Prosjektplan. Konsolidering og ny organisering Versjon 5 - gjeldande

Like dokumenter
Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

INTERNASJONAL STRATEGI

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Forslag frå fylkesrådmannen

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

FORSLAG TIL HANDLINGSPROGRAM OPPFØLGING AV REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

PROSJEKTDIREKTIV. Om prosjektet

Prosjektplan. - Skilting Haugastøl - Bergen. Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland. Delprosjekt: Felles informasjon Trykt og web

Revidert prosjektplan for utviding og omtaksering av eigedomsskatt i Balestrand kommune, juni 2015.

PROSJEKTPLAN. Forstudium. Kommunereforma

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

HALLINGDAL 2020, REGIONAL POSISJONERING, HOVUDPROSJEKT

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

PLP - PROSJEKTPLAN GRØN VARME I TELEMARK

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

TITTEL. Leiv Vambheim OPPDRAGSGIVER(E) IS Fjordvegen. IS Fjordvegen dagleg leiar Leiv Anders Vambheim

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

PROSJEKTPLAN. Forstudium. Kommunereforma

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Togradersmålet - eit varmare samfunn

Kjerneområde Fornying. Kystkultur Industri Kunst Immateriell kulturarv kr til ny fast utstilling ved Norges Fiskerimuseum,

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Torbjørn Guggedal K2 - U64 17/297. Saksnr Utval Type Dato 018/17 Kommunestyret PS

Forprosjekt Interkommunalt Friluftsråd

Frå plan til handling

Prosjektplan. - Forlenging av Nordsjøruta frå Bergen til Leirvåg

PROSJEKTPLAN FOR SYKKELBYEN STORD

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Side 1/5. Skjemainformasjon. Privatarkiv 2012 (nynorsk) Referanse Innsendt :23:42. Opplysningar om søkjar

P1 Førebuing av strategiprosess i Organisasjonsutviklingsprogrammet

VEDTEKT av februar 2007

Kulturminne og kulturmiljø

Oppfølging av Regional plan for museum 2015

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Forslag til opplegg for å konkretisere vedtaka i kommunestyra knytt til vedlegg til intensjonsavtalen.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Rapport etter forvaltningsrevisjon av anbodskonkurransen om leige av omsorgsbustader

Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen

OVERORDNA AVTALE OM SAMHANDLING MELLOM DET KOMMUNALE BARNEVERNET OG DET STATLEGE BARNEVERNET I REGION VEST

Prosjektplan

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Velkomne til fellessamling for prosjektet. "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Fellesnemnda mndr 14 dagar til 1. januar 2020

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Bilag 1 Oppdragsgjevar sin spesifikasjon av tenesteytinga

Trafikksikker kommune, Hordaland. Prosjektplan

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Evaluering av museumsreforma

PARTSAMANSETT UTVAL FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Partssamansett utval - Ullensvang kommune

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Prosjektplan. Framtidskommunen Høyanger. 06. oktober v.3

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Villreinløypa. Ellen Marie Sørumgård Syse Grotli

Prosjektplan. Kommunereforma i Møre og Romsdal

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Transkript:

Prosjektplan Konsolidering og ny organisering 2016-2019 Versjon 5 - gjeldande

INNHALD 1 Bakgrunn 3 1.1 Bakgrunn 3 1.2. Sauda Lokalarkiv 4 1.3 Ryfylkemuseet 4 2. Føremål, mål og forventa effektar 5 2.1 Føremål og hovudmål 5 2.2 Mål fram til konsolidering 5 2.3 Skisserte mål etter konsolidering 6 2.4 Forventa effektar 6 3. Handlingsplan 7 4. Kritiske suksessfaktorar og risiko 8 5. Organisering 9 5.1 Organisasjonskart 9 5.2 Ansvars- og rolleskildring 9 6. Milepælar og framdriftsplan 10 6.1 Milepælar forprosjekt 10 6.2 Framdriftsplan 11 7. Budsjett og finansiering 12 7.1 Budsjett 12 7.2 Finansiering 12 8. Vedlegg og lenkjer 13 Side 2 av 13

