Nasjonalt rammeverk for kvalifikasjoner i høyere utdanning

Like dokumenter
Easyresearch. FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet. Velkomen til Studiebarometeret!

Til stade: Unni Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Mildrid Haugland, Morten André Tryti, Linda Marie Leirpoll, Terje Bjelle

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

STUDIEBAROMETERET 2016

Undersøkinga blir utført av NOKUT i samarbeid med Noregsuniversitetet på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Spørjeskjema Nynorsk

Refleksjon og skriving


Kvalitet er målet med alt

MØTEINNKALLING Strategisk studienemnd

2014 Studiebarometeret-sept2014 (låst)

Kvalifikasjonsrammeverket

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Spørjeskjema Nynorsk

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

STUDIEBAROMETERET 2015

STYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Internrevisjon i Helse Vest av bierverv STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Vår saksbehandler: Kopi til Vår dato Vår referanse Deres referanse Vigdis Olsen /TFS

HiSF-studentars kompetanse i litteratursøking og kjeldebruk :01

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

2oo{oc{ 69 r HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE I HS F AVDELING FOR LÆRARUTDANNING OG IDRETT

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Møtedato 008/17 Tenesteutvalet PS Saksnr Utval Type Møtedato 005/17 Formannskapet PS

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Vurderingsrettleiing 2011

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Flytte tekst frå «forslag til høyringsuttale» opp under «forslag til vedtak.»

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Revidering av akkreditert mastergradsstudium i farmasi ved Universitetet i Tromsø fase 2

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Fullmakter i utbyggingsprosjekt ARKIVSAK: 2017/1174 STYRESAK: 040/18

Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk - høringssvar

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

Høyringsuttale - Forslag til endringar i fagskulelova og studiekvalitetsforskrifta

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Akkreditering av studier ved. Universitetet i Stavanger

Handlingsplan for internasjonalisering

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Høringssvar fra Studentparlamentet: Høring om Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang næring (NKR)

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. Seminar: totalt 16 timar.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Opplærings- og helseutvalet Innstilling til fylkesutvalet behandles i møte vedtak ettersendes.

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Plan for framlegginga

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Høringsuttalelse Høyring: Rapport om skikkethetsarbeid for utdanninger underlagt forskrift for skikkethetsvurdering UHR Universitets- og høgskolerådet

Høringsuttalelse Høring - Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) - tementet

Tilbakemelding og rettleiing: eksempel på god praksis. Kristoffer Fretland Øygarden, NOKUT

Ny studietilsynsforskrift NRT og NFmR 18. november Seniorrådgiver Rachel Glasser

Finnøy og Rennesøy kommunar

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Framlegg til vedtak: Driftskomiteen godkjenner høyringsuttale i tråd med framlegget i saksa.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Kjell Inge Solhaug SAKA GJELD: Internrevisjon - Planlegging for gevinstrealisering i byggeprosjekt

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

Høringsuttalelse Høring - Forslag til forskrift om rammeplan for barnehagelærerutdanning - KD Kunnskapsdepartementet

Fag og fornying sentrale begrep. Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting. fagfornying

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Samansette tekster og Sjanger og stil

Barnerettane i SKULEN

Transkript:

Norsk Studentunion -stiftet 1936 - Høyringsuttale Thorvald Meyers gate 7, 0555Oslo Tlf: 22044950. Fax: 22044969 E-mail: nsu@nsu.no Web: www.nsu.no Nasjonalt rammeverk for kvalifikasjoner i høyere utdanning Høyringsuttale frå Norsk Studentunion

