ha slik verksemd, organisasjon eller tilknyting til Noreg at det er naturleg at Noreg gjennomfører satellittinnmeldinga til ITU. 3
Dei krava som forskrifta set til søkaren er også viktig for at myndigheita skal kunne handheve det norske regelverket overfor dei satellittoperatørane Noreg gjennomfører innmeldingar på vegne av. Satellittsystema Nkom melder inn til ITU vil Noreg vere oppført som innehavar av, og dermed også vere ansvarleg for innmeldinga av. For å kunne ivareta Noreg sine internasjonale plikter om å beskytte andre kommunikasjonssystem mot skadeleg interferens, må Nkom kunne pålegge retting eller stans av satellittsystem som nyttar norske satellittinnmeldingar dersom dei skapar interferens for andre innmeldte satellittsystem. Forskrifta stiller krav om at søkjaren er den som òg faktisk skal operere satellittsystemet. Dette sikrar Nkom direkte kontakt med den som disponerer satellittinnmeldinga, slik at det blir enklare å sikre at Noregs plikter overfor ITU vert overhaldt. Søkjaren må òg kunne hjelpa med teknisk kunnskap under innmeldings- og koordineringsprosessen, og stå for bruken av satellittinnmeldinga og sjølve drifta av satellittsystemet. Når Nkom sender ei innmelding til ITU for handsaming og publisering, vert Nkom fakturert av ITU for arbeidet som ITU utførar. Søkjaren pliktar etter ITU-regelverket å dekke Nkom sine utgifter til dette. Sidan dette er eit forholdsvis høgt beløp, foreslår Nkom at det skal vere høve til å krevje bankgaranti for å sikre at aktørar som søkjer om innmelding er i stand til å dekke kostnadane. Til 6 Koordinering Når ein søknad oppfyller dei krav som forskrifta fastset i 4 og søkjar oppfyller krava i 5, sender Nkom innmeldinga til ITU, og satellittoperatøren får eit vedtak om koordinering frå Nkom. Når innmeldinga er sendt til ITU og publisert i BR IFIC 1, som vert sendt ut til abonnentar kvar 14. dag, startar koordineringsprosessen. Det er Nkom si erfaring at koordinering av satellittsystem er mest effektivt dersom den skjer direkte mellom satellittoperatørane. Ettersom det er dei involverte administrasjonane som er dei formelle eigarane av satellittinnmeldingane, må administrasjonane gje gjensidige samtykke til koordinering mellom operatørane i kvart enkelt tilfelle. Når satellittinnmeldinga sendast til ITU vil Nkom fatte vedtak som gir satellittoperatøren eit løyve som inneheld rettar og plikter for innmeldinga på koordineringsstadiet. Løyvet inneber mellom anna at satellittoperatøren har ein koordineringsrett og plikt overfor alle satellittsystem der det 1 BR IFIC: Bureau des radiocommunications International Frequency Information Circular 4
tekniske grunnlaget tilseier at det er fare for at det innmeldte satellittsystem kan skape interferens. Løyvet vil òg dokumentere satellittoperatørens rett til å disponere innmeldinga. Løyvet gjev likevel ikkje rett til å ta i bruk frekvensane og baneposisjonane i innmeldinga. Retten til å ta i bruk frekvensane og baneposisjonane i satellittinnmeldinga får satellittoperatøren først når Nkom gjev bruksløyve etter 7. Nkom ser det som naturleg at når eit løyve vert gitt etter denne føresegna, kan satellittoperatøren byrje prosessen med å skaffe løyve til å skyte opp og operere ein satellitt. Det finst i dag ikkje ei relevant myndigheit som gjer løyve til å operere satellittsystemet. Etter Convention on Registration of Objects Launched into Outer Space artikkel II-I, som Noreg har slutta seg til, skal sjølve romobjektet registrerast i eit nasjonalt og eit internasjonalt register. Etter Nkom si oppfatning er det eit behov for at ei relevant myndigheit