1 Bakgrunn 1.1 Bakgrunn Ryfylkemuseet og samarbeidspartnerar jobbar for ei konsolidering og ny organisering av Sauda Lokalarkiv. Denne prosjektplanen skildrar prosessen med mål og tiltak i to fasar: fram til konsolidering og etter konsolidering. Partnerane i prosjektet er: - Ryfylkemuseet - Sauda Lokalarkiv - Arkiv-eigarane o Eramet Norway Sauda o AS Saudefaldene o Sauda Fabrikkarbeiderforening avd. 031 - Eigar og leigar av Stasjon 3 o Statkraft o AS Saudefaldene Prosjektet har ei rekkje interessentar og potensielle støttespelarar - Sauda kommune - Rogaland Fylkeskommune - Kulturdepartementet - Fagleg og økonomisk verkemiddelapparat Hovudstrategien for vidareutvikling av Sauda Lokalarkiv spesielt og kulturarvsarbeidet i Sauda generelt er tidlegare formulert og blir lagt til grunn som hovudstrategiar (jf. notat frå Roy Høibo, Ryfylkemuseet av 19. august 2013 vedlegg 1) 1: Sauda Lokalarkiv: «Vi merkar oss at det i møtet 2. juli blei reist spørsmål om framtidig organisering av lokalarkivet. Ein tanke, som også har vore framme tidlegare, er om det kunne vera tenleg å organisere arkivet som ein del av Ryfylkemuseet, slik arkiv ved andre industristadmuseum er integrerte i det samla kulturarvsarbeidet. I samsvar med styringssignal frå Kulturdepartementet og Rogaland fylkeskommune er samanslåing av kulturarvsinstitusjonar ein høgst aktuell tanke. Det er dessutan avgrensa kor store ressursar museet kan setta inn i utvikling og drift av arkivet så lenge det ikkje er ein del av museet.» 2. Organisering av kulturarvsarbeidet: «Som permanent ordning vil vi vise til den museumsutgreiinga som kommunestyret fekk utarbeidd i 2006. Komiteen som utarbeidde utgreiinga konkluderte slik: Komiteen rår til at det blir inngått samarbeidsavtale med Ryfylkemuseet om vidare utvikling av Jonearden på Hustveit og eit industristadmuseum som omfattar Industriarbeidarmuseet i Håkonsgata, Stasjon 3 og Sauda lokalarkiv. Museumssamlinga som i dag går under nemninga Sauda Museum bør gå inn i det regionale museet. Avtalen bør også omfatte rådgiving og formidling i arbeidet med vern av Åbøbyen. Komiteen meiner det må settast av monaleg større midlar til utvikling og drift av museumsavdelingane i Sauda. Det overordna målet for kulturarvsarbeidet blei formulert slik: Formålet med å etablere, utvikle og drive museumsanlegg og verne kulturminne i Sauda er dels å formidle kunnskapar om og forståing av samanhengar i utviklinga av staden og Side 3 av 13

