Møteprotokoll Nærøyfjorden verneområdestyre Utval: Møtestad: Flåmsbrygga, Flåm Dato: 19.09.2014 Tidspunkt: 10:00 15:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Noralv Distad Leiar AUR Aslaug Hellesøy Medlem HOFK Følgjande medlemmar meldte forfall: Namn Funksjon Representerer Hans Erik Ringkjøb Nestleiar VOSS Eva Hage Solstad Medlem SFFK Marta Finden Halset Medlem VIK Jan Geir Solheim Medlem LÆR Følgjande varamedlemmar møtte: Namn Møtte for Representerer Tove Østlie Hans Erik Ringkjøb VOSS Marianne Øren Jan Geir Solheim LÆR Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Anbjørg Nornes Sekretær Andre: Kristoffer Ullern Hansen SNO Aurland Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at det som er ført på dei sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som vart vedteke på møtet.
Saksliste Utvalssaksnr ST 23/14 ST 24/14 Innhald Lukka Arkivsaksnr Godkjenning av innkalling og dagsorden Underskrift av protokoll frå førre møte ST 25/14 Nærøyfjorden landskapsvernområde - etablering av basestasjon for naudkommunikasjon i Nærøyfjorden ST 26/14 Nærøyfjorden landskapsvernområde - godkjenning av skjøtselsplan for Dyrdal i Nærøyfjorden ST 27/14 Nærøyfjorden landskapsvernområde - godkjenning av skjøtselsplan for Nedbergo DS 5/14 RS 7/14 Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyve til landing med helikopter på Øvste Stigen 2014 og 2015 Forslag til tiltak mot ødelegging av strandsona utanfor eigedomen 67/12 RS 8/14 Nærøyfjorden verneområde - CultES - forskningsråds prosjekt RS 9/14 Norges vassdrags- og energidirektorat - uttalelse til melding om ny 420 kv kraftlinje fra Aurland til Sogndal RS 10/14 Høring - bruk av snøscooter til fornøyelseskjøring - forslag til endringer i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag 2014/2669 2013/4386 2012/3891 2014/1546 2013/3381 2014/3310 2014/1134 2014/2891 Referatsak 7/14 Forslag til tiltak mot øydelegging av strandsona i Nærøyfjorden Forvaltar orienterte om e-postar som er sendt til verneområdestyret frå grunneigarane Bjarne Dyrdal og Arild Dyrdal i Dyrdal. Dei påpeikar problema dei opplever med erosjon langs strendene i Dyrdal og på Salthella på grunn av bølgjer frå båttrafikken. Dei meiner og at ein del båtar ikkje overheld fartsgrensa på 8 knop for båtar over 30 fot. På møte i verneområdestyret 27.09.13, bad verneområdestyret SNO v/kristoffer Ullern Hansen setja i gang arbeid med å få kartlagt omfanget av skadane lands strendene i Nærøyfjorden. Ullern Hansen orienterte om arbeidet som er gjort. Det er gjennomført fartskontroll i Nærøyfjorden, han har intervjua folk i Dyrdal, på Styvi og Bakka om erosjonsskadar langs strendene, og det er sett opp målepunkt på dei mest utsette stadane for erosjon. Han vil leggja fram ein rapport frå arbeidet på møtet i verneområdestyret i november. Verneområdestyret vil vurdera aktuelle oppfylgjande og førebyggjande tiltak når rapporten frå SNO vert lagt fram på møte i november. Møteplan for hausten 2014
Onsdag 12. november kl. 13.00, Vossestrand eller Gudvangen. Møte med fagleg rådgjevande utval etter møtet, ca kl. 15.00 Tysdag 16. desember kl. 13.00, Voss eller Vossestrand Synfaring på Brekkestien Verneområdestyret hadde synfaring på stien frå Brekke til Brekkefossen. Det er under planlegging tiltak med steinlegging for å få betre tilrettelegging på stien. Denne stien vert mykje nytta av besøkjande i området, og av lokalbefolkning. Tilretteleggingstiltaka vert lagt fram som sak for styret på neste møte. ST 23/14 Godkjenning av innkalling og dagsorden Innkalling og dagsorden vart godkjent. ST 24/14 Underskrift av protokoll frå førre møte Protokoll frå styremøte 24.03.14, 14.05.14, 21.05.14, 20.06.14 og 13.08.14 vart underskrivne. ST 25/14 Nærøyfjorden landskapsvernområde - etablering av basestasjon for naudkommunikasjon i Nærøyfjorden i samsvar med innstilling frå forvaltar. Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Motorola Solutions Norway AS løyve til oppføring av gittermast for basestasjon for naudkommunikasjon på Skogane i Nærøyfjorden landskapsvernområde på gnr. 67 bnr. 2. Løyve er gjeve med heimel i naturmangfaldlova 48 1. ledd andre alternativ, og gjeld med fylgjande vilkår: Gittermasta skal plasserast ved Rognaldskori på Skogane på koordinatar på omlag breiddegrad 60.94617, lengdegrad 6.92000.