får ansvar for å gi løyve til å skyte opp og operere ein satellitt, og for registrering av norske romobjekt i det internasjonale registeret som UNOOSA forvaltar. Nkom har difor satt som krav i 7 at søkar må dokumentere at han har fått slikt løyve når han søkar om bruksløyve. Dersom satellittinnmeldinga kansellerast av ITU, kan Nkom trekke tilbake løyve til koordinering av satellittinnmeldinga. Ei satellittinnmelding kan mellom anna kansellerast av ITU dersom: - Tidsfristar ikkje vert overheldt - Satellittinnmeldinga ikkje lenger er i bruk - Kostnadene ITU har i samband med innmeldinga ikkje dekkast Kapittel 3. Bruk og notifisering av satellittinnmelding Til 7 Krav til bruksløyve Søknad om bruksløyve må sendast til Nkom. Den aktuelle satellittinnmeldinga kan ikkje takast i bruk utan at Nkom har fatta vedtak som gir satellittoperatøren bruksløyve. Søknad om bruksløyve skal innehalde dokumentasjon som viser at satellittoperatøren har gjennomført koordinering med relevante norske satellittsystem for den aktuelle satellittinnmeldinga. Norske satellittsystem identifiserast ved at norske operatørar melder frå til Nkom om dei ynskjer frekvenskoordinering, basert på teknisk dokumentasjon som indikerer mogleg interferens med norske satellittsystem med høgare prioritet. Ein satellittoperatør må 5
difor dokumentere at satellittsystemet er koordinert med andre satellittsystem som har høgare prioritet, der det ut frå tekniske opplysningar kan vere fare for at bruken av satellittsystemet vil føre til interferens. Prioritet for kvar enkelt satellittinnmelding er satt av ITU, jf. ITU-RR. Koordinering med norske satellittsystem skal følgje dei til ein kvar tid gjeldande retningsliner for nasjonal koordinering av satellittsystem fastsett av Nkom. I følgje dagens retningsliner kan Nkom avgjere koordineringssaker der operatørane sjølv ikkje vert samde. Vidare må søknaden innehalde ei liste over status for koordineringsprosessen med satellittsystem som er identifisert av ITU. Kva slags kommunikasjonssystem satellittsystemet må koordinerast med, avhenger av kalkulert risiko for interferens basert på ITUs berekningar, som skildra i ITU-RR. Nkom ynskjer difor å stille krav til at satellittoperatøren må gjere greie for koordineringsstatus og eventuell informasjon om kvifor eventuelle koordineringsavtalar ikkje ligg føre, i søknad om løyve til bruk av satellittinnmeldinga. Forskrifta inneheld også eit krav om dokumentasjon som viser at søkar har fått gyldig løyve til å operere satellittsystemet. Bruken av ei satellittinnmelding skal ikkje føre til skadeleg interferens på anna radioutstyr, og satellittsystemet skal operere i samsvar med inngåtte koordineringsavtaler med relevante utanlandske og norske satellittoperatørar. Nkom ønskjer å sikre dette kravet ved å gjere satellittoperatøren ansvarleg ved å fastsette ei plikt om dette. Dersom ei satellittinnmelding kansellerast av ITU, kan Nkom trekke tilbake bruksløyve for satellittinnmeldinga. Ei satellittinnmelding kan mellom anna kansellerast av ITU dersom: - Tidsfristar ikkje vert overheldt, - Satellittinnmeldinga ikkje lenger er i bruk, - Kostnadene ITU har i samband med innmeldinga ikkje dekkast, - Levetid for satellitten går ut (for broadcasting-satellite service) Til 8 Notifisering av satellittinnmeldinga Etter 8 kan Nkom sende inn den endelege innmeldinga for notifisering til ITU etter søknad frå satellittoperatør. Denne endelege registreringa sikrar satellittinnmeldinga internasjonal godkjenning og endeleg oppføring i det internasjonale registeret MIFR (Master International Frequency Register). 6