gjennom dette styrke identiteten til staden og dei som bur der, dels å profilere kulturgrunnlaget som eit strategisk virkemiddel i utviklinga av staden. Komiteen meiner at ei sterkare vektlegging av kulturgrunnlaget vil gjera Sauda meir interessant både for fastbuande og tilreisande gjennom å skape bulyst, etableringsvilje og interesse for Sauda som reisemål. Komiteen såg Stasjon III som det naturlege navet i denne verksemda ( )» 1.2. Sauda Lokalarkiv Sauda Lokalarkiv skal bidra til å sikra vilkåra for arbeid med lokal historie og industrikultur i Sauda. Føremålet til stiftinga er: «Sauda Lokalarkiv er ei privat stifting med føremål å samla inn, bevara og gjera tilgjengeleg privat arkivmateriale frå Sauda.» Sauda Lokalarkiv blei stifta i 1992 og var først eit arkiv etter tre arkivskaparar: 1. Kraftselskapet A/S Saudefaldene (etablert 1913) har stått for utbygging av vasskrafta til storindustrien i Sauda 2. Smelteverket (etablert 1915) som har ulike namn: Electric Furnace Products Company Ltd. (til 1977), Sauda Smelteverk A/S (Elkem Sauda) og Eramet Norway Sauda ASA (frå 1999) 3. Sauda Fabrikkarbeiderforening avd. 031 Alle desse har forma og styrt industristaden Sauda si utvikling dei siste 100 åra. Aktørane er sentrale i arbeidet med å forma ei framtidig organisering og bruk av denne industrihistoriske samlinga saman med Ryfylkemuseet. Arkivet har seinare teke inn privatarkivmateriale etter mange andre arkivskaparar i Sauda, som lag og organisasjonar, firma m.m. Sauda Lokalarkiv har si samling i administrasjonsbygget til Eramet. 1.3 Ryfylkemuseet Frå nettsidene: «Føremålet til Ryfylkemuseet er å tilby kunnskap og opplevingar og bidra til ei positiv bygdeutvikling i Ryfylke. Museet er organisert som ei stifting der alle dei åtte kommunane i det opphavlege Ryfylkesamarbeidet har sete saman med representantar for Rogaland fylkeskommune, Venneforeininga til Ryfylkemuseet og dei tilsette. Inntektene til museet kjem som driftstilskott frå Kulturdepartementet, Rogaland fylkeskommune, Suldal kommune og dei andre kommunane i Ryfylke, prosjekt- og investeringstilskott til særlege tiltak, eigeninntekter og gåver. Hovudsetet til museet er på Sand, men dei tilsette har heimeadresser både i Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda.» Museet har ei rekkje avdelingar med objekt og utstillingar i dei ulike kommunane. I Sauda er museet ansvarleg for Jonegarden på Hustveit og Industriarbeidarmuseet i Åbøbyen. Side 4 av 13

2. Føremål, mål og forventa effektar 2.1 Føremål og hovudmål Føremålet med prosjektet er å sikra ei konsolidering mellom stiftinga Sauda Lokalarkiv og stiftinga Ryfylkemuseet. Konsolideringa skal skapa gode vilkår for ei nyordning av kulturarvsarbeidet knytt til Industrikultur i Indre Ryfylke, både i form av organisering og drift. Nyordninga skal skapa vilkår for ei sterkare nyskaping i form av forsking, formidling og opplevingar knytt til industrikultur i regionen. Måla er delt på to fasar: fasen fram til konsolidering og fasen etter konsolidering. Prosjektplanen har fokusert detaljplanlegging av den første fasen. Det er skisserte mål for fasen etter konsolideringa som peik og føringar for arbeidet frå starten. Når målet om konsolidering er nådd må det gjerast ein revisjon av prosjektplanen i regi av den ny organisasjonen som kjem ut av konsolideringsprosessen Hovudmålsettinga med nyordninga er å gjera Sauda Lokalarkiv til eit leiande arkiv for industristadhistorie i Norge. Arkivet skal medverka til å gje Sauda ein tydeleg identitet basert på kulturminnevern og historieformidling. 2.2 Mål fram til konsolidering MÅL A1: Rekruttera kvalifisert fagperson til eit to-årleg engasjement for å realisera mål A2-A5. Mål A2: Forma og formidla delar av industrihistoria som grunnlag for søknadar om tilskot og generell marknadsføring av samlinga. Smakebitar er utarbeidd i form av mini-utstillingar, brosjyrar hefter og liknande. MÅL A3: Sikra leige- og bruksvilkår for å ta i bruk Stasjon 3 som arena for bevaring og formidling av industrihistorie i Sauda, utarbeide plan for bruk av Stasjon 3 som arkiv for samlingane og definere oppussingstiltak. MÅL A4: Sikre varige/langsiktige vilkår for drift av lokalarkivet i Sauda som konsolidert del av Ryfylkemuseet MÅL A5: Leggja til rette for å konsolidera Stiftelsen Sauda lokalarkiv med Stiftelsen Ryfylkemuseet. Side 5 av 13