Norsk Studentunion (NSU) vil takke for førespurnaden om høyringsuttale på nasjonalt rammeverk for kvalifikasjonar i høgare utdanning (NRK). Ein ser det som positivt at departementet sender det ut på høyring og har gjeve høyringsinstansane tid til å behandle det godt. Det som ikkje er like positivt er det medføljande høyringsbrevet som gjev svært lite føring for kva ein vil med NRK og korleis ein ser for seg ein prosess vidare. Etter å ha vore i kontakt med sakshandsamar har ein fått meir klarleik i dette, men NSU meiner dette er noko som burde ha vore klarlagd i høyringsbrevet. NSU er i hovudsak positiv til NRK, då spesielt den delen der ein seier at ein bør gå over frå læringsmål til læringsutbytte. NSU ser det som meir logisk at ein seier noko om kva ein kan etter endt utdanning, i staden for slik det er i dag der ein berre seie noko om kva ein skal lære. NSU ser at der eir ein del moment som treng spesifisering og har såleis ein del kommentarar til arbeidsgruppa sitt dokument. Vi har valt å dele det opp i dei føljande hovudpunkta: Målgrupper Deskriptorane Læringsutbytte Internasjonalisering Bachelorgraden Disiplin vs. Profesjon Vegen vidare Målgrupper NSU er skeptisk til at ein ikkje har valt ei spesifikk gruppe som målgruppe, men sett opp fleire ulike grupper. Desse gruppene har til dels svært ulike behov. Det at ein ikkje har sett opp ei gruppe som hovudmålgruppe gjer at NRK blir unødvendig generelt. Dersom ein hadde bestemt seg for ei gruppe, hadde vore meir spesifikt og såleis lettare for alle å ta i bruk. NSU meiner såleis at når ein skal starte opp med å laga fagspesifikke kvalifikasjonsrammeverk (FKR) bør ein ha ei gruppe som målgruppe. Når ein startar opp arbeidet med FKR ser NSU det som sentralt at ein og har med deskriptorar som og seier noko om fagleg kunnskap. Me ser heilt klart at det er umogeleg å laga eit NRK som ikkje er svært generelt derfor er det viktig å laga FKRar som er gode. Dersom ein ikkje tek den tida ein har behov for til dette, kan ein ende opp med eit kvalifikasjonsrammeverk som ikkje har nokon praktisk nytte. NSU meiner det er moglegheitene til å samanlikne dei ulike FKRane kan bli ein annan stor nytteeffekt. Dersom dette skal vera mogeleg er ein avhengig av at dei er bygd opp over same lest. Og etter vårt syn er det her NRK kjem inn. NSU meiner ein god måte å starte arbeidet med FKR er å velje ut nokre av fagretningane som pilotprosjekt, slik at det kan trekkast erfaringar frå desse. I det vidare arbeidet meiner NSU det er viktig at de fagspesifikke deskriptorane ikkje er til hinder for lokale spesialiseringar ved de ulike institusjonane. Dette sjølv om det faglige rammeverket må være meir konkret og innehalde faglige krav. NSU er redd for at dersom ein ikkje klarer å få til eit rammeverk som gjev rom for institusjonanes eigenart vil ein få eit fattigare fagmiljø. Høyringsuttale NRK NSU.pdf Side 2

Deskriptorane Norsk studentunion ser det som positivt at ein i forslaget til rammeverk legg opp til at deskriptorane skal vera eit minimumskrav til kompetanse innanfor kvar syklus. Me meiner at det vil vera eit rett signal å sende til institusjonane med tanke på kva slags nivå ein vil ha på utdanningane i Noreg. Dersom dette fører til at institusjonane aukar krava og kompetanseutvekslinga ved studia er dette av det gode for studentane. Når ein vidare skal utarbeide faglegespesifikke rammeverk må ein sjå om det er utvalte deskriptorar ein skal legge meir vekt på. NSU meiner at ein må redusere talet på deskriptorar då det er mange av dei, og fleire av dei er til dels overlappande. Me meiner dette er viktig dersom ein ser for seg at NRK skal kunne nyttast. Eit sentralt spørsmål som NSU synest er kartlagt for lite av arbeidsgruppa, er korleis ein ser for seg å måle om studentane faktisk har den kompetansen som utdanningsnivået tilsvarar. Me ser det som urealistisk at alle deskriptorane kan testas i eit og same emne. Det er såleis viktig at når ein set saman emne til eit studieprogram, må ein ha med seg at summen av emne gjeve opplæring som møter krava i rammeverka. Sjølv om ei gradsoppgåve vil kunne belyse fleire av deskriptorane, vil ein sjeldan kunne syne alle kvalifikasjonane ein har. Rammeverket må ikkje bli ein mal for innhaldet i oppgåver. NSU er ueinige med arbeidsgruppa i bruken av omgrepet Generell kompetanse. Me meiner at ein bør kunne bruke holdningar og at dette er dekkande. For oss verker det som om deskriptorane innanfor denne kategorien er plassert her av di dei ikkje passa nokon annan stad. NSU meiner ein bør rydde opp i desse og kalle gruppa for holdningar. Noko som og gjer at det er uheldig å bruke omgrepet generell kompetanse er at det fort kan tolkast som å ha noko å gjera med realkompetanse. For å unngå mistydingar er det såleis betre å bruke holdningar. Læringsutbytte Norsk Studentunion er einige i intensjonen om eit læringsutbyttefokus. Men sjølv om me er einige i dette, er det viktig å ikkje gløyme momenta i Kvalitetsreformen, der ein sett fokus på læringsprosessen. (Tettare oppfølging gjennom studiet - rettleiing, jamlege vurderingar m.m.) Det at ein her vil endre korleis ein måler sluttproduktet, må ikkje endra det faktum at det er vegen dit som er den viktigaste. Ein må og hugse at det å ta høgare utdanning ikkje berre er ein læringsprosess der ein lærer fakta og metode. Det er og ein danningsprosess, der det å vera student og aktivitetane og engasjement i samband med dette, er læringsarenaen. Dette er sentral kunnskap ein ikkje testast i på eksamen. Internasjonalisering NSU stiller seg positiv til internasjonalisering av studium, og ser kvalifikasjonsrammeverket som eit positivt bidrag i prosessen mot å skape meir samarbeid, då det blir lettare å samanlikne læringsutbyttet på tvers av både institusjons- og landegrenser. Men nettopp desse trekka som styrkar internasjonaliseringa vil og føre til ei utvikling mot meir strømlinjeforma studium. NSU ser det som uheldig at den lokale organiseringa og autonomien kan svekkast som ein konsekvens av auka fokus på internasjonalisering. Internasjonalisering betyr ikkje berre arbeidsmobilitet, men og studentutveksling og informasjonsutveksling. Høyringsuttale NRK NSU.pdf Side 3