Søknad om notifisering av satellittinnmelding sendast til Nkom innanfor dei tidsfristar som er satt av ITU-RR. Søknad om notifisering skal òg innehalde den informasjonen, og vere på det formatet ITU-RR har fastsett. Dersom det ikkje er gitt løyve etter 6, må søknaden innehalde dokumentasjon som viser at koordineringa med relevante norske satellittsystem er fullført. Søknaden må òg innehalde ei liste over status for koordinering med satellittsystem identifisert av ITU. Nkom vil då gi eit løyve som gjeld frå den datoen operatøren oppgjer som dato for å ta satellittsystemet i bruk. Kapittel 4. Generelle føresegner og tilsyn Til 9 Stans i innmeldingsprosessen Dersom krava som er fastsett i eller i medhald av forskrifta ikkje oppfyllast kan Nkom nekte å gjennomføre innmeldinga til ITU. Dette gjeld uavhengig av korleis trinn ein er i innmeldingsprosessen. For Nkom er denne føresegna viktig slik at ein kan sikre at alle dei krava som forskrifta og Nkom fastset faktisk vert etterlevd. Til 10 Overdraging ved sal eller utleige av løyve Nkom foreslår at det skal vere mogleg å overdra løyve gitt med heimel i 6 og 7. Det vert foreslått at både overdraging ved sal og utleige av løyvet skal vere mogleg. Endringar i eigarsamansetting eller eigarstruktur av føretaket som har fått tildelt løyvet slik at andre føretak får bestemmande påverknad, kan sjåast på som eit sal eller utleige av løyvet. Overdragingar ved sal og overdragingar i form av vesentlege endringar i eigarsamansetning eller eigarstruktur må meldast Nkom utan ugrunna opphald. På grunn av det internasjonale ansvaret staten tek på seg når myndigheita gir løyve til å ta i bruk ei satellittinnmelding, er det viktig at dei grunnleggjande krava som ligg føre for tildeling av løyve òg gjeld ved overdraging. Nkom foreslår difor at overdraging skal kunne nektast dersom den som søker om å få løyve overdrege til seg ikkje oppfyller krava som er stilt til satellittoperatør i kapittel 2 og 3. Vidare foreslår Nkom at det skal kunne stillast vilkår for overdraginga. Til 11 Tilsyn Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit fører tilsyn med gjennomføring av forskrifta. 7
Til 12 Reaksjonar Fleire av reaksjonsføresegnene i ekomlova kapittel 10 kan vere relevante å ta i bruk. Det vil til dømes vere aktuelt å pålegge opphøyr av forhold som er i strid med løyve. Retting og eventuelt stenging av satellittsystem kan vere aktuelt å pålegge dersom satellittsystemet fører til bruk som kan medføre alvorlege truslar mot sikkerheit for liv eller helse eller årsake skadeleg interferens. Tvangsmulkt kan òg vere ein aktuell reaksjon der satellittoperatøren ikkje rettar seg etter pålegg. Det nærmare innhaldet og vilkår for desse reaksjonane fylgjer av ekomlova kapittel 10. Til 13 Sektoravgift Nkom er eit sjølvfinansiert forvaltningsorgan, og Stortinget har pålagt Nkom å dekke sine kostnader gjennom innkrevjing av gebyr. Gebyret vert fastsett av Nkom, jf. lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) 12-1 første ledd og forskrift 20. mars 2017 nr. 386 om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Sektoravgifta skal dekke dei faktiske kostnadane Nkom har med det internasjonale koordineringsarbeidet for satellittsystemet. Sektoravgifta fastsetjast etter ei skjønnsvurdering, jf. forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit 16. Til 15 Unntak Nkom foreslår at det skal kunne gjerast unntak frå føresegner i forskrifta i særskilte høve. Dette er meint som ei snever unntaksføresegn og som ein sikkerheitsventil for myndigheita dersom føresegner i forskrifta slår urimeleg ut i eit konkret tilfelle. 8