2.3 Skisserte mål etter konsolidering MÅL B1: Samordna og samkjøra Ryfylkemuseet og Sauda Lokalarkiv sine utviklingsprosessar med utviklingsprosessane knytt til a) Folkets Hus i Sauda og b) Nasjonal turistveg og arkitekturrundtur Suldal-Sauda-Rødal for å optimalisera satsinga på kulturbasert næringsutvikling i regionen. MÅL B2: Sikre finansiering for å setje i stand og ta i bruk Stasjon 3 som arkiv, formidlings- og besøksstad MÅL B2: Starta og fullføra fleire FoU-prosjekt innan industrikultur-avdelinga i Ryfylkemuseet med støtte frå museumsfaglege-ordningar MÅL B3: Flytte samlinga til Sauda Lokalarkiv til Stasjon 3 og starte arbeidet med vidare ordning og digitalisering. MÅL B4: Gjere Ryfylkemuseet sitt industriarkiv gamle Sauda Lokalarkiv - ope og tilgjengeleg for publikum i Stasjon 3. Gjere utvalde deler av arkivet digitalt tilgjengeleg. Sikre at samlinga og museet speler ei lokal, regional, nasjonal og internasjonal rolle i forsking og formidling av industrikultur. 2.4 Forventa effektar Sauda Lokalarkiv får ei sterkare fagleg forankring og ein bærekraftig driftsstruktur gjennom konsolidering med Ryfylkemuseet Ryfylkemuseet får ei sterkare rolle som fagleg forvaltar og formidlar av industrihistoria i indre Ryfylke. Det blir etablert gode vilkår for å utvikla nye arenaer for bevaring og formidling av industrihistorie i Stasjon 3 Det vert etablert betre vilkår for å bruka industrihistorie som ein sterkare drivar av lokal nærings- og samfunnsutvikling Satsinga på kulturbasert næringsutvikling vert styrka gjennom eit tettare samarbeid mellom aktørar innan museum, reiseliv og kultur i Ryfylke. Side 6 av 13

3. Handlingsplan Hovudaktivitet Oppgåve (delaktivitet) Ansvar HA 0 Starte prosjekt 1. Starte prosjekt 2. Sikre finansiering Ryfylkemuseet Eramet Saudefaldene HA 1 Rekruttera kvalifisert fagperson til eit to-årleg engasjement for å realisera mål A2-A5. HA 2 Forma og formidla delar av industrihistoria som grunnlag for søknadar om tilskot og generell marknadsføring av samlinga. Smakebitar er utarbeidd i form av mini-utstillingar, brosjyrar hefter og liknande. HA 3 Sikra leige- og bruksvilkår for å ta i bruk Stasjon 3 som arena for bevaring og formidling av industrihistorie i Sauda, utarbeide plan for bruk av Stasjon 3 som arkiv for samlingane og definere oppussingstiltak. HA 4 Sikre varige/langsiktige vilkår for drift av lokalarkivet i Sauda som konsolidert del av Ryfylkemuseet HA 5 Leggja til rette for å konsolidera Stiftelsen Sauda lokalarkiv med Stiftelsen Ryfylkemuseet 1. Utforma utlysning/arbeidsskildring 2. Kartleggje aktuelle kandidatar/lyse ut 3. Samtalar/intervju 4. Vurdering 5. Tilsetjing 1. Definera formidlingsprosjekt 2. Skriva/dokumentera 3. Formidla 1. Avtala tilhøva mellom eigar og leigar av Stasjon 3 definera partar og rollar 2. Få riss til bruks- og leigevilkår for Stasjon 3 3. Forhandla vilkår 4. Inngå avtale 1. Definera aktivitetar og finansieringsbehov 2. Kartlegga potensielle finansieringskjelder 3. Utforma og senda søknadar 4. Etablera partnarskap og forma varige driftsmodellar 1. Kartleggja og dokumentera krav til konsolideringsprosessen 2. Sikra tilskott til konsolideringsprosessen 3. Sikra kompetanse til å gjennomføra konsolideringsprosessen 4. Gjennomføra konsolideringsprosessen 5. Revidera prosjektplan Ryfylkemuseet (støtte/samarbeid Saudefaldene og Eramet) Ryfylkemuseet og prosjektleiar Ryfylkemuseet og prosjektleiar Styringsgruppa Ryfylkemuseet og prosjektleiar Styringsgruppa Ryfylkemuseet og prosjektleiar Styringsgruppa Side 7 av 13