Masta kan vera inntil 12 m høg, og med eit fotavtrykk på 2 x 2 meter. Det kan festast to radiolinkar med diameter 1,2 meter i masta. Dersom det kjem ny teknologi for naudkommunikasjon, og basestasjonen ikkje lenger er i bruk, skal den fjernast og kostnad med fjerning skal dekkast av tiltakshavar. Alt avfall og utstyr skal ryddast opp etter installasjonane er ferdige. Anleggsperioden skal vera avslutta innan 1. mai 2015. Etter arbeidet er sluttført skal det sendast rapport til sekretariatet for verneområdestyret. I rapporten skal det vera med bilde som viser korleis basestasjonen er plassert i landskapet. Dette løyvet er berre handsama etter verneforskrifta. Det må i tillegg søkjast om løyve frå kommunen etter plan- og bygningslova. Styret er innforstått med at bygging og montering av gittermasta vil medføra helikoptertransport. Det må søkjast særskilt om løyve til helikoptertransport frå verneområdestyret og kommunen. ST 26/14 Nærøyfjorden landskapsvernområde - godkjenning av skjøtselsplan for Dyrdal i Nærøyfjorden Forvaltar gjekk gjennom innkomne merknadar til skjøtselsplanen. Arild Dyrdal hadde kome med merknad til planen 19. september, om at Skogane bør få høgare prioritet i planen. Høyringsfrist for merknader til planen var 1.mai 2014. Styret var samstemte om å ikkje ta inn i planen merknadar som kom inn etter høyringsfristen. Framlegg til vedtak: Nærøyfjorden verneområdestyre godkjenner skjøtselsplan for Dyrdal i Nærøyfjorden, med merknader som kom inn i høyringsrunden, og som er tatt med i planen. På vegne av styret fylgjer forvaltar opp tiltaka i samsvar med vedteken plan. Framlegget vart samrøystes vedteke. Nærøyfjorden verneområdestyre godkjenner skjøtselsplan for Dyrdal i Nærøyfjorden, med merknader som kom inn i høyringsrunden, og som er tatt med i planen. På vegne av styret fylgjer forvaltar opp tiltaka i samsvar med vedteken plan. ST 27/14 Nærøyfjorden landskapsvernområde - godkjenning av skjøtselsplan for Nedbergo i samsvar med innstilling frå forvaltar.
Nærøyfjorden verneområdestyre godkjenner Skjøtselsplan for Nedbergo Rapport 3 2012. Merknader frå høyringsrunden er lagt inn i planen. Godkjent plan vert sendt ut til involverte partar, og lagt ut på heimesida til Nærøyfjorden verneområdestyre. DS 5/14 Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyve til landing med helikopter på Øvste Stigen 2014 og 2015 RS 7/14 Forslag til tiltak mot ødelegging av strandsona utanfor eigedomen 67/12 RS 8/14 Nærøyfjorden verneområde - CultES - forskningsråds prosjekt RS 9/14 Norges vassdrags- og energidirektorat - uttalelse til melding om ny 420 kv kraftlinje fra Aurland til Sogndal RS 10/14 Høring - bruk av snøscooter til fornøyelseskjøring - forslag til endringer i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag