Språkpasset mitt
Eg og språka mine Me and my languages Em và ngôn ngu cua em... Bilete Picture Eg heiter My name is Eg snakkar I speak Ja govorim Eg bur i/på I live in Fødselsdagen min My birthday is SPRÅKPASSET MITT ark 4
Språk eg kan lite grann av Languages I know a bit of Sprog, som jeg kan en lille smule... italiensk? samisk? russisk? arabisk? SPRÅKPASSET MITT ark 5
Språka mine My languages Eg kan forstå når nokon snakkar I can understand when somebody speaks Manne maatham guarkedh maam soptsesth Eg kan snakke med nokon på I can talk to somebody in Kaya ko makipag-usap sa SPRÅKPASSET MITT ark 6
Språka mine My languages Eg kan skrive på I can write in Eg kan lese på I can read in SPRÅKPASSET MITT ark 7
Språka og kontaktane mine My languages and contacts Dette språket bruker eg med desse personane når eg er på denne staden når eg gjer dette SPRÅKPASSET MITT ark 8
Betre og betre! Getting better! Bättre och bättre! Avansert brukar C1 C2 Sjølvstendig brukar B1 B2 Basisbrukar A1 A2 Europarådet har delt inn språkkunnskapar i seks nivå (A1 til C2). På ark 11 er det ein omtale av alle nivåa. I denne språkpermen kjem det mest til å handle om nybegynnarnivåa A1 og A2. I biografien kan du fortelje om kva du kan gjere på ulike språk. For kvar gong du gjer dette, kjem du til å merke at du blir betre og betre! På ark 10 finn du ei oversikt som du kan fylle ut, til dømes to gonger i året. SPRÅKPASSET MITT ark 9
Språkprofilen min My language profile Mi perfil lingüístico Språk: Nivå: A1 Nivå: A2 Nivå: B1 Lytte Lese Munnleg samhandling Munnleg produksjon Skrive Språk: Nivå: A1 Nivå: A2 Nivå: B1 Lytte Lese Munnleg samhandling Munnleg produksjon Skrive SPRÅKPASSET MITT ark 10
Skjema for eigenvurdering Self-assessment grid SKRIFT TALE FORSTÅING SKRIFTL. PROD. MUNNL. PROD. MUNNL. SAMHANDLING LESING LYTTING A1 A2 B1 B2 C1 C2 Eg kan kjenne att vanlege ord og svært enkle uttrykk som angår meg sjølv, familien min og mine nære omgivnader når ein snakkar langsamt og tydeleg. Eg kan forstå vanlege ord og ytringar knytte til område av umiddelbar personleg betydning (f.eks. svært enkel informasjon som gjeld meg sjølv, familien min, nærmiljø, innkjøp og arbeidsliv). Eg kan oppfatte hovudinnhaldet i enkle, korte og tydelege beskjeder og meldingar. Eg kan forstå hovudinnhaldet i klar, standard tale om kjende emne knytte til m.a. arbeid, skole og fritid. Eg kan forstå hovudinnhaldet i mange radioog TV-program om aktuelle saker eller om emne som er av personleg eller fagleg interesse for meg, når ein snakkar relativt langsamt og tydeleg. Eg kan forstå lengre saman-hengande tale og foredrag, og følgje komplekse argumentasjonsrekkjer når emnet er forholdsvis kjent. Eg kan forstå dei fleste nyheits- og aktualitetsprogram på TV. Eg kan forstå dei aller fleste filmar der ein bruker standard tale. Eg kan forstå lengre, samanhengande tale også når han ikkje er tydeleg strukturert, og når delar av innhaldet er underforstått og ikkje kjem tydeleg fram. Eg kan forstå fjernsynsprogram og filmar utan å anstrengje meg altfor mykje. Eg forstår utan problem alle former for munnleg språk både i det verkelege liv og i media, også når morsmålsbrukaren snakkar i eit naturleg og hurtig tempo, dersom eg får litt tid til å gjere meg kjend med dialekten. Eg kan forstå kjende namn, ord og svært enkle setningar, f.eks. i annonsar, på plakatar eller i katalogar. Eg kan lese svært korte, enkle tekstar. Eg kan finne spesifikke, føreseielege opplysningar i enkel, daglegdags informasjon som reklame, brosjyrar, menyar og rutetabellar. Eg kan forstå korte, enkle, personlege brev. Eg kan forstå tekstar der språket i stor grad er prega av frekvente, daglegdagse ord og uttrykk eller eit språk knytt til arbeidet mitt. Eg kan forstå personlege brev med beskrivingar av hendingar, kjensler og ønske. Eg kan lese artiklar og rapportar om aktuelle problemstillingar der forfattaren gir uttrykk for spesielle haldningar eller synspunkt. Eg kan forstå prosalitteratur frå vår eiga tid. Eg kan forstå lange, komplekse faktatekster og skjønnlitterære tekstar, og leggje merke til trekk som er typiske for ulike stilnivå. Eg kan forstå fagartiklar og lengre, tekniske instruksjonar sjølv når dei ligg utanfor mitt felt. Eg les utan problem praktisk talt alle former for skriftleg språk, inkludert tekstar om abstrakte emne og tekstar som er komplekse når