4. Kritiske suksessfaktorar og risiko Kritiske suksessfaktorar Risiko Kvalitetssikring Rekruttera kvalifsert fagperson til to-årleg engasjement Forma og formidla delar av industrihistoria som grunnlag for søknadar om tilskot og generell marknadsføring av samlinga. Smakebitar er utarbeidd i form av miniutstillingar, brosjyrar hefter og liknande. Sikra varige/langsiktige driftsressursar til Sauda Lokalarkiv som del av Ryfylkemuseet Middels - Krav til kompetanse - Tydeleg oppgåveskildring - Erfaring frå liknande arbeid - Breitt søk etter kandidatar Låg - Ansvarleg fagperson - Forankring i Ryfylkemuseet - Fleire deltakarar/lesarar Høg - Etablere eit spleiselag mellom fleire aktørar - langsiktige avtalar - Prioritere samarbeid med dei som har vilje og evne Sikre langsiktig leige- og bruksavtale for Stasjon 3 til museumsfagleg aktivitet Middels/Høg - Gode vilkår som stimulerer til satsing - Overgangs- og sikringsordningar - Tilbakeføringsklausular Leggja til rette for å konsolidera Stiftelsen Sauda lokalarkiv med Stiftelsen Ryfylkemuseet Låg - Sikre varige/langsiktige driftsressurser som vilkår for konsolidering - Vilje til konsolidering i begge styrene - Rekruttere rett kompetanse/teneste til gjennomføring av del-prosessar Side 8 av 13

5. Organisering 5.1 Organisasjonskart Organisasjonskartet gjeld for fase 1 av prosjektet mål A1 til A5. Etter konsolidering blir organisasjonskartet revidert saman med resten av prosjektplanen. 5.2 Ansvars- og rolleskildring Prosjekteigar: Har ansvaret for å setja mål for prosjektet og avgjere hovudinnhaldet i prosjektet. Prosjekteigar avjer kven som skal vere prosjektansvarleg. Prosjektansvarleg: Har det overordna ansvaret for økonomi, målrealisering og kvalitetssikring. Prosjektansvarleg leiar møta i styringsgruppa og er den overordna ansvarlege i prosjektet (styreformann) Styringsgruppa: Skal gi råd til prosjektansvarleg om korleis prosjektet skal gjennomførast. Prosjektleiar er sekretær for styringsgruppa Prosjektleiar: Har det operative ansvaret i prosjektet («dagleg leiar») og skal stå for den daglege leiinga av prosjektet. Arbeidsgrupper mål: Gruppe med eit avgrensa ansvar for definerte oppgåver i prosjektet. Side 9 av 13

6. Milepælar og framdriftsplan 6.1 Milepælar forprosjekt Møte Tidspunkt Føremål Forarbeid Deltakarar M 01 Des 15 Handsame utkast til prosjektplan Framlegg til prosjektplan Styringsgruppa M 02 Feb 16 Vedta prosjektplan med organisering. Utlysningstekst for rekruttering av fagperson Ferdig prosjektplan med organisering Utlysningstekst/arbeidsskild ring og kartleggingar. Rapportar Styringsgruppa M 03 Mars 16 Statusmøte Rapportar. Avtalar Styringsgruppa M 04 April 16 Rekruttering av fagperson og status i arbeidet Søknadar. Rapportar. Avtalar. Styringsgruppa M 05 Juni 16 Statusmøte Rapportar. Avtalar. Styringsgruppa M 06 Oktober 16 Statusmøte Rapportar. Avtalar. Styringsgruppa M 07 Februar 17 Statusmøte Rapportar. Avtalar. Styringsgruppa M 08 Mai 17 Statusmøte Rapportar. Avtalar. Styringsgruppa M 09 Oktober 17 Statusmøte Rapportar. Avtalar. Styringsgruppa M 10 Februar 18 Statusmøte Rapportar. Avtalar. Styringsgruppa M 11 Juni 18 Avslutte forprosjekt Sluttrapport. Styringsgruppa Side 10 av 13