Det er viktig å ha med seg, at rammeverket berre vil betre internasjonaliseringsforholda innan Europa, og det er som kjent i resten av verden ein har dei største utfordringar i samband med utveksling. NSU meiner at språkkravet må vere med i alle nivå i deskriptorane. Både for internasjonaliseringa og oppretthalding av høg fagleg internasjonal standard sin del, er det essensielt at ein kan kommunisere både på norsk og eit tilleggsspråk, på alle nivå. Det er viktig med opplæring i akademisk skriving, og denne må gå føre seg allereie på bachelornivå. Dette må ikkje gå på kostnad av norsk som fagspråk, ein må kunne klare begge delar. Målet er at både studentar og vitskapleg tilsette skal kunne følje med i internasjonale ordskifte på fagområdet. Dersom ein skal få til dette, er det sentralt at ein startar så tidleg som råd med å lese og skrive akademiske tekstar på andre fagspråk enn norsk. Mange av fagområda i Noreg har i dag store delar av pensum på engelsk, og på bachelornivå, dette bør såleis visast i NRK. Bachelorgraden NSU stiller seg i utgangspunktet positivt til tanken om livslang læring, men det er problematisk at dei ulike gradenes sjølvstende står i fare for å bli svekka, då spesielt med tanke på bachelorgraden. Dersom de ulike gradene berre skal fungere som førebuande til neste trinn i utdanninga blir deira relevans svekka. Det er viktig at kvalifikasjonsrammeverket kommuniserer til arbeidslivet at bachelorgraden er meir enn eit førebuande løp til mastergraden. Dersom NRK er avsluttande og konkretiserande for gradene innan for kvar syklus, kan det tvert om vera med på å styrke opplevinga av ein bachelorgrad som ein eigen fullstendig grad. Denne presiseringa er, etter vår meining, viktigare for UH-sektoren og næringslivet, enn den jamne student. Denne presiseringa er viktigast for dei studieretningar som har vorte delt opp i 3 + 2, her har ein følelse av at ein framleis ser det som unaturleg å avslutte etter tre år. Dersom NRK er med på å styrkje desse bachelorgradene er det bra. Disiplin vs. Profesjon Mange av profesjonsstudia er alt oppbygd etter fagspesifikke rammeplanar og er såleis godt i gang med det arbeidet NRK antyder. Dette kan slå ut på fleire måtar; enten er NRK allereie så godt som implementert og medfører ikkje spesielt mye meirarbeid eller så må eit nytt system på plass, noko som medfører mykje arbeid. I denne prosessen er ein heller ikkje garantera at resultatet vil bli betre enn det systemet ein hadde frå før. Innanfor disiplinstudia vil det å laga FKR vera ei større utfordring enn for fleirtalet av profesjonsstudia. Dette kjem av at NRK delvis er motstridande i forhold til desse fagas eigenart, då det er store ulikskapar mellom disiplinstudia innan for same fagretning mellom institusjonane. Det er såleis viktig at FKRane for desse faga, men og alle andre, gjev opning for at ulikskapane mellom institusjonane blir bevara. Vegen vidare Norsk Studentunion ser det som sentralt, dersom ein skal nå arbeidsgruppas implementeringsmål, at det kjem betydelege midlar til implementeringa. Med midlar tenkjer ein her og på menneskelege ressursar. Då dette er ein studiereform, ser NSU manglande midlar til dette vil det gå utover kvaliteten på studia i implementeringsfasen. Høyringsuttale NRK NSU.pdf Side 4

NSU ser at implementeringsmålet til arbeidsgruppa er i overkant ambisiøst dersom ein skal sikre ei god implementering. Det er sentralt at ein tek seg nok tid til å få laga gode FKR som ikkje inneheld ein masse blankpolerte setningar utan lokal forankring. Dette er viktig dersom ein skal få eit rammeverk som ikkje berre kan brukast, men som faktisk blir bruka. Det er og viktig at rammeverket kjem inn i kvalitetssikringssystema og at dei blir følgt opp av NOKUT i evalueringsprosessar. Dette er sentralt av di det vil vera med på å sikre at minimuskrava som deskriptorane i rammeverket legg opp til blir gjennomført. Me meiner at det er naturleg at Universitets- og Høgskulerådet (UHR) sine ulike fagråd er sentrale i arbeidet for å laga dei fagspesifikke kvalifikasjonsrammeverka. Dette vil vera med på å sikre at desse blir beskrivande for dei ulike fagretningane. Dersom dette ikkje blir gjort her, men hjå ein institusjon som får delegera ansvar for å laga FKR, vil det fort berre beskrive faget ved denne institusjonen. NSU ser at sjølv om det vert fagråda til UHR som får hovudansvaret for å laga FKRar er det avgjerande at andre og kan påverke desse. Dette på bakgrunn av at det, i likskap med NRK, er mange fleire enn UH-sektoren som har interesse av FKR. Høyringsuttale NRK NSU.pdf Side 5