det gjeld språk eller struktur, som instruksjonar, fagartiklar og litterære verk. Eg kan delta i ein samtale på ein enkel måte dersom samtalepartnaren er villig til å ta opp att, omformulere, snakke langsamt og hjelpe meg å formulere meg. Eg kan stille og svare på enkle spørsmål knytte til umiddel-bare behov eller til svært enkle emne. Eg kan delta i enkle og rutineprega samtalesituasjonar som inneber enkel og direkte utveksling av informasjon om kjende emne og aktivitetar. Eg kan bruke og forstå vanlege høflegheitsfrasar, men forstår som regel ikkje nok til å halde samtalen gåande. Eg kan klare meg språkleg i dei fleste situasjonar som kan oppstå når ein reiser i eit område der språket blir snakka. Eg kan uførebudd delta i samtalar om kjende emne, emne av personleg interesse eller som er viktige i dagleglivet (f.eks. familie, hobby, arbeid, reise, aktuelle hendingar). Eg kan bruke språket så flytande og spontant at samtalar med morsmålsbrukarar ikkje byr på særlege problem. Eg kan delta aktivt i diskusjonar i kjende samanhengar, og eg kan uttrykkje og grunngi synspunkta mine. Eg kan uttrykkje meg flytande og spontant utan at det i særleg grad kan merkast at eg leitar etter uttrykksmåtar. Eg kan bruke språket fleksibelt og effektivt i både sosiale og faglege samanhengar. Eg kan formulere idear og meiningar presist og opptre overfor samtalepartnarane på formålstenleg måte. Eg kan utan å anstrengje meg delta i alle former for samtale og diskusjon og har god kjennskap til idiomatiske uttrykk og alminnelege talemåtar. Eg kan uttrykkje meg flytande og formidle finare meiningsnyansar på ein presis måte. Dersom eg får eit språkleg problem, kan eg omformulere meg slik at det nesten ikkje kan merkast. Eg kan bruke enkle uttrykk og setningar for å beskrive staden der eg bur og menneske eg kjenner. Eg kan bruke ei rekkje uttrykk og setningar for på ein enkel måte å beskrive familie og andre menneske, butilhøve, utdanningsbakgrunnen min og min noverande eller tidlegare jobb. Eg kan gi ei enkel, samanhengande framstilling av hendingar, erfaringar, draumar, håp og planar. Eg kan kort forklare og grunngi mine meiningar og planar. Eg kan fortelje ei historie eller attfortelje handlinga i ei bok eller ein film og beskrive reaksjonane mine. Eg kan gi klare og detaljerte beskrivingar innanfor eit vidt spekter av emne knytte til interessefeltet mitt. Eg kan forklare eit synspunkt på ei gitt problemstilling og gjere greie for fordelar og ulemper ved ulike alternativ. Eg kan gi klare og detaljerte beskrivingar av komplekse emne der eg trekkjer inn delmoment, utdjupar enkelte punkt og rundar av med ein passande konklusjon. Eg kan beskrive og drøfte/ argumentere på ein klar og flytande måte, bruke eit språk / ein stil som passar i samanhengen, strukturere det eg seier på ein formålstenleg og logisk måte, slik at den som lyttar, kan leggje merke til og hugse viktige poeng. Eg kan skrive eit enkelt postkort, f. eks. eit julekort. Eg kan fylle ut skjema med personlege opplysningar, som namn, nasjonalitet, adresse. Eg kan skrive korte, enkle beskjeder om saker knytte til dei viktigaste områda i dagleglivet. Eg kan skrive eit svært enkelt personleg brev, f.eks. eit takkebrev. Eg kan skrive enkle, samanhengande tekstar om emne som er kjende eller av personleg interesse. Eg kan skrive personlege brev der eg beskriv opplevingar og inntrykk. Eg kan skrive klare, detaljerte tekstar om eit vidt spekter av emne knytte til interessene mine. Eg kan skrive ei samanhengande framstilling eller ein rapport for å formidle informasjon eller argumentere for eller imot eit bestemt synspunkt. Eg kan skrive brev som tydeleg viser kva betydning visse hendingar og erfaringar har for meg. Eg kan skrive klare og strukturerte tekstar og gi uttrykk for synspunkta mine på ein utfyllande måte. Eg kan skrive om komplekse emne (i brev, rapportar, artiklar eller stil ), og understreke det eg meiner er dei viktigaste punkta. Eg kan velje ein stil som passar til den som skal lese teksten. Eg kan skrive klare tekstar med god flyt i ein passande stil. Eg kan skrive komplekse brev, rapportar og artiklar der eg legg fram ei sak med ein formålstenleg og logisk struktur som hjelper mottakaren til å leggje merke til og hugse viktige poeng Eg kan skrive samandrag og bokmeldingar av både faglege og litterære arbeid. SPRÅKPASSET MITT ark 11