6.2 Framdriftsplan Forprosjektet skal vere avslutta innan juni 2018. Prosjektet vil innan denne tidsrama bli gjennomført basert etter følgande framdriftsplan: Hovudaktivitet Des 2015 HA 0 Utarbeide prosjektplan Jan 2016 Feb 2016 Mar 2016 Apr 2016 Mai 2016 Jun 2016 feb 18 M 01 Møte i styringsgruppa handsame utkast til prosjektplan M 02 Vedta prosjektplan med organisering HA 1 Rekruttera kvalifisert fagperson til eit to-årleg engasjement for å realisera mål A2-A5. HA 2 Forma og formidla delar av industrihistoria som grunnlag for søknadar om tilskot og generell marknadsføring av samlinga. Smakebitar er utarbeidd i form av mini-utstillingar, brosjyrar hefter og liknande. 17. 12 11. 2 HA 3 Sikra leige- og bruksvilkår for å ta i bruk Stasjon 3 som arena for bevaring og formidling av industrihistorie i Sauda, utarbeide plan for bruk av Stasjon 3 som arkiv for samlingane og definere oppussingstiltak. HA 4 Sikre varige/langsiktige vilkår for drift av lokalarkivet i Sauda som konsolidert del av Ryfylkemuseet M 03 Statusmøte og strategiske val M 04 Statusmøte og strategiske val M 05 Evaluering og avgjersler mål A1-A4 M 06 M 10 HA 5 Leggja til rette for å konsolidera Stiftelsen Sauda lokalarkiv med Stiftelsen Ryfylkemuseet M 11 Innan 1..6.17 Innan 1.10.17 Innan 1.5.18 Innan 1.6.18 Side 11 av 13

7. Budsjett og finansiering 7.1 Budsjett Kostnadane i prosjektet (alle summar er ekskl. mva): Prosjekt fase 1 hovudaktivitetar Kostnadar eks. mva Prosjektleiing 730.000,- Kjøp av tenester/materiell 150.000,- Kjøp av fagkompetanse / utgreiing 150.000,- Prosjektoppfølging ved prosjektansvarleg (100 t x 500,-) 50.000,- Møter og oppfølging for deltakarar i styrings- og arbeidsgruppe (15 møter x 4 timar x 500,- x 4 personar) 120.000,- Total sum 1.200.000,- 7.2 Finansiering Finansiering av prosjekt fase 1: Skildring Tal Kroner Totalt Gåver Eramet og Saudefaldene 2 240.000,- 480.000,- Tilskott til konsolideringsprosess 1 200.000,- 200.000,- Eigne midlar Ryfylkemuseet 2 65.000,- 130.000,- Eigeninnsats 1 170.000,- 170.000,- Gåveordning KD 2 60.000,- 120.000,- Omstillingsmidler Sauda kommune 1 100.000,- 100.000,- Totalt 1.200.000,- Riss til finansiering av tiltak fase 2 etter konsolidering Skildring Tal Kroner Totalt Prosjektmidlar frå museumsrelevante ordningar Inntil 50% Eigne midlar Ryfylkemuseet Inntil 25% Eigeninnsats Ryfylkemuseet Inntil 25% Tilskott frå kommune og fylkeskommune Inntil 20% Totalt 100% Side 12 av 13

8. Vedlegg og lenkjer 1. Notat frå Roy Høibo om Sauda Lokalarkiv 19. august 2013. 2. Riss til konsept arkitekturrundtur 3. Moglege finansieringskjelder for FoU-aktivitet i ny konsolidert eining 4. Om Nye Folkets Hus i Sauda: a. LNK-Nytt, «Nytt liv i Folkets Hus»: http://lnk.no/mobilnyhende/3028-nytt-liv-ifolkets-hus b. Haugesundregionens Næringsforening, «Skal være et nasjonalt monument»: http://hninfo.no/skal-vaere-nasjonalt-monument/ c. Avisa Ryfylke, «Donerar pengar til Folkets Hus»: http://ryfylke.net/2015/05/05/donerer-pengar-til-folkets-hus/ Side 